Post on 09-Jul-2015
description
KLIMALÆRE Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Company
Klimalære: Kl imaunderv is ing i Sogn og Fjordane - ein forstudie av undervisninga som blir t i lbydd i vidaregåande skulen i 2014
Deborah E. Davies Gjesteforskar
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten
deborah@bre.museum.noSOGN OG FJORDANEFYLKESKOMMUNE
Introduksjon
Klimaet er i endring…Det er utvitydig semje i vitskaplege og politiske miljø om at menneskeleg aktivitet er hovudårsaka til at klimaet vårt er i
endring (FNs klimapanel, 2007, 2014). Dette påverkar alt no menneskeliv og natursystem i stor grad og vil halde fram med å
gjere det i åra som kjem. Det blir sagt mykje om klimaendringar og dei nye utfordringane både lokalt, nasjonalt og globalt,
men det er framleis eit stort gap mellom kunnskap, haldningar og handling på dette området.
UNESCO peikar på utdanning som eit viktig verdsomspennande tiltak mot klimaendringane (2010). Lærarane spelar ei
sentral rolle når det gjeld å skape medvit om samspelet mellom klima og menneske. Slik kan ein legge det framtidige
grunnlaget for meir velinformerte og robuste lokalsamfunn. Med dette som utgangspunkt har Norsk Bremuseum i Fjærland, i
samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune og lærarar i den vidaregåande skulen, undersøkt korleis undervisninga
tek for seg temaet klimaendringar og korleis museet kan fungere som ein støttespelar i undervisinga.
God klimaundervising bør vera tverrfagleg og kombinere naturfag med samfunnsvitskap og økonomi. Også dei
menneskelege og åtferdsmessige sidene ved klimaendringane bør takast med. Men klimaundervising har sine utfordringar.
Vitskapen om klima kan vera vanskeleg å forstå for elevane, på same tid som det kan vera krevjande for lærarar og skular å
undervise i dette temaet (Coyle, 2005). Klima er i tillegg blitt eit politisk ladd tema ved at folk sin livsstil og personlege verdiar
vert knytte opp mot klimaendringane. Dette gjer det endå meir utfordrande å undervise i temaet.
Norsk Bremuseum har hatt eit tett samarbeid med skulane i fylket dei siste 20 åra, og har etablert eit godt renomme
gjennom innsatsen for å samle, utvikle og spreie kunnskap om brear og klima. Ved hjelp av museet sitt kontaktnett på
skulane og eit sterkt samfunnsengasjement, vart denne studien utvikla for å undersøke kva lærarane kan om klima, tilgangen
på læreressursar, korleis undervisinga er i dag og kva slags mogelegheiter som finst for vidareutdanning her i fylket.
Nøkkeltema i undersøkinga er om skulane underviser i klimaendringar og i så fall korleis, barrierar i klimaundervisinga og kva
slags ressursar og støtte lærarane treng for betre å kunne integrere klima i eksisterande læreplanar.
Dette er den første undersøkinga om klimaundervising i vidaregåande skule her i fylket, og kanskje den første i sitt slag i
Noreg. Undersøkinga vil vere eit utgangspunkt for vidare studiar og kan bidra til utviklinga av læreressursar for lærarar i fylket.
Denne rapporten inneheld ein disposisjon over undersøkinga, drøfting av funna og ei liste med tilrådingar for vidare arbeid.
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 1
Tilnærming og metodeMangel på eksisterande data og ei avgrensa tidsramme gjorde at vi valde å nytte ei kvantitativ spørjeundersøking for å hente
inn informasjon. Undersøkinga var delt i fire:
1. Bakgrunnsinformasjon – for å kartleggje spennet blant lærarane som svarte på undersøkinga
2. Undervising om klima – undersøkje spennvidda i undervisninga og kva slags læreressursar og fagleg støtte lærarane vel å
nytte seg av
3. Haldningar til klimaendringar – kartleggje meiningar om ulike sider ved årsakene til klimaendringane, konsekvensar og
tiltak
4. Klimakviss – undersøkje lærarane si forståing av klimasystemet, årsakene til klimaendringane og konsekvensar av
klimaendringane
Undersøkinga inneheldt stort sett fleirsvarsoppgåver. I nokre tilfelle tillet vi opne svar. I del 2 og 3 nytta vi skalaer utan eit
nøytralt eller midtre svaralternativ slik at respondentane kunne gradere sitt eige syn på påstandane. Klimakvissen inneheld
spørsmål henta frå liknande kvissar nytta i Storbritannia, Australia og USA, som deretter er tilpassa NASA sine standardar for
klimalære (2009). Spørsmåla tek for seg sju prinsipp i klimavitskapen:
- Sola er hovudkjelda til energi i jorda sitt klimasystem.
- Klimaet blir regulert av komplekse vekselverknader mellom komponentane i jorda sitt system.
- Livet på jorda er avhengig av, blir forma av og påverkar klimaet.
- Klimaet varierer i tid og rom som følgje av både naturlege og menneskeskapte prosessar.
- Vår forståing av klimasystemet forbblir forbetra gjennom observasjonar, teoretiske studiar og modelleringar.
- Klimaendringane kjem til å få konsekvensar for jorda sitt system og menneskeliv.
- Menneskelege aktivitetar påverkar klimasystemet.
Vi inkluderte eit «veit ikkje»-alternativ i klimakvissen for å identifisere kor lærarane har hol i klimakunnskapen sin. Dette har vist
seg å redusere gjetting (Courtney & Weidemann, 1985) og gjer dermed sluttresultata meir presise. I pilotstudien kunne
respondentane velje å svare «Veit ikkje, men ville gjetta…». Føremålet var å avdekke kor vidt lærarane var usikre på sin eigen
kunnskap eller mangla kunnskap. Dessverre var konfigureringa av nettundersøkinga slik at ein berre kunne velje eit enkelt
«veit ikkje»-svaralternativ.
For å sikre at spørsmåla i undersøkinga var respondentvenlege, vart det første utkastet gjennomgått av tilsette både i
Vestlandsforsking og fylkeskommunen og ved Norsk Bremuseum. Undersøkinga vart prøvd ut på lærarar på eit klimaseminar
ved Norsk Bremuseum 13. mars 2014, og ein forbetra nettversjon vart lansert 1. april 2014.
Vi har sytt for fortruleg handtering av personleg informasjon under datainnsamlinga. For å utarbeide ei enkel og
kostnadseffektiv undersøking vart Google Survey Tool nytta. Undersøkinga vart designa slik at dei som svarte på ho var
anonyme. Identifiserande data, som namn på lærarar eller skular, vart ikkje samla inn eller nytta i rapporten. Det var frivillig for
lærarane å ta del i undersøkinga. Ein kort omtale av prosjektet vart sendt via e-post til alle rektorar på førehand. Omtalen vart
etterfølgd av ein invitasjon på e-post til alle lærarane i fylket, med lenkje til undersøkinga. Vi samla inn ein non-stratified data
sample for å få innsikt i kor vidt lærarane underviste i klimaendringar på tvers av fag. Til sama 60 lærarar fullførte
undersøkinga innan tidsfristen.
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 2
Resultat og drøftingNedanfor legg vi fram nøkkelfunn frå kvar av dei fire delane av undersøkinga.
Del 1: BakgrunnFordelinga mellom mannlege og kvinnelege respondentar var jamn. 77 prosent av dei som deltok hadde fulltidstillingar. Dei
fleste var godt etablerte i læraryrket. 79 prosent hadde jobba som lærarar i meir enn 6 år, og 22 prosent av desse hadde
jobba i meir enn 20 år.
Til saman 58 prosent av respondentane var lærarar i realfag eller naturfag, ein kombinasjon, og/eller fag som
matematikk og landbruksfag. Dei resterande 42 prosentane underviste i andre fag – språk, samfunnsfag, geografi,
matematikk og religion. Det var òg enkelte svar frå lærarar innan naturbruk, naturbasert produksjon, kroppsøving,
landbruksfag, husdyrfag, plantefag, hestefag, trafikkfag, elektro og yrkesfag.
Drøfting: Sidan 58 prosent av respondentane var lærarar i anten realfag, naturfag eller ein kombinasjon desse faga, og dei
resterande 42 prosentane underviste i andre fag, vart svara frå dei to gruppene presenterte og vurderte separat i del 2
av rapporten og utover. Dette gjer vi for å få meir innsikt i dei potensielt ulike behova desse gruppene vil ha når det
gjeld fagleg utvikling og støtte..
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 3
Fig 1
Kjønn
Mann
Kvinne
Mann
Kvinne
Del 2: Undervising om klimaFigurane nedanfor viser at 77 prosent av lærarane har undervist om klima og at 77 prosent er interesserte i å lære meir om
klima. Tabellen nedanfor gir ei meir detaljert oversikt.
.
Drøfting: Til saman 14 respondentar svara at dei ikkje var interesserte i å lære meir om klima. Av desse 14 underviste 6 i realfag og
naturfag. Dei representerer 17 prosent av respondentane innan desse faga. Som vi kjem inn på seinare, er ikkje dette
nødvendigvis eit teikn på uvilje mot å undervise om klima i framtida eller eit teikn på negativitet til framtidig profesjonell
utvikling.
Underviser noInteressert i å lære meir
Underviser ikkje noInteressert i å lære meir
Underviser noIkkje interessert i å lære meir
Underviser ikkje noIkkje interessert i å lære meir
64% 13% 10% 13%
Naturfag, realfag, samfunnsfag, engelsk, naturbruk, trafikk, geografi, historie
Realfag, programfag, engelsk samfunnsfag, helse, yrkesfag elenergi, landbruksfag,
Naturfag, realfag, samfunnsfag, engelsk, geografi, norsk, religion
Naturfag, realfag, samfunnsfag, historie, automasjon, elektro, språk
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 4
Fig 3.
Fig 2.
Table 1.
Ja
NeiNei
Ja
Ja
Nei
JaNei
1. Har du undervist om klimaendringar på skulen din?
7. Er du interessert i å læra meir om klimaendringar for fagleg utvikling?
Del 2: Undervising om klima – innhald og læreressursarLærarar vart spurde om kva sider ved klima undervisinga omfatta (S3) og korleis temaet heng saman med visse andre tema
(S4).
Drøfting:Resultata viser at undervisinga om klima i fylket er brei både når det gjeld korleis det blir undervist og når det gjeld innhald.
Ein lærar supplerte lista over tema med «Transport av varer».
Fig 3. Fig 3.
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 5
Fig 5.
Fig 6.
Tiltak for å tilpasse samfunnet klimaendringar
Tiltak for å redusere utslepp av klimagassar
Framtidige scenario
Usikkerheit
Karnonkrinsløpet
Global oppvarming
Menneskekapte endringar
naturlege klimaendringar
Andre
18 30%
43 72%
31 52%
31 52%
30 50%
40 67%
45 75%
30 50%
10 17%
3. Kva tema dekker du i undervisinga? Merk av aktuelle svar.
4.Tek du opp nokre av følgjande tema i samband med klimaendringar? Merk av aktuelle svar.
Global endring
Befolkningsvekst
Globalisering
Bærekraftig utvikling
Forureining
Krisehendingar
Artsutrydding
Avskoging
Biodiversitet
Havnivåauke
Havforsuring
Artsmigrasjon
Other
36 60%
37 62%
27 45%
46 77%
47 78%
20 33%
33 55%
34 57%
20 33%
34 57%
12 20%
10 17%
9 15%
Del 2: Undervising om klima – innhald og læreressursarNår lærarane vart spurde kva for informasjonskjelder dei brukar for å undervise om klima (spørsmål 5), var internett mest
populært. Deretter kom media generelt og relevante kurshefte. Enkelte trekte også fram ressursar som filmen «Ein
ubehageleg sanning» frå 2006 og relevante NRK-program.
På spørsmål 8: Kva vil vera nyttigast hjelp for deg i undervising om klimaendringar? kunne respondentane velje meir enn eitt
svar og difor tilføre ytterlegare informasjon. Som figuren nedanfor viser, var praktiske øvingar mest populært, etterfølgt av
meir midlar til museumsbesøk og seminar om konsekvensar av klimaendringar i Noreg. Åtte av respondentane la til forslag
om meir tid til å utvikle læreressursar, tilgang på den nyaste forskinga, stoff om korleis maritime operasjonar kan bli påverka,
og ei liste med nyttige fagord/omgrep på relevante språk.
Drøfting: Når det gjeld læreressursar som vert nytta, brukte berre 4 prosent av respondentane ressursar og informasjon frå seminar,
kurs og konferansar dei hadde delteke på. Dette kan indikere ein mangel på profesjonell støtte og utviklingsprogram, og at
lærarar ikkje har tilgang på den nyaste og mest presise informasjonen og ideane om klima og klimaundervising. Dersom
lærarane ikkje finn fram til gode informasjonskjelder ved hjelp av det mest nytta verktyet, altså internett, kan det potensielt
føre til at dei lærer frå seg ting som er feil.
Med tanke på profesjonell utvikling og støtte i klimaundervisinga, som tidlegare nemnt, svara 14 av respondentane nei til
framtidig kompetanseheving. Seks av desse underviste ikkje om klima då dei svara på spørjeundersøkinga. Dette kan tolkast
som ein uvilje mot å undervise om temaet i framtida og ei negativ haldning til framtidig profesjonell utvikling. Når dei i
spørsmål 8 vart spurde om kva som kunne hjelpe dei i å undervise om klima, svara berre tre (ein språk- og sosialfagslærar
og to automasjonslærarar) at dei ikkje hadde interesse av å læra meir/undervise om klima. Blant dei 11 siste var det to som
hadde behov for å få nok tid og ordlister, ein ønskte å besøke ei utstilling og resten valde fleire svaralternativ.
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 6
Fig 7
Eindagsseminar for utvikling av undervisingsplanar og ressursar
Seminar om kva klimaendringar er, og kva det har å seie for Noreg
Meir informasjon om klimaendringar
Meir informasjon om koreis klimaendringar vil påverke Sogn og Fjordane
Praktiske øvingar tilknytt læreplanmål
Meir midlar til å besøke faglege institusjonar t.d. museum, vitensenter
Vandreutstillingar
Andre
21 35%
25 42%
19 32%
18 30%
33 55%
26 43%
12 20%
8 13%
4. Kva vil vera nyttigast hjelp for deg i undervising om klimaendringar? Merk av aktulle svar.
Del 2: Klimaundervisning – informasjon om klimaendringarI andre del av del II graderte lærarane sin eiga kompetanse med fokus på kunnskap, læring og informasjonskjelder. Vidare
vart lærarane spurde kor godt informerte dei sjølve tykte dei var er om klima og kor dei henta mesteparten av informasjonen
om klimaendringar frå.
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 7
0 25 50 75 100Ikkje informert Lit informert Informert Godt informert Veit Ikkje
Klimaendring
Ulike årsaker til klimaendring
Dei ulike konsekvensane av klimaendring
Kva vi kan gjera for å redusere global oppvarming
Korleis vi kan tilpasse oss ulike påverknader av klimaendrin
Kor godt tykkjer du at du er informert om…?
0 25 50 75 100Ingenting Lit Noko Mykje Veit ikkje
Hovudkjelder for informasjon om klimaendring
Vidaregåande utdanning
Lågare utdanning
Høgare utdanning
Kollegaer
Andre senter for læring
Statlege institusjonar/informasjon
Miljøorganisasjonar
Lokalråd
Tidsskrift
Film
Internett
Radio
Bøker/magasin
Aviser
Familie og vener
%
%
Fig 8
Fig 9
Del 2: Klimaundervisning – informasjon om klimaendringarUndersøkinga tok vidare føre seg i kva grad lærarane har tillit til ulike kjelder til informasjon om klimaendringar.
Drøfting: Storparten av lærarane føler at dei er velinformerte om klimaendringar, men kan litt mindre om årsaker og konsekvensar. Når
dei vart spord kor godt informert dei var I høve ulike årsaker til klimaendring, meinte 57% at dei var informert og 37% at dei
var godt informert. Det var ein liknande fordeling når det gjeld konsekvensar av klimaendring. Men når det gjeld kor godt dei
er informert om korleis klimaendring kan reduserast, meinte 36% at dei var lite eller ikkje informert. Når det gjeld
klimatilpassing meinte 47% at dei var lite eller ikkje informert
Storparten av lærarane skaffar seg kunnskap gjennom internett, aviser og filmar. Internett viser seg å vere den meste brukte
informasjonskjelda, men sosiale medium og religiøse institusjonar vart oppfatta som dei minst pålitelege kjeldene til
informasjon om klimaendringar.
.
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 8
I kva grad har du tillit til følgjande som kjelde til informasjon om klimaendringar?
%
Vitskapsfolk
Fagfellevurderte tidsskrift
Vitskaplege konferansar
Rapportar frå vitskaplege stiftingar
Massemedia
Sosiale medium, t.d. Twitter og Facebook
FN sitt kilmapanel, IPCC
Offentlege myndigheiter
Politiske parti
Naturvernorganisasjonar
Bedrifter eller bedriftsorganisasjonar
Religiøse institusjonar
Familie og venner
0 25 50 75 100
Mistillit Stoler litt Stoler mykje Tillit Veit ikkje
Fig 10
Del 2: Undervising om klima - Barrierar for undervisning om klimaVidare tok undersøkinga for seg kor vidt lærarane opplevde å støyte på spesielle hindringar når dei skulle undervise i klimaendringar.
Drøfting: Svara viser at det er fire spesifikke områder der meir enn halvparten av respondentane har erfart spesielle hindringar når det
gjeld å leggje temaet klimaendringar inn i undervisninga. Den mest statistisk signifikante og også minst overraskande er
mangel på tid, etterfølgd av mangel på tilgang til eigna visuelle ressursar, mangel på kunnskap og mangel på vitskapleg sikkerheit om klimaendringane.
Barrierane som er presenterte her representerer ikkje ei uttømande liste. For å finne fram til andre barrierar, krevst det ei
meir detaljert undersøking. Heldigvis er det få lærarar som føler seg forhindra i å undervise om klimaendringar som
følgje av press frå kollegaer eller skuleleiinga. Det er uansett viktig å finne ut meir om situasjonar der lærarar har støtt
på vanskar og høyre kva for støtte dei har bruk for.
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 9
I kva grad hindrar følgjande deg i å ta klimaendringar inn i undervisinga?
%
Mangel på tid
Mangel på kunnskap
Mangel på støtte frå arbeidsplassen
Mangel på tilgang til påliteleg
vitskapleg informasjon
Mangel på tilgang til eigna visuelle ressursar til bruk i klasseromme
Mangel på vitskapleg sikkerheit om klimaendringane
Undervising om klimaendringar er ikkje prioritert på min skule
Mina kollegaer trur ikkje klimaendringane faktisk skjerl
Klimaendringar har ikkje direkte relevans for det som blir undervist
på skulen0 25 50 75 100
Inga betydning Noko betydning Betydeleg Svært viktig Veit ikkjeFig 11
Del II: Undervising om klima - KompetanseI andre del av del II graderte lærarane sin eiga kompetanse. Desse resultata tydelege fram når ein skil mellom dei ulike
fagdisiplinane.
Drøfting: Det er tydeleg at lærarar i realfag og naturfag har større tru på eigen kompetanse når det gjeld undervisning om
klimaendringar enn lærarar i andre fag. Sjølv om dette ikkje gir nokon peikepinn om det faglege nivået dei enkelte lærarane
held, peikar det på ulikskapar når det gjeld behov for fagleg støtte.
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 10
0 25 50 75 100
Eigenvurdering av kompetanse: Naturfag og realfaglærarar
På å vurdera vitskapleg informasjon om klimaendringar?
På å formidle/læra bort vitskapleg informasjon om klimaendringar?
På å formidle/læra bort årsakene til klimaendringar?
På å formidle/læra bort konsek-vensane av klimaedringar?
På å formidle/læra bort om klimatilpassingstiltak?
Eigenvurdering av kompetanse: Andre lærarar
%Ikkje kompetent Litt kompetent Kompetent Svært kompetent Veit ikkje
0 25 50 75 100
Fig 12
%
På å vurdera vitskapleg informasjon om klimaendringar?
På å formidle/læra bort vitskapleg informasjon om klimaendringar?
På å formidle/læra bort årsakene til klimaendringar?
På å formidle/læra bort konsek-vensane av klimaedringar?
På å formidle/læra bort om klimatilpassingstiltak?
Del 3: Syn på klimaendringarDenne delen inneheld 30 påstandar som lærarane svara på i ein semantisk differensiert skala. Påstandane dekkjer syn på skuld og ansvar, årsaker og konsekvensar av klimaendringar, klimavitskap og mediedekning.
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 11
%
0 25 50 75 100
Heilt einig Einig Ueinig Heilt ueinig Veit ikkje
Klimaendringane er uunngåelege på grunn av måten moderne
samfunn virkar på
Me kan alle gjera vår del for å redusere verknadane av
klimaendringane
Klimaendringar kjem til å betre veret i noreg
Prova på klimaendringane er upålitelege
Eg er usikker på om klima-endringane er verkjelege
Den vestlege verda burda ta mesteparten av skulda for
klimaendringane
Kva me gjer i noreg har ikkje noko betydeleg å seie for
globale temperaturar
Folk er for egoistiske til å gjera noko med klima-endringane
Påstandar om at menneskeleg aktivitet endrar klimaet er
overdrivne
Det er for mykje motstridande bevis om klimaendringane
Effektane av klimaendringane blir truleg katastrofale
Forureining frå industri er hov-udgrunnen til klimaendringane
Det er for tidleg å konkludere om klimaendringar verkjeleg er
eit problem i noreg
Media er ofte alt for opphaus-ande om slikt som klima-
endringar
Realfag & naturfag lærarar Andre lærarar
%100 75! 50! 25! 0
Resultat frå Del 3 av undersøkinga: Meiningar om klima
Resultat frå Del 3 av undersøkinga: Meiningar om klima
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 12
0 25 50 75 100
Heilt einig Einig Ueinig Heilt ueinig Veit ikkje
100 75! 50! 25! 0
Realfag & naturfag lærarar Andre lærarar
Industrien og bedrifter burde gjera meir for å takla
klimaendringane
Eg trur ikkje klimaendringar er eit reelt problem
Regjeringa gjer ikkje nok for å takle klimaendringane
Eg føler eit moralsk ansvar for å gjere noko med klimaendringane
Naturen er sterk nok til å takla følgjene av klimaendringane
Planter og dyr har same rett til eksistens som menneska
Mine livsstilsval medverkar til klimaendringane
Menneskeleg aktivitet er ikkje hovudårsaken til global
oppvarming
Kva eg gjer har ingenting å seie for klimaendringane verken eine
eller andre vegen
Ekstremveret det siste tiåret viser normal variasjon i klimamønster
Den pågåande oppvarminga av jorda skjer mykje fortare enn
nokon gong.
Menneska kan gjere lite for å redusere global oppvarming
Global oppvarming er for alvor-leg til å overlate til politikarar
Menneska har 50 år før global oppvarming kjem til å føre til
alvorleg skadelege konsekvensar
Vitskapsstanden er likt fordelt i synet på om menneskeleg aktiv-itet påverkar klimaendringane
Ny teknologi vil vere løysinga på klimaendringane
Fig 13
Del 3: DrøftingSjølv om lærarar frå ulike skular og fagdisiplinar har delteke i denne undersøkinga, er dei i stor grad samstemde når det gjeld
synet på dei framsette påstandane. I begge gruppene kjem det fram ein viss klimaskepsis (dvs. tvil om at menneska
påverkar klimaet gjennom utslepp av klimagassar), men flesteparten uttrykker at dei erkjenner klimaendringane og
konsekvensane det kan få. Dei fleste erkjenner også at dei sjølv og andre har ei viss skuld i klimaendringane og eit ansvar for
å gjere noko.
Det er nokre skilnader på svara frå dei to gruppene. Den første skilnaden er at lærarar i realfag og naturfag gir uttrykk for
sterkare meiningar, der fleire anten er heilt einige eller heilt ueinige i påstandane. Den andre skilnaden går ut på at lærarar i
dei andre faga oftare svara veit ikkje. Dette viser at lærarar i realfag og naturfag potensielt har eit høgare kunnskapsnivå, men
ogsåat dei kjenner seg tryggare på meiningane sine om klimaendringar.
Om påstanden Menneska har femti år på seg før global oppvarming kjem til å utgjere ein reell fare for oss svara om lag ein
tredjedel av begge gruppene Veit ikkje. På den andre sida var om lag ein tredjedel av begge gruppene samde i påstanden.
Dette indikerer at klimaendringane framleis blir sett på som eit framtidig problem og ikkje eit dagsaktuelt problem. Denne
oppfatninga kan påverke måten lærarane tek opp temaet klimaendringar i klasserommet.
Dei to gruppene skilde tydelegast lag i synet på desse påstandane:
Prova på klimaendringane er upålitelege
Det er for mykje motstridande bevis om klimaendringane
Mindre enn ein åttandedel av lærarane frå realfag og naturfag var einige i desse påstandane. Frå andre fagområde var
derimot ein fjerdedel einige i den første påstanden, medan om lag halvparten slutta seg til den andre påstanden. At mange
hevdar klimavitskapen ikkje skal vere til å stole på, er eit tilbakevendande problem for dei som arbeider med å formidle
kunnskap klimaendringar. Ein årsak til at det er slik, er at media har ein tendens til å leggje lik vekt på argumenta for og mot
klimaendringar. Desse resultata viser at lærarane kan ha nytte av vidare fagleg utvikling og støtte for å oppdatere seg på
dagens kunnskapsstatus innan klimavitskap, som ikkje gir mykje rom for tvil om at klimaendringane er reelle.
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 13
Del IV: KlimakvissResultata frå klimakvissen viser at lærarar i realfag og naturfag har det høgste kunnskapsnivået når det gjeld klimaendringar,
men berre 55 prosent av svara deira var korrekte. Lærarane i andre fag hadde berre 31 prosent rett.
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 14
Klimakviss
Andre lærararReal– og naturfaglærarar
0 8 15 23 30
Riktige svar Feil / veit ikkje svar
Q1. Drivehuseffekten er forårsaka av…
Q2. Kva drivhusgass er det mest av i atmosfæren?
Q3. Kva for fylgjande klimaendringar har enno IKKJE hendt?
Q4. Kva for fylgjande aktivitetar bid-
rar mest til globale utslepp av karbondioskid?
Q5. Kor mykje energi og ressursar vil trengast dersom alle skulle leve som
oss i noreg?
Q6. Kva for gass absorberer ikkje energi frå sola?
Q7. Kva bidreg mest til havni-våstiging, ved sida av bresmelting?
Q8. Klimaendring i noreg er vekstsesongen forventa å bli 1-2 månader lengre i 2100. Kva er
forventa å skje med vekstsesongen i høgfjellsområda?
Q9. Korleis har den globale opp-varming frå 1998 til 2012 utvikla seg i forhold til gjen- nomsnittet sidan 1951
Q10. Den viktigaste kjelda til energi i jorda sitt klimasystem er?
Q11. Kva er den nest største kjelda til menneskeskapt karbondioksid?
Q12. Dersom menneska ikkje slepp ut karbondioksid i dag, kva ville skje
med den globale temperaturen i morgon?
0 25Totalt antall respondentar
35 0Totalt antall respondentar
Fig 14
Del 4: Klimakviss - DrøftingKlimakvissen avslørte at sjølv om lærarane har noko kunnskap om klimaendringar, så er det også store manglar. Berre 43
prosent av svara var korrekte når ein ser gruppene under eitt.
Halvparten av real- og naturfagslærarane svarte rett på fire spørsmål; S1, S6, S7 og S10. Desse tok for seg definisjonen på
klimaendringar, årsaker til havnivåstiging, gassar i atmosfæren og kva som er den viktigaste kjelda til energi i klimasystemet.
Dei tre spørsmåla dei færraste kunne svaret på, var S5, S8 og S9. Desse spørsmåla tok for seg kor mykje energi og
ressursar vil trengast dersom alle skulle leve som oss i noreg, endring i vektstsesongane på høgare breiddegrader og
endringar i kor fort den globale oppvarminga skjer.
Blant lærarane i andre fag svarte halvparten korrekt på S1 og S12. Desse spørsmåla handla om rett definisjon av
klimaendringar og kva karbonutslepp vil ha å seie for framtidig global temperatur. Spørsmåla som dei færraste av dei svara
korrekt på, var S2: kva drivhusgass er det mest av i atmosfæren?, S8 og S9.
På spørsmål S9 svara berre 5 prosent av lærarane rett, noko som indikerer at dei var innforstått med funna frå den siste
rapporten til FNs klimapanel om at den globale oppvarminga har gått saktare i perioden 1998 til 2012, samanlikna med data
frå dei fire føregåande tiåra.
Resultata indikerer at det finst enkelte misoppfatningar om klimaendringar. Desse misoppfatningane kan vere farga av
lærarane sine eigne meiningar. Til dømes var det berre 55 prosent som svara rett på at energiproduksjon er hovudårsaka til
menneskeskapte utslepp av karbondioksid i S4. At Noreg har ein relativt miljøvenleg energiproduksjon med mykje vasskraft,
og at kolkraftverk til dømes ikkje er ein del av kulturlandskapet, kan vere ein grunn til at lærarane meiner at utsleppa i større
grad er knytt til transport og avskoging.
S5 og S8 var formulerte for å gjer kvissen meir relevant for folk i Noreg. Spørsmåla hadde bakgrunn i informasjon frå den
statlege nettsida Miljøstatus (www.miljostatus.no). At lærarane ikkje svara korrekt på desse spørsmåla, kan delvis kome av at
dei ikkje nyttar
seg av
denne
sida.
Dette kom fram i del 2 om ressursar brukt i
undervisning om klimaendringar.
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 15
CICERO
Environment.no
Miljodirektoratet.no
Bjerknessenteret for klimaforskning
ndla Naturfag
Regjeringen.no
Naturfagsenteret.no
Klimaloftet
Other
9 15%
0 0%
20 33%
9 15%
8 13%
21 35%
6 10%
23 38%
35 58%
6. Kva av dei følgjande nettstadene brukar du i undervisinga? Merk av aktuelle svar.
Fig 15
HovudfunnLærarar i den vidaregåande skulen underviser i temaet klimaendringar. 77 prosent av lærarane underviser om
klimaendringar, som tidlegare omtalt. 13 prosent av dei spurde, som oppgir at dei per i dag ikkje underviser om
klimaendringar, svarar at dei ønskjer å lære meir. Ettersom det var frivillig å delta i denne undersøkinga, kan det tenkast at
grunnen til at dei likevel ville delta, var ei personleg interesse for temaet klimaendringar. Det som er heilt sikkert, er at det blir
utført undervising i klimaendringar ved skular i Sogn og Fjordane. I tillegg viser resultata at klimaundervisinga er prega av stor
breidde både når det gjeld utføring og innhald, sjølv om dette i seg sjølv ikkje gir nokon peikepinn om klimaundervisinga er
integrert i pensum eller kva slags moglegheiter som finst for vidare utvikling av klimaundervisinga.
Lærarane trur det er ein mangel på vitskapleg sikkerheit om klimaendringar. I undersøkinga kjem det fram at
lærarane meiner det er ein mangel på vitskapleg sikkerheit og konsensus om klimaendringar. I del 2 av undersøkinga
vurderte 52 prosent at denne uvissa er ei hindring i klimaundervisinga. I del 3 kom det fram at fleire lærarar frå ikkje-
naturvitskaplege fagfelt trur at klimavitskapen framleis er mangelfull og at det er mangel på samsvar blant forskarane.
Undersøkinga går ikkje inn på om dette synet kjem til uttrykk i klasserommet.
Bruk av internett. Resultata viser at lærarane finn fram til informasjon om klimaendringar gjennom ein rekke kjelder: bøker,
blad, aviser, internett og film. Internett er den mest brukte informasjonskjelda. Lærarane vurderte sosiale medium som
Twitter, Facebook og bloggar om dei nest minst pålitelege kjeldene til informasjon, medan religiøse institusjonar vart rekna
som dei aller minst pålitelege kjeldene. Det er truleg behov for vidare rettleiing om kor på nettet den mest pålitelege
informasjonen om klimaendringar finst.
Profesjonell utvikling. Berre fire prosent svara at dei hadde tilgang til læreressursar og informasjon frå seminar, kurs og
konferansar. Dette indikerer ikkje berre ein mangel på fagleg støtte og vidareutdanning i undervisning om klimaendringar. Det
tydar også på at lærarane kanskje ikkje har tilgang til den nyaste og mest presise informasjonen om klimaendringar, og nye
idéar om klimaundervising. Dersom læararane ikkje finn pålitelege informasjonskjelder ved hjelp av det mest nytta verktyet,
nemleg internett, kan det potensielt føre til at dei spreier feilinformasjon.
Når det gjeld fagleg utvikling og støtte til klimaundervisinga, svarte 14 av lærarane nei til framtidig hjelp. Åtte av desse
underviste ikkje i temaet klimaendringar då dei tok del i undersøkinga. Dette kan tolkast som ein uvilje mot å undervise om
klimaendringar i framtida og ein potensielt negativ haldning til framtidig fagleg utvikling. Men når deltakarane i S8 vart spurde
kva som kan hjelpe dei til å utføre klimaundervising, var det berre tre (ein språk- og sosialfagslærar og to
automasjonslærarar) som svara at dei ikkje hadde interesse av å lære meir/undervise om klimaendringar. Blant resten var det
to som svara at dei hadde behov for å få nok tid og tilgong til ordlister, ein kunne tenke seg å besøke ei utstilling, medan
resten kryssa av for fleire svaralternativ. Dette tydar på at fleire lærarar i regionen er opne for å ta på seg undervising i temaet
klimandringar viss dei får ulike typar assistanse.
Flesteparten av lærarane vurderte seg sjølve som godt informerte om klimaendringar, medan litt færre meinte dei kunne
mykje om årsaker og konsekvensar. Ein tredjedel av lærarane uttrykte likevel mangel på eller avgrensa kunnskap om tiltak
som kan redusere utslepp av klimagassar, og nesten halvparten sa det same om tilpassing til klimaendringar. Resultata viser
at real- og naturfagslærarar har større tru på eigen kompetanse i klimaundervisinga enn med lærarar i andre fag. Dette gir i
seg sjølv ikkje nokon peikepinn på kva slags kunnskap ein lærar har om klimaendringar, men det tydar på at lærarane har
bruk for ulike typar fagleg støtte.
Klimakvissen avslørte at sjølv om lærarane har noko kunnskap om klimaendringar, så har dei også store hol i kunnskapen
sin. Berre 43 prosent av svara var rette svar når ein ser dei to faggruppene under eitt. Dette understrekar nok ein gong at
lærarane har behov for fagleg hjelp og støtte.
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 16
Tilrådingar – Seminar i klimakunnskap og praktiske workshoparMålet med denne undersøkinga var å finne ut om det blir undervist i klimaendringar ved vidaregåande skular i Sogn og
Fjordane og korleis ein på best mogeleg vis kan tilby lærarane hjelp og støtte til klimaundervisinga. Resultata viser at 77
prosent underviser om klimaendringar. Av desse er 64 prosent interesserte i å lære meir. Ytterlegare 13 prosent, som i dag
ikkje underviser om klimaendringar, er også interesserte i å lære meir. Lærarar utfører med andre ord klimaundervising i den
vidaregåande skulen og dei er opne for vidare fagleg utvikling innan klimalære.
Berre 4 prosent hadde tilgong til læreressursar og informasjon frå seminar, kurs og konferansar. At 76 prosent seier dei
ønskjer å lære meir, kan kome av at dei ikkje har hatt høve til ådelta på slike arenaer. Desse funna tydar også på at mange
lærarar ikkje har hatt høve til å byggje nettverk, diskutere undervisning i klimaendringar eller samarbeide med andre lærarar
om å utvikle klimaundervisinga si.
Praktiske øvingar og workshopar:Det er svært viktig at eit eventuelt framtidig opplegg for fagleg utvikling
blir relevant og nyttig for lærarane. Resultata frå undersøkinga viser at 55 prosent av lærarane som svarte ønskjer
tilgong til praktiske øvingar knytte til pensum. Vidare ønskjer 35 prosent praktiske workshopar der målet er å utvikle
opplegg til bruk i klasserommet. Både øvingar og workshopar gjer det mogeleg for lærarane å dele idear og døme på
god undervisning. Dette vil vere spesielt nyttig når det gjeld fag eller fagområde der relevansen av klimaundervising
ikkje er heilt openberr og/eller der det manglar døme på korleis ein kan integrere temaet klimaendringar i pensum. Slik
kursing kan også spare lærarane for tidkrevjande planlegging. Det er naudsynt å drøfte temaet meir med lærarar for å
sikre seg at læreressursar og workshopar blir godt tilpassa behova deira.
Seminar i klimakunnskap: Sjølv om lærarane i begge gruppene har noko kunnskap om klimaendringar (lærarane i
real- og naturfag svara i snitt rett på fleire spørsmål enn lærarar i andre fag), var berre 43 prosent av svara rette. Storparten
av lærarane har ikkje oversikt over dei nyaste funna i den siste rapporten til FNs klimapanel, noko som kjem fram i S8. Av S2
kjem det fram at det er misoppfatningar om drivhusgassar, og av S9 kjem det fram at lærarane ikkje er klar over følgjene av
klimaendringar her i Noreg.
Lærarar har truleg ulike kunnskapsbehov når det gjeld å integrere klimaundervising i elevane sitt pensum, men det er uansett
viktig at dei har ei solid grunnforståing av klimarelaterte tema. Seminar om klimaundervising bør difor ikkje berre ha som mål
å gjere lærarane kjende med årsaker, prosessar og konsekvensar av klimaendringar i Noreg. Dei bør også kunne vise fram
gode døme på undervisning om temaet gjennom ulike metodar, øvingar og ressursar.
Norsk Bremuseum si rolle: Norsk Bremuseum har ei sentral geografisk plassering i fylket og lokale som
eignar seg til å halde workshopar. Kursing kan dessutan kombinerast med besøk på museet. Sidan museet allereie har
vore med på å arrangere eit seminar om klimaundervising, har ein teke eit steg vidare mot å utvikle eit format for
framtidige kurs retta mot lærarar. Sidan ein del lærarar truleg ikkje kan delta på slike workshops, bør materiale som
presentasjonar og læreressursar gjerast tilgjengelege for nedlasting. All kursing for å heve nivået på klimakunnskapen
bør også innehalde lister med læreressursar der det finst oppdatert, påliteleg og kulturelt relevant informasjon. Norsk
Bremuseum si heimeside kan fungere som kunnskapsbanken der lærarane finn det relevante materialet om klima.
Desse to initiativa er eit tilrådd første steg mot å heve kunnskapen og auke forståinga om klimaendringar blant lærarar,
mot å integrere lokalt kunnskapsinnhald om klimaendringar i pensumet og mot å få fram kritisk tenking om
klimaendring.
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 17
Konklusjonar og vidare undersøkingarSjølv om resultata frå denne undersøkinga viser at det blir undervist i klimaendringar ved vidaregåande skular i Sogn og
Fjordane, er dette ei frivillig og anonym undersøking. Difor kjem det ikkje fram om klimaundervising blir utført ved alle skulane
eller berre nokre av dei. Resultata viser også at klimaundervisinga har stor breidde, både når det gjeld korleis det blir
undervist og med tanke på innhald. Vidare undersøkingar må til for å finne ut kva som er tilgjengeleg av lokale og kulturelt
relevante aktivitetar og kva som eventuelt blir brukt for å formidle klimakunnskap ved skulane i Sogn og Fjordane. Fleire
kvalitative studiar må gjerast dersom ein vil finne døme på den gode klimaundervisinga, slik som å invitere eksterne
føredragshaldarar (til dømes klimaforskarar) for å utvide undervisninga, og å gjere jakta på klimaløysingar til ein del av elevane
sitt pensum. Det må ytterlegare studiar til dersom ein vil finne ut kva som er dei beste formene for deling av gode
undervisningsmåtar og for å sikre at elevar over heile fylket får undervisning som held det same nivået.
Som forventa er behovet for framtidig kursing og profesjonell støtte ulikt frå lærar til lærar og innan dei ulike faga.
Undervisning i klimaendringar er ikkje obligatorisk i dag, og viss skulane underviser om dette temaet, er det fordi lærarane
har bestemt seg for å gjere det ut frå tilgjengeleg tid, læreressursar og behovet for det i høve til pensum. Sjølv om ho er
enkel, har denne undersøkinga gjeve ei viss innsikt i kva for fagleg hjelp og støtte som kan vere mest nyttig for lærarane.
Basert på tilbakemeldingane er det fire ulike område der meir enn halvparten av lærarane ser hindringar av nokon betyding
for å undervise om klimaendringar. Den mest statistisk signifikante og også minst overraskande er mangel på tid. Deretter
kjem mangel på tilgang til eigna visuelle ressursar, mangel på kunnskap og mangel på vitskapleg sikkerheit om
klimaendringane. Desse barrierane representerer ikkje ei uttømmande liste. Meir detaljerte undersøkingar må til for å
finne ut om lærarane møter på andre hindringar i klimaundervisinga. Heldigvis er det få lærarar som føler seg forhindra i
å undervise om klimaendringar som følgje av press frå kollegaer eller frå skulen. Det er uansett viktig å finne ut meir om
lærarar som har støytt på vanskar og slå fast kva slags hjelp og støtte dei treng i framtida
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 18
Bibliografi
Coyle, Kevin. Environmental Literacy in America: What Ten Years of NEETF/Roper Research and Related Studies Say about Environmental Literacy in the U.S. Washington, D.C.: NEETF, 2005. Web. 1 Feb. 2014 http://www.neefusa.org/pdf/ELR2005.pdf
IPCC, 2014: Summary for policymakers. In: Climate Change 2014: Impacts, Adaptation, and Vulnerability. Part A: Global and
Sectoral Aspects. Contribution of Working Group II to the Fifth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on Climate Change [Field, C.B., V.R. Barros, D.J. Dokken, K.J. Mach, M.D. Mastrandrea, T.E. Bilir, M. Chatterjee, K.L. Ebi, Y.O. Estrada, R.C. Genova, B. Girma, E.S. Kissel, A.N. Levy, S. MacCracken, P.R. Mastrandrea, and L.L. White (eds.)]. Cambridge University Press, Cambridge, United Kingdom and New York, NY, USA, pp. 1-32.
IPCC, 2007: Summary for Policymakers. In: Climate Change 2007: The Physical Science Basis. Contribution of Working Group I to the Fourth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on Climate Change [Solomon, S., D. Qin, M. Manning, Z. Chen, M. Marquis, K.B. Averyt, M.Tignor and H.L. Miller (eds.)]. Cambridge University Press, Cambridge, United Kingdom and New York, NY, USA.
Mermer, Thad. "Climate Change Education for Sustainable Development." Climate Change Education for Sustainable Development. UNESCO, 1 Nov. 2010. Web. 1 Feb. 2014. http://unesdoc.unesco.org/images/0019/001901/190101E.pdf
NOAA. "CLimate Literacy The Essential Principles of Climate Sciences A Guide for Individuals and Communities." U.S. Global Change Research Program / Climate Change Science Program, 1 Mar. 2009. Web. 1 Feb. 2014. http://
oceanservice.noaa.gov/education/literacy/climate_literacy.pdf
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 19