Utstillarar Dyrsku'n 09.-11. september 2016

4
bli utstillar på dyrsku’n www.dyrskun.no 3 DAGARS FOLKEFEST 700 UTSTILLARAR 90 000 BESØKANDE 170 MÅL MARKNADSOMRÅDE 9.-11. SEPTEMBER 2016

description

Dyrsku'n Arrangement AS www.dyrskun.no

Transcript of Utstillarar Dyrsku'n 09.-11. september 2016

Page 1: Utstillarar Dyrsku'n 09.-11. september 2016

bli utstillar på dyrsku’n

www.dyrskun.no

3 DAGARS FOLKEFEST 700 UTSTILLARAR 90 000 BESØKANDE 170 MÅL MARKNADSOMRÅDE

9.-11. SEPTEMBER 2016

Page 2: Utstillarar Dyrsku'n 09.-11. september 2016

Ei unik oppleving ventar deg på 150-årsjubileet til Dyrsku’n i Seljord 9. – 11. september 2016! Dyrsku’n har betydd mykje for tusenvis gjennom alle desse åra. Møteplass, handelsplass, fesjå, fagleg arena og kulturformidlar. Kva er hemmelegheita? Stein Ørnhøi sa i 1994 at «Kanskje det rett og slett skyldes at Dyrsku’n er ekte? Dyrsku’n er et under og dit drar alle». I dag er marknaden landets største landbruks- og handelsmesse, som samlar nær 90 000 besøkande og 700 utstillarar årleg dei tre dagane i september.

Vi er svært fornøgde med at utstillarar kjem tilbake år etter år. Det tek vi som eit teikn på at deltaking på Dyrsku’n lønner seg, og at det er ein triveleg stad å vere.

NOREGS STØRSTEMARKNADSPLASS!

Bjørn JensenGrenland Bilservice

Vi møter mange kjøpelystne mennesker samtidig som folkelivet

gjør messa unik.>>

<< DYRSKU’N ER FOR OSS EN FANTASTISK SALGSARENA.

handel landbruk anlegg husdyr mat husflid kultur folkeliv

• Møte og skape dialog med nye og eksisterande kundar • 85% fekk inngått dei avtalene dei ynskte under fjorårets marknad • 9 av 10 handlar på Dyrsku’n • Over 80% av utstillarane kjem tilbake år etter år • Over 90% av utstillarane er fornøgd med gjennomføringa av

arrangementet (tal basera på spørjeundersøking utført av CPM Scandinavia)

5 GODE GRUNNAR TIL Å VERE UTSTILLAR PÅ DYRSKU’N:

Page 3: Utstillarar Dyrsku'n 09.-11. september 2016

Underlaget er gras eller grus. Vegane mellom standfelta er i all hovudsak gode asfalt- og grusvegar. Djubda på ordinære utestandar varierar mellom 4-7 meter. Det er lengda på fronten som tel når ein reknar ut prisen. Prisen pr. frontmeter er kr. 840 + mva

Områda for landbruk og anleggsmaskin har eit minsteareal på 50 m2. Djubda på desse standane varierar mellom 7-12 meter. Prisen pr. m2 er kr. 84 + mva

Matkvartalet har både inne- og utestandar. I Matkvartalet vil kun utstillarar som profilerar lokalmatprodukt bli vurdert (Sjå eigne retningsliner på www.dyrskun.no). Det store matteltet er inndelt i standar på om lag 8-9 m2 og prisen pr. modul er kr. 5000 + mva. Utestandar i Matkvartalet blir berekna etter lengda på fronten og pris pr. frontmeter er kr. 840 + mva. For sal av serveringsmat er det 16% provisjon av omsetnaden, dette må dokumenterast for arrangør.

Vi har innestandar i to hallar. Ridehallen har hovudsakleg utstillarar innan handverk, møblar, tekstil m.m. Djubda på standane er 2-4 meter med valfri breidde. Standane er delt av med messeveggar – høgde: 2,40 m. Det er ikkje anledning til å spikre eller sette opp faste installasjonar på desse veggane. Pris pr. m2 er kr. 720 + mva

I Hall A vil utstillarar innan handverk og husflid bli prioritera (Sjå eigne retningsliner på www.dyrskun.no). Hallen er inndelt i modular på 6-8 m2 og har 25 plassar til disposisjon. Ytterveggane på hallen har panel. Skiljeveggane er opne rammeverk som kan dekkast til med stoff e.l. Prisen pr. modul er kr. 5500 + mva

UTESTAND

MATKVARTALET

INNESTAND

Page 4: Utstillarar Dyrsku'n 09.-11. september 2016

Påmeldingsavgift pr. stand er kr. 800 + mva. Det blir sendt ut faktura på beløpet når påmelding er registrert. Påmeldingsavgifta er eit administrasjonsgebyr og blir ikkje refundert om de ikkje får tildela standplass.

PÅMELDINGSAVGIFT

SØKNADSSKJEMA OG FRIST

Foto

: Dyr

sku’

n A

rrang

emen

t AS,

Dag

Jens

sen

og Å

smun

d Ty

nnin

g

Dyrsku´n Arrangement AsNordbygdivegen 60,3840 Seljord

Telefon: 35 06 57 70Faks: 35 06 57 84E-post: [email protected]

www.dyrskun.nowww.facebook.com/dyrskunwww.instagram.com/dyrskunseljord

Vårt elektroniske søknadsskjema f inn du på www.dyrskun.noSøknadsfrist er 1. april Reglar for utstillarane på marknaden – sjå www.dyrskun.no

Tildeling av standplassar startar opp fortløpande etter at søknadsfristen har gått ut. Informasjon om plasstildeling blir sendt ut så snart dette er klart, seinast innan utgangen av mai.

Søknader som kjem inn etter fristen, blir sett på venteliste til den fyrste tildelinga er ferdig.

Det er mogleg for fl eire utstillarar å dele ein stand. For at alle skal kome med på utstillarlista, må hovudsøkaren legge inn dei andre utstillar-namna i sitt søknadsskjema.

Me prioriterer mangfald, variasjon

og kvalitet