Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for...

19
Direktoratet for forvaltning og ikt 22 45 10 00 [email protected] Besøksadresse Oslo: Grev Wedels plass 9 0151 Oslo Besøksadresse Leikanger: Skrivarvegen 2 6863 Leikanger Postboks 8115 Dep, 0032 Oslo Org.nr: NO 991 825 827 www.difi.no Oversending av endelig rapport etter tilsyn Vi viser til oversending av førebels rapport datert 31.10.2017. Takk for kommentarar i e-post av 20.11.2017. Tilbakemelding på kommentar Etter ei samla vurdering av tilbakemeldinga med grunngjeving frå kommunen, har vi fjerna følgjande enkeltfeil frå rapporten. Avvik 2 Navigasjon a) Sider der tekst forsvinn i 200 %-visning Nr 1: Nedtrekksliste for å velje språk, Bilete Sarpsborg 1000 år i topptekst. Funksjonar for opplesing, forstørring og høgkontrast. Slagord i botntekst. Avvik 3 Koding a) Visuell overskrift som ikkje er koda som overskrift Nr 5: Trekkspel for å vise meir innhald Vi har kome til at vår vurdering var for streng, og at kommunen har løyst dette på ein måte som er i tråd med WCAG 2.0. Endeleg tilsynsrapport er vedlagt. Tilsynsrapporten er eit offentleg dokument, som er tilgjengeleg på offentleg elektronisk postjournal (OEP). Den blir også publisert på nettstaden til tilsynet uu.difi.no. Plan for retting Vi ber om at Sarpsborg kommune utarbeidar ein plan for retting av avvika. Frist for å sende planen til tilsynet er tysdag 09.01.2018. Dersom de ikkje kan levere planen innan fristen, må de informere oss og be om utsett frist. Plan for retting skal ha informasjon om kven som har ansvaret for å følgje opp at avvik blir retta korleis avvik skal rettast tiltak tidspunkt for når tiltaka skal vera gjennomførde frist Sarpsborg kommune Postboks 237 1702 Sarpsborg Unni Skaar Vår dato 28.11.2017 Dykkar dato Vår referanse 17/01064-13 Dykkar referanse Sakshandsamar: Vibeke Johnsen Sverdrup

Transcript of Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for...

Page 1: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

Direktoratet for forvaltning og ikt

22 45 10 00

[email protected]

Besøksadresse Oslo:

Grev Wedels plass 9

0151 Oslo

Besøksadresse Leikanger:

Skrivarvegen 2

6863 Leikanger

Postboks 8115 Dep, 0032 Oslo

Org.nr: NO 991 825 827

www.difi.no

Oversending av endelig rapport etter tilsyn Vi viser til oversending av førebels rapport datert 31.10.2017. Takk for kommentarar i e-post av 20.11.2017.

Tilbakemelding på kommentar Etter ei samla vurdering av tilbakemeldinga med grunngjeving frå kommunen, har vi fjerna følgjande enkeltfeil frå rapporten.

Avvik 2 – Navigasjon a) Sider der tekst forsvinn i 200 %-visning

Nr 1: Nedtrekksliste for å velje språk, Bilete Sarpsborg 1000 år i topptekst. Funksjonar for opplesing, forstørring og høgkontrast. Slagord i botntekst.

Avvik 3 – Koding a) Visuell overskrift som ikkje er koda som overskrift

Nr 5: Trekkspel for å vise meir innhald Vi har kome til at vår vurdering var for streng, og at kommunen har løyst dette på ein måte som er i tråd med WCAG 2.0. Endeleg tilsynsrapport er vedlagt. Tilsynsrapporten er eit offentleg dokument, som er tilgjengeleg på offentleg elektronisk postjournal (OEP). Den blir også publisert på nettstaden til tilsynet uu.difi.no.

Plan for retting Vi ber om at Sarpsborg kommune utarbeidar ein plan for retting av avvika. Frist for å sende planen til tilsynet er tysdag 09.01.2018. Dersom de ikkje kan levere planen innan fristen, må de informere oss og be om utsett frist. Plan for retting skal ha informasjon om

kven som har ansvaret for å følgje opp at avvik blir retta korleis avvik skal rettast – tiltak tidspunkt for når tiltaka skal vera gjennomførde – frist

Sarpsborg kommune Postboks 237 1702 Sarpsborg Unni Skaar

Vår dato 28.11.2017 Dykkar dato

Vår referanse 17/01064-13 Dykkar referanse

Sakshandsamar: Vibeke Johnsen Sverdrup

Page 2: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

2

Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet. Tilsynet er opptatt av når avvik er retta, i den forstand at rettinga av feil kjem sluttbrukar til gode. Tidspunkta i planen for retting skal avspegla dette. For feil som verksemda eventuelt må retta i samarbeid med leverandør, bør de følgje opp at leverandøren rettar i samsvar med avtalt framdriftsplan. Etter at plan for retting er motteke, vurderer tilsynet om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at nettstaden blir i samsvar med regelverket. De får tilbakemelding på planen innan tre veker etter at den er motteken. Tilsynet har tillit til at verksemda gjennomfører tiltak etter planen, og ønskjer å innrette seg etter gjeldande regelverk. Vi gjer likevel ein stikkprøvekontroll for å kontrollera at planlagde tiltak er gjennomført. Om planen er tilstrekkeleg blir tilsynet avslutta med eit brev til verksemda. Dersom planen ikkje blir godkjent, vil vi i samarbeid med dykk drøfta kva endringar som er nødvendige.

Oversikt over resultat Avvik 1: Sarpsborg kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden. Avvik 2: Sarpsborg kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmogelegheiter på nettstaden. Avvik 3: Sarpsborg kommune sikrar ikkje alltid korrekt koding av innhaldet på nettstaden. Vi viser elles til tilsynsrapporten kapittel 3 om resultat som inneheld avvika med konkret grunngjeving for kvart enkelt funn og heimelstilvisning. Spørsmål til oppfølginga av tilsynet kan Sarpsborg kommune retta til Vibeke Johnsen Sverdrup på e-post [email protected] eller mobil 900 42 132. Tal vedlegg: 1

1. Tilsynsrapport 2017:5 Med helsing Tilsyn for universell utforming av ikt Malin Rygg Vibeke Johnsen Sverdrup avdelingsdirektør rådgjevar Dokumentet er godkjent elektronisk og har derfor ingen handskrivne signaturar.

Page 3: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

3

Kopi til:

Sarpsborg kommune Postboks 237 1702 Sarpsborg Sarpsborg kommune Eva Rekvin Postboks 237 1702 Sarpsborg

Page 4: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

Tilsyn for universell utforming av ikt

Tilsynsrapport 2017:5

Sarpsborg kommune

Page 5: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

Tilsyn for universell utforming av ikt – Tilsynsrapport 2017:5 1

Innhald

1 Innleiing ......................................................................................... 2

2 Om ettersynet ................................................................................ 3

2.1 Tema ............................................................................................... 3

2.2 Om verifikasjonen............................................................................ 3

2.3 Enkeltsider som vart testa ............................................................... 4

3 Resultat .......................................................................................... 5

3.1 Avvik 1: Kontrast ............................................................................. 5

3.2 Avvik 2: Navigasjon ......................................................................... 7

3.3 Avvik 3: Koding ............................................................................... 9

4 Regelverk ..................................................................................... 11

5 Standarden for nettløysingar ..................................................... 12

6 Aktivitet under tilsynet ................................................................ 13

7 Dokumentgrunnlag ..................................................................... 14

Page 6: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

Tilsyn for universell utforming av ikt – Tilsynsrapport 2017:5 2

1 Innleiing Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt. Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5. Vi gjennomførte tilsyn med Sarpsborg kommune i tidsrommet 21.08.2017 – 30.10.2017. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden https://www.sarpsborg.com/ Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Sarpsborg kommune sitt arbeid med universell utforming av ikt.

Page 7: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

Tilsyn for universell utforming av ikt – Tilsynsrapport 2017:5 3

2 Om ettersynet

2.1 Tema Tilsynet omfatta følgjande tema

skjema

navigasjon

tastaturnavigasjon

koding av innhald

struktur og presentasjon

tekstalternativ Føremålet med ettersynet er å kontrollera om Sarpsborg kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt , innanfor tema. 2.2 Om verifikasjonen Vi har testa 9 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og brukt 12 indikatorar. Verifikasjon er gjort ved testing av 10 enkeltsider på nettstaden. Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

Internet Explorer 11

Firefox for Windows, versjon 55

Colour Contrast Analyser, versjon 2.4.0.23

Kodevalidatoren til W3C Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.

Page 8: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

Tilsyn for universell utforming av ikt – Tilsynsrapport 2017:5 4

2.3 Enkeltsider som vart testa Sidene som ikkje er lenkja i lista under, er sider som har ein URL som er unik for kvar brukar.

1. Startsida

2. Ledig stilling

3. Skole og SFO

4. SFO - Innmelding, endring, oppsigelse - 1

5. SFO - Innmelding, endring, oppsigelse - 2 (sjå side 4)

6. SFO - Innmelding, endring, oppsigelse - 3 (sjå side 4)

7. Tømmekalender

8. Åpningstider

9. Kontakt oss

10. Bibliotek

Page 9: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

Tilsyn for universell utforming av ikt – Tilsynsrapport 2017:5 5

3 Resultat

Resultata byggjer på informasjon frå testinga som er gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving.

Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.

Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på

forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

3.1 Avvik 1: Kontrast Sarpsborg kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden. Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

• 1.4.3 Kontrast (minimum)

a) Liten tekst med kontrast på mindre enn 4,5:1

Nr Side Element 1 Side 1 (forstørra visning) 3 oransje boksar (tømmekalender,

søknadsskjemaer, feilmeldingen) 2 Side 1-10 (forstørra

visning) Prek med oss

3 Side 2,3,7,8,9 (forstørra visning)

Knappane Ja, Nei og Send tilbakemelding i Fant du det du lette etter?

4 Side 3,7,10 (forstørra visning)

Blå boks med kvit skrift

5 Side 10 (forstørra visning)

Oransje boks med kvit skrift

Page 10: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

Tilsyn for universell utforming av ikt – Tilsynsrapport 2017:5 6

b) Stor tekst med kontrast på mindre enn 3,0:1

Nr Side Element 1 Side 2,7 (forstørra visning) Grøn boks med kvit skrift

c) Liten tekst med kontrast på mindre enn 4,5:1 i både vanleg visning og høgkontrastmodus

Nr Side Element 1 Side 5 Feilmeldingar i skjema (både ved

skjemafelt og i høgre spalte) 2 Side 1 3 datoar i kalender 3 Side 1-10 Start chat (i vanleg visning) og hjelpetekst

(forstørra visning)

d) Stor tekst med kontrast på mindre enn 3,0:1 i både vanleg visning og høgkontrastmodus

Nr Side Element 1 Side 1-10 Powered by (eDialog) 24 2 Side 7 Blå overskrifter i tømmekalenderen 3 Side 7 Blå knappar i tømmekalender 4 Side 7 Grøn knapp i tømmekalender 5 Side 7 Tekst i tømmekalender

e) Liten tekst med kontrast på mindre enn 4,5:1 i vanleg visning og kontrast under 3,0:1 i høgkontrastmodus

Nr Side Element 1 Side 10 Tekst under hovudoverskrift

(Bibliotektilbudet i Sarpsborg består av tre avdelinger (…))

3.1.1 Kommentar avvik 1

Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn. Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

Page 11: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

Tilsyn for universell utforming av ikt – Tilsynsrapport 2017:5 7

3.2 Avvik 2: Navigasjon Sarpsborg kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmogelegheiter på nettstaden. Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

• 1.4.4 Endring av tekststørrelse

• 2.1.1 Tastatur

• 2.4.1 Hoppe over blokker

• 2.4.7 Synlig fokus

a) Sider der tekst forsvinn i 200 %-visning

Nr Side Element

1 Side 1-10 Det er ikkje mogleg å lukke chattefunksjonen i forstørra visning.

2 Side 5,6 Knappar for å lagre, avbryte og gå til forrige/neste og Du er her (steg i skjema og utfyllingsrekkefølge).

b) Element det ikkje er mogeleg å bruke med tastaturet

Nr Side Element 1 Side 1-10 Funksjonar i innstillingane til ReadSpeaker,

etter alternativa om Ordfarge 2 Side 1-10 Knapp for å lukke chat 3 Side 3 Innlogging til Fronter 4 Side 7 Søk opp din adresse (Tømmekalender)

c) Nettside med snarveglenke for å hoppe til hovudinnhaldet, der lenka ikkje flyttar visuelt eller funksjonelt fokus når den blir aktivert

Nr Side Element 1 Side 1 Heile nettsida

Page 12: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

Tilsyn for universell utforming av ikt – Tilsynsrapport 2017:5 8

d) Nettside med snarveglenke for å hoppe til hovudinnhaldet, der lenka ikkje flyttar funksjonelt fokus når den blir aktivert

Nr Side Element 1 Side 2-10 Heile nettsida

e) Element som ikkje får synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon

Nr Side Element 1 Side 1-10 Snarvegar for tastaturnavigasjon på starten

av sida 2 Side 1-10 Powered by eDialog (i chat) 3 Side 2 [email protected] i venstremeny 4 Side 2,3,7,8,9 Knappane Ja, Nei og Send tilbakemelding i

Fant du det du lette etter? 5 Side 7 Se her! Under Returpunkter i Sarpsborg 6 Side 7 Knappar, avkryssingsboksar og lenker til App

Store og Google Play 7 Side 10 Ikon med lenker til Facebook, Instagram,

Twitter og RSS 8 Side 4 16 steg mellom siste aktive punkt i

brødsmulestien og skjemaet (personopplysninger) som ligg inni ein iframe på sida.

9 Side 5,6 2 tomme tab-steg mellom Neste-knappen og lenka Om utfylling og bruk

3.2.1 Kommentar avvik 2

Feila som er avdekka, gjer nettstaden vanskeleg å bruke for alle, spesielt for personar som ønskjer, eller må, navigere med tastatur. Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

Det skal vere mogleg å forstørre tekst opp til 200 %-visning, slik at personar med moderat nedsett syn kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.

Innhald på nettsider skal du kunne bruke med berre tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.

Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.

Page 13: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

Tilsyn for universell utforming av ikt – Tilsynsrapport 2017:5 9

3.3 Avvik 3: Koding Sarpsborg kommune sikrar ikkje alltid korrekt koding av innhaldet på nettstaden. Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

• 1.3.1 Informasjon og relasjoner

• 4.1.1 Parsing (oppdeling)

• 4.1.2 Navn, rolle, verdi

a) Visuell overskrift som ikkje er koda som overskrift

Nr Side Element 1 Side 8 3 overskrifter om bibliotek 2 Side 8 Opningstider i svømmehallen (7 ukedagar) 3 Side 9 Opningstider til hovedbibliotek,

brannvesen, NAV og kemnerkontor 4 Side 2 For bistand i søkeprosessen 5 Side 3 Mellomtitlar inni trekkspel 6 Side 7 Returpunkter i Sarpsborg

b) Sider med syntaksfeil i koden

Side

Feil nøsting av element

Element som ikkje er avslutta korrekt

Element som har same attributt fleire gonger

Element som har ID-ar som ikkje er unike Sum

1 1 0 0 0 1 2 1 0 0 0 1 3 2 0 0 0 2 7 1 0 0 0 1 8 1 0 0 0 1 9 1 0 0 0 1 10 1 0 0 0 1 Sum 8 0 0 0 8

Page 14: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

Tilsyn for universell utforming av ikt – Tilsynsrapport 2017:5 10

c) Skjemaelement er ikkje kopla til ein ledetekst i koden

Nr Side Element 1 Side 1-10 Send en melding (chat) 2 Side 1-10 Jeg ønsker en e-postkopi (chat) 3 Side 10 Søk i bibliotekets bok- og mediekatalog 4 Side 7 Ditt mobilnummer

d) Knapp som ikkje er koda med standardelementa <input> eller <button> og som ikkje har role="button"

Nr Side Element 1 Side 1-10 Send melding (i chat)

e) Iframe er ikkje kopla til ein ledetekst i koden

Nr Side Element 1 Side 1 Google-kart 2 Side 1-10 ed24ChatClientContainerVideofield 3 Side 4,5,6 Skjema for SFO 4 Side 4,5,6 iframeresizer 3.3.1 Kommentar avvik 3

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

Det skal vere samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Eksempel på slikt innhald er overskrifter, tabellar og lister.

Språket på innhaldet på nettsida skal vere rett koda, slik at brukaragentar og skjermlesarar les opp innhaldet på rett måte.

Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.

Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på iframe, gjer at brukaren veit kva innhald som blir henta inn.

Page 15: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

Tilsyn for universell utforming av ikt – Tilsynsrapport 2017:5 11

4 Regelverk Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt

funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven). Forskrift om universell utforming av informasjons- og

kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løsninger. Standarden for nettløysingar, Retningslinjer for tilgjengelig

webinnhold (WCAG) 2.0. Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven). Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd

(offentleglova).

Page 16: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

Tilsyn for universell utforming av ikt – Tilsynsrapport 2017:5 12

5 Standarden for nettløysingar Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak. 35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video. WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.

Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.

Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria. Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

Syn Kognisjon Lese- og skrivevanskar Norsk som andrespråk Motorikk Høyrsel Epilepsi Belastningsskadar

Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

Page 17: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

Tilsyn for universell utforming av ikt – Tilsynsrapport 2017:5 13

6 Aktivitet under tilsynet Tilsynet med Sarpsborg omfatta følgjande aktivitetar:

1. Tilsynsvarselet vart sendt 21.08.2017.

2. Vi fekk dokumentasjon 11.09.2017. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.

3. Formøte vart gjennomført 19.09.2017. Felles for kommunane

Sarpsborg, Oslo, Bærum, Skedsmo, Moss og Horten.

4. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 35 og 36.

5. E-post 24.10.2017 om at utsending av førebels rapport er

forseinka.

6. Førebels rapport vart sendt 31.10.2017.

7. Vi fekk kommentarar frå kommunen på førebels rapport 20.11.2017.

Page 18: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

Tilsyn for universell utforming av ikt – Tilsynsrapport 2017:5 14

7 Dokumentgrunnlag Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet. Sarpsborg kommune sendte følgjande dokumentasjon:

Hoveddokument – Innledning og oppsummering

Spørreundersøkelse 2015 – spørsmålene og resultat

Kravspesifikasjon til internettportal fra 2010.

Notat videreutvikling av www.sarpsborg.com - til kommuneledelsen i Sarpsborg kommune 30.04.2015.

Notat til ledergruppen i Enhet kommunikasjon og service – begrunnelse for videre samarbeid med Prokom 09.06.2015.

Notat til ledergruppen i Enhet kommunikasjon og service – hovedtrekk for forside www.sarpsborg.com 11.06.2015

Våre tilbakemeldinger til Prokom på skisser for artikkelsider 17.08.2015

Referat telefonmøte med Prokom presiseringer før lansering 12.11.2015

FunkaNu sine tilbakemeldinger på de første designskissene for nye www.sarpsborg.com 27.08.2015

FunkaNu sine tilbakemeldinger etter gjennomgang av prototyp 27.10.2015

FunkaNu sine tilbakemeldinger rett før lansering 25.11.2015

Informasjon til innbyggerne ved lansering – artikkel på www.sarpsborg.com 30.11.2015

Kommunetest – gjennomgang ved FunkaNu 27.02.2017

Topp 15 sider og tjenester i www.sarpsborg.com

Page 19: Oversending av endelig rapport etter tilsyn - sarpsborg.com · 2 Det kan vere ulike fristar for kvart enkelt avvik eller ulike delar av same avvik, alt etter avvikets alvor og kompleksitet.

uu.difi.no