September 2015. · 2015. 12. 2. · September 2015. Fin månad dette. Joar samla opp berre 45 mm....

3
September 2015. Fin månad dette. Joar samla opp berre 45 mm. regnvatn. Her i bygda er september kalvingstid for dei som driv mjølkeproduksjon. I godver kan det vere beste miljø å fø kalven ute i naturen. Her er det ”Oline” til Nina og Inge som kom med ein fin kyrekalv. Her er kalven 1-2 timar gamal. Litt problem kan det verte når mor og barn skal i hus. ----- ----- Opning av uteplass ved butikken. Vêrgudane var 100 % med då Butikken skipa til ”Opning av ny uteplass”. Nær 50 personar kom og alle kosa seg i den fine dagen. Eldar og Anders tok Uteplassen i bruk og gav oss fin song og musikk to heile timar til ende. Karane fortalde at det var 11 år sidan dei laga musikk i lag. Framføringa fall likevel i svært god smak hjå oss som fekk høyre. Butikkdame Ingrid hadde open kafé i lokala inne. Der fekk me kringler, vaflar, kaffi og saft. Og i butikken der Joar styrde fekk me kjøpe is det me orka. Ein vellukka dag for oss alle! ----- -----

Transcript of September 2015. · 2015. 12. 2. · September 2015. Fin månad dette. Joar samla opp berre 45 mm....

Page 1: September 2015. · 2015. 12. 2. · September 2015. Fin månad dette. Joar samla opp berre 45 mm. regnvatn. Her i bygda er september kalvingstid for dei som driv mjølkeproduksjon.

September 2015.

Fin månad dette. Joar samla opp berre 45 mm. regnvatn.

Her i bygda er september kalvingstid for dei som driv mjølkeproduksjon. I godver kan det vere beste miljø å fø kalven ute i naturen. Her er det ”Oline” til Nina og Inge som kom med ein fin kyrekalv. Her er kalven 1-2 timar gamal.

Litt problem kan det verte når mor og barn skal i hus.

----- -----

Opning av uteplass ved butikken.

Vêrgudane var 100 % med då Butikken skipa til ”Opning av ny uteplass”. Nær 50 personar kom og alle kosa seg i den fine dagen.

Eldar og Anders tok Uteplassen i bruk og gav oss fin song og musikk to heile timar til ende.

Karane fortalde at det var 11 år sidan dei laga musikk i lag. Framføringa fall likevel i svært god smak hjå oss som fekk høyre.

Butikkdame Ingrid hadde open kafé i lokala inne. Der fekk me kringler, vaflar, kaffi og saft. Og i butikken der Joar styrde fekk me kjøpe is det me orka.

Ein vellukka dag for oss alle!

----- -----

Page 2: September 2015. · 2015. 12. 2. · September 2015. Fin månad dette. Joar samla opp berre 45 mm. regnvatn. Her i bygda er september kalvingstid for dei som driv mjølkeproduksjon.

God moltehaust i fjellet.

Det er ikkje kvar haust det er så mykje molter å finne som i år. Denne hausten var det toppår av dei edle bæra.

Litt seinare enn vanleg, - langt ut i september kunne du fylle bidna med fine bær. På dei mange fine dagane i denne månaden var det ei god oppleving å plukke molter, eller berre gå i fjellet.

----- -----

Reklame for grønnsaker under fiberduk. Dårlig erfaring frå tidlegare år med grønsakdyrking, der insekt øydela avlinga, fekk meg til å bruke fiberduk over åkeren i år. Det vart friske fine produkt, utan angrep av skadegjerande insekt og utan bruk av gift. Lasse ----- ----- Nytt frå Grendelaget. Ortnevik Grendelag har teke tak i sentrumsplanen i bygda på nytt. Forrige søndag hadde styret møte saman med Tove Lofthus, som har leia dette arbeidet fram til no. Ho hadde fått med Aril Gjelsvik frå kommunen på møtet. Tove var med direkte via video, og med det nye breibandet fungerte det svært bra. Møtet var einige om å ta nytt grep for å prøve å få sett ut i livet det reguleringsplanen for sentrum legg opp til. Til det vart desse valgte: Styret i Grendelaget med Janne Karin Brekken som leiar i ei styringsgruppe.

Page 3: September 2015. · 2015. 12. 2. · September 2015. Fin månad dette. Joar samla opp berre 45 mm. regnvatn. Her i bygda er september kalvingstid for dei som driv mjølkeproduksjon.

Vi har også fått med oss nokre andre i arbeidet vidare med dette. Tove vert med vidare, og har serleg ansvar for informasjonsopplegg på ferjekaien. Aril Gjelsvik er ein viktig person, som vil systematisere og dra i arbeidet. Han vil også halde kontakt med kommune og fylke. Gruppa ynskjer også å samarbeide tettast mogeleg med Sogn Aqua, når dei no startar å byggje anlegget sitt 1. november. Vi ynskjer dei lykke til, og velkommen til Ortnevik. Leiar Grendelaget Inge Brekke ----- -----

Gudsteneste i Ortnevik Kyrkje 25 oktober, kl 1100. ved Andreas Ester.

Solrenning 4H held haustfest i Ortnevik Grendehus laurdag 31 oktober kl 1800. Program: Utstillingar, underhaldning, loddsal og mat -(middagsmat). Vi ynskjer alle velkomne til festen, der det og vert feiring av 4H året!

Med helsing frå Grendelaget!