Kjelda nr. 2 2011

32
Fylkesarkivet på Internett: www.fylkesarkiv.no Sogn og fjordane fylkeSkommune Kjelda Nr. 2 - Juni 2011. Årgang 20 Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

description

 

Transcript of Kjelda nr. 2 2011

Fylkesarkivet på Internett:www.fylkesarkiv.no

Sogn og fjordane

fylkeSkommune

KjeldaNr. 2 - Juni 2011. Årgang 20

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

2

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Arkivarer uten grenser

Grunnlova § 100 sikrar at alle har retttil ytringsfridom og til offentleg infor-masjon. Dette vert rekna som ein føre-setnad for eit demokratisk samfunn.Eit samfunn med opne offentlege pro-sessar og avgjerder er avhengig avgode arkiv. Arkiva er viktige for denoffentlege administrasjonen, for ådokumentere rettar for einskildperso-nar og for å dokumentere vår felleshistorie.

Kunnskap om arkiv, bevaring og til-gjenge til arkiv er viktig for innbyg-gjarar i alle samfunn. Arkiva doku-menterer fortid og notid, og tilgjengetil denne dokumentasjonen speler eiviktig rolle i utvikling av ein nasjonalidentitet. Arkiv kan dokumentere ret-tar, men også overgrep frå myndighei-tene si side. I samfunn der ytringsfri-dom og menneskerettar er truga kanarkiva få status som “tause vitne”.

I land som har vore gjennom storeomveltingar som krig eller naturkatas-trofar eller som er i stor vekst er det

særs viktig å sikre gode arkiv. Godearkivlokale, opplæring i arkivkunn-skap og digitalisering er viktige føre-setnader for å sikre gode arkiv. Det ersærs viktig å legge til rette for allmenntilgjenge til arkiv. Dette er eit viktigelement i arkivutdanning og oftesjølve føremålet med digitalisering avarkiv.

Arkivarer uten grenser er ein ny orga-nisasjon i Noreg som arbeider forinternasjonal solidaritet på arkivfeltet.Organisasjonen skal arbeide for åutvikle og drifte samarbeidsprosjektom bevaring av arkiv og arkivdanning,opplæring av arkivarar og skape merk-semd om korleis arkiv vert tekne varepå, særskilt i land som er utsatt fornaturkatastrofar eller krigshandlingar.

Arkivarer uten grenser oppstod iBarcelona i Spania i 1998. Liknandeorganisasjonar vart etablert i andreland. I 2000 var det skipa ein interna-sjonal organisasjon av Arkivarer utengrenser. Denne skal koordinere og

binde saman eit aukande tal sjølvsten-dige einingar i fleire land.Internasjonale Arkivarer uten grenserhar utarbeidd eit internasjonalt chartersom dei nasjonale organisasjonanesluttar seg til.

Arkivarer uten grenser Norge er den11. nasjonale organisasjonen i dettenettverket og den første som etablererseg i Nord-Europa. Organisasjonenvart stifta 4. mai 2011. Fylkesarkivethar vore delaktig i arbeidet med å eta-blere Arkivarer uten grenser i Noregog har vore med i eit interimsstyre.Fylkesarkivet har også representasjoni det første valde styret.

Fylkesarkivet sit på mykje kunnskapog kompetanse som vi kan bidra medi arbeidet til Arkivarer uten grenser.heile arkivmiljøet.

Dei som er interessert i meir infor-masjon om organisasjonen kan gå innpå nettsida arkivarerutengrenser.wordpress.com

Karianne Schmidt VindenesFylkesarkivar

Karianne Schmidt Vindenes (red.) Elin Østevik, Per Olav Bøyum, Kristjan Logason, Marit Anita Skrede

Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682.

Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Marit Anita Skrede.

Utforming: Sogne-Prent AS.

Fylkesarkivet i Sogn og FjordaneFylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00.

Fax. 57 65 61 01 [email protected]

Fylkesarkivar: Karianne Schmidt Vindenes, tlf. 57 65 64 01, [email protected]

Arkivarar:Kristjan Logason (foto), tlf. 57 65 64 33, [email protected]

Ole Stian Hovland (fagleiar), tlf. 57 65 64 19, [email protected] Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, [email protected]

Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 06, [email protected] Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, [email protected]

Randi Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, [email protected] Østevik (fotoarkivar) tlf. 57 65 64 18, [email protected]

Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 82 50 17, [email protected] Hind (musikkarkivar), tlf. 57 65 64 12, [email protected]

Arne Henjesand (registrator), tlf. 57 65 64 00Carina Hatlevoll (lærekandidat), tlf. 57 65 64 00

ABM-Sogn og Fjordane:

Øystein Åsnes, Tlf. 57 65 64 04, [email protected] Eirik Stanghelle Morland, tlf. 57 65 64 08, [email protected]

Bjarnhild Samland, tlf 57 65 64 08, [email protected]

Nettstad: www.fylkesarkiv.no

Redaksjon

FRAMSIDEBILETE: Dåverande fylkesarkivar Gunnar Urtegaard og kommunearkivar Hermund Kleppa studerar ein kommunal protokoll. Biletet er henta frå

ein artikkel i avisa Sogn og Fjordane 20.mai 1987 om ordning av arkivet til Leikanger kommune. Biletet blir brukt med løyve frå avisa. Fotografen er ukjend.

Personalnytt: sjå side 29.

Innhald

• Arkivarer uten grenser Av Karianne Schmidt Vindenes................................................................................................................................ s. 2

• Hermund takkar for seg på Fylkesarkivet Av Henning Rivedal ................................................................................................. s. 4

• Fyrbilete på Flickr Av Elin Østevik............................................................................................................................................................................... s. 7

• Huldra i stadnamn Av Randi Melvær........................................................................................................................................................................ s. 8

• Solidaritetstanken i arbeidarrørsla Av Per Olav Bøyum ..................................................................................................................... s. 11

• Norsk kulturråd løyver 100 000 kr til å ordne i arkivet etter

Rolf Myklebust Av Erle Hind ............................................................................................................................................................................................. s. 13

• Hyllestadseminaret 2011 .................................................................................................................................................................................................. s. 13

• Bedehus og bedehuskapell i Flora Av Hermund Kleppa......................................................................................................................... s. 14

• Fotograf Martinius Eliasson Askeland - ein teknikkens Askeladd Av Elin Østevik.......................................... s. 16

• Amerikabrev frå Feios fortel frå åra 1913-1928 Av Bjarnhild Samland............................................................................. s. 18

• Minnesmerket: Ei sjeldan grav - Fjokla Demjanova Av Hermund Kleppa..................................................................... s. 22

• Gamle stølar og rike gardar Av Marit Anita Skrede..................................................................................................................................... s. 24

• Jubileumsbok - Hyllestad kommune 150 år Av Kjerstin Risnes Skrede................................................................................. s. 28

• Tilvekst til folkemusikkarkivet Av Erle Hind................................................................................................................................................... s. 29

• Ein liten refleksjon over korleis kvardagsnemningar skiftar innhald

over tid Av Kjerstin Risnes.......................................................................................................................................................................................................... s. 30

• Telehistorie takka vere Oddkjell Bosheim Av Hermund Kleppa.................................................................................................. s. 31

3

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

4

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

I 24 år har arkivar HermundKleppa vore ei av eldsjelene i arbei-det til Fylkesarkivet i Sogn ogFjordane. Den som skal fylla rom-met etter han, får mykje å gjera. Iein alder av 70 år fullførte han nylegmaratonløp nummer 72, og då i T-skjorte med Fylkesbaatane-flaggetpå brystet. Slik er Hermund Kleppaein fagmann der yrke og ideal hengtett saman.

Han er for mange kjend som mannensom protesterte mot at Fjord1Nordvestlandske AS den 10. oktober2009 vedtok å slutte å bruke det over150 år gamle flagget til Fylkesbaatane

Hermund takkar for seg påFylkesarkivet

i Sogn og Fjordane. Men for sommeinnan arkiv og historiemiljøet har hanlenge vore ein institusjon, noko denneartikkelen skal fortelja om. Han komtil verda på garden Kleppa iHjelmeland kommune i Ryfylke den8. mai 1941, som nummer tre i einsyskenflokk på etter kvart åtte. Tidlegskulle det visa seg at Espen Oskeladdog Hermund Kleppa hadde mykje tilfelles ved at dei såg nytten i ting somandre fòr forbi. Sogn og Fjordane fyl-keskommune kjem til å ha glede avdet lenge, for Hermund Kleppa letetter seg ein imponerande produksjon,i skrivande stund mellom anna 674artiklar i Kulturhistorisk leksikon.

Dei fyrste læreåraDå han var dreng hjå Olav Meling påTalgje i Finnøy kommune, fekkHermund ein type lærdom som pregahan seinare. Meling dreiv både land-handel, gardsbruk med drivhus oghadde kastenot. Hermund fekk sleppafritt til med stort ansvar. Eitt arbeidvar mellom anna å handmjølka deifem kyrne til Meling. Ein dag kom einmann og spurde om Olav kunne komaog sprengja ein stein i hagen hans. Detlova han, men valde å senda drengen istaden: “Kan du sprengja ein stein ihagen til ein granne”, var oppgåvaHermund fekk. Så forklarde Olav kor-leis det skulle gjerast: “Du går i fjø-sen, finn kuskit og legg rundt dyna-mitten oppå steinen.” 16 år gamleHermund gjorde som han var bedenom, og steinen vart sprengd. “Slik varteg vaksen – slik lærde eg noko nytt,seier Hermund. Olav Meling opnaaugo mine for spor etter historia. Eggjorde eigne funn i fleire åkrar rundtom på Talgje og fekk ein flyktigdraum om å bli arkeolog.” I stadenvart det lærarskule. Han reiste tilStavanger, tok opptaksprøva somvarde i 11 dagar med skriftlege ogmunnlege prøver i alle fag, og kominn.

Læraren vart arkivarEtter 14 år som lærar fekk Hermundarbeid i Interkommunalt arkiv iRogaland i 1978. Dette var ein heilt nyarkivinstitusjon som skulle få ordenpå dei gamle kommunearkiva rundtom i Rogaland. “Eg var utdanna lærar,men heilt blank på det arkivfaglegefeltet; eg visste knapt kva ein brev-journal var. Konstituert statsarkivarLisabet Risa vart ein svært god lære-meister for meg. Ho hadde alltid tidnår eg melde meg med spørsmål.Seinare har eg lagt vinn på å praktise-ra hennar innstilling andsynes nye kol-legaer”, seier Hermund. I 1983 skreivhan til nokre kommunar og sa at hankunne koma og ordna dei gamle arki-

Hermund Kleppa på kontoret, iført Fylkesbaatane-skjorte og med ei bok i fanget. Foto: Henning Rivedal.

Av Henning Rivedal

5

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

va deira. Det vart avtale med Bergkommune i Troms, Kvinnherad iHordaland og Flora i Sogn ogFjordane. “Det var spesielt å koma tilBerg der Ingrid Bjerkås var den fyrstenorske kvinnesokneprest. Me kom ditbegge for å gjera ei god gjerning”,smiler Hermund. Bakgrunnen forarbeidet var å laga handbok i ordningav kommunale arkiv, eit tillegg tilstandardverket Administrasjons-historie og arkivkunnskap, Komm-unene (1986) av Liv Mykland ogKjell-Olav Masdalen. I Flora vart hankjend med formannskapssekretærAlvdis Joleik Holmen, dotter til kul-turhovdingen Albert Joleik. Alvdisvart ein framifrå hjelpar for Hermund,og medan dei arbeidde, sa ho rett somdet var: “Han far hadde likt dettegodt.”

Til teneste i fylkeskommunenSå var det seminar om kjeldematerialetil bygdebøker hausten 1984.Fylkeskultursjef Lidvin Osland og fyl-kesarkivar Gunnar Urtegaard stod somtilskiparar saman med Høgskulen iSogn og Fjordane. “Eg gjekk fram tilOsland og Urtegaard og sa at eg kunneseia noko om kommunearkiva.” Detteviktige kjeldematerialet stod ikkje påprogrammet. Denne hendinga vartmitt fyrste møte med Fylkesarkivet.Eg bytte frå Interkommunalt arkiv iRogaland til Fylkesarkivet i Sogn ogFjordane 1. mai 1987. GunnarUrtegaard har seinare sagt at hanmerka seg at eg var oppglødd på veg-ner av arbeidsfeltet mitt, kommunear-kiva. Ein annan som arbeidde iFylkesarkivet då var Bjørn Beringsom seinare vart byarkivar i Oslo ogdirektør i ABM (Arkiv, Bibliotek ogMuseum). Dei fyrste åra vart det mestarbeid med kommunearkiv, så nokreår med privatarkiv og så komKulturhistorisk leksikon. Ein del bok-prosjekt kom også på løpande band;eit resultat av samarbeid mellom fleirepartar innan arkivarbeid og historie-skriving. Saman med fleireGjensidige-veteranar samla og ordnaHermund arkivstoff til boka om deilokale Branntrygdelaga i fylket. FinnB. Førsund skreiv boka som kom til påinitiativ frå den historieinteresserte

Gjensidige-sjefen i fylket AudunReme i 1995. Andre bøker derFylkesarkivet og Hermund var med pålaget og med Finn B. Førsund som for-fattar var: Skipsverftet vedSognefjorden (1993), Firda Billag(1995), to sparebanksoger og Dampenog kaia, boka om dampskipsstoppe-stadane i fylket. I Selja Forlag sitt bok-prosjekt Krigsår, Liv og lagnader iSogn og Fjordane (2000) var KleppaFylkesarkivet sin mann. I tillegg nem-ner han særleg Fylkesarkivet si bok ijubileumsåret 2005. Året 1905 i Sognog Fjordane var eit fellesløft av alletilsette i Fylkesarkivet med KarianneSchmidt Vindenes, Kjerstin Risnes ogHermund Kleppa som redaktørar.Boka går inn på korleis den nasjonale

storhendinga at Noreg vart fullt ogheilt sjølvstendig land og rike, arta segi lokalområde i Sogn og Fjordanefylke. Den siste boka Hermund varmedspelar i var den store vegbokaSelja forlag gav ut i 2007. Boka heittePå god veg. Veghistorie i Sogn ogFjordane. Kristin Ese var forfattar ogFylkesarkivet, Statens vegvesen ogSelja forlag samarbeidde om å gje utboka. Også her var fleire av dei tilset-te i Fylkesarkivet med i arbeidet i til-legg til mange i Statens vegvesen.

Barn av si tid1970- og 80-åra var ei tid med sterkinteresse for det lokale. Slagordet“Grav der du står” galdt. I Danmarkkom ei bølgje av lokalhistoriske arkiv,

Ein stubbe av ein telefonstolpe frå fyrste telefonlinja i Jostedalen, skiltet til Televerket, flag-get til Det Stavangerske Dampskibsselskab som no Tide fører, nokre boksar sardinar og eitvelfylt arkivskåp viser det mangslungne interessefeltet til Hermund Kleppa og strekar underevna hans til sjå det store i det små. Foto: Henning Rivedal.

6

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Høgskulane i fylket vårt og Møre ogRomsdal bygde seg opp som tungeinstitusjonar innan lokalhistorie.Høgskulelektor Per Sandal i Sogndalvar den store og lysande stjerna. Sognog Fjordane sitt nye fylkesarkiv tokopp stadnamn, foto, kommunale arkiv,private og munnlege arkiv, kjelder ogmusikktradisjon som viktige arbeids-felt. Hermund har alltid likt det breiearbeidsfeltet til Fylkesarkivet. Hanynskjer å ha ope auga for slikt somikkje har kome godt nok til syne i kul-turvernet; bedehusa til dømes, ein delav underskogen i kyrkjelandskapet.“Det er ikkje berre det prangande somgjeld. Heile folket, dei namnlausebakanfor ordførargalleriet på veggen ikommunestyresalane; heile breiddamå vera med”, seier arkivaren medtyngde. Som døme på engasjerte kul-tursjefar i kommunane dreg han framdåverande kultursjef Herleiv Alvheimi Aurland, som fekk laga ein samlaplan for heile kulturminnevernet ikommunen, smått, stort, vidt og breittder også gravsteinane på kyrkjegar-dane kom med.

Møte med den lokale kunn-skapenFylkesarkivet hadde eit mål om å opp-retta og halda ein brei kontakt medkommunane. Den omfatta også lokal-historisk interesserte menneske ogsogelaga. Målet var å ha nytte av kvar-andre. Så kom Kulturhistorisk leksi-kon som eit døme på eit samarbeidmellom kommunane og Fylkesarkivet.Det vart ein variant av den kulturhisto-riske vegboka som Hordaland laga.Sogn og Fjordane sin variant vart altsåeit leksikon på Internett, mykje takkavere at fylkesarkivar GunnarUrtegaard var ein føregangsmann pådet området. Hermund Kleppa har sta-dig vore ute i felten og møtt folk ogkulturminne der dei er. Han harmellom anna dokumentert dei flesteminnesteinane i fylket vårt: “Dei for-midlar historie. Dessutan er dei viktigefordi desse minnesmerka var viktigefor dei som reiste dei, og det høyrermed til folkeskikken å ha respekt forslikt. Bautaen, minnesmerket står derog fortel litt til den som måtte stoggaog undra seg. Eg har samla opplys-

ningar som fortel meir om steinen, omperson, om hending, om avduking ogkvifor han står der”, seier Hermund.

Rikdomen me lett gløymerEin gong Hermund Kleppa var innomOsen gard i Gaular der Atle Jarl eingong budde og der Gaularvassdragetrenn ut i Dalsfjorden, fekk han servertkaffi, kaker og tre poteter i ei skål avvertskapet Unn Karin Kleppe og OlavJohan Mo. Då han stussa litt overpotetene, fortalde dei historia om irenPotts som bygde Noregs fyrste lakse-trapp i fossen ved garden. Trappa fun-gerer godt framleis, men Potts haddeogså poteter med som dei har dyrkader på garden sidan. Hermund drog tilIrland, spora opp grava til Potts og harskrive om han og livsverket hans iKulturhistorisk leksikon.

No gler Hermund seg overEuropeanaLocal eller den digitale all-menning som er i kjømda. Der skal altlokalhistorisk tilgjengeleg materialekunne finnast på ein felles nettportal.Han ser fram til eit fylkesjubileum i2013, fullt av innslag frå mange, heileåret. “Rolf Losnegård vil laga ung-domsmusikal av og for ungdom, fram-ført på Tusenårsstaden Gulatinget. Sjåpå kva Flora og Florø fekk til i sittjubileumsår 2010. Og eg ser fram tilfylkessoga som er i kjømda med heilehistoriemiljøet i fylket som drivkraft.”Hermund Kleppa vert pensjonist, menikkje gjerandslaus; berre vent å sjå,for Hermund ser det store i det små.

Døme på nokre av Hermund Kleppa sine “talarstolar”; boka i framgrunnen og den tradi-sjonelle talarstolen. Oppå og på veggen, døme på bakgrunnsmateriale og kunnskapen hanformidlar i konsentrert form. Foto: Henning Rivedal.

7

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Ei samling glasplatenegativ etterAnders Folkestadås (1865-1914),arbeidsformann i fyrvesenet, vartnyleg publisert på Fylkesarkivet sinFlickr-profil. Samlinga gir eit glimtinn i livet og arbeidet til Folkestadås.Mellom anna dokumenterer samlingabygginga av Kråkenes fyr i 1906, eitarbeid Anders Folkestadås leia.

I tillegg til bygginga av Kråkenes fyr,inkluderer samlinga bilete fråKråkenesbygda og fleire fyr langsNorskekysten. Somme av bileta eruidentifiserte, og vi er svært takksameom du legg inn ein kommentar ellersender oss ein e-post dersom du haropplysningar til bileta.

Alle bileta på Flickr-profilen vår har"falt i det fri" opphavsrettsleg sett. Dustår dermed fritt til å nytte bileta slikdu måtte ønske.

Bileta finn du her: http://www.flickr.com/photos/fylkesarkiv

Eit av bileta i samlinga kan seiast åvære særskilt interessant. Bilete erteke ca. 1900-1910 i Folkestadbygda iMøre og Romsdal og syner JohannesFlote og Anton Reite i det dei kastre-rer eit vêrlam. Begge mennene harfesta det som ser ut til å vere ein kvastrogn på jakkeslaga sine. I norsk folke-tru vart rogna sett på som eit heilagttre som kunne verne både folk og husmot mellom anna hekser og uver.Rogna vart brukt både i trolldom ogmagi, men også i folkemedisinen. Inorrøn mytologi var treet knytt tilguden Tor. Kan den gamle folketruavere med på å forklare bruken av rogni samband med kastreringa av vêrlam-met på biletet? Eller er det kan hendeheilt andre grunnar til at karane herhar utstyrt seg med rogn på jakke-slaget?

Vi vonar at lesarane kan hjelpe oss idenne saka. Tips sendast til [email protected]

Kråkenes fyr under bygging i 1906. Fotograf: Anders Folkestadås.

Kastrering av lam i Folkestadbygda ca. 1900-1910. Det kan sjå ut som om begge mennenehar festa ein kvast rogn på jakkeslaget. Kva er bakgrunnen for bruken av rogn i sambandmed kastrering av husdyr? Fotograf: Anders Folkestadås.

Fyrbilete på FlickrAv Elin Østevik

8

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

budde på gardane, sidan livet deira erså likt vanlege folk sitt.

Nikka Vonen fortalde frå Sunnfjord athuldra var grønkledd og bar eit kvitttørkle om halsen. Den grøne kledefar-gen går att i mykje av litteraturen.Henrik Ibsen skildra jo og huldra som“den grønkledde” i Peer Gynt. LouiseStorm Borchrevink skreiv i folkemin-nesamlinga si frå Nordfjord at huldragjerne var grøn-, blå- eller gråkledd.Ho var svært vakker som ung, menstygg som gammal. Ho kunne og verapen framafrå men heilt innhol bakfrå.

Huldrehaugen - Huldrehogen -HuldehaugenGygra sitt namn er ofte knytt til storesteinar, urer eller store ”fotavtrykk” ifjellet som Gygrasteget. Her har folkhatt førestillinga om at Gygra harkasta store steinar eller dryssa utoverheile urer. Huldrenamna er svært ofte

knytt til ein haug. Denne ligg ofte næreit gardstun eller i eit gardstun.Huldrehaugen kan og ligga nær einstølsvoll eller på sjølve vollen. Herbudde huldra og folket hennar og detvar viktig at folk tok omsyn til huldre-folket. Då gjekk det godt for dei.Huldrene flytta og inn i selet etter atbudeiene var flytta heim att om haus-ten og kunne halde hus der tilbudeiene kom opp att til stølen omvåren.

I Breim blei det fortalt om ein huldre-haug: ”På Hole va dar ein liten huldre-høgje, dar skulehuset står. Dar måttedei skvette søtmjølk på rota når deihøgg ned tre. Det skulle blidgjere deiondejordske.” ”Det skulle vere hulderi ”Konehøgjen” ovafor Austreim. Dervar det ikkje trygt å gå når det varmørkt.” Det var utrygt å gå fleire sta-der. På garden Fløtre var det ein haugved ”Bjørkjebruna”. Her skulle det

I Jølster kommune er det registrert heile 15 “huldrestadnamn”. Eit av dei ligg på garden Veiteberg.

Ein del av stadnamna våre avspe-glar folketru i eldre tid. Folketrukan jo vera så mykje forskjellig. Detkan vere tru på overnaturlege vesensom hulder eller gyger, troll ellertussar, jutlar eller sjøormar ellerandre vesen. Det er gjerne segnerknytt til desse namna som forklarerkvifor namnet er blitt som det er.

HuldrefolketHuldrefolket har fleire namn, deiunderjordiske, tussefolket eller hittfol-ket. Det finnast både mytiske segnerog opphavssegner om huldrene og hul-drelokalitetar. Det finnast fleire seg-ner om opphavet til huldrene. Ein er atdei skal stamma frå Adam og den før-ste kona hans. Elles har Nikka Vonenei segn om Gud som trefte ei kjerringsom gøymde bort ein del av unganesine. “dei som er dulde skal bli tilhulde, sa Gud.” Nokre forskarar trur athuldrefolket er tidlegare folk som

Huldra i stadnamnAv Randi Melvær

9

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

vere hulder. I Hyen hadde dei mangestader der huldrene budde. I Breim hardei ein stein som heiter Huldrekjerka.”Det æ ein stor stein som dei sa hul-drene budde i.” Frå Innvik: ”Dar va eiplassekone nedi Høgje vi seie, påBrulandsdal. Hon sa at påBrulandsdala, dar va’kje rett trygt,dar! Hon trudde hon hadde sett huldredar.” Desse stadene skreiv LouiseStorm Borchrevink om.

I Jølster er det mange huldrehaugar.Ein av dei ligg på garden Veiteberg(gardnummer 18 bruksnummer 6).Dette er ein holt med gjel på beggesider. “Segna seier at dei ikkje måttehogge skogen her, elles fekk dei tann-verk. Dersom dei fekk tannverk, måttedei slå ein hesteskosaum inn i ei bjørkher i haugen. Huldrehogen på Klakegg(g.nr. 14 br.nr. 3) er ein bratt hammarmot nord som gav ekko. Så her er hul-dra knytt til “dvergemålet”.

I Sogndal har dei ein haug som har fåttto namn. Han blir både kallaHuldrehaug og Vokeldshaug.Tidlegare stod det eit sel der og omhausten kunne dei høyre huldrene.Dette var på garden Ølnes (g.nr. 7br.nr. 1). På gr.nr. 57 br.nr. 1, Geirene,i Sogndal ligg det og ein huldrehaug.Det står ei hytte her.

Liknande stadnamn finn vi både i Vik,Høyanger og Lærdal. Truleg er detmange fleire i det stadnamnmaterialetFylkesarkivet har som ikkje kansøkjast opp på Internett, men somstammar frå den store stadnamninn-samlinga i 1985/86.

Huldrehammaren, Huldrehola,Huldresteinen, Huldrestova ogHuldresvaetDen store stadnamninnsamlinga i1985/86 fanga opp ganske mangestadnamn med tilknyting til huldra.Ein kan søkja dei opp med kulturko-dane K260 – folketru/naturfenomeneller K261 – Lokalitet; overnaturlegvesen. På Vetrhussætra i Selje kom-mune finn vi både Huldrestova ogHuldrehola. Desse to stadane ligg pågarden Flister (gr.nr. 79 i fellesutmark). Huldrehammaren er einhammar på vestsida av Huldrehogen.Denne ligg ved ei råk på elvekantenog inne i skogen. Dette er mellomVårstøylen og Flugestøylen på gardenFlugekvam (gr.nr. 57 br.nr. 1).Huldrehamrane i Askvoll ligg på gar-den Røyrvik (gr.nr. 81 br.nr. 1).

HuldrebryllaupPå Taraldset i Innvik skal folk ha setteit brudefylgje av underjordiske som

drog inn i Huldrehøgjen. “På Å-støy-len (i Hyen) æ dar ein stein som heiteBrurasteinen. Der har dei sett under-jordiske brudepar som gjekk rundtsteinen.” (Louise Storm Borchrevink)

I Årdal i Sogn finn vi og ein huldre-haug og ei huldrehole med tilknytingtil eit huldrebryllaup. Huldrebryllaupet som stod i Ve skal hafått fylgjer for folket på garden. IØvre Årdal finn vi Huldrehaugen pågarden Ve (gr.nr. 9) og Huldrehola pånabogarden Moa (gr.nr. 10). (Denstore stadnamninnsamlinga 1985/86.)

Bryllaupet i Ve“Det var eit huldrefølgje som skullehalda bryllaup i Ve. Så bad dei hanSpelemanns-Ola at han for Guds skuldmåtte komma. Det var som om deiikkje kunne greia seg, utan at han varmed. Først skulle dei til Moa, og sidanskulle dei til Ve og vigast. Moa var densværaste garden som var der. Jau, hanOla reiste med huldra som bad han.Dei var der i Moa i bryllaup heile jule-helga. Han Ola var så lenge vekke atkona hans vart reint forfærd for han.

Så skulle dei då endeleg til Ve ogvigast, og då det var gjort, gjekk deiopp i ei stove, som stod for seg sjølv,og det ikkje budde folk i. Der festa ogfeira dei til langt ut på neste dag. Dåkom mannen i hi stova og skulle sjåkor det gjekk føre seg. Det var fullt avbryllaupsfolk inne, og han tok til åjaga ut alle saman så nær som brura.Han trua henne til å kle av seg og tokalle kleda hennar, til og med serken.Dei hadde duk på bordet og haddedekka på med ein masse god mat. Notok han både serken og duken og reis-te stad og gøymde. Huldra bad så ventom at ho måtte få att serken, men hanlest ikkje høyra. Ho var att åleine då,alle hine var reist opp i ein haug ovan-for. Der stod ei fura så tjukk at ho varto famnar omkring, og ho var så gam-mal at ho var mange mannsaldrar.Beint under rota skulle dei ha husetsitt. Det var ein stor bygning, sa hanSpelemanns-Ola. Han visste korleisden såg ut, for han hadde vore inne hjådei mange gonger.

Frå Ve i Øvre Årdal. Då vegen skulle ha namn valde dei å bruka huldresegna og å kalladenne vegen for Huldrebakken. Huldrehaugen skal ha vore i begynninga på bakken, før einkjem opp til bustadfeltet oppe på flata.

10

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Då brura ikkje fekk att serken sin,meinte ho han skulle få gjera like fordet: ”Sidan du tek serken frå meg ogkler meg naki,” sa ho, ”skal det ikkjefinnast friske mannfolk og kvinnfolk iVe til den niande ættleden!”

Og sian har det ikkje vore skikkelegefolk der. Somme har hatt brokk, andrefallesykje, og somme har vorte nokontoskar som ikkje har kunna snakkamed folk. No er ein komen til femteleden, og framleis har ingen vore fris-ke med mindre det skal vera no nyleg.Så laut huldra reisa naki derifrå og for-lata alt godset sitt; og dei såg ho aldrimeir. Duken er der enno i Ve, men hitter borte. Somt har reist hit, somt dit,dei har klatta det vekk! Om det er attnoko av serken, skal eg ikkje seia,men duken er der, det er visst. Han erså lang, at han rekk over heile langbor-det. Han va dunblå, men det er liksomhan har lysna no. I kvart bryllaup somhar vore i Ve, har dei hatt han på bor-det for å sjå han. Dermed har hanfalma.

Det var ei gamal som heitte Lisbeth, eihalt ei, som gjekk med to stavar. Hovar syster til mor hans Spelemanns-Ola. Ho fortalde mangt slikt. Eg varliten då, men det er løge med det.Ungane hugsar så mangt!” Dennesegna er teken frå Segner frå Sogn.Innsamla av Olav Sande med språklegbearbeiding av Odd Njøs.

Dette er ei opphavssegn som forklarerkvifor dei på garden Ve har ein stor oggamal duk som no er C14-datert tilførste halvdelen av 1400-talet. Segnahar truleg vore med som inspirasjon tilå ta vare på duken, fortalte SiriBenjaminsen.

I stadnamnsamlinga til Fylkesarkivetpå Internett finnast det 118 stadnamnsom byrjar på Huld. (Du kan søkja deiopp slik: Huld%.) Dersom vi delerdette på tal kommunar blir det 4,53 forkvar kommune. Når vi så veit at ikkjealle kommunane har fått ut meir enneit eksempel av stadnamna sine pånettet, så skjønar vi at dei fleste av osshar eit “huldrestadnamn” i nærleikenav der vi bur. I Årdal kommune er det

åtte “huldrestadnamn” på nettet. IJølster heile 15 “huldrestadnamn”.Trua på huldrer er vel borte no, menein skal ikkje lenger tilbake enn tilforeldre og besteforeldregenerasjonenvår så levde trua blant mange.

Kjelder:• Borchrevink, Louise Storm: Frå eianna tid, folkeminne frå Nordfjord.Oslo, Norsk folkeminnelag, 1956.• Den store stadnamninnsamlinga i1985/86.• Segner frå Sogn. Innsamla av OlavSande, språkleg bearbeiding av OddNjøs, utval og illustrasjonar av KjerstiIsdal. Skald 2004. 124 s.• Benjaminsen, Siri: Innlegget“Huldreduken i Ve. Segna, duken og

rekonstruksjonsarbeidet” på seminarden 16. og 17. mars 2011 på SognFolkemuseum.• Hekneby, Greta: Nikka Vonen, folke-minnesamlar, skulestyrar og mål-kvinne. Selja forlag.• Norsk folkedikting III Segner vedOlav Bø. Samlaget 1977.• Informant: Ole Ørbeck Vee

Dette er att av tunet på Ve gard. Her tek dei godt vare på klenodiet Huldreduken som erover fire meter lang.

11

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

pa over 200 nordmenn mot opprørsge-neralen Franco. Fleire døydde på slag-marka, men talet er noko usikkert. Einav dei som sette livet til var MartinSchei frå Førde.

Noreg støtta ein politikk om ikkje-

intervensjon i den spanske borgar-krigen. Frå 1937 vart det innført for-bod mot å la seg verve og delta i kampi Spania. Men den humanitære hjelpe-innsatsen rulla vidare – også i Sogn ogFjordane.

Internasjonal solidaritet har voreein berebjelke i arbeidarrørsla heiltsidan framveksten av organisertklassekamp på 1800-talet. Mang einprotokoll frå fagforeiningar vitnarom eit dobbelt blikk. På den einesida, den nære striden for løn ogarbeidsvilkår på eigen arbeidsplass,samstundes har augo òg vore vendtmot utlandet.

Ein kunne kanskje tru at fagforeinings-arbeidet er sjølvsentrert, retta mot detlokale og eigennyttige - for auka løn ogbetre arbeidsmiljø. Det er naturlegvisòg tilfelle, men for arbeidarrørsla haraldri samhaldet stoppa ved fabrikkpor-ten eller landegrensa. Arkiva etter par-tilag og fagforeiningar vitnar om eitsterkt og ektefølt engasjement mot nødog urett i andre land.

Den spanske borgarkrigenArbeidarrørsla si soge viser ikkje all-tid samklang i spørsmålet om klasse-samkjensle over landegrensene. Førsteverdskrigen openberra at i ei krisetidslo gjerne dei nasjonale hjarteslagatyngre enn samhaldet arbeidaraneimellom.

Men om den første verdskrigen splittaden internasjonale arbeidarrørsla, såkom den spanske borgarkrigen til åsamle brei sympati til den republi-kanske arbeidarregjeringa i Madrid.Krigen starta i juli 1936, då eit høgreo-rientert offiserskorps freista å gjerestatskupp mot den lovleg valde regje-ringa, som hadde tilhøyrsle på venstre-sida. Opprørarane fekk støtte av landei-garar, borgarskap og den katolske kyr-kja. Landet vart etterkvart delt i eitområde kontrollert av opprørs-generalen Franco, og ein annan styrt avden republikanske regjeringa.

Det mest handfaste uttrykket for sym-pati med arbeidarregimet i Spaniakom i form av frivillig soldatinnsats iDen internasjonale brigade. I alt kjem-

Solidaritetstanken i arbeidarrørslaAv Per Olav Bøyum

Borgarkrigen i Spania skapte ei stor flyktningbølgje. Over ein halv million fann vegen inn iFrankrike, og trongen for hjelp var stor. Etter andre verdskrigen stod Norsk Folkehjelp bakulike tiltak for spanske flyktningar i Frankrike, mellom anna oppretting av helsestasjonar ogsendingar av klede og mat.

12

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Spørsmålet om hjelp til Spania kom tildømes opp på eit møte i GloppenVegarbeidarforening i mars 1937.Foreininga vedtok å skrive ut ein eks-tra kontingent på 50 øre per medlem,men understreka at bidraget var frivil-lig. Likevel må dette ha vore ein rausinnsats, for rikdom og velstand varikkje utbreidd mellom vegarbeidaranei Gloppen i dei harde 30-åra. I årsmel-dinga for 1939 vert det opplyst at“Arbeidsløysa millom medlemmenehar vore svert stor, millom 40-50 % isnitt”.

Givargleda i Gloppen Vegarbeidar-forening var generelt stor. Det vartløyvd pengar til sjuke medlemmer,politiske flyktningar, og då vinterkri-gen mellom Finland og Sovjetunionenbraut ut i 1939, opna arbeidarane påny setleboka.

Solidaritetstanken var òg levandemellom arbeidarane i Vadheim. Påeige initiativ løyvde styret i fagforei-ninga i september 1936 50 kroner tilspanske arbeidarar. Spania-hjelpakom på sakskartet att eit halvt år etter,då dei mottok eit skriv frå samorgani-sasjonen om bidrag til spanske klasse-frender. Nok ein gong vart det løyvdpengar, denne gongen ei krone permedlem.

1. april 1939 erklærte Franco at krigenvar vunnen. Men engasjementet forSpania slutta ikkje med nasjonalistanesi maktovertaking. Etter andre verds-krigen vart blikket igjen vendt motden iberiske halvøya. Ein ny Spania-komité vart skipa, og fleire fagforei-ningar aksjonerte mot regimet tilFranco, mellom anna ved å nekte ålaste skip som gjekk til Spania. Ogsåpå det politiske plan var det storkampvilje. Arbeidarparti-regjeringafreista å få i stand internasjonale sank-sjonar mot landet, men styret tilFranco vart etterkvart sett på som sto-vereint i ei tid der kald krig og kom-munistredsle kom til å dominere, bådeher heime og i våre allierte NATO-land.

Norsk FolkehjelpNorsk Folkehjelp sprang ut av det ster-

ke spanske engasjementet. Då borgar-krigen var slutt, vart Hjelpekomitèenfor Spania omgjort til ein organisasjonsom skulle drive med helse- og solida-ritetsarbeid. Skipingsmøtet vart haldei desember 1939, rett etter Sovjet-unionen sitt åtak på Finland.Organisasjonen samla på kort tid innbåde pengar og mat til det finske fol-ket. I tillegg drog ein stor kontingentfrivillige for å slåss mot Stalin sinestyrkar. Meir enn 700 personar skal hastilt seg til innsats på finsk side. Menvenstresida i Noreg var splitta i synetpå vinterkrigen. Kommunistane stilteseg lydig bak Stalin, og var difor skep-tiske til Norsk Folkehjelp sitt arbeid iFinland.

Dokumentasjonen om NorskFolkehjelp i Sogn og Fjordande erikkje omfattande. Truleg har det hellerikkje vore mange lokallag her i fylket.Men frå Årdal finst det eit arkiv somvitnar om aktivitet. Norsk Folkehjelpstarta opp arbeidet sitt i Årdal likeetter krigen. Innsatsen ser i stor gradut til å ha vore retta mot innanlandshjelpearbeid, men Spania var ikkjegløymt. I 1954 vart det til dømesløyvd pengar til spanske flyktning-born som vitja bygda.

Arbeidararkiva er naturlegvis sentralekjelder til kunnskap om lokal historie.Men dei har òg teke opp i seg dei storepulsslaga frå europeisk historie.Krigar og konfliktar viser godt att isakslistene til arbeidarpartilag og fag-foreiningar. Den spanske borgarkri-gen, vinterkrigen mellom Finland ogSovjetsamveldet og oppreisten iUngarn i 1956 er berre nokre fåeksempel på hendingar som har vektengasjement i arbeidarrørsla.

Litteratur• Moen, Jo Stein og Sæther, Rolf:Tusen dager: Norge og den spanskeborgerkrigen 1936-1939. Oslo:Gyldendal, 2010• Kleppa, Hermund: I kamp mot nazis-men: 60 år sidan førdianar sette livettil. I: Kjelda 1997, nr. 2, s. 7• Myklebust, Jon Olav og Årdal, Ottar:Pasaremos!: to nordmenn i spanskborgarkrig. Oslo: Det NorskeSamlaget, 1982

Kjelder• SFF-90024 GloppenVegarbeidarforening• SFF-99004 VadheimArbeidsmandsforening • SFF-95003 Norsk Folkehjelp - ØvreÅrdal lag

Martin Schei frå Førde var berre 18 år dåhan verva seg til kampen mot Franco. Hanengasjerte seg tidleg i AUF, og var eindebattglad ung mann med prinsippfastehaldningar som han omsette i handlingardå han kasta seg inn i krigen på republika-narane si side. Det er noko uklart korleishan enda livet sitt i Spania, men sannsyn-legvis døydde han etter å ha fått eit skot imagen ved Mediana, ikkje langt fråZaragoza. Truleg skjedde det 2. eller 3. sep-tember 1937, kort tid før han ville ha fylt 19år. Odd Vattekar frå Høyanger deltok òg iden spanske borgarkrigen. Han vart seinarestortingsrepresentant for Høgre og fylkes-mann i Vestfold. Det er ugreitt å gjere greiefor nøyaktig kor mange frå Sogn ogFjordane som lèt seg verve til innsats iSpania, ettersom fleire av dei frivillige nyttafalske pass og dekknamn. Tidens Tegn03.11.1937.

13

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Norsk Kulturråd løyver 100 000 kr til åordne arkivet etter Rolf Myklebust

Av Erle Hind

Norsk kulturråd løyver 100 000 krtil å katalogisere, digitalisere og for-midle arkivet etter musikaren og tra-disjonssamlaren Rolf Myklebust(1908–90). Myklebust var NRK sinfremste folkemusikkmedarbeidar,og han var programleiar for radio-programmet Folkemusikkhalvtimeni ein mannsalder.

Tidlegare i år søkte Fylkesarkivet iSogn og Fjordane si musikkavdelingom midlar til å katalogisere, digitali-sere og formidle arkivet etter musi-karen og tradisjonssamlaren RolfMyklebust frå Stryn. I søknadenskildra folkemusikkarkivet arkivetetter Rolf Myklebust som eit uerstat-teleg privatarkiv etter ein føregangs-figur innan innsamling, vern og for-midling. Med sitt omfattande inn-samlingsarbeid sikra Myklebustsærs verdfulle skattar for ettertida.

Rolf Myklebust vart fødd i Stryn iNordfjord i 1908. Han var leiar forprogramposten

Folkemusikkhalvtimen på NRKRadio frå 1952 og fram til han gjekkav med pensjon i 1978. Myklebustvart kjent som “Folkemusikkhalv-timen personleg”.

Radioprogrammet var ein viktig for-

Hyllestad-seminaret 2011 Torsdag 7. april vart Hyllestad-seminaret arrangert for niande gong.Målet med seminaret er å spreiakunnskap om kvernsteinsdrifta ognærliggande tema i fagmiljø , og ågjera lokalsamfunna medvitne omkva ressursar ein sit med, skal ta varepå og hauste av. Dette seminaretsette fokus på vikingtid og UNES-CO-nominasjon.

I fyrste del av seminaret fekk mehøyra doktorgradsstipendiat IreneBaug fortelja om kvernsteinspro-duksjonen i Hyllestad, før me fekkvera med på ei interessant vandring ikvernsteinslandskapet. Dei eldstedateringane frå produksjonen er frå700-800-talet. Fram til 900-talet serdet ut til at produksjonen av kvern-stein var til lokalt bruk, men frå dentida var kvernstein stor eksport iHyllestad. Ein veit lite om kven somstod bak den storstila produksjonen,men kan henda var det lokale stor-menn som styrte aktiviteten?

Kvernsteinsbrota i Hyllestad ernominert til UNESCO si verdsarv-liste. Bakgrunnen til nominasjonener at Noreg samarbeidar med femandre land om å få historiske stadarfrå vikingtida inn på lista.Kvernsteinsbrota er mellom annanominert fordi dei fortel ei anna his-torie frå vikingtida enn den me kjen-ner best til no. Steinbrota er ei viktigbrikke i det større puslespelet. I til-legg til kvernsteinsbrota i Hyllestader Borrehaugane i Horten,Oseberghaugen i Tønsberg ogGokstadhaugen i Sandefjord deiandre norske kandidatane. Me fekkhøyra interessante føredrag om deistore skipsgravene, samt om kor vik-tig vikingskipa var for rikssamlinga.

midlingskanal for folkemusikk.Sjølv om han budde i Oslo i mangeår, er Myklebust sitt namn sterktknytt til heimefylket Sogn ogFjordane.

Det å sikre at arkivert vert ordna,registrert og gjort tilgjengeleg, erdifor ei viktig lokalhistorisk oppgå-ve.

Ein av årsakene til at Fylkesarkivetynskte å søke midlar for å ordnearkivet, er at det i år – 2011 – er 80år sidan radioprogrammet Folke-musikkhalvtimen vart skipa.Myklebust arbeidde med program-met nesten heile livet, ogFylkesarkivet meiner jubileet er eitglimrande høve til å få ordna arkivetetter han.

No har Norsk Kulturråd løyvd mid-lar til handsaming av arkivet etterMyklebust. Kulturrådet har løyvd ialt 3 millionar kroner til 21 ulike pri-vatarkiv til å ta vare på unikt materi-ale som dokumenterer sentralebedriftshistorier og framveksten avmange norske lokalsamfunn.

Musikkavdelinga takkar NorskKulturråd for midlane, og ser framtil å gå i gong med prosjektet.

Rolf Myklebust (foto: Sogn og Fjordane folkemusikklag)

14

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20 BEDEHUS

Flora kommune har – etter det egkjenner til – åtte forsamlingshus mekan plassera i kategorien bedehus.Askrova bedehuskapell (1957),Batalden bedehuskapell (1907),bedehuset i Nordalsfjorden (kring1930), Rognaldsvåg bedehus(1913), samlingsheimen ved

"Dette huset er reist av eldsjeler.Gå no flittigt i dette huset, og lathuset berre vera til Guds ære ogsyt for å halda huset vakkert ogvelstelt." Det var konstituert prostHjalmar Tjelta som la forsamlingadette på minne då samlingshuset iBrandsøy vart vigsla i 1954.

Huset noSamlingshuset i Brandsøy ligg høgtog fritt i bakken ved vegen opp frå

Storebru (1942), samlingshuset iBrandsøy (1954), samlingshuset påNyttingnes (1955) og misjonshei-men i Florø (1907).

Dei er litt ueinsarta på fleire måtar.To er ”litt meir” enn bedehus, dei erbedehuskapell. Historia til desse to

byrja som bedehus, men dei bleioppgraderte til bedehuskapell, somvil seia at dei både som bygningar ogmed omsyn til bruk, langt på veg erå sjå på som kyrkjer. (Såleis er beggemed i bokverket På kyrkjeferd(2002). Fire av husa har ikkje bede-hus i namnet. Tre har nemninga sam-ling i namnet, noko som kan forkla-rast med at i eldre tider kalla deigjerne samklomer om Guds Ordutanom kyrkja for samlingar. Og einstad er det opphavlege huset erstattamed nytt hus og nytt namn.Misjonsheimen i Florø, innvigd 9.april 1978, kom i staden for detgamle Florø Bedehus.

Fylkesarkivet sitt nettbaserteKulturhistorisk leksikon har korteartiklar om sju av dei åtte bedehusa iFlora. Nokre er litt tynne i innhaldet,både når det gjeld tekst og illustra-sjonar. Me er difor takksame omnokon tek kontakt med oss slik at vikan fylla ut og oppdatera. Artikkelenom bedehuset i Brandsøy byggjer påopplysningar me har funne i FirdaFolkeblad og organisasjonsbladetLys og fred. Det er snautt, men idette tilefellet meiner me at noko erbetre enn ingenting.

Det gamle bedehuset i Florø, bygt 1907, rive 1976. (Foto: I

Av Hermund Kleppa

Bedehus og bedehuskapell i Flora

Om samlingshuset i Brandsøysjøen i Brandsøy. Bygningen liggorientert aust-vest og har fire vind-auga på langveggen mot sør. Pånordsida er eit langsgåande tilbyggmed hovudinngang. Storsalen oppeer 9,5 x 5,5 meter. Huset har lig-gjande panel. Taket er tekt medmørke stålplater av nyare dato.Huset har full kjellarhøgd.

Tømmeret frå gamal stoveVeggene er for det meste av tømmer

frå ei stove som stod i Nydalen iHolsen, Førde. Stova vart bygt i1867. Like etter 1950 vart ho riven ogkøyrd ut til Brandsøy og så sett opp-att med ny romplan og ny bordkled-ning. Gustav Nydal stod føre arbei-det. Det var ikkje drive innsamling påførehand. Finansieringa vart ordnaved nokre pengegåver og banklån. Dåhuset vart teke i bruk i 1954, stod detatt å innreia kjellaren, leggja inn vatnog elektrisk installasjon.

15

BEDEHUS kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

EigarDå samlingshuset vart bygt, stodorganisasjonane SunnfjordIndremisjon og Ungdomslaget avNorges Kristelige Ungdomsforbund(NKUF) som eigarar.

Vigslinga - føremiddagsmøtetHuset vart vigsla søndag 5. septem-ber 1954 med møte kl. 11:00 og15:30. Gustav Nydal ynskte velko-men med ord frå profeten Esaias omat Han som bur i det høge, tek romhjå den som er broten og nedbøygd.Deretter las Johan Slettevold einprolog han hadde skrive sjølv.

Sokneprest og konstituert prost,Hjalmar Tjelta, heldt vigsletalen utfrå ordet i 1. Kongebok, kapittel 8,versa 27-28, om Guds stordom oghus mennesket byggjer til hans ære."Gå no flittigt i dette huset, og lathuset berre vera til Guds ære og syt

for å halda huset vakkert og vel-stelt."

Deretter song Olav Fagerheim einsong han hadde skrive for høvet, ogBrandsøy songlag deltok underleiing av Norvald Nydal. Til slutt påføremiddagsmøtet tala kyrkjesongarBertel Flaten frå Førde.

EttermiddagsmøtetFolket samlast deretter til matøkt iskulehuskjellaren. På ettermiddags-møtet var det tale av sekretæren iSunnfjord Indremisjon, MindorDragsund og sekreteæren iSunnfjord NKUF, pastor Ile. Ileminte om orda i Korinterbrevet omat alt skal vera til oppbyggjing, "detgjeld for arbeidet her i huset og," sahan.

Etter at songlaget hadde sunge, gavGustav Nydal ei utgreiing om arbei-

det med huset. Bertel Flaten las såeit dikt skrive for høgtida av emissærRagnvald Nydal, og det vart borefram helsingar. Deretter var det taleav Rasmus Nydal, fødd 1869, i stovai Nydal som no hadde vorte bedehusi Brandsøy. Vidare var det helsingfrå Nils Nydal (83). Han var fødd iden gamle Ekrestova i Nydalen.Elles bar fleire andre fram helsingar.Bertel Flaten overrekte ein bibel fråungdomskrinsen av NKUF.

Band til Nydal i HolsenBonde Rasmus Gullak R. Nydal(1869-1962) budde i Nydal i Holsen,på bruk nr. 6 kalla Øvre Ekrene. Handreiv óg som bygningsmann. SonenGustav, f. 1901, vart gift medMathilde Ervik. Dei budde iBrandsøy. Ein annan son, Ragnvald,fødd 1898, var gift med Agate ogbusett i Egersund. Han reiste somemissær.

Kjelder:• Firda Folkeblad. 16.08., 02.09,06.09.1954.• Lys og Fred. september 1954.

Samlingshuset då det var nytt i 1954. (Fotoi Firda Folkeblad)

Samlingshuset på Brandsøya 2008, teke i bruk i 1954.

16

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20 GLIMT FRÅ ARKIVET

“Askeland, M. E.” kan ein lese i fel-tet fotograf på eit tredvetals bilete ifotobasen vår. M. E. Askeland, ellerMartinus Eliasson Askeland som erdet fulle namnet, var i si tid kjendsom ein dyktig fotograf med eilevande interesse for tekniske nyvin-ningar innan fotografiet.

Martinus Eliasson Askeland, som etterkvart fekk kallenamnet Askeladden,vart fødd i Ugla (Askeland) iBremanger 6. april 1890. Foreldra vargardbrukarane Elias AndreasSteffenson og Helena ElisaRasmusdotter Hamre. Det var i løpetav første verdskrig at Martinus lærteseg å fotografere. Han jobba då somsignalmann på Kvarven fort i Bergen,

og nytta fritida til å lære seg fotografe-ring. Då krigen var over reisteMartinus heim att til Ugla. Han heldtfram med fotograferinga, og utforskastadig nye teknikkar og hjelpemiddel.

På bilete nummer 2 ser vi til dømesresultatet av eit forsøk på å fotografereeit juleselskap innandørs heime pågarden Ugla; på grunn av det sterkelyset frå magnesiumpulveret somMartinus nytta som blits ser dei flestenokså medtekne ut. Berre mor hans,Helena, som hadde blitt fotografertmed “blitslys” frå brennande magne-sium tidlegare greidde å halde augaopne.

Martinus hadde direkte kontakt med

utanlandske produsentar av fotoutstyrog skaffa seg tidleg eit fotoapparat forpanoramafotografering. Eitt av deiførste bileta han tok med det nye foto-apparatet var kan hende bilete num-mer 3 – eitt panoramabilete av brukapå Ugla/Askeland teke frå Uglenesetca. 1920.

På bilete nummer 1, eitt anna tidlegpanoramabilete, kjem verkeleg denneteknologien til sin rett – her er 77 sol-datar og 7 fly oppstilt på linje i høve“Nordenfjelske Flyveavdelings Som-merøvelser 1925”. Det originalepapirfotografiet måler heile 15 x 60cm og kjem frå Nordmøre Museum sifotosamling.

1. Panorama: “Nordenfjelske Flyveavdelings Sommerøvelser 1925. Fot. Askeland. Maaløy”. Heile 77 personar og 7 fly er fanga inn av foto-grafen. Fotograf: Martinus Eliasson Askeland. (FAKf-100296.259995)

3. Askeland var svært interessert i tekniske nyvinningar på fotofeltet. Han heldt seg oppdatert på utviklinga gjennom direkte kontakt medutanlandske firma og skaffa seg tidleg det siste nye. Her har han fotografert heimstaden med det nyanskaffa panoramafotoapparatet sitt.Fotograf: Martinus Eliasson Askeland. (SFFf-100042.103752)

Av Elin Østevik

Fotograf Martinus Eliasson Askeland- ein teknikkens Askeladd

17

GLIMT FRÅ ARKIVET kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Tidleg på 1920-talet flytta Martinus tilMåløy der han etablerte fotoatelier ikjellaren på Hagens Hotell, og vartkjend som ein dyktig fotograf.Martinus fotograferte både nærmiljø-et, hendingar og personar. Blant annavar det populært blant folk flest iMåløy å bli portrettert på den karakte-ristiske månekulissa vi ser på biletenummer 4. Askeland vart buande i

Måløy fram til han døydde 29. januar1948.

Fylkesarkivet har som nemnt berrekring 30 bilete bevart etter Martinus sifotografverksemd. Vi skulle gjernehatt meir. Dersom du veit kva somhar skjedd med biletarkivet etterfotograf Askeland er vi svært takk-same om du tek kontakt med oss!

Kjelder• Fotoregistrene www.nb.no/nmff • Fotobasen til fylkesarkivet, sjåhttp://www.fylkesarkiv.no/foto/

2. Fotografering med “magnesiumblits” heime på Ugla. Magnesium gir frå seg eit sterkt lysnår det brenn og det kunne som vi ser vere svært vanskeleg å halde augo opne i det sterkelyset. Fotograf: Martinus Eliasson Askeland. (SFFf-100042.103743)

4. På Måløy etablerte Askeland seg medatelier i kjellaren på Hagens Hotell.Månekulissa var ein av fleire karakteristiskekulissar Askeland nytta til portrettfotografe-ring. Dei tre damene “på månen” jobbaalle på Hagens Hotell, frå venstre: PetraÅrsheim (“vaske-Petra”), Petra NygårdBenes (“værelses-Petra”) og Petra Årsheim(“kokke-Petra”). Bilete er teke ca. 1930-1935. Fotograf: Martinus EliassonAskeland. (SFFf-1995066.0001)

18

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Ja, jeg må tilstaa det var med underli-ge følelser jeg stod tilbage paa Kaieni Bergen den lördagskvelden daDampskibet seg i fra (18.03.1923)

Peder Berdal (1839-1933) skreivdesse orda til son sin. Han og sonenEirik Berdal brevveksla, og tjueto avdei breva som Peder Berdal sendte fråden vetle bygda Feios på sørsida avSognefjorden til Amerika frå 1913 ogfram til 1928, er tekne vare på. Pedervar 84 år då han skreiv desse linjene.Han ønskte at skipet skulle vende ogkomme tilbake, for han visste at dettekunne vera siste gongen han sågEirik. Eirik hadde utvandra tilAmerika i 1913. I 1923 hadde hanvore heime på besøk i nokre månadar,og med attende til garden i Sør Dakotavar systersonen Ingvald.

I denne artikkelen skal eg ta utgangs-punkt i breva som Peder Berdal sendetil sonen sin og sjå kva dei kan fortel-ja om tida dei var skrivne i. Me kan gåut frå at livet i Feios hadde ein del tilfelles med livet i andre sognebygder.Peder Berdal var enkjemann og kår-kall på garden Berdal, som ligg eit parkilometer oppover dalen i Feios. Hanhadde åtte barn som vaks opp. SonenIvar overtok og dreiv garden. Pederlevde i ei tid då det var atskillig meirfolksamt både i Berdal og resten avbygda. I 1910 budde det rundt 550menneske i Feios.

I følgje kyrkjebøkene utvandra 70 per-sonar frå Feios til Amerika i åra 1892til 1913. Gjennom brevskriving heldtein kontakten med venner og slekt.Amerikabreva var eit samtaleemne ibygdene, skrive- og leseferdigheiteneauka og mang ei helsing vart sendtgjennom breva. Amerikabrev skildrarsamfunnet på den tida dei vart skrivne.Peder var ein samfunnsengasjert ogopplyst mann som skreiv om alt frålivet på garden til stortingsval ogavhaldspolitikk.

Fleire av opplysningane som Pedergav, har eg sjekka opp mot andre kjel-der, og det syner at me kan festa lit tildet Peder skriv. Eg har valt ut nokretema som utmerkar seg, og eg vil site-ra ein del frå breva. Peder verkar til åha vore ein kunnskapsrik mann somvar trygg på det dansknorske skrift-språket. Gjennom sitt rike vokabular,gav han gode og klare skildringar.Særskilt vakkert er det å lesa når hanskildrar årstidene.

Utan unntak - årstider og vêr Ja nu er vi begynt at nyde Sommerensmed naturens velsignede luftning fraSkov og Mark med dets blomsterflorsom lyser og som for Frugttrerenesvedkommende ikke lenger netop lyseraf blomster men har lagt sammen,men ved Pinsedagene var det over-maade stortartet hver en busk var saabeklæd med blomster at de lyste overfjorden fra de store hager paaSystrand. (19.06.1917)

Breva viser glede og begeistring over

naturens prakt om våren og somma-ren. Kontrastane til mørke og gråehaust- og vinterdagar var kanskje endåstørre i tida før elektrisiteten. Pedersine velformulerte brev inneheldmange skildringar av vêret gjennomdei ulike årstidene. Dette viser korviktig vêret var for bøndene sittarbeid. Vêret varierte frå år til år, dåsom no. Om vinteren dreiv bøndenegjerne med vedhogst, og då var godtsledeføre avgjerande. Ikkje minst vardet ein stor fordel om snøen låg heiltned til fjorden og kaien der båtar frak-ta det vidare. Peder skreiv at dei hoggog drog tømmeret ned i tunet, kløyvdedet opp og køyrde det til sjøs der detvart lossa på jekter. Vinteren 1915 vargodt eigna for hogst. I februar haddedet vore kaldt og lite snø, men skare-føret som danna seg gjorde det lett å fåtømmeret ned til garden. Seinvinterkom det eit kraftig snøfall som gavgodt sledeføre like til sjøs. Deretterkom det ein kald og lang vår: Vi harnu sidst i Marts havt meget sne, saa atenskiont vi i dag har Sommermaaldag

Her ser du eit brev frå Peder Berdal til sonen Eirik. Konvolutten er poststempla i Feios 20.mai 1914.

Av Bjarnhild Samland

Amerikabrev frå Feios fortel frååra 1913 – 1928

19

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

ligger Sneen fast over Husene ogfremmen for Berdal er det nesten fastSne efter Veien, saa det er sjeldan paaden tid her har set saadan ut med Sne.(14.04.1915)

Dagen Peder skreiv dette brevet, 14.april, var ein merkedag. Sommar-maaldag snudde ein primstaven tilsommarsida, og vêret den dagen gavviktig varsel om korleis vêret skullebli framover. Kalde vårar betydde atbeita vart seint klare for husdyra. Dåkunne høymangel bli eit problem: Vier nu som sedvanlig i denne Tid imangel for Hoi til vore Kjur og Hesterme maa naa og Kjopa Hoi og Vaarener raa og kold saa det gaar ikke saafort med Gresset som vokser fordi viventer saa haart på det. (18.05.1915)

Vêret hadde også betyding for korn-og potetavlingane på gardane.Likeeins kunne det vera ei utfordringå få turka høyet om sommarvêret varlummert og stille. Av breva kan einlesa at det var knytt mykje spenning tilvêret. Folk på gardane var heiltavhengige av godt vêr. Dårleg slått ogavlingar kunne føra til mange bekym-ringar.

Kvardagslivet Peder teiknar rett nok eit bilete avkvardagslivet på garden fylt med hardtarbeid og slit, men han skriv òg ommeir gledelege ting. Då sonen Ivar ogkona Guro får barn nummer fire ogfem, eit tvillingpar, skreiv Peder tilEirik:

Vi har en ikke liden strev med demange smaa, du erindrer vel at jegskrev at Guro har fått Tvillinger i vaaren gut som heder Harald og pige, sombærer din Moders navn, de ere beggetrivelige og friske, men det fordresmeget pleie og naar jeg kommer ind iStuen maa jeg tage et. (23.11.1917)

Sjølv om det var strevsamt medmange born, legg ikkje Peder skjul påat dei liva opp i kvardagen.

Kvinner og kvinnearbeid på gardenskreiv Peder lite om. På gardane haddeein gjerne både dreng og tenestejenter.

Peder og familien hadde dreng, mentenestejente vert det ikkje nemnt nokoom. Når Peder nemner kvinner, er dethelst snakk om nyfødde born, sjuk-dom eller død. Kvinnene på gardentok seg av husarbeidet, og det daglegestellet av dyra. Fire av dei fem døtrenetil Peder var ugifte. Nokre var heimepå garden og hjelpte til eller/og deitente hjå andre. Peder nemnde atnokre av jentene også tenestegjorde iKristiania og Bergen. I 1913 skreivPeder at den eine dottera, Brita, haddeplanar om å byrja på Husholdnings-skole i Bergen. Ho var også ei tid iAmerika. Peder var uroleg for ho dåho streva med å læra seg engelsk.Brita kom attende til Feios.

Verdskrig og tronge tider I Sommer da Krigen raset som verstfik vi det brev som du havde skrevet tildin søster Gunhild og vi kunde eiavholde os fra at obne brevet for at vikunde erfare inholdet eftersom vi fryg-tede for at ogsaa du enten var udskre-ven og sent til opøving for at sendes tilFrankrige eller stod for tur til å blivedet eftersom Avisene melte saa maatteder blive nesten almindeligUdskrivning ogsaa derborte.(27.12.1918)

Under krigen uroa Peder seg for atnokon av hans kjære skulle måttetenestegjere for hæren. I følgje Pedervar det ingen frå Feios som vart mobi-lisert. Han fortalte om mangelen påmatvarer under krigen. Det førte tilrasjonalisering og folk måtte henven-da seg til Provianteringsraadet. Derfekk dei rasjoneringskort på matvarersom sukker, mjøl og kaffi. Bøndenefekk heller ikkje lov til å selja av eigenproduksjon, som poteter og korn.Storleiken på kornavlinga skulle opp-gjevast til forsyningsnemnda. Haddeein meir enn til eige bruk, laut einlevera inn dette. Ja, vi har levet underindviklede forholde alt hvad vi skullekjøbe det var ikke lenger fri, vi maatteførst hendvende os til Provianterings-raadet og faa et kort paa hvilket varanført den vare vi skulde for den…(27.12.1918)

Prisnivået var jamt over høgt. Peder

skriv om høge prisar på levande dyrsom hestar og kyr. Ein vanleg vaksenhest kunne kosta opp til 1 500 kroner,som tilsvarar 43 000 kroner i dagensverdi. Sonen til Ivar er hestehandlarog gjorde nokre gode sal under krigen:

Jeg skrev engang at Ivar og Andreashadde kjøbt seg Hingst igjen som degav 16 hundrede Kr for. Nu var de paaUdstillingen paa Lærdal og fikPræmie 3 ( …) og paa veien ud i gjenpaa Dampskibet solgte de han for3000 præmien beregnet De tjente godtpaa den. Her er store Hestepriser hernu, en almindelig vaksen Hest betalesmed 1200 til 14 og 15. (19.06.1917)

Det var også gode tider for sal av ved.Mangelen på kol skapte større behovfor ved. Dette førte til høge prisar påveden. Eitt mål bjørkeved kosta i 1917mellom 35 og 40 kroner. Ja, nu er detvanskelige tider her Prisene ere uri-melige paa alle ting. Dampskibsruteneer indskrenket vi har blot et tur omugen fra og til Bergen fordi det ermangel paa kul de maa bruge ved istedet for Kul. (19.06.1917)

Dei harde tidene heldt fram også etterkrigen var over. Tjuetalet var økono-misk og politisk uroleg. Det merkastogså for folk på bygdene. Peder fortelat det var høge skattar, arbeidsløyse,streik og politisk usemje i landet. Deihøge skattane gav seg utslag i at detvart trongt økonomisk for mange. Nårså potetavlingane i bygda slo feil imange år, kunne det vera vanskeleg:

Vi ere alle saman friske og befinder osefter omstendigheterne vel men herbegynder at blive vanskeligheter paamange hold. Skaterne blir svære, deblir nøt til at presse ut der de kan faainn øre Komuneskat og Statsskat erebegge saa store at det forblir vanske-ligt at dække for mange (…)Og aarennu det sidste har ikkje været saa godesom før Poteten som var en av de besteNæringskilder har slaaet feil nu imange aar (…) Det eneste som harholdt seg er Hoiavlingen den harværet god Slagtepriserne ere ogsaaganske gode, ligesaa Fepriserne(09.01.1925)

20

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Fritid; Fjell, fjord og trøorgel Arbeidet har ein sentral plass i breva.Fritid har ikkje så mykje merksemd,men det er nemnt noko. Eit av brevafår tankane mine til å gå attende tilmidt på 1980-talet og mine første sku-leår. Då var det moderne med el-orgel. Born og unge fekk muligheit tilå læra seg notar og orgelspeling. Mineforeldre, som fleire andre, kjøpte innorgel til borna. Sidan Feios er miheimbygd, var det artig å lesa at detogså på midten av 1920 - talet gjekk eislik bølgje over Feiosbygda. Fleirehadde kjøpt seg orgel, også Peder sinfamilie. På ei veke i november 1925hadde det ikkje komme mindre ennfem orgel med dampbåten frå Bergen.Mest truleg er det snakk om trøorgelsom hadde ein overkommeleg pris.

Vinterstid reiste ungdommane gjernetil fjells på ski. Peder fortalde om bar-neborna Per på 17 og Odd på 15 somvar så opptekne av Skisport, særleglikte dei å reisa til fjells og gjerne veramed på hoppkonkurransar. Søndagenvar den dagen i veka då ein hadde friog kunne finna på forskjellig, slik sombading om sommaren. I eit brev fråaugust 1924 skreiv Peder at hankunne, i motsetnad til dei meirarbeidsføre på garden, også nyttakvardagen til bading og symjing.

Sjukdom, ulykker og sorgI breva fortalte Peder også om det tris-te i livet. Sjukdom, ulykker og sorghar plass i breva. Ei tragisk hendingvar då 25 år gamle Olav PedersonHove mista livet:

Her skede en ulykke nu i Høst. Du vedPeder Hove har Jækt og, forrige vinterkjøbte Hanssøn Ole og HermandLinde en støre Motor som laster nok-saa meget, ogsaa reiser de i lag saa desleper jægten til Faderen og paa detvis kan de gjøre noksaa mange ture.De var da ogsaa i lag og lastet i Amleog Motoren havde tat ind formegenDækslast, saa naar han kom i drift saahan vilde gaa rundt, og gikk ogsaarundt saa at Dækslasten gikk overbord og Ole gikk også med ogDruknede, og de tok svært på Demallesammen. (24.11.1926)

Nokre år før dette herja Spanskesjuka,og det var fleire familiar som vargjennom store prøvelsar. 1,2 millionarnordmenn vart smitta, noko somutgjorde halve befolkninga. Dette varein influensapandemi der fuglevirussmitta direkte mellom menneske. INoreg døde om lag 15000 menneskeav spanskesjuka, og Peder fortel omheile familiar som ligg sjuke og omdei som tapte kampen: Vi ere friskealle samen den Spanske syke harværet noksaa slem det er faaMennesker igjen uden de har ligget i

den og mange er døde. Ogsaa her paaBerdal ere 2 døde nemlig son til Erikhan som havde gode evner, og yngsteson til Johan Harald om du erindrerham. (27.12.1918)

Osen: Dampen og kaien No skal me sjå på to tema frå brevasom me ser tydelege spor etter enno iFeios, og som har parallellar i andrebygder; behovet for betra veg frådalane til sjøen og tilkomst til – oglagringsplass ved sjøen. I Feios varOsen stoggestad for dampbåten som

Eit bilete av Osen i Feios som eg fekk då eg vitja slektningar i Amerika. Eg har samanliknamed andre bilete av Osen, og komme til at biletet må vera teke før endringane som Pederskriv om i 1915.

Eit bilete av Osen i Feios i dag. Me ser at det er gjort store forandringar. Foto: BjarnhildSamland, 2011.

21

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

gjekk frå og til Bergen. Her vart jek-tene lasta med ved og andre varer.Som i mange andre bygder, var damp-stoggestaden sentrum og møtestad.Her heldt kjøpmenn og strandsitjarartil. Osen var òg ein allmenning somgav bønder tilkomst til sjøen og fleirebønder hadde nausta sine her. Av bile-te tidleg på 1900 - talet kan ein sjå atdet er mange bygningar plassert tett itett. For bønder som ville selja ved, vardet viktig å ha god tilkomst til kaien. I1915 vart det gjort noko med dette.Peder skriv dette:

I vinter har de arbeidet noget ned iOsen, de har faaet tilladelse at rivebort Nøstet, som tilhørte Sigurd Hoveog N Stengjerde det som stod saa iveien naar man skulde kjøre bort paaBryggen, og saa har de revet væk detsmaa vedskuret som Kristen stod oghugget Ved, saa nu ligger veien beinthit til Dampskibsbryggen, og saa erden gamle Stenbryggen lagt lit lengerut og lige bort i Boden til Molmesdalsaa nu er der stor og bred og i hoidemed den lille sted som Jægtene sattesine tau fast, saa nu har vi faaet enrommelig lasteplads. (14.04.1915)

Vegbygging – kjerre og sledemå fram Like viktig som god tilkomst til kaienvar gode vegar til å komma seg frammed hest og kjerre. Peder skriv omvegbygging i nokre av breva sine.Desse vegane ligg mykje på same sta-dane som no. Frå huset sitt i Berdalhadde Peder god utsikt då dei bygdeveg oppover dalen på andre sida avelva:

Jeg kan dog fortælle deg at nu har depaa den andre siden av elven kommenlangt frem med ny vei de begynte nedeved Osebroen med en sving indoverganske tæt ved Anders Hamre hvorveien kløver seg fra den som gaarindover, saa gaar den som skal tilDalen frem forbi Trangehusi, ligelenge til Grinden heimen for Hestoinader krysser den gamleveien og gaarhoiere en den gamle og stevner ligemot Johannes Rognvaldsen sine Husedog er de ikke kommet lengre med dennye vei endnu en til mit oppe om

Hestoine husi. Svære murebolkerbaade under veien og over veien for atstøtte de bratte bakker fra at falde ned.

Også på veg frå Osen og opp tilKleivaløa i Berdal vart laga i 1924.Den vetle vegstubben på om lag einkilometer kosta 36000 (750 000 i2010 kroner). Peder skriv:

Nu er vi begynt å omlegge veien fråOsen op til Kleivaløa. De begynte paaKleivadne og arbeidet utover og er nukommen ner til Skroivadne Veien blirlang han svingar mit op over dengamle laugeplasen som me kalteVægafjøra og saa gaar den tilbageigjen til Osen. Nøstet til Molmedalmaa væk og Staburet og Krambodener nedrævet det blir en hel omsvingmen han blir let det har arbeidet 5arbeiderlag 28 mand de begyndte iMai og arbeidet næsten lige til August,og nu arbeider 12 a 13 Mand, saa tan-ken var at faa veien istand i Høst nedi Osen. (07.08. 1924)

Kjelde til historiaDå vonar eg at eg gjennom dessebreva har gitt eit innblikk i kva somrørte seg i ei sognebygd i åra 1913 –1928. Innhaldet i breva er prega av atPeder skreiv om ting som opptok hanog som han trudde sonen ville hainteresse av. Mykje av det han skriv

om hadde nok betyding for andre ibygda og i andre bygder. Skal me gieit meir heilskapleg bilete må me gåpå leit i andre kjelder. Om det finstfleire brevskattar, så ville dei vera tilgod hjelp. For ingenting er som deikjeldene der menneske som var ein delav historia fortel om tida dei er ein delav.

Kjelder: • Lyngvær, Roald, Bygdebok forLeikanger, Bind II Ættesoge, 1979

• Peder Berdal, Amerikabrev 1913-1928.

• Statsarkivet i Bergen; Digitalarkivet,Skanna kyrkjebøker; Leikanger,Rinde Sokn; Ministerialbok 1887-1922.

• Statsarkivet i Bergen; Digitalarkivet;Folketeljinga 1910

• Internett: http://www.tidsskriftet.no/?seks_id=104930 vitja 06.03.2010http://www.ssb.no/befolkning/main.shtml vitja 06.03.2010

Her ser me garden Berdal som Peder kom frå. Foto: Bjarnhild Samland, 2011.

22

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20 MINNESMERKET

”Noreg takkar deg FjoklaDemjanova, ærer deg og minnestdeg ved å gje deg ein fredfull kvi-leplass i Noregs jord.” Med desseorda slutta tidlegare ordførar iEid, Olav Os, talen sin i gravferdatil den russiske statsborgaren,Fjokla Demjanova. Det var i 1950.Kven var ho?

1950Fredag 12. mai 1950 vart FjoklaDemjanova gravlagd på kyrkjegar-den Stokkenes i Eid. Fjokla var rus-sisk statsborgar som hadde vore iNoreg sidan 1902, først i Finnmarkog frå kring 1910 i Sogn ogFjordane. Fjordabladet hadde nokredagar seinare eit langt stykke omFjokla Demjanova. Overskrifta var:”Ei sjeldan gravferd”. Vi får høyra atmange var med i gravferda, vener ogkjenningar ho hadde i Eid. FjoklaDemjanova var ein innvandrar iNoreg, med opphaldsløyve, lengefør innvandring og kulturelt mang-fald vart vanleg frå slutten av 1900-talet.

2011I 2006 vart grava til FjoklaDemjanova sletta. Grava stod dåutan festar/ansvarleg/ kontaktper-son. I 2011 var ikkje grava nytta omatt, og kyrkjeverja opplyste at gravakan takast vare på vidare ved at fes-tet vert fornya. Nedanfor følgjerlivssoga til Fjokla Demjanova slikho står i Fjordabladet 23. mai 1950,signert ”meldar”. (Mellomtitlar oghakeparantesar er innsette her.)

I Noreg 1902-1950Ein russisk statsborgar, Fjokla

Demjanova, vart gravlagd på Eidkyrkjegard, Stokkenes, den 12. mai[1950]. Ho var då 64 ½ år og harvore i landet med opphaldsløyvesidan 1902 i 45 år.

Tvangsflytta i RusslandDå Fjokla var 4 år gamal, vart farenav det russiske riksstyret tvangsflyt-ta frå det indre av Russland til gren-sa ved Jakobselva i Finnmark. Hohugsa så vidt denne turen som gjekkfor seg om vinteren, og saman mednokre andre vart dei førde nordvest-over til Nordishavet og fekk seg til-vist bustad der.

Kontakt over riksgrensaRussarane ville ha rein russisk fol-kesetnad i dette grensestroket oggjorde det på denne lettvinte måtenfor seg. Men det var ikkje så greittfor dei som skulle livnære seg pådenne staden. Det vart smått omlevemåten og hard strid for tilværet.Den norske folkesetnad var på vest-sida av Jakobselva og vesle Fjoklakom snart i samband med desse. Der

var veg, handelsmann, telefon ogpost. Med sitt lettliva lynde og sinegode evner fekk ho straks vener derog fekk lære å skrive og lese.Handelsmannen sine born gjekk påskule og ho vart tinga til å passe deisom var minst. Av skuleborna lærdeho lese- og skrivekunsten, som varein sjeldan og uoppnåeleg herleg-dom for småkårsfolk i Russland påden tid.

I teneste i NoregDå Fjokla var 17 år tok ho seg fastteneste i Noreg og har sidan voreher. Ho flakka vide kring i Nord-Noreg den fyrste tid, sleit mykje,lærde ein god del og fekk røyne bådegodt og vondt. Då sorenskrivarNordang flytte til Nordfjord for ca40 år sidan [rundt 1910], fylgde homed som tenestegjente og har sidanfor det meste vore her i Eid. Nokreår tente ho hjå fru Hagen i Måløy,som hadde ein liten gard iSkavepollen, og denne overtokFjokla styringa av.

Ei sjeldan grav – Fjokla Demjanova

Skrivargarden på Løken kring 1905. Sorenskrivar Ivar Andreas Nordang kom her kort tidfør 1910. Fjokla Demjanova høyrde med til huslyden. Ho var tenestejente. (Foto: I Aaland,Jakob: Nordfjord fraa gamle dagar til no (..) 1909.

Av Hermund Kleppa

Minnesmerke-artikkelen denne gongen handlar om eit minnesmerke som aldri kom, men som kanskje kankoma, viss nokon kjenner seg kalla til å ta eit initiativ. Det er ikkje snakk om noko stort og prangande minnes-merke. Det gjeld ein heilt enkel minnestein på ei grav i Eid, jamvel ei grav som vart formelt sletta i 2006, mensom endå ikkje er nytta oppatt.

23

MINNESMERKET kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Hjelpte russiske flyktningarMedan ho var her fekk ho høve til ågjera 2 av sine russiske landsmenn eiteneste som hadde den aller størsteverknad for framtida åt desse. Deihadde rymt frå kommuniststyret.Unge var dei og far og mor borte.Dei meinte å ha ein onkel i Englandsom kanskje ville hjelpe. Båten deirymde på kom til Måløy og der fekkdei vete at dei skulle sendast tilheimlandet. Då båten gjekk ut sun-det, smette dei seg over bord ogsumde til lands. Dei gløgge måløy-væringane hadde oppdaga dette ogkom dei til hjelp.

No stod dei på norsk jord utan vener;våte, frosne og ingen som skjøna eitord av det dei sa. Så mykje skjønalikevel måløyværingane at dei måttevera russarar og då visste fru Hagenråd. Ho tok seg av gutane, gav deimat og klæde og sende motorbåtenekspress til Skavepollen for å henteFjokla. Dei som var glade var nokdesse naudstadde ungdomane sområka ein av sine eigne, som deikunne fortelje kva som venta og sompå deira eige mål kunne gje dei råd.

Hindra utleveringStyringsmaktene ville utleveregutane til russarane, men det hindrasnilde, hjartegode fru Hagen. Hogaranterte for opphaldet til gutane,fekk svar frå onkelen i England somho telegraferte til og som bad hennesende gutane derover. Fru Hagensyrgde for at gutane kom i veg ogutstyrde dei for reisa. Men eg spår atdesse 2 kvinner har fått mange ven-lege tankar og gode ynskje fro dei 2ungdomane som fekk god hjelp ogtrøyst i noko av den vanskelegastestoda dei har vore i.

Tilbake til EidFjokla Demjanova flytte tilbake tilEid og bygde seg ei lita stove påBjørhovde, der ho hadde nokon avdei beste og mest trugne venenesine. Gjekk på Bjørhovdsetra omsommaren, spann og spota og hjelp-te til i heimane der nokon var gamle

eller sjuklege. Alle stader var ho vel-sedd for sitt gode humør, sindugleik, truskap og hjartegodleik.Hjarta hennar var det også som svik-ta, og den 7. mai orka ho ikkje meir.Ho slokna på Nordford Sjukehusstilt og fredsamt.

GravferdaFredag 12. mai vart ho gravlagd påStokkeneshøgda. Grannane påBjørhovde møtte fram til gravferdasaman med mange andre av hennarvener. Fjokla Demjanova stod ikkje ivårt kyrkjesamfunn. Difor var grav-ritualet noko onnorleis enn vi ervane med, men det var gripande oghøgtidssamt. Salmesong og lesing avdet nye testamentet ved ein av vene-ne til Fjokla. Klangen frå den venekyrkjeklokka var den samle somaltid.

Takk og farvelTidlegare ordførar i Eid, Olav Os,gav ei stutt utsyn over Fjokla sin lag-nad og verksemd og slutta med åtakke for det trurøkne og i alle delervel utførde arbeid som ho haddegjort i det norske samfunn. ”Noregtakkar deg Fjokla Demanjova, ærer

deg og minnest deg ved å gje deg einfredfull kvileplass i Noregs jord.”

Deretter la han ein blomekrans påbåra og bar fram ein takk og helsingfrå dei tre borna sine, Oddlaug, Kariog Kristen fordi ho i deira spedebarndom tok seg av dei morlausesmå, var god mot dei og stelte dei ifleire år.

Kyrkjeklokka stemde fulltonande i,samelunde og høgtidssamt, medsame tone og klang utan omsynt tiltungemål, nasjon, folkestamme ellertruvedkjenning. Det var ei gripandehøgtid for alle som var med i grav-ferda.

Folketeljing 1910Eit søk i Digitalarkivet, folketeljing1910, gir eitt treff. Det fanst berre eiFjokla i landet: Fjokla FlodorwnaDemjanova, fødd 7. juli 1887 i”Rusland”. Ho høyrde til i husstan-det sorenskrivar Ivar AndreasNordang, på garden Løken, gnr. 19,bnr. 1 i ”Eid herred”. Fjokla ståroppført som ”kjøkkenpike”. Det var13 personar tilstades på teljingsda-gen.

Hovudbygningen på den gamle skrivargarden Leikvin på Løken 2011. Foto: Hermund Kleppa.

24

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

sannsynleg at alle har vore i bruk sam-stundes.

Tuftene har også fleire andre felles-trekk. Dei eldste tuftene på Svolsetkan daterast til yngre romartid (200-400 e.Kr). Ikkje så mange av dei andretufteområda har så gamle dateringar,men det er også registrert tufter fråromartid i Nyset-Steiggje (Bjørgo etal. 1992) og på Bjergane i Støls-heimen (Valvik 1998).

På Svolset er det to rom i mange avtuftene. Det er eit heller sjeldantrekk. Det er mellom anna registrert iBjørndalen (Furnes 2001: 24ff), påSkjerdingsdalssætra (Valvik 2010)og ei i Hølseteli (Bjørkli 2008: 15).Det er langt på veg samsvar når detgjeld storleiken på fjelltuftene.Omtrent alle har eit areal mellom 12m²og 30 m² (Indrelid 1988: 111;Bjørgo 1992: 304; Valvik 2002). Deifleste har også same form som

For om lag 30 år sidan byrja arkeo-logane å bli klar over at det finsttufter frå jarnalderen (500 f.Kr-1000 e.Kr) i fjellet på Vestlandet.Aktiviteten i utmarka vart sett påsom naudsynt ut frå eit økonomiskaspekt. No viser det seg at mange avgardane med størst økonomisk vel-stand i jarnalderen og mellomalde-ren har hatt store tufteområde iutmarka i jarnalderen.

I Sogn og NordfjordKvar det er blitt utført arkeologiskeundersøkingar bestemmer langt påveg kva kunnskap me har om tidlegarebruk av fjellet. Rundt 1980 førte deimange vassdragsundersøkingane til atfleire område i Sogn og Nordfjord vartundersøkte arkeologisk. I den saman-heng vart det funne fleire jarnalder-stufter og andre spor av menneskelegaktivitet i utmarka. Det er særleg iSogn, men også i Nordfjord at det erfunne spor etter utmarksaktivitet iform av tufter.

Ein av dei mest systematisk undersøk-te tuftelokalitetane er Svolset iFriksdalen i Leikanger (Magnus 1985;Skrede 2002). Her er det registrert 16tufter, meir enn 50 kokegroper og 10skålgropsteinar. Aktiviteten som kanknytast til tuftene kan daterast tilmellom 200 og 1000 e.Kr. Ni avtuftene har to rom, medan dei andrehar eitt rom. Undersøkingar har vist atminst 11 av romma har vore nytta sombustad for menneske.

Representerer Svolset eit typisktuftekompleks i fjellområda påVestlandet i jarnalderen?Sjølv om Svolset er større og meiromfattande enn dei fleste andre tufte-område me kjenner i fjellet her ifylket, er det likevel fleire andre områ-de som kan samanliknast. I Hølseteli iSogndal er det til saman registrert 22tufter. Desse ligg på eit større områdeenn tuftene på Svolset, og det er ikkje

Gamle stølar og rike gardarAv Marit Anita Skrede

Teikning av tuft frå Svolset. Dei fleste fjelltuftene er avlange, men berre nokre få andre sta-dar er det kjende toromstufter som dette er eit døme på. Teikning: Kjell Arne Valvik

25

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

tuftene på Svolset – rektangelformamed ein open gavl.

Kven rådde over Svolset i jarn-alderen og mellomalderen?Kven som rådde over Friksdalen ijarnalderen og mellomalderen kangjerast sannsynleg ut frå kva gardarsom eksisterte samstundes med driftader. I nyare tid er det fire gardar somhar rådd over dette området, men deter berre Henjum og Røysum som kantrekkast bak i jarnalderen.

På desse to gardane er det kjent tilsaman 33 graver frå jarnalderen.Mange av desse gravene er daterte tilfolkevandringstid (400-550 e.Kr), ogfleire var rike kvinnegraver. Det ermellom anna funne fleire bronse-spenner og smykker, samt våpen somt.d. spyd og sverd. Gravene tyder på atdesse gardane har vore store og rikeallereie i jarnalderen.

Henjum er tidlegast omtala i skrift-kjelder frå 1329 då delar av gardenvart selt av Ogmund Lange til ErlingVidkunsson (DN I nr. 168). MedanLange var kjøpmann i Bergen, varErling Vidkunsson ein av deimektigaste mennene i landet (Helle1982: 344). Dette viser at tidleg på1300-talet hadde personar utanforbondesamfunnet eigarinteresser i gar-den. Jordeboka Bergens Kalvskinn fråmidten av 1300-talet er den eldsteskriftlege kjelda der me finn Røysumomtala (BK 48a). Dermed veit me atRøysum var eigen gard midt på 1300-talet, og truleg bak i førhistorisk tid. Skattematrikkelen frå 1647 er deneldste kjelda som kan seia noko omstorleiken til gardane i bygda. Denviser at Henjum betalte 8 gonger såmykje i landskyld som ein “normal-gard” i Systrondsbygda. Røysumbetalte dobbelt så mykje som desse.Me veit at leiglendingane på Henjumbetalte svært mykje i landskyld ogsåpå 1300-talet (Holmsen 1937).

Alle gardane i bygda som kan trekkastbak i mellomalderen, har i nyare tidhatt beiterettar i utmarka – eit trekksom truleg går tilbake til førhistorisktid. Ein gjennomgang av dei ulike

utmarksområda og fjellstølane i bygdaviser at gardar med geografisk nærleikofte nyttar den same utmarka og deisame stølane (Skrede 2002: 122). Påbakgrunn av kva gardar som nyttarden same stølen kan me grupperamellomaldergardane i Leikanger-bygda. Dette tyder også på sams eige-domsopphav mellom enkelte gardar.

Det var fire kyrkjer i mellomalderen iLeikangerbygda som kravde innlandskyld frå gardane dei var del-eigarar av. Henjum var ein av gardanemed eiga kyrkje. Fleire gardar yttelandskyld til kvar kyrkje. På bakgrunnav gjennomgang av stølsrettar og kvakyrkjer som eigde dei ulike gardanekan me skilja ut visse mønster.Nærværet av kyrkjer på større gardarog kartmaterialet tyder på at bygda påeit tidleg stadium er blitt delt i ressurs-område lokalisert rundt dei fem stør-ste gardane etter landskylda i 1647.

Det samla kjeldematerialet peikar motat det på Svolset i folkevandringstidog fram til vikingtid har føregått einstorstilt utmarks- og vareforedlings-aktivitet som var styrt frå Henjum,som truleg også omfatta Røysum i fyr-ste fasen. Plasseringa av folkevan-dringtidsgravene tyder på at Henjumog Røysum har vore del av det sameressursområdet på denne tida, og atgravene skal sjåast som territorie-markørar. Utmarksressursane har tru-

leg spela ei viktig rolle for å oppnådenne rikdomen.

Forholdet gard og stølDet er i lita grad utført undersøkingarav forholdet mellom gard og støl iSogn og Fjordane. Kan undersøking-ane på Leikanger overførast til andreområde? Kor gamle er dei gardanesom i dag rår over store tufte-samlingar, og kva kan me seia om denøkonomiske statusen deira? Har detvore mellomalderkyrkje på nokon avgardane? Kven eigde gardane i 1647,og om mogleg tidlegare?

Sogn Tre av tufteområda med mange tufterligg i Sogndal: Hølseteli, Steinsete ogBjørndalen. Det er i dag gardenÅberge som eig det området dertuftene i Hølseteli ligg. Det er ingenkjende gravminne på Åberge, mengarden er nemnt i skriftlege kjelderfrå midten av 1300-talet (BK 33a,35b). Bergens Kalvskinn (BK) er eijordebok over kyrkjeleg gods iBergen Bispedøme rundt 1350.Garden Åberge hadde også eigekapell i mellomalderen. Til samanviser dette at garden truleg kan førastbak i førhistorisk tid, samt at den harakkumulert eit ikkje ubetydeleg over-skot. Skattematrikkelen frå 1647viser at då var garden nest størst iSogndal skipreide, berre Kvåle varstørre.

Hekte funnen i grav på Røysum. Foto: Bergen Museum

26

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Garden Ølmheim eig tufteområdetSteinsete. På denne garden er det kjentfire gravminne, og den er nemnt iskriftlege kjelder allereie i 1308. Dettetyder på at også dette er ein gamalgard. På 1600-talet betalte leiglen-dingane her ei høg jordleiga.

Tuftene i Bjørndalen høyrer til gardenØyre. Her er kjent eitt gravminne.Garden er omtala i skriftlege kjelderpå 1300-talet (BK 35b, 36a). Dennegarden betalte 1 laup smør i jordleigai 1647, noko som er lite. På dette tids-punktet var heile garden i bondeeige. På 1980-talet vart det utført storearkeologiske registreringar i Nyset-Steggje i Årdal i samband med vass-dragsutbyggingar. Det vart dåregistrert mange tufter, og ein del avdesse låg samla. I Vikadalen låg femtufteområde med til saman 12 tufterfrå jarnalderen. Desse ligg i dag undergardane Hovland og Naddvik. Det harvore minst 16 gravminne på desse gar-dane, og dei er omtala i skriftlege kjel-der på 1300-talet (BK 41b, 42a). Utfrå landskylda i 1647 var gardanemellom dei største i Årdal skipreide.Mykje tyder på at Naddvik ogHovland tidlegare har vore ein gard,og at denne kan trekkast bak i førhis-torisk tid.

Fossdalen ligg under Lægreid. Her erminst tre kjende gravminne frå jarn-alderen. På garden Årdalstangen hardet også lege minst tre graver, medan

det på Prestegarden har stått to bauta-steinar. Desse gardane låg tidlegareunder Lægreid. Garden er fyrste gongnemnt i skriftlege kjelder på 1300-talet (BK 42a). Det stod dessutan eistavkyrkje på garden. Denne skal veraoppført før 1200.

Tuftene i Gudmedalen ligg i dag pågarden Indreli i Aurland. Det er regis-trert to hellekister på garden, og det erfunne eit sverd frå yngre jarnalder. BKer den eldste skriftlege kjelda somomtalar garden (BK 47b).

I Sogn er det eit gjennomgåande trekkat dei omfattande tufteområda fråjarnalderen ligg under store og rikegardar. Berre tuftene i Bjørndalen liggpå ein gard som ser ut til å ha voreliten på 1600-talet. Dette kan skuldastat garden har lege aude etterSvartedauden. Ein gjennomgang aveigedomsforholdet til gardane i 1647,viser at 49,1 % av eigarinteresseneligg eller har få år tidlegare lege i ade-lege hender. I 1661 var 22,9 % av deitotale jordeigedomane i Sogn adels-gods (Weidling 2001: 249). Detteviser at gardane med store tufte-område har vore attraktive for stor-menn på 1600-talet.

NordfjordEitt av dei undersøkte tufteområdaligg i Nordfjord; Skjerdingsdalssætraligg i Hjelledalen i Stryn. Mange avgardane i Hjelledalen hadde frå

gamalt av beiterettane iSkjerdingsdalen. På 1930-talet var detfire gardar som hadde rettar her;Mork, Grønfur, Grov og Skåre.Gardane Grov og Guddal ligg sentraltplassert på same moreneflata opp fråHjelledøla, med innmarksteigar omein annan. Tidlegare var Guddal(Gutdal) namnet på heile Hjelledalen.På gardane har det tidlegare lege storegravfelt, samt at det på Grov er funne53 jarnbarrar. Dette syner at gardanehar rådd over store økonomiske res-sursar.

Som i Friksdalen ser utmarks-ressursane ut til å ha vore viktige for åoppnå rikdom. Hovudvekta av deidaterte tuftene kan plasserast i tid tilyngre jarnalder. Dette fell saman medstordomstida for gardane iHjelledalen. Den store skred- ogflaumfaren gav gardane i Hjelledalenlågare skattar enn storleiken skulle til-seia. Gjennomsnittleg landskyld varmykje lågare her enn den me såg iSogn, men dette var likevel store ogrike gardar i sitt distrikt. Også eige-domsforholdet til desse gardane var på1600-talet heilt annleis enn det somme såg for gardane i Sogn. 65,9 % avgardane som i dag eig Skjerdingsdalenvar eigd av bøndene sjølv. Berre min-dre delar i gardane var lokalkyrkjeleggods, sentralkyrkjeleg gods og kron-gods. I 1661 var 2,3 % av alle jord-eigedomane i Nordfjord adelsgods(Weidling 2001: 249).

Oversiktsbilete frå Skjerdingsdalen. Foto: Kjell Arne Valvik

27

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

SamandragSvolset er eit omfattande tufteområdemed variert bruk. Nokre andre områdehar like mange tufter, men då spreiddutover eit noko større område. Denkunnskapen me har i dag tyder på atikkje alle tuftene på andre tufteområdehar vore i bruk samstundes. Svolsethar truleg vore eigd av ein av dei stør-ste gardane på Vestlandet i jarnalderenog mellomalderen. Også fleire av deiandre store tufteområda ser ut til å halege under gamle og rike gardar.Særleg er dette tilfelle i Sogn, menogså tuftene i Skjerdingsdalen høyrertil under store gardar. Det er sann-synleg at rikdomen til Henjum ogRøysum har samband med aktivitetensom har føregått i utmarka i jarn-alderen. Det er særleg interessant atdei mange rike gravene stemmer over-eins med at drifta på Svolset verkelegskaut fart i folkevandringstida. Dettetrekket kjem også tydeleg fram iSkjerdingsdalen, der aktiviteten ser uttil å vera størst i yngre jarnalder. Deter på den tida gardar i Hjelledalensyner stor rikdom. Utmarksområdahar truleg spela ei viktig rolle for åoppnå denne rikdomen.

Dei fleste gardane med mange kjendefjelltufter frå jarnalderen, har gjennomjarnalderen, mellomalderen og i nyaretid vore mellom dei rikaste gardane i

skipreida sitt (sjå figur). Det har vorekyrkje eller kapell på minst fem avgardane i mellomalderen. Det er tufte-områda i Sogn som ligg på gardar medkyrkje eller kapell. Frå dei fleste gar-dane er det skriftlege kjelder attende

til 1300-talet, noko som tyder på at mekan trekka dei vidare bak i førhistorisktid. I Sogn og Fjordane er det eit gene-relt samanfall mellom registrertestølsområde og tal registrerte forn-minne på gardane. Studien viser at

Det er ikkje mange gjenstandsfunn frå fjelltuftene, men perler av glas er ein vanleg typefunn. Desse perlene vart funne ved registreringane i Nyset-Steiggje. Foto: Bergen Museum

Støl Gard Tal tufter

Landskyld

1647 Garden fyrste gong

nemnt i skriftlege

kjelder

Eigedomsforhold i

1647 Gravminne Kyrkje/kapell i

mellomalderen

Svolset Henjum

16 33 ls

1329 Adelsgods 80 %, Geistleg 20 %.

Heimste Friksdal

Røysum 8 8,2 ls BK Krongods 40%, Adelsgods 40 %, Geistleg 20 %.

30 Ja

Hølseteli Åberge 22 20,9 ls BK Adelsgods 49,5 %, Krongods 30 %, Lokale kyrkjer 20,5 %

0 Ja

Bjørndalen Øyre 10 1 ls BK Bondegods 100 % 1 Steinsete Ølmheim 10 11 ls 1308 Apostelgods 68,2 %,

Lokale kyrkjer 31,8 % 4 Ja

Urutlekråi og Hellingbøen

Hovland 7 (12) 5 ls BK Krongods 50 %, Adelsgods 48 %, Lokale kyrkjer 2 %

14

Naddvik 4,6 ls BK 14

Fossdalen Lægreid 3 --- BK Lensmannen heldt til her 3 Gudmedalen Indreli 14 6 ls BK? 47b Sentralkyrkje 58,3 %,

Lokale kyrkjer 41,7 % 2

Skjerdingsdals-sætra

Skåre Grov Mork Grønfur

11 (24) 2,3 ls 4,0 ls 1,0 ls 1,5 ls

BK BK ? ?

Bondegods 100% Bondegods 50%, Krongods 15 %, Bispegods 15%, Presten 15%, Kyrkja 5 % Lokale kyrkjer 100 % Bondegods 100 %

0 1 gravfelt oppteikna i 1870. (Guddal 38) 0 4

Oversikt over kva gardar som har råderett over dei ulike tufteområda, samt tal tufter. Storleiken og alderen på gardane, samt eigedomsfor-holdet er interessante variablar i ei slik analyse.

28

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

midtre og indre fjordstrok i Sogn ogNordfjord er særleg funnrike område iså måte.

Skriftlege kjelder• Bjørgo, T., S. Kristoffersen, C.Prescott. 1992. Arkeologiske undersø-kelser i Nyset-Steggjevassdraget1981-1987. Arkeologiske rapporter16. Historisk Museum, Universitetet iBergen. • Bjørkli, B. 2008. Rapport frå kultur-historisk registrering. Hølseteli. Åber-ge, gnr. 14, stølssameige. Sogndalkommune. Kulturavdelinga. Sogn ogFjordane fylkeskommune• Furnes, S. 2001. Registreringa av kul-turminne frå eldre og nyare tid.Forsterking av hovudnettet i Sogn ogFjordane. Fardal-Meel. Sogndal,Leikanger og Balestrand kommunar.Sak nr. 99/01789. Kulturavdelinga.Sogn og Fjordane fylkeskommune.• Helle, K. 1982. Kongssete og kjøp-stad. Frå opphavet til 1536• Holmsen, A. 1937. Økonomisk ogadministrativ historie. Norske bygder.Bind IV. Sogn• Indrelid, S. 1988. Jernalderfunn iFlåmsfjella. Arkeologiske data og kul-turhistorisk tolking. Arkeologiskeskrifter. Historisk Museum.Universitetet i Bergen. No 4 – 1988.Bergen• Magnus, B. 1985. Bygda, fjorden ogfjellet. Systrond i fjern og nær fortid.• Randers, K. og M. Kvamme 1992.Breheimen-undersøkelsene 1982-1984. II Stølsområdene. Arkeologiskerapporter 15. Historisk Museum,Universitetet i Bergen. Bergen• Skrede, M.A. 2002. Utmark og gard.Nærstudie av tufteområde iFriksdalen i Leikanger, Sogn ogFjordane. Upublisert hovudfagsopp-gåve i arkeologi ved Universitetet iBergen.• Valvik, K.A. 1998. Lee – en tradisjo-nell Vestlandsgård? En arkeologiskpunktundersøkelse av gården Lee, Vik,Sogn og Fjordane. Upublisert hovud-fagsoppgåve i arkeologi med vekt påNorden ved Universitetet i Bergen• Valvik, K.A. 2002. Kulturminne fråbronsealder til mellomalder iTverrelvaområdet, Voss kommune.Kulturhistoriske registreringar.Avdeling for Regional utvikling.Kulturseksjonen. Rapport 11, 2002.• Valvik, K.A. 2010. Statens vegvesen,Region vest. Kulturminne og kultur-miljø – Kommunedelplan med konse-kvensutgreiing for Rv 15 Strynefjellet.Asplan Viak• Weidling, T. 2001. Adelsgods i Sognfrå sent 1500-tall til 1661. I: Heimennr 4. 2001.

Jubileumsbok - Hyllestad kommune fyller 150 år

Av Kjerstin Risnes

I samband med at Hyllestad 1. juli kan feire 150 år som eigen kommu-ne, vert det i desse dagar lagt siste hand på jubileumsboka medtittelen Hyllestad 1861 - 2011- Kommunen og folket.

Det var sogela-get i kommunensom tok initiativtil bokprosjektet.Hyllestad kom-mune har voreein positiv med-spelar ved å yteøkonomiskgaranti og støtte.Finn BorgenFørsund, HåkonHaukøy ogIngemarNordstrand harvore drivkref-tene og utgjortredaksjonen.Boka har mangeskribentar, og Fylkesarkivet er ein av bidragsytarane. Gjennom uliketema vert det gitt eit samla historisk framstilling av historia til kommu-nen og folket gjennom desse 150 åra.

I tillegg til at Fylkesarkivet har bidrege med stoff til sjølve boka, har viogså ytt meir vanlege arkivfaglege tenester. Kommunale kjelder er einnaturleg stad å gå når kommunal historie skal skrivast. Vi oppbevarereldre kommunalt arkivmateriale for 22 av 26 kommunar i Sogn ogFjordane, og mange av forfattarane har vore flittige brukar av arkivetetter Hyllestad kommune. I tillegg til at vi har leita fram kjeldematerialeog sendt forfattarane digitale kopiar eller papirkopiar av kjeldene, har viogså hatt gleda av å ha fleire av forfattarane som gjester på lesesalen vår.Slike besøk set vi stor pris på.

Ikkje alle kan kome til oss og fordjupe seg i kjeldene og difor arbeider vistadig med å digitalisere og publiserer kjeldemateriell på Internett. I sam-band med arbeidet med jubileumsboka til Hyllestad har vi lagt ut ei rek-kje nye digitaliserte formannskap/kommunestyreprotokollar. Alle møte-bøkene frå formannskapet/kommunestyret for perioden 1861 til 1955ligg no på heimesidene våre http://www.fylkesarkiv.no/ under fanaDatabasar, Digitaliserte protokollar/bøker I tillegg finst det saksregisterfor dei same protokollane for perioden 1861 til 1908.

Vi ynskjer Hyllestad lukke til med feiringa og vonar at jubileet og jubi-leumsboka vil føre til stor interesse for historia til kommunen og folket!

Jublileumsbok. Hyllestad 150 år, omslag.

29

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

DVD-ar- Karl Seglem: Spelferd – APlayful Journey(NORCD/NORDVD 2008) (gåvefrå Karl Seglem)

- Vidar Underseth: Mine førstefeleslåttar – lær å spele fele ellerhardingfele (DVD 2006) (gåve fråVidar Underseth)

Litteraturutgjevingar - Karl Seglem: Stilla er ein åker –femti dikt og nokre songar(Samlaget 2006) (gåve frå KarlSeglem)

- Godnattboka (med forteljing avKarl Seglem) (Skald 2007) (gåvefrå Skald forlag)

- Eventyrboka (med forteljing avKarl Seglem) (Skald 2009) (gåvefrå Skald forlag)

2005) (gåve frå Karl Seglem) - Karl Seglem og Berit OpheimVersto: Draumkvedet (NORCD2009) (gåve frå Karl Seglem)

- Karl Seglem og Jon Fosse: Prosaog dikt (NORCD 2006) (gåve fråKarl Seglem)

- Karl Seglem og Reidar Skår: Tya(NORCD 1997) (gåve frå KarlSeglem)

- Karl Seglem/Kåre Thomsen/OleAmund Gjersvik: Poems for trio(Hot Club Records 1988) (gåvefrå Karl Seglem)

- Karl Seglem/LindaKallerdahl/Andreas Ulvo/SigurdHole/Jonas Howden Sjøvaag:Skoddeheimen (NORCD 2009)(gåve frå Karl Seglem)

- Sigmund Eikås: Spel til dans(Grappa/Heilo 1994) (gåve fråGrappa)

- Sigrid Moldestad: Taus(Grappa/Heilo 2007) (gåve fråGrappa)

- Unni Løvlid: Rite (Grappa 2008)(gåve frå Grappa)

- Unni Løvlid/Becaye Aw/Rolf-ErikNystrøm: Seven Winds(Grappa/Heilo 2009) (gåve fråGrappa)

- Utla: Song (NORCD 2003) (gåvefrå Karl Seglem)

- Vreid: V (Indie Recordings 2011)(gåve frå Vreid)

Dette er eit oversyn over dei pla-teutgjevingane, DVD-ane, og litte-raturutgjevingane som musikkav-delinga har fått inn i samlinga sålangt i 2011.

Plateutgjevingar- Eid spelemannslag, Vindfylla spe-lemannslag, Nordbygda spel- ogdansarlag, SpelemannslagetFjelljom og Hornindal spele-mannslag: Din og hass far sin –Runddansmusikk frå Nordfjord(gåve frå Landsfestivalen i gamal-dansmusikk 2010/Arne M.Sølvberg) (2 eks.)

- Førdefestivalen: Førdefestivalen2009 (Grappa/Heilo 2009) (gåvefrå Førdefestivalen)

- Førdefestivalen: Førdefestivalen2010 (NORCD 2010) (gåve fråFørdefestivalen)

- Gro Marie Svidal: Hardingfele(Etnisk Musikklubb 2009) (gåvefrå Gro Marie Svidal)

- Karl Seglem: Ossicles (OzellaMusic 2010) (gåve frå KarlSeglem)

- Karl Seglem: NORSKjazz.no(Ozella Music 2009) (gåve fråKarl Seglem)

- Karl Seglem: Urbs (Ozella Music2007) (gåve frå Karl Seglem)

- Karl Seglem: Reik (Ozella Music

Tilvekst til folkemusikkarkivet Av Erle Hind

Vreid – V (Indie Recordings 2011).Førdefestivalen 2010 (NORCD 2010).

PersonalnyttElin Østevik gjekk 1. juni inn ijobben som fotoarkivar. Østevikhar jobba på Fylkesarkivet i femår –dei tre år siste som rådgjevari EU-prosjektet EuropeanaLocal. Før det hadde ho eit enga-sjement som fotoarkivar.

Kristjàn Lògason slutta 7. juni ivikariatet som fotarkivar.Lògason skal jobba med foto i tilsaman to månadar til hausten.

Geir Utmo er tilsett som ny IKT-arkivar, og startar i jobben18.august. Utmo kjem frå jobbensom dagleg leiar i Sognenett.Han har tidlegare vore IKT-arki-var på Fylkesarkivet i to år.

30

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

d

Ein liten refleksjon over korleis kvardags-nemningar skiftar innhald over tid

Som arkivarar bevegar vi oss heiletida mellom fortid og notid. Stundomvert det tid til refleksjonar kringnokre av dei endringane arkivmateri-alet vårt avspeglar, mellom anna omkorleis nemningar skiftar innhaldover tid.

For nokre dagar sidan fekk eg ein føre-spurnad som galdt nedlegging av einkrinsskule, samt skyss av skule-elevartett rundt 1960. Kommunen varHyllestad. I protokollen etter skulestyretfor nemnde periode fann eg raskt svaret.På leit etter denne skulen og skuleskys-sen kom eg over nokre andre saker somfekk meg til å tenkje over alle deiendringane som ligg ein slik protokollog korleis slike endringar avspeglar seg.Sjølv om slutten av 1950/byrjinga av1960-talet ikkje tykkjest så langt borte itid, har det skjedd svært mykje sidan dengong, både i skulen og samfunnet elles.Som ein konsekvens av slike endringarfår også dagleg brukte ord og nemning-ar nytt innhald. Nemninga eg byrjareflektere over, var farleg skuleveg.

Kva tenkjer du på når du høyrer ordafarleg skuleveg? Det same som meg,kanskje? Scenarioa kan vere mange,men det er nærliggjande å tenkje på bil-trafikk. Du ser gjerne føre deg små ver-jelause “levande skulesekker” gåandelangs ein veg der tungtrafikken dundrarforbi. For oss frå fjordafylket legg vikanskje til rasfarlege vegar kor skule-born dagleg vert frakta med bil ellerbuss. Kvart år når skulen startar opp att,har media ei rekkje oppslag om trafikk-farlege strekningar, slik Haugesund Avisfortel om her:

“Skulevegen er mørk og skummel ogutan lys. Det er ingen fortau og bilanekøyrer fort forbi. Det er ikkje så kjekt ågå her. Eg er ofte redd, seier nytilflyttaEmma Våge (8). Like redd er mammaRandi Våge. Det er uaktuelt for meg å laEmma gå åleine bort til Sagvåg skule.Eg hadde ikkje hatt fred eitt sekund.Difor kjem eg til å følgja henne heilt tilnoko vert gjort. Det er synd det må veraslik så lenge kommunen sin trafikksi-kringsplan slår fast at alle skulevegarskal vera trygge. Dei har i alle fall for-sømt seg her ute, seier Våge.”

Andre oppslag kan vere at foreldre sjøl-

Av Kjerstin Risnes

ve skapar farlege skulevegar. Vi kan leseog høyre om politiet som bøtelegg forel-dre som råkøyrer med eigne barn til sku-len, utan tanke for at dei på denne måtenskapar livsfarleg skuleveg for borna tilnaboen. Eit søk på Internett for å sjå kvaGoogle “seier” om nemninga farleg sku-leveg, stadfestar intrykket av at dagensfarlege skuleveg mest er synonymt medtrafikkfarleg veg.

Vi skal ikkje bevege oss lenger tilbake itid enn til slutten av 1950-talet før nem-ninga farleg skuleveg hadde ei heiltanna tyding. Bilisme var framleis eitframandord på landsbasis, ikkje minst ifylket vårt. I 1953 var det t.d. 76 bussari Sogn og Fjordane og 37 personbilar

som dreiv yrkeskøyring. Fyrst i 1960vart rasjoneringa av bilar oppheva ogkven som helst kunne i prinsippet kjøpesin eigen bil. Vegar var det derimot verremed mange stader. Fylket vårt er og vargrisgrendt. På slutten av 1950-taletbudde det framleis folk der “ Ingenkunne tru at nokon kunne bu”, på ein-bølte gardar i veglause grender. Og detvar gjerne mangel på veg som skapteden farlege skulevegen.

“Sak 11/58 Søknad om skyssgodtgj. –folkeskulen.

Det førelåg søknad frå Hans Instefjordom ei rimeleg godtgjerdsle av di han måfylgje borna til og frå skulen i styggever.

Vedtak. Då skulevegen for det meste gårgjennom utmark og ulende, urd, svabergog elvefar, meiner skulestyret at bornatreng fylgje til og frå skulen skal einvera trygge for dei. Ein vil difor rå til atHans Instefjord får den same godt-gjerdsle som andre forsytarar i liknandetilfelle – i 6 mnd for året.

Vedtaket vert å senda kommunestyret tilgodkjenning. Samr. “

I sak 40/59 går det fram at HjalmarTveit får ei godtgjersle på kr 5 per dag,3 dagar i veka, for å fylgje dottera eitstykkje på veg til skulen. Årsaka ersjølvsagt den farlege skulevegen: “Vedtak: Skulestyret er merksam på atvegen til skulen delvis er ufarande (uframkommeleg) for born (…)”

Framleis vil det finnast veglause gardarog grender i vårt vidstrakte land, menslike skulevegar som borna til Indrefjordog Tveit hadde, er historie. Godt er det.Slike skulevegar var heller ikkje detvanlege i Hyllestad kring 1960, men deifanst og den kunnskapen er viktig å tamed seg. Det artige med slike omgrepeller nemningar, som t.d. farleg skule-veg, er at dei avspeglar både tid og geo-grafiske tilhøve. I ein øy-kommune t.d.,kring 1900, der sjøen var einaste skule-veg og skyssfarkosten var ein litenrobåt, ville omgrepet farleg skulevegigjen ha heilt ei anna tyding.

Og slik kan vi halde på å reflektere ogrekkje i historia, om ikkje i det uendele-ge, så lenge.. Berre ved å bruke ei dag-legdags nemning som søkjeord i kjel-dene våre, vil vi sjå korleis historia harendra seg og innhaldet i omgrepet likeså. Historiene vil vere mange og ulike,alt etter tid og stad. Slik får vi historiskkunnskap, kanskje nokre aha-opple-vingar på kor fort endringane går, menogså det motsette. Samfunnsutviklingaog endringane skjer ikkje samstundesover alt og nettopp ved å studere slikenemningar, vil variasjonane og kontras-tane stige tydlegare fram.

Litteratur og kjelder• Arbeidsdirektoratet. 1954. Sogn ogFjordane. Ein statistisk – økonomiskanalyse• Førsund, Finn Borgen. 1995.Transport mellom fjordar. FirdaBillag 1920-1995. Fylkesarkivet iSogn og Fjordane• Hyllestad kommune. Skulestyret.Møteprotokoll 1945 – 63• Haugesund avis http://www.h-avis.no/nyheter/nattsvart-skuleveg-1.1743048 Lese 01.06. 2011

31

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

denne linekursen, frå stortingspropo-sisjon i 1895 til stolpar og liner vartrivne i 1986.

Permen inneheld kart, kopiar frå tryk-te kjelder og arkiv, noteringar, fotogra-fi (eldre og nyare, mange har han tekesjølv). Forvitneleg er det „å følgja“Bosheim pr. foto til fots langs linekur-sen, og sjå alle dei spora som framleisfinst i terrenget.

Verdfull samling Innhaldet i dei 36 ringpermane erresultatet av Oddkjell Bosheim sittarbeid med å samla telehistorisk til-fang gjennom mange år. Det er eiverdfull samling, både på den måten atho er innhaldsrik og ved at Bosheimhar lagt vekt på å ordna materialet slikat det er lett for andre å finna fram.

Gåve til FylkesarkivetOddkjell Bosehim har gjeve materia-let sitt til Fylkesarkivet. Til odel ogeige. Det er eit privilegium for einarkivinstitusjon å få forvalta ei sliksamling. Stor takk til OddkjellBosheim!

Artiklar i KulturhistoriskLeksikonDet må og koma med at OddkjellBosheim har skrive fleire artiklar iFylkesarkivet sitt nesttbaserteKulturhistorisk Leksikon. Bosheimhar også skrive artiklar om det gamlevarslingssytemet i tidleg historisk tid,om vegar og andre emne.

halde på med i alle år seinare. Særlegmå nemnast dei mange turane hansaman med kona Ågot og andre hargjennomført til fjells på leit etter tele-historiske spor i marka. Det er ikkjenoko mindre enn telearkeologisk felt-arbeid på sitt beste. Oddkjell Bosheimhar omfattande telehistoriske kunn-skapar knytta til fylket, først og fremsttil Indre Sogn.

InnhaldRinpermane opnar med eit oversynover innhaldet: „I denne ringpermenfinn du: ..“ Me kan opna ringperm nummer 17som døme. Den handlar om linjekur-sen Lærdal – Dokki – over fjellet(Stødnaåsen) og ned til Fodnes (dersambandet heldt fram i sjøkabel overfjorden). Oversynet på første sida ereit kortfatta resyme av heile historia til

Fylkesarkivet har fått 36 ringper-mar stappfulle med historie om tele-graf og telefon i Sogn og Fjordane.Det er Oddkjell Bosheim i Lærdalsom gjennom mange år har samlatelehistorisk tilfang og systematisertdet. Han ønskjer at samlinga skaltakast vare på i Sogn og Fjordane,og han kom til at Fylkesarkivet varrette staden.

Har samla og systematisert imange årOddkjell Bosheim kom til Lærdal ogarbeidde i Televerket frå 1950-talet tilhan blei pensjonist. Bosheim fatta tid-leg interesse for den historiske sida avtelekommunikasjonen. På 1970-taletbyrja han å samla og systematiseraymse slag tilfang om utbygginga avtelenettet: linjekursar, arbeidarar, sta-sjonar, m.m. Og dette arbeidet har han

Telehistorie takka vere Oddkjell Bosheim

Av Hermund Kleppa

Telehistorisk skilt Bosheim har teke vare på.

Oddkjell Bosheim ser i ein av dei 36 ringpermane sine. Bosheim avleverte nyleg alle per-mane til Fylkesarkivet.

Retur:

FYLKESARKIVETAskedalen 2

6863 Leikanger

ISSN 0803-9682

Øvst: Kråkenes fyr under bygginga i 1906. Fremst i biletet sit arbeidsformann Anders Folkestadås som leia byg-ginga av fyret. Det er truleg også han som har teke dette biletet. Du kan lese meir om biletsamlinga etterFolkestadås inne i bladet. Nedst: Kråkenes fyr fotografert frå nokolunde same vinkelen i 2008. Kråkenes fyr vart bomba og brann ned i 1945.Fyrbygningen som står på staden i dag er såleis frå 1950. Kråkenes fyr vart automatisert i 1986. I 1994 vartKråkenes restaurert av ekteparet Thomas Bickhardt og Bettina Vick Bickhardt frå Tyskland som driv overnattings-og kaféverksemd på fyret. Foto: Thomas Bickhardt/ BickFoto.

Før og no