Lagshandboka - files.zetta.nofiles.zetta.no/ · Her er nokre tips til referat-skrivinga: • Skriv...

70
Lagshandboka Dette er den nye lagshandboka til Noregs Mållag – den førre kom i 1985. Ho skil seg frå tidlegare lagshandbøker ved at ho er tenkt å vera «dynamisk». Det vil koma oppdateringar og nye kapittel etter kvart som ting endrar seg eller nye idear kjem til. Boka er delt i fem delar: 1. Lokallaget – Kva er eit lag i Noregs Mållag? 2. Lokallagsdrift – Korleis driva laget? 3. Det offensive lokallaget – Korleis kan laget veksa og ekspandera? 4. Sentrallekken – Kva kan Noregs Mållag tilby? 5. Vedlegg – Nyttig informasjon Det kjem òg til å verta lagt ut oppdatert informasjon på nettsidene til Noregs Mållag. Tanken bak denne boka er at ho kan vera ei bok laget kan bruka aktivt, og la «gå i arv» når styret skiftest ut. Legg inn eigne flygeblad, eigne lesarinnlegg og eigne notatar i henne. Slik kan ho med kvart verta eit godt hjelpemiddel for å overbringa informasjon til nye styrefolk og nye aktivistar. Det er ikkje meininga at boka skal lesast frå perm til perm. Ho er tenkt som eit oppslagsverk der ein kan finna informasjon og inspirasjon undervegs i lagsar- beidet. Handboka er heller ingen fasit. Det viktigaste er at de sjølve finn ut korleis de vil ha det i laget dykkar, og nyttar boka til hjelp der de står fast. Mange kokkar har vore med og laga denne boka – vonleg vart det ikkje for mykje søl. Dette er likevel berre fyrste utgåve, og med dykkar hjelp kan ho verta som fårikålen – betre ved andre, tredje og fjerde oppkoking! Takk til alle dykk som har arbeidd med boka og delt røynsler med oss. Takk til Haugesund Mållag og Ungdomslag for økonomisk stønad til utgjevinga. Oslo, 2002 Skrivarstova

Transcript of Lagshandboka - files.zetta.nofiles.zetta.no/ · Her er nokre tips til referat-skrivinga: • Skriv...

LagshandbokaDette er den nye lagshandboka til Noregs Mållag – den førre kom i 1985. Hoskil seg frå tidlegare lagshandbøker ved at ho er tenkt å vera «dynamisk». Detvil koma oppdateringar og nye kapittel etter kvart som ting endrar seg eller nyeidear kjem til.

Boka er delt i fem delar:

1. Lokallaget – Kva er eit lag i Noregs Mållag?

2. Lokallagsdrift – Korleis driva laget?

3. Det offensive lokallaget – Korleis kan laget veksa og ekspandera?

4. Sentrallekken – Kva kan Noregs Mållag tilby?

5. Vedlegg – Nyttig informasjon

Det kjem òg til å verta lagt ut oppdatert informasjon på nettsidene til NoregsMållag.

Tanken bak denne boka er at ho kan vera ei bok laget kan bruka aktivt, og la«gå i arv» når styret skiftest ut. Legg inn eigne flygeblad, eigne lesarinnlegg ogeigne notatar i henne. Slik kan ho med kvart verta eit godt hjelpemiddel for åoverbringa informasjon til nye styrefolk og nye aktivistar.

Det er ikkje meininga at boka skal lesast frå perm til perm. Ho er tenkt som eitoppslagsverk der ein kan finna informasjon og inspirasjon undervegs i lagsar-beidet. Handboka er heller ingen fasit. Det viktigaste er at de sjølve finn utkorleis de vil ha det i laget dykkar, og nyttar boka til hjelp der de står fast.

Mange kokkar har vore med og laga denne boka – vonleg vart det ikkje formykje søl. Dette er likevel berre fyrste utgåve, og med dykkar hjelp kan hoverta som fårikålen – betre ved andre, tredje og fjerde oppkoking!

Takk til alle dykk som har arbeidd med boka og delt røynsler med oss. Takk tilHaugesund Mållag og Ungdomslag for økonomisk stønad til utgjevinga.

Oslo, 2002

Skrivarstova

Lagshandboka til Noregs Mållag • 11--11

Del 1: Lokallaget

Del 1 •

Lokallaget

Del 1:

LokallagetDenne fyrste delen av lagshandboka tek føre seg kva eit lag må gjera for å vertarekna for eit fullgodt lag, med alle rettar i Noregs Mållag. Med andre ord: Dennedelen bør alle nye tillitsvalde i Noregs Mållag lesa for å få oversyn over alle formel-le krav og reglar.

Kva er eit lokallag i Noregs Mållag?

Vi startar med å definera kva som reknast som eitlokallag i Noregs Mållag. I dag står dette om lokal-lag i lova:

§ 2.1 Noregs Mållag er landssamskipnaden for laga imålrørsla. Eit mållag skal ha minst 10 medlemer.

§ 2.3 I regelen skal einskildlaga innanfor ein landslutsamarbeida i eit fylkesmållag. Fylkesgrensene skalså langt råd samsvara med fylkesgrensene i Noreg.Ingen av dei noverande fylkeslaga i Noregs Mållagkan slåast saman eller delast mot deira eigen vilje.Fylkesmållaga må godta lova for Noregs Mållag,og grensene for desse laga skal vera godkjende avlandsmøtet i Noregs Mållag. Eit fylkesmållag skalha minst 3 lag.

§ 2.4 Yrkesmållag som er skipa for heile landet, kanvera med i Noregs Mållag når dei godtek lova forsamskipnaden. Har eit slikt lag minst 3 einskild-mållag, kan det få same rettane i Noregs Mållagsom fylkesmållaga, etter vedtak på landsmøtet.

§ 2.5 Der det ikkje er fylkesmållag, kan einskildlagtakast opp beinveges i landssamskipnaden.Landsmøtet avgjer slike saker etter tilråding frå sty-ret.

§ 4.1 Når eit lag er med i Noregs Mållag, har detskyldnad til, så langt det evnar, å gjera røyndomav dei måla samskipnaden set opp i prinsippro-gram og arbeidsprogram.

§ 4.4 Alle laga skal på føreskriven måte senda års-melding og andre meldingar om arbeidet sitt tilstyret i Noregs Mållag innan dei fristar styret fast-set.

§ 4.5 Noregs Mållag fører medlemslistene for lokallagog fylkeslag, og pliktar å senda ut desse med jamnemellomrom. Laga pliktar å kontrollera dei ogsenda inn tillegg og rettingar.

§ 9.1 Fast eigedom eller lut i fast eigedom eigd av lagsom er med i Noregs Mållag kan ikkje avhendastutan samtykke frå styret i Noregs Mållag. Detsame gjeld bortleige på åremål dersom bortleiga erpå meir enn 5 år.

§ 9.3 Lag som sit med fast eigedom som dei driv ellerleiger vekk, pliktar å levera særskild årsmelding,rekneskap og budsjett for denne delen av lagsdriftatil Noregs Mållag.

§ 9.4 Vert eit mållag nedlagd, eller skifter føremål, sådet ikkje lenger kan stå i Noregs Mållag skal styreti fylkesmållaget ta vare på medelen til laget til dessdet vert skipa eit nytt lag som skal vera med iNoregs Mållag. Eit lag vert rekna som nedlagt der-som det ikkje har levert årsmelding for dei tre sisteåra innan den fastsette fristen.

§ 9.6 Når det er gått 5 år, og eit lag som er nemndunder § 9.4 og § 9.5 ikkje er kome i gang att, kanlagsmedel som er teken vare på, nyttast i målarbei-det. Når 5-årsfristen er gått ut, kan ikkje eit nyski-pa eller oppattskipa lag gjera krav på medelen.

11--22 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 1: Lokallaget

Godkjenning av lokallagFor å verta godkjent som eit nytt lokallag i NoregsMållag må laget:• Ha minst ti medlemer som har betalt

medlemspengane.• Verta godkjent av landsmøtet. Det vil seia at

det står i Noregs Mållag si årsmelding at lageter oppretta. Når landsmøtet tek årsmeldinga tilvitande, er det nye laget formelt godkjent somlokallag i Noregs Mållag.

Utsending til landsmøtet

For å få utsendingar til landsmøtet i NoregsMållag må laget:• Ha minst ti medlemer som har betalt

medlemspengane. • Ha levert årsmelding for siste kalenderår.• Velja utsendingane på årsmøtet, eller på eit

medlemsmøte. Skal utsendingane veljast påmedlemsmøte, må det stå i møteinnkallinga atsaka skal opp.

• Nyskipa lag har rett til ein observatør med tale-rett på landsmøtet.

Refusjon av medlemspengar

Medlemspengane til Noregs Mållag er settesaman av ein lokallagssats, ein fylkessats og einsentralsats. I 2002 er sentralsatsen på 210 kroner.Landsmøtet i 2001 har vedteke at denne satsenskal auka med 10 kroner i 2003. Lokallaga og fyl-keslaga avgjer sjølve sine eigne satsar. I februarvert medlemspengane for førre året betalteattende til laga. For å få refundert medlemspeng-ane må laget: • Ha fastsett ein lokallagsats.• Ha eit kontonummer og ein kassastyrar.• Ha levert årsmelding for siste kalenderår.

Meir praktisk rettleiing om dette emnet finn dei del fire.

Interimstyre

Når ein skal gå i gang med eit nytt mållag, er detofte ei lita gruppe som tek til med arbeidet. Førein har det fyrste årsmøtet til laget, er gruppa eitinterimstyre, eller mellombels styre. Eit interim-styre si oppgåve er i hovudsak å leggja til rette foreit formelt stiftingsmøte for det nye laget. Skal einskipa opp att eit lag som har lege nede, treng einogså eit interimstyre. Det finst ikkje reglar for kormange som skal sitja i eit interimstyre eller forkven som kan sitja der. Ein må finna den organi-sasjonsmåten som høver best der og då. Sommeset saman det fyrste styret av eit par vener somkjenner kvarandre godt. Andre vel å prøva å finnaein person frå kvar bygd i kommunen.

LagslovInterimstyret bør gjera framlegg til lagslov til detfyrste ordinære årsmøtet. Lova bør regulera kor-leis styret i laget skal setjast saman, kva tid årsmø-tet skal vera, kva saker som skal opp på årsmøte,kva som er det geografiske nedslagsfeltet til lagetog så bortetter. I del fem står mønsterlov for lokal-lag. De kan bruka denne, eller laga ei heilt eigalov.

Lagsstyre

Hovudoppgåva for lagsstyret er å stå for drifta avlaget. Det er viktig å ha praktiske løysingar somfungerer for kvart enkelt lag. De må finna einmåte å styra laget på som gjer at arbeidet i lagetgår godt, og at flest mogleg i laget tykkjer dei fårnytta ressursane sine på best mogleg måte. Detfinst fleire måtar å organisera eit styre på.

Her kjem ei liste over vanlege måtar å setjasaman eit styre på: • Den vanlegaste måten er å velja leiar, nestleiar,

kassastyrar, skrivar og ein eller fleire styremed-lemer. Fordelen med denne modellen er atkvar enkelt medlem av styret har faste arbeids-oppgåver frå starten av styreperioden.

• Om eit lag har vanskar med å finna leiar ognestleiar mellom medlemene sine, kan deprøva ulike variantar av felles eller kollektivleiing. Til dømes kan to personar ta på seg åleia laget saman. Dei kan dela leiaroppgåveneseg i mellom og ta ansvar for kvar sine arbeids-felt. Ein kan òg ha ei kollektiv leiing på fleireenn to personar. Då må ein gå gjennom allearbeidsoppgåvene som til vanleg fell på kvartenkelt verv, som i førre døme, og fordela dessepå styremedlemene.

• Somme lag lukkast ikkje med å setja saman eitheilt styre. Då kan ein peika ut ein kontaktper-son som tek på seg å halda kontakten medNoregs Mållag sentralt og fylkeslaget.

I del to og tre kan de lesa meir om lagsdrift ogom spanande tiltak ein kan setja i gang. Hugs atlagsmedlemene er ein enorm ressurs for heilerørsla!

Oppgåver for styremedlemer

På det fyrste styremøtet i perioden kan det veralurt å ta opp arbeidet i styret som ei eiga sak. Folkhar ulike røynsler med korleis eit styre bør funge-ra og det er lurt å gå igjennom kva styremedle-mene ventar seg av styrearbeidet. Etter ein slikgjennomgang kan styret fordela arbeidsoppgåvenemellom seg.

Lagshandboka til Noregs Mållag • 11--33

Del 1: Lokallaget

Del 1 •

Lokallaget

Tipsliste for fordeling av styreoppgåver:

LeiarLeiaren i lokallaget leier styrearbeidet. Ei av deiviktigaste oppgåvene til ein leiar er å få styret til åarbeida saman og fordela arbeidsoppgåvene like-leg mellom styremedlemene.

I utgangspunktet er det slik at leiaren er kon-taktperson andsynes Noregs Mållag og fylkeslaget.Leiaren får difor all post tilsendt. Det er til vanlegleiaren som kallar inn til styremøte. Leiaren er ògansvarleg for å vera laget sitt andlet utetter, slik atlesarinnlegg og presseutspel frå laget gjerne erunderteikna av leiaren.

NestleiarNestleiaren har formelt sett ingen faste oppgåver,men det kan vera viktig for laget om nestleiarenfår ulike konkrete arbeidsoppgåver. Om årsmøtettil dømes vedtek at styret skal setja i gang ein stør-re vervekampanje, kan nestleiaren vera ansvarlegfor denne kampanjen.

Nestleiaren skal kunna overta oppgåvene tilleiaren ved forfall. Difor er det viktig at nestleia-ren lærer kva oppgåver leiaren har. Dette er ogsåviktig for å sikra opplæringa av nye leiarar i laget.Mange har gode røynsler med at leiaren og nest-leiaren held kontakten mellom styremøta. Då kandei drøfta dei viktigaste sakene undervegs og verasaman om å førebu styremøta. Då gjer ein oppgå-vene lettare for leiaren, og ein sikrar at nestleiarenfår betre opplæring i arbeidet som leiar.

Skrivar Skrivaren, fører referat. På kvart møte er det van-leg å godkjenna referatet frå førre møte.

Her er nokre tips til referat-skrivinga:• Skriv fyrst kva slags møte

det gjeld, dato, årstal ogmøtestad.

• I alle møtereferat er detvanleg å skriva heilesaklista før ein går inn påkvar einskildsak.

• Kvar sak vert ført opp someit eige punkt. Ta med alleframlegg til saka, ikkjeberre dei som vart vedtek-ne til slutt.

• Ein treng ikkje refereraordrett frå diskusjonane,men mange notererhovudpunkta og kven somhadde ordet.

• Ved referering vedtakfører ein inn røystetala forog mot. Her er det viktigat ein får den rette ordly-

den i alle vedtaka.Frå styremøte:• I referat frå styremøte skriv ein kven som

møtte kven som hadde meldt forfall.Frå medlemsmøte:• I referat frå medlemsmøte tek ein med kven

som opna og kven som styrte møtet. Mange tekòg med talet på frammøtte.

KassastyrarenKassastyraren har ansvaret for inn- ogutbetalingar, og for å føra rekneskapen i laget.Somme lag set vekk rekneskapsføringa til andre,men det gjeld helst lag som har eigne verksem-der. Meir om økonomiarbeid finn de i del to.

Andre styrevervAttåt desse grunnfunksjonane er det mogleg å hafleire verv i laget. Ein kan ha fleire styremedlemereller ha fleire med særskilde ansvarsområde.Mange lag har til dømes studieansvarleg og skule-målsansvarleg. Som regel vert ikkje desse vervaregulerte i lovene, og når styret kjem i gang etterårsmøtet, kan ein vurdera fordeling av særskildeansvarsområde ut frå kva årsmøtet la opp til iarbeidsplanen, og etter kva styremedlemene harlyst til å arbeida med.

VarafolkEin vel varafolk for å vera viss på å ha folk til sty-ret om nokon er nøydd til å ta permisjon frå styreteller av andre grunnar ikkje har høve til å haldafram i vervet sitt. Varafolka skal få alle sakspapirog alle møteinnkallingane. I dei fleste lagsstyra erdet vanleg at fyrste vara møter på styremøta. Omnokon i styret melder forfall til eit styremøte, må

Eit årsmøtet samlar heile laget. Frå fylkesårsmøtet i Vest-Agder. (foto: Hege Lothe)

11--44 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 1: Lokallaget

leiaren syta for å kalla inn varafolk.

Årsmøte

Årsmøtet er det høgste organet i lokallaget. Heroppsummerer og vurderer laget året som har gått.I tillegg vedtek ein dei viktigaste prioriteringanefor arbeidet i det nye året. Det er vanleg at lovenetil lokallaget slår fast kva saker som skal opp påårsmøtet, kva tid møtet skal haldast og når innkal-linga må sendast ut. Det er styret som førebur ogkallar inn til årsmøtet.

Oversyn over vanlege årsmøtesaker:

Godkjenning av innkalling og saklisteMøtelyden må godkjenna innkallinga, slik at einkan få sett møtet. Deretter må saklista godkjen-nast. Møtelyden har høve til å endra på saklistaslik dei vil. Det kan vera lurt å lovregulera om einkan endra saklista ved vanleg fleirtal eller om eintreng 2/3 fleirtal.

Årsmelding frå styretÅrsmeldinga er styret si oppsummering av åretsom har gått. Dei fleste laga skriv ei eiga oppsum-mering av året attåt det standardskjemaet somNoregs Mållag sentralt sender ut. I årsmeldingaer det viktig at styret gjer vurderingar av arbeidetsitt, slik at ein kan ta lærdomane med seg vidare.Årsmeldinga skal godkjennast av årsmøtet. Års-møtet har ikkje høve til å gjera endringar i sjølveårsmeldinga, men årsmøtet kan koma med ogvedta eigne merknader.

RekneskapDette punktet er det kassastyraren som har ansva-ret for å førebu. På rekneskapspunktet får lags-medlemene oversyn over kva pengar laget harbrukt og fått inn i perioden. Det er god skikk atein ettersynsmann har gått gjennom rekneskapenog kjem med ei ettersynsmelding før årsmøtet.Rekneskapen vert godkjend av årsmøtet.

ArbeidsplanDet er styret som har ansvar for å leggja fram eitframlegg til arbeidsplan til årsmøtet.Arbeidsplanen skal omtala dei viktigaste arbeids-oppgåvene for laget i neste periode. Alle på års-møtet kan gjera nye framlegg til arbeidsplanen.Planen skal vedtakast av årsmøtet.

BudsjettDet er styret som har ansvar for å gjera framleggtil budsjett til årsmøtet. Budsjettet er planen forkva laget skal tena pengar på og bruka pengar på iåret som kjem. Som på arbeidsprogrampunktetkan alle på årsmøtet gjera endringsframlegg, ogbudsjettet skal vedtakast av årsmøtet.

Fastsetjing av medlemspengarKvart lag kan ta inn lokale medlemspengar. Detteer ei viktig inntektskjelde for laga, og må sjølvsagtvera i samsvar med framlegget til budsjett. Denlokale medlemspengesatsen skal vedtakast på års-møtet. Landsmøtet i Noregs Mållag vedtek einmedlemspengesats som landsmøtet rår til atlokallaga vedtek. Meir om den tilrådde satsen ogrefusjon av medlemspengar finn de i del fire.

ValPå dette punktet vel ein til vanleg styre, ettersyns-mann og valnemnd. Mange lag nyttar òg dettehøvet til å velja utsendingar til landsmøtet iNoregs Mållag. Dei aller fleste laga har ei val-nemnd som kjem med tilrådingar til dei vala års-møtet skal gjera. Årsmøtedeltakarane har òg høvetil å koma med eigne framlegg på møtet.

Meir om valDet er vanleg å velja leiaren i laget særskilt. Nårein vel styremedlemer, nemnder o.a., er det van-leg å velja alle under eitt, om ikkje lova seier nokoanna, og det ikkje kjem framlegg om ein motkan-didat til nokon av kandidatane.

Varamedlemer vel ein ved særskilt val. Her erdet viktig at rekkjefylgja på varamedlemene gårklårt fram.

Som regel kjem det ikkje inn andre framleggenn valnemda si tilråding, og om ikkje ho er delt,vert valet avgjort ved handklapp (akklamasjon).Om det er fleire framlegg, er det i personval van-leg med skriftleg røysting. Er det fleire enn tokandidatar til eit verv, må valet gå i fleire omgang-ar. Etter fyrste røysterunde fell den som har fåttRøysting! (arkivfoto: Hege Lothe)

Lagshandboka til Noregs Mållag • 11--55

Del 1: Lokallaget

Del 1 •

Lokallaget

færrast røyster ut, og ein vel mellom dei som eratt. Dersom det står fleire namn på ein røystesetelenn det skal vera, skal setelen i regelen vrakast.Står det færre namn enn dei som skal veljast, god-tek ein setelen.

ValnemndValnemnda vert vald av årsmøtet og legg fram til-råding til styre, ettersynsmann og utsendingar tillandsmøtet. Valnemnda kan òg få i oppgåve å tilråkandidatar til andre verv i laget, som til dømesskriftstyre eller skulemålsnemnd. Valnemnda bru-kar å byrja arbeidet med å spørja om folk tek att-val til verva dei har. Deretter tek nemnda fatt på åfinna nye folk til dei plassane som står opne.Somme lag har tradisjon for at helvta av styre-medlemene vert valde for to år, og at ein dermedunngår at eit heilt styre vert bytt ut samstundes.Leiar og nestleiar brukar å stå på val kvart år.Valnemnda tilrår ikkje ny valnemnd, dét er det tilvanleg styret som gjer.

EttersynsmannEttersynsmann (revisor) vert vald på årsmøtet.Oppgåva til ettersynsmannen er å kontrollera omrekneskapen er ført i tråd med god rekneskaps-skikk. Dette inneber at det er eit samsvar mellomrekneskapsbøkene og vedlegga og at kasse ogkonto stemmer overeins. Ettersynsmannen skallevera ei melding til årsmøtet der han gjer greiefor gjennomgangen av rekneskapen. Meldingakan òg innehalda råd når det gjeld forvaltinga avlagsmidelen.

Ingen som sit i styret eller som har med lags-økonomien å gjera elles, kan veljast til ettersyns-mann.

Avslutning av møtetI tillegg til dei faste sakene er det vanleg å haandre innslag. Mange har kulturelle innslag medmusikk eller opplesingar, eller føredrag om sakerlaget er oppteke av. Dette løyser gjerne opp stem-ninga. Dessutan er kjende innleiarar og spanandekulturinnslag med på å trekkja fleire folk tilmøtet. Somme lag gjer det slik at dei har ein festeller eit ope møte i etterkant av det meir formellemøtet.

Møtestyring

På store møte er det viktig med gode møtestyra-rar, slik at ein tek opp alle sakene på rett måte, ogslik at ein kjem gjennom sakene på den oppsettetida.

Å vera ein god møtestyrar er ikkje lært i eihandvending. Det trengst trening for å vertaverkeleg flink. På styremøte bør møtestyringa gåpå omgang slik at alle får høve til å læra seg det.Vanlege styremøte og lagsmøte bør ikkje vera forformelle. Det er likevel viktig å kjenna til reglane

for møtestyring og røystingar. På store møte, sliksom til dømes årsmøta, må ein fylgja vanlegmøtestyringsskikk. I vedlegg 5.7 finn de framleggtil korleis ein ordstyrar bør styra eit møte.

11--66 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 1: Lokallaget

Lagshandboka til Noregs Mållag • 22--11

Del 2: Lokallagsdrift

Del 2 •

Lokallagsdrift

Del 2:

LokallagsdriftDenne delen tek opp slikt arbeid som må til for å halda lagsdrifta i gang.

Praksishjulet

Noregs Mållag er ein tradisjonsrik organisasjon.Mykje røynsle er samla i organisasjonen, bådelokalt og sentralt. Trass dette er det og mykjekunnskap og røynsle som mållaget mister når til-litsvalde går ut av det organiserte lagsarbeidet.Det er ei stor utfordring å halda på desse røyns-lene i organisasjonen slik at nye tillitsvalde kanlæra av dei gode tiltaka som er sette i gang ogogså ta lærdom av feil som er gjorde tidlegare.Røynde organisasjonsfolk kallar dette «praksishju-let».

Denne illustrasjonen skal ikkje syna at alt berregår i sirklar, men at vi kan koma framover medeit hjul. Hjulet vårt har fire eiker:• Planlegging• Gjennomføring• Evaluering• Standardisering

PlanleggingPlanleggingfasen er viktig. Då finn ein ut kva einvil oppnå, kven ein vil nå ut til og kva ein vil seia.

GjennomføringDette er på sett og vis den viktigaste fasen – samekor mykje ein planlegg og evaluerer, har det litefor seg om ein ikkje gjer noko òg! Det viktige er atalt vi gjer kan gjerast betre eller meir effektivt ogverknadsfullt, og om vi gjer alt det andre arbeidetgodt kan vi få meir til tid til gjennomføring sei-nare.

EvalueringEtter at ein har gjennomført ein aktivitet, tildømes studiering, plakatbukk eller kulturkveld,

bør laget eller styret, oppsummera røynslene. Kvavart vellukka, og kva skar seg? Hovudpoengetmed evalueringa er altså å læra.

StandardiseringEtter at ein har fått ned lærdomane frå evalue-ringsfasen på papir, kan ein byrja med standardi-seringa. Skriv ei lita «kokebok» for aktiviteten degjennomførde, med tips og rettleiingar til seinare.

Denne lagshandboka er ein freistnad på stan-dardisering av lærdom frå mange års røynsle medmålstrid og organisasjonsarbeid. Om vi vil at nyemålaktivistar skal få ein grei start på målarbeidet,er det å laga gode, enkle oversyn over korleismålaktivitetar kan gjennomførast, ei god hjelp.Standardisering må ikkje tyda stillstand sjølvsagt:ein bør jamleg evaluera det ein held på med, ogsjå om det mogleg å betra det!

No når vi har funne opp hjulet, treng vi berre åfå det til å rulla ein gong til, ikkje starta heilt pånytt med nye eiker og ny slange.

Gjennomføring

Eval

uerin

g

Plan

legg

ing

Standardisering

22--22 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 2: Lokallagsdrift

StyremøteStyret har ansvaret for å planleggja lagsdrifta utfrå arbeidsplanen årsmøtet har vedteke og ut fråhendingar i Noregs Mållag elles. Då er det nyttig åsetja opp ein plan for møta og arbeidet eit halvårfram i tid. Leiaren har ansvar for å planleggja ogkalla inn til styremøta, gjerne saman med nest-leiaren. Dei set opp framlegg til sakliste og senderhenne ut til alle medlemene i styret og til varafol-ka. Hastar det veldig med møtet, kan det vera nokå kalla inn over telefon.

Ei sakliste for eit styremøte kan sjå slik ut:• Godkjenning av referatet frå førre styremøte• Innkomne brev og rundskriv• Arbeidet sidan sist. Runde mellom

styremedlemene• Planlegging av neste lagsmøte• Orienteringar (til dømes om lagsbladet eller

framdrifta med juleheftet)• Økonomi (til dømes purring på uteståande års-

pengar og loddsalet)• Tiltak (til dømes å skriva brev om målbruken i

kommunestyringa)• Avtala tidspunkt for neste møte • Andre saker• Ymse

Det er viktig å la møtestyringa gå på omgang i sty-ret, slik at alle i styret får trening i møteleiing.Skrivaren fører referatet.

Styremedlemene bør vera godt budde til møta,og det kan vera lurt at fleire enn leiaren og nest-leiaren har tenkt gjennom framlegg til vedtak ogløysingar på førehand. Det er likevel viktig åhugsa at det dei kjem med, berre er framlegg forå få ordskiftet i gang.

Styret står alltid samla ansvarleg for alle avgjer-der som vert tekne på styremøta. Det er viktig atalle i styret får koma fram med sine meiningar ogat arbeidsoppgåvene deretter vert likeleg fordeltemellom styremedlemene. Det kan vera lurt å haopning for andre saker eller eit «ymse»-punkt påstyremøtet. På slike punkt er det vanleg å ta oppaktuelle tema som nokre av styremedlemeneynskjer å diskutera med resten av styret.

Det kan vera greitt å ha ein regel om at einikkje gjer vedtak i ymse-saker. Då hindrar ein atdet vert gjort vedtak i saker som ikkje har stått påden utsende saklista. Styremedlemer som ikkje ertil stades, ville kanskje vore med i ordskiftet om ei«hjartesak», om dei hadde kjent til henne.

Det kan òg vera spanande å bruka deler av kvartstyremøte til studiemøte. Korleis ein organisererdette, finn de meir om under punktet om studie-arbeid.

Planlegging av året

Når styret i laget lagar framlegg til arbeidsplan,

kan det vera nyttig å planleggja aktiviteten eit heiltår fram i tid. I Noregs Mållag er det ein del fasteaktivitetar som går av stabelen kvart år. Difor kandet vera praktisk for eit lokallag å tilpassa aktivite-ten til ein slik årskalender. Arbeidsplanen somvert lagd fram for årsmøtet, skal innehalda kon-krete aktivitetar og konkrete mål for arbeidet.

Framlegg til ein årskalender for eit lokallag:

Januar StudiemøteVervekampanje

Februar ÅrsmøteStudiemøteSentrallekken betaler utmedlemspengerefusjon

Norsk Tidend kjem utMars Fylkesårsmøte

StudiemøteLagsmøte om landsmøtesakene

April Landsmøte i Noregs Mållag Mai Landsomfemnande aksjonsdag

Ope møteNorsk Tidend kjem ut

Juni FerieJuli Ferie

Norsk Målungdomskipar til sommarleir

August SkulestartValkamp kvart andre årNorsk Tidend kjem ut

September Landsfemnande aksjonsdag KulturlotterietPurring på medlemspengarOpe møte

Oktober Bok- eller kulturkveldNorsk Tidend kjem ut

November Haustseminar i Noregs MållagÅrsfestNorsk Tidend kjem ut

Desember Sal av Julehefte

Planlegging av styreåret

På fyrste styremøtet i eit arbeidsår, kan det veralurt av styret å diskutera kva møte, kulturkveldar,kampanjar eller markeringsdagar ein ynskjer atlaget skal ha det året. Ein kan godt laga ein aktivi-tetsplan som tek med dato for kvart medlemsmø-te, opne møte og andre viktige samkomer. I sam-band med denne årsplanen kan ein òg leggja oppstyremøte.

Planlegging av møtekveldar

Det vert halde mange møtekveldar i lokallaga.Slike kveldar krev ofte litt planlegging. Om ein vilinvitera ein spesiell innleiar, er det alltid bra å takontakt god tid i førevegen. Dinest må ein skaffamøtelokale og ordna andre praktiske spørsmål.

Lagshandboka til Noregs Mållag • 22--33

Del 2: Lokallagsdrift

Del 2 •

Lokallagsdrift

Etter at opplegget for møtekvelden er klårt, måein blesta tilskipinga. Til dømes kan det vera lurtå senda ut innbeding til medlemene, hengja oppplakatar og få inn notis om hendinga i lokalavisa.I tillegg kan ein invitera andre organisasjonar tiltilskipinga. Om ein vil gje medlemene meldingom møta i god tid, kan det vera lurt å gje ut eitprogramhefte kvart år eller til kvar møtebolk.

Det står meir om pressearbeid i del tre.

Gjennomføring av eit lagsmøte

I innkallinga til møtet skal mest mogleg av pro-grammet vera kunngjort. Lagsmøtet kan godtgjera endringar i nummerrekkjefylgja og ta oppsaker under posten «ymse» nedst på saklista. Deter ikkje vanleg å gjera vedtak i saker som er tekneopp under ymsepunktet utan å vera nemnde iinnkallinga – og på årsmøte skal ein ikkje ha medein slik post i det heile.

Saklista for eit lagsmøte kan sjå slik ut:• Allsong• Referat frå førre møte i laget• Meldingar frå styret• Innleiing (til dømes om eit målpolitisk emne)• Ordskifte• Kulturinnslag• Kaffipause• Loddsal

Attåt denne saklista bør styret laga til ein hugse-lapp med stikkord til hjelp for ordstyraren. Tildømes om allsongar, velkomsthelsing, godkjen-ning av saklista, merknader til referatet, presenta-sjon av innleiaren og dei som skal stå for kultur-innslaget, takk til desse og, ord til avslutning.

Studiearbeid

Det er mange gode grunnar til å driva eit aktivtstudiearbeid.• Eit av dei vanlegaste årsakene til at folk vert

med i eit lag, er at dei ynskjer å læra meir omsakene laget arbeider med.

• Studiearbeidet kan gje ny innsikt og nye ideartil målarbeidet elles.

• Ofte kjem ein opp i situasjonar der ein tenkjerat «dette skulle eg visst meir om».

• Det er artig å diskutera!

Ulike studieopplegg

Dei vanlegaste formene for studieverksemd iNoregs Mållag er studieringar, opne møte ogymse former for kurs.

StudieringEin studiering er bygd opp kring tre til fem møtemed faste deltakarar og ofte med eit gjennomgå-

ande emne. Møta byrjar oftast med ei innleiing ogdinest er det ordskifte kring spørsmåla som ersette opp for møtet. Deltakarane bur seg ved ålesa eit oppsett tilfang (artiklar). Om de ikkje finnnokon studiering innanfor dei emna de ynskjerkunnskap om, kan de laga dykkar eigen studie-ring.

Opne møteSlike møte har alle, både folk i og utanfor organi-sasjonen, tilgang til, og difor har dei oftast eitemne som femner breiare enn kva ein studieringhar.

KursDette er samlingar med eitt eller fleire tema, gjer-ne over ei helg. Om ein skal skipa til slike kurs,kan det vera lurt at lokallag eller fylkeslag gårsaman om eitt kurs. Ein kan òg samarbeida medandre organisasjonar. Økonomi, organisasjon ogpressearbeid er døme på emne som alle organisa-sjonsfolk treng å læra meir om.

Planlegging av studiearbeidet

Alle lokallag bør ha ordskifte om kva emne dei vilha meir kunnskap om, og leggja opp eignestudiar etter det. Kan henda laget finn ut at allelagsmøta bør ta til med eit studiepunkt der ei frålaget held ei innleiing? Slike tiltak kan føra til atlaget utviklar eigen politikk, at medlemene i lagetvert vane med å halda innleiingar og at lagsmed-lemene får auka kunnskapen sin.

Alle lag bør òg drøfta kva emne som kan trek-kja nye folk til mållaget, og leggja opp eit opemøte eller ein studiering etter det. Kan henda erdet mest interesse for eit studieopplegg om einspesiell forfattar, å studera målføreutvikling, ellerå setja seg inn i ei aktuell sak for Noregs Mållag.

Eitdebatthefte

Globaliseringogspråkpolitikk

To studiehefte frå Noregs Mållag

22--44 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 2: Lokallagsdrift

Organiser studieverksemdaNoregs Mållag er tilslutta eit studieforbund somheiter Folkekulturforbundet. Dei har gjeve ut eiteige hefte som heiter Vegvisar til vaksenopplæring.Dette heftet gjev ei god innføring i studiearbeid,så her får du eit kort oversyn over det viktigasteein treng vita når ein skal laga ein studiering.

Når de startar studieringen, kan det vera lurt åsnakka om kva kvar einskild kan om emnet fråfør og kva ein er mest oppteken av. Dimed kan debetre skreddarsy eit opplegg som passar ved åhenta inn tilleggslitteratur eller at nokon lagar eiinnleiing om eit spesielt emne.

Det er viktig at alt frå opne møte til studiering-ar fungerer sosialt, og at dei som er med trivst.Difor er det ei viktig oppgåve å syta for kaffi ogkaker på møta!

Slik lagar du studiering – frå a til i:a) Fyll ut innmeldingsskjema frå

Folkekulturforbundet. Dette skjemaet kan las-tast ned frå nettsidene til Folkekulturforbundetwww.folkekultur.no eller tingast fråFolkekulturforbundet på telefon61 23 82 50 eller på faks 61 23 82 59. De kanòg tinga skjemaet frå Noregs Mållag på telefon22 47 71 00 eller faks 22 47 71 01.

b) Send skjemaet til: Folkekulturforbundet, VågåNæringshage, 2680 Vågå. Folkekultur-forbundet vil då gå gjennom skjemaet og god-kjenna studieringen. Om du nyttar eit studie-opplegg frå Noregs Mållag, har Folkekultur-forbundet godkjent studieplanen på førehand.Folkekulturforbundet sender dinest skjemaetattende til dykk.

c) Ting dei studiemateriellet de treng frå NoregsMållag, Postboks 474 Sentrum, 0105 Oslo.Treng de innleiiarar, bør desse kontaktast tid-leg.

d) Inviter til studiering. Send melding til medle-mene i posten, ta ein ringjerunde og set innlysing i lokalavisa. Spør gjerne andre lag ogorganisasjonar i nærleiken om dei vil vera medpå studieringen.

e) For å få studieringen godkjent må det veraminst fem deltakarar over 14 år. Kvar av delta-karane må vera til stades minst 75 % av tida.Studieringen må vara i minst 12 klokketimar.

f) For studieringar der ein av deltakarane tek påseg eit pedagogisk ansvar, får de inntil 65 kro-ner i timen til løn av denne læraren. Lærarenkan velja å ikkje ta imot løn, og då kan de tildømes få dekt utloger til tilfang, lysingar ellerhusleige.

g) For studiering utan lærar får de inntil 30 kro-ner i stønad for kvar time. Dette kan til dømesdekkja utloger til tilfang, lysingar eller huslei-ge.

h) Etter at studieringen er avslutta, skal de fylla utresten av skjemaet som de har fått i retur frå

Folkekulturforbundet. Send det attende tilFolkekulturforbundet, Vågå Næringshage,2680 Vågå.

i) Om de treng meir hjelp og inspirasjon, kan detinga vegvisarheftet frå Folkekulturforbundet.Om de tykkjer dette oppsettet ser vanskeleg ut,ikkje nøl med å ringja til Noregs Mållag.

Økonomien i laget

Somme lokallag har ein passiv økonomi. Dei skaf-far seg såleis ikkje nemnande inntekter utanommedlemspengane. Mange let drifta verta hemmaav tronge økonomiske råmer kring arbeidet sitt.Det treng ikkje vera så vanskeleg å betra lagsøko-nomien. Med litt fantasi, pågangsmot og planleg-ging kan ein koma svært langt.

Skrivarstova i Noregs Mållag kan hjelpa til medinntekstarbeid på desse måtane:

StudiearbeidOm ein melder inn studietiltaka i laget tilFolkekulturforbundet, kan ein få att utlogene isamband med studiearbeidet, og litt til. Les meirom dét i punktet om studiearbeid.

KulturlotterietKvart år har Noregs Mållag eit lotteri;Kulturlotteriet. Eitt lodd kostar 20 kroner, oglokallaga kan kjøpa dei for 11 kroner stykket. Defår då ni kroner for kvart lodd de sel.

Sal av tilfang Noregs Mållag produserer ofte nytt tilfang.Lokallaga kan få noko av dette til nedsett pris, forå selja det vidare. Dette kan vera ei god inntekts-

Boka Kampen for Språket har opplegg for studiering

Lagshandboka til Noregs Mållag • 22--55

Del 2: Lokallagsdrift

Del 2 •

Lokallagsdrift

Døme på budsjett

Inn UtMedlemspengar 3920Årsfest

Inngangspengar 1500Loddsal 2000Mat og drikke 750Honorar 1000Leige av lokale 1000Blomar 300

Sal av tilfang 400Landsmøtedeltaking, NM 2500Løyvingar 2000Pirion til fem barnehagar 750Haustseminardeltaking, NM 2250Loddsal, kulturlotteriet 1500Gåver 2000Studiearbeid, støtte 1500Studiearbeid, utgift 1500

Samla sum 14820 10050

Døme på rekneskap

Inn UtMedlemspengar 4000Bokkveld

Inngangspengar 2400Loddsal 1550Mat og drikke 1228Honorar 1000Leige av lokale 1000Blomar 278

Sal av tilfang 450Landsmøtedeltaking, NM 2556Løyvingar 1880Pirion til fem barnehagar 750Haustseminardeltaking, NM 2250Loddsal, kulturlotteriet 1350Gåver 2150Studiearbeid, støtte 1560Studiearbeid, utgift 1560

Samla sum 13780 12062

Overskot: kr. 2916

kjelde.

Fleire idear til inntektskjelder:

Hefte og bøkerMange lokallag gjev ut bøker og hefte av ymseslag. Julehefte, dialektbøker, namnebøker og song-bøker er populære.

Møte og festarSlike tilskipingar kan gje gode tilskot til lagskassa.Då Ås Mållag og Ås bibliotek skipa tilGarborgkveld i Garborgåret 2001, kom 300 beta-lande gjester. Hareid Mållag har kvart år ein storballfest.

Lokale lotteriUtlodding er eit populært innslag på mange møte.Dei fleste synest det er artig å kjøpa lodd, og deter eit godt avbrekk under årsmøte eller seminar.På julefestar og liknande høver det svært godt.Studentmållaget på Hamar fekk inn premiar frådet lokale næringslivet til lotteriet sitt. Andre lagnyttar vervepremiar frå Noregs Mållag som pre-miar.

MålgåverFleire lokallag sender ut eigne målgåveopprop tilmedlemene sine. Om de ynskjer hjelp til eit mål-gåveopprop, er det berre å ta kontakt med skrivar-stova.

Tilskot og løyvingarDet skifter veldig når det gjeld høve til å få løy-

vingar og tilskot til laget lokalt. Somme kommu-nar gjev stønad til lag og foreiningar, andre gjerikkje det. Det kan vera lurt å undersøkja kva ret-ningsliner kommunen din har. Fylkes-kommunane har ofte ulike stønadsordningar,men dei gjev vanlegvis berre støtte til tiltak somfemner om fleire kommunar.

Sparebankane har ofte føresegner som seier atdei skal dela ut pengar til kulturaktivitetar. Søkom støtte frå den lokale banken!

Det kan vera lurt å bla gjennom Legat-handboka. Der er det ei rekkje fond som gjev til-skot til kultur- og målarbeid.

Budsjett og rekneskap

Budsjettet er eit systematisk oversyn over dei peng-ane ein reknar med å få inn og dei pengane einreknar med å bruka. Når ein set opp budsjettet, erdet viktig å gjera det i samband med arbeidspla-nen og rekneskapen for året før.

Rekneskapen vert nytta til å kontrollera at peng-ane har vorte nytta slik som årsmøtet vedtok. Dåmå de gå gjennom dei utlegga og inntektene lagethar hatt i året, og setja det opp ved sidan av bud-sjettet de har arbeidd ut ifrå. Såleis får de saman-likna stoda med det som de planlagde. Til rekne-skapen må dei som har hatt ansvaret for penganei laget, ta vare på alle kvitteringar for utlegg oginntekter.

Opning av konto

Alle lag bør ha ein post- eller bankkonto. For å få

22--66 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 2: Lokallagsdrift

medlemspengerefusjon utbetalt frå Noregs Mållager laget nøydd til å ha ein eigen konto. Dennekontoen kan ikkje stå på ein privatperson. Vi skalikkje driva reklame for nokon bank her, menberre oppmoda laget om å undersøkja litt om ren-ter, gebyr og nynorskbruk før ein avgjer kvar einskal ha kontoen. Noregs Mållag har undersøkt kvabankar som nyttar nynorsk (sjå Norsk Tidend nr.4/2001). Dei som er interesserte i denne undersø-kinga, kan ta kontakt med Noregs Mållag sentralt.

Når de skal opna ein konto for laget, bør desnakka med banken fyrst, slik at de veit kva somtrengst for å få opna kontoen.

Dei fleste bankane krev dette for å opna konto:• Utfylt fullmaktskjema, med personnummeret

til den eller dei som skal ha fullmakt påkontoen.

• Referat frå årsmøtet eller skipingsmøtet i laget,der det går fram kven som er leiar og kvensom er kassastyrar.

• Kopi av legitimasjonen til dei som skal ha full-makt til kontoen.Når dette er i orden, bør laget får seg ein konto

innan rimeleg kort tid.

Om å skriva søknad

Når de skriv ein søknad, kan de sjølve avgjera kvade vil leggja vekt på. Ved ålmenne søknader tilkommunane og stønadsordningar som er laga forlokallag, er det som regel bra å skriva mykje omleiartrening, organisasjonsutvikling (planar for åbyggja ut laget) og økonomiarbeid (at de skaffarpengar frå andre enn den de søkjer til). De måsjølvsagt nemna alt anna de driv med (aksjonar,kulturkveldar, studieringar og liknande), men detløner seg ofte å leggja mykje vekt på det fyrste.Når de skal søkja om pengar, bør de hugsa på atdet finst to ulike typar tilskot de kan søkja om:driftstilskot og prosjektstønad.

Driftstilskot er pengar som går til drifta avlaget. Det vert ikkje sett særleg strenge krav til kvaføremål pengane skal nyttast til, men det krevstein god søknad for å få eit slikt tilskot.

Prosjektstønad er stønad som går til ågjennomføra eit spesielt tiltak. Det kan til dømesvera til eit kurs eller ei tilstelling, slik som norsk-kurs for lærarane på skulen i nærleiken. Krava forå få prosjektstønad plar ikkjevera så høge, men derimot er detveldig viktig at pengane vertnytta til det prosjektet ein søkjerom. Til vanleg må ein senda medeit meir detaljert prosjektbudsjettenn ved vanlege driftstilskot, ogsom regel må de i etterkant avsjølve prosjektet levera ein rekne-skap som syner at pengane vartnytta i samsvar med løyvinga.

Slik legg prosjektstønad mykje strengare føringarfor kva de skal driva med, men dersom de er flin-ke til å planleggja prosjekt, kan de nyta godt avslike ordningar.

Det er vanskeleg å setja opp ein mal for korleisein søknad skal sjå ut. Søknaden må variera altetter kva organ de søkjer til, og kva vilkår desøkjer etter. Det er likevel mogleg å finna fram tilnokre tommelfingerreglar som gjeld når de skrivsøknader.

Når de søkjer til sparebankar og fond, kan detofte vera tenleg å søkja til særskilde prosjekt, oggjerne til kulturtiltak. Her må de lesa vilkåra fortildelinga og føremålet til fondet særs grundig! Oghugs: lokallag i Noregs Mållag er både (mål-)poli-tiske og kulturelle! Kva de skal leggja mest vekt påav desse sidene, vil variera frå søknad til søknad.

Søknadssummen Hugs at de sjeldan får heile summen de søkjerom. Dei fleste som vurderer søknader, tek ògomsyn til om de har andre finansieringskjelder.Det kan slå ut i båe leier.

Vedlegg til søknaden:• Arbeidsprogrammet til laget.• Årsmeldinga for det siste året.• Rekneskapen og budsjettet.

Desse vedlegga har ofte mykje å seia når søkna-den vert vurdert. Det er viktig at papira er bådegode og oversynlege.

Slik går du fram:• Skriv alt på datamaskin og med brevark, om de

har det.• Legg ved ei utførleg årsmelding som syner

aktiviteten i laget.• Legg òg ved ein strukturert og ryddig arbeids-

plan som inneheld føremål (kortsiktige oglangsiktige), prioriteringar (kva som skal veradei viktigaste arbeidsoppgåvene) og ei konkretliste over kva de skal ha av kurs, studieringar,aksjonar, møte og anna i tida som kjem.

• Budsjettet og rekneskapen må vera grundigeog gjennomarbeidde. Kontakt gjerne folk somhar greie på økonomiarbeid for hjelp til å setjaopp budsjettet og rekneskapen.

Sigers-skatten gav nesten 7000 kr i kassa til Noregs Mållag i 1919.

Lagshandboka til Noregs Mållag • 33--11

Del 3: Det offensive lokallaget

Del 3 •

Det offensive lokallaget

Del 3:

Det offensive lokallaget» Denne delen inneheld idear og tips til kva eit lokallag kan gjera. Du vil finna eigod blanding av politiske aksjonar, organisatoriske lyft og eit innblikk i korleisandre lokallag arbeider heilt konkret med ulike oppgåver.

Landsmøtet i 2001 vedtok desse hovudmåla forheile organisasjonen for perioden 2001- 2004:• styrkja rekrutteringa av aktive lagsfolk, særleg i

aldersgruppa 25-40 år• auka medlemstalet til 13 000 i 2004 • auka talet på fungerande lokallag med 5% årleg • vurdera rolla til fylkeslaga med sikte på ei styr-

king av denne organisasjonslekken• tredobla talet på registrerte studietimar i sam-

skipnaden • styrkja og vidareutvikla yrkesmållaga gjennom

nye metodar for nettverksbygging• gjera internett og elektronisk informasjonsut-

veksling til ein integrert del av verksemda påalle nivå i samskipnaden og til den primæreinformasjonskanalen

Verving av medlemerFor at organisasjonen skal nå dei målsetnadenesom landsmøtet vedtok i 2001, er det sjølvsagtviktig at heile Noregs Mållag deltek. Dette gjeldbåde lag som har få medlemer og lag som harmange medlemer. Ofte kan det vera vel så stortgrunnlag for medlemsauke i dei laga som allereieer godt etablerte i lokalmiljøet sitt. Mållaget harhatt eit stabilt medlemstal i fleire år. Dei siste femåra har det vore om lag 11 000 medlemer iNoregs Mållag. Det er likevel slik at kvart år må vierstatta om lag 1000 medlemer som av ulikegrunnar sluttar å betala medlemspengar. Diformå vi rekruttera nye medlemer. Lokallaga har einnøkkelposisjon i dette arbeidet.

Det er prøvd ut mange metodar for å vervamedlemer til organisasjonen. Ingen metodar ernødvendigvis betre enn andre. Det er viktig at

kvart lag plukkar ut dei metodane dei sjølve trurvil høva best for laget deira. I dette arbeidet vil detvera nyttig å laga ein plan for vervinga. For orga-nisering av medlemsregister og årspengar, sjåkapittel 1 og 4.

Kartlegging av laget

Før styret set i gang vervearbeidet, er det lurt åbruka tid på å kartleggja laget og tilhøva rundt detog deretter laga ein verveplan for heile laget. Eitslikt grunnleggjande ordskifte vil føra til at ein fårlaga den mest effektive planen for laget, og fårfordelt arbeidet og ansvaret på ein god måte. Detvert mykje lettare for styret å arbeida når det erlaga ein skriftleg plan med klåre mål og tiltak forvervearbeidet. Planen må òg innehalda eit oversynover kven som har ansvar for kva.

Sjå igjennom medlemslistene for dei siste treåra. Prøv å finna svar på desse spørsmåla: • Kven er medlem i laget? • Kven er ikkje medlem i laget? Kvar styremed-

lem kjenner sikkert til folk i lokalmiljøet sombør spørjast om å verta medlemer.

• Kva metodar vil vera mest effektive for å nå uttil desse potensielle medlemene?

• Er det nokon av medlemene i laget som børdragast med i vervearbeidet, og som kan ha eitanna kontaktnett enn styremedlemene?

• Kvifor har folk meldt seg inn eller ut av målla-get?

• Kan det vera gode metodar som gjer at lagetgreier å halda på fleire medlemer?

33--22 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 3: Det offensive lokallaget

Verveplan for lagetEtter at styret har danna seg eit bilete av stoda, ertida inne for å laga ein konkret plan. Plukk gjerneut einskilde markeringsdagar der laget skal vervamedlemer. Ut frå lokale forhold vil slike dagarvariera noko, men nokre døme er 17. mai, lokalefestivalar, skulestart, marknader eller markerings-dagane til Noregs Mållag.

Tilpass planen etter styremedlemene. Å lagaein plan ingen har tid til å fylgja opp, har lite føreseg. Tenk etter om det er mogleg å få inn vervear-beidet i det arbeidet laget allereie har planlagt.

Nokre gode råd til verveplan: • Set konkrete mål, utan at de gapar over for

mykje.• Set opp eit avgrensa tidsrom for planane.• Vel konkrete målgrupper som de trur vil ha

interesse av å vera med i mållaget, og rett akti-viteten inn mot desse gruppene.

• Legg til rette for at de kan bruka allereie eksis-terande aktivitetar i laget til å verva medlemer.

• Bruk pressa!• Lag ei eiga vervegruppe.• Finn aktivitetar til kvar enkelt. Dei som ikkje

vil ha ein bokdisk, kan leggja ut tilfang i post-kassene.

• Lag ein oversynleg aktivitetsplan med klåransvarsdeling.

• Lag gode system for oppfølging.• Tenk ut kva laget vil ha bruk for av vervetilfang,

aviser og verveblokker frå skrivarstova. Tingdette i god tid.

• Ha nokre tiltak klåre som de kan tilby alle deinye medlemene. Det er viktig å nå folk medaninteressa enno er fersk. Nye medlemer erpotensielle aktivistar.

• Lag gjerne til ein fin vervepremie til laget ellerden beste vervaren om de når vervemålet. Kvamed ein grillfest for laget og dei nye medle-mene?

Gjennomføring og evaluering av verveplanNår verveplanen er vedteken og de eventuelt harlaga ei vervegruppe, er det viktig å ikkje mistakvarandre av syne. Ha verving som eige punkt påkvart styremøte. Juster planane undervegs ogmotiver kvarandre for vidare arbeid. Det er viktigå evaluera arbeidet etter ei vel overstått verveøkt.Ei slik evaluering vert nyttig når ein seinare skaltil med vervearbeid att. Om laget nådde vervemå-let, er viktig, men det er òg andre viktige sider vedein verveaksjon. Laget vart truleg meir synleg ilokalmiljøet og kan henda fekk de sett fokus på eiviktig målsak. Dette er òg viktige røynsler å tamed seg. Dessutan er det bra om denne evalue-ringa vert sendt inn til Noregs Mållag sentralt,slik at andre lag får ta del i og dra nytte av andresine røynsler.

Verving er aktivitet

Den mest effektive måten å verva nye medlemerpå er å spørja folk om dei ynskjer å verta medle-mer i Noregs Mållag. Ofte er det slik at folk setpris på å få spørsmålet og at ein får positivt svar.

Plakatbukk Plakatbukkaksjon, eller standsaksjon, er ei av deimest brukte aksjonsformene i organisasjons-Noreg. Fordelen med ein slik aksjon er at laget fårsynt seg fram for lokalmiljøet, i tillegg til at einfår direkte kontakt med folk. Slett ikkje alle veitheilt kva mållaget står for, og det er difor ein godmåte å nå ut med målsak på. Ikkje minst er detmogleg å verva medlemer.

Ein plakatbukkaksjon krev ikkje stort – ein pla-katbukk (ein treng ikkje alltid det ein gong; eitbord kan gjera same nytta) og nokre lagsfolk til ådela ut materiell og snakka med dei som kjemforbi. Det kan vera to-tre folk som deler ut flyge-blad på eit kjøpesenter, i handlegata eller ein stadder det er mykje folk.

Det vanlegaste er å gjera det ein laurdag føre-middag, for då møter ein flest folk ute. Det er let-tare å verta lagt merke til om ein har ein plakat-

Verveblokka til Noregs Mållag. Ein del til lokallaget, ein til NM og ein til den nye medlemen . . .

Lagshandboka til Noregs Mållag • 33--33

Del 3: Det offensive lokallaget

Del 3 •

Det offensive lokallaget

bukk med ulike plakatar og/eller eit bord til å leg-gja fram tilfang på.

Kreative idear:• Tilbod om gratis kaffi. Vaflar er endå meir

populært … • Kakelotteri. Hugs å få løyve frå politiet!• Musikk, song eller anna underhaldning.• Appell eller opplesing. Hugs høgtalar eller

megafon. • Ordtevling. Folk skal tippa kva ulike ord tyder.

Rette svar vert premierte. • Utdeling av tilfang til borna. Ta kontakt med til

dømes Noregs Mållag sentralt, BlåmannBarnebokklubb eller Norsk Barneblad.

• NB! Hugs å tinga plakatar, aviser, hefte og fly-geblad frå Noregs Mållag i god tid!

Alle kan vera med på plakatbukkaksjon. Det erbra om ein får fordeling på både kjønn og alder.Det går fint å berre vera to på ein plakatbukk-aksjon, men det er av og til kjekt og meir sosialt åvera fleire, slik at ein kan laga ein skikkeleg stor-aksjon! Tenk over om de kan få med nokon somer litt «kjendis» i lokalmiljøet.

Gode råd: • Avslutt aksjonen etter eit par timar. Om de er

fleire som kan byta på, kan de halda på lenger. • I mange kommunar er det slik at kommunen

har gjeve ålment løyve til å setja opp plakat-bukk. Dimed er det berre å gje melding til poli-tiet om kvar og når de ynskjer å ha aksjon.Undersøk dette på førehand.

• På private handlesenter er det ulik praksis medå gje løyve til å ha plakatbukkaksjon. Undersøkpå førehand!

• Ha gjerne aksjon når det er torgdagar, som-marmesse og andre liknande tilskipingar.

• Ein kan koma borti mange diskusjonar når ein

har aksjon. Bruk tilfanget til mållaget aktivt.Lytt til kva dei andre seier og hjelp kvarandre,om naudsynt. Ofte oppdagar ein at det er bådekjekt og inspirerande å ha aksjon. Folk kjemgjerne bort berre for å fortelja at dei stør saka.

• Om laget har litt god råd kan de setja inn eilysing i lokalavisa på førehand og kunngjera atein kan «møta mållaget til kaffi og ein prat vedSamvirkelaget laurdag frå 10 til 14»

• Dersom laget skal ha ein kulturkveld eller bok-kveld, kan det vera lurt å ha aksjon laurdagenfør for å invitera folk på kulturkvelden. Deilaga som har kontor/hus i sentrum kan invite-ra folk inn på «ope hus».

• Mange har stått på plakatbukkaksjon før foranten korps eller politiske parti. Lytt til røyns-lene deira.

• Gå gjerne saman på kafe etterpå og del røyns-lene med kvarandre. Ein fortener eit kakestyk-ke etter ein slik innsats!

• Det er ikkje alltid at folk melder seg inn medein gong på ein aksjon. Men ver klar over atdet er mange som likevel melder seg inn i mål-laget ei stund etter at dei har fått eit flygeblad ihanda på ein plakatbukkaksjon.

VerveblokkMange liker å verva direkte på verveblokk. Dettetyder at du sjølv tek imot betalinga kontant ogskriv ned dei nødvendige opplysningane om dennye medlemen. Ei verveblokk er delt i tre delar.Ein del får den nye medlemen som kvittering/medlemskort som prov på betalt kontingent. Denandre delen sender du til skrivarstova.Samstundes set du pengane inn på konto. Sistedelen skal du ha sjølv som kvittering på mottek-ne/innsende pengar.

FlygebladaksjonDei fleste flygeblada som vert laga av NoregsMållag, har ein svarsendingsavtale som gjer atmottakarane kan senda ein slipp inn til sentrallek-ken og få eit tilbod om medlemskap/medlemsgiroi retur. Dette gjer at det vert enkelt for lokallaget åverva medlemer og at det ikkje skal føra til mykjemeirarbeid. Flygeblad kan til dømes delast ut isamband med aksjonsdagar, på opne kulturkvel-dar og i postkassar. Ein annan metode er å leggjaut flygeblad på bibliotek, kafear eller i butikken,etter avtale med eigaren.

Informasjonstilfang

Noregs Mållag freistar heile tida å laga nytt tilfangom aktuelle målsaker eller eigne kampanjesaker,til dømes eit barnekulturflygeblad og ålment fly-geblad om å verna norsk språk. Dette er tilfangsom lokallaga kan bruka til utdeling på eigne til-skipingar, til postkasseutdelingar eller til flyge-bladaksjonar utanfor det lokale handlesenteret.

Det er lett å få merksemd med ein plakatbukk! (arkivfoto)

33--44 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 3: Det offensive lokallaget

Målsetnaden med tilfanget er å koma ut med mål-laget sine synspunkt. I tillegg er det viktig å mar-kera mållaget i nærmiljøet. Og som ein aktiv poli-tisk pressorganisasjon er vi sjølvsagt alltid opptek-ne av å få nye medlemer og støttespelarar. Dettetilfanget er i hovudsak gratis og kan tingast fråskrivarstova.

Eige tilfangSomme lag lagar eit eigne julehefte eller liknandesom kan seljast på aksjonar og ved andre høve. Avog til kan det henda at eit lag ynskjer å laga eigetilfang om ei lokal sak. Då er det mogleg å ta kon-takt med skrivarstova for å få hjelp til utforming.De lagar sjølv teksten og sender kan henda medeit bilete, slik at skrivarstova kan bruka dette til åfylla inn i ein eigen flygebladmal, slik at flygebla-det får ein fin utsjånad. Det er også mange lagsom har byrja å laga eige tilfang sjølve. Ta kontaktom de treng mållagslogoen eller andre grafiskeelement.

Telefonverving

Som ein del av verveplanen kan styret eller verve-gruppa setja seg ned og skriva ned alle dei kjen-ner i lokalmiljøet som burde spørjast om å vertamed i mållaget. Desse kan ein kontakta på tele-fon. Om de får tak i eit kontor med fleire telefo-nar, kan det vera kjekt å sitja saman og ringjarundt. Det er alltid godt å kunna gje kvarandreoppmuntring undervegs. Styret kan òg dela listamellom seg og avtala at ein skal ringja til dømestre personar mellom kvart styremøte. Om alle istyret tek tre telefonsamtalar mellom kvart styre-møte, kan det etter kvart verta mange ny medle-mer å melda om på styremøta.

Gode råd: • Førebu kvarandre med gode argument. (Sjå òg

tipslista for dør-til-dør-verving)• Ver høflege. Presenter dykk og sei de ringjer

frå mållaget.• Hugs at om den du snakkar med er gift eller

har sambuar, så kan du tilby familiemedlem-skap til ektefellen/sambuaren.

• Send namn og adresse til skrivarstova og merktydeleg av at dette er folk som har sagt ja til åverta medlemer, men som ikkje har betaltenno. Skriv opp kva lokallag dei er verva til.

• Send gjerne inn nye namn til skrivarstovaetterkvart. På den måten kan dei få betalings-blankett og velkomen-som-ny-medlem-pakkeraskt etter at dei har sagt ja til å verta medlem.Skrivarstova sender ut informasjonspakkar tilnye folk som vil bli medlemer, om lag kvar 14.dag.

• Ring gjerne til folk du kjenner utanfor lokal-miljøet ditt! Kjenner du folk andre stader i lan-det enn der du bur som burde fått spørsmål

om å verta medlem i mållaget? Ring dei! Det erbra om lokallaga kan hjelpa kvarandre med åverva nye medlemer på denne måten.

Sju gode tips ved dør-til-dør-verving• Det lettaste er å gå to saman.• Ver positive og ha godt humør.• Ver godt budd med gode argument for kvifor

ein bør vera medlem i mållaget. Ta med flyge-blad med verveslipp, verveblokk og NorskTidend.

• Presenter dykk og ver høflege mot alle.• Bruk den tida du treng i kvart hus. Somme er

ikkje interesserte i det heile, andre invitererdeg inn og vil snakka meir. Dei som er i tvilkan få eit flygeblad og ei avis.

• Konsentrer dykk om dei som er for målsak ognynorsk, men som ikkje er medlemer. Brukgjerne desse argumenta: Det er politisk og øko-nomisk viktig for målsaka at Noregs Mållaghar mange medlemer i ryggen. Dette gjevtyngd til organisasjonen sine kampsaker ogmeiningar.

• Ver engasjert, men ikkje pågåande. Lytt til deiandre, og kjenn deg fram.

Andre lag og organisasjonar

Det er sikkert fleire organisasjonar i nærmiljøetsom laget bør kontakta. Om de spør, kan dethenda at de får lov til å leggja ved eit brev medgiro i den andre organisasjonen sine medlemsut-sendingar.

Verving av ungdomar

Norsk Målungdom kan vera til stor hjelp dersomlaget dykkar vil satsa på å verva ungdomar/ungevaksne. Det er nemleg stader der det ikkje finstaktive målungdomslag. Ring Norsk Målungdompå telefon 22 42 63 00 eller send e- post [email protected]. Norsk Målungdom lagar til-fang retta mot ungdom og er heile tida på jaktetter ungdom som vil arbeida for målsaka.

Lysing eller istikk i lokalavisa

Om laget har god økonomi, kan de vurdera åkjøpa lysing eller istikk i lokalavisa. Dette er eirelativ dyr aksjonsform, og det har synt seg at detikkje gjev god utteljing om det er det einaste tilta-ket. Derimot har det synt seg at istikk i avisa sam-stundes med fleire tiltak for å vera synlege, gjevstørre utteljing.

Brev med giro

Mange lokallag har hatt god utteljing på å utfor-dra kommunestyrerepresentantane gjennomlokalavisa til å verta medlemer i mållaget. Deretter

Lagshandboka til Noregs Mållag • 33--55

Del 3: Det offensive lokallaget

Del 3 •

Det offensive lokallaget

får representantane eit brev i posten med giro.Somme lokallag har sendt eller delt ut brev medgiro til alle husstandane i heile bygda.

Informasjons- og pressearbeidÅ arbeida for å få ut informasjon om målarbeidettil Noregs Mållag er ein viktig del av målarbeidetvårt. Difor kan det vera lurt å tenkja igjennominformasjons- og pressearbeidet når laget ditt ski-par til kulturkveld, plakatbukkaksjon, stilkonkur-ranse eller kjem med politiske utspel. Her kjemnokre framlegg til kva de kan gjera for å nå fram imedia.

Det er slett ikkje alltid vi kjem til å få oppslagpå viktige og gode aktivitetar. Dette tyder ikkjenødvendigvis at pressa er i mot oss. Det tyder der-imot at vi må prøva ein gong til, ved eit seinarehøve.

Alt er nyhende!

Det er lett å få inntrykk av at det berre er krangelmellom parti på Stortinget eller store ulukkersom er interessante for pressa. Trass i dennepåstanden syner det seg ofte at journalistane erute etter andre nyhende. Oppgåva vår er å gjejournalistane dette nyhendestoffet. Når lokallagetskipar til kulturkveld er det kan henda ikkje nokonyhendesak. De har kanskje gjort det i mange årallereie. Då kan det vera viktig å vri dette til dyk-

kar fordel: «Kulturkveld med suksess for tiandegongen!» Andre innfallsvinklar kan vera at lagetsamlar både unge og eldre folk på tilskipinganeeller at det dei siste åra har vorte servert 1000koppar nynorsk kaffi i bygda.

PressemeldingDette er den vanlegaste måten å koma i kontaktmed pressa på. Ei pressemelding kan vera eintekst som avisa eller radio/fjernsyn kan bruka til ålaga eit oppslag om ei sak. Ho kan òg innehaldainformasjon om ei sak eller ein publikasjon somlaget ynskjer å få omtalt i pressa. Ei pressemel-ding skal innehalda den viktigaste informasjonenom saka, gjerne med eit sitat frå leiaren i lageteller frå andre som er utpeikte til å gjera pressear-beidet. I tillegg må ein ha med telefonnummerder ein i laget er tilgjengeleg. Etter at ein harsendt ei pressemelding i frå seg, er det viktig å fyl-gja opp meldinga med å ringja til redaksjonen.

NotisDette er ein kort tekst som i hovudsak svarar pådesse spørsmåla: Kven, kva, når og korleis. Notis-stoff er godt lesestoff i avisene. Dette er ein sjang-er som er lett å læra. Med andre ord: de kan sjølvskriva ein notis om laget dykkar. Teksten må ikkjevera for lang av di det er viktig å få han inn påsidene for småstoff. Mange lokalaviser har ei slikside med småstoff, nytt om folk i bygda og anna.Desse sidene er svært populære blant lesarane.Skriv gjerne under med eige namn og namnet pålaget ditt. Dimed kan folk i bygda knyta endå eitnamn til laget. Ein notis kan vera om lag så langsom denne notisen om notisar!

Artikkel/reportasjeEin artikkel er ein større tekst, gjerne forma someit intervju med bilete, eller som ein reportasjeder ein fortel kva som har skjedd på ei spesiell til-skiping. I hovudsak er det journalistane som lagarartiklane. Det kan likevel vera mogleg at ein ilaget skriv ein artikkel som lokalavisene tek inn.Som regel er det slik at aviser berre betaler fortekstar og bilete som er avtalt innleverte på føre-hand. Når ein skriv ein slik tekst, er det viktig åbruka same språklege verkemiddel som journalis-tane til vanleg brukar.

Nettsider for lokallagetMange lag har eigne nettsider. Om ein ynskjer ålaga ei slik nettside, kan ein ta kontakt med tildømes skrivarstova som kan gje tips om folk somgjer dette rimeleg. Oppdateringa av slike heimesi-der må laget oftast gjera sjølv.

Informasjonsarbeid frå Noregs Mållag

Ein del av informasjonsarbeidet sentralt kan veranyttig å vita om for den som arbeider med infor-

Med ein frisk aksjon er det lett å markera seg. Her syt ThomasReite for at ein vanleg plakatbukkaksjon vert lagt merke til!(arkivfoto: Hege Lothe)

33--66 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 3: Det offensive lokallaget

masjon lokalt.

Nytt om nynorskDette er eit kortfatta meldingsblad frå NoregsMållag sentralt. Nytt om nynorsk vert sendt ut itre eksemplar til alle laga i organisasjonen. I til-legg går bladet gratis ut til alle som ynskjer å fådet direkte i postkassa. Nytt om nynorsk inneheldkortfatta meldingar om aktuelle målsaker og einaktivitetskalender for kva som skjer i organisasjo-nen. Både folk i laget ditt og andre, til dømes ilokalradioen eller lokalavisa, kan vera interessertei å få Nytt om nynorsk direkte i postkassa. Gjemelding om adresser til skrivarstova.

Norsk TidendMedlemsavisa til Noregs Mållag heiter NorskTidend. Avisa kjem ut fem gonger i året til allemedlemene i Noregs Mållag og NorskMålungdom. Det er nyttig at laget ditt gjev mel-ding til redaktøren i Norsk Tidend om aktivitetar idistriktet ditt. Det kan til dømes vera aktivitetar ilaget, at kommunen har sett i gang eit spanandeprosjekt eller at ei lokal verksemd har teke i bruknynorsk. Om de ynskjer å dela ut avisa eller leggjaut bunkar med aviser på det lokale kulturhuset,på kafeen eller i biblioteket, kan de ta kontaktmed skrivarstova for å få tilsendt gratisaviser.

Nettsidene til Noregs Mållag Nettsidene til mållaget finn de på www.nm.no.Dette er ei nettside for organisasjonen som vertoppdatert jamleg med nyhendestoff om NoregsMållag, Norsk Målungdom, målsak og andreinteressante saker som gjeld nynorsk.

Nyhendesida www.nyhende.no Det er slett ikkje lett å fylgja med i nyhendebile-tet. Dette har Noregs Mållag freista å løysa ved ålaga ei nyhendeside på internett der vi legg ut deiviktigaste nynorske nyhendesakene kvar dag.

MållagslistaDette er ei felles e-postliste som er open for allemedlemene i Noregs Mållag og NorskMålungdom. På denne lista vert det sendt utinformasjon frå sentrallekken om aktuelle sakereller møte. Mållagslista er ei debattliste der allekan skriva meiningane sine om aktuelle saker.

For å melda seg på Mållagslista går ein tildenne nettsida: lists.copyleft.no/mailman/listinfo/mallagslista

Der står det korleis ein går fram for å meldaseg på lista. Om du ikkje får dette til å verka, kandu senda ein e-post til Noregs Mållag, der duskriv at du vil stå på lista.

PressetenesteKvart år sender skrivarstova ut 30-40 pressemel-dingar. Desse meldingane vert ofte fylgde opp

over telefon direkte til redaksjonane. NoregsMållag har ei eiga publiseringsteneste som jamlegvert oppdatert med nye e-postadresser. Dette erein effektiv måte å nå ut til media sine meiningar.Av og til har lokallaga presseutspel som med for-del kan nå lenger enn til eiga lokalavis. Om deynskjer hjelp til å nå ut til vidare krinsar, ta kon-takt med skrivarstova.

JournalistkursNorsk Tidend har saman med Motmæle skipa tiljournalistkurs for medlemer og ikkje-medlemersom ynskjer å læra meir om korleis ein skriv tek-star og tek bilete til aviser. På eit journalistkurs fårein opplæring i korleis ein tek i bruk ulike sjang-rar, som til dømes reportasjejournalistikk, nyhen-dejournalistikk og kulturjournalistikk. Dessutanfår ein opplæring i korleis ein brukar eit kameraog korleis ein komponerer eit godt bilete.

MediekursMediekurset har ei anna vikling. Det handlar omkorleis du som tillitsvald i organisasjonen kanbruka media til å nå ut med synspunkt, aktivitetarog utspel. Her får ein til dømes opplæring i å skri-va pressemeldingar, lesarinnlegg og det å ta direk-te kontakt med avisredaksjonane. Om laget ditteller fleire lag i distriktet ditt har lyst til å skipa tileit slikt kurs, er det mogleg å ta kontakt med skri-varstova for å få tips om kurshaldarar.

Informasjonstilfang Tilfanget er i hovudsak gratis og kan tingast fråskrivarstova.

Nynorsk oppvekstNynorsk oppvekst er eit av hovudarbeidsområda iNoregs Mållag. Innanfor dette arbeidsfeltet erskulemål, sidemål, skulemålsrøystingar og barne-kultur viktige stikkord. Landsmøtet i 2001 setteopp desse hovudmåla for nynorsk oppvekst 2001-2004: • stabilisera prosenten av nynorskelevar på

2000-nivå• forsvara alle nynorskkrinsar og vinna tilbake

minst tre bokmålskrinsar • skapa tradisjonar for nynorskklassar og paral-

lellklassearbeid i minst fem av dei størstebyane

• få gjennomslag for ein statleg læremiddelpoli-tikk som tek omsyn til den teknologiske utvik-linga

• få i gang eit større forsøksprosjekt som vil styr-kja undervisninga i nynorsk sidemål

• styrkja språk- og kulturformidlinga i barneha-gane ved å spreia «kulturbarnehagen»

• fremja bruken av nynorsk som andrespråk

Lagshandboka til Noregs Mållag • 33--77

Del 3: Det offensive lokallaget

Del 3 •

Det offensive lokallaget

Skulemål

Skulemålsarbeid har vore ei av dei viktigastesakene til Noregs Mållag dei siste tiåra.Skulemålsarbeid er ulikt ifrå stad til stad. Dette erein gjennomgang av dei vanlegaste arbeidsmå-tane:

Skulemålsrøystingar

Det finst to typar skulemålsrøystingar: defensiveog offensive røystingar. Den einaste reelle skilna-den mellom desse er at dei defensive røystinganeer forsvar av eksisterande nynorskskular, medanoffensive røystingar er røystingar med freistnadpå å byta ut bokmål med nynorsk som opplæ-ringsmål på skulen. Den viktigaste skilnaden erpsykologisk: Det er berrsynt at den som går tilåtak kjenner seg sterk, medan den som må for-svara seg ofte kjenner seg pressa.

Det er ålmenn røysterett i skulemålsrøysting-ane. Det vil seia at alle i krinsen som har røyste-rett ved vanlege kommune- og stortingsval, harlov til å røysta. I tillegg har foreldre til elevar somsoknar til skulen, men bur utanfor krinsen, røys-terett. Dersom minst 25 % av dei røysteføre harskrive under krav om røysting, må kommunenlysa ut røysting.

Offensive skulemålsrøystingarDet er viktig å arbeida fram røystingar i bokmåls-krisar. Det viktigaste er å vinna røystingane. Mendet er òg viktig å lyfta målspørsmålet opp på eitkollektivt nivå som noko som gjeld alle som bur ikrinsen. Nest etter å vinna røystingane, er det å fåreist kravet om røysting og sjølve ordskiftet rundtrøystinga, det viktigaste. Di meir målstrid vi greierå reisa i lokalsamfunnet, di betre er det for nynor-sken. Ei røysting om skulemålet er den bestemåten å få flest mogleg til å ta del i ordskiftet ogavgjerda om framtida til språket. Det er avgje-rande at de i lokallaget ynskjer å gjennomføradette, og har tru på at det er mogleg å vinna eirøysting!

Kampanje i samband medskulemålsrøysting

Det er få praktiske skilnader på å driva arbeid forei offensiv og ei defensiv skulemålsrøysting.Nedanfor kjem eit oversyn over viktige tiltak.

Fyrste steg, framdriftsplan og faktainnsamling:• Hugs at de må av og til rekna med meir enn

eitt år frå arbeidet startar fram til sjølve røys-tinga (ved offensiv røysting.)

• Lag ein framdriftsplan. I denne planen bør defå med alle moglege tiltak.

• Finn fram alle fakta som kan vera viktige forarbeidet med røystinga. Informasjon som kankoma til nytte gjennom heile kampanjen, er:

• Kor lenge har det vore bokmål i krinsen? (Vedoffensiv røysting.)

• Kor lenge har det vore nynorsk i krinsen? (Veddefensiv røysting.)

• Korleis var den eventuelle førre røystinga ikrinsen?

• Kor mange røysteføre er det i krinsen? Kva eraldersfordelinga?

• Kva er haldningane hjå dei tilsette på skulen?• Kva er dei ålmenne språkhaldningane hjå folk i

krinsen?• Kva er haldningar og standpunkt hjå «mei-

ningsberande folk» i krinsen?• Skaff informasjon om ålmenn røysterett frå

skrivarstova hjå Noregs Mållag.• Lag argumentasjon for kvifor det bør vera ei

røysting nett no. (Ved offensiv røysting.)

Kampanjefasen:Same kva type røysting det er, er det viktigaste åspreia informasjon til alle røysteføre.

Om ein skal ha ei offensiv røysting, må ein nosetja i gang ein kampanje for å sanka nok under-skrifter til krav om røysting.

• Lag tilfang som skal spreiast i krinsen. • Set i gang lesarbrevkampanje.• Ha dørvitjar-runde.• Få oppslag i lokalmedia.• Få einkvan som er kjend i krinsen og lokalsam-

funnet til å stø nynorsken.• Driv møteverksemd; mållaget må vera synleg. • Saml inn underskrifter i mange ulike høve, til

dømes ved hjelp av dørvitjing, informasjon påbutikken, i banken og oppslagsstader. (Vedoffensiv røysting.)

Når ein har fått nok underskrifter, det vil seia25 % av dei røysteføre, kan desse leverast til kom-munen. Det gjer sjølvsagt ingenting om de fårfleire enn 25 % til å skriva under! Greier ein å fånok underskrifter til å reisa krav om røysting, ermykje av arbeidet gjort! Ofte må ein kontakta folkdirekte og personleg. Denne framgangsmåten ertvillaust den beste både for å skaffa nok under-skrifter og for å vinna folk til å røysta nynorsk.Med ein gang kommunestyret har vedteke at detskal vera røysting og kommuneadministrasjonenhar sett ein dato, har den siste runden byrja.

I kampanjefasen gjeld det å bruka alle kontak-tar, alle alliansar og alle framgangsmåtar somlokallaget meiner er føremålstenlege.

Argumentasjon for nynorsk skulemål

Røynsler frå dei siste åra med røystingar syner atfolk jamt over er lite interesserte i målstriden somei språksak, det vil seia som eit reint språklegspørsmål. Derimot har det synt seg at der målla-get klarer å gjera spørsmål om bokmål kontra

33--88 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 3: Det offensive lokallaget

nynorsk til ei kollektiv kultursak som gjeld alle, erdet lettare å få tilslutnad til nynorsken.

Gode spørsmål som kan gje viktige svar: • Kva for språklege og kulturelle råmer ynskjer vi

at borna skal veksa opp med?• Korleis kan skriftmålet vera med på å skapa og

styrkja den lokale identiteten til både borna ogdei vaksne?

• Korleis påverkar bokmål og nynorsk målkjens-la og dialekten i lokalsamfunnet? Ynskjer vi atdialekten skal overleva? Om svaret er ja: kvaskriftmål stør best opp under dialekten?

• Vil vi at ungane skal veksa opp med ein skrift-kultur som opnar for sterk lokal variasjon ogsom gjev sterkt lokalt ankerfeste, eller vil vi atungane skal veksa opp med ein skriftkultursom skapar eit bilete av Oslo som «sentrum»og heimstaden som «periferi»?

Kva vi oppfattar som norsk er ein prosess; nokosom støtt endrar seg. Men noko som har stått fastsom norsk, er at Noreg er eit land utan eit sterktspråkleg og kulturelt sentrum. Den viktigasteårsaka til dette er sjølvsagt nynorsken. Med nynor-sken har vi eit språkleg prov på at Noreg ikkje ereitt, men mykje ulikt. Med nynorsken har alle sta-dene i Noreg vorte ein del av det samla treet vikallar norsk, alle med kvar si grein, der opphaveter av same rot.

Vi opplever alt oftare at dei vaksne er ottefullefor den kulturelle oppveksten til borna sine. Éinting er at anglo-amerikanske kulturprodukt fløy-mer over born og vaksne og skaper eit falskt bileteav verda som éin stad med éitt uttrykk. Ein annanting er at desse produkta tevlar med og erstattarheimlege tradisjonar og språk.

Sjølvsagt er nynorsk ei mykje sterkare ryggstøfor dialektane og plattform for borna enn kva bok-målet er. Nynorsk skapar eit mykje sterkare lokaltankerfeste enn det bokmål gjer.

Når det kjem til sjølve striden; å vinna kvar ogein vi møter for å røysta nynorsk, brukar ein sjølv-sagt dei argumenta som høver der og då. Det finstingen fasit, og til sist må vi leggja fram det vi sjøl-ve tykkjer er avgjerande for at folk bør veljanynorsk. Fleire tips finn du i Handbok for skule-målsarbeid i nynorskområde. Boka kan tingast i fråNoregs Mållag.

Nynorske parallellklassar

Dette er kort og godt arbeid med å få opprettaeigne klassar med nynorsk som opplæringsmål påbokmålsskular. Heilt sidan målfolket i Rogalandtok til å organisera dette arbeidet på slutten av1970-talet, har talet på nynorskklassar vakse jamtog trutt, og det er no nynorskklassar i alle dei firestørste byane i Noreg. Det er ikkje ålmenn mot-stand mot nynorsk som er årsaka til at det ikkje er

nynorskklassar i ein del større byar i Noreg. Deiviktigaste grunnane er at svært mange ikkje veitom at dette er mogleg og at mange kommunarikkje orienterer om denne ordninga. Om deynskjer å ta fatt på arbeidet med nynorsk parallell-klasse kan de ta kontakt med Noregs Mållag sen-tralt for å få hjelp og stønad. De kan òg tinga gra-tisheftet Handbok i parallellklassearbeid frå NoregsMållag.

SidemålDet finst snautt det emnet som vert henta frammeir i målordskifte enn sidemålet. Dei siste årahar vi sett store kampanjar mot sidemålsundervis-ninga. I tillegg veit vi at sidemålet for mange erdet fyrste og viktigaste møtet med nynorsken.Med obligatorisk sidemålsundervisning får alle iNoreg høve til å læra båe skriftmåla, difor må vioppretthalda denne ordninga.

Eit av problema til nynorsken er at mange avelevane og lærarane har fordommar mot språket.Eit anna problem er sjølve undervisninga. Elevanefår ofte svært lite og dårleg undervisning i side-målet sitt.

Det er mykje lokallaga kan gjera for å styrkjasidemålsundervisninga i skulen. Jamvel om side-mål fyrst og fremst er ei arbeidsoppgåve for lokal-lag i bokmålsområde, er det mange tiltak somgjeld sidemålsundervisninga som òg kan brukasti norskopplæringa ålment.

Framlegg til arbeid med å styrkja sidemålsunder-visninga og sidemålet:

Tidsbruk for sidemålsundervisningaDette kan gjerast i samarbeid med norskseksjo-nen på skulane og til dømes Landslaget forNorskundervisning (LNU). Ein set opp eit enkelt

Flygeblad om nynorsk parallellklasse i Bergen, 2002.

Lagshandboka til Noregs Mållag • 33--99

Del 3: Det offensive lokallaget

Del 3 •

Det offensive lokallaget

spørjeskjema for lærarar og elevar der dei kryssarav for kor mykje tid dei brukar, og eventuelt omdei meiner dette er nok for å kunna læra nynorskskikkeleg. Etter at ein har fått inn att svara, set einsaman dette til ein rapport. Ein slik tidsrapportkan vera eit godt utgangspunkt for ordskifte omsidemålsundervisninga med lærarane, i media ogmed elevane.

Ulike forsøk i skulenDet er spanande og enkelt å laga forsøk for åprøva ut nye metodar i sidemålsundervisninga. Takontakt med lærarane på skulane i lokalmiljøetditt og kom med gode framlegg til forsøk. Kanhenda har de allereie lærarar i laget som tykkjerdette er eit spanande arbeid. Her finn de tre dømepå forsøk. Finn på fleire sjølve!• Ein kan be ein skule, ein klasse eller fleire klas-

sar om å bruka lærebøker i andre fag ennnorsk, til dømes historie eller religion, på side-målet. På denne måten lærer dei nynorsk «gra-tis». Det same gjeld sjølvsagt det elevane oglærarane skriv på tavla eller kopiar som elvanefår i undervisninga. Det finst døme på at skularhar gjennomført liknande prosjekt med lære-bøker i historie på engelsk. Røynsler syner atelevane såleis har lært språket betre.

• Ein kan freista gjennomføra eit semester derein berre brukar sidemålet i alt skriftleg arbeid.Til dømes haustsemesteret i 10. klasse på ung-domsskulen eller i 2. klassen på vidaregåande.Dette føreset sjølvsagt at elevane brukar lære-bøker på nynorsk.

• Ein kan gjennomføra lokalhistoriske prosjekt.På mange stader i landet der bokmål no er det«normale» språket, var nynorsk minst like«normalt» for 40-50 år sidan. Dette gjeld sær-leg i Nord-Noreg, Trøndelag, på Nordmøre og iAgder. Elevane i desse områda trur ofte at bok-målet alltid har vore der. Her kan elevane pløyany lokalhistorisk mark og på den måten lærakvifor besteforeldra eller oldeforeldra deiravalde nynorsk eller bokmål – og jamføra stand-punkta med målstoda i dag. Dette høver særsgodt med målsetnader og arbeidsmåtar i lære-planane for skulen.

Kurs i sidemålsundervisning for lærararJamvel om dei fleste lærarane vil meina at deimeistrar nynorsk godt nok til å undervisa i og påspråket, vil dei fleste vera samde i at dei ynskjerkurs i korleis motivera elevane til å verta flinkare iog å få lyst til å læra nynorsk. Mange lokal- og fyl-keslag held slike kurs kvart år, og det er heilt isamsvar med tilrådingane frå styresmaktene ometterutdanning av lærarar. Slike kurs kan ein òghalda for lærarar i område med nynorsk somhovudmål. Ta kontakt med Noregs Mållag sentraltdersom de ynskjer hjelp og idear til kurshaldararog anna.

Lær argumenta for sidemålOrdskifte om sidemål er ofte eitt av dei viktigasteordskifta målfolk møter. Det er viktig å kunnabåde historie, fakta og argument for obligatorisksidemål. Vil de setja dykk betre inn i dette spørs-målet, bør de tinga heftet Sidemål – «wastedtime»? frå Norsk Målungdom eller Språknytt nr.1-22001, som er eit temanummer om sidemål. Hefteter gjeve ut av Norsk språkråd. Båe hefta kan ting-ast direkte frå Noregs Mållag.

Barnekultur

Det barnekulturelle feltet er prega av ei alt forsterk språkleg einsretting som kjem av at kultur-institusjonar, kulturindustri og marknadsføringfavoriserer og gjev prestisje til bokmålet. Dei sisteåra har Noregs Mållag sett større fokus på «dennynorske oppveksten». Dette er noko mange for-eldre, barnehagetilsette, lærarar og besteforeldreer opptekne av. Det er mogleg for målrørsla åspela ei nøkkelrolle i forhold til alle dei somynskjer å gjera noko med dette.

PlakatbukkaksjonLag plakatbukkaksjon med flotte plakatar og flyge-blad. Berre fantasien set grenser! Del ut tilfang fråNoregs Mållag og frå alle dei fire flotte tiltaka somer med på å gje ungane ein nynorsk oppvekst:Norsk Barneblad, Kulturavisa Pirion, BlåmannBarnebokklubb og Magasinett. Ting effektar fråbarnebokklubben og del ut dette til ungane. Deter òg veldig bra å ha nokon av dei flotte barnebø-kene for handa så folk kan få kikka i dei.

Lesestund på biblioteket I samarbeid med biblioteket kan laget skipa tillesestund med nynorske barnebøker. Dette kanhøva over heile landet. Samstundes kan de laga eiheil utstilling med nynorske barnebøker. Særlegkan det vel vera eit poeng i bokmålsstrok å syna atungane skjønar nynorsk som berre det! Det er ògmogleg å få ein nynorsk barnebokforfattar til åkoma. Ta kontakt med Det Norske Samlaget.

Lesestund på bokhandelen Laget kan òg kontakta den lokale bokhandelen ogspørja om ein kan samarbeida om ei lesestund forungane i bokhandelen. Dette er ein god måte åsyna fram alle dei gode barnebøkene på nynorskpå. Her òg kan ein ta kontakt med til dømes DetNorske Samlaget.

Av og til vil forlaga reklamera for forfattaranesine gjennom slike opplesingar, og då er det braom mållaget er til stades og deler ut tilfang ombarnekultur.

Nynorsk barnesongbokDet Norske Samlaget har klar ei nynorsk barne-songbok hausten 2002. Denne songboka heiter

33--1100 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 3: Det offensive lokallaget

Petter Edderkopp og samlar mange songskattar forborn. Dette er ei songbok som kan vera ei fin gåvetil både barnehagar og skular. Lokallaget kan gjeboka i gåve og oppfordra bokhandelen til å leggjaboka ut for sal. Lokallaget kan til dømes inviteratil songkveld for både vaksne og born, saman medeitt eller fleire songkor i kommunen.

DialektbadingDette er eit tiltak som krev at laget har folk somkan stilla opp på dagtid. Laget tilbyr barnehagar ilokalmiljøet vitjing frå eldre folk som kan forteljaulike soger, syngja eller lesa rim og regler på dia-lekt. Slik kan ungane få vita litt meir om eigendialekt eller andre sine dialektar. Bodskapen måvera at det er bra å halda på dialekten og at detfinst mange ulike dialektar over heile landet.Dette er òg eit tilbod som kan gå ut til ungane i 1.til 3. klasse i barneskulen.

Kulturtilskiping i lag med andreMange stader i landet er det samla inn lokale seg-ner, songar, stev eller dansar. Kva med å samarbei-da med historielag, ungdomslag eller andre somdriv slikt arbeid for å få det ut til ungar, foreldreog barnehagetilsette? Ein føremiddag på eit torgeller tun, eller inne ein stad på kveldstid er mogle-ge stader å ha det på.

Møte om barnekulturDet er mange emne knytte til barnekultur sommange vil vera interesserte i å høyra om på eitmøte eller å diskutera. Det er fleire interessanteinnleiarar på dette temaet i Noregs Mållag, mendet er sjølvsagt mange ulike folk og miljø som eropptekne av å gje ungane ein lokal identitet i opp-veksten. Dette kan laget gjera saman med andreorganisasjonar.

Blåmann BarnebokklubbDen nystarta barnebokklubben er unik! Absoluttalle bøkene er på nynorsk. Og det tilbodet er hanåleine om å gje. Tilbodet i barnebokklubben erretta inn mot aldersgruppa 2-12 år. For mållags-folk er det viktig at denne klubben vert så storsom råd. Lokallag i nynorskkommunar kan gjerneutfordra kommunen sin til å betala utsending avtilbod om Blåmann Barnebokklubb til alle 1. klas-singane i kommunen. Laget kan tinga flygebladhjå Blåmann Barnebokklubb og dela ut til barne-hagane eller skulane i kommunen.

PirionNoregs Mållag og Landssamanslutninga avnynorskkommunar (LNK) har gått saman om åskipa Stiftinga Pirion som lagar kulturavisaPirion. Dette er ei avis som særleg er retta innmot tilsette i barnehagar og i småskulen. Fleirelokallag betaler tingingar for Pirion til lokale bar-nehagar. Kan henda dette kunne vera noko for

lokallaget ditt? Det kostar 150 kroner for eit heiltår og då får barnehagane tre nummer i året, og itillegg julenummeret for 2001 med på kjøpet.Dette er mykje kulturformidling for pengane!Bruk aksjonsdagen til å få blest om dette og lokal-pressa til å dekkja hendinga.

PirionkursPirionkurset rettar seg mot det pedagogiske per-sonalet i barnehagane og har som føremål å aukarefleksjonen kring barnehagen si rolle som kul-turformidlar i det moderne mediesamfunnet.Pirionkurset gjev idear og inspirasjon til det prak-tiske arbeidet i barnehagen. Fleire lokallag harsaman med kommunen sin skipa til Pirionkurs.Det er slett ikkje så omfattande å få til eit sliktkurs. Hjå Noregs Mållag kan ein tinga flygebladom Pirionkurs. Det er LNK som tek av seg av for-midling av kurs. Ring 22 33 14 00 eller skrive-post: [email protected]

Lagshandboka til Noregs Mållag • 33--1111

Nye tiltak – ny kveik

Del 3 •

Det offensive lokallaget

Lærerikt lærarkursTrønderlaget har i fleire år hatt stor suksess med nynorskkurs for lærarar.

Inger Ramberg Røthe er ein av aktivistane somhar lagt ned mykje arbeid i dette. Ho er aktiv iMållaget Sparbyggjen og er sjølv lærar. Kursa harfemna om ei rekkje emne, fortel ho.

– Eit mål har vore å friska opp nynorskkunn-skapane til lærarane, – og det trengst ofte, føyerho raskt til. Eit anna mål har vore å læra vekkmetodar og teknikkar for å undervisa i nynorsk,og ikkje minst har det vore eit mål å inspireralærarar i arbeidet.

Språkdelte TrøndelagEit emne som har vorte vektlagt spesielt, er kor-leis ein kan undervisa i språkdelte klassar. Detteer eit viktig emne, særleg i Nord-Trøndelag dermange klassar er språkdelte.

– Her i Steinkjer kommune har vi to nynorskebarneskular og fleire parallellklassar.Nynorskelevane i klassen vert gjerne færre ogfærre for kvart år av di elevane tykkjer det er såvanskeleg å halda på nynorsken, fortel IngerRamberg Røthe.

Skulen og lærarane tek ofte ikkje nok omsyn tilnynorskelevane. Dette ynskjer trønderaktivistaneå endra på gjennom kursa sine.

– Målet er at skulen heller skal oppmoda ele-vane til å halda på nynorsken, seier ho.

Inspirerande opplegg– Vi har passa på å leiga inn dyktige kurslærararmed god kjennskap til saka. Vi har mellom annabrukt Roger Lockertsen som er ein rasande flinklærar, seier Inger Ramberg Røthe.

Laget har fått mange positive attendemeldingarfrå kursdeltakarane. Kursa har vore opne for allelærarar. Trønderlaget har sendt ut innbedingar tilalle skulane i området og til fylket. Til no har lagethalde fire slike kurs, men det vert nok fleire.

Du treng:• Lokale • Kurslærar• Brev som går ut til alle skulane

Slik gjer du:Start med å skaffa lokale og kurslærar. Det erbest å ha dette klårt før du går vidare. Hugs atein god og kjend lærar gjerne får fleire til åmelda seg på, difor løner det seg å vita kven somskal vera lærar i god tid på førehand. Det er let-tare å få inn pengar frå andre om ein har pla-nane klåre. Når ein har fått lærar, tid og stad,kan ein starta arbeidet med å få inn pengar. SøkUtdanningsforbundet, kommunen og fylket.Send så ut innbedingsbrev til skulane og til fyl-

ket, slik at alle får vita om det. Prøv også å skaffaomtale av kurset på andre vis. Har de mykjepengar, kan de setja inn lysingar om kurset i vik-tige aviser. Elles er det viktig å prøva å få avisenetil å skriva om kurset på førehand, det er òg godreklame. Fortel om kurset til dei du møter, ogprøv å få dei til å fortelja andre om det. Nårpåmeldingane byrjar strøyma på, er det viktig åforsikra seg om at alle får den informasjonen deitreng om oppmøtestad, tid, deltakaravgift og lik-nande, i tide. Hugs å be deltakarane koma medattendemeldingar etter kurset, slik at du veit tilneste gong kva som fungerer godt og kva somikkje fungerer fullt så godt.

Godt kurs!

Oppskrift frå Trøndelag

33--1122 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Nye tiltak – ny kveik

Bra med barnekulturLindås Mållag og Os Mållag møter ungane i barnehagen.

Du treng:• Oversyn over barnehagane i området ditt• Kulturavisa Pirion, biletbøker eller anna• Folk som har høve til å vera med i barneha-

gane på dagtid

Slik gjer du: Ta kontakt med dei i laget ditt som har høve til åvitja barnehagane på dagtid. Finn ut kva dei harlyst til å gjera. Kan henda kan dei syngja medungane, lesa frå ei bok eller fortelja artige soger

frå oppveksten sin eller frå lokalmiljøet. Ringbarnehagane og spør om mållaget får lov til åkoma på vitjing. Set opp ein timeplan for vitjing-ane. Ta kontakt med lokal presse og høyr om deivil vera med i barnehagen og laga ein reportasje.Ting kulturavisa Pirion på telefon 22 47 71 00.Det er mogleg å få sendt rekning til kasseraren ilaget, medan barnehagane får Pirion rett i post-kassa. Ting bøker direkte frå Samlaget eller spøretter nynorske barnebøker i bokhandelen.

Oppskrift frå Lindås og Os

Lindås Mållag er eitt av mange mållag som hartinga kulturavisa Pirion til barnehagar i nærområ-det sitt. Laget har plukka ut fem barnehagar somskal få Pirion tre gonger i året. Rett før jul i 2001avgjorde dei at dei ville gjera meir ut av det enn atdei tilsette fekk Pirion i posten. Dei inviterte segsjølve på «bestefargjesting».

– Vi vart svært godt mottekne, fortel MonsKvalvågnes, ein av tre bestefedrar i Lindås Mållagsom melde seg til teneste. På førehand haddeMikal Krossøy ringt rundt til barnehagane, fåttklarsignal og sett opp ein timeplan for dei tre somskulle vitja barnehagane. Den tredje bestefarenheiter Erling Holmås og hadde i oppgåve å syngjafor ungane.

– Han liker å syngja og er god til å syngja. Hansong ein del artige songar som ungane likte, for-tel Mons Kvalvågnes. Dei vart godt mottekne ibarnehagane. Dei tilsette tok i vel mot karane fråmållaget, medan dei små let seg riva med avsongane. I tillegg inviterte Lindås Mållag dei tolokalavisene i distriktet til å laga reportasje om«bestefargjestinga». Dimed kom det to flotte opp-slag med born og eldre i avisene.

Nynorsk songbok Lindås Mållag planlegg å fylgja opp barnekultur-arbeidet i barnehagane. Neste prosjekt vil vera åkjøpa inn nynorske songbøker til barnehagane.Det er ikkje mange nynorske songbøker å få tak i.Difor ventar folka i Lindås Mållag på den nyesongboka til Det Norske Samlaget.

– Om det vert ei god songbok, vil vi kjøpahenne inn til barnehagane, seier MonsKvalvågnes.

Bøker til barnehaganeOs Mållag gav kulturavisa Pirion i gåve til alle dei14 barnehagane i Os kommune frå oppstarten avPirion i 2000. På nyåret i 2001 heldt dei framarbeidet for nynorsk i barnehagane. Då kjøpte OsMållag inn to barnebøker til kvar av dei 14 barne-hagane i kommunen. I samband med utdelingaav desse bøkene tok Elfrid Moberg på vegner avOs Mållag kontakt med ein av barnehagane ikommunen og spurde om ho kunne få koma oghalda ei lesestund for ungane og overrekkja einbokpakke.

– Dette var dei positive til. I tillegg fekk eg medmeg lokalavisa Os og Fusaposten som laga einreportasje, fortel Elfrid Moberg. Barnebøkene varutgjevne av Det Norske Samlaget og kjøpt hjå denlokale bokhandelen i Os. Styret fordelte resten avbarnehagane seg i mellom, slik at alle styremedle-mene reiste rundt og delte ut bokpakkane til kvarsine barnehagar.

– Ungane sette pris påbøkene. Dette var biletbøkersom fengde, seier ElfridMoberg. Ho fortel at bokpro-sjektet var ei relativt storutgift for laget. Men sidanOs Mållag tener pengar på ågje ut eit julehefte kvart år,hadde dei økonomi til å tadesse utlogene. Barnehaganetok godt i mot tilbodet fråmållaget. Dei har eit lite inn-kjøpsbudsjett og nye biletbø-ker kjem godt med.

Mons Kvalvågnes

Lagshandboka til Noregs Mållag • 33--1133

Nye tiltak – ny kveik

Del 3 •

Det offensive lokallaget

Suksess med stilSkrivetevling for elevar på vidaregåande i Tromsø

Tromsø Mållag har i over fem år skipa til skrive-tevling mellom elevane på dei åtte vidaregåandeskulane i Tromsø. Sist var det heile 72 elevar somsende inn novelle til tevlinga.

– Vi meiner at denne skrivetevlinga er viktig forå få unge folk til å få ei meir positiv haldning tilnynorsk, seier Bjørnar Østgård, som har hattansvaret for skrivetevlinga til Tromsø Mållag. Detheile byrja med at Tromsø Mållag tok kontaktmed Nordlys; den største og viktigaste regionavisai Nord-Noreg. Dei fekk i stand ein avtale medNordlys, der avisa stilte med pengepremiar til vin-narelevane mot at dei hadde einerett på å trykkjabidrag frå vinnarane. Fyrstepremien er 3000 kro-ner, andrepremien er 2000 kroner og tredjepre-mien er 1000 kroner.

– Det at vi har hatt såpass høg premiering, hargjeve ein viss prestisje i å delta, trur BjørnarØstgård. Tromsø Mållag har fleire gonger opp-summert at skrivetevlinga er eit godt tiltak for åprofilera nynorsken i Tromsø.

Profilen til tevlinga har variert noko. TromsøMållag har aldri gjeve elevane noko bestemt temasom dei skal skriva om eller sett noko særskiltkrav til lengd på tekstane. Derimot har dei variertmellom lyrikktevling og novelletevling.

– Etter ynske frå skulane gjennomførde vilyrikktevling eitt år. Det var ikkje så vellukka. Vitykte ikkje at den skriveforma stilte så store kravtil gjennomføring som det å skriva ei novelle.Difor trur eg vi vil halda fram med novelletevling,seier Bjørnar Østgård. Det er Tromsø Mållag somkvart år oppnemner ein jury på tre personar.Denne juryen har ei variert samansetjing med tildømes folk som har vore innom forlag, har røyns-

le som lektor inorsk eller somskriv sjølv.

PressearbeidBjørnar Østgårdlegg vekt på at deihar brukt mykjetid på pressear-beid for å blestaskrivetevlinga.

– Rett før inn-sendingsfristen i2001 var detkome inn alt forfå noveller. Dågjekk mållaget uti lokal-TV, lokalradioen og i lokalavisene og fortal-de om tevlinga, seier Bjørnar Østgård. Presse-arbeidet gav resultat. Då fristen var gått ut var det72 elevar som deltok i konkurransen.

Bjørnar Østgård har endå eit viktig råd å komamed til dei som skal laga til skrivetevling. BjørnarØstgård fortel at han ikkje brukar å senda ut pres-semelding om prisutdelinga. Han brukar heller åvitja kvar einskild redaksjon direkte før av prisut-delinga. Då fortel han om tevlinga og invitererpressa til sjølve utdelinga. Denne metoden harBjørnar og Tromsø Mållag gode røynsler med.

Du treng: • Plakatar om skrivetevlinga • Brev til norskseksjonane• Jury på tre personar• Enkelt regelverk for tevlinga• Premiar• Pressemelding eller liknande

Slik gjer du: Skaff premiar, lag regelverk og kontakt eventuel-le samarbeidspartnarar. Sjekk med skulane kvatid på året som høver best for dei. Lag plakatar

om tevlinga. Heng opp på skulane, handlesenterog kafear. Sjekk etter ei veke at plakatane fram-leis heng der. Lag brev og send til norskseksjo-nane på skulane. Be dei gjerne om å leggja inntevlinga som ein del av undervisninga i norsk-faget. Kontakt norskseksjonane på telefon ogspør om dei har teke opp brevet og alle klassanehar fått høyra om tevlinga. Kopier opp alle deiinnkomne tekstane i tre eksemplar til juryen.Avtal ein frist for arbeidet med juryen. Inviter tilprisutdelingskveld. Hugs: inviter pressa!

Oppskrift frå Tromsø

Bjørnar Østgård (Foto: Hege Lothe)

33--1144 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Nye tiltak – ny kveik

Julehefte i JølsterJølster Mållag har laga julehefte i 19 år. Juleheftet Jølst når ut til alle husstandane ikommunen.

– Her i Jølster er alt på nynorsk, og difor er detviktig å satsa på eit ålment kulturarbeid, fortelMagnar Juklestad, leiar i Jølster Mållag. I byrjingaav november leverer nemnda frå seg tekst og bile-te til trykkeriet. Då har nemnda arbeidd med hef-tet i nesten eitt år.

Med juleheftet Jølst når Jølster Mållag alle hus-standane i kommunen. Det er ein av grunnane tilat skriftnemnda er romslege i val av stoff.– Alle lyt sleppa til. Vi må ha med heile bygda.Det er sjølvsagt ein av føresetnadene for at folkkjøper heftet òg, legg Magnar Juklestad til. Hanfortel at ei av dei store utfordringane er å nå deiinnflytta familiane i byggjefelta, med saker ogstoff som dei synest er interessante. Om lag 60-70 % av stofftilfanget i Jølst er lokalhistorie.

Dessutan legg skriftnemnda opp til ein delfaste innslag i heftet. Til dømes årets lokale kunst-nar, årets lokale diktar og presentasjon av einorganisasjon i kommunen. Dei er likevel ikkjemeir bundne til tradisjonen enn at Arne Garborgsom vart årets diktar i Garborg-året 2001.

– Jølster har ikkje noko eige sogelag, difor fyllervi noko av trongen for eit slikt lag, meinerMagnar Juklestad. I laget har dei ordna det slik atdei som sit i styret skal sleppa å sitja i skriftnemn-da. Dimed vert det enklare å skaffa folk til styret ilaget og styremedlemene får òg tid til annan lags-aktivitet. Det er fem medlemer i skriftnemnda.

– Om arbeidet kjem inn i faste former, er detikkje så uoverkomeleg. Vi brukar ta til med arbei-det i februar/mars. Vi møtest fast fyrste tysdagen ikvar månad heime hjå ein i skriftnemnda. Dimedslepp vi noko styr med å senda ut innkalling ogavtala møteplass, fortel Magnar Juklestad.

Heftet verttrykt opp i750-800eksemplarkvart år. Oglaget tener 5-6000 kronerpå salet.Overskotet vertikkje større avdi dei har høgeutgifter tilprenting ogbladbunad.Siste åra hardet vore aukainteresse forlokal kultur oghistorie. Dette tener dei på, men dei merkar ogsåei tevling.

– Det har vore ei stor oppbløming av lokal litte-ratur og vi merkar vel ei viss tevling, seier MagnarJuklestad. Han trur at ein av grunnane til at jule-heftet har vorte så godt motteke i Jølster, er fordikommunen ikkje har eiga lokalavis.

Jølster Mållag har i tillegg til heftet gjeve utbøker med lokale dikt og noveller frå Jølster og eiordbok for jølstramålet. Rundt omkring i heileNoreg sit skriftnemndene i lokallag og fylkeslagog lagar hefte og bøker. Det er mange ulike namn,men hovudsaka er at desse nemndene sikrar øko-nomisk grunnlag for lagsarbeidet, fører hefte- ogboktradisjonen vidare og ikkje minst driv eit vik-tig lokalt kulturarbeid.

Du treng:• Ei skriftnemnd (gjerne tre til sju personar)• Ein datamaskin• Ein formgjevar. Om ein i skriftnemnda kan

laga bladbunaden til eit hefte, vil laget sparastore utgifter på dette.

• Avtale med eit trykkeri. Hugs å avtala nøyeformat, papirkvalitet og kvalitet.

Slik gjer du det:Undersøk med fleire trykkeri om kva tilbod deihar på trykking, formgjeving og kvalitet. Her kan

det vera stor skilnad på pris, og mykje pengar åspara. Planlegg om lag eitt år fram i tid. Fordelarbeidet på heile nemnda, slik at ingen får formykje å gjera. Lag ei liste på kva slag tekstar ogsaker de har lyst til å ta opp. Det er ingen grunntil at skriftnemnda skal skriva alt sjølv. Dette erein god måte å dra med seg folk som ikkje elleser aktive i mållaget. Ver budd på at ikkje alle hardatamaskin. Sjå til at ein i skriftnemnda kanskriva inn handskrivne manus på datamaskin.Kontakt lokalavisa og fortel at de er i arbeid medeit nytt hefte!

Oppskrift frå Jølster

Magnar Juklestad (Foto: Hege Lothe)

Lagshandboka til Noregs Mållag • 33--1155

Nye tiltak – ny kveik

Del 3 •

Det offensive lokallaget

Nynorsken i næringslivetStord Mållag har gjennom fleire år satsa stort på å få nynorsken inn i næringslivet.

– Vi må gripa tak i det som har stor påverknads-kraft. Vi har merkt oss at det ikkje er skulen ellerandslivet som er normgjevande. Næringslivet harmykje å seia for kulturen generelt og for språketspesielt. Skulen gjer dessutan ofte ein lunkenjobb med å motivera elevane. Difor ser vi dettesom ei enormt viktig oppgåve, seier Kjell Lønningi Stord Mållag.

Supergris på nynorskStord Mållag har lagt ned mykje arbeid for å fåmatvarekjeda Drageset Spar til å marknadsføraseg på nynorsk.

– Det fall naturleg å engasjera seg i DragesetSuper Spar, fortel Lønning. Det er min eigen nær-butikk, og det er nærbutikken til mange andrevestlendingar. Butikkjeda har hovudkontoret sitt iOs i Hordaland og har til saman 15 butikkar iområdet mellom Florø og Stord.

– Han karen i marknadsavdelinga til Dragesetvar veldig positiv og let oss køyra på, seierLønning. I 2001 gjorde Drageset Spar vedtak omå gå over til nynorsk. Slagordet er «Supergrisenpressar prisen!» og i brosjyrane kan ein lesa omlåge prisar på kjøtkaker, mjøl og grøne erter. Detmå likevel med at ikkje alt har gått like lett.Reklamebyrået som lagar alt det skriftlege tilfang-et for kjeda, laga mykje krøll i starten fordi deiikkje var heilt støe i nynorsk. No har mykje avdette ordna seg fordi mållaget har gjeve hjelp medspråket.

Må opp i systemet– Har du nokon gode råd på vegen til andre som vilgje seg i kast med nynorsk i næringslivet?

Lønning siterer Hegel: «Det er ikkje kva einseier, men kven du seier det til som avgjer om duer ein idiot.»

– Skal ein nå fram, må ein treffa dei rette per-sonane. Ein kan ikkje gå på kassapersonalet. Einmå opp i systemet, slår Kjell Lønning fast. Han

meiner at mykje er veldig personavhengig. – Den ein resonnerer med, må kunne resonne-

ra. For å seia det slik; vi var heldige og fekk kon-takt med ein bra mann i Drageset, seier KjellLønning.

Nynorskaktivisten meiner det er viktig å verapågåande og kontant om ein vil oppnå noko.Dessutan er det er føremun å kunne yta språkleghjelp utan at det skal kosta noko ekstra.

– Det må ikkje verta dyrare eller vera veldigvanskeleg å bruka nynorsk. Lønning dreg òg framat ein må gje positiv merksemd til dei som er flin-ke og gjera ein innsats for å gjera desse kjende.Dette er spesielt viktig fordi mange verksemderikkje liker å ta store sjansar.

– Ingen vil vera fyrst. Det strir mot marknads-logikken, seier Kjell Lønning.

Positive attendemeldingar Etter at Drageset bytte til nynorsk, har firmaet fåttfantastisk mange positive attendemeldingar påspråkbruken.

– Dei har til og med fått positive meldingar fråbergensarar, fortel Lønning nøgd.

Stord Mållag er eit lag i sterk vekst. I dag harlaget 150 medlemer.

– Medlemstaleter dobla på to år.Dette har ein klårsamanheng medarbeidet vårt fornynorsk i nærings-livet. Folk leggmerke til at vi gjernoko og at vi fårgjennomslag. Då erdet klårt atdei vil veramed, slårKjellLønning fast.

Du treng:• Brev til dei du vil påverka• Ring eller be om møte• Pressemelding om arbeidet

Slik gjer du:Ta kontakt med dei du vil påverka, og høyr kvadei seier. Fortel kva lokallaget kan hjelpa til med.Kontakt avisene, og prøv på andre vis å gjera sat-singa synleg.

Oppskrift frå Stord

33--1166 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Nye tiltak – ny kveik

Mållovsarbeid på MøreLensmannen på Nordmøre hadde helst sett at Reidun Dahle ikkje la seg så mykjebort i brot på lover, men det bryr ho seg ikkje om.

Nordmøre Mållag er mellom dei laga som hargjort mykje med spørsmål knytte til mållova deisiste åra, og Reidun Dahle har stått i spissen fordette arbeidet. Dahle fortel at grunnen til at deisette i gang med mållovsarbeid, var at dei høyrdeat Romsdal Mållag har gjort mykje godt arbeid pådette feltet.

– Vi var på eit seminar der vi fekk høyra ommållovsarbeid og om korleis det kan organiserast.Då forstod vi med ein gong at eit slik arbeid ògmåtte gjerast på Nordmøre, seier Reidun Dahle.

Ta tak i unnalurarane– Det eg liker godt med dette arbeidet, er at det erei veldig konkret sak og ei sak der det er lett åmåla resultat. Ho fortel at laget sende ut brev tilalle verksemdene som mållova gjeld for, og spur-de om dei brukte nynorsk. Dei som bruktenynorsk, svara positivt, og tykte dette var eit godttiltak, medan andre freista vri seg unna.

– Unnalurarane prøvde vi å fylgja opp på ulikevis. Og det er her lensmannen på Nordmøre kjeminn.

Sint lensmannArbeidet vart kjent gjennom avisene, og det gjor-de lensmannen på Nordmøre både sint og sur. Ieit intervju med Tidens Krav sa han at han syntestarbeidet til Reidun Dahle og Nordmøre var bådeutidig og uinteressant. Då Reidun vart oppringtfor å svara for laget sitt, svara ho kjekt at «det er igrunnen litt rart at ein som har ansvar for å passapå at folk fylgjer lovene, insisterer på å sjå vekkfrå somme av dei».

Gode råd– Har du eit godt råd til lag som vil setja i gang medmållovsarbeid?

– Eg har eitt råd som er veldig enkelt, men ògveldig viktig. Det er å få tak i ein mal for breva førdu set i gang. Når det gjeld lovarbeid, er det viktigå vera heilt nøyaktig. På dette feltet er det gjortmykje godt arbeid frå før, som det er viktig at nyelag kan nyta godt av, seier Reidun Dahle. Ho kjempå at det kan høyrast litt tungt ut, så ho legg raskttil:

– Ein kjem fort inn i arbeidet, og då er detberre å køyra på!

Du treng: • Mal for brev.• Oversyn over verkeområdet til mållova.• Skaff deg oversyn over kven som fylgjer lova

og ikkje og start oppfylging av dei som ikkjefylgjer henne.

Slik gjer du:Har du ikkje vore med på slikt arbeid før, kandet løna seg å ta kontakt med nokon som har.Her kan ein læra mykje. Nordmøre Mållag,Romsdal Mållag og Bondeungdomslaget i Osloer lag som har gjort mykje på dette feltet. Ein

kan òg snakka med Norsk språkråd som hargreie oversikter over kva mållova krev. Så må duskaffa adresser og finna ut kven lova gjeld for.Deretter sender du brev til dei du vil vita nokoom. Gje ros til dei som brukar nynorsk, og skaffdeg oversyn over dei som ikkje gjer det. Dessekan ein til dømes koma med framlegg omnynorskkurs eller eit program som heiter Nyno-data; eit nytt omsetjingsprogram for til dømesoffentlege tilsette som skriv både nynorsk ogbokmål i arbeidet sitt. Ein kan òg hengja etatenut i avisene eller laga underskriftsaksjon for åsyna fram engasjementet i saka.

Oppskrift frå Nordmøre

Frå Norsk Språkråd kan ein få eininformasjonsfaldarom mållova som passar i Filofaxen.

Noko å leggja ved mållovsklagen?

Lagshandboka til Noregs Mållag • 33--1177

Nye tiltak – ny kveik

Del 3 •

Det offensive lokallaget

Siger i SvilandDen 14. mai 2001 er ein merkedag. Denne dagen gjekk folk i Sviland skulekrins tilvalurnene og valde nynorsk som opplæringsspråk.

No er det slett ikkje uvanleg med skulemålsrøys-tingar, og heller ikkje uvanleg at eit fleirtal røystarfor nynorsk. Det som gjer røystinga i Sviland spe-siell, er at det var nynorskfolket som var på offen-siven og kravde røysting.

Fyrste rundeI mai 2000 vart bokmålet røysta inn i Svilandmed eit knapt fleirtal. Ved denne røystinga haddeberre foreldra til ungane som gjekk på skulen,røysterett. I juni same året gjorde Stortinget eitvedtak som kunne brukast til å hindra eit inntogfor bokmålet i Sviland. Opplæringslova vart revi-dert, og røysterettsreglane for skulemålsrøystingarendra, slik Noregs Mållag hadde kravd. Stortingetinnførte den ålmenne røysteretten ved skulemåls-røystingar att. Dette var viktig for å slå fast at mål-spørsmål ikkje er ei privatsak for foreldra til ung-ane som går på skulen akkurat då, men eit kultur-politisk spørsmål som gjeld heile bygda.

Andre rundeNo låg vegen open for omkamp, og JohnnyBråtveit og dei andre aktivistane frå Sviland varikkje seine med å gripa tak i saka.

– Eg ville ikkje at ungane mine skulle læra bok-mål på skulen, seier Johnny Bråtveit.

– Då vi fekk høyra at lova var endra, og at detkunne vera mogleg å få til ei ny røysting med eingong, fann vi ut at vi måtte slå til straks, seierhan.

Dei var ein gjeng med ti aktivistar, både mål-lagsfolk og foreldre. Aktivistgjengen samla innunderskrifter for ei ny røysting mellom dei røyste-føre i krinsen. Over 40 % skreiv under, og dimedvart det ein ny runde med skulemålsstrid. Førrøystinga vart det drive kampanjearbeid. Mellomanna ringde aktivistane til alle på lista for å minnadei om å møta opp for å røysta nynorsken inn. Ogden 14. mai sigra nynorsken i Sviland.

Stå på!Johnny Bråtveit fortel at saka fekk mykje merk-semd i Sandnes og fleire har teke kontakt for ågratulera gjengen med innsatsen. På landsmøtet iNoregs Mållag i 2001 fekk Johnny Bråtveit stå-ande applaus og tildelt ein Målblome som takkfor innsatsen.

– Har du gode råd til andre som er midt i eiskulemålsrøysting?

– Stå på! Det er ikkje så mykje anna ein kangjera. Det løner seg forresten å søkja hjelp hjåandre. Vi tok kontakt med mållaget sentralt ogfekk mange gode råd og innspel, seier JohnnyBråtveit.

Du treng: • Ein gjeng kampklare målfolk• Underskriftene til 25 % av dei røysteføre, i

krinsen, med krav om røysting

Slik gjer du det: Ei offensiv røysting er delt i to rundar. Fyrst måein samla inn underskrifter. Over 25% av deirøysteføre i skulekrinsen må skriva under på at

dei ber om røysting om skulemålet. Deretterfastset kommunestyret ein dato for sjølve røys-tinga. Då tek andre runde til. Aktivistane skal dådriva valkamp for nynorsken. Her er det mangeulike metodar som kan takast i bruk. Underrøystinga i Sviland var dei svært opptekne av åsnakka med folk i krinsen. Ta kontakt med folksom har røynsler med slikt arbeid, både skule-målsskrivaren og andre lokallag.

Oppskrift frå Sivland

Johnny Bråtveit (Foto: Hege Lothe)

33--1188 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Nye tiltak – ny kveik

Suksess for skulemålet i StavangerMed ukueleg optimisme og friskt pågangsmot får Stavanger Mållag oppretta paral-lellklasse etter parallellklasse.

– Eg brukar å seia at tosikre foreldrepar til einparallellklasse er eingod start, seier OddnyUeland i StavangerMållag. Området kringsiddisbyen har lengevore det området medflest nynorske parallell-klassar. I dag finst 25slike klassar i Stavangerog 31 i Sandnes.Gjennom fleire år harOddny Ueland vore dri-

vande i dette arbeidet. – Kva gjer at de lukkast?– Det er ikkje godt å seia. Eg trur at ein viktig

grunn er at dei som fyrst sette i gang parallellklas-searbeidet her i byen for om lag 20 år sidan, gjor-de eit retteleg nybrotsarbeid. Dei la eit godtgrunnlag. Oddny Ueland fortel at parallellklasse-tilbodet er velkjent i Stavanger. Nesten alle kjen-ner nokon som har ein unge i ein parallellklasse.Det er med på å gjera at somme ting går av segsjølv. Ho legg heller ikkje skjul på at Per IngeTorkelsen har betydd mykje for arbeidet. Han harstilt opp gong etter gong, og skapt mykje blest omklassane.

– Dessutan brenn vi for saka, seier Ueland.Mållaget i Stavanger lukkast ikkje berre fordi

dei har fått det til før. Bak suksessen ligg langsik-tige planar, vurderingar av taktikk og strategi ogein stor arbeidsinnsats. Ueland fortel at laget harmarkeringar i byen to gonger i året, der temaet er«Veit du at ungen din kan gå i nynorskklasse?».Markeringane er strategisk plasserte i mai, nåralle er ute i byen, og i samband med innskrivingapå skulane om hausten. På markeringane delerlaget ut flygeblad og fortel om klassane.

I styret til Stavanger Mållag har kvart medlemansvar for nokre skular. Dette inneber at styre-medlemene skal kontakta interesserte foreldre ogfå dei med på eit strategimøte.

– Vi set foreldra i gang. Det er dei som må tainitiativet, slår Oddny Ueland fast.

Foreldra må så få tak i lister over dei innskrivneelevane og kalla inn til foreldremøte der det vertinformert om nynorsktilbodet.

– Etter dette plar det vanlegvis å gå i orden.Parallellklassane har alltid høgste prioritet, seierOddny Ueland. Saka er oppe på alle styremøta, oger ein heilt integrert del av styrearbeidet. Det hen-der òg at folk tek kontakt med lokallaget for åmelda interesse for klassane. Nokon har høyrtrykte om klassane og vil finna ut om det er nokofor dei, andre vil ha hjelp til å koma i gang ellerha hjelp til å finna ut av regelverket. Ettersomlaget alltid arbeider med saka, prøver dei heiletida å få attendemeldingar på det dei gjer. Kvart årkallar dei inn alle foreldra som har vore aktive, tileit oppsummeringsmøte.

– Då får vi hausta røynsler frå arbeidet, og finnut om vi skal gjera noko annleis året etter, seierOddny Ueland. Det varierer frå år til år kormange nynorske parallellklassar som vert oppret-ta. Hausten 2002 kjem det til fire nye klassar.

– Kva er dine råd til andre som vil oppretta paral-lellklassar?

– Opprett kontakt med foreldra med ein gongog dra dei med i arbeidet. Ein må ha klåre avtalarmed foreldra og få dei til å skjøna at mållaget ogforeldra må stå saman, seier Oddny Ueland. Holegg til at ein i alle høve ikkje må rekna med atskulane informerer foreldra om kva rettar dei har,eller om det er mange som er innskrivne pånynorsk.

– Dessutan må ein ha tru på arbeidet og hugsaat to elevar lett kan verta ti.

Du treng:• Kontakt med interesserte foreldre• Klasselister• Foreldremøte• Jamleg oppfølging frå styret i lokallaget• Blest om klassane på anna vis

Slik gjer du: Er du utan røynsle frå slikt arbeid, kan det løna

seg å snakka med folk som har drive med dettidlegare. Målet er å få tak i minst ti ungar somvil gå i klassen. Dette får ein til gjennom å gjeratilbodet kjent og kan henda gjennom overtalingav nokon foreldre. Dette er kortversjonen, dengrundige versjonen finst i Noregs Mållag siHandbok i parallellklassearbeid. Handboka ergratis og kan tingast hjå Noregs Mållag.

Oppskrift frå Stavanger

Oddny Ueland (foto: H. Lothe)

Lagshandboka til Noregs Mållag • 44--11

Del 4: Sentrallekken

Del 4 • Sentrallekken

Del 4:

Noregs Mållag sentraltKorleis er organisasjonen Noregs Mållag bygd opp, og kva hjelp kan de få av styret og skrivarstova?

Slik er Noregs Mållag bygt opp

Noregs Mållag er ein landsomfattande organisa-sjon med om lag 11 000 medlemer (2002), og deter mållag i alle fylka i landet. Samskipnaden har19 fylkesmållag i alt, og ein eigen landsomfat-tande ungdomsorganisasjon, Norsk Målungdom(NMU). Det er om lag 200 lokallag melde inn iNoregs Mållag.

Dei sentrale organa som leier samskipnadenmellom landsmøta, er styret med sju faste medle-mer, og arbeidsutvalet med tre faste medlemer. Itillegg kjem landsrådet, som er eit rådgjevandeorgan som møtest to gonger i året. Landsrådet ersamansett av fylkeslagsleiarane, ein representantfor yrkesmållaga, ein representant frå NMU ogleiaren i styret til Noregs Mållag.

Hovudkontoret til organisasjonen er skrivar-stova, med sete i Oslo. Skrivarstova har sju tilsetteog ein sivilarbeidar, og Noregs Mållag har òg fri-kjøpt leiar i det omfanget leiaren sjølv ynskjer.

Landsmøtet

Noregs Mållag held landsmøte i mars eller aprilkvart år (til og med 2001 vart landsmøta haldneom sommaren). Landsmøtestaden skifter kvart år.Dei siste åra har det vore mellom 180 og 230utsendingar på landsmøta. Landsmøtet er det høg-ste organet i samskipnaden. Der vert lover ogarbeidsprogram vedtekne, årspengar fastsette ogstyre og varafolk valde. Landsmøtet drøftar ogsådet arbeidet som har vore gjort sidan sist lands-møte, og godkjenner rekneskapen. Elles plar detvera eit hovudemne på kvart landsmøte, medhovudinnleiing og eventuelt parallelle seminar.Vedtaka på landsmøtet er rettesnor for målarbei-

det i dei leiande organa fram til neste landsmøte.På same vis er landsmøtevedtaka bindande forlokallaga og fylkesmållaga i deira verksemd.

Val av landsmøteutsendingar skal helst skje påårsmøta i lokallaga, eller på medlemsmøte, dervalet er kunngjort på førehand. For å få fulle ret-tar på landsmøtet, må ti medlemer i laget habetalt årspengar og laget må ha levert årsmeldingfor året før. Landsmøteavgifta må også vera inn-betalt i førevegen.

Det er viktig at alle lokallag og fylkeslag senderutsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag. Påden måten får laget større innverknad på detlandsomfattande målstrevet, og gjev målrørslatyngd utetter. Her kan ein treffa målfolk frå heilelandet og drøfta felles røynsler med dei.

Haustseminaret

Noregs Mållag skipar til eit helgeseminar inovember. Dette seminaret er ope for alle mål-lagsmedlemer. Her tek ein opp sentrale målpoli-tiske emne og det er rikeleg tid til fordjuping ogdiskusjonar.

Styret

Styret i Noregs Mållag har sju faste medlemer ogfire varafolk. Fyrste varamedlem møter fast på allestyremøta. Norsk Målungdom har ein fast med-lem i styret, med personleg vararepresentant.Landsmøtet vel leiar for eitt år om gongen. Deiandre styremedlemene er valde for to år. Kvart årer halvparten av styremedlemene på val. NMU-representanten vert vald for eitt år om gongen, påNMU sitt landsmøte.

44--22 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 4: Sentrallekken

Styret driv arbeidet i Noregs Mållag mellomlandsmøta, og er ansvarleg for at landsmøtevedta-ka vert sette ut i livet. Dei siste åra har styret iNoregs Mållag hatt om lag over åtte styremøtekvart år og handsama 80 einskildsaker. Styremøtavert som regel lagde til ei helg.

Styremedlemene deler hovudarbeidsområdamellom seg og tek ansvar for kvar sine lagsområ-de rundt om i landet. Er det viktige saker someinskildlaga eller medlemene ynskjer å ta opp,kan dei gjera det ved å venda seg til skrivarstova,som vil setja saka opp på neste styremøte ellerarbeidsutvalsmøte.

Styret har den overordna styringa med økono-mien i Noregs Mållag, og alle tilsetjingar verthandsama av styret.

Arbeidsutvalet

Det er tre faste medlemer i arbeidsutvalet (AU).Det er styret i Noregs Mållag som konstituererAU kvart år, vanlegvis med leiar, nestleiar og einstyremedlem.

AU styrer organisasjonen mellom styremøta,og fylgjer opp saker som styret har pålagt det. AUhar også hovudoppfylginga av økonomien. Elleser det ofte mange ekspedisjonssaker som gårgjennom AU. Dette gjeld mellom anna represen-tasjonsoppgåver av ymse slag.

Fylkesmållaga

Noregs Mållag har 19 fylkesmållag i arbeid. Det erikkje alltid at eit fylkesmållag dekkjer eit heiltfylke. I Møre og Romsdal er det til dømes tre fyl-kesmållag, medan Austmannalaget dekkjer heileHedmark og Oppland med unnatak av dei seksValdres-kommunane. Karmsund Mållag kryssar

fylkesgrensene mellom Rogalandog Hordaland.

Fylkesmållaga har ei viktig opp-gåve i å samordna og styra målar-beidet i sine lagsområde. Årvissefylkeslagssamlingar og lagsleiar-møte er viktige i denne saman-hengen.

Årsmøta i fylkesmållaga børvera i tida 15. januar–15. marskvart år, som regel etter at årsmø-ta i lokallaga er haldne. Her skalstyre veljast, arbeidsprogram ved-takast og årspengar fastsetjast.Utsendingar til landsmøtet iNoregs Mållag må veljast på års-møta.

Lokallaga

Laga i Noregs Mållag er ei saman-sett gruppe. Dei fleste mållaga

står i dag tilmelde Noregs Mållag gjennom eit fyl-kesmållag. Ein del einskildmållag står beinvegesinnmelde i landssamskipnaden.

I dag er ni lokallag også med i NoregsUngdomslag. BUL i Oslo er det største av dei.

Tettast ligg mållaga i Hordaland, Rogaland ogpå Sunnmøre, medan Finnmark berre har eitt lagno (Varanger Mållag). Som regel fylgjer lagsområ-da kommunegrensene, men ein kan finna fleiremållag i same kommunen somme stader. Lagahar etter måten stort politisk og organisatorisksjølvstende, med eigne lagslover og arbeidspro-gram. Dette er naturleg i ei folkerørsle som harvakse opp nedanfrå, med 100 års tradisjon bakseg.

Yrkesmållaga

Noregs Mållag har sju yrkesmållag som organise-rer målfolk på særskilde fagområde: Jurist-mållaget, Medisinsk Mållag, Teologisk Mållag,Mediemållaget, Noregs Lærarmållag, NoregsForretningsmållag og Løvebakken Mållag.

SkrivarstovaSkrivarstova er administrasjonen til NoregsMållag, og ligg i Oslo. For tida ligg desse stilling-ane til skrivarstova i Oslo: Dagleg leiar, informa-sjonskonsulent, økonomikonsulent, skulemåls-skrivar, organisasjonskonsulent, kontorfullmektigog sivilarbeidar. Det er dessutan to reiseskrivarar– ein med kontor i Oslo (frå og med 1. august2002), og ein med kontor i Bergen.

Medlemsregisteret

Skrivarstova fører medlemsregisteret for alle

Landsmøte

Styret i NMLandsråd

Lokallag Lokallag Lokallag

Fylkesårsmøte

Fylkesstyre

Lagshandboka til Noregs Mållag • 44--33

Del 4: Sentrallekken

Del 4 • Sentrallekken

lokallaga. Det inneber å halda oversyn over allemedlemene i organisasjonen, kva lag dei er medi, om dei har betalt medlemspengar, rett adresse,og å føra inn nye medlemer og stryka avlidne ellerdei som melder seg ut. For å sikra at opplysning-ane i registeret er rette, sender skrivarstova utmedlemslister til lokallaga fleire gonger i året slikat dei kan kontrollera dei og retta opp feil.Lokallaga har sjølvsagt krav på å få oppdatertmedlemsliste kva tid dei ynskjer elles.Skrivarstova kan senda lista anten elektroniskeller på papir, og lokallaga kan òg tinga adresse-lappar.

Medlemspengane

Kvar medlem i Noregs Mållag skal betala med-lemspengar til kvart av lokallaga han/ho er med-lem i. Medlemspengane er gjorde opp av tredelar: ein sentralsats, fylkessats og ein lokalsats.Landsmøtet fastset og disponerer sentralsatsen,årsmøta i fylkeslaga fylkessatsen og årsmøta ilokallaga lokalsatsen. I 2002 var sentralsatsen 210kroner (fastsett av landsmøtet i Bergen i 2000).Tilrådd fylkessats er 20 kroner, og tilrådd lokalsatser 40 kroner. I Noregs Mållag kan ein vera med ifleire lokallag samstundes. Normalt betaler einfull medlemspengesats til alle laga ein er medlemi.

Avvik frå dette:• Fyrste året ein er med, betaler ein berre sen-

tralsats. På hausten plar Noregs Mållag ha eittilbod der dei som vil melda seg inn kan veramed i to år (både inneverande år og neste) tilsame pris som fyrsteårsmedlemskapen. Lokal-laga får i alle høve attendebetalt lokalsats foralle medlemene som har betalt eit år.

• Dersom ein er sidemedlem i eit yrkesmållag,betaler ein ikkje sentralsats for denne medlem-skapen. Det er berre i samband med yrkesmål-laga vi nyttar nemninga sidemedlem. Denneendringa skjedde på landsmøtet i 2001.

• Dersom ein bur i lag med ein hovudmedlem,kan ein vera familiemedlem. Då vil ein ikkje fåtilsendt Norsk Tidend i posten, men sentral-delen av medlemspengane vert halvert.

InnkrevjingLokallaga avgjer korleis medlemspengane formedlemene i laget skal krevjast inn.

Dei fleste laga vel sentral innkrevjing. Då sen-der skrivarstova ut medlemspengekrav (tidleg pånyåret) og purrar på dei som ikkje har betalt, togonger i året. Lokal- og fylkeslaga får oppgjer forsin del av medlemspengane 1. februar året etter.

Somme lag har lokal innkrevjing. Då syterlokallaga for å krevja inn medlempengar sjølve.Dei betaler så inn sentral- og fylkessatsen tilNoregs Mållag innan 1. februar året etter, og sen-

der eit oversyn til skrivarstova over kven som harbetalt. Fylkeslaga får oppgjer for sin del av med-lemspengane frå Noregs Mållag.

For å få utbetalt sin del av medlemspenganemå lokallaga ha levert årsmelding for året før detåret dei skal ha utbetalt medlemspengane for. Deilaga som hadde levert årsmelding for 2000, fekkutbetalt sin del av medlemspengane for 2001 ifebruar 2002.

Ansvar for sentrale tilskipingar

Skrivarstova har det tekniske og praktiske ansva-ret for sentrale tilskipingar som landsmøte, lands-rådsmøte, styremøte og haustseminar. Dei heldoversyn over kven som er påmelde, og syter for åsenda ut sakpapir på førehand og eventuelle refe-rat i etterkant.

Studiearbeid

Noregs Mållag produserer ein del studietilfang ogstudieringar. Skrivarstova syter for å få dette studi-etilfanget registert som studieringar hjåFolkekulturforbundet, men det er lokallaga sommelder inn når dei har studiering. Dersom de harlyst til å studera, kan de ta kontakt med skrivarsto-va for å få eit oversyn over tilgjengelege studie-ringar.

Produsjon av tilfang

Vi lagar flyge-blad til aksjo-nar og infor-masjons-,verve- og profi-leringstilfang.Dersom lokal-lag ynskjer åbruka den gra-fiske profilen til Noregs Mållag, til dømes logoeneller bokstavstolpen, er det berre å ta kontakt medskrivarstova.

Medlemsinformasjon

Vi sender ut informasjon til nye medlemer og folksom vil vita meir om Noregs Mållag. Med i pak-ken ligg det òg ein giro vedkomande kan betalafor å melda seg inn.

Arkiv

I arkivet vårt samlar vi dokumentasjon for mål-rørsla. Difor er det viktig at lokallag sender innårsmeldingar og medlemsblad. Send gjerne kopiav mållovsklagar og andre viktige brev òg.

44--44 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 4: Sentrallekken

SvarVi svarar på spørsmål om det meste som har medmålsak å gjera, anten det gjeld målrettar ellerandre saker. Ta gjerne kontakt med skrivarstovafor å få meir bakgrunnsinformasjon om ei sak devil arbeida med.

Økonomi

Skrivarstova skaffar òg inntekter til NoregsMållag. Vi sender søknader til fond og statlegeorgan (Noregs Mållag er eigen post på statsbud-sjettet), og driv anna inntektsarbeid: Det årvissekulturlotteriet, sal av tilfang, utsending av gåve-opprop til medlemene og arbeid for å skaffalysingar til Norsk Tidend.

Skulemålsskrivaren

Noregs Mållag har ein eigen skulemålsskrivarsom skal hjelpa lokallag som skal ha skulemåls-røystingar eller driv parallellklassearbeid i sittområde. Han har òg oversyn over kva lover ogreglar som til ei kvar tid gjeld. Noregs Mållag harlang røynsle med skulemålsarbeid, og er den fyr-ste du bør ringja om det ser ut til å verta skule-målsrøysting i din krins.

Reiseskrivarar

Noregs Mållag har to reiseskrivarar som har somhovudoppgåve å hjelpa til med å få aktivitet rundtom i landet. Vestlandsskrivaren har kontor iBergen, og skrivaren for resten av landet (i funk-sjon frå august 2002) har kontor på skrivarstova iOslo.

InformasjonPå skrivarstova er det ein informasjonskonsulentsom arbeider med informasjon internt i organisa-sjonen og eksternt. Denne konsulenten arbeidersaman med resten av skrivarstova og dei sentraletillitsvalde for å gje laga best mogleg informa-sjonstilbod

Nytt om nynorsk

Dette er eit kortfatta meldingsblad som vert lagaav informasjonskonsulenten. Nytt om nynorsk vertsendt gratis ut i tre eksemplar til alle laga i orga-nisasjonen. I tillegg går bladet ut til alle somynskjer å få bladet direkte i postkassa.Målsetnaden er at meldingsbladet skal koma utåtte til ti gonger i året. Nytt om nynorsk inneheldkortfatta meldingar om aktuelle målsaker og einaktivitetskalender for kva som skjer i organisasjo-nen. Om nokon i laget ditt ynskjer å få Nytt omnynorsk heim til seg, er det berre å gje meldingom dette til skrivarstova.

Norsk TidendMedlemsavisa til Noregs Mållag heiter NorskTidend. Avisa kjem ut fem gonger i året til allemedlemene i Noregs Mållag og Norsk Mål-ungdom. I tillegg går ho til tingarar; både privat-personar og institusjonar. Norsk Tidend er deneinaste informasjonen som fast når ut til allemedlemene i mållaget. Slik sett er avisa den vikti-gaste kommunikasjonskanalen mellom sentral-lekken og medlemene, i tillegg til at avisa er viktigfor utveksling av informasjon, meiningar og idearmellom lokallaga og medlemene. Det er difor nyt-tig at laget ditt gjev melding til redaktøren avNorsk Tidend om aktivitet i distriktet ditt. Det kantil dømes vera aktivitet i eige lag, at kommunenhar sett i gang eit spanande prosjekt eller at eilokal verksemd har teke i bruk nynorsk. Slik kanNorsk Tidend vera til nytte for heile organisasjo-nen og verta ei betre avis for lesarane. NorskTidend vert redigert etter redaktørplakaten. Det vilseia at det er redaktøren åleine som avgjer kvasom skal stå i avisa, etter retningsliner som ergjevne av styret i Noregs Mållag.

Norsk Tidend kan òg brukast som eksterninformasjon. Om de ynskjer å dela ut avisa ellerleggja ut bunkar med aviser på det lokale kultur-huset, kafeen eller biblioteket, kan de ta kontaktmed sentrallekken og få tilsendt gratisaviser.

Nettsidene til Noregs Mållag

Nettsidene til mållaget finn de på www.nm.noDette er ein nettstad for organisasjonen som vertjamleg oppdatert med nyhendestoff om NoregsMållag, målsak og andre interessante saker somgjeld nynorsk. Til dømes kan ein finna vedtekterfor organisasjonen, arbeidsprogram, prinsippro-gram og andre viktige dokument.

Nyhendesida www.nyhende.no

Kvart år mottek Noregs Mållag over 4000 presse-klypp om mållag, dialekt og nynorsk i alt frå lokal-aviser til radio og fjernsyn. Det er slett ikkje lett åfylgja med i nyhendebiletet. Dette har NoregsMållag freista bøta på med å laga ei nyhendesideder vi vel ut dei viktigaste nynorske nyhendesa-kene kvar dag.

Mållagslista

Dette er ei felles e-postliste for alle medlemer iNoregs Mållag og Norsk Målungdom. På dennelista vert det sendt ut informasjon frå sentrallek-ken om aktuelle saker eller møte. Mållagslista skalòg vera ei debattliste der alle kan sende innleggom aktuelle saker til lista.

Lagshandboka til Noregs Mållag • 44--55

Del 4: Sentrallekken

Del 4 • Sentrallekken

PressetenesteNoregs Mållag sender jamleg ut pressemeldingarom kva Noregs Mållag meiner om ulike politiskesaker. Om lag 30 til 40 pressemeldingar vert kvartår sende ut frå sentrallekken. Desse meldinganevert ofte følgde opp på telefon direkte med redak-sjonane. Noregs Mållag har ei eiga publiseringste-neste som jamleg vert oppdatert med nye e-post-adresser. Dette er ein effektiv måte å nå ut tilmedia på. Frå tid til anna kjem lokallaga våre medpresseutspel som med fordel kan nå lenger utenn til eiga lokalavis. Om de ynskjer hjelp til å nåut til eit større publikum, ta kontakt med informa-sjonskonsulenten på skrivarstova.

Medie- og journalistkurs

Norsk Tidend har saman med Motmæle skipa tiljournalistkurs for medlemer og andre somynskjer å læra meir om korleis ein skriv tekstar ogtek bilete til aviser. På eit journalistkurs får delta-karane opplæring i korleis dei kan ta i bruk ulikesjangrar, som til dømes reportasjejournalistikk,nyhendejournalistikk og kulturjournalistikk.Dessutan får dei opplæring i korleis ein brukar eitkamera og korleis ein komponerer gode bilete.

Mediekurset har ei anna vikling. Det går inn påkorleis du som tillitsvald kan bruka media til åkoma ut med synspunkt, informasjon om aktivite-tar og utspel frå mållaget. På kurset får ein tildømes opplæring i å skriva pressemeldingar,lesarinnlegg og i å ta direkte kontakt med redak-sjonane. Om laget ditt, eller fleire lag i distriktetditt har lyst til å skipa til eit slikt kurs, kan de takontakt med skrivarstova for å få tips om kurshal-darar.

Informasjonstilfang

Noregs Mållag utformar ofte nytt tilfang om aktu-elle målsaker. Dette er tilfang som laga kan brukatil utdeling på eigne tilskipingar, til postkasseutde-ling eller til flygebladaksjonar. Føremålet meddette tilfanget er at vi skal koma ut med syns-punkta til mållaget. I tillegg er det viktig å synafram mållaget i nærmiljøet. Som ein aktiv politiskpressorganisasjon er vi sjølvsagt alltid opptekne avå nå ut til folk og verva nye medlemer.

Dette tilfanget er i hovudsak gratis og kan ting-ast frå skrivarstova. Det er alltid kjekt om der erute i god tid. Om ikkje det går; ting tilfang likevel!Som regel greier vi å få pakkar fram på to-tredøgn. Tilfanget vert i regelen forma med heilelandet som målgruppe. Ta kontakt om de harbruk for noko, eller om de ynskjer oversyn overkva vi har.

Medlemsblad for Noregs Mållag

Framhald av Fe

draheimen og Den

Valgerd Svar

stad Hauglan

d frå

Kristeleg

Folkeparti er

ny kyr-

kje- og kulturministe

r. Ho er

den første nynorsk

e ministe

re

den 20-årige so

ga til Kultur

partementet.

– Det er klårt

ventar

oss

ekstra

Svars

lanm

en av

ker

Mykle-

n si nyaste

Side 12

okklubben

ungar feira

oppstar-

låmann Barn

ebok-

i Aasen-tu

net i Hovde-

da. Bli m

ed på prinsess

e-

kstad og les

eit heilt

sant

ventyr om den ves

le guten

ville fi

nne dei a

ller

da.Side 8

og 9

ariat

å vi

Historisk

kulturmin

F

44--66 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 4: Sentrallekken

Lagshandboka til Noregs Mållag • 55

Del 5: Vedlegg

Del 5 •

Vedlegg

Del 5:

Vedlegg

5.1 Prinsipprogram

5.2 Lov for Noregs Mållag

5.3 Arbeidsprogram 2001-2004

5.4 Landsmøteføresegner

5.5 Samarbeidsavtale mellom Noregs Mållag og Norsk Målungdom

5.6 Mønsterlov for lag i Noregs Mållag

5.7 Møtestyring

5-8 Målstriden i tal

5.9 Nyttige adresser

55 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 5: Vedlegg

Lagshandboka til Noregs Mållag • 55..11--11

Del 5.1: Prinsipprogram

Del 5 •

Vedlegg

PrinsipprogramVedteke på landsmøtet i Trondheim 26. juli 1997

Føremål

Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunnenytte dialekten sin, og for at folk i bygd og by skalvelje og ta i bruk det nynorske skriftmålet. NoregsMållag arbeider for å fremje nynorsk på alleområde i det norske samfunnet.

Grunnlag

I striden for nasjonal, sosial og kulturell frigjeringfekk det norske folket sitt eige skriftmål. IvarAasen granska dei norske målføra og sette opp eilandsgyldig, samlande norm. Nynorsken byggjerpå dei norske målføra som står i ubroten saman-heng med gammalnorsk.

Prinsippa som Aasen bygde skriftmålet på, gjernynorsken til eit språk som alle kan kjenne segheime i, og til ein god reiskap for tanke og kom-munikasjon.

Det nynorske skriftmålet vart reist av ei brei fol-kerørsle, retta mot kulturell og sosial kuing.Målfolket har stridd nynorsken fram som bruks-mål på stadig nye område. Noregs Mållag byggjervidare på denne tradisjonen.

Talemål

Dialektane står sterkare i Noreg enn i mangeandre land, ikkje minst på grunn av arbeidet tilmålrørsla. Trass i språkleg undertrykking har folkhevda retten til å bruke sitt eige språk, slik at dia-lekttale i dag er den vanlegaste uttrykksmåten forfolk flest.

Dialektane er utsette for eit sterkt press, særlegfrå talt og skrive bokmål. Noregs Mållag forsvarerdialektane og dialektbruken mot dette presset.

Normert nynorsk tale kan vere eit viktig ryggstøbåde for skriftspråket og for målføra.

Skriftmål

Noregs Mållag arbeider for at enkel setningsbyg-nad og folkeleg seiemåte skal vere stilmønster forskriftspråket, og for å lage nyord på heimleggrunn framfor å hente dei inn frå andre språk.

Noregs Mållag ynskjer at nynorsken skal nor-merast på sjølvstendig grunnlag.

Samisk og kvensk språk og kultur

Noregs Mållag stør samar og kvener i deira stridfor språk og kultur.

Andre språkgrupper

Røter i eige språk, eigen kultur og eigne tradisjo-nar gir folk tryggleik og eit godt grunnlag for eitlikeverdig hopehav med andre. Noregs Mållag størdifor det arbeidet minoritetar i Noreg driv forspråkleg og kulturell rettferd.

Internasjonalt samarbeid

Noregs Mållag stør tiltak som styrkjer og vernarom språkleg og kulturelt mangfald, og vil søkjekontakt og samarbeid med andre organisasjonarog språkgrupper som arbeider for språklege ogkulturelle rettar.

Noregs Mållag og prinsipprogrammet

Medlemene i Noregs Mållag legg prinsipprogram-met til grunn for arbeidet. Noregs Mållag er parti-politisk ubunde, men kan ta stilling i einskildsa-ker og samarbeide med andre organisasjonar nårdet tener målsaka.

55..11--22 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 5.1: Prinsipprogram

Lagshandboka til Noregs Mållag • 55..22--11

Del 5.2: Lov for Noregs Mållag

Del 5 •

Vedlegg

Lov for Noregs MållagVedteken 21. juli 1978, med brigde frå 26. juli 1980, 29. juli 1982, 28. juli 1983,25. juli 1985, 30. juli 1987, 30. juli 1988, 26. juli 1992, 31. juli 1993, 28. juli 1995,27. juli 1996, 26. juli 1997, 25. juli 1998, 31. juli 1999, 30. juli 2000 og 29. juli 2001.

I Føremål

§ 1.1 Noregs Mållag vil arbeida for å gjera dennorske målreisingstanken til røyndom.

II Samskipnaden

§ 2.1 Noregs Mållag er landssamskipnaden forlaga i målrørsla. Eit mållag skal ha minst 10medlemer.

§ 2.2 I Noregs Mållag kan den vera med som vilarbeida for målreisinga i samsvar med prinsip-programmet og lova for samskipnaden.

§ 2.3 I regelen skal einskildlaga innanfor einlandslut samarbeida i eit fylkesmållag.Fylkesgrensene skal så langt råd samsvara medfylkesgrensene i Noreg. Ingen av dei nove-rande fylkeslaga i Noregs Mållag kan slåastsaman eller delast mot deira eigen vilje.Fylkesmållaga må godta lova for NoregsMållag, og grensene for desse laga skal veragodkjende av landsmøtet i Noregs Mållag. Eitfylkesmållag skal ha minst 3 lag.

§ 2.4 Yrkesmållag som er skipa for heile landet,kan vera med i Noregs Mållag når dei godteklova for samskipnaden. Har eit slikt lag minst 3einskildmållag, kan det få same rettane iNoregs Mållag som fylkesmållaga, etter vedtakpå landsmøtet.

§ 2.5 Der det ikkje er fylkesmållag, kan einskild-lag takast opp beinveges i landssamskipnaden.Landsmøtet avgjer slike saker etter tilråding fråstyret.

§ 2.6 Folk som bur slik til at dei ikkje har høve tilå vera med i eit mållag, kan verta beinvegesinnmelde i Noregs Mållag gjennom fylkeslaget.

§ 2.7 Noregs Mållag kan til vanleg ikkje meldastinn i ein annan samskipnad. Noregs Mållagkan vera med i internasjonale samskipnadersom har tilsvarande føremål som NoregsMållag. Innmeldinga skal godkjennast avlandsmøtet.

III Norsk Målungdom

§ 3.1 Norsk Målungdom er ungdomsorganisasjo-nen til Noregs Mållag. Einskildlag i NMU ereinskildlag i Noregs Mållag, men NMU gjereigne vedtak om tuft, arbeidsprogram og loversom laga i NMU arbeider etter. Desse vedtakakan ikkje stri mot det breie grunnlaget somligg i lovene og prinsipprogrammet til NoregsMållag. Dette grunnlaget er sams for dei toorganisasjonane.

§ 3.2 Norsk Målungdom svarar ei -1- krone forkvar medlem til Noregs Mållag.

§ 3.3 Landsmøtet til Norsk Målungdom vel einrepresentant til styret og ein representant tilvalnemnda i Noregs Mållag, begge med per-sonlege varafolk. Vala skjer for eitt år i gongen.

§ 3.4 Tilhøvet mellom NM og NMU er nærareordna gjennom samarbeidsavtalen.

IV Plikter

§ 4.1 Når eit lag er med i Noregs Mållag, har detskyldnad til, så langt det evnar, å gjera røyn-dom av dei måla samskipnaden set opp i prin-sipprogram og arbeidsprogram.

§ 4.2 Fylkeslaga, dei beinveges innmelde laga ogyrkesmållaga skal syta for å få lovene sine god-kjende av Noregs Mållag. I tilfelle det er usem-je innan styret i Noregs Mållag om godkjen-ning, skal saka leggjast fram for landsmøtet tilavgjerd.

§ 4.3 Fylkesmållaga og yrkesmållaga skal sendamelding til styret i Noregs Mållag om nyskipaog oppattskipa lag. Det same gjeld NorskMålungdom.

§ 4.4 Alle laga skal på føreskriven måte sendaårsmelding og andre meldingar om arbeidetsitt til styret i Noregs Mållag innan dei fristarstyret fastset.

55..22--22 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 5.2: Lov for Noregs Mållag

§ 4.5 Noregs Mållag fører medlemslistene forlokallag og fylkeslag, og pliktar å senda utdesse med jamne mellomrom. Laga pliktar åkontrollera dei og senda inn tillegg og retting-ar.

§ 4.6 Noregs Mållag har faste årspengesatsar somvert vedtekne på kvart landsmøte. Landsmøtettilrår ein lokal- og fylkessats. Årspengane vertkravde inn av Noregs Mållag sentralt, men deilaga som bed om det, har høve til å krevja innårspengane sjølve. Familiemedlemer betalerhalv sentralsats. Lag som også er med i NoregsUngdomslag krev inn årspengane sjølve ogbetaler halv sentralsats. Medlemer i yrkesmål-lag som også er med i lokallag, svarar ikkjesentral sats gjennom yrkesmållaget.Heidersmedlemer i Noregs Mållag svarar ikkjeårspengar til samskipnaden. Noregs Mållagskal innan 1. februar betala ut lokallags- og fyl-keslagssatsen for årspengar som er betalte innåret før. Lag med lokal innkrevjing skal innansame dato betala årspengar for året før til fyl-keslaget og Noregs Mållag sentralt. (Lovend-ringa i § 4.6 skal fyrst ta til å gjelda frå 2003.)

V Landsmøtet

§ 5.1 Noregs Mållag held landsmøte kvart år.Landsmøtet fastset saklista. Kvart tredje år vertdet vedteke eit langtidsarbeidsprogram forNoregs Mållag. Landsmøtet kan likevel vedtasærskilt hovudoppgåve for komande arbeidsår.

Kvart landsmøte skal likevel ha føre dessesakene:a) årsmelding for siste landsmøteperiodenb) årsoppgjer for førre kalenderår, med etter-

synsmeldingc) budsjett for komande ård) årspengar for året etter komande årete) val i samsvar med lova

§ 5.2 Omframt landsmøte vert halde etter vedtak istyret, eller når det blir kravt av så mange lag atrepresentasjonsretten deira svarar til ein tredelav dei som har møterett på landsmøtet. Påslike landsmøte kan det ikkje gjerast vedtak iandre saker enn den/dei som var årsak til inn-kallinga.

§ 5.3 Innkallinga til landsmøtet skal styret sendaut skriftleg til einskildlaga, fylkesmållaga ogNorsk Målungdom seinast to månader før 1.møtedagen. Framlegg til sakliste og krav om åsenda inn den landsmøteavgifta som styret harfastsett, skal sendast saman med innkallinga.Papira som høyrer til saklista og tilrådinga fråvalnemnda, skal vera utsende minst ein månadfør møtet. Når lokal- og fylkeslag sender fram-legg til lovendringar jf. § 11.1 seinast to måna-

der før 1. landsmøtedagen, har styret plikt til åføra framlegga opp på saklista og landsmøtet tilå handsama dei. Når lokal- og fylkeslag senderframlegg til fråsegner seinast ein månad før 1.landsmøtedagen, har styret plikt til å føra fram-legga opp på saklista og landsmøtet til å hand-sama dei. Landsmøtet avgjer med vanleg fleir-tal om det vil handsama framlegg som kjeminn seinare og framlegg frå utsendingar.

§ 5.4. Utsendingar til landsmøtet skal i regelenveljast på årsmøtet til laget. Når det ikkje erhøve til det, kan utsendingane veljast på eitvanleg lagsmøte, når valet er kunngjort i inn-kallinga til møtet. Utsendingane må vera med-lemer i Noregs Mållag og bør veljast frå detlokallaget dei naturleg soknar til, jf § 5.5.

§ 5.5 Einskildlaga med frå 10 til 50 betalandemedlemer for førre kalenderår kan senda 1utsending til landsmøtet, lag med frå 51 til 100medlemer kan senda 2 utsendingar, og størrelag kan senda 1 utsending for kvart påbyrja 100medlemer, opp til 10 utsendingar. Fylkesmållagmed opptil 300 medlemer kan senda 2 utsen-dingar. Større fylkesmållag kan senda 1 utsen-ding for kvart påbyrja 300 medlemer, opp til 10utsendingar. For Norsk Målungdom gjeld samereglane som for fylkesmållag.

§ 5.6 Røysterett på landsmøtet har styremedle-mene i Noregs Mållag, utsendingar frå NorskMålungdom, fylkesmållag og einskildlag somhar sendt årsmelding og årspengar for sisteåret og betalt landsmøteavgift. Landsmøtet kanvedta at nyskipa lag som har betalt landsmøte-avgift, skal ha ein utsending med røysterett.Kvar utsending har ei - 1 - røyst.

§ 5.7 Berre talerett på landsmøtet har utsendingarfrå lag som ikkje har sendt årsmelding og års-pengar for siste året.

VI Styret med arbeidsutval og ettersyn

§ 6.1. Noregs Mållag har eit styre på 7 medlemerog 4 varamedlemer, valde av landsmøtet.Leiaren og nestleiaren vert valde særskilt foreitt år, og dei andre styremedlemene for 2 år,men likevel slik at 2 styremedlemer står på valkvart år. Varamedlemene vert valde for eitt år. 1av styremedlemene med personlege varafolkvert vald av landsmøtet i Norsk Målungdom, jf§ 3.3. Styret har øvste ansvaret for samskipna-den mellom landsmøta.

§ 6.2 Styret kan ha eit arbeidsutval på 3 medle-mer, leiar og nestleiar skal å så fall veramellom desse. Styret fastset arbeidsføresegner

Lagshandboka til Noregs Mållag • 55..22--33

Del 5.2: Lov for Noregs Mållag

Del 5 •

Vedlegg

for AU. Styret skal ha minst 6 møte i året.

§ 6.3 Styret er vedtaksført når minst 5 er til sta-des, av desse minst 3 styremedlemer.

§ 6.4 Styret kan setja ned arbeidsutval og råd forymse arbeidsområde og tilsetja tenestefolk somdet ikkje ligg til landsmøtet å velja. Styret skalfastsetja instruks for dei tilsette.

§ 6.5 Noregs Mållag skal ha eit landsråd saman-sett av leiar, nestleiar, fylkesleiar, leiaren iNorsk Målungdom, 1 representant for yrkes-mållaga vald på fellesmøte mellom styra i deiog 1 frå Norsk Målungdom vald på deira lands-møte. Nestleiarane i fylkesmållaga, NorskMålungdom og 1 representant for yrkesmållagaer varafolk til landsrådet. Landsrådet skal veraeit drøftings- og planleggingsorgan for sam-skipnaden og eit rådgjevande organ for styret.Landsrådet skal normalt ha to møte i året.

§ 6.6 Ettersyn skal veljast på kvart landsmøte.

§ 6.7 Året før kvart stortingsval skal styret leggjafram ein arbeidsplan for å påverka dei politiskepartia i valåret. Denne planen bør vera drøftapå rådleggingsmøte med utsendingar for fyl-keslaga og Norsk Målungdom.

§ 6.8 I alle landsmøtevalde organ skal beggekjønn vera med. Har eit styre eller ei nemnd 5medlemer eller fleire, skal begge kjønn verarepresenterte med minst 40 %.

VII Valnemnda

§ 7.1 Etter tilråding frå styret i Noregs Mållag vellandsmøtet kvart år ei valnemnd på 5 medle-mer med 3 varamedlemer. Leiar for nemndavert vald særskilt. Nemnda sit til neste lands-møte. Ein av medlemene med personlege vara-folk skal vera vald av landsmøtet i NorskMålungdom, jf § 3.3.

§ 7.2 I arbeidsbolken førebur valnemnda vala pålandsmøtet. Nemnda oppmodar fylkesmållaga,einskildlaga og medlemene om å koma medframlegg til valet. Nemnda må ha ferdig tilrå-dinga seinast ein månad før landsmøtet.

VIII Lagsbruk

§ 8.1 Dei fylkeslaga og einskildmållaga i NoregsMållag som eig, driv eller har partar eller luteri forretningstiltak som ikkje kjem inn underlagsrekneskapen, betalar kvart år eit tilskot -lagsbruksavgift - til organisasjonen. Tilskotetskal fastsetjast som del av omsetnaden. Nærarereglar er fastsette i «Føresegner for lagsbruk».

§ 8.2 Lagsbruk skal nytta nynorsk i verksemda si.

IX Nedlegging

§ 9.1 Fast eigedom eller lut i fast eigedom eigd avlag som er med i Noregs Mållag kan ikkjeavhendast utan samtykke frå styret i NoregsMållag. Det same gjeld bortleige på åremål der-som bortleiga er på meir enn 5 år.

§ 9.2 Inntektene ved sal av fast eigedom, lut i fasteigedom eller anna eige, kan ikkje nyttast tilandre føremål enn det som går fram av § 1.1.

§ 9.3 Lag som sit med fast eigedom som dei driveller leiger vekk, pliktar å levera særskild års-melding, rekneskap og budsjett for dennedelen av lagsdrifta til Noregs Mållag.

§ 9.4 Vert eit mållag nedlagd, eller skifter føre-mål, så det ikkje lenger kan stå i Noregs Mållagskal styret i fylkesmållaget ta vare på medelentil laget til dess det vert skipa eit nytt lag somskal vera med i Noregs Mållag. Eit lag vertrekna som nedlagt dersom det ikkje har levertårsmelding for dei tre siste åra innan den fast-sette fristen.

§ 9.5 Vert eit fylkesmållag, yrkesmållag eller bein-veges innmeldt einskildlag nedlagt, eller skifterføremål, skal styret i Noregs Mållag ta vare påmedelen til laget til dess det vert skipa eit til-svarande nytt lag.

§ 9.6 Når det er gått 5 år, og eit lag som ernemnd under § 9.4 og § 9.5 ikkje er kome igang att, kan lagsmedel som er teken vare på,nyttast i målarbeidet. Når 5-årsfristen er gått ut,kan ikkje eit nyskipa eller oppattskipa lag gjerakrav på medelen.

§ 9.7 Ankesaker med grunnlag i avgjerder under§§ 9.1, 9.4 og 9.5 skal avgjerast med endelegverknad av landsmøtet i Noregs Mållag.

§ 9.8 Føresegnene i §§ 9.1 - 9.7 gjeld ikkje forNorsk Målungdom og lag tilknytt NorskMålungdom.

X Noregs Mållag og studiearbeidet

§ 10.1 Noregs Mållag har som ei hovudoppgåve ådriva opplysningsverksemd, og er tilsluttaFolkekulturforbundet til dette føremålet.

XI Lovbrigde

§ 11.1 Denne lova kan landsmøtet brigda med 2/3fleirtal, når framlegget til brigde er kunngjortminst 1 månad føreåt.

55..22--44 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 5.2: Lov for Noregs Mållag

Lagshandboka til Noregs Mållag • 55..33--11

Del 5.3: Arbeidsprogram 2001-2004

Del 5 •

Vedlegg

Arbeidsprogram 2001-2004Noregs Mållag arbeider etter treårsplanar, og landsmøtet sommaren 2001vedtok eit nytt arbeidsprogram.

1 Innleiing

Dette arbeidsprogrammet gjeld frå landsmøtet ijuli 2001 til landsmøtet våren 2004 og ligg tilgrunn for arbeidet i samskipnaden. Styret vedtekårlege tiltaksplanar og har hovudansvaret for atarbeidsmåla vert nådde og prioriteringane følgde.Fylkes- og lokallag vedtek eigne arbeidsplanar ogprioriteringar ut frå lokale tilhøve. Til grunn forarbeidsprogrammet ligg prinsipprogrammet forNoregs Mållag, vedteke 26.7.1997.

Noregs Mållag er hovudorganisasjonen for dennorske målreisinga og ein samskipnad som harstor språkpolitisk slagkraft når kreftene vert bruk-te på den rette måten. Arbeidet vert lagt ned på tohovudfrontar: Noregs Mållag arbeider for atnynorsk og dialekt skal bli meir brukt på alleområde i det norske samfunnet og i alle delar avlandet, samstundes som samskipnaden er detfremste organiserte uttrykket for over ein halvmillion nynorskbrukarar og skal arbeida for åfremja og verna om interessene til dei som i dagskriv nynorsk.

Etter at tilhøvet mellom nynorsk og bokmål harvore stabilt i fleire tiår, er framtida meir usikkerenn på lenge, både for nynorsk og for norsk språki det heile. Det aukande språklege og kulturellepresset som følgjer av internasjonalisering, sen-tralisering, urbanisering og IT-revolusjonen vilsetja alle språk utanom dei store verdsspråkaunder kraftig press i tida som kjem. Det vil blistadig viktigare å forsvara den grunnleggjande ret-ten det er å få bruka sitt eige språk i alle saman-hengar, til å få undervisning på og i språket, til åfå skriftleg tilfang på språket og til å bruka det ihopehav med styresmakter og andre. NoregsMållag ser kampen for nynorsk og dialekt i Noregsom del av ein global kamp for språkleg og kul-turelt mangfald og legg dette internasjonale per-spektivet til grunn for alt målarbeid.

Det største trugsmålet mot nynorsken og dia-lektmangfaldet er i dag ikkje den medvitne og ide-ologisk motiverte motstanden som målrørsla tra-disjonelt har kjempa mot. Det største trugsmåletkjem i dag og i tida framover frå den språklegelikesæla som får bokmålsfleirtalet til å rekna alleavvik frå det ’normale’ og dominerande bokmåletsom unødvendige, forstyrrande og upraktiske inn-slag som vert motarbeidde av praktiske grunnar.

For Noregs Mållag er det difor eit overordnamål å gjera målreisinga til eit meir sentralt sam-funnsspørsmål i treårsperioden gjennom å atter-reisa målspørsmålet som rikspolitisk tema ogsom eit spørsmål som engasjerer folk flest. For åoppnå dette må Noregs Mållag innanfor dei prio-riterte arbeidsfelta verta ein meir profilert og einskarpare organisasjon, byggja fleire og sterkarealliansar og få ei sterkare forståing for synspunktasine på alle nivå i dei politiske partia. Dette setsærleg store krav til medie- og informasjonsarbei-det, og til evna samskipnaden har for å gjennom-føra landsfemnande kampanjar.

Det sterke ankerfestet til nynorsken påVestlandet er både ein styrke og ein veikskap fornynorsk som riksspråk og bruksmål. Det er einavgjerande styrke for nynorsken at målet har fåtteit så kraftig fotfeste i ein landsdel at det er detdominerande skriftmålet på alle samfunnsområ-de. Samstundes er det ein stor veikskap atnynorsk har tapt terreng som fyrstespråk i andrelandsdelar. Målrørsla må i denne situasjonen bådeta godt vare på nynorsken der han i dag er domi-nerande og arbeida for at det skal bli fleirenynorskbrukarar i dei områda der nynorsken idag står veikt. Her bør innsatsen i fyrste rekkjesetjast inn i dei områda der nynorsk har vore opp-læringsmål dei siste 30 åra, og i byar og folkeriketettstader. Viktigast i forsvaret for nynorsk somnasjonalmål er det likevel at den obligatoriskeopplæringa i bokmål og nynorsk for alle vert førdvidare og styrkt.

Hovudoppgåva til Noregs Mållag er framleis åsyta for ein nynorsk oppvekst; at born i barneha-ge- og skulealder lærer nynorsk og får ei forståingfor verdien av nynorsken og dialektane. Det eravgjerande for at nynorsk skal ha ei framtid somlevande bruksspråk. Noregs Mållag vil difor haldafram med arbeidet mellom elevar, foreldre, læra-rar og barnehagetilsette.

For at det skal bli enklare for dei unge å brukanynorsk, og for at målet skal få ein auka status isamfunnet, er det samstundes viktig at nynorskenkjem sterkare inn på prestisjetunge område derhan i dag er kraftig underrepresentert om einjamfører med talet på nynorskbrukarar. Det gjeldi fyrste rekkje informasjonsteknologi, media ognæringsliv. Noregs Mållag vil difor i treårsperio-

55..33--22 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 5.3: Arbeidsprogram 2001-2004

den satsa tungt på å fremja nynorsk innanfordesse felta. Nynorsk står i dag sterkt i lokalebedrifter og lokalmedia mange stader i nynors-kområda, òg i IT-bedrifter. Noregs Mållag måbåde arbeida for å styrkja nynorskbruken og byg-gja alliansar lokalt på desse felta, og og arbeida forgjennombrot på nasjonalt plan der meir og meirav makta ligg, både i media, IT-bransjen og inæringslivet elles.

Noregs Mållag må auka talet på tillitsvalde iorganisasjonen i aldersgruppa 25-45 år. Dette erviktig for måten målrørsla framstår på, og for atdet skal vera mogleg å styrkja posisjonen vår somein viktig aktør i samfunnet. Folk i den aktuellealdersgruppa er foreldre, og dei sit ofte i viktigeposisjonar i samfunnet. Det kan såleis få storeringverknader dersom dei i større grad identifise-rer seg med målrørsla og driv målarbeid i kvarda-gen sin. Dette vil gje ungdomar fleire førebileteog gjera målrørsla mindre sårbar.

Noregs Mållag skal i perioden styrkja profilensin som ein tydeleg kulturpolitisk organisasjonsom både engasjerer seg i saker som har direkteverknad for nynorsk- og dialektbruken, og i spørs-mål som omveges har mykje å seia, som spørsmå-let om norsk EU-medlemsskap, kommune- og fyl-kessamanslåingar og andre sentraliseringssaker.Noregs Mållag ønskjer at dagens busetjingsmøn-ster skal haldast oppe og vil arbeida for å aukamedvitet om kor viktig språk, kultur og identiteter i arbeidet for å halda oppe levande lokalsam-funn og distrikt.

Noregs Mållag skal førast vidare og styrkjastsom ein brei folkeleg og friviljug samskipnad derlokallaga er grunnstomnen. Noregs Mållag skal ialt dagleg arbeid og på alle arbeidsfelt leggja vektpå å utvikla arbeidsmåtar som engasjerer dei fles-te i samskipnaden. Det må vera eit overordna målat alt målpolitisk arbeid skal føra til organisatoriskvokster. Samstundes må Noregs Mållag satsa meirpå å utvikla organisasjons- og samværsformeneslik at samskipnaden som heilskap og særleglokallaga vert meir attraktive for unge vaksne somønskjer å gjera ein innsats for målreisinga. Detmå særleg satsast meir på å utvikla ei sterkarenettverksorganisering med utgangspunkt i yrkes-mållaga, og gjera Internett og elektronisk infor-masjonsutveksling til ein integrert del av lagsdrif-ta på alle nivå i samskipnaden.

2 Målpolitiske arbeidsfelt

2.1 Nynorsk oppvekst

Hovudmål 2001-2004:• stabilisera prosenten av nynorskelevar på

2000-nivå• forsvara alle nynorskkrinsar og vinna tilbake

minst tre bokmålskrinsar

• skapa tradisjonar for nynorskklassar og paral-lellklassearbeid i minst fem av dei størstebyane

• få gjennomslag for ein statleg læremiddelpoli-tikk som tek omsyn til den teknologiske utvik-linga

• få i gang eit større forsøksprosjekt som vil styr-kja undervisninga i nynorsk sidemål

• styrkja språk- og kulturformidlinga i barneha-gane ved å spreia ’kulturbarnehagen’

• fremja bruken av nynorsk som andrespråk

BarnehageDet barnekulturelle feltet er prega av ei altforsterk språkleg einsretting som kjem av at kultur-institusjonar, -industri og marknadsføring favori-serer og gjev prestisje til bokmålet. Denne situa-sjonen er særleg eit trugsmål mot nynorsken ogdialektane og såleis mot det språklege og kulturel-le oppvekstmiljøet til ungar over heile landet.

Barnehagen er viktig for utviklinga av språklegog kulturell identitet, men dei gode kulturelleintensjonane i Rammeplanen for barnehagar(1996) blir ikkje sette godt nok ut i livet. NoregsMållag vil arbeida for at dei kulturelle ambisjo-nane i barnehagane blir styrkte, særleg når detgjeld nynorsk skriftkultur og dialektar. Dette børprimært vera ei offentleg oppgåve, men NoregsMållag vil sjølv medverka med tiltak som kan støei slik satsing. Mange lokallag samlar inn tradi-sjonsstoff og gjev dette ut i bokform, og på sen-tralt hald må det arbeidast for å sikra kulturbarne-hageavisa Pirion drift på lengre sikt. NoregsMållag vil også arbeida med å vidareutvikla ogspreia kursopplegget knytt til Pirion. Her harlokallaga ei særleg viktig rolle.

Noregs Mållag meiner at det er viktig at ungarover heile landet får møta sitt eige språk gjennomkulturtilbod som bøker, forteljingar, film og teater.Bokmålsdominansen og favoriseringa av prestisje-tunge sosiolektar frå Oslo vest har gått altforlangt. Barneproduksjonane til NRK må desentrali-serast slik at programma i større grad speglarheile landet språkleg og kulturelt.

Noregs Mållag vil arbeida for at det offentlegeset i gang tiltak for å auka talet på nynorske bar-nebøker. Det same gjeld produksjon av nynorskelydbøker, CD-ar, kassettar, filmvideoar og dataspel.Det har til no vore problematisk for dei nynorskebøkene å bli synlege i marknaden og nå fram tillesarane. Noregs Mållag vil aktivt stø opp om dennynorske barnebokklubben.

GrunnskuleDei siste tiåra har nynorsk som opplæringsmålvore under press frå to kantar. Geografisk harnynorsken tapt terreng særleg i Trøndelag, Agderog delar av Austlandet ved at skulekrinsar har gåttover til bokmål. På sikt er det uheldig for nynorsksom landsfemnande nasjonalmål at målet vert

Lagshandboka til Noregs Mållag • 55..33--33

Del 5.3: Arbeidsprogram 2001-2004

Del 5 •

Vedlegg

konsentrert i område der det står sterkt frå før.Den største endringa kjem likevel av demografis-ke tilhøve – folkeauken har i 90-åra vore størst iområde der nynorsken står svakt og bokmåletsterkt. På 30 år har såleis talet på nynorskelevarauka med 20 000 medan prosenten av elevarsom har nynorsk som hovudmål har minka med3%. Dette er uheldig for nynorsk som jamsteltnasjonalmål. Dårleg kommuneøkonomi gir dess-utan stadig fleire utslag i skulenedleggingar, sku-lemålsrøystingar og press mot parallellklasseord-ninga. Gjennombrotet for nynorskklassar i byanei 90-åra er eit stort lyspunkt, men har ikkje greiddå kompensera for tilbakegangen.

Prognosar for folketalsutviklinga tyder på atden negative utviklinga vil halda fram, og målset-jinga fram til 2004 må vera å stabilisera nynorsk-prosenten i grunnskulen på 2000-nivå. Dette krevein auke på om lag 2500 nynorskelevar årleg sommå koma gjennom ein innsats på desse felta:• intensivering av arbeidet for nynorskklassar,

særleg i dei største byane og i tidlegarenynorskkrinsar

• hindra at skular med nynorsk går heilt over tilbokmål gjennom røysting eller delvis ved at detblir skipa bokmålsklassar

• setja i gang ein kampanje for å ta attendenynorskkrinsar som gjekk tapt i perioden1970-2000

• arbeida mot skulenedleggingar som trugarnynorsken og for ei styrking av kommuneøko-nomienStyret konkretiserer dette arbeidet i ein femårs-

plan for skulemålsarbeidet som vert revidert eingong i året. Planen skal særleg leggja vekt på å sjåskulemålsarbeidet i samanheng med andrearbeidsfelt og på korleis dette arbeidet kan få einmeir sentral plass i lokallag og fylkeslag. NoregsMållag skal heile tida ha oppdatert kunnskap omspråkfordeling og kullstorleik i utsette område.Alle fylkeslag skal i perioden utvikla skulemåls-planar for sine fylke.

Nynorsk- og blandingsområde:Jamvel i dei sterkaste nynorskområda møter ele-vane mykje bokmål utanfor skulen og meir ogmeir bokmål i skulen. Dette bokmålspresset gjerein del elevar språkleg utrygge og er avgjerandebåde for at elevar seinare byter til bokmål, at bok-målklassar blir etablerte, og at nynorsk blir røystaut av krinsen. For å førebyggja dette, må elevanegjerast meir språkleg sjølvtrygge og sjølvmedvitneved at dei språklege nettverka rundt elevane blirstyrka, og ved at nynorsken blir gjort til ein positivdel av identiteten deira. Lærarane må gjerast meirmedvitne om den viktige rolla dei har.

Der det er eller kan koma bokmålsklassar inynorskkrinsar bør ein freista å overtyda foreldraom dei språklege og kulturelle verdiane vednynorsken. Dersom ressursmangel eller skule-

nedleggingar er ein grunn til at det kjem bok-målskrav, bør mållaget engasjera seg mot dette.

Dersom det kjem krav om røysting i nynorsk-krinsar, skal dette ha høgste prioritet på alle nivå isamskipnaden. Krinsar som har gått over til bok-mål dei siste 30 åra, skal kartleggjast systematiskmed tanke på å få minst tre krinsar til å gåattende til nynorsk i perioden og byggja opp einoffensiv for å ta attende fleire krinsar i den nestetiårsperioden. Noregs Mållag skal arbeida for åsetja val av skulemål inn i ein breiare kulturpoli-tisk samanheng lokalt og med det styrkja interes-sa for spørsmålet blant andre enn foreldregruppa.

Noregs Mållag vil forsvara den allmenne røyste-retten i skulemålsval.

Bokmålsområde/byar:Nynorskklassar i dei største byane er i dag særlegviktige for å gjera det synleg at nynorsk er eitspråk for alle. I blandingsområde er nynorskklas-sane viktige for å førebu overgang til nynorsk ikrinsen og halda oppe og auka talet på nynorsk-elevar.

Parallellklassearbeidet må samordnast og styr-kjast med sikte på ein ny offensiv i perioden. Detvil vera særleg viktig å knyta nettverk og grupperav foreldre som driv slikt arbeid tettare til målla-get, og å arbeida for at lokallaga i større grad vertdrivande i arbeidet utan sentral innsats. Det er iperioden eit mål å få til nynorskklassar årleg ogeit sjølvgåande parallellklassearbeid i minst 5 avdei største byane. Det må leggjast vekt på å spreiaden store sentrale og lokale kompetansen på feltettil fleire lokallag og foreldregrupper.

Noregs Mållag vil arbeida for at kommunanerespekterer regelverket, informerer godt om paral-lellklasseretten og legg betre til rette for at forel-dre kan velja målform for ungane sine.

MålbyteOpp mot ein tredel av alle nynorskelevar byter tilbokmål før dei er ferdige med den vidaregåandeskulen. Sjølv om ein del av desse vender tilbake tilnynorsken i vaksen alder, er dette ei av dei størsteutfordringane for nynorsken.

Målbytet er ei følgje av at nynorskbrukarane er imindretal og må såleis møtast gjennom eit arbeidfor å styrkja nynorsk som allment bruksmål utan-for skulen, særleg på prestisjetunge felt sominformasjonsteknologi, media og næringsliv.

Skuleverket og lærarane har eit stort ansvar forat elevane står imot bokmålspresset som skulen idag ikkje tek nok på alvor. Ei god norskundervis-ning er det som mest av alt kan hindra målbyte. Iblandingsområda kjem nynorskelevar ofte i einvanskeleg mindretalsposisjon på ungdomsstegetog i den vidaregåande skulen der tilhøva blir lagtaltfor dårleg til rette for at nynorskelevane kanhalda på målet sitt, og der dei tek over negativehaldningar til nynorsk frå bokmålselevar og læra-

55..33--44 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 5.3: Arbeidsprogram 2001-2004

rar. Noregs Mållag vil arbeida for å styrkja dei for-melle språklege rettane til elevar på desse stega.

Noregs Mållag vil samarbeida med NorskMålungdom om å informera elevane om språkle-ge rettar og verdien av å halda på nynorsk somhovudmål. Dette arbeidet må primært rettast mot7. klassingar, 10. klassingar og 3. klassingar i denvidaregåande skulen.

LæremiddelLæremiddelstoda for nynorskelevane betra segnoko gjennom skulereformene i 1990-åra. Etterat godkjenningsordninga for lærebøker vart avvik-la i 2000, er situasjonen likevel meir usikker ennpå lenge, og særleg alvorleg er det at det ennoikkje er nokon fast praksis for at elektroniskelæremiddel og undervisningsopplegg kjem inynorskversjon sjølv om lova krev dette.

Dei store endringane på læremiddelfeltet gjerdet naudsynt for Noregs Mållag å forma ut ein nylæremiddelpolitikk som kan sikra nynorskelevarfullgod tilgang på alle typar læremiddel i framtida.Dette skal byggja på prinsippet om at læremidlaskal koma til same tid og pris på nynorsk og bok-mål, samstundes som Noregs Mållag skal vurderaom bruken av språkkløyvde utgåver/versjonar børutvidast på det elektroniske området. NoregsMållag vil mellom anna arbeida for at styresmak-tene lagar ordningar som sikrar retten til nynorsk-bøker, òg i utlånsordninga for skulebøker.

For å kompensera for bortfallet av godkjen-ningsordninga, vil Noregs Mållag at det skal ski-past ein sentral tilsynsfunksjon som kan informe-ra lærarar og elevar om kva prenta og ikkje-prentalæremiddel som finst på nynorsk. Til dette skjervil Noregs Mållag sjølv laga eit slik oversyn ogmobilisera til ’svartelisteaksjonar’ dersom det ernaudsynt.

I føresegnene til opplæringslova er det gjortunnatak for parallellutgåvekravet når det gjeldvanlege kontorstøtteprogram. Noregs Mållag vilarbeida for å fjerna dette unnataket som er eialvorleg svekking av dei språklege rettane til ele-vane.

Mange skular og institusjonar tilbyr berre bok-målsopplæring for innvandrarar, og ein viktiggrunn er ofte at dei manglar læremiddel pånynorsk. Noregs Mållag vil arbeida for at styre-smaktene sikrar nynorske læremiddel til opplæ-ring av framandspråklege i Noreg. Alle innvandra-rar må òg få betre opplæring i dialekttalemål ognynorsk, og få undervising i sitt eige morsmål.

SidemålDen obligatoriske skriftlege sidemålsopplæringabyggjer på ei snart hundre år gamal nasjonalspråkpolitisk semje og er ein grunnstein formange av dei praktiske skipnadene i norsk språk-politikk. Sidemålsordninga er uløyseleg knytt tilden språklege jamstellinga og nynorsken sin sta-

tus som nasjonalmål, og eit vilkår for språkleg ogkulturelt mangfald i Noreg. Motstand mot obliga-torisk sidemål er såleis motstand mot nynorsk.Det er både kulturelt og praktisk naudsynt at allenordmenn i dag lærer seg både bokmål ognynorsk, og det er ein rett å få god opplæring ibåe språka. Noregs Mållag vil difor forsvara ogstyrkja sidemålet i grunnskulen og i den vidaregå-ande skulen.

Sidemålet har dei siste åra møtt urovekkjandemotstand i ein del politiske miljø, særleg dei ung-domspolitiske. Noregs Mållag vil arbeida for atalle parti og ungdomsparti programfester ja tilsidemål og vil i perioden særleg arbeida for atHøgre skal gjera dette. Noregs Mållag vil føravidare og byggja ut den breie kulturfronten forsidemål frå hausten 2000.

Noregs Mållag er uroa over kvaliteten på denundervisninga som blir gjeve i nynorsk sidemålog stør alle prosjekt og forsøk som har som reeltmål å gjera sidemålsopplæringa betre. Slike for-søk bør ta utgangspunkt i moderne skrive- oglesepedagogikk og ha som utgangspunkt attospråksituasjonen skal utnyttast for å auka dentotale skriftspråklege kompetansen til elevane.Noregs Mållag vil arbeida for at det kjem i gangslike prosjekt og vert utvikla meir eigna læremid-del, og samskipnaden vil sjølv engasjera seg i åutvikla lærar- og elevkurs.

Noregs Mållag meiner det formelle rammever-ket kring sidemålsordninga er bra nok, men vilarbeida for at den skriftlege sidemålsundervis-ninga skal ta til seinast i 6. klasse.

LærarutdanningaEi god grunnutdanning og etterutdanning avlærarar er nøkkelen til å gje nynorskelevar godhovudmålsundervisning og bokmålselevar godsidemålsundervisning.

Lærarutdanningsinstitusjonane har eit stortansvar for at det skortar på kunnskap og motiva-sjon hjå lærarane når det gjeld forståinga fornynorsken og den norske språksituasjonen.Lærarutdanninga må òg ta innover seg at deiutdannar lærarar som har svært mangelfullekunnskapar i det å kunna skriva nynorsk. N

Norskundervisninga i allmennlærarutdanningaog den praktisk-pedagogiske utdanninga må gje-rast betre slik at studentane meistrar nynorskgodt og utviklar meir kreative og konstruktivehaldningar til undervisninga i nynorsk somhovudmål og sidemål.

Noregs Mållag vil arbeida for at norskfaget i fyr-ste omgang vert utvida til å få eit reelt omfang på10 vekttal i lærarutdanninga og for at forholda blirlagde til rette slik at fleire vel fordjuping på 20-40vekttal. Noregs Mållag vil arbeida for at 20 vekttalblir obligatorisk for allmennlærarstudentar og 10vekttal for førskulelærarstudentane.

Lagshandboka til Noregs Mållag • 55..33--55

Del 5.3: Arbeidsprogram 2001-2004

Del 5 •

Vedlegg

AndrespråksopplæringNoregs Mållag vil arbeide for å fremje bruken avnynorsk i andrespråksopplæringa. Arbeidet vilvere konsentrert om fire moment for å få eit over-syn over problemfeltet, formulere eit målpolitiskutgangspunkt, påverke styresmaktene til å gi støt-te til læremiddel og forskingsmidlar, og påverkeforskingsmiljøa.

2.2 Informasjonsteknologi og media

Hovudmål 2001-2004:• gjennombrot for nynorsk som IT-språk ved at

det blir utvikla nynorskversjonar av dei vanle-gaste sluttbrukarprogramma

• opning for nynorsk på redaksjonell plass i deistørste riksavisene

InformasjonsteknologiInnanfor IT-feltet skal Noregs Mållag prioriteraarbeidet for nynorskversjonar av sluttbrukarpro-gram som mest direkte grip inn i språkbruk ogspråklæring, og som vert brukte av elevar og folkflest i kvardagen. Dette vil seia: 1) språkteknologi,2) vanlege kontorstøtteprogram og operativsy-stem, og 3) digitale læremiddel.

Noregs Mållag ser den statlege innkjøpspolitik-ken som nøkkelen for å få utvikla nynorskversjo-nar av dei mest brukte programma og vil arbeidafor å få knytt klare språkjamstellingskrav til alleoffentlege datainnkjøp. Dette må både gjelda kjøpav ferdig utvikla program og utvikling av eignedatasystem.

Noregs Mållag vil arbeida for å mobiliseranynorskmarknaden til eit auka marknadspress ogpolitisk press på styresmaktene og programva-reindustrien. I tillegg vil Noregs Mållag samarbei-da med IT-næringa for å finna fram til dei bestepraktiske og konstruktive løysingane for utvik-linga av nynorskversjonar.

Noregs Mållag ønskjer av praktiske og økono-miske grunnar at det i størst mogleg grad skalutviklast tospråklege dataløysingar der brukarensjølv kan velja og veksla mellom nynorsk og bok-mål framfor at det blir laga eigne nynorske pro-grampakkar.

PresseEi rad lokalaviser og nokre få regionaviser inynorskområda utgjer i dag grunnstammen i dennynorske pressa og i nynorsk skriftkultur i detheile. For nynorskbrukarar i nynorskområda erdet avgjerande at lokalavisene har rammevilkårsom gjer det mogleg å halda oppe utgjevingsfre-kvensen og utvikla avisene vidare. Noregs Mållagvil difor arbeida for auka pressestøtte til lokalavi-sene.

Dei største riksavisene har framleis forbod motnynorsk på redaksjonell plass og har ikkje følgtetter dei mindre og meiningsberande riksavisene

og nokre dominerande regionaviser i å sleppa tilnynorsken. Noregs Mållag skal arbeida for atnynorsk vert brukt på redaksjonell plass i dei vik-tigaste riks- og regionsavisene, mellom annagjennom samarbeid med journalist-fagforeining-ane.

Noregs Mållag vil òg arbeida for å få avskaffabokmålsmonopolet i NTB.

Noregs Mållag meiner at arbeidet for å gjenynorsken auka rom i pressa i fyrste rekkje børsetjast inn på å styrkja nynorskbruken i dei orga-na som alt finst framfor å skipa nye nynorskeorgan. Det er likevel svært viktig for det nynorskepressemiljøet at Dag og Tid og NynorskPressekontor får levelege vilkår.

Radio/fjernsynNRK må haldast oppe som ein lisensfinansiert ogstatleg eigd ålmennkringkastar som når ut til folki heile landet. Slik er det ikkje i dag. Alle må få til-gang på NRK2. Det er langt att til NRK når kravaom 25% nynorsk, og programproduksjonen erframleis alt for Oslo-dominert. Noregs Mållag vildifor særleg arbeida for at NRK oppfyller denspråkpolitiske målsetjinga i alle kanalar, at det blirprodusert fleire barneprogram med dialekttale ognynorsk tale, og at distriktskontora blir styrkte.

Det må knytast like strenge språkpolitiske vil-kår til konsesjonane til private radio- og fjernsyns-kanalar som til NRK. Minst 40 % av dei statlegeinntektene frå konsesjonsavgifta må gå til pro-gramproduksjon på nynorsk eller dialekt.

Staten må ta ansvaret for at breibandsteknologi-en når fram til alle norske husstandar til same tidog pris slik at digitale radio- og fjernsynskanalarnår fram til alle.

BokbransjenNoregs Mållag ønskjer ei litteraturlov som sikrarat dagens ordningar med at alle bøker er tilgjeng-elege og kostar det same over heile landet blir førtvidare sjølv om bokbransejavtala forsvinn. Det måinnførast klåre eigarskapsavgrensingar i bokbran-sjen slik at dei store bokmålskonserna ikkje får eitfullstendig monopol.

Dei eksisterande bokklubbane har vist seg somueigna distribusjonskanalar for nynorskbøker.Noregs Mållag ser ingen kulturpolitiske grunnartil at bokklubbane skal ha betre vilkår enn bok-handlane og krev difor at ei litteraturlov slår fastat bøker skal kosta det same i bokklubbane som ibokhandelen, eventuelt at nye bøker ikkje kan sel-jast gjennom bokklubb dei fyrste seks månadene.

Innkjøps- og tilskotsordningane for bøker måstyrkjast og utvidast slik at dei aktivt stimulererutgjevinga av bøker på nynorsk.

Noregs Mållag vil arbeida for å føra vidare detgenerelle driftstilskotet til Samlaget.

55..33--66 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 5.3: Arbeidsprogram 2001-2004

2.3 Næringsliv

Hovudmål 2001-2004:• få minst to landsfemnande handelskjeder til å

marknadsføra seg på nynorsk i nynorskområda• få dei største bank- og forsikringskonserna til å

etablera ein tospråkleg politikk• få minst to landsfemnande organiasjonar til å

marknadsføra seg på nynorsk i nynorskområ-da.

Gjennom reklame og produktinformasjon stårnæringslivet for ein stadig viktigare del av deitotale språkinntrykka som når fram til folk flest.Næringslivet har tradisjonelt vore ein bokmåls- ogriksmålsbastion. Sjølv om bedrifter i nynorskom-råde i aukande grad har teke i bruk nynorsk imarknadsføring og som internspråk, dominererframleis bokmålet både i mange lokale bedrifterog særleg i dei landsfemnande reklamekampan-jane som blir stadig viktigare di større konsernaog eigarkonsentrasjonen vert.

Handelsnæringa og bank- og forsikringsnæ-ringa er særleg viktige fordi dei driv ei marknads-føring som når fram til svært mange. Det viktigas-te for Noregs Mållag er i fyrste omgang at mestmogleg av den marknadsføringa som når fram tilnynorskbrukarar, skjer på nynorsk. Noregs Mållagønskjer at nynorsken blir ein sjølvsagt del av for-retnings- og marknadsstrategien og det indre liveti bedriftene.

Noregs Mållag har som mål at to handelskjeder,og helst store konsern innanfor daglegvarehande-len, innfører ein språkpolitikk som slår fast atnasjonale og regionale marknadsføringskampan-jar skal gjennomførast på nynorsk i nynorskområ-da.

I bank- og forsikringsnæringa ønskjer NoregsMållag at konserna skal etablera ein tospråklegpolitikk som gjer det mogleg for kundane å veljaindividuelt mellom bokmål og nynorsk, og atmarknadsføringa skjer på nynorsk i nynorskområ-da. Noregs Mållag har som mål at minst to storebank- eller forsikringskonsern og innfører eintospråkleg politikk.

Reiselivsnæringa er viktig fordi ho gjennommarknadsføringa formidlar lokalt og regionaltsærpreg. Noregs Mållag meiner at marknadsfø-ringa av reisemål i lokalsamfunn og regionar dernynorsken har tradisjon, bør skje på nynorsk iden norske og skandinaviske marknaden. NoregsMållag har som mål at nynorsk skal bli det domi-nerande målet i publikasjonar og anna eksternspråkbruk frå minst eitt regionalt reiselivsrådmeir i løpet av perioden, og at det skal finnastminst ei tung reiselivsbedrift i området til kvartreiselivsråd i nynorskområda som profilerer segpå nynorsk.

Noregs Mållag skal i perioden byggja opp kom-petanse, kontaktnett og strukturar som kan sikraat arbeidet for meir nynorsk i næringslivet blir

ført vidare som eit permanent arbeidsfelt. NoregsMållag vil samarbeida med kommersielle ogikkje-kommersielle tiltak som arbeider for meirbruk av nynorsk og dialekt og eit auka språklegmedvit i næringslivet. Direkte språkhjelp, opplæ-ring og motivasjon av tilsette og annan assistansebør i størst mogleg grad ytast av andre ennNoregs Mållag.

2.4 Kulturpolitikk

Hovudmål 2001-2004:• styrkja og utvikla dei nynorske kulturinstitusjo-

nane, regionalt og nasjonalt• arbeida for at folk skal ha gode kulturtilbod

same kvar dei bur i landet• motarbeida kulturell og språkleg einsretting

innanfor kulturlivet• samarbeida i alliansar som arbeider for å gjera

kulturpolitikk til ein viktig del av distriktspoli-tikken

Noregs Mållag skal vera synleg i det kulturpolitis-ke ordskiftet i Noreg og argumentera for at kul-turpolitikk er viktig for desentralisert busetnad ogutvikling av levedyktige by- og bygdesamfunn.Dårleg økonomi gjer at mange kommunar ned-prioriterer kulturtilboda, og dette er med på åutarma mange lokalsamfunn. Noregs Mållagønskjer ei eiga kulturlov, og at kulturpolitikk blireit prioritert område innanfor distriktspolitikken.Ein må sikra alle, same kvar dei bur i landet, godekulturtilbod, mediemangfald og den teknologiensom trengst for å realisera denne målsetjinga.

Noregs Mållag arbeider for å forsvara og styrkjanasjonale institusjonar som Det Norske Teatret,Det Norske Samlaget, Ivar Aasen-instituttet ogIvar Aasen-tunet. Desse hjørnesteinsinstitusjo-nane i den nynorske skriftkulturen må sikrast res-sursar som gjer det mogleg å fylla den viktigenasjonale kulturoppgåva dei har. Teatret må fålike store løyvingar som Nationaltheatret, og IvarAasen-tunet må kunna arbeida under rammersom gjer det til ein fullverdig nasjonal kulturinsti-tusjon. Tunet har ein viktig nasjonal funksjon,men må også sjåast i tilknyting til europeisk oginternasjonalt språkmangfald.

Dei nasjonale nynorskinstitusjonane må styr-kjast. Dette må byggja på at dei er bruhovud fornynorsk skriftkultur og gå jamsides med arbeidetfor å styrkja nynorsken i andre kulturinstitusjo-nar. Både Noregs Mållag og nynorskinstitusjo-nane sjølve bør motarbeida tendensar til at nynor-sken vert marginalisert og sperra inne i nynorsk-institusjonane. Dette er viktig for å motarbeidaden språklege einsrettinga på det kulturelle feltet iNoreg.

Noregs Mållag vil arbeida for at dei friviljugeorganisasjonane vert høgare verdsette og motar-beida tendensen til at dei økonomisk og på andre

Lagshandboka til Noregs Mållag • 55..33--77

Del 5.3: Arbeidsprogram 2001-2004

Del 5 •

Vedlegg

måtar kjem i skuggen av dei profesjonelle kultur-institusjonane.

Noregs Mållag ønskjer at folkebiblioteka somfolkeopplysningsinstitusjonar blir kraftig styrkteog moderniserte. Biblioteka må ha eit breitt tilbodav nynorske bøker og gjevast ekstra ressursar forå få breibandtilknyting. Bibliotektenester må veragratis for brukarane.

2.5 Offentleg målpolitikk og målbruk

Hovudmål 2001-2004:• gjera styrkinga av nynorsken spesielt og norsk

språk ålment til ei meir sentral rikspolitiskoppgåve, mellom anna gjennom omorganise-ring og ei kraftig opprusting av Norsk språkråd

• utvida verkeområdet for mållova og innførasanksjonar i lova

• få minst ein ny kommune til å gå over tilnynorsk styringsmål

Språkpolitikk har lenge vore eit nedprioritert feltbåde innanfor den statlege, fylkeskommunale ogkommunale kulturpolitikken. Noregs Mållag mei-ner at det trengst ein langt meir aktiv politikk frådet offentlege og særleg frå staten si side for å for-svara nynorsk mot presset frå bokmål og engelsk.

Noregs Mållag meiner at staten må syta for einstørre gjennomgang av heile den norske målsto-da, både i offentleg og privat sektor. Ei slik språk-leg maktutgreiing må skapa eit grunnlag for einny og meir offensiv politikk til forsvar av dialektar,nynorsk og norsk språk i det heile mot presset fråengelsk. Det må her stå sentralt korleis måljam-stellinga kan gjennomførast fullt ut i det offentle-ge og korleis det offentlege i større grad kan tavare på rettane til nynorskbrukarane i media,næringsliv og organisasjonslivet. Arbeidet måmellom anna syna korleis Norsk Språkråd kanutviklast til å bli eit meir effektivt verktøy i arbei-det for norsk mål.

Noregs Mållag skal arbeida for at målspørsmå-let får høgare prioritet i dei politiske partia og par-tiprogramma, og at det vert ei viktigare sak fram-for stortings- og kommunevala enn før.

Mållova må handhevast strengare, og det måknytast sanksjonsmiddel til lova som både rettarseg mot tenestefolk og organ som ikkje følgjerlova. Omorganiseringa av offentleg sektor måmøtast med at verkeområdet for lova vert utvidaslik at alle fristilte og delprivatiserte statlege føre-tak kjem inn under lova uavhengig av organisa-sjons- og selskapsform.

Noregs Mållag skal saman medLandssamanslutninga av nynorskkommunararbeida for at minst ein kommune til krevnynorsk i skriv frå staten og/eller byter teneste-mål til nynorsk, at ingen kommune skiftar frånynorsk, at minst 10 kommunar og to fylkeskom-munar vedtek handlingsplanar for språk, og at

minst 20 kommunar vedtek målbruksplanar.Noregs Mållag vil i perioden ta til med eit

arbeid med å kartleggja val av kyrkjemål i kyrkje-lydane, og å vurdera om den praktiske teologiut-danninga er god nok med tanke på at prestane ògskal kunna arbeida i nynorske kyrkjelydar.

Noregs Mållag vil òg kartleggja valet av mål-form i salmar som vert nytta i kyrkjesokn mednynorsk liturgi.

2.6 Talemål og skriftmål

Hovudmål 2001-2004:• stabilitet i nynorsknorma, både i rettskriving

og ordtilfang• få i gang ein kampanje for norske tradisjons-

ord og ordlaging• samordna og vidareutvikla dialektarbeidet i

lokallag og fylkeslag • styrkja bruken av nynorsk standardtalemål i

etermedia

Noregs Mållag ønskjer at det nynorske skriftmåletskal normerast på sjølvstendig grunnlag og at sta-bilitet i ordtilfang og rettskriving skal vera eitoverordna mål for Norsk språkråd si normeringav nynorsken. Paragraf 1b (samnorskparagrafen) ilov om Norsk språkråd bør fjernast, og NoregsMållag vil arbeida for at språkrådet set i gang einkampanje for å styrkja bruken av dei nynorsketradisjonsorda og dialektorda, norsk ordlagings-tradisjon og norske avløysarord i staden for engel-ske. Noregs Mållag vil forsvara ’Noreg’ somnynorsk eineform. Normeringspolitikken tilNoregs Mållag er nedfelt i landsmøtevedtaka frå1999 og 2000.

Dialektane er det fremste uttrykket for lokal ogregional identitet. Svekkinga av dialektmangfaldeter med på å utarma lokalsamfunna kulturelt.Dette stiller Noregs Mållag seg svært kritisk til.Noregs Mållag ser dialektarbeidet som eit viktigkulturpolitisk forsvar for lokalsamfunna og dis-trikta og vil leggja til rette for at lokallag og fylkes-lag kan driva med lokalt og regionalt dialektarbeidgjennom å samordna og vidareutvikla dialektar-beidet.

Noregs Mållag bør arbeida for å få nynorskbru-kande akademikarar til å utvikla nynorske fagom-grep.

Noregs Mållag ser bruken av nynorsk standard-talemål i radio og fjernsyn som ein stor styrke fornynorsk som bruksmål i samfunnet og ønskjer atdet nynorske standardtalemålet må få større rom ietermedia. Noregs Mållag ønskjer særleg atnynorsk standardtale med nordnorsk, trøndsk ogaustlandsk underlag vert styrkt for å bryta nedmyten om at nynorsk er eit vestlandsmål.

55..33--88 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 5.3: Arbeidsprogram 2001-2004

2.7 Internasjonalt arbeidHovudmål 2001-2004:• markera nynorsken og dialektane i Det euro-

peiske språkåret 2001• synleggjera kva konsekvensar globalisering og

kulturell einsretting har for nasjonale og lokalespråk og kulturar

• knyta kontaktar med folkerørsler i andre land

Den norske målstriden er ikkje unik i verdssam-anheng. For at det skal vera mogleg å sjå den nor-ske målstriden i samanheng med andre språkstri-dar i verda, skal Noregs Mållag knyta kontaktarmed institusjonar, organisasjonar og representan-tar for folkegrupper i Noreg og i andre land somarbeider for lokale og nasjonale språk.

Noregs Mållag skal arbeida for at markeringaDet europeiske språkåret 2001 får fram verdien avnynorsk og dialektar i Noreg, og for å gjera dennorske sidemålsordninga internasjonalt kjendsom ei mogleg løysing for språkkløyvde samfunn.

Noregs Mållag skal arbeida for at Noreg enga-sjerer seg i internasjonale forum for minoritets-språk og mindre brukte språk. Noregs Mållag skalha eit internasjonalt utval. Utvalet skal få aukaressursar til arbeidet med å skaffa kunnskap ominternasjonale språktilhøve og knyta kontaktarmed andre språk- og kulturrørsler.

Noregs Mållag skal arbeida for å få språk-, kul-tur- og identitetsperspektivet betre fram i det nor-ske Europa- og EU-ordskiftet. Noregs Mållag skalskaffa seg kunnskap om språktilhøva i EU-syste-met og i EU-landa.

Noregs Mållag er imot norsk EU-medlemskapog vil engasjera seg på nei-sida dersom det blirvedteke å søkja om EU-medlemskap i perioden.Noregs Mållag vil då arbeida for at språk-, kultur-og identitetsspørsmål vert meir sentrale enn iførre EU-strid.

Noregs Mållag skal arbeida for å knyta kontak-tar til det vestnordiske samarbeidet, for å knytaNoreg tettare til det og å styrkja det som eit alter-nativ til EU.

3 Samskipnaden

Hovudmål 2001-2004:• styrkja rekrutteringa av aktive lagsfolk, særleg i

aldersgruppa 25-40 år• auka medlemstalet til 13 000 i 2004 • auka talet på fungerande lokallag med 5% årleg • vurdera rolla til fylkeslaga med sikte på ei styr-

king av denne organisasjonslekken• tredobla talet på registrerte studietimar i sam-

skipnaden • styrkja og vidareutvikla yrkesmållaga gjennom

nye metodar for nettverksbygging• gjera Internett og elektronisk informasjonsut-

veksling til ein integrert del av verksemda på

alle nivå i samskipnaden og til den primæreinformasjonskanalen

Noregs Mållag må satsa sterkt på organisasjons-bygging dei komande åra. Særleg viktig er det åskaffa fram nye aktive lagsfolk som kan avlastadei som har halde organisasjonen i gang i fleiretiår. Noregs Mållag skal difor systematisk kartleg-gje tidlegare NMU-aktivistar og medlemer av mål-laget som er mellom 30 og 40 år. Målet er åmobilisere denne generasjonen til ei sentral tilski-ping, serleg retta mot denne aldersgruppa, tidleg iperioden. Landsrådet i Noregs Mållag vart innført i 1995etter vedtak på landsmøtet, og ordninga skal eva-luerast for å sjå om landsrådet fyller dei funksjo-nane det var tiltenkt ved skipinga.

Noregs Mållag skal gjennomføra eit 3-årig pro-sjekt med eigne tilsette til styrking av grunnorga-nisasjonen i arbeidsprogramperioden. Prosjekteter to-delt og vil ha ein tilsett (50-100% stilling)med kontorplass på Vestlandet og ein eller fleiretilsette med kontorplass i Oslo eller andre stader.Stillinga som er lokalisert på Vestlandet vil arbei-da med prosjekt over heile Vestlandet, medan denandre stillinga vil vera knytt til større prosjekt ieinskilde fylkeslag, med delfinansiering frå fylkes-laga.

Med organisasjonssatsinga tek Noregs Mållagsikte på å styrkja heile organisasjonen, både imedlemstal og i lokal aktivitet. Ei viktig målset-jing vil vera å gje arbeidet ei klårare retning ut fråpolitiske prioriteringar og analysar av kvar me iframtida vil møta dei sterkaste åtaka på nynorskenog kvar me i dag står for veikt og treng byggja oppeit ankerfeste lokalt.

Satsinga vil få det omfanget økonomien tillet,med sikte på å greia å finanisera to heile stillingarmed alle kostnader.

3.1 Lokallag og fylkeslag

Laga er sjølve reisverket i Noregs Mållag og denviktigaste ressursen i organisasjonen. Det er tru-leg den ressursen som vert dårlegast utnytta i dag.Noregs Mållag vil særleg arbeida for å styrkjarekrutteringa og lokallagsstyra gjennom betreleiartrening i organisasjonen.

Styremedlemer og tilsette i Noregs Mållag børtil saman vitja alle fylkeslag og minst 50 lokallagkvart arbeidsår. I tillegg skal lokal- og fylkeslagstyrkjast ved å rekruttera fleire tillitsvalde i alders-gruppa 25-45 år. Fylkeslaga vert oppmoda om ålaga eigne målsetjingar og kampanjar for å få tildette, og Noregs Mållag sentralt kan skaffa listerover medlemer i den aktuelle aldersgruppa.

Mange fylkeslag har store problem med å fyllarolla si som ein fungerande mellomlekk mellomlokallag og sentralleiing, og med å vera drivande imålarbeidet i området sitt. Som ein lekk i arbeidet

Lagshandboka til Noregs Mållag • 55..33--99

Del 5.3: Arbeidsprogram 2001-2004

Del 5 •

Vedlegg

med å prøva ut regionale målkontor skal NoregsMållag vurdera korleis det regionale nivået børorganiserast for å bli meir slagkraftig og effektivt.

Attåt haustseminaret (det tidlegare vintersemi-naret) bør Noregs Mållag kvart arbeidsår skipa tilminst eitt sentralt seminar som primært er lagt tilrette for tillitsvalde og aktivistar i lokallag og fyl-keslag. Noregs Mållag sentralt skal i tillegg samar-beida med fylkeslaga om regionale kurs og semi-nar, og her skal samlingar som femner om fleirefylkeslag prioriterast.

3.2 Studiearbeid og målpolitisk utviklings-arbeid

Folkeopplysningsarbeidet har alltid vore viktig formålrørsla. I dag er det lov om vaksenopplæringsom gjev retningslinjene for korleis samfunnetstør dette arbeidet. Noregs Mållag er med i studi-eorganisasjonen Folkekulturforbundet.

Vaksenopplæring i dialekt-, språk- og andre kul-turspørsmål er ein viktig føresetnad for målarbei-det. Studieringen er her ei viktig smie for det kul-turmiljøet som mållaget må vera i nærområdet.Ringen er ikkje berre for eigne medlemer, men ògfor rekruttering til laget. Å fremja vaksenopplæ-ring der nynorsken er fagspråket, er ein føreset-nad for framgang for nynorsk som bruksspråk.

Studiearbeidet og målpolitisk utviklingsarbeider viktig for skuleringa i organisasjonen og ei inn-tektskjelde for lokallaga. Studiearbeidet i samskip-naden har dei siste åra vore nedprioritert. Detkjem truleg av at det ikkje finst nok studieopp-legg, at informasjonen om dei studieoppleggasom finst ikkje er god nok, og av manglandekunnskap i å driva studiearbeid.

Noregs Mållag skal i perioden rusta opp studie-arbeidet gjennom å utvikla minst eitt nytt studi-eopplegg i året, informera betre om dei studi-eopplegga som alt er utvikla sentralt, i fylkeslagaog i lokallaga, og arbeida for å auka studieaktivite-ten og innrapporteringa m.a. gjennom å lagabetre rettleiingar for studieleiarane. Det er òg vik-tig at laga ut frå eigne føresetnader arbeider utkurs- og studiemateriell til lokalt bruk.

Den viktigaste målpolitiske nyskapinga i perio-den vil vera prosjektet Målreising 2006, som ifyrste omgang kjem ut med ei artikkelsamlingseinhausten 2001. Boka vil vera eit godt grunnlagfor studiearbeid i organisasjonen. Prosjektet skalfram mot 100-årsjubileet til Noregs Mållag i 2006følgjast opp med å ta initiativet til eit større for-skingsprosjekt.

3.3 Informasjons- og mediearbeid

Noregs Mållag må vera synleg som ein meinings-berande stridsorganisasjon. Samskipnaden ogpolitikken må gjerast meir synleg for vanlege folk,styresmakter, skuleverket, andre offentlege insti-

tusjonar, næringsliv og organisasjonar.Noregs Mållag skal stå fram som ein kulturpoli-

tisk stridsorganisasjon, med ei sterk vektleggingav målreisinga som ei brei kulturreising.

Massemedia er ein viktig påverknadskanal forNoregs Mållag. Skrivarstova og dei sentrale tillit-svalde må straumlineforma eit opplegg med åovervake media, og ha eit opplegg for å kommen-tere/reagere på ulike utspel og debattar. I utgangs-punktet er dei regionale avisene og distriktskonto-ra til NRK fylkeslaga sitt ansvar og utfordring.Skrivarstova, styret og fylkeslaga bør likevel arbei-da saman med saker for dei regionale aktørane.Dei lokale mållaga har eit heilt nettverk av lokal-aviser og lokalradioar som står klare til bruk.

Norsk Tidend skal førast vidare som medlems-blad og gje medlemene, nynorskfolk, dei politiskemiljøa, medspelarar og motspelarar til NoregsMållag og vanlege tingarar dei viktigaste nyhendaom målsaka. Norsk Tidend skal spegla og samlaNoregs Mållag, samstundes som avisa skal utfor-dra og overraska medlemer og tillitsvalde i sam-skipnaden.

Talet på utgjevingar av Nytt om nynorsk bør lig-gja på 8-10 i året.

Nettsidene er både ei intern og ekstern infor-masjonssatsing frå Noregs Mållag. Nettsideneskal vera ein stad ein kan få oppdatert informa-sjon om Noregs Mållag, både for dei som arbeidermed målsak jamleg og for dei som tilfeldigvis erinnom. Nettarbeidet skal i utgangspunktet vera eittillegg til anna informasjonsarbeid, og i periodenskal nettet utviklast til å bli den primære informa-sjonskanalen for Noregs Mållag.

3.4 Arbeidsmåtar

Noregs Mållag vil arbeida for å samla organisasjo-nen til fleire kampanjar og fellesaksjonargjennom arbeidsåret. Gjennom samordna utetter-vende aksjonar, syner vi best att som ein lands-femnande og sterk samskipnad, og kan også dravekslar på aktiviteten hjå kvarandre for å få framsaker lokalt.

Noregs Mållag må nytta ut dei føremoneneinformasjonsteknologien kan gje i organisasjons-arbeidet. Det er lettare og billegare å spreia infor-masjon og kunnskap enn tidlegare, og ein kanbyggja nettverk mellom medlemene på måtar einikkje kunne før.

Noregs Mållag bør sjå om det er råd å byggjaopp eit digitalt målsaksbibliotek på nettet, slik atmedlemer og andre har tilgjenge på ein skikkeleginformasjonsbase om nynorsk og målsak.

Noregs Mållag bør arbeida for å byggja nettverkmellom medlemer med same yrke og interesserslik at det er lettare å gjera nytte av kunnskapenog informasjonen rundt om i organisasjonen.

I perioden skal Noregs Mållag halda leiartre-ningskurs for å læra opp nye lagsaktivistar.

55..33--1100 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 5.3: Arbeidsprogram 2001-2004

Lagshandboka til Noregs Mållag • 55..44--11

Del 5.4: Landsmøteføresegner

Del 5 •

Vedlegg

LandsmøteføresegnerFrå 24. juli 1980, med brigde frå 29. juli 1982, 27. juli 1995 og 29. juli 1999.

§ 1 Straks saklista for landsmøtet er godkjend,kjem styret med framlegg om møteplan dertida ein har til rådvelde, er delt mellom sakenesom skal drøftast. Det ligg på styret, særleg påmøtestyraren, å prøva å halda tidsplanen.

§ 2 Når landsmøtet er sett, kjem styret medframlegg om 3 ordstyrarar eller møtestyrarar,som landsmøtet skal velja:A Fullmaktsnemnd med ein frå styret eller

skrivarstova og to utsendingar.Representanten frå styret kallar nemndasaman. Nemnda vel sjølv leiar.Fullmaktsnemnda skal sjå til at utsending-ane er valde i samsvar med § 4.4 og § 4.6 iLov for Noregs Mållag av lag med utsen-dingsrett etter denne paragrafen, og atutsendingsfullmaktene er utferda av densom laget har gjeve mynde til dette.Nemnda skal gje landsmøtet melding omarbeidet sitt og tilråding om å godkjennaeller vraka fullmakter.

B 6 møteskrivarar som har ansvaret for atmøteboka frå landsmøtet blir rett. Referatfrå landsmøtet skal vera ferdig reinskrive fråmøteskrivarane si hand og underskriveinnan 1. oktober.

C Redaksjonsnemnd på 5 medlemer med vara-folk for arbeidsprogrammet. Nemnda skalgå gjennom innkomne framlegg til endringav og tillegg til arbeidsprogrammet, og omdet trengst, arbeida framlegg saman og for-mulera framlegg til vedtak.

D Redaksjonsnemnd på 5 medlemer medvarafolk for andre saker på landsmøtet.Nemnda skal:1) Gå gjennom innkomne framlegg til ved-

tak og fråsegner.2) Forma framlegg til vedtak og fråsegner

etter oppdrag frå landsmøtet.3) Arbeida saman framlegg som går i same

lei, helst i samråd med dei som har levertframlegga.

E Redaksjonsnemnd for særlege saker.

F Reiseutjamningsnemnd med ein frå styreteller skrivarstova og to utsendingar.Nemnda skal:1) Koma med framlegg om kor stor del av

utsendingsavgifta som skal brukast til rei-seutjamning.

2) Koma med framlegg om korleis reiseut-jamninga skal fordelast.

G Røysteteljarar med varafolk.

§ 3 Møtestyrarane deler arbeidet seg imellom.Møtestyraren skal til kvar tid ha ein hjelpar vedstyrebordet - så langt råd er, ein av dei valdemøtestyrarane. Møtestyrarane skal sjå til at dengodkjende møteplanen blir følgd, og skal prøvaå fordela tida som er til rådvelde for kvar sak,såleis at alle utsendingar har høve til å leggjafram sitt syn. Ut frå dette skal dei gjera tur-vande framlegg om nedsett taletid eller strek.Taletida blir fastsett med vanleg fleirtal nårikkje lover eller landsmøteføresegner seiernoko anna. Utsendingar kan òg gjera framleggom avgrensa tid.

§ 4 Møtestyraren kan ikkje vera med i ordskiftet.Vil han vera med i ordskiftet, tek varamøtesty-raren over. Møtestyraren kan likevel svara påmerknader om møtestyringa.

§ 5 Merknader om innlegg om møtestyringa skalvera stutte, aldri over 1 minutt. Slike ordskifteog ordskifte om taletida kan møtestyraren stog-ga etter 10 minuttar, og skal stogga dei etter 15minuttar.

§ 6 Møtestyraren avgjer korleis ein skal be omordet. Det skal vera høve til føreåt å be omordet til ei sak eller til einskilde punkt i ei sak.

§ 7 Framlegg skal setjast fram skriftleg. Styretskal sjå til at framlegg blir mangfalda før deiblir tekne opp til avgjerd, så sant det er råd.

§ 8 Møtestyraren eller hjelparen hans fører tale-lista. Utanom lista kan landsleiaren eller denhan har gjeve mynde til det, og ordskifteinn-leiaren få ordet for å svara på spørsmål.

55..44--22 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 5.4: Landsmøteføresegner

Tillitsfolk og tenestefolk skal elles følgja talar-lista og fastsett taletid.

§ 9 Taletida er i emneordskiftet 5 minuttar, i sær-høve opp til 10 minuttar, for replikkar ikkjeover 2 minuttar. Trengst det, kan møtestyrarenavgrensa replikkretten. Årsmeldinga skal takastopp til ordskifte punkt for punkt, med høve tileit ordskifte om årsmeldinga ålment etter ateinskildpostane har vore føre. Taletida formerknader til kvart punkt er 2 minuttar for fyr-ste innlegg med høve til opp til 2 tilleggsmerk-nader på 1 minutt. For merknader til årsmel-dinga ålment er taletida 3 minuttar, med høvetil stutte merknader på til saman 2 minuttarfor kvar talar. Møtestyraren kan, når det er tidtil det, med samtykke frå landsmøtet, gjeraunntak frå tidsavgrensinga.

§ 10 Dreg eit ordskifte ut, kan møtestyraren ellerutsendingar gjera framlegg om å setja strek fortalarlista. Før strek blir sett, må dei som vilkoma med framlegg, få gjera desse kjende, ogalle som har merknader til framlegg, eller somynskjer å vera med i ordskiftet, få melda seg tiltalarlista.

§ 11 Med vanleg fleirtal kan landsmøtet vedta åhalda prøverøysting.

§ 12 Ein røystar til vanleg med å syna fastsett røys-tesetel. Personval skal avgjerast med skriftlegrøysting dersom det ligg føre meir enn eittframlegg, eller nokon krev skriftleg val.Landsmøtet avgjer elles om det skal vera skrift-leg røysting, i fall det kjem krav om slik røys-ting. Det skal røystast over tillitsombod plassfor plass.

§ 13 Landsmøtet avgjer med vanleg fleirtal alletvilsspørsmål om møtestyring der det ikkje erlovfesta eller vedtektsfesta reglar å følgja.

§ 14 Landsmøtet kan fritt gjera avvik frå desseføresegnene.

Lagshandboka til Noregs Mållag • 55..55--11

Del 5.5: Samarbeidsavtale mellom Noregs Mållag og Norsk Målungdom

Del 5 •

Vedlegg

Samarbeidsavtalemellom Noregs Mållag og Norsk Målungdom

• Denne samarbeidsavtala er vedteken på lands-møta i Noregs Mållag (NM) og NorskMålungdom (NMU) og set tidlegare avtalar utor kraft.

• NM og NMU er samde om at tilhøvet mellomdei skal fylgja grunnsetningane om tillitsfulltsamarbeid, gjensidig hjelp og ope meiningsby-te.

• NMU er ungdomssamskipnaden åt NoregsMållag. Dei to samskipnadene er samde om atdet ikkje er heldig å setja noko skarpt skiljemellom arbeidsoppgåvene åt NMU og NoregsMållag. NMU har likevel eit serskilt ansvar forsaker som vedkjem ungdom og for å organise-ra ungdom i vidaregåande skular og på univer-siteta og høgskulane.

• Målungdomslaga skal vera rekrutteringslag forNM, og NMU skal difor arbeida for å få medle-mer til å gå over i vaksenmållag når dei ikkjelengre arbeider i NMU. NM skal på si side støarbeidet til målungdomslaga og arbeida for atdet vert skipa nye målungdomslag. Medlemer iNMU bør ikkje vera eldre enn 30 år.

• Fylkeslaga i Noregs Mållag skal kalla inn til fyl-kesårsmøte det distriktslaget i NMU som heldtil i same område som fylkesmållaget.Utsendingane frå distriktsstyret møter medtalerett. Tilhøvet mellom distriktslaga i NMUog fylkeslaga i NM vert ordna gjennom særskil-de avtalar.

• Laga i NMU vert kalla inn til årsmøtet i fylkes-laga i NM etter vanlege reglar. Medlemstaletdeira skal likevel ikkje telje med når utsending-stalet frå fylkeslaget til landsmøtet i NM skalfastsetjast. Laga i NMU har rett til å sende likemange utsendingar til årsmøta i fylkeslaga somvanlege lokallag i fylkeslaget, og utsendinganemøter med fulle rettar. Distriktslaget og fylkes-laget kan likevel avtala (jfr. pkt 5) ein størreutsendingsnøkkel og/eller lågare krav til med-lemstal for utsendingsrett. Laga i NMU senderårsmelding om verksemda si til fylkeslaget iNM før årsmøtet.

• NMU har rett til ein medlem med vara i styretog valnemnda i NM. Desse vert valde på lands-møtet til NMU.

• I nemnder sett ned av NM eller NMU har denandre parten rett til ein medlem når han bedom det. Kvar samskipnad peikar ut sine repre-sentantar. Dei to samskipnadene byter oppritfrå møte i styre og nemnder så snart som rådetter møtet. Arbeidsutvalet i NM og sentralsty-ret i NMU held sammøte ein gong i året for åplanleggja konkret samarbeid.

• Noregs Mållag har rett til opptil 5 utsendingarmed tale- og framleggsrett på landsmøtet iNorsk Målungdom.

• Medlemene i NMU er innmelde i NMgjennom NMU.

• Når ein av partane bed om det, skal samar-beidsavtala opp til ny førehaving.

55..55--22 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 5.5: Samarbeidsavtale mellom Noregs Mållag og Norsk Målungdom

Lagshandboka til Noregs Mållag • 55..66--11

Del 5.6: Mønsterlov for lag i Noregs Mållag

Del 5 •

Vedlegg

Mønsterlovfor lag i Noregs Mållag

Lover for . . . . . . . mållag.

§ 1 . . . . . . . . mållag har til føremål:a) å samla målfolk i . . . . . . . . til aktivt arbeid

for det nynorske målet på alle område, b) å auka kunnskapen om og vørdnaden for

nynorsken og dialektane vårec) å styrkja grunnlaget for den folkelege by- og

bygdekulturen og verna om miljøet ibyen/bygda vår.

§ 2. . . . . . . . mållag skal vera innmeldt i NoregsMållag gjennom fylkesmållaget . . . . . . . . ,med dei rettar og pliktar eit lokalt mållag har.

§ 3 Arbeidsåret følgjer kalenderåret. Laget heldårsmøte innan utgangen av februar, kunngjortminst tre veker på førehand. Omframt årsmøtevert halde dersom styret vedtek det eller minst1/3 av lagsflokken krev det.

§ 4 Årsmøtet godkjenner årsmelding og rekne-skap, fastset årspengane og vedtek arbeidspro-gram. Røysterett på årsmøtet har dei som harbetalt årspengar for året før

§ 5 Årsmøtet vel:a) leiar ved særskilt val kvart år,b) 4 styremedlemer med 3 varafolk.

Styremedlemene vert valde for to år omgongen, og halvparten står på val kvart år.Varafolk vert valde for eitt år om gongen,

c) ettersynsmann/-kvinne for rekneskapen,d) utsendingar til årsmøtet i fylkeslaget og

landsmøtet i Noregs Mållag.

§ 6 Styret vel seg i mellom nestleiar, skrivar, kas-sastyrar og studieleiar, og står for det daglegearbeidet mellom årsmøta. Styret er vedtaksførtnår det er innkalla på vanleg måte og minst 3styremedlemer eller varafolk møter, mellomdei leiar eller nestleiar.

§ 7 Laget er å rekne som nedlagt når det kjem nedi eit medlemstal på under 10. Fylkeslaget kandessutan rekne laget som nedlagt dersom det 3år på rad ikkje vert halde årsmøte og sendt års-melding.

§ 8 Dersom laget vert nedlagt, skal styret i fylkes-laget ta hand om møtebøker og anna eige.Dersom nytt lag vert skipa og tilmeldt NoregsMållag innan 5 år etter nedlegginga, skal eigagå attende til det nye laget. Går det lenger tid,eig fylkeslaget det som er.

§ 9 Framlegg til brigde i vedtektene må vera kjentfor medlemene minst tre veker før årsmøtet.Dersom eit framlegg til brigde av §§ 3-9 får 2/3fleirtal, er det vedteke. For å endre §§ 1, 2 og 10krevst samrøystes vedtak.

55..66--22 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 5.6: Mønsterlov for lag i Noregs Mållag

Lagshandboka til Noregs Mållag • 55..77--11

Del 5.7: Møtestyring

Del 5 •

Vedlegg

MøtestyringHer finn du framlegg til korleis ein ordstyrar bør styra eit møte

Å vera ein god ordstyrar er ikkje lært i ei handven-ding. Det trengst trening for å verta verkelegflink. På styremøte bør difor møtestyringa gå påomgang slik at alle får høve til å læra seg det.Vanlege styremøte og lagsmøte bør ikkje vera forformelle. Det er likevel viktig å kjenna til reglanefor møtestyring og røystingar. På store møte, sliksom til dømes årsmøta, bør ein fylgja vanlegmøtestyringsskikk.

Her er eit framlegg til korleis ein ordstyrar børstyra eit møte:

Hugselapp!

Attåt saklista bør møtestyraren få ein hugselappfrå tilskiparen med stikkord til hjelp under møte-styringa. Til dømes om allsongar, velkomsthel-sing, godkjenning av saklista, merknader til refe-ratet, presentasjon av innleiaren og dei som skalstå for kulturinnslaget, takk til desse og ord tilavslutning.

Ordstyraren

Ordstyraren leier møtet og skal vera nøytral i saks-handsaminga. Ynskjer ordstyraren å vera med iordskiftet, må han be om ordet på line med andremøtedeltakarar. Ordstyraren må ha god kjennskaptil sakene som skal opp på møtet, og må vera godtinne i reglane for sakshandsaming på møte. Hanhar ansvar for at ordskiftet fører fram til ein kon-klusjon eller eit vedtak. Om det er fleire framleggtil vedtak i ei sak, skal ordstyraren koma medframlegg til røystemåte.

Å få ordet

Møtedeltakarane bed om ordet ved å retta opp eihand. Talarane får ordet etter tur. Mange opnaropp for replikkar, altså korte spørsmål og kom-mentarar til siste talar. Ein bed om replikk ved åretta opp to fingrar (v-teikn). Talaren får høve til åsvara på replikkane, men det er ikkje vanleg å gjereplikk til replikkar.

Saksførehaving og saksopplysningar

Ein kan òg be om ordet til saksførehavinga. Detteer merknader til måten sakene vert behandla på,merknader til møtestyringa, framlegg om åavgrensa taletid, framlegg om å setja strek for nye

innlegg eller å kutta talarlista og framlegg til einannan røystemåte enn det ordstyraren har. Einkan òg be om å få ordet for å koma med saksopp-lysingar, til dømes om ein ynskjer å klara opp i eimisforståing. Når einkvan bed om ordet til saks-førehavinga eller om å få koma med ei saksopply-sing, skal han eller ho få ordet så snart den somhar ordet, er ferdig med å snakka.

Å setja strek

Å setja strek for eit ordskifte tyder at møtelydenikkje lenger kan ta ordet til denne saka.

Ordstyraren må gjera merksam på at alle fram-legg må fremjast før strek vert sett. Ein vanlegframgangsmåte når det blir sett strek, er at ordsty-raren seier at «strek blir sett etter neste innlegg».Dei som ynskjer ordet i saka, må be om ordetunder av dette innlegget. Når strek er sett, kaningen koma med nye framlegg. Ordstyraren skallesa opp alle innkomne framlegg før strek vertsett.

Taletida

Har ein lita tid, kan ein avgrensa taletida. Då måordstyraren gjera framlegg om dette, og be omgodkjenning av den nye taletida.

Røysting

Før ei røysting må møtestyraren syta for at heilemøtelyden er klår over kva framlegg som ligg føreog kva dei fører med seg. Om salen bed om det,skal han lesa opp alle innkomne framlegg.

Deretter gjer ordstyraren greie for korleis hanvil gjennomføra røystinga, kva for framlegg somvert tekne fyrst og så bortetter.

Møtedeltakarane har høve til å be om ordet tilrøystemåten, dersom dei er usamde i ordstyrarensitt framlegg. Det er likevel ikkje høve til å haldainnlegg om sjølve saka, og meiningsytringar omanna enn røystemåten bør «klubbast» av ordstyra-ren.

Er det ingen som krev ordet, kan ordstyraren gåut frå at møtet godtek den framgangsmåten det ergjort framlegg om. Dersom fleire framlegg stårmot kvarandre, må det røystast over røystemåten,før ein røystar over framlegg i sjølve saka.

Det er ikkje det same korleis ein gjennomførerrøystingar. Dei ulike framlegga må takast opp i

55..77--22 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 5.7: Møtestyring

ein viss orden, slik at dei røysteføre får gje uttrykkfor viljen sin på ein klår måte. Her kan røyndemøtedeltakarar prøva å koma med framlegg omtaktisk røysterekkjefylgje.

Utsetjingsframlegg skal alltid røystast overfyrst. Stundom kan det vera fleire utsetjingsfram-legg (rein utsetjing, oversending til styret, eller eiteige utval). Då slår ein alle utsetjingsframleggasaman i fyrste omgang for å få fram kor mangedet er som vil ha saka utsett på den eine ellerandre måten. Dersom det vert fleirtal for utset-jinga, tek ein framlegga etter tur for å sjå om fleir-talet ynskjer å leggja bort saka til dømes til nesteår eller senda ho over til styret eller eit anna organi organisasjonen.

Avvisingsframlegg skal til vanleg takast opp tilrøysting når eit eventuelt utsetjingsframlegg harfalle. Dersom fleirtalet vil avvisa saka, er det ikkjemeining i å røysta over andre framlegg.

Dersom saka ikkje vert utsett eller avvist, måein røysta over realiteten eller innhaldet i framleg-get. Då er regelen alltid at ein fyrst røystar overdet framlegget som går lengst vekk ifrå tidlegarevedteken politikk. Av og til kan det vera vanskelegå avgjera kva for eit framlegg det er som gårlengst. Då må møtestyraren avgjera spørsmålet ogleggja dette fram for møtelyden. Er det ingen somtek til motmæle, gjennomfører ein røystinga slikmøtestyraren har gjort framlegg om.

Open røysting skjer til vanleg ved at deltaka-rane rettar opp ei hand. Då bør møtestyraren fyrstbe om at dei som er for framlegget, syner røyste-teikn. Når røystene for framlegget er talde opp,bed ordstyraren om motrøysting (ofte vert detberre sagt «kontra»), det vil seia at dei som er motframlegget viser det med røysteteikn.

Deretter kunngjer ordstyraren utfallet av røys-tinga. Ved open røysting tel møteleiaren opp allerøystene. Dersom det er svært mange til stades påmøtet, eller det er uvisse kring utfallet, bør detveljast røysteteljarar.

Jamvel om skriftleg røysting kan vera tidkrev-jande, bør det vera ein regel at det skal vera skrift-leg røysting dersom minst ein i møtelyden krevdet. Somme har avgrensa denne retten til berre ågjelda personval. Ordstyraren må gjera greie forkva folk skal skriva på røystesetlane sine. Er detmogleg, bør folk sleppa med å skriva ja eller nei.Det bør veljast ei røysteteljingsnemnd. Når nemn-da er ferdig med teljinga, melder ho frå til ordsty-raren, som så gjer utfallet kjent. Både godkjenderøyster og dei som er vraka eller blanke, skal dåtakast med i kunngjeringa.

Om det vert likt røystetal, skal røystinga takastopp att. Er det framleis likt etter andre røystinga,fell endrings- eller tilleggsframlegget.

I styret er det ikkje vanleg med røystingar, meni dei høva ein vel å ha det, er det vanleg at leiarenavgjer utfallet ved røystelikskap. Det gjeld ikkje påmedlemsmøte og årsmøte.

Lagshandboka til Noregs Mållag • 55..88--11

Del 5.8: Målstriden i tal

Del 5 •

Vedlegg

Målstriden i tal

1842 • Ivar Aasen legg ut på si fyrste ferd for åsamla inn ord og uttrykk. Innsamlingsarbeidetvarer i 26 år.

1849 • Det fyrste skriftstykket på landsmål vertprenta i Morgenbladet 5. januar: «Samtale imel-lem to Bønder» av Ivar Aasen.

1854 • Det fyrste teaterstykket på landsmål vertoppført i Oslo: «I Marknaden» av Ivar Aasenblir mellom anna vist for stortingsrepresentan-tane.

1858 • Med fyrste nummeret av Dølen setAasmund Olavsson Vinje ein ny og høg stan-dard for norsk journalistikk og nynorsk sakpro-sa. Bladet går inn i 1870.

1861 • Fyrste læreboka på landsmål. AastaHansteen gjev ut tekstsamlinga Skrift ogUmskrift.

1868 • To viktige måltiltak vert skipa –Vestmannalaget i Bergen, Det Norske Samlageti Oslo. Begge laga arbeider særleg for å gje utskrifter på landsmål.

1868 • Det fyrste frilyndte ungdomslaget. Møljuheiter laget, Sel i Gudbrandsdalen er staden,Ivar Blekastad er mannen bak.

1872 • Den fyrste preika på landsmål. Forfattarenog presten Kristofer Janson held gudsteneste iFåberg kyrkje i Gudbrandsdalen.

1874 • Det fyrste innlegget på landsmål iStortinget, av Niels Juel frå Hordaland.

1875 • Bonden Per Bø i Gausdal utfordrar så velprost og amtmann ved å skriva ei rekkje brevtil offentlege styresmakter på landsmål.Justisdepartementet gjev amtmannen rett i atdette språket ikkje kan brukast i offentlegteneste, og Kyrkjedepartementet melder viaamtmannen at dei nektar å svara på brev somer skrivne på landsmål. Per Bø døyr i 1878.

1877 • Fyrste nummeret av avisa Fedraheimen

kjem ut i Oslo. Arne Garborg, RasmusSteinsvik og Ivar Mortensson Egnund skifterpå som redaktørar fram til siste nummeret i1891.

1877 • Norskdomsrørsla får sitt programskrift.Arne Garborg gir ut boka Den ny-norskeSprog- og Nationalitetsbevægelse, forma sompolemiske brev.

1878 • «Paa Børnenes eget Talemaal». Stortingetvedtek samrøystes å be regjeringa sjå til at ele-vane i folkeskulen på bygdene får ei talemåls-nær undervisning.

1882 • Bibelen på landsmål. Seinare statsråd EliasBlix har ferdig ei prøveomsetjing av Paulus’brev til romarane. Ivar Aasen har hjelpt til.

1884 • Fyrste juledag syng Lårdal kyrkjelyd iTelemark Blix-salmen «No koma Guds englar».Først åtte år seinare vert det lov å syngja salmarpå landsmål i kyrkjene.

1885 • Jamstellingsvedtaket. Med 78 mot 31 røys-ter vedtek Stortinget at det nye landsmålet skaljamstellast med «det almindelige Skrift- ogBogsprog».

1885 • Fjelberg kommune i Hordaland er den før-ste kommunen som vedtek landsmål sominternt administrasjonsspråk.

1887 • Landsmålet for born. Fyrste nummer avSysvorti, som frå 1891 vert heitande NorskBarneblad. Kristen Stalleland er grunnleggjarog fyrste redaktøren. Dette er det eldste nynor-ske bladet som framleis kjem ut.

1889 • Det nye Testamente på landsmål, omsettav Elias Blix, Johannes Belsheim og MatiasSkard.

1890 • Undervisning på landsmål. KommunaneBygland i Aust-Agder og Hosanger i Hordalandtek i bruk landsmål som opplæringsmål i sku-len, to år før denne retten blir lovfesta.

55..88--22 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 5.8: Målstriden i tal

1892 • Lokalsamfunna får råderett over skulemå-let. Stortinget vedtek at skulestyra kan avgjereom landsmål eller «det almindelige bogmaal»skal nyttast i lærebøker og undervisning ilandsfolkeskulen.

1892 • Lokalsamfunna får også råderett over kyr-kjemålet. Kyrkjeminister Vilhelm AndreasWexelsen gjev kyrkjelydane lov til å avgjera omdei vil bruka Blix-salmane. To kyrkjelydar iOverhalla i Nord-Trøndelag er fyrst ute.Soknepresten i Overhalla har på denne tidapermisjon. Han er kyrkjeminister.

1894 • Fyrste nummeret av Den 17de Mai, redigertav Rasmus Steinsvik og Arne Garborg. Fire årseinare kjem avisa ut kvar dag. I 1911 er detberre Aftenposten som har større opplag. Avisagår inn i 1935.

1894 • Fyrste nummeret av Syn og Segn, redigertav Rasmus Flo, Arne Garborg og Moltke Moe.Sidan 1960-åra har dette vore det største all-mennkulturelle tidsskriftet i Noreg.

1896 • Elevar i den høgre skulen får lovfesta retttil å skrive eksamenssvara sine på landsmål.

1896 • Noregs Ungdomslag vert skipa. Fyrste for-mannen er Peter Slotsvik.

1899 • Fyrste førelesinga på landsmål. MariusHægstad er vorten professor i landsmål og dia-lektar, og introduserer landsmål som målformfor førelesingar ved einaste universitetet i lan-det, i Oslo.

1899 • Det fyrste bondeungdomslaget. KlausSletten vert vald til formann forBondeungdomslaget i Oslo.

1901 • Nordfjordingen Anders Lothe og sunnfjor-dingen Albert Joleik utfordrar skuleverket. Vedeksamen i mellomskulen (realskulen) skrivLothe stil på landsmål, og vert fyrst nektakarakter. Som den fyrste skriv Joleik på lands-mål ved embetseksamen ved universitetet, oger nær ved å stryka.

1901 • Det er vorte mogleg å gjera pengar pålandsmålet. Etter initiativ frå Marie Kvibergvert den første Kaffistova opna i Oslo:«Fyrsteklasses kafé med tridjeklasses prisar».Dei neste tiåra kjem det over 160 kaffistover ogbondeheimar. Halvparten av kaffistovene ligg ifire fylke: Vest-Agder, Rogaland, Hordaland ogNordland.

1906 • Noregs Mållag vert skipa i Oslo, i sambandmed eit landsmøte i Venstre. Fyrste formannen

er Marius Hægstad.

1907 • Sidemålsstilen vert innførd. Med 62 mot30 røyster vedtek Odelstinget at alle elevar igymnaset frå og med 1912 skal skriva ein stilpå landsmål og ein på riksmål.

1907 • Liturgi på landsmål. Etter sju års tenkjetidgodkjenner Kyrkjedepartementet PeterHognestads tekstbok og altarbok. Då harBygland i Setesdal alt brukt bøkene eitt år.

1912 • Landsmålet skapar regjeringskrise. På einfest i Bondeungdomslaget i Oslo hyllar stats-minister Wollert Konow arbeidet for landsmå-let. Høgre reagerer sterkt, og regjeringa må gåav.

1913 • Det Norske Teatret har fyrste framsyningasi i Kristiansand på nyåret. Same haustenopnar teatret fast scene i Oslo. Då Det NorskeTeatret syner Jeppe paa Berget på landsmål,bryt det fleire kveldar ut slåstkampar blantpublikum.

1921 • Heile Bibelen på landsmål. Under leiingav Peter Hognestad gjev Bibelnemnda åtStudentmållaget i Oslo ut den såkallaFyrebilsbibelen i eit opplag på 50 000 eksem-plar. I det 20. hundreåret blir det selt 1,4 milli-onar eksemplar av Bibelen og Det nye testa-mentet på nynorsk. Av nynorskbøker er berreNynorsk ordliste kjøpt av fleire.

1924 • Landsmål blir departementsspråk. StatsrådIvar Tveiten fastset at alle tilsette iKyrkjedepartementet skal svare på brev i samemålforma som avsendaren har brukt. Kort tidetter gjer fleire statsrådar det same.

1930 • Lov om målbruk i offentleg teneste. Medknapt fleirtal vedtek Stortinget at alle offentlegtilsette som er fødde etter 1.1.1905, skal brukabåde nynorsk og bokmål i skriftleg sakshandsa-ming.

1933 • Nynorsk og bokmål vert jamstelte målfor-mer i programtenesta i NRK. Til sterke protes-tar bruker Vermeldinga for Vestlandet nynorsk.

1938 • Rettskrivingsendring i både nynorsk ogbokmål. Målsetnaden var å føra dei to språkanærare einannan.

1955 • Kringkastingsringen blir skipa for å fremjabruken av nynorsk og dialekt i radio og fjern-syn. Initiativtakar er Magne Rommetveit

1961 • Noregs Student- og Elevmållag vert skipa.Sidan 1972 har organisasjonen heitt Norsk

Lagshandboka til Noregs Mållag • 55..88--33

Del 5.8: Målstriden i tal

Del 5 •

Vedlegg

Målungdom.

1962 • Dag og Tid er i gang. Etter fire prøvenum-mer er den nye avisa i ordinær drift halvannaår seinare, med Olav Rytter som ansvarlegredaktør. Mål: Å lage ei god avis på nynorsk.

1966 • Vogtkomiteen legg fram ei utgreiing omden språkpolitiske situasjonen og norsk språk-politikk frametter. Innstillinga fører mellomanna til at Norsk språkråd vert skipa i 1972.

1969 • Nynorsk Pressekontor blir skipa. NoregsMållag. Noregs Ungdomslag ogKringkastingsringen står bak det nye tiltaketfor å få meir pressestoff på nynorsk.

1969 • Alle lærebøker skal liggja føre på beggemålformer til same tid og til same pris, vedtekStortinget i den nye grunnskulelova.

1970 • 25 prosent nynorsk i NRK. Alle partia påStortinget – utanom Høgre – går i ei innstil-ling om norsk språkpolitikk inn for at “hoved-regelen må være å gi nynorsken en plass som idet minste svarer til en fjerdedel av ordsen-dingene” i NRK. Tretti år seinare utgjernynorsk 27 % i NRK/Radio og 20 % i NRK/TVnår halvparten av dialektbruken er rekna med.

1970 • Den fyrste store lærebokaksjonen vart hal-den. Aksjonen starta i Øystese

1970 • Vestlandske Mållag melde seg ut or NoregsMållag etter landsmøtet. Hordaland Mållag vartskipa som nytt fylkeslag i Hordaland.

1971 • Studentmållaget i Oslo startar opp tidsskrif-tet Sentrum og Periferi, som året etter skifternamn til Mål og Makt.

1972 • Nynorsk i Sportsrevyen. SunnfjordingenHenning Rivedal er den som fyrste som leierSportsrevyen i NRK på nynorsk.

1974 • Alle lærebøker i andre fag enn norsk skalliggja føre på begge målformer til same tid ogtil same pris, vedtek Stortinget i lov om vidare-gåande opplæring, etter fleire år med omfat-tande elevaksjonar.

1975 • Den fyrste landsomfattande dialektaksjo-nen. Norsk Målungdom står bak. NoregsMållag vedtek for sin del å prioritere arbeidetfor dialektbruk og nynorsk i skulen.

1976 • «Tal dialekt – skriv nynorsk!» vedtek lands-møtet i Noregs Mållag.

1978 • Heile Bibelen omsett på ny til nynorsk. Ei

ny omsetjing av Det nye Testamentet låg føre i1975. No er Det gamle Testamentet òg ferdig.Olav Farestveit og Ole Øverland Gjerde harleidd arbeidet. Kvar tredje kyrkjelyd brukernynorsk liturgi.

1993 • Landssamanslutninga av nynorskkommu-nar vert skipa, med ordførar Nils Taklo i Ørstasom første leiaren. Etter få år er over 90 % avalle nynorskkommunane medlemmer.

1999 • Som den siste avisa i landet sluttarFredrikstad Blad å omsetja lesarbrev pånynorsk til bokmål.

2000 • Ivar Aasen-tunet, det nasjonale dokumen-tasjons- og opplevingssenteret for nynorskskriftkultur, blir offisielt opna 22. juni av stats-råd Ellen Horn.

2000 • Barnekulturavisa Pirion startar opp.

2001 • Den nynorske barnebokklubben startaropp. Det er Det Norske Samlaget som står baktiltaket etter ei millionløyving frå Stortinget.

Kjelde: Ivar Aasen-tunet

55..88--44 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 5.8: Målstriden i tal

Lagshandboka til Noregs Mållag • 55..99--11

Del 5.9: Nyttige adresser

Del 5 •

Vedlegg

Nyttige adresser

Bondeungdomslaget i OsloRosenkrantzgate 80159 OSLOTlf: 23 21 41 60Faks: 23 21 41 [email protected]

Blåmann BarnebokklubbPostboks 4672 Sofienberg0506 OsloTlf: 23 24 27 00 Medlemservice: kl. 9-15www.blamannbok.no

BuskMål asGamlevegen 2 3550 GOLTlf: 32 07 48 54Faks: 32 07 57 38

Dag og TidPilestredet 80180 OSLOTlf: 22 33 00 97Faks: 22 41 42 [email protected]

Den Norske Bokbyen6848 FjærlandTlf: 57 69 22 10Faks: 57 69 22 [email protected]

Det Norske SamlagetPb. 4672 Sofienberg0506 OSLOTlf: 22 70 78 00Faks: 22 68 75 [email protected]

Det Norske TeatretKristian IVs gate 80164 OSLOTlf: 22 47 38 00Faks: 22 41 53 [email protected]

Fonna Forlag LLPb 6912 St Olavs plass0130 OSLOTlf: 22 20 13 03Faks: 22 20 12 01

KringkastingsringenPb 9161 Grønland0134 OSLOTlf: 22 47 71 60Faks: 22 47 71 [email protected]

Landssamanslutninga av nynorsk-kommunar (LNK)Pilestredet 80180 OSLOTlf: 22 33 14 00Faks: 22 33 14 [email protected]

MagasinettPilestredet 80180 OsloTlf: 22 42 42 [email protected]

MotmæleØvre Slottsgate 50157 OSLOTlf: 22 42 63 00Faks: 22 42 63 [email protected]

Mål og MaktØvre Slottsgate 50157 OSLOTlf: 22 42 63 00Faks: 22 42 63 [email protected]

Noregs MållagPb 474 SENTRUM0150 OSLOTlf: 22 47 72 00Faks: 22 47 71 [email protected]

Noregs UngdomslagPb 414 Sentrum0150 OSLOTlf: 22 47 70 00Faks: 22 47 70 [email protected]

Norsk BarnebladPilestredet 80180 OSLOTlf: 22 42 52 80Faks: 22 42 52 [email protected]

Norsk BokreidingslagPb 6845001 BERGENTlf: 55 31 66 29

Norske LagsbrukTorggata10181 OSLOTlf: 23 21 45 40Faks: 23 21 45 [email protected]@lagsbruk.no

55..99--22 • Lagshandboka til Noregs Mållag

Del 5.9: Nyttige adresser

Norsk MåldyrkingslagPb 72 Manglerud0612 OSLOTlf: 22 26 14 97

Norsk MålungdomØvre Slottsgate 50157 OSLOTlf: 22 42 63 00Faks: 22 42 63 [email protected]/nmu

Norsk SpråkrådPb 8107 Dep0032 OSLOTlf: 22 42 40 20Faks: 22 42 76 [email protected]

Norsk TidendPb 474 Sentrum0150 OsloTlf: 22 47 71 00Faks: 22 47 71 01

Nynorsk AntikvariatPb 9243 Grønland0135 OSLOTlf: 22 19 02 11 (Oslo)

57 69 22 88 (Fjærland)Faks: 22 19 61 [email protected]

Nynorsk KultursentrumIndrehovdevegen 1766160 HOVDEBYGDATlf: 70 04 75 70Faks: 70 04 75 [email protected]

Nynorsk PressekontorPilestredet 8 0180 [email protected]

PirionPostboks 474 Sentrum0105 OsloTlf: 22 47 71 00Faks: 22 47 71 01

Riksfondet for Nynorsk PressePilestredet 80180 OSLOTlf: 22 33 00 97Faks: 22 41 42 [email protected]

Språkverkstaden6887 LÆRDALTlf: 57 66 87 02Faks: 57 66 87 04post@språkverkstaden.nowww.språkverkstaden.no

Syn og Segn Pb Sofienberg0506 [email protected]: 22 70 78 60

Venner av Det Norske teatretPb 1561 Vika0118 OSLOTlf: 22 47 38 00 Faks: 22 33 65 28