Politihunden Falk på farleg oppdrag

16

description

Tredje boka om radarparet Falk og Hanne av Tone Nørvåg. Illustrert av Odd Henning Skyllingstad.

Transcript of Politihunden Falk på farleg oppdrag

Page 1: Politihunden Falk på farleg oppdrag
Page 2: Politihunden Falk på farleg oppdrag
Page 3: Politihunden Falk på farleg oppdrag

Tone Nørvåg

POLITIHUNDEN FALK

PÅ FARLEG OPPDRAG

SamlagetOslo 2014

Page 4: Politihunden Falk på farleg oppdrag

© Det Norske Samlaget 2014www.samlaget.no

Omslagsdesign: Kine Røst

Printed in PolandTrykkeri: Scangraphic ASBoka er sett med Stone Serif 13 pkt

ISBN 978-82-521-8255-2

Page 5: Politihunden Falk på farleg oppdrag

5

1

Ein ulande snøstorm herjar over Holmøyane

medan Mathias kjempar seg framover i

nattemørket. Vinden piskar mot kinna og

slit i kleda hans, men han ensar det ikkje.

Han har eit viktig oppdrag: Miljøsvinet

må stoppast! Flaksande snøfnugg tett i tett

gjer det vanskeleg for Mathias å sjå kvar

han set føtene, men han er godt kjend med

vegen. Dei andre står nok og ventar på han

no. Han set opp farten.

Snøstormen dyttar Mathias i ryggen opp

siste bakken til fyret. Det er ingen å sjå.

Page 6: Politihunden Falk på farleg oppdrag

6

Page 7: Politihunden Falk på farleg oppdrag

7

Han kikar seg forsiktig rundt før han opnar

døra og stig inn i det mørke rommet.

Dei andre har ikkje kome. Men dei kjem

vel snart? Han leitar fram kikkerten frå

sekken sin og set seg ved vindauget. Her har

han god utsikt mot fiskeskøyta «Flora». Ho

ligg og duppar bortmed hamna.

Berre vent du, tenkjer Mathias.

Han hakkar tenner. Det er kaldt både ute

og inne.

Pål og Andrea kjem visst ikkje. Har dei

gløymt oppdraget? Dei skulle vere ved fyret

innan klokka fire! No er ho halv fem, og

ingen har dukka opp. Pål svarer ikkje på

melding heller. Søren!

– Eg må gjere det aleine!

Mathias skvett litt når han høyrer si eiga

tynne stemme. Han skriv nokre ord på ein

lapp til dei andre, i tilfelle dei kjem likevel.

Page 8: Politihunden Falk på farleg oppdrag

8

Han tek med seg målingsbøtta frå sekken

og dreg hetta godt over hovudet før han

snik seg langs sjøkanten mot båtane.

Den gamle dieselmotoren på «Flora» harkar

som ei hås gammal kråke. Båten ligg på

tomgang, og pipa spyr ut svart eksos.

– Liggje her og skjemme ut øya vår på

denne måten, mumlar Mathias irritert.

Han svingar seg lett over rekkverket

med spannet i handa, og trippar bort til

rorhuset. Han jekkar av lokket, dyppar

kosten nedi og kliner raudmålinga utover.

MILJØSVIN skriv han med så store

bokstavar han klarer. Han teiknar eit digert

kryss over båtnamnet.

Brått ser Mathias noko i sidesynet som

beveger seg. Kva var det? Han må nærmare

for å sjå. Nei, fysj og fy! Ei havørn heng opp

ned med klørne knytte stramt saman rundt

Page 9: Politihunden Falk på farleg oppdrag

9

ein kjepp. Mathias mistar spannet forferda,

og målinga renn bortover det snødekte

dekket. Han høyrer plasket då spannet

treffer sjøen. Mathias rekk så vidt å tenkje:

Page 10: Politihunden Falk på farleg oppdrag

10

EG MÅ VEKK! før to sterke hender rykker

tak i han bakfrå og dreg han med inn i

båten.

Page 11: Politihunden Falk på farleg oppdrag

11

2

I Solstien 5 ligg politihunden Falk i korga

si og søv. Den brune langhåra pelsen er

nybørsta og fin, og han luktar som ei

sommar gul blomstereng. Tvillingane Kasper

og Jenny bada Falk før han la seg.

– Shampo for tjukt og glansfullt hår, det

passar perfekt!

Jenny kniste då ho tømte flaska over

Falk sin ustyrlege, lange pels. No er Falk i

drøymeland. Han vrir seg litt på koseteppet,

vert liggjande på rygg med potane til vêrs

og tunga hengande som eit vått slips ned

mot haka. Det er varmt og trygt, og Falk

snorkar der han ligg.

Page 12: Politihunden Falk på farleg oppdrag

12

Med eitt vaknar Falk av lydar frå loftet.

Hanne romsterer der oppe. Han gjespar og

strekkjer den lange kroppen sin. Lydane

ovanpå er raske, det betyr at ho har lita tid.

Han set seg til å vente ved trappa. Hanne

kjem ned i bra fart, og Falk pip av glede. Ho

har på seg politiuniforma!

– God morgon, Falk!

Ho bøyer seg ned og får ein sleik på

kinnet av sin aller beste firbeinte ven.

Page 13: Politihunden Falk på farleg oppdrag

13

– Vi må av garde. Dei treng oss på

Sandsøya. Hanne forklarer medan ho tek på

han halsbandet han er så stolt av.

Skal tru kva som har skjedd i natt,

undrar han idet han pressar snuten varsamt

mot soveromdøra til tvillingane. Dei ligg så

fint og søv, berre leselampa mellom sengene

er vaken. Falk må alltid innom for å seie

ha det til Kasper og Jenny før han skal på

oppdrag. Han snusar inn den gode lukta av

bestevenene sine, ryggar stille ut i gangen

igjen, og er klar.

Falk går opp på bakbeina og ser politibilen

gjennom vindauget. Viktor 3-0 er fullstendig

nedsnødd! Han ser så vidt blålysa på taket

gjennom alt det kvite. Hanne kjem med ei

brødskive i munnen, litt forkava.

Sandsøya er eit stykke unna, Falk hugsar

at dei må ta ferje dit. Skal tru kva som ventar

dei der?

Page 14: Politihunden Falk på farleg oppdrag

14

Hanne tek langkosten og skuflar bilen

rein for snø.

– Hopp inn, kompis! Ho opnar bakluka

på gløtt og lèt den beste politihunden på

Holmøyane finne plassen sin i buret.

Frå styrehuset på ferja ser ein nesten heile

verda. Hav og himmel og øyar så langt

auget kan sjå utanfor dei store vindauga.

Falk sit ved sida av styrmannsstolen og kikar

bedande på skipper Rusten.

– Kan det vere svele du vil ha? Rusten

humrar og deler svela si i to. Falk lograr glad

og sluker godbiten i eit jafs.

– Det kan hende vi treng hjelp av deg,

seier Hanne alvorleg til skipperen, og gir

teikn til Falk at han skal slutte å tigge.

– Kva har skjedd? spør Rusten. Falk

spissar øyra. Han veit det heller ikkje.

Page 15: Politihunden Falk på farleg oppdrag

15

– Det er ein gut som har forsvunne, seier

Hanne. Falk kikar på henne. Forsvunne?

Hanne les i notatblokka si.

– Ein 11-åring som heiter Mathias er

sakna frå heimen sin.

Hanne kikar på Rusten. – Eg vil at du

skal høyre litt rundt, finne ut kva folk veit.

Page 16: Politihunden Falk på farleg oppdrag

16

Rusten nikkar.

– Eg ringer deg så snart eg har noko å

bidra med.

Rusten noterer Hanne sitt telefon-

nummer i skipsboka si. Som gammal ferje-

mann kjenner han mykje folk, både av den

eine og den andre sorten. Han seier han vil

nøste litt i dette.

Falk går ut på dekket. Det er bra ruskete

vêr, men ikkje så gale at det er til å få sjøverk

av. Den verste stormen har heldigvis roa seg.

Han uroar seg for Mathias. Elleveåringar skal

sove trygt heime i senga si no, sånn som

Kasper og Jenny gjer …