Småbrukarorganisering og...

25
Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*) I 1938 skreiv historikaren Wilhelm Keilhau at småbrukarane sin oppmarsj var «den mest bemerkede kjensgjerning i det norske jordbruks utviklingshistorie mellom 1905 og 1914».'). Eit resul tat av denne oppmarsjen var danninga av Norsk Småbrukerfor- bund i 1913. Artikkelen vil ta opp bakgrunnen for denne organi- sasjonsdanninga og utviklinga fram til slutten av 1920 åra. I tiåret før første verdenskrig skjedde også gjennombrotet for fagorganisasjonen og Det norske arbeiderparti. I 1912 organi serte skog- og landarbeidarane seg i eit eige forbund som slutta seg til Arbeidernes faglige landsorganisasjon. I Småbrukarfor- bundet dominerte folk frå Arbeidardemokratane. Den geograf iske basisen for begge forbunda var Austlandet, serleg Hedmark og Oppland. Småbrukarforbundet fekk ikkje den store tilslut ninga, men klarte seg over ei nedgangstid i 20 åra og byrjinga av 30 talet. Norsk skog- og jordbruksarbeiderforbund frå 1912 gjekk derimot i oppløysing i byrjinga av 1920 talet. Politisk var Arbeidarpartiet på frammarsj. Det store gjennombrotet på byg dene i Austlandet kom ved valet i 1927 som viser masseover- gang frå dei tidlegare arbeidardemokratveljarane. Eit interessant aspekt som vil bli teke opp her, er da tilhøvet mellom småbruka- rorganisasjonen og arbeidarrørsla. Men først spør vi om kvifor Norsk Småbrukerforbund blei danna, og kva var dei økonomi ske, sosiale og politiske føresetnadene for ein slik organisasjon? *) Artikkelen byggjer vesentleg på hovudoppgåva mi i historie-. Norsk bonde- og småbrukarlag 1913-28. Bakgrunn og verksemd. Trondheim 1976.

Transcript of Småbrukarorganisering og...

Page 1: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980.

Sigvart Tøsse

Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)

I 1938 skreiv historikaren Wilhelm Keilhau at småbrukarane sin oppmarsj var «den mest bemerkede kjensgjerning i det norske jordbruks utviklingshistorie mellom 1905 og 1914».'). Eit resul­tat av denne oppmarsjen var danninga av Norsk Småbrukerfor- bund i 1913. Artikkelen vil ta opp bakgrunnen for denne organi- sasjonsdanninga og utviklinga fram til slutten av 1920 åra.

I tiåret før første verdenskrig skjedde også gjennombrotet for fagorganisasjonen og Det norske arbeiderparti. I 1912 organi­serte skog- og landarbeidarane seg i eit eige forbund som slutta seg til Arbeidernes faglige landsorganisasjon. I Småbrukarfor- bundet dominerte folk frå Arbeidardemokratane. Den geograf­iske basisen for begge forbunda var Austlandet, serleg Hedmark og Oppland. Småbrukarforbundet fekk ikkje den store tilslut­ninga, men klarte seg over ei nedgangstid i 20 åra og byrjinga av 30 talet. Norsk skog- og jordbruksarbeiderforbund frå 1912 gjekk derimot i oppløysing i byrjinga av 1920 talet. Politisk var Arbeidarpartiet på frammarsj. Det store gjennombrotet på byg­dene i Austlandet kom ved valet i 1927 som viser masseover- gang frå dei tidlegare arbeidardemokratveljarane. Eit interessant aspekt som vil bli teke opp her, er da tilhøvet mellom småbruka- rorganisasjonen og arbeidarrørsla. Men først spør vi om kvifor Norsk Småbrukerforbund blei danna, og kva var dei økonomi­ske, sosiale og politiske føresetnadene for ein slik organisasjon?

*) Artikkelen byggjer vesentleg på hovudoppgåva mi i historie-. N orsk bonde- og sm åbrukarlag 1 9 1 3 -2 8 . B akgrunn og verksem d. T rondheim 1976.

Page 2: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

Økonomisk og sosial bakgrunn

Jordbrukstellinga i 1907 - den første serskilte jordbrukstellinga - viste store endringar frå tidlegare statistiske oversikter. Stats­minister Gunnar Knudsen sa at tellinga opna augo hans for kor utprega eit småbruksland Norge var. Sidan 1865 hadde det blitt mest 6096 fleire skyldsette bruk under 20 da innmark. Bruk mellom 20 og 50 da innmark hadde auka 30 96.2)Eit småbruk vart i statistikken 1907 definert som eit jordbruk mellom 5 og 50 da dyrka jord. Desse utgjorde 3/4 av alle bruk over 5 da dyrka jord.

Ein grunn til auken i talet på småbruk var at husmannsbruk o.l. vart bortselt fra hovedbølet og fekk si eiga skyld. Det totale antall jordbruk auka såleis med 10.000 bruk frå 1890 til 1907.3) Staten støtta etter kvart dei som ville laga nye småbruk.

På 1800-talet meinte mange landbruksautoritetar at det var uheldig når jorda vart stykka ut i småbruk. Men fleire kom etter kvart til å sjå positivt på småbruksdanninga. Motiva var fleire: Amerika og fabrikkarbeid i byane lokka arbeidskrafta bort frå bygdene. Husmannsvesenet var i rask tilbakegang. Bøndene tok til å klage over dyr arbeidshjelp, noen augna politiske konse­kvensar av industrialismens framvekst. Tanken om å gje hus­menn og arbeidarar jord til sjølveigarbruk fekk derfor tilslutning i Stortinget også utanfor dei sosialradikale i Venstre. Seinare ini­tiativtakar til Norsk Landmandsforbund, Landmark, ønska t.d. ein slik reformpolitikk for å hindre «Socialismens samfunnsfar- lige Lærdomme».4)

Med opprettinga av jordinnkjøpsfondet i 1894 og seinare løy­vingar til jorddyrkingspremiar og premielån byrja Stortinget å gje ei forsiktig støtte til små sjølveigarbruk. Det viktigaste tiltaket var Den norske arbeiderbruk- og boligbank i 1903. Denne ga lån til nye bruk opp til 20 da dyrka jord.

Fram til 1913 lånte Arbeidarbrukbanken ut vel 18,5 mill. kr. til ialt 13.140 bruk. Over 1/3 vart utlånt til Oppland og Hed­mark, og det var arbeidarane i jord og skogbruk som nytta ban­ken mest. Mange av bruka var tidlegare husmannsplassar eller andre leigebruk, slik at vel 1 /3 var nye bruk.5)

I 1914 vedtok Stortinget å opprette ein småbrukslærarskole som skulle utdanne småbrukslærarar. Samstundes sette departe­mentet fram proposisjon om å avløyse arbeiderbruk- og bolig­banken med Den Norske stats Småbruks- og Boligbank. I lova om den nye banken blei lånegrensa kraftig auka. og arealgrensa på 20 da oppheva.

Page 3: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

Kring 1913 hadde altså staten engasjert seg eit godt stykke i å støtte småbrukarane og i å skaffe arbeidarar jord. Ein komite nedsatt av Selskapet for Norges Vel ønska å gå så langt som til å innføre ein avgrensa kommunal forkjøps- og ekspropriasjonsrett for å skaffe jord. Det hadde skjedd ei endra haldning til fordel for småbruket. Direktør Ødegaard ved Landbrukshøgskolen hevda i 1910 at alle partia var samde om å få oppretta flest mo­gelege småbruk.6) Ordet «småbrukerbevegelsen» vart no nytta om det nye i tida.

Småbruket ga for mange berre ei biinntekt. I 1907 hadde 34 96 av alle jordbrukarar hovudyrket sitt utanom jord- og skog­bruk. Av dei knapt 125.000 småbrukarar med frå 5 til 50 da dyr­ka jord i 1907 hadde vel 52.000 eller 4296 jordbruket som bi- yrke.7)

Folketellinga i 1920 klassifiserte ca. 65.000 personar som småbrukarar. Av desse var berre 11 96 utan biyrke, medan små­bruket var eit biyrke for 65,5%. Dei viktigaste hovudyrka i kombinasjon med småbruk var fiske, industri, handverk og skogsarbeid.

Med satsing på intensiv drift og spesialitetar som egg, svinek­jøtt, frukt, honning o.a. kunne ein klare seg med eit lite areal utan biyrke. Kring århundreskiftet blomstra slike smånæringar opp og fekk sine foreningar som underavdelingar under Selska­pet for Norges Vel. Andelsrørsla ga voner om lettare pro- duktomsetning. Den danske husmannsrørsla ga her eit eksempel på kva organisasjon og samvirke kunne utrette.

Ei auka tiltru og offentleg støtte til småbruk blei avspegla i namnebruken. Som allment kjent og brukt var småbrukarnam- net ei nydanning kring 1900. I folketellinga 1890 var det berre 812 personar som kalla seg småbrukar. I 1910 var det tilsva­rande 3.519 personar, og i 1920 var det 18.625 personar som ga opp småbruk som hovudyrke.

Småbrukarnamnet var mest utbreidt i Hedmark, Oppland. Nord-Trøndelag og Nord-Norge, medan det var lite nytta på Vestlandet. Utbreiinga av namnet fell saman med dei områda der det var mange jord- og skogsarbeidarar og husmenn i høve til talet på sjølveigarar. I same områda var det mange store gar­dar. Der var rett og slett bruk for ulike namn på små og store jordbrukarar, medan på Sør- og Vestlandet var alle meir likever­dige som bønder.

Spesielt på Oplandene tok det altså til å festne seg ei samfunns- rolle som småbrukar. Kanskje er det naudsynt for ein organisa-

119

Page 4: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

sjon å knyte an til ei slik yrkesrolle eller yrkesidentitet om han skal få fotfeste. Arbeidardemokratane var i høg grad med på å skape eit slikt fundament i form av ei serskilt småbrukarrolle. I auka grad identifiserte dei seg med småbrukarane og søkte å gje småbrukarnamnet ein positiv klang. For Arbeidarpartiet var det nok og lettare å solidarisere seg med småbrukarar enn med bøn­der. (Sml. det sosialdemokratiske partiet i Sverige som endra ut­trykket «småbønder» til «småbrukare» i handlingsprogrammet 1908).

Politisk bakgrunn

Kravet om jord til arbeidarane vart først og fremst reist av Arbei­dardemokratane (seinare Radikale Folkeparti). Denne politikken var forankra i ein spesiell ideologi: Det å eige del i jorda var eit rettferdskrav, fordi jorda opprinneleg var samfunnet sin felles ei­gedom. Dessutan var det å eige jord og arbeide med jorda noe spesielt verdifullt. Arbeidet adla mannen. Det ga han ei sunn livsinnstilling som ikkje ga grobotn for klassekamp og hat. Små­brukarane kunne derfor bli det formildande element i den skjerpa kampen mellom klasser, parti og snevre næringsinteres­ser. Dermed blei det ein styrke for samfunnet å ha ein talrik små- brukarstand, og i denne gruppa søkte partiet si forankring.

I 1900 drøfta arbeidardemokratane og Arbeidarpartiet eit samarbeid. Arbeidarpartiet var da viljug til å støtte «vidare stats- foranstaltninger for at skaffe arbeiderne lettere og billigere ad­gang til at erholde jord og eget hjem». Men Social-Demokraten hevda det synet at dersom landarbeidarane først skulle få sjølei- garjord, måtte bruka vere store nok til å leve av.

Jordprogrammet av 1902 var det første verkelege arbeids­programmet for Arbeidarpartiet om jordspørsmålet. Med dette satsa partiet på det sjølvstendige familiebruket ved sidan av fel­lesbruk. Det ville skape ein trygga bruksrett gjennom frigjering frå «gjælds- og rentesystemets lumske utplyndringer» og low ern mot inngrep frå private kreditorer.

I åra etter dette fekk Arbeidarpartiet etter kvart auka tilslut­ning på bygdene. Dermed kom det inn på det same veljar - grunnlaget som arbeidardemokratane hadde (småbrukarar, land- arbeidarar). 11912 oppsto ein konkurranse mellom dei om å or­ganisere jord- og skogbruksarbeidarane.

120

Page 5: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

Organisering av skog- og jordarbeidarar

Alt på første landsmøtet til Arbeidarpartiet i 1887 vart det sett fram forslag om å danne fagforeningar for landarbeidarane. Men bakgrunnen var korleis ein skulle «beskytte byarbeiderne mot at bli skuut tilside av landarbeiderne». Det gjaldt altså å hindre konkurranse frå husmenn og bondegutar som strøymde til byane. Dersom landarbeidarane kunne forbetre kåra sine gjennom organisasjon, ville dette dempe på tilstrøyminga av ar­beidskraft til fabrikk- og industrianlegg. Det ville igjen hindre ar­beidsfolk frå bygdene i å bli lønstrykkjarar. Seinare vart det og viktig å unngå at dei blei streikebrytarar under arbeidskonflikter.

I 1901 var det ifølgje J. Ødegård danna einskilde skogsarbei- derforeningar som slutta seg til Arbeidsmandsforbundet.8) Men først etter ein streik ved gruvene i Folldal i 1908, der bygdegutar tok streikebrytararbeid, tok Arbeidsmandsforbundet organise­ring av land- og skogsarbeidarane opp på landsmøtet. Styret fekk pålegg om å arbeide for å organisere landarbeidarane og til neste årsmøte førebu danninga av eit landarbeiderforbund.9)

Arbeidsmandsforbundet rekna stort sett at berre reine lønsar- beidarar i jord- og skogbruk kunne bli organiserte. Serleg tenkte ein på skogsarbeidarane, som gjennom fløytarlag og hogstlag hadde nær kontakt med kvarandre. Men skogsarbeidarane hadde gjerne eit småbruk ved sidan av, og i tillegg tok dei kan­skje jordarbeid på dei større gardane. Småbrukarane som hadde hest, tok seg oftast av køyringa av tømmeret til vassdraga og sto eit hakk høgare på rangstigen enn hoggarane. Derfor gjorde ein innsendar i «Arbeidsmanden» det klart at «skal en landarbeide- rorganisasjon bli levedygtig maa vi ha den mindre gaardbruker med». (Ole Hauen, april 1909).

Dei mange yrkestilknytingar skapte organisasjonsproblem. Ein strategi var å samle ulike arbeidsfolk om fellesinteressene. Eit anna alternativ var å danne fagforeningar ut frå reine yrke- sinteresser. Mange rekna ein rett og slett ikkje med som organi- sasjonsmogelege. Etter sekretariatet i Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon si meining galdt dette m.a. tenarar, husmenn og arbeidarar med jordbruk. Grunnen var at desse budde for spreidt til å kunne organiserast i fagforeningar.

Den forsterka interessa for landproletariatet hadde sine politi­ske motiv: «Samtidig som vi planlægger den økonomiske orga- nisation for dem, blir de politisk interesserte», skreiv ein innsen­dar i «Arbeidsmanden». Utviklinga på Austlandet viste at det var mogleg for DNA å vinne dei arbeidardemokratiske veljarane på

121

Page 6: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

bygdene. Men det galdt å vere på offensiven, for arbeidardemok­ratane hadde sine eigne organisasjonsplaner.

At arbeidardemokratane reiste spørsmålet om å organisere landproletariatet, må vi sjå som eit forsvarstiltak mot Arbeidar­partiet. Etter at Arbeidarpartiet hadde erobra dei fleste arbeidar- foreningane i byane, prøvde arbeidardemokratane å konsolidere stillinga si på opplandsbygdene. Om sosialistane fekk innpass der, sto heile partiet sin eksistens på spel. Derfor søkte partiet å vinne småkårsfolk ved å støtte samvirke- og organisasjonstiltak.

Arbeidarrørsla sine fagforeningar var eit eksempel på kva or­ganisasjon kunne utrette. På landsbygda vona dei å kunne ta opp konkurransen med Arbeidarpartiet på dette feltet. Hadde Ven­stre vist same iver for å organisere foreningar, skreiv Arbeideren (5/11 1910), «vilde ikke fagforeningene i den grad som nu ha støttet socialisterne».

I 1909 tok representantmøtet i De forenede norske arbeider - samfund opp spørsmålet. Landsmøtet valte ein 3-mannskomité til å førebu danninga av ein «fagorganisation av landarbeidere». To av medlemmene, O.M. Lappen og J. Smaaberg, blei seinare aktivt med på å stifte Småbrukerforbundet.

Organisasjonsspørsmålet vart no drøfta i arbeidarforeningane og teke opp på kretsmøte i Hedmark juni 1910. Landsmøtet 1911 tok berre opp generelle småbrukarkrav, og sosialistane retta kritikk mot arbeidardemokratane for at dei lite følgde opp saka. Men arbeidardemokratane var redde for å politisere spørs­målet. Dei ønska å skilje klart mellom faglege og politiske orga­nisasjonar og opponerte sterkt mot sosialistane sin påstand at den «faglege bevægelse var bygget på socialisme» og at ein der­for ikkje «kunde skille faglig og politisk bevægelse». Argumenta var at dette ville skade arbeidarane og splitte og svekke fag­rørsla. 1 °)

Arbeidardemokratane var nok og i tvil om kven det var tenleg å organisere ut frå deira interesser. Fagforeiningar av reine løn- sarbeidarar ville sannsynleg melde seg inn i den sosialistiske fag­rørsla.

På årsmøtet i 1911 oppmoda Arbeidsmandsforbundet til agi­tasjon mellom skogs- og landarbeidarane og vedtok at «de optas i forbundet som halvtbetalende medlemmer». Det var eksempel på at sjølv foreiningar der arbeidardemokratane dominerte vende seg til Arbeidsmandsforbundet.

Som eit alternativ til den hjelpa Arbeidsmandsforbundet kunne gje, utpeika arbeidardemokratane generalsekretæren, ad­vokat Solnørdal, til å ta seg spesielt av organisasjonsarbeidet.

1 2 2

Page 7: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

Partiorganet Vælgeren oppmoda arbeidarforeningane til å «nedsætte nævnder til at forberede saken, og disse bør derpaa henvende seg til arbeiderdemokraternes landsstyre om at fore- staa organisasjonsarbeidet». (21/5 1911)

I juli valte den arbeidardemokratiske kretsforeninga i Søndre Østerdalen ein komite for å utarbeide forslag til lover for eit skog- og landarbeiderforbund. Arbeidardemokratane si plan var at lovforslaget skulle leggjast fram for kretsorganisasjonen som så skulle velje eit førebels forbundsstyre. Slik ville dei hindre at skog- og landarbeiderforeiningane skulle slutte seg til Arbei­dernes Faglige Landsorganisasjon. Men komiteen vart splitta på dette spørsmålet, og komiteformannen fekk pengar frå AFL til å drive agitasjon. Andre arbeidarpartifolk vart og sendt rundt på agitasjonsreiser.1')

I den striden som no gjekk føre seg, retta arbeidardemokra­tane bitre åtak mot arbeidarpartifolka for å politisere saka og gjere det heile til ein sosialistisk affære. Sosialistane på si side såg arbeidardemokratane sin aktivitet som ei innblanding i det orga­nisasjonsarbeidet som skogsarbeidarane og dei sjølve dreiv.

25. februar 1912 var eit landsmøte samla av dei eksisterande skog- og landarbeiderforeningane, og «Norsk skog- og jordbruk- sarbeiderforbund» blei stifta «i tilslutning til arbeidernes faglige landsorganisation». Det var berre for arbeidardemokratane å konstatere at dei var «av sin eigen valte komiteformann, hr. Svendsen sat helt utenfor».12)

Norsk Småbrukerforbund blir til

I dei planlagte land- og skogsarbeidarforeningane ville arbeidar­demokratane i større grad enn arbeidarpartiet ta med småbruka­rane og deira faglege interessekrav. Etter det nederlaget dei lei i organisasjonsspørsmålet andsynes DNA, konsentrerte partiet seg meir om småbrukarane. Det spegla seg av i programmet 1912 ved at jordposten blei den sentrale og sett på første plass. I alle saker var det småbrukarane sin tarv dei tok omsyn til.

Tanken cm ein småbrukarorganisasjon vart no erstatninga for at dei mislukkast i å halde taket på proletariatet. Ideen vart reist i partiorgana alt frå 1910, men da sett fram som trugsel mot Norsk Landmandsforbund.I3) At dei først prøvde å organisere skog- og landarbeidarane var taktisk bestemt ut frå tilhøvet til Arbeiderpartiet.

123

Page 8: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

Småbrukarrørsla i Norge var sterkt inspirert frå Danmark. Dei danske husmannsforeningane slutta seg saman i ein landsor­ganisasjon i 1910, og i 1913 vedtok dei eit sams program. Dei ar- beidardemokratiske avisene var godt orienterte om denne utvik­linga. Partiet hadde og kontakt med Det radikale Venstre som iv­rigast støtta den danske småbrukarrørsla. Fleire småbrukartals- menn i Norge drog på kurs og studiereiser til Danmark.

Arbeidardemokratane kunne knyte seg til ein jordbruksfagleg aktivitet for småbrukarar som Halfdan Cock-Jensen og Halvdan Egeberg dreiv. Meir enn noen annan var Cock-Jensen talsmann for det som også samtida kalla for småbrukarrørsla. Cock-Jensen var opprinneleg lærar, men kjøpte i 1909 småbruket «Mailand» på Lørenskog som han dreiv saman med Egeberg. Bruket blei snart eit mønsterbruk og nytta som kursstad for fleire småbru- karkurs. Begge var flittige foredragshaldarar m.a. i arbeidarfore- ningane, og Cock-Jensen vart medlem av den offentlege komi­teen som greidde ut om småbrukarundervisninga.

11911 starta dei tidsskriftet «For Smaabruk og Egne Hjem». Bladet blei som eit hovudorgan for småbrukarrørsla, ga fagleg opplysning om småbruksdrift og binæringar og refererte frå ek- sempel-landet Danmark.

Alt frå starten av bladet i 1911 agiterte Cock-Jensen for å danne ein småbrukarorganisasjon. Merkesakene skulle vere samvirke og undervisning. Cock-Jensen kravde ei serskilt små- brukarundervisning tilpassa driftsformene på små bruk. Han tok direkte kontakt med Gunnar Knudsen og fekk han oppglødd for saka. Venstre programfesta og i 1912 å opprette «særegne sko­ler», og Gunnar Knudsen nytta kabinettspørsmål for å tvinge gjennom opprettinga av småbrukslærarskolen i 1914.

Cock-Jensen tenkte seg eit landsomfattande småbrukarfor- bund danna ut frå lokale smånæringslag, innkjøpslag eller rei- skapslag. Dei første slike lokale småbrukarlag blei danna i 1912.

Alt tidleg på året 1912 ønska «fremtrædende smaabrukerven- ner» eit møte i Oslo for å få ei småbrukarforening danna eller i alle høve planlagt og førebudd. Cock-Jensen avviste denne snar­vegen og la vekt på å gå «indenfra utad».I4) Han ottast nok ei po­litisering av den påtenkte småbrukarorganisasjonen gjennom ak­tiviteten til utolmodige arbeidar demokratar. Cock-Jensen var venstremann og ønska seg først og fremst at Venstre støtta saka.I brev til Gunnar Knudsen får vi hans politiske argument: Det galdt «å vinde og bevare vore landdistrikters store vælgermasse for venstrepartiet og hindre at de erobres av socialisterne eller mere eller mindre socialistisk anløpne arbeider demokrater».

1 2 4

Page 9: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

Men Venstre kunne nødig openlyst støtte danninga av ein ei­gen småbrukarorganisasjon. Dei mange venstrefolka i Norsk Landmandsforbund kunne umogeleg gå med på det. Det vart derfor berre gjennom samarbeid med arbeidardemokratane at Cock-Jensen kunne nå fram med sine planar. Og gjennom sam­arbeid med Cock-Jensen og den «upolitiske småbrukarrørsla» kunne arbeidardemokratane få organisert ei politisk kamuflert økonomisk samanslutning som partiet kunne støtte seg til.

16. mars 1913 vart det i Kristiania halde eit «møte av smaa- brukerinteresserte fra Østlandet» med «litt over 30 deltagere». Innbydinga var utsendt av stortingsmennene Mjøen og Lappen, redaktør Tveit, advokat Solnørdal (alle arbeidardemokratar) og «smaabrukerne Cock-Jensen og Egeberg». Etter foredrag om samvirkeoppgåver, fagundervisning for småbrukarar og organi­sasjonsarbeidet vedtok møtet følgjande resolusjon:

«Forsamlingen uttaler sig for, at man av al magt bør søke at faa stiftet en smaabrukerorganisation før sommeren. I smaabrukerlagene bør bedring av skogsarbeidernes løns- forhold optages blandt opgavene, hvor der er behov for det.» 15)

Siste delen av resolusjonen viser at det var grunn til å oppfatte småbrukarorganisasjonen som ein motorganisasjon til Norsk Skog- og Jordbruksarbeiderforbund.

Egeberg og Cock-Jensen ønska å danne ein rein småbrukar­organisasjon. Men arbeidardemokratane ville ha ein samorgani­sasjon der det høvde med tilslutning av småbrukarar, skogsarbe­idarar og landarbeidarar. Argumentet var at dei to sistnemnde gruppene også ofte var småbrukarar. Det var nok utan tvil tan­ken å fange inn potensielle medlemar i Norsk skog- og jordbruk­sarbeiderforbund.

Arbeidardemokratane agiterte no på kretsmøte, amtsmøte og stemne for «nødvendigheten av at der blev dannet småbrukerfo- reninger i hver bygd». Amtsmøtet på Hamar valte også ein eigen komite for å arbeide for småbrukarorganiseringa.

21. juni 1913 møttest så 36 utsendingar på Eidsvold frå 20 ny- danna småbrukarlag og stifta Norsk Småbrukerforbund. Cock- Jensen blei formann.

Program og ideologiNorsk Småbrukerforbund skulle vere ein fagleg og upolitisk samanslutning av lag, og det skulle ta opp alle oppgåver for å be­tre kåra for «småbrukerstanden». Småbrukarstanden var «alle,

1 2 5

Page 10: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

der enten selv bruker jord eller i alt væsentlig deler smaabruker- nes kaar og interesser» (§ 2 i lovene). Noen nærmare og klarare definisjon av «småbrukar» vart søkt unngått. Sidan forbundet også skulle ta opp «løns- og boligforhold for skogs- og jordarbei­dere» (§ 1 i lovene), vart det ikkje sett noen nedre bruksgrense for kven som burde bli medlemar. Grensa oppover vart gjerne sett ved det sjølvstendige familiebruket, og organisasjonen hevda da å representere 8 - 9 tiendelar av jordbrukarklassa. Småbru- karforbundet ville organisere underklassa i jordbruket, altså dei som var for små til å føle seg heime i Landmandsforbundet. Talsmenn for laget peika på slektskap med Thranerørsla. Små­brukarrørsla vart framstilt som ei ny og nasjonal arbeidarrørsle og arvtakarane etter husmennene.

Den uklare mellomstillinga dei plasserte seg i mellom Skog- og Jordbruksarbeidarforbundet og Landmandsforbundet, var ein konsekvens av ideologien til dei arbeidardemokratiske stifta­rane. Den nye organisasjonen skulle ikkje einsidig fremje stands- interesser blei det sagt. Han skulle ikkje vere ein kamporganisa­sjon slik Landmandsforbundet, arbeidar- og arbeidskjøparorga- nisasjonane var det etter t.d. Myrvang si oppfatning. Myrvang var stortingsmann for arbeidardemokratane og heldt tale på stif- tingsmøtet. Han vona at Småbrukarforbundet ville bli «et forso­nende element i de voldsomme klassekampe».

Stiftarane av Småbrukarforbundet ville derfor ikkje gje inn­trykk av at organisasjonen var danna for å reise strid mot Land­mandsforbundet. Begge forbunda hadde sin rettkome plass. Må­let for Småbrukarforbundet var å skaffe seg likestilling med det eksisterande forbundet.

Det var likevel ikkje til å unngå at den nye organisasjonen blei oppfatta som ein «politisk sprængkile rettet mot Landmandsfor­bundet og de borgerlige partier» og ein trugsel mot dei «egentlige Bondeinteresser».I6) Ankepunkta mot Landmandsforbundet vart da også nytta som argument for å stifte organisasjonen.

Motsetnadane var klårast i jordspørsmålet, tollpolitikken og landbruksundervisninga. Serleg frå arbeidardemokratisk hald vart tollpolitikken trekt fram som ei avgjerande hindring for at småbrukarane kunne slutte seg til Landmandsforbundet. Land­mandsforbundet på si side frykta ein allianse mellom småbruka­rar og lønsarbeidarar, og spesielt at organisasjonen kunne verke som «brækjern» mot den tollpolitikken Landmandsforbundet førte. Det såg bondefiendtlege interesser bakom, og prøvde å skremme med at industrien ville bli organisasjonens herre og meister.17)

126

Page 11: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

Eit førebilete for stiftarane av Norsk Småbrukarforbund var dei danske husmannsforeningane. Noe slektskap og påverknad finn ein og frå den svenske eigen-heimrørsla. Laget sto fram med ein utprega harmonimodell, der fritt organiserte nærings­grupper opererte i harmonisk samvirke. Organisering skulle vere hjelp til sjølvhjelp. I praksis var likevel Småbrukarlaget he­ilt avhengig av politisk og økonomisk støtte frå styresmaktene til å drive verksemda si. Dette kravde eit godt tilhøve til regjerings­partiet Venstre. Venstremannen Cock-Jensen, som var formann 1913 - 18, sørga for det.

På den andre sida var store delar av Venstre interessert i eit sterkt Småbrukarforbund som motvekt mot proteksjonistiske og konservative tendensar i Landmandsforbundet. Venstre førte ein liberalistisk næringspolitikk og hadde sterke forbrukarinteresser å ta omsyn til. Høgrefolka i Landmandsforbundet stolte derfor ikkje heilt på partiet i landbrukspolitikken og prøvde å skilje mellom by-venstre og bonde-venstre. Motsetnadane blei drama­tisk lagt fram i dagen i 1915 da statsminister og nestformann i Norsk Landmandsforbund, Gunnar Knudsen, meldte seg ut av forbundet i protest mot tollprogrammet. Gunnar Knudsen ga statsstøtte til Småbrukarforbundet og tilsette ein småbrukarrep- resentant som fagkonsulent i departementet. 11916 vart den fag­kyndige ekspertisen vidare utbygd ved at departementet opp­nemnde eit særskilt småbrukarråd etter innstilling frå Småbru­karlaget. Venstre sørga også for at småbrukarlaga vart sikra sær­skilt representasjonsrett i dei nye fylkeslandbruksstyra som avlø­yste dei gamle landhusholdningsselskapa i 1919.

Leiarane i Småbrukarlaget var i dei første 5 - 6 åra alle ven- strefolk eller arbeidardemokratar. Ideologisk sto da organisasjo­nen også nær den radikale delen av Venstre og fall på det næ­raste sammen med arbeidardemokratane. Men organisasjonen vart verande eit austlandsfenomen og var for radikal for vest- lands-venstre.

To programsaker var sentrale frå starten av: samvirke og fa- gopplysning. F,in opplyst småbrukar i organisert samvirke med andre når det galdt produksjon, kjøp og sal ville greie å skaffe seg eit tilfredsstillande utbytte på eit lite jordbruk. Løysinga av jordspørsmålet vart da ei tredje merkesak. I førstninga arbeidde laget mest for å skaffe landarbeidarane jord, gjerne små jord­bruk. Seinare, etter som 1920-åra gav nye erfaringar med arbe­idsløyse og avsetnadsproblem, vart målet i sterkare grad å opp­rette sjølvstendige jordbruk og utvide små bruk.

ifahS 127

Page 12: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

Dei overordna verdiane bak jordprogrammet var å forebygge proletarisering og dei klassemotsetningane dette førde med seg. Alle arbeidarar burde få noe jord. Jordretten var eit allmennt rettferdskrav, for jorda var eigentleg samfunnets felles eigedom.

Dette synet var inspirert av Henry George si lære. I georgis- men fann Småbrukarlaget hovudargumenta for sine jordkrav og midla som kunne løyse jordspørsmålet på revolusjonistisk veg. Georgismen slo igjennom for fullt i programmet av 1918, og dette gav Småbrukarlaget preg av å vere ei jordreformrørsle meir enn ein bondeorganisasjon. Innføring av grunnverdiskatt vart framheva som den mest effektive løysinga av jordspørsmå­let og det mest rettferdige. Programmet gjekk inn for at det of­fentlege oppretta avgiftsbruk der brukarane betalte ei årleg grunnrente, men ingen kjøpesum. I tillegg ville Småbrukarlaget ha ein særskatt på jord som ikkje vart nytta samfunnstenleg og offentleg ekspropriasjonsrett til slik jord.

Programsstrid og nedgangstidI 1920 hadde Norsk bonde- og småbrukarlag nådd fram til eit medlemstal på ca. 8.000 fordelt på 300 lag. 3 /4 av medlemane kom frå Austlandet. Det fekk noe tilslutning i Nord-Trøndelag, medan det fanns berre få spreidde lag på Vestlandet og i Nord- Norge. Utbreiinga fell tydeleg saman med tilslutninga til arbei­dardemokratane (frå 1920-åra: Radikale Folkeparti). Det var helst småbrukarlag der det før hadde vore mange husmanns- bruk. I same områda var det og mange jord- og skogbruksarbei- darar med jordbruk som attåtnæring. På Austlandet var småbru- karnamnet mest utbreidt, som uttrykk for at avstanden mellom små og store bønder var størst der.

I 1920 vedtok Norsk Landmandsforbund å gå over til politisk parti. Det nye Bondepartiet rekrutterte misnøgde veljarar både frå Høgre og Venstre. Småbrukarlaget hevda da å vere den ei­naste politisk nøytrale fagorganisasjonen i jordbruket. Noen vona at dette ga Småbrukarlaget ein sjanse til å nå ut over sin snevre geografiske basis. Medan Landmandsforbundet disku­terte overgang til politisk parti, ytte såleis seinare statsminister for Venstre, J.L. Mowinckel, pengestøtte til agitasjon for Små­brukarlaget på Vestlandet.

Men gjennombrotet kom ikkje. Tvert imot vart medlemstalet halvert i 1920-åra. Ein tilbakegang råka også andre fagorganisa­sjonar i dei kriseprega 20-åra. For Småbrukarlaget gjorde strid om jordprogrammet mye til at mange fall frå. Økonomiske van-

128

Page 13: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

skar både for einskildmedlemane og organisasjonen verka i same lei. Jordprogrammet av 1918 vart for radikalt og georgis- tisk for Venstretilhengarane. Grunnverdiskatt av jord appellerte ikkje til forgjelda småbønder, og sjøleigarane ønska ikkje denne løysinga av jordspørsmålet. Norsk Småbrukerforbund skifta namn i 191 5 for å markere at det ville vere ein bondeorganisa­sjon. I 1919 ottast Cock-Jensen at ein «jordbevægelse» som støtta «de jordløses, arbeidernes og arbeiderbrukernes sociale og økonomiske krav og i det hele stiller sig på forbrukerens stand­punkt», var i ferd med å erobre laget. I protest mot denne «jordbolsjevisme» trekte to av stiftarane. Cock-Jensen og Ege­berg seg ut av organisasjonen.

I fleire år var det hard strid om jordprogrammet, og komitear laga nye forslag. «Jordspørsmålet, som burde være det som sam­let mest . . . (blei) en kilde til uenighet og spill av krefter».

Eit nytt medlemsblad, «Småbrukaren», skapte også strid. Med sin krasse stil nytta redaktør og sekretær i laget (Nils Lieng) bla­det til åtak på Venstre og dei moderate i Småbrukarlaget. Reak­sjonen vart at statsstøtta minka, og også Venstre nekta å gje til­skot til «det kommunistiske fagbladet Småbrukaren». Venstre kravde at Småbrukarlaget skulle erstatte den «kommunistiske» sekretæren med ein fagutdanna mann dersom laget skulle få for­valte statsmidlar. Med knapt fleirtal bøygde årsmøtet seg i 1922 for kravet.

Programstriden og forholdet til arbeidarrørsla blei avklara i 1925 da dei mest radikale i leiinga blei skifta ut med moderate Venstremenn. Egeberg kom no tilbake som formann i laget og la kursen om i strengt fagleg retning.

Eit nytt jordprogram i 1928 med faglege småbondekrav er­statta georgismen. Preget av jordreformrørsle vart borte. Små­brukarlaget ønska å stå fram som bondeorganisasjon. Det blei verande Venstre sitt bondelag. Men også Arbeiderpartiet viste stor interesse for småbrukarane.

Arbeiderrørsla og SmåbrukarlagetFor Arbeiderpartiet var stiftinga av Norsk Småbrukerforbund eit prov på at det eksisterte eit reelt motsetningstilhøve mellom «de utbyttende og de arbeidende bønder». Det viste at det fanns same klasseskiljet i jordbruket som innafor handel, handverk og indu­stri. Social-Demokraten helsa derfor med glede ein sjølvstendig småbrukarorganisasjon. Denne ville føre med seg «at smaabru- kerne blir nødt til at optræde og handle som klasse, i fellesskap

129

Page 14: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

med den arbeidende klasse forøvrig». Myrvang sin tale om at småbrukarane ville verke forsonande i klassestriden, avviste avisa som talemåtar. Stiftingsmøtet bar meir preg av at småbru­karane samla seg til kamp enn at det var snakk om fred og forso­ning, tykte avisa.

Dei første åra var arbeidarpartipressa lite oppteke av Småbru­karforbundet, og haldninga var forsiktig og usikker. Dels hang dette saman med partiets dilemma i jordbruksspørsmål. Partiet såg på småbrukarane og andre småkårsfolk på bygdene som sine folk. Men for mange var det teoretisk gal politikk å støtte oppret­tinga av små sjølveigarbruk. Partiet kunne lite støtte ein organi­sasjon som var så sterkt prega av arbeidardemokratane. Dei hadde gjort småbrukarrørsla til eit «utbytningsobjekt for stor- bønderne, godseierne, bankinstitutionene og forøvrig alle der skal profitere av det arbeidende og forbrukende folk», skreiv Ny Dag på Gjøvik.

Redninga for småbrukarane var, ifølgje avisa, at «erfaringen lærte dem paa et tidlig stadium at ty til sine klasse- og standsfel­ler industriarbeiderne, og der faa den veiledning som disse gjen- nem sine aarelange organisationsvirksomhet er istand til at gi • . ■»

Men korleis skulle så arbeidarpartiet stille seg til småbrukar­rørsla slik at det ikkje skuva småbrukarane frå seg, men erobra dei for sosialismen? Initiativet til ei avklaring av spørsmålet kom frå arbeidarpartia i Trøndelag som i 1916 ba partiet og landsor­ganisasjonen om å utreie naudsynte tiltak.

Trønderpartia hevda at småbrukarlaga var politiske underb­ruk under arbeidardemokratane og vart nytta til «bekjempelse av arbeiderklassens og socialistenes interesser». Mange fann der derfor utilrådeleg for sosialistane å stå i småbrukarlaga. «Betingelsesløs tilslutning vil være den rene selvopgivelse», sa Tranmæl. Forbundet var «likesaa smaaborgerlig som hele den øvrige Castbergbevægelse». Skulle derfor sosialistane slutte seg til dette, måtte det vere «under den uttrykkelige forutsætning at man snarest fik anlagt denne paa et moderne grundlag», hevda Tranmæl. Dersom ikkje dette lukkast, foreslo trønderpartia å ut­vide det eksisterande skog- og landarbeiderforbundet, eventuelt ein annan organisasjon eller danne ein ny .18)

Sekretariatet i Landsorganisasjonen og sentralstyret i DNA reagerte negativt på trønderane sitt initiativ. Men saka vart reist på ny i Trøndelag våren 1917. Eit møte med representantar frå lokale partiforeningar vart halde på Røros i mars for å førebu danninga av ein sosialistisk jordbruksorganisasjon. Eit arbeids-

1 3 0

Page 15: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

Til L andso rgan isasjonens og D et norske A rb e id e rp a rtis a v d e lin g e r i landd istrik tene .

S t i l l i n g e n t i l M o r s k SSonde- o g S m å b r u k a r l a g .

L an d so rg an isa s jo n en og D e t n o rsk e A rb e id e rp a r ti h a r i t id lig e re ved tak s lå t t f a s t a t de vil s tø t te N orges F iska r la g i (lets a rb e id e fo r å få fisk e rn e o rg a n is e r t i de beståen d e fy lk es f isk a r lag som selvstend ige fag lige o rg a n is a s jo n e r t i l v a re tag e lse av fisk e rn es in te re s se r. D e tte a rb e id e e r ko m m et g o d t i gan g og N orges F isk a r la g u tv ik le r sig t i l å bli en god og s te rk o rg a n isa s jo n fo r de a k tiv e fiskere .

Skog- og lan d a rb e id e rn e b lir o rg a n is e r t i s i t t eget fo rb u n d i t i l ­s lu tn in g t i l L an d so rg an isa s jo n en . F o rb u n d e t h a r a lle red e 30 000 m ed­lem m er og i de v ik tig s te skogs- og jo rd b ru k s d is tr ik te r in n ta r d e t en m eget s te rk s ti llin g .

Den tre d je s to re e rh v erv sg ru p p e i bygdene e r sm å b ru k e rn e og bøn- d erne. D isse h a r i N orges B onde- og S m å b ru k a rla g s in egen o rg a n is a ­sjon som g å r in n fo r å v a re ta d e res fag lig e og økonom iske in te resse r . O rg an isas jo n en e r im id le r tid en d a ikke s le rk t nok bygget u t i a lle lan d e ts d is t r ik te r , og den h a r d e rfo r ikke den verdi fo r d isse s to re b e fo lk n in g sg ru p p e r som den k u n d e og b u rd e ha. 1 sam sv a r med den o rg a n is a s jo n s lin je og den p o litik k som e r fø r t av arbeiderbevegelsen i den s is te t id , v il L an d so rg an isa s jo n en og p a r tie t h e n s tille t i l s in e a v ­d e lin g e r a t de g å r in n fo r å s tø t te N orsk Bonde- og S m å b ru k a rla g i d e ts a g ita s jo n s - og o rg a n isas jo n sa rb e id e . I de bygder h ro r Norges lloiidc- og S m å b r u k a r la g har avdelinger, må ile faglige og po l i t i sl, r arbeiderorganisasjoner ta og arbeidet for øket t i l s lu tn in g t i l lageti —- og i bygder hvor de t ikke nr sm åbruker lag , må de t arbeides fo r å få danne t s l ike lag.

Vi sen d e r m ed en k o r t f a t te t redeg jø re lse fo r N orsk B onde- og Sm å- b ru k a rla g s o rg an isas jo n so p b y g g in g og a rb e id sm åte .

F ram fo r s tore og s te rke bonde- og sm åbruker lag i alle bygder!

Oslo i sep tem b er 1937.

Med so lid a r isk h ilsen .A rb eidernes fag lig e L an d so rg an isa s jo n . D e t n o rsk e A rb e id e rp a r ti .

Olav Ilindahl. Oscar Torp.

Vi ber om a t L an d so rg an isa sjo n en e lle r p a r t ie t b l ir .underre tte! om d a n n e lse n av nye sm åb ru k erlag .

131

Page 16: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

utval vart valt, og dette utarbeidde forslag til program og lover for ein slik organisasjon. Arbeidsutvalet ville ha organisasjons­messig tilknyting til Arbeiderpartiet. Plana var å halde eit konsti­tuerande møte alt same sommaren.I9) Men i fylkespartia i Trøn­delag var meiningane delte. Seinare stortingsmann Alb. Moen hevda at det «var bedre at gaa ind i de nuværende smaabrukerfo- reninger og paa denne maate skaffe sig medbestemmelsesret over arbeidet i smaabrukerforbundet. . .» Andre ønska ein fritts­tåande organisasjon i «forståelse med de øvrige økonomiske fag- eller kamporganisationer og i flugt med de socialistiske ideer». Organisasjonen skulle gjelde både landarbeidarar og arbeidar- bønder.

Partiet hadde forsømt å samle arbeidarbøndene, hevda Tran­mæl i Ny Tid, og dette fekk arbeidarane føle under dyrtidssitua- sjonen. Eit anna argument for ein ny småbrukarorganisasjon var at fleire småbrukarlag i Trøndelag hadde «latt sig benytte som underbruk for Venstre» ved siste kommunevalet.

Sentralstyret i Arbeiderpartiet reagerte på resolusjonen frå Trøndelag med å sette ned ein komité til å handsame partiet si stilling til småbrukarorganisasjonen. Tranmæl - som kom med i komitéen skifta no standpunkt og frårådde å danne noen ny jordbruksorganisasjon. Komitéen var samd i at Småbrukarlaget ikkje svara til partiet sine krav. Det mangla ei fast leiing og ei so­sialistisk line. Men sidan det var nytt, ville «det falde forholdsvis let at øve indflydelse». Komitéen tilrådde derfor at dei sosialisti­ske arbeidarbøndene forsøksvis burde slutte seg til Norsk bonde - og småbrukerforbund. Sosialistane skulle innafor forbundet ar­beide for at det tok eit klart klassestandpunkt og samarbeidde med alle andre arbeidarsamanslutningar. Vidare måtte jordprog­rammet kome i samsvar med Arbeiderpartiet sitt program, og lo­vene måtte tene som rettesnor for ein praktisk, handlekraftig klassekamporganisasjon mellom arbeidarbøndene. Dersom ikkje det lukkast å få småbrukarforbundet omlagt, «maa de socialisti­ske medlemmer træ ut og danne en egen organisation», heitte det i innstillinga. Komitéen gjorde og framlegg om at partiet ga ut eit eige vekeblad for landarbeidarar og arbeidarbønder, Arbei- derbonden.

I tidsskriftet til Småbrukarforbundet vart trønderinitiativet oppfatta som ei krigserklæring frå sosialistane mot laget. Cock- Jensen skreiv brev til statsminister Gunnar Knudsen for å få råd om taktikk. Cock-Jensen trudde likevel ikkje at Arbeiderpartiet hadde noen sjanser om det la ut til kamp mot småbrukarrørsla. Om Arbeiderpartiet derimot ønska å skape ein sterkare landarbe-

132

Page 17: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

iderorganisasjon, ville han ikkje motarbeide det, sjølv om han var usamd i at denne skulle vere partipolitisk. Det kunne vere ulike interesser mellom landarbeidarar og småbønder som rett- ferdiggjorde ei organisatorisk arbeidsdeling. Cock-Jensen og Egeberg var og frå først av usamde i at småbrukarorganisasjo- nen skulle omfatte skogsarbeidarane.

Da komiteen som sentralstyret i DNA oppnemnde i 1917 la fram innstilling i 1919, hadde Småbrukarlaget i mellomtida ved­teke nytt jordprogram. Komiteen fann at programmet «falder . . . i mange henseender sammen med vort eget, som der er sterkt præget av». Det hadde eit «temmelig radikalt snit», skreiv Social- Demokraten i 1922.

Samanliknar ein Arbeiderpartiet og Småbrukarlaget sine jord­program etter 1918, finn ein mye samsvar. Arbeiderpartiet gjekk uttrykkeleg inn for privat eigedomsrett til jord frå 1919. Land­brukssamvirke vart støtta som ein del av klassekampen. Men Arbeiderpartiet gjekk inn for noe større bruk enn Småbrukarla­get. Bruk opp til 100 mål dyrka jord vart definert som arbeidar- og bondebruk, dei over 200 mål burde sosialiserast.20)

Georgismen som var sentral i Småbrukarlaget sitt program, hadde og sine sympatisørar og talsmenn i Arbeiderpartiet. Ein av desse var stortingsmann Meyer Foshaug som var med i Små­brukarlaget sin jordreformkomité av 1918. Også Arbeiderpartiet gjekk inn for å avløyse matrikkelskatten med ein «grunnverdiskatt efter sakkyndig verdsettelse og periodiske tak­ster». «Om værdistigningsskatten synes de fleste at være enig», fortel landsmøteprotokollen frå 1920. Når sosialiseringa av jorda ikkje skjedde ved at samfunnet overtok eigedomsretten, var det ei akseptabel løysing å inndra jordverdien ved ein grunnverdi­skatt. Henry George sine teoriar var «betingelsesvis rigtig ogsaa i et kommunistisk samfund», hevda viseformann Emil Stang i 1922. Men for sosialistane var grunnverdiskatt berre eit «nødvendig supplement».

At forholdet til bøndene vart sterkare aktualisert i Arbeiderpar­tiet kring 1920 og utover har fleire årsaker. I det revolusjonære oppsvinget etter 1917 var alliansespørsmålet og bøndene si stil­ling under og etter revolusjonen noe Arbeiderpartiet måtte avk­lare. Parolane om einskapsfront og arbeider- og bonderegjering aktualiserte også bondespørsmålet og gjorde det til stridsemne. Samarbeid med Bondepartiet var ikkje aktuelt. Men danninga av Bondepartiet i 1920 spela ei viss rolle ved at det ga Arbeiderpar­tiet ein taktisk sjanse dersom småbrukarane vart splitta frå Land-

133

Page 18: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

mandsforbundet. Dette var noe som ga Småbrukarlaget von om framgang, og Småbrukarlaget kunne bli ein alliansepartnar i ar­beidet for einskapsfront.

Den viktigaste faktoren som sette bondespørsmålet i fram­grunnen var den økonomiske krisa frå 1920/21. Ved paripoli- tikken (deflasjonspolitikken) som borgarpartia førte, vart bøn­dene - og småbrukarane hardast - ramma av ei gjeldskrise. Denne avslørte småbøndene si utrygge stilling under kapitalis­men og skapte føresetnader for Arbeiderpartiet til å vinne desse for ein sosialistisk og revolusjonær politikk. Krisa førte og til kronisk arbeidsløyse, og i mangel på betre krisepolitikk støtta Arbeiderpartiet opprettinga av jordbruk for å skaffe arbeid og levebrød.

Dette vart det sentrale i Arbeiderpartiets kriseprogram av 1922. Forslaga gjekk ut på store løyvingar til bureising og gjeld- smoratorium for småbønder, arbeiderbrukarar og fiskarar. Også statsskatt på udyrka jord kom på tale. Partiet oppnemnde eit eige jordbruksutval same året.21)

I Småbrukarlaget utarbeidde sekretær Lieng ei liknande burei- singsplan. I medlemsbladet forkynte han tilslutning til kommu­nistane sin parole om einskapsfront: «Det er blandt arbeidernes hundretusener at småbrukerne kan finne støtte for sine krav.» I styret var det sterk stemning for å endre namnet til «Norges ar- beiderbondelag» fortel protokollen frå 1923.

I Stortinget sette arbeidarpartirepresentantane fram krav om løyvingar til å opprette arbeiderbondebruk i «henhold til forslag fra norsk bonde- og småbrukerlag.» I DNA vart det snakka om «Fællesoptræden av vort parti og Småbrukerlaget», og noen vona å få nydyrkingsplanane realisert under «fællesledelse av Småbrukerforbundet og Arbeidernes faglige landsorganisation.»

Noen fellesopptreden mellom Arbeiderpartiet og Småbrukar­laget kom ikkje i stand. Det avgrensa seg til personlege kontaktar og ønskjemål. Frå Småbrukarlaget si side var det ei vedteke mål­setting å halde organisasjonen partipolitisk nøytral. Da ein nytil­sett sekretær etter Lieng uttala på eit møte at «småbrukerorganisasjonen sikkert ville gå til grunde hvis den ikke blev kommunistisk», blei han såleis straks fjerna. At det var ein stortingsmann for Arbeiderpartiet i styret som formulerte det samrøystes vedtaket om å avsette sekretæren, viser at heller ikkje Arbeiderpartiet fann det taktisk klokt med ein partibunden organisasjon.

Kriseprogrammet vekte strid innad i DNA. Det var ei spe byr­jing til statsdirigert planøkonomi, men for noen var dei konkrete

1 3 4

Page 19: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

bureisingsplanane «nærmest latterlig» (A.C. Madsen). For krise- politikarane - som dei vart kalla - var dei derimot «den eneste revolusjonære gjennembrudslinje» som kunne reise «hele det ar­beidende folk på enhetsfront til kamp for den sociale revolu­sjon.»22)

I Kominterns strategi var småbøndene ein naudsynt allianse- partnar for industriarbeidarane under ein revolusjon. Krisepoli- tikarane - og dei fleste slutta seg til NKP i 1923 - såg krisep- rogrammet i dette revolusjonære perspektivet. Det var ei re- formline for å avskaffe arbeidsløyse og vinne dei arbeidande bøndene. På kort sikt kunne det gje Arbeiderpartiet massegrunn- laget for å forsvare proletariatets interesser mot kapitalen. På lengre sikt galdt det den revolusjonære makterobringa. Krisep- rogrammet var da og eit agitatorisk kampmiddel som skulle skape ei folkereisning under det kommunistiske partiet si leiing.

Taktikken til den kommunistiske fløya innebar også parla­mentariske manøvrar med andre parti. Siktemålet var å sprenge småbøndene ut av desse og danne einskapsfront med grupper i partia, t.d. med «den radikale kjerne i Venstre» i jordspørsmålet. Slikt samarbeid vart grunngjeve med den forsvarssituasjonen ar­beiderklassen var i. Kriseprogrammet vart sett på som ei tilpas­sing av einskapsfrontparoler etter norske forhold - eit middel for Arbeiderpartiet til å vinne småbøndene.

For hovudtyngda i DNA var desse parolane frå Komintern meir til agitasjonsbruk enn dei var aksjonsparolar. Krisepolitika- rane (NKP) vart kritiserte som parlamentariske opportunistar og reformistar slik at DNA etter 1923 hevda å stå til venstre for NKP. I staden for einskapsfront og samarbeid med andre parti var styrking av partiorganisasjonen det primære målet for Tran- mælfløya, allianse med bøndene kom i andre rekkje. Småbøn­dene skulle vinnast ved at dei søkte arbeiderrørsla sine organisa­sjonar.

Bak dette låg den oppfatninga at industriarbeidarane var kjernen i den revolusjonære strategien. Berre lønsarbeidarane kunne danne kamporganisasjonar og føre masseaksjon (Tranmæl sitt yndlingsutrykk). Dette utelukka masseoppslutning frå bøndene. Krise-politikarane med sine kriseprogram svekka den revolusjonære fagorganisasjonen. Medan krisepolitikarane vurderte bøndene som livsviktige for revolusjonen såg Tran- mælfløya på tilveksten av småborgarlege, ikkje-proletære ele­ment som ein fare for partiet sin revolusjonære karakter. Det he­itte såleis i Arbeiderbladet 4.8. 1923:

135

Page 20: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

«Samarbeide med småbøndene skal ikke lede til at disse indtrær i det kommunistiske parti, da dette vil medføre at partiet taper sin revolutionære karakter».

Bøndene vart altså frå leiinga i DNA ikkje tildelt noen sentral plass i eit framtidig sosialistisk Norge. Ein fann det ikkje naud­synt å gje slike konsensjonar til bøndene her som Lenin blei nø­ydd til i Sovjetsamveldet under NEP-politikken. Norge hadde opplevd ein rask industrialiseringsprosess før 1920, og ein trudde at lønsarbeidarane i industri og jordbruk snart ville danne fleirtalet av folket. Krisa skapte imidlertid ein stagnasjon i denne utviklinga.

Også innafor NKP kom det kritikk av tilnærminga til bøndene som utslag av reformisme og opportunisme . . . Etter 1925 vart det ført ei hardare klassekampline som sette arbeidet i fagrørsla i framgrunnen, m.a. bedriftsceller. Bøndene var ikkje ein likestilt alliansepartnar. Det heitte på landsmøtet i 1925 at NKP måtte «vinne de utbyttede bønders sympati for industriarbeidernes kamp».23)

Med desse sprikande oppfatningar av bøndene og alliansen med dei måtte også støtta til småbrukarane sin organisasjon bli utan praktisk kraft. Arbeiderpartia fekk ikkje leiinga i Småbru­karlaget sjøl om dei i Stortinget kravde betre kår for småbruka­rane og støtta krava som Småbrukarlaget kom med. Arbeider­partiet oppfordra også småbøndene til å organisere seg i sær­skilte småbrukarlag. «Disse lag tilsluttes Norsk bonde- og små­brukerlag, som søkes utviklet til en effektiv organisasjon til vare- tagelse av småbøndernes interesser», heitte det i tilrådinga som landsmøtet vedtok i 1925. Dette var ei stadfesting av linja frå 1919 som gjekk ut på å gjere småbrukarorganisasjonen til «bundsforvant i den kamp» partiet førte.

Men landsmøta etter 1925 var ikkje «særlig opløftende å over­være» for Arbeiderpartiet. Det var «konservatismen, motløysa og veikskapens ånd som rådde grunnen», skreiv Gunnar Lund, ein av dei aktive arbeiderpartifolka i organisasjonen i 1927. Det nye jordprogrammet som Venstres stortingsmann Fjærli la fram, var og «temmelig utvatna».

Arbeiderpartiet sin styrke på årsmøtet i Småbrukarlaget kan ein truleg måle på grunnlag av noen avstemningar i 1927. Eit forslag om gjeldsnedskriving og eitt om samarbeide med organi­sasjonar for andre arbeidargrupper vart begge nedrøysta med 36 mot 6 røyster.

1 3 6

Page 21: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

Ny skog og landarbeidarorganisasjonDet første landsforbundet av 1912 fekk store vanskar med å overleve da auka kontingentsatar vart etterfølgd av krisetider. Det vart nedlagt av LO-kongressen i 1923, og forsøket på å halde fram som sjølvstendig forbund utanom LO vart snart oppgjeve.

Men spørsmålet om organisering av landarbeidarane kom op- patt på landsmøtet i DNA i 1925. Året etter vart det skipa to di- striktsorganisasjonar i Hedmark fylke.

Begge forbund ville ta opp arbeidet for å skaffe tenleg og bil­leg jord til å reise eigen heim og småbruk. Det var usemje om kor langt ein skulle gå for å ta opp småbrukarar som medlemar. Det kommunistdominerte forbundet i sør ville gå lengst i å ta opp «oppgaver av særlig interesse for småbrukere i deres virke som sådanne og for medlemmene i sin alminnelighet som forb­rukere og produsenter». Men det arbeidarpartidominerte for­bundet i nord reagerte mot den blandinga av småbrukarlag og fagforeningar som var gjort opptakt til i sør.

Landsorganisasjonen greip inn i organisasjonsarbeidet, og eit fellesmøte kom i stand i januar 1927. Dette uttala at «organisasjonen ikke bare har lønnsfaglige oppgaver å vareta, men også søker det fornødne samarbeid med de jordbruksfaglige organisasjoner blant småkårsfolket . . . »

Med stiftinga av Norsk skog- og landarbeiderforbund i august 1927 skjedde ei avklaring og arbeidsdeling mellom dette og Småbrukarlaget. Skog- og landarbeiderforbundet blei ein fagleg kamporganisasjon for lønsarbeidarane. Samlingskongressen mellom DNA og NSA (Norges socialdemokratiske arbeider­parti) tidlegare på året stadfesta DNA-lina, at arbeidarbøndene skulle danne småbrukarlag i tilslutning til Norsk bonde- og små­brukarlag.

Den store valframgangen for det samla Arbeiderpartiet i 1927 vart både i samtida og seinare tolka som resultat av auka tilslut­ning frå småbønder og landarbeidarar. Valet var partiet sitt gjen­nombrot på bygdene, over 3/5 av veljarane var bygdefolk. Men i partiorganisasjonen og i leiinga var bygdene sterkt underrepre­senterte. Tilsiget av befolkningslag som partiet «for få år siden betegnet som småborgerskap» reiste ein debatt i partiet om det skulle vere klasse - eller folkeparti. Fleirtalet følgde enno vise­formann E. Bull si formaning om at partiet si interesse er klasse­interessen. Og i Bull sin definisjon av arbeiderklassen som parti­ets basis, var ikkje småbøndene med. Programmet i 1930 vart skjerpa i venstreretning.

137

Page 22: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

Men dette vart eit kortvarig «awik» frå ei utvikling i motsett lei. 30-åras krise førte til at arbeidarklassen var absolutt og rela­tivt på tilbakegang. Partiet måtte ha med mellomlaga for å vinne fleirtalet. På 30-talet skjer så ei gradvis, men klar utvikling mot at partiet erklærer seg som representant for heile det arbeidende folk - og arbeidende folk var dei fleste.

Småbrukarane søkte til arbeidarrørsla i krisetidene - men til den reformistiske delen. Kommunistpartiet miste raskt tilslut­ning og kom under 2 96 ved stortingsvala frå 1930. Men Små­brukarlaget var ennå Venstre sitt bondelag. Og nedgangstida for laget varte ut kriseåra medan Bondelaget med støtte i Bondepar­tiet mobiliserte bøndene i samvirkearbeid - Småbrukarlaget si store merkesak.

Men under arbeiderpartiregjeringa frå 1935 var laget i fram­gang igjen. Og etter krigen fekk Småbrukarlaget ein rask og rela­tivt stor oppslutning og blei Arbeiderpartiet sitt bondelag.25)

138

Page 23: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

Notar

1. W ilhelm Keilhau: Det norske folks liv og historie i vår egen tid Oslo 1938, side 79.

2. N.O.S. De faste eiendom m e 1 9 0 6 - 10, side 3 0 - 3 1 .3. SØS nr. 3 Ø konom isk utsyn 1 9 0 0 - 1950, side 33.4. Foreningen til D iskussion a f Landbrugsanliggender 1891, side 174.5. N.O.S. Den norske arbeiderbruk- og boligbank A. Th. Kjær i N y Jo rd nr.

4 1917.6. T idsskrift for det N orske Landbruk 1910, side 368.7. N.O.S. De faste eiendom m e 1 9 0 6 -1 0 , side 19 + ; 1916 - 20, side 45.8. Johan Ødegård: G jennom brudd, 1934, side 22.9. Forhandlingsprotokoll for N orsk A rbeidsm andsforbund, 8 /8 1908.

10. D em okraten. 14 /6 1910, A rbeideren 1 1/8 1909, 5 /11 1 9 1 0 ,2 3 /9 1911.11. D em okraten 2 3 /9 og 14/12 191 1, Ø stlæ ndingen 17/12 1912.12. Østlændingen 1/3 og 2 0 /5 1912.13. V æ lgeren 2 9 /6 og 3 /7 1910.14. For Sm aabruk og Egne Hjem 1912. side 38.15. Protokoll N orsk bonde- og sm åbrukarlag 1913.16. Mikkel Sveinhaug i Oplandenes avis 2 8 /6 1913.17. Brev frå O.K. Skuggevik til J.E. M ellbye 8 /7 1914. Landm andsposten

10/13 1913.18. Intrøndelag Socialdem okrat 2 1 /6 og 2 2 /6 1916, N y T id 13/6 og 30 /6

1916.19. Ny Tid 6 /3 , 2 9 /5 og 2 6 /6 1917, Beretning DNA 1919. side 58.20. A rbeiderbonden 1922 - 23.21. Det 20de å rh u n d re 1921 - 22.22. Håkon Meyer: Den politiske arbeiderbevegelsen i Norge. Oslo 1935, side

215.23. Ingunn Hostad: Scheflo. bøndene og revolusjonen. U ttrykt hovudopp­

gåve i historie, Bergen 1977.24. M artin Liengen: Det var kanskje nødvendig. 1947, side 7 0 - 73. J. Øde­

gård: G jennom brudd, side 108 f.25. S.J. Langhelle: B ruksstrukturproblem et 1945 - 55. U ttrykt hovudoppgåve

i historie. Bergen 1975,

1 3 9

Page 24: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

Litteraturliste

AM SRUD . T rond W erner: Skogsdriftsforeninger og N asjonal Samling. Sko­geiernes politikk under R andsfiordkonflikten 1 9 3 0 - 36. Oslo 1978. Hovedoppgave.

A N D E R SE N . E inar: U ndersøkelse av skogshytter og skogsarbeidernes leve­vilkår. Oslo 1927.

A N D E R SE N . Sønnik: U ndersøkelse av skogshytter og skogsarbeidernes leve­vilkår. Oslo 1932.

DA N K ER TSEN . Kjell: Arbeiderpartiets syn på jordspørsm ålet fram til 1902. Oslo 1963. Hovedoppgave.

D O V LA N D . Tor-Inge: Landbruket og organisasjonene. En studie av land- bruksorganisasjonene og deres kontakter m ed offentlige m yndigheter. Oslo 1973. Hovedoppgave.

E N G E N . Jorunn: A ustm arkakonfliktene. Skogsarbeidernes kam p for o rgan i­sasjonsretten på A ustm arka v interen 192*7/28. Oslo 1974. Hovedoppgave.

FE IR IN G . Trond: O rganisasjon og bønder. Om forsøket på en sam m enslu t­ning av Norges Bondelag. N orsk Bonde- og Sm åbrukarlag og Landbrukets Sentralforbund. Oslo 1972. Hovedoppgave.

FOSTERVOLL. Kaare: Optaket til sosialistisk jordpolitikk i Norge. Oslo 1933. Sæ rtrykk av festskrift til Halvdan Koht.

FRED R IK SEN . Pål: Det norske arbeiderpartis syn på næ ringspolitikken. En undersøkelse om hvilket prioriteringsforhold A rbeiderpartiet ville ha m el­lom jordbruket, fisket og industrien i perioden 1945 - 50. Oslo 1977. Ho­vedoppgave.

GJØLBERG . Ole: R eallønnsutvikling og levevilkår for jo rdbruksarbeidere ca. 1 8 3 0 - 1880. Bergen 1974. Hovedoppgave.

G LED ITSCH . Kristian: Skogsarbeidernes kamp. Oslo. Fram . 1932.H O RN SRU D . C hristopher: Fram til jorden. Kra. Norske arbeiderpartis forlag.

1918. - 2. utg. 1921.IN T E R N A SJO N A L E A R B EID ER H JELP. NORGE: Torpa. U ndersøkelser

som avdekker forferdelige tilstande. Oslo 1933.KJELDSTADLI. Knut: «A rbeider, bonde, våre hæ re . . . » Arbeiderpartiet og

bøndene 1 9 3 0 - 1939. ( = TIDSSKRIFT for arbeiderbevegelsens historie. Nr. 2 1978.) M agistergradsavhandling.

KRISTIA NSEN. Jan Kristian: Jordkonsesjonsloven av 1920. Lovdebatt og in­teressegrupper. Oslo 1976. Hovedoppgave.

L A N G H ELLE. Svein Ivar: B ruksstrukturproblem et 1945 - 55. Ein studie av det jordbrukspolitiske synet til A rbeiderpartiregjeringa. Norges Bondelag og N orsk Bonde- og Sm åbrukarlag. Bergen 1975. Hovedoppgave.

LJU N G BLA D . Sverre G.: Kam pen for matbiten. Landarbeidernes fagorgani­sasjon. Oslo. Ny Tid. 1928.

L IE N G E N , M artin: Det var kanskje nødvendig. Trekk fra skogs- og land­arbeidernes levekår og beretning om Skog- og Jordbruksarbeiderforbundet av 1912. Utg. av N orsk Skog- og landarbeiderforbund. Oslo 1947.

M OE. Erling: Synspunkter på A rbeiderpartiets jordbrukspolitikk 1902 - 06. Oslo 1975. Hovedoppgave.

M O R EN . G udm und: Julussakonflikten i E lverum 1927. Oslo 1978. H oved­oppgave.

NORBØ. Rasm us: Jo rdbruksprob lem er og jordbrukspolitikk. Utg. av AOF. Oslo 1949.

140

Page 25: Småbrukarorganisering og arbeidarrørsle*)websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1299&Un… · Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1. 1980. Sigvart Tøsse

NORGES KOM M UNISTISKE PARTI. SEKRETARIATET.: Fløtningskon- n ikten våren 1930. E ina-Dokka vassdraget. Haldenvassdraget. Høland. Stil­lingen innenfor Norsk Skog- og landarbeiderforbund. En redegjørelse. Oslo 1930. Om Johan Ødegårds eksklusjon fra NKP.

NORSK BONDE- OG SM ÅBRUKARLAG. Kort 25-års oversikt. U tarb. av H. Egeberg. Kongsvinger 1939.

NORSK BONDE- OG SM ÅBRUKARLAG. 1913 -1 9 6 3 . Red. av Kristian Mo. Flisa 1963.

SKOGSARBEIDER KONFLIKTEN i V ingrom 1929. Av A nne Bregnballe m.fl. L illeham m er 1978. Sem esteroppgave ved Oppland distriktshøgskole.

SK OGSARBEIDERNES kam p m ot skogsbaronene, regjeringen, statspolitiet og reform istene. Oslo 1932.

SØM M E. Axel: Jo rdbruket i Norge. Oslo. Norske arbeiderpartis forlag, 1933. (Norske erhvervs- og kriseproblem er. 2.)

TRØITE. Jostein: Bønder i EF-strid. Senterpartiet og landbruksorganisasjo- nene 1961 - 72. Av Jostein Trøite og Jan Erik Vold. Oslo. Sam laget. 1977. (Orion-debatt.)

TRØITE. Arnstein: Kampen om eg g -o g fleskeproduksjonen. Om fabrikkpro- duksjon. vertikal integrasjon og produksjonsregulering i norsk landbruks­politikk 1960 - 1966. Oslo 1976. Hovedoppgave.

TØNN ESSON . Stein: Røde skoger. Skogsarbeidere forteller fra klassekam pen på landsbygda. Oslo. Pax. 1976.

TØSSE. Sigvart: N orsk bonde- og sm åbrukarlag 1 9 1 3 -2 8 . B akgrunn og verksem d. Theim 1976. Hovedoppgave.

YSTGAARD. Hans: Bondenæring og statstiltak. Statens tiltak til støtte og frem m e av vårt landbruk. Oslo. T iden. 1935.

ØD EG Å RD . Johan: Fagorganisasjonen på landsbygden. T rekk av Norsk skog- og landarbeiderforbunds historie. Oslo 1934.

Ø D EG Å R D . Johan: G jennom brudd. Skogsarbeidernes, jordbruksarbeidernes og gartneriarbeidernes organisasjon 1912 - 1952. Utg. av N orsk skog- og landarbeiderforbund. Oslo 1952.

Ø D EG Å R D . Johan: Skogsarbeidernes lønns- og levekår. E n sosialstatistisk undersøkelse bygd på m ateriale innhentet av N orsk skog- og landarbeider­forbund for driftssesongen 1937/38. Bearb. og kom m entert av Johan Øde­gård og M. Resen-M andt. Utg. av N orsk skog- og landarbeiderforbund. Oslo ca. 1939.

Ø D EG Å R D . Johan: Jordpolitikken - veier og mål . . . Red. av Johan Øde­gård. Oslo. AOF. 1950.

ØSTE R LI. Ivar: E iendom srett og sosialpolitikk. Jordspørsm ålet i norsk poli­tikk i 1920-årene. Theim 1972. Hovedoppgave.

141