Læresveinen

1
10 LAURDAG REPORTASJE HORDALAND 31. DESEMBER 2011 Kronprinsen D et var han som føreslo det. Det passa veldig bra med huset her, seier kona Marita Spildo ved det ovale bordet i stova på Flåten. Me er på hennar grunn. Ho er oppvaksen nokre hundre meter lenger oppe, på Spildo. Huset ho og Jan-Ove bur i er familien sitt ferieparadis, oppført av oldeforeldra i 1940, like ved den gamle jern- banestasjonen på Nesheim. JAN-OVE ordnar seg frukost på kjøkenet, og fylgjer med gjennom døra på kva som vert sagt. Marita fortel om opplegget. Mannen må- lar, ho er husmor og tek seg av ungane. Åne på to og Olve på ni månader. – Ho er sjølvstendig. Det er radikalt å vera husmor i dag, ropar Jan-Ove frå kjøkenet. – Og det er travelt nok, legg Marita til. – Me flytta inn i september, etter å ha brukt eit par månader på oppussing. Me bur her nokre år først no, og ser korleis det er. Den rustikk kledde Jan-Ove kjem inn frå kjøkenet med ei skål sunn frukostblanding. Og han set eit fat med heimelaga sjokolade- kake på bordet. Laga av Marita her på kjø- kenet, heilt frå grunnen av, forsikrar han, og skjenkjer balanse-te i kvite koppar. – Er jo ein veldig fin stad å bu, dette. Godt for borna. Her kan eg måla heime i huset, og er tilgjengeleg om det trengst. Har atelier i kjellaren. Det er eigentleg berre praktiske årsaker til at me flytta hit. Me har barnepas- sarar i nærleiken, eller besteforeldre som det òg heiter, seier Jan-Ove med eit kvardagsleg glimt i auga. – I førre veke var me i Stockholm på ei Ner- drum-utstilling. Det kunne me gjera fordi besteforeldra passa ungane. DET TOK BERRE nokre minutt før det namnet vart nemnt, uoppfordra. Odd Nerdrum. Han som media vekselvis skildrar som geni og idiot, ofte med overvekt av det negativt ladde. Kanskje er det misunning, kanskje er det kald kunstkritikk. Nerdrum har uansett eit bety- deleg format, som målar og samfunnsdebat- tant – og som skattesnytar, i fylgje tingretten. For Jan-Ove Tuv sin livsveg er Odd Nerdrum heilt avgjerande. Det starta ein haustdag i 1996. Jan-Ove var nitten år gamal og ville verta målar. – Eg oppsøkte Nerdrum, og fekk ein avtale om at eg kunne møta han i Oslo for å visa bileta mine. Eg hamna opp i ein aften han arrangerte, med gamle elevar og andre. Det vart teke ein drink eller to, og folk sat rundt og prata om måleri og filosofi. Eg vart lenger enn eg hadde tenkt. Fekk eit sterkt møte med denne kulturen med ein gong, og vart så te- ken inn i ein utruleg vakker heim, og sjenerøs mellommenneskeleg. Denne heimen var garden Røvik i Stavern, der Nerdrumskolen heldt til fram til garden nyleg vart lagt ut for sal. Ei klippe i denne heimen var også kona til Nerdrum, Turid Spildo frå Granvin, som er tante til Jan-Ove si Marita. NERDRUM tok straks Jan-Ove inn som elev, og den ambisiøse Kongsberg-guten fekk fort ei særstilling som Nerdrum sin nærmaste samtalepartnar. – Opplæringa hjå Nerdrum føregår som ein bytehandel. Ein lærer ved å hjelpa. Nerdrum sparer tid ved at me spenner opp lerretet for han, og på det viset lærer me korleis å gjera det sjølve. Slik sett er det ikkje nokon skule med undervisning. Og så driv elevane med eigne ting på sida, gjerne sjølvportrett. Det er ei totalpakke, der privatliv og lærling-

description

Hordaland avis 31. desember 2011

Transcript of Læresveinen

10 �LAURDAG RepoRtAsje hordaland 31. dESEMBEr 2011

Kronprinsen

Det var han som føreslo det. Det passa veldig bra med huset her, seier kona Marita Spildo ved det ovale bordet i stova på Flåten. Me er på hennar

grunn. Ho er oppvaksen nokre hundre meter lenger oppe, på Spildo. Huset ho og Jan-Ove bur i er familien sitt ferieparadis, oppført av oldeforeldra i 1940, like ved den gamle jern-banestasjonen på Nesheim.

Jan-Ove ordnar seg frukost på kjøkenet, og fylgjer med gjennom døra på kva som vert sagt. Marita fortel om opplegget. Mannen må-lar, ho er husmor og tek seg av ungane. Åne på to og Olve på ni månader.

– Ho er sjølvstendig. Det er radikalt å vera husmor i dag, ropar Jan-Ove frå kjøkenet.

– Og det er travelt nok, legg Marita til. – Me flytta inn i september, etter å ha brukt eit par månader på oppussing. Me bur her nokre år først no, og ser korleis det er.

Den rustikk kledde Jan-Ove kjem inn frå kjøkenet med ei skål sunn frukostblanding. Og han set eit fat med heimelaga sjokolade-kake på bordet. Laga av Marita her på kjø-kenet, heilt frå grunnen av, forsikrar han, og skjenkjer balanse-te i kvite koppar.

– Er jo ein veldig fin stad å bu, dette. Godt for borna. Her kan eg måla heime i huset, og er tilgjengeleg om det trengst. Har atelier i kjellaren. Det er eigentleg berre praktiske årsaker til at me flytta hit. Me har barnepas-sarar i nærleiken, eller besteforeldre som det òg heiter, seier Jan-Ove med eit kvardagsleg glimt i auga.

– I førre veke var me i Stockholm på ei Ner-drum-utstilling. Det kunne me gjera fordi besteforeldra passa ungane.

Det tOK berre nokre minutt før det namnet vart nemnt, uoppfordra. Odd Nerdrum. Han som media vekselvis skildrar som geni og idiot, ofte med overvekt av det negativt ladde. Kanskje er det misunning, kanskje er det kald kunstkritikk. Nerdrum har uansett eit bety-deleg format, som målar og samfunnsdebat-tant – og som skattesnytar, i fylgje tingretten.

For Jan-Ove Tuv sin livsveg er Odd Nerdrum heilt avgjerande. Det starta ein haustdag i 1996. Jan-Ove var nitten år gamal og ville verta målar.

– Eg oppsøkte Nerdrum, og fekk ein avtale om at eg kunne møta han i Oslo for å visa bileta mine. Eg hamna opp i ein aften han arrangerte, med gamle elevar og andre. Det vart teke ein drink eller to, og folk sat rundt og prata om måleri og filosofi. Eg vart lenger enn eg hadde tenkt. Fekk eit sterkt møte med denne kulturen med ein gong, og vart så te-ken inn i ein utruleg vakker heim, og sjenerøs mellommenneskeleg.

Denne heimen var garden Røvik i Stavern, der Nerdrumskolen heldt til fram til garden nyleg vart lagt ut for sal. Ei klippe i denne heimen var også kona til Nerdrum, Turid Spildo frå Granvin, som er tante til Jan-Ove si Marita.

nerDrum tok straks Jan-Ove inn som elev, og den ambisiøse Kongsberg-guten fekk fort ei særstilling som Nerdrum sin nærmaste samtalepartnar.

– Opplæringa hjå Nerdrum føregår som ein bytehandel. Ein lærer ved å hjelpa. Nerdrum sparer tid ved at me spenner opp lerretet for han, og på det viset lærer me korleis å gjera det sjølve. Slik sett er det ikkje nokon skule med undervisning. Og så driv elevane med eigne ting på sida, gjerne sjølvportrett.

Det er ei totalpakke, der privatliv og lærling-