Kjelda nr. 1 2010

40
Kjelda Nr. 1 - Mars 2010. Årgang 19 Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkesarkivet på Internett: www.fylkesarkiv.no Sogn og fjordane fylkeSkommune

description

 

Transcript of Kjelda nr. 1 2010

Page 1: Kjelda nr. 1 2010

KjeldaNr. 1 - Mars 2010. Årgang 19

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fylkesarkivet på Internett:www.fylkesarkiv.no

Sogn og fjordane fylkeSkommune

Page 2: Kjelda nr. 1 2010

2

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Eit ausekar med informasjon

Kor finn vi svara på livets store og småspørsmål? Kor skal vi gå når vi søkjersvar? Tidlegare var det kanskje bibelenfor mange. I dag er det Internett sjølv-sagt. Alt ligg jo der: Svaret på detmeste mellom himmel og jord. Ognærare bestemt Google. For mange idag er det blitt slik det som ikkje finstpå Google, det finst ikkje; det er ikkjerelevant eller noko å bry seg med.Utviklinga har akselerert dei siste 4-6åra, i takt med betre utvikla søketekno-logi og meir innhald. Internett har blittvårt store informasjonsreservoar somvi kan ause av. Og Google er auseka-ret.

Det er lett i bli blenda av det storeinformasjonstilfanget, for det er jo einfantastisk ressurs. Men ofte forsvinndei kritiske tankane og spørsmåla nårdu finn det du tilsynelatande var uteetter. Du fekk svaret ditt og det er jobra.

Vi er heldigvis blitt lært opp til at viskal vere kritiske og stille spørsmål

ved ting. Vi skal ikkje berre si ha og jatil alt. Oppover i skulesystemet, ogsærleg på høgskule- og universitetsni-vå, har det vore lagt vekt på kjeldeana-lyse og kjeldekritikk i så og seie allefagdisiplinar. Men i kor stor grad ermetodikken i utdanningssystemet vårttilpassa den nye informasjonsrøyndo-men? Det er jo tilsynelatande ikkjeknappleik på informasjon, men sna-rare det motsette: Ei overflod av kjel-der og tekster som fallbyr kvarandre.

På mange måtar har Internett blitt eitnytt felles, globalt arkiv som vi allebruker. Men her er det berre sjølvbete-ning, og bruk på eige ansvar ogrekning. Det er lite av hjelp og rett-leiing å få.

På den andre sida sit dei tradisjonelleberarane av kjelder og kunnskap –arkiv- og kulturarvsinstitusjonane –som har årelang erfaring med handsa-ming, tolking og formidling av kjelder.Vi som representerer arkiva ser denneutviklinga og gjer oss våre tankar.

I ein slik situasjon er det viktigare ennnokon gong at dei tradisjonelle leve-randørane av kjelder og arkiv –museum, arkiv, bibliotek – står fast påsine kvalitetskrav. Vi skal vere tryggeog gode leverandørar av informasjon.Brukarane våre skal stole på at det deifår utlevert er autentisk og med riktigkvalitet. Men vi skal og vere relevanteog aktuelle når vi utviklar nye tenester,slik at vi ikkje støyter brukarane fråoss. Og kanskje det viktigaste, mensom så ofte blir gløymd i dag: Vi skalhjelpe til med på å setje ting i kon-tekst, samanheng. At vi som arkivararkan vere med på bidra til at folk kanforstå og stille spørsmål ved dei kjel-dene dei får tilgang til.

Ein slik praksis er kanskje gammal-dags og kjedeleg, men slik må detvere. Eg trur at vi framover vil sjå atdet vil bli stilt større krav til kvalitet ogtruverde på innhaldssida enn det vi seri dag.

I dei næraste åra vil store arkiv ogsamlingar i Noreg bli digitalisert ogtilgjengeleggjort på Internett. Deisame fagfolka vil forhåpentlegvis føl-gje sine solide fagtradisjonar, og leverekjelder til deg og meg, godt innpakkaog merka. Då treng vi kanskje ikkjealltid hente fram ausekaret når vi skalfinne svar.

Snorre D. Øverbø

Fylkesarkivar

Personalnytt: sjå side 38.

Snorre D. Øverbø (red.) Elin Østevik, Per Olav Bøyum, Olaf Knarvik

Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682.

Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Elin Østevik.

Utforming: Sogne-Prent AS.

Fylkesarkivet i Sogn og FjordaneFylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00.

Fax. 57 65 61 01 [email protected]

Fylkesarkivar: Snorre D. Øverbø, tlf. 57 65 64 01, [email protected]

Arkivarar:Olaf Knarvik (foto), Fototeknisk avd., 6823 Sandane. Tlf. 57 86 51 24, [email protected] Schmidt Vindenes (fagleiar), tlf. 57 65 64 06, [email protected]

Randi Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, [email protected] Østevik (EuropeanaLocal) tlf. 57 65 64 18, [email protected]

Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 82 50 17, [email protected]åvard Kastet (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, [email protected]

Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, [email protected] Sæterbø (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 20, [email protected]

Ole Stian Hovland (kommunearkiv),tlf. 57 65 64 19, [email protected] Henjesand (registrator), tlf. 57 65 64 00

Mari Ormberg (prosjekt), tlf. 913 32 136, [email protected]

ABM-Sogn og Fjordane:

Øystein Åsnes, Tlf. 57 65 64 04, [email protected] Bjarnhild Samland, tlf. 57 65 64 08, [email protected]

Nettstad: www.fylkesarkiv.no

Redaksjon

FRAMSIDEBILETE: Påskestemning på Vatnahalsen, Aurland kommune, påsken 1959. Fotograf: Aase Udberg.

Page 3: Kjelda nr. 1 2010

Innhald

• Leiar: Eit ausekar med informasjon Av Snorre D. Øverbø.............................................................................................................. s. 2

• Koraholet i Leikanger - der Fatlaelvi korar seg Av Randi Melvær........................................................................................ s. 4

• Innsamling i Jostedalen Av Mari Ormberg........................................................................................................................................................... s. 6

• Jubileumsfest for ein viktig by Av Edvin Helgheim.................................................................................................................................... s. 7

• Minnestein over fyrste ordføraren i Kinn Av Hermund Kleppa................................................................................................... s. 9

• Ordningsarbeid etter Kinn kommune Av Espen Sæterbø.................................................................................................................. s. 11

• Boknytt Av Randi Melvær............................................................................................................................................................................................................ s. 12

• Sikring av elektroniske arkiv Av Håvard Kastet............................................................................................................................................ s. 13

• Drikk surmjølk! Av Espen Sæterbø................................................................................................................................................................................ s. 14

• Unge arkivarar Av Ole Stian Hovland........................................................................................................................................................................... s. 15

• Fabrikktilsynet Av Karianne Schmidt Vindenes...................................................................................................................................................... s. 16

• Inspeksjon ved verksemda Mineral og Kraft i Arnafjorden Av Karianne Schmidt Vindenes........................ s. 20

• Kvinnene i fabrikktilsynet Av Karianne Schmidt Vindenes...................................................................................................................... s. 23

• Skudal bedehus i Gaular Av Arne Kirkeli og Hermund Kleppa............................................................................................................. s. 25

• Eit liv i virke for idrett og fysisk aktivitet Av Per Olav Bøyum.................................................................................................... s. 27

• Nostalgiske hopp Av Olaf Knarvik.................................................................................................................................................................................. s. 29

• Digitalisering av fotografi Av Olaf Knarvik......................................................................................................................................................... s. 31

• Hunden - frå nyttedyr til familiemedlem Av Elin Østevik................................................................................................................ s. 33

• Pilotstudium med søkelys på lokal kulturarv Av Bjarnhild Samland.................................................................................... s. 35

• Ei framtid for losjehuset i Stongfjorden? Av Hermund Kleppa................................................................................................... s. 36

• Fyll og slagsmaal paa Sande i Sunnfjord Av Espen Sæterbø.......................................................................................................... s. 39

3

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Page 4: Kjelda nr. 1 2010

4

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

”Naar man fra SkydsskiftetHermansverk paa Nordsiden afSognefjorden vandrer mod øst langsStranden, aftager Bredden af den dyr-kede Jordstrimmel ved foden af detsteile Fjeld lidt efter lidt, indtil denaldeles afbrydes af en stor Ur, hinsi-des hvilken Fjeldet er saa steilt, at alvidere Fremtrængen er umulig.Klavrer man paa skraa op over uren,træffer man i en Høide af 3-400’<alner> over Fjorden Indgangentil en Hule, overraget af en mæktigKlippeblok (…) Foran voxer dersmukke Smaatræer, som her har fæs-tet Rod mellem Stenene.”

Slik fortalte Hans H. Reusch om vegentil Koraholet inne ved Fatlaelva. Hanskreiv dette som student, og skildringahans blei publisert i CristianiaVidenskabs-Selskabs forhandlinger for1874. Han har nok plassert hola nokofor høgt i terrenget. Etter 1870 reknadei ein alen eller ein ”meteralen” til 60

”En Hule paa Gaarden Njøs, Leganger Præstegjæld i Bergen Stift.”

Koraholet i Leikanger – der Fatlaelva korar segAv Randi Melvær

cm, (Norsk historisk leksikon 1999).Reusch har truleg brukt dette målet.Han plasserte med andre ord Koraholetpå 180-240 moh. Amund Hellandmeinte at høgda over havet var på vel100 meter.

HolaReusch skildra hola nøyaktig. Botnenskråna og var ”stenig”. Veggane varloddrette og taket var dekka av storeklippeblokker. I delar av taket manglablokker slik at dagslyset skeingjennom. Lengda var på vel 43 meterog på det breiaste var holet 9 meter.Midt i hola var høgda 10 meter. Holetgjekk mot aust inn i ei kløft som skrå-na oppover og var vel 50 meter lang.På utsida var det ein liten foss. Dettevar ein av fossane i Fatlaelva. Reuschfortalte og at fossen delte seg i regnvêr,den ”kaarer” seg, etter det folket påNjøs sa. Dette skal ha gjeve stadennamn. Bergarten skildra han som ein

hard, noko glimmerhaldig, blåleg gråkvartsskifer, som var oppsprukken ognokre stader falda.

Korleis oppstod denne hola?Reusch drøfta dette spørsmålet grun-dig. Han forkasta ei forklaring omberre forvitring. Det kunne ikkje veraras åleine som skapte hola, meinteReusch. Det kunne ikkje vera ei kløftsom blei dekka over av steinar somraste ned frå høgdene over, fordi stein-blokkene kom frå sjølve plassen. Nesteforklaringa han forkasta var utgravingav sjø og bølgjer. Dette passa ikkjemed retninga for hola som var langset-ter berget. Her fekk ikkje sjø og bøl-gjer tak.

Kunne hola vera eit gamalt elveleie?Reusch kalla Fatla for ”den lille Bæk”.Han må ha vore her om sommaren itørt ver. Han meinte at det ikkje kunneha vore kalk på staden som var vaska

På veg inn i Koraholet frå vest. Fotograf: Harald Nornes

Page 5: Kjelda nr. 1 2010

5

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

ut av berget og late etter seg ei slikhole. Veggane i hola var ikkje slipte,men rue. Det tyder ikkje på at det ervatn som har grave ut hola.

JordskjelvReusch var overtydd om at det var eitjordskjelv som knuste fjellet og opnaopp allereie eksisterande sprekker(”Sletter”) i fjellet til ei hole(”Spalter”). Sprekkene var vertikale også og seie parallelle og blei utvida. Slikblei det danna ei hole. Fjellbitar sankned og danna tak i hola. I aust dannadet seg ei kløft. Reusch skildra dettesvært nøyaktig. Han laga og skissersom argumenterte for danninga avholefenomenet. Figur 8 og 9 viser sta-den før og etter jordskjelvet. Reuschforklarte alle fjellblokkene sine plasse-ringar i hola.

”Man maa, efter hvad man harAnledning til at iagttage, nærmesttænke sig, at det fornemlig har været 2vertikale, indbyrdes nogenledes paral-lele Sletter, der er blevne udvidede.Fjeldet mellem dem er saaledes kom-men til at staa som en isoleret Pladeved de gabende Spalter adskilt fra detøvrige Fjeld paa begge Sider. IdetJorden rystede knustes Pladen, der harværet gjennemsat af Sprækker ligesomFjeldet rundt om. Stykkerne er det,

som nu utgjør den paa denne Maadedannede Kløfts og Hules Bund.”

”En Grube og en Kløft”I nærleiken av Koraholet fann Reusch”en Grube”, trekanta, 10 alner lang og12 alner djup. Denne meinte han måttevera laga på same måte som Koraholet,med sine kvasse kantar og uregelmes-sige overflater. Enda ei kløft fannReusch, nedom Koraholet:

”et Fjeldstykke er løsnet efter en Sletparalel med Skifrigheden og er gledetet Stykke udover. Paa kløftens Væggesees en liden Krusning i Skiferen; manfinder, at Detallierne svarer til hveran-dre paa begge Sider, og man kand medKompasset i Haanden overbevise sigom, at Udglidningen netop er skeet iSkiferens Faldretning; da denne somved den større Kløft (…) er skraat stil-let i Forhold til Længderetningen,staar de tilsvarende Krusninger ikkeret over for hverandre paa begge Sider,men paa skraas.”

Reusch argumenterte for at denne kløftaogså blei danna ved eit jordskjelv. I til-legg fann Reusch og ei liknande utgli-ding på Bjørgahaug vest for Koraholet.Retninga og bergarten var den same.

Gamalt eller nytt jordskjelv?Heving av landet i gamal tid kunneføra med seg jordskjelv, skreiv Reusch.

”Landets Hævning i den nyeste geolo-giske Periode sandsynligvis, efter hvadTerrasser og Strandlinier lærer os, erskeet i Ryk. Fra andre Steder hører viom, at saadan rykkevis Hævning gjer-ne ledsager heftige Jordskjælv”…

Men Reusch trudde ikkje det var underlandhevinga Koraholet blei danna. Hantrudde heller at det her var snakk omeit nyare jordskjelv. Det nyare jord-skjelvet Reusch nemnde gjekk føre segom natta den niande mars 1866. Dethadde sentrum utanfor Kristiansund ogristinga blei registrert like frå Shetlandtil Bottenhavet. Det synest som hanmeinte at dette skjelvet skapteKoraholet.

Kva meiner geologane i dag?Eg har spurt pensjonert fylkesgeologBjørn Falck Russenes om korleisKoraholet blei danna. Han kan ikkjegje noko sikkert svar på spørsmålet,som rimeleg er, men kjem med nokremoment. For det første skriv han atReusch kan ha rett i dette med eitnyare jordskjelv.

Fjellskred frå AnhovdenElles skriv han at det i tillegg har gåtteit steinskred frå Anhovden som liggover Koraholet og Bjørgahaug. Nårraset gjekk er det ingen som veit.Steinmassane frå dette skredet ligg ilia ned mot riksvegen og ute i fjorden.

Slik meinte Hans Henrik Reusch at sprekkene og hola var før og etter jordskjelvet.

”Det indre af hulen, seet frå den nordvestli-ge aabning.” H.H.Reusch.

Page 6: Kjelda nr. 1 2010

6

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Det siste er påvist gjennom seismiskeundersøkingar som NGU har gjennom-ført. Eg undrast om fjellskredet kan hadytta steinmassar som frå før låg rettover sprekksona ned i ei opna hole?

Tsunami på Husabø?Til sist opplyser Russenes at islandskekjelder fortel om eit fjellskred i Sogn i1180. Eit skred som det frå Anhovdenville kunne utløysa ein tsunami eller eiflodbølgje. Ved utgravingane på Husabøi Leikanger fann arkeologane opprotalausmassar. Dette kan vera eit resultat avei flodbølgje.

Andre kjelderAmund Helland skildra ”Kaurahole” i”Topografisk-statistisk beskrivelse overNordre Bergenhus amt, første del”.Denne skildringa tok bygdebokforfatta-ren Per H. Bøthun utgangspunkt i då hanskreiv gardssoga for Leikanger. Bøthunmeinte at rett namn var Koraholet.Namnet skulle visa til at ein del av holaliknar eit kyrkjekor. Inne i hola ligg ogPreikestolen som er ei stor steinblokkder folk ofra. Elles meinte Bøthun atuttrykket at Fatlaelvi korar seg kjem fråKorahola. Dette blir motsett av detReusch skreiv i artikkelen sin.

Koraholet i dagI dag er Koraholet eit spanande turmål i

sommarhalvåret. Dersom du vil vitjahola, går du opp frå riksvegen aust forstien til Bjørgahaug inne på Sanden.Etter stien gjennom tett kratt, kjem meopp i steinurda som har ein del lausesteinar ein må passa seg for. Gjennomurda ligg det små vardar langs stien, slikat folk skal finna vegen.

Kven var Hans HenrikReusch?Forfattaren av artikkelen, Hans HenrikReusch (1852-1922) kom frå Bergen.Faren heitte Hans Leganger Reusch ogfarmora Anna Christine BlixencroneLeganger. Dette knyter han truleg tilpresten Iver Erikssøn Leganger (1629-1702), fødd på Leikanger prestegard.Han tok familienamn etter fødestadensin.

Hans Henrik Reusch studerte realfag ogtok eksamen med beste karakter.Doktorgrad tok han i 1883. I 1888 bleihan tilsett som leiar og seinare direktørfor Norges Geologiske Undersøkelse.Den viktigaste forskinga hans var pågeologien for Vestlandet. Reusch publi-serte mange artiklar på fleire felt, og hanpopulariserte gjerne stoffet sitt. I tilleggskreiv han lærebøker. Reusch tok og ini-tiativet til oppretting av Det norske geo-grafiske Selskab og Norsk geologiskForening. Ein medalje som blir tildeltunge forskarar i geologi ber hans namn.Reusch var flink til å teikna, ei gåve hantruleg hadde etter faren som var bilet-kunstnar. Difor kunne han illustrera arti-klane sine på ein framifrå måte.

Kjelder:• Reusch, Hans H.: En Hule paa GaardenNjøs, Leganger Præstegjæld i BergensStift. Med 2 autographerede Planchersamt Textfigurer. Særskilt aftrykt afChristiania Videnskabs-SelskabsForhandlinger for 1874.

• Norsk biografisk leksikon, 1952.• Rekstad, J.: Hans Reusch nekrolog ogbibliografi, Norges geologiske undersø-kelse nr. 100. Kristiania 1923.

• Wikipedia• Imsen, Steinar og Winge, Harald: Norskhistorisk leksikon. Kultur og samfunnca. 1500 - ca. 1800. Cappelen 1999.

• Helland, Amund: Topografisk-statistiskbeskrivelse over Nordre Bergenhus amt :første del.Kristiania 1901.

• Bøthun, Per H.: Leikanger bygdebok :gardssoga. Leikanger bygdeboknemnd1965.

• Pensjonert fylkesgeolog Bjørn FalckRussenes

”Kløften med hulens sydøstlige aabning.”H.H. Reusch

Innsamling iJostedalen

Jostedalen er ei bygd mest kjendfor å liggje isolert mellom fjell ogbre inst i Sogn. Men bygda er ògkjend for ein levande og rik folke-musikk- og folkedanstradisjon.Med impulsar frå både Nordfjord,Gudbrandsdalen, Valdres, Halling-dal og Sogn, har Jostedalen fått einsæreigen tradisjon.

Takka vere den geografiske isola-sjonen, har musikken og dansenoverlevd vekkelsesbølgjene som toklivet av denne tradisjonen i deikringliggjande sognebygdene. Jostedal Spel- og Dansarlag har fak-tisk vorte eit av dei største og mestaktive spelemannslaga i landet. Medauka aktivitet i laget, kjem aukaspurnad etter tradisjonsstoff.

Fylkesarkivet har ein god del opptakav spel og noko song frå Jostedalen,medan Rådet for Folkemusikk iTrondheim har opptak av dans. Deieldste opptaka er frå 60-talet. NRKhar òg opptak frå Jostedalen, mendesse er lite tilgjengelege for ålmen-ta.

Fylkesarkivet har oppretta ei pro-sjektstilling for å samle inn gammalmusikk, song og dans fråJostedalen, slik at dette kan vidare-formidlast til interesserte.

Mari Ormberg

Prosjektleiar er Mari Ormberg, somsjølv kjem frå Jostedalen. Ho kan kon-taktast på telefon: 913 32 136 og epost:[email protected]

Page 7: Kjelda nr. 1 2010

7

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Det var ikkje så mykje som i 1860skulle tilseie at ein by skulle bli lagdtil Florø, på ei smal, veglaus halvøysom stakk ut mot havet. Men by vartdet, og no i 2010 feirar innbyggja-rane Florø si 150-årige historie medei rekke arrangement, utstillingar ogbokutgjevingar.

”Opprettelse af et Ladested påFlorøen”I 1860 budde det eit førtitals menneskeinnanfor grensa til den nye byen. Detvar to gardsbruk, prestegarden i Kinninkludert, og nokre buer og eit parhandverkarar. Men havet låg utanfor,og sidan 1808 hadde det kvart år voreeit uendeleg rikt sildefiske som gjordetil at tusenvis av fiskarar dukka opp isesongen og fylte opp alle hus, og storesjøbuer blei bygde på øyane. Omkring1600 menneske budde i Kinn. Det vareit skrikande behov for ein administra-sjonsstad, ein plass for nødvendiginfrastruktur, for doktor og ikkje berreprest, telegraf og butikkar. All handellåg i hendene på Bergenskjøpmennene

Jubileumsfest for ein viktig byAv Edvin Helgheim, prosjektleiar

som òg eigde sildesalteria, og deibestemte alle prisar – ut og inn.Stortingskommisjonen, som skullegreie ut spørsmålet om ein by på kys-ten av Nordre Bergenhus Amt, harbeskrive dette i uvanleg sterke og klareordelag sikkert førd i pennen av HansBlom, presten i Kinn.

Derfor var det viktig at byen kom, ogderfor er det ei viktig hending som noblir feira i Florø og Flora gjennom eitheilt år, med eit høgdepunkt rundtbursdagen 16. mai. Det var nemlegdagen då kong Carl på Stockholm slottskreiv under lova om ”Opprettelse afet Ladested på Florøen i KinnsPræstegjeld”.

Festen er i full gangFlorafolk kan feste og er lette å be nårnoko skal markerast. Florafolk er stol-te av byen sin og kreativiteten er uen-deleg stor når det gjennom eit heilt årskal lagast til fest for å markere jubile-et. Det er laga eit program med til no100 arrangement gjennom året, somfinst i eit fint programhefte og påwww.flora150.no, og festen er alt godti gang. Det starta i nyttårshelga medKjippen – eit heilt forunderlegFlorøfenomen med til dels ukjent opp-hav og kanskje over 100-årig tradisjon.Det var jubileumsfyrverkeri og nyttårs-konsert, der ein nyskriven jubileums-fanfare vart presentert. Det er konser-tar på rekke og rad, mellom anna harkoret Jomentum presentert si jubi-leumsframsyning: ”Kjærlighet ogmusikk i paviljongen”, der det er leitafram historisk materiale om musikkpa-viljongen ved Litlevatnet som òg vartbygd for snart 100 år sidan, men somblei riven på 1950/60-talet. Rundt denpaviljongen og det historisk spennandeområdet ved Litlevatnet blei det laga eiromantisk historie der gamle songarfrå denne perioden blei framførde aveit kor i tidsrette kler.

Dette er ei direkte følgje av jubileet:Folk ønskjer å skape noko, leite framhistoria, vise noko fram – fordi det erjubileum. Derfor blir det i Florarevyen,

som brukar å samle 2000 publikumma-rar kvart år, innslag frå den lokalerevytradisjonen heilt tilbake til 1920-1930-åra. Den særeigne bykulturenlevde sitt liv i denne isolerte byen.Derfor arranger Sogn og FjordaneSymfoniorkester sin hovudkonsert iFlorø i mars der ein lokal komponist(Eirik Husabø) får presentere førstesats av jubileumssymfonien sin, og derbyen sitt unge musikktalent, HåvardLothe, og hans gruppe skal spele i lagmed symfoniorkesteret. Og derfor setFlora Ungdomsskule opp ein nyskaptjubileumsmusikal med stoff frå byen sihistorie og notid. Slik kan ein skulevere med å skape historieforståing.

FotoutstillingarDet blir mange utstillingar gjennomåret. Kystmuseet har ei brei markeringav jubileet, først og fremst gjennomfire fotoutstillingar. Første utstillingaopna tidleg i februar og viser arbeidatil Florø sin første profesjonelle foto-graf, Christoffer L. Berg (1870-1929),og han lever att, ikkje minst gjennomdei mange små portrettbilda som var såtypiske for tida. Han dreiv atelier frå1894 fram til 1920. Nestemann erMalvin Horne (1904-1962) med eiutstilling som går fram til litt ut i mai,og som ved starten av jubileumsåretfekk si eiga bok samansett av barna tilfotografen. Fleire tusen av bilda hanser digitaliserte i Fylkesarkivet sin baseog er å finne på nett. Han er ikkjeminst kjend for bilda sine frå sildefis-ket. Florøfotografen Are Fjellestad, erein fotograf av vår tid og hans bildeblir presentert til hausten. Innimellomkjem ein spesiell fotograf, amerikana-ren Robert Robinson (1927-1996),som budde på Vestlandet i ein langperiode og som tok ein heil masse spe-sielle og spennande bilde frå Florø ogkysten. Det blir sommarutstillinga påKystmuseet. Og så høyrer det med atfotografen Oddleif Apneseth, oppvak-sen i Strandgata i Florø, flytter delar avJølsterutstillinga til Florø i sommar ogi tillegg planlegg eit eige Flora-prosjekt!

Page 8: Kjelda nr. 1 2010

8

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

er det elles planlagt ein lokalhistoriskekonferanse der ei rekke historikarar vilsetje lys på kysten si historie!

Tid for ein fest?”Finn deg ein stad i byen i vest, plasser her alltid og tid for ein fest” står detå lese i ein av dei 33 Florø- ogFlorasongane i Florasongboka somkom ut i 2001 (Flora kommune). Denboka fortel sitt om Florø/a-patriotis-men. Florø vart vel ikkje den motoreni næringsutviklinga i fylket somgrunnleggarane hadde tenkt, menhadde ein svært viktig funksjon ikkjeminst i høve til Bergen i oppstartstida.Sjølv om det kan butte mot på enkeltenæringsområde, er det tid for ein fest iFlorø, og kanskje nettopp no. For byenhar store voner til jubileet: Ikkje berresom folkefest og ved å fortelje historia.Jubileet skal skape positiv blest forbyen og vil vonleg vis trekke massefolk til byen. Og det kan brukast til åtenke nytt og bygge nye næringar.Fylket si største næringslivsmesse blirarrangert i Florø i slutten av mai, silde-bord og Kinnaspel i juni ogFotbhallFlora i juli og Fjord-Steam iaugust, og alle desse arrangementa vilsamle tusenvis av feststemte menneskei byen. Og ikkje minst i den langehelga frå 13. til 17.mai blir det einsamanhengande fest i Florø-gatene.Det blir noko å få med seg!

HistoriebøkerI alt kjem det ut minst fem bøker tilbyjubileet. Horne-boka er nemnd.Bjarte Sindre har laga ei flott bok somheiter ”Hilsen fra Florø” der hangjennom interessante postkort ogmagasinbilde bokstavleg tala gjev finetidsbilde frå byen. Trond Strømgren,som etter kvart har mange lokalhisto-riske bøker på samvitet, kjem med eibok som presenterer ei hending i kvartår frå 1860 med eitt eller fleire bilde,og med tekst både i ei norsk og ei eng-elsk utgåve. Firdaposten gjekk motsettveg og let folk i heile kommunen påein dag, 09.06.09, ta og sende inn sinebilde og dokumenterte dagen frå kl00.00 til kl 24.00. Eit flott tidsbilde.Og Florøjenta Herdis Dyvik kjem utmed bok til 16. mai om oppveksten iFlorø: ”En bok til glede”.

Og ikkje minst: Flora kommune tar eitstort løft og får endeleg historieverketsitt. Hausten 2009 fekk Selja Forlag ogforfattaren Gaute Losnegård oppdragetmed å skrive Florahistoria i to bind. Torikt illustrerte bøker i stort format skalskrivast, og første bind kjem hausten2012. Flora kommune kunne ikkje gåinn i jubileumsåret utan at arbeidetmed dette historieverket var i gang.Heile det historiske arkivet til Florakommune (inkludert Florø, Kinn, Bruog Eikefjord) er overført tilFylkesarkivet og blir no ordna.Fylkesarkivet digitaliserer i tillegg deikommunale møtebøkene. Dette arkiv-materialet blir eit viktig grunnlag i his-toriearbeidet, og det same er digitalise-ringa av Horne-samlinga saman meddet registreringsarbeidet som ElsaHorne gjennomfører. Rundt 24. april

Les meir om jubileet, historia og alle arrangementa på www.flora150.no. Det trykte pro-grammet blir tilsendt om du sender melding til [email protected] Kulturnett Sogn

og FjordaneNettstaden Kulturnett Sogn ogFjordane vil gå gjennom spen-nande endringar dette året. Det ersett ned ei gruppe med personarfrå arkiv, bibliotek, museum ogfylkeskommune som skal sjå påkorleis nettstaden kan gjerast meiraktuell og tidsrett. Som me veitønskjer publikum i større grad åvera aktive på nettet og dette er eitav omsyna omlegginga vil ta.Nettstaden Skulestova.no ogArkeologi i Vest vil også vevastinn i den nye løysinga som skal hamål av seg å vera ein viktig vegvi-sar til kultur og kulturarv på nettet.Det er i dag ABM Sogn ogFjordane som har ansvar for driftav nettstaden.

Page 9: Kjelda nr. 1 2010

9

MINNESTEIN kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Minnestein over fyrste ordføraren i KinnAv Hermund Kleppa

På sørsida av Kinn kyrkje står einminnestein over den fyrste ordførareni Kinn, Elias N.H. Skorpeide. Steinenhar ei lang historie. Ei tid låg han oppned som dørhelle ved inngangsdøra inordveggen.

KommunehistorikkKinn kommune vart oppretta i 1837.Kommunen var identisk med Kinn pres-tegjeld. I 1860 vart Florø skilt ut somladestad (by). I 1864 vart Bremangerkyrkjesokn skilt ut som eige prestegjeldog i 1866 som eigen komune. I 1923vart Eikefjord og Bru skilde frå someigne kommunar. I 1964 vart kommu-nane Kinn, Florø, Bru og Eikefjord sleg-ne saman til Flora kommune.

SteinenOrdførarsteinen på Kinn er av ein fin-korna, grønleg bergart med slipt framsi-de og bakside. Steinen er om lag 120 cmhøg, 52 cm brei og 18 cm tjukk. Det erinnskrift på begge sidene, men over-groing gjer at innskriftene er vanskelegeå lesa (2008). Steinen er festa i eitbetongfundament.

InnskriftenePå framsida står:

ELIAS. N.H. SKORPEIDE FØD 1796 DØDE 1844 FYRSTE ORDFØRAREN I KINN 1837 – 1839

Merknad: Innskrifta på framsida ertodelt: a) namn, fødselsår og dødsår, ogb) opplysning om kven mannen er.Skriftteikna på første delen er ikkje sågodt forma som skriftteikna i sistedelen. Siste delen er på nynorsk. Det ersannsynleg å slutta at første delen er denopphavlege innskrifta og at den andredelen er sett til seinare.

På baksida står:STEINEN ATTERREIST AV KINN KOMMUNE 1937

Magnus SeimDen 30. juli 1953 hadde florøavisa FirdaFolkeblad eit stykke under overskrifta

Gravi hans Elias Skorpeide. Det varskrive av signaturen ”M.[Magnus] N.Seim”. Magnus Seim (1872-?) vargardbrukar og laksefiskar på Kinn. Hanvar næraste nabo til Kinna-kyrkja og einhistorisk interessert mann. MagnusSeim var medhjelpar då kyrkja vart res-taurert i år 1910-1911. Han skreiv sei-nare eit lite hefte om Kinna-kyrkja(1955).

Kom for ein dag i 1910-1911Seim fortel at då dei restaurerte kyrkja i1910-1911 måtte dei flytta ein flat steinsom låg utanfor inngangsdøra på nordsi-da av kyrkja. Det synte seg då at det varein gravstein med innskrift på undersi-da: ”Elias. N.H. Skorpeide, fød 1796,døde 1844”.

Sett til sidesI 1912 vart steinen sett til sides attmedkyrkja. Ingen kunne med visse seia korgrava til Elias Skorpeide var. Men folk islekta meinte det var eit stykke frå kyr-kja på nordsida. Ingen hadde noka for-klaring på korleis det hang saman atsteinen var plassert som stein for inn-

Kinn kyrkje 2007. Minnesteinen over den fyrste ordføraren i Kinn står på sørsida av kyrkja. (Foto: Hermund Kleppa/Fylkesarkivet)

Page 10: Kjelda nr. 1 2010

10

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19 MINNESTEIN

gangsdøra, om det hadde med gammaltru å gjera, at det var ein symbolverdi iat han vart lagd under ufsedråpane fråkyrkja, eller berre fordi han høvde som”tritt” (stein til å trø på ved inngangs-dør).

Kommunejubileum 1937I 1937 feira kommunane 100 år.Magnus Seim tykte det høvde å marke-ra jubileet for formannskapslovene med

å reisa ordførarsteinen på ein passandestad; - ”på den frie plassen, tilsides forStordøri, hovudinngangen i Vestgavlen.”Vidare føreslo han å hogga inn ei inn-skrift på framsida: ”Fyrste ordføraren iKinn” og på baksida: ”Steinen atterreistav Kinn Kommune 1937.” Og ”dettevart gjort”, skreiv Magnus Seim i 1953.

Spor i møtebokMøteboka til formannskapet og kommu-nestyret i Kinn stadfester Seim siutgreiing. I 1937 finn me to innførslerom ordførarsteinen, 26. februar og 16.august. I februar vart det, etter framleggfrå Magnus Seim, vedteke å ”verna umgravsteinen åt Elias H. Skorpeide somvar fyrste ordføraren i det gamle Kinn.”Det vart vald ei nemnd til å ta seg avsaka vidare: Magnus Seim, BernhardSkorpen og M. Eide.

I august vart det vedteke å sjå nærare påsaka i samband med eit møte som skul-le haldast på Reksta seinare om hausten.Det ville då ”høve å taka ein tur til Kinnmed det same”. Dette møtet vart halde iKlokkargarden på Reksta 11. oktober,men noko om Kinn og ordførarsteinenstår det ikkje notert noko om.

OppsummeringMinnesteinen over første ordføraren iKinn, Elias H. Skorpeide (1796-1844),

I 1937 vart ordførarsteinen sett opp på vest-sida av kyrkja. Den reine sanden omkringkan tyda på at steinen ikkje har stått herlenge. (Foto: Unni Mørk/Fylkesarkivet iSogn og Fjordane).

Under mose og lav gøymde heile innskrifta seg: STEINEN ATTERREIST * AV KINN KOM-MUNE * 1937 (Foto: Hermund Kleppa/Fylkesarkivet)

Etter omleggingsarbeidet på kyrkjegarden i1984 låg ordførarsteinen i velt i minst eittår. (Foto: 1985. Hermund Kleppa)

som no (2010) står på sørsida av kyrkja,var opphavleg ein gravstein. I 1910-1911 kom steinen for ein dag som dør-stein framfor inngangsdøra på nordsidaav kyrkja. Steinen vart sett tilsides ”att-med kyrkja”. I 1937 vart steinen attreistpå vestsida, ikkje langt frå hovudinn-gangen. Det vart ordna med tilleggsinn-skrift, på framsida og baksida. Etter alt ådøma vart steinen flytta frå denne stadeni samband med omfattande endring avkyrkjegardslandskapet i 1984 til nove-rande stad.

Kjelder:• Kommunearkivet for Flora, Kinnkommune, Formannskapet, møtebok1934-1938.

• Firda Folkeblad, 30.07.1953

Page 11: Kjelda nr. 1 2010

11

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Ordningsarbeid etter Kinn kommuneAv Espen Sæterbø

Vinteren 2010 vart arkivet etter Kinnkommune ferdig ordna, og plassert imagasinet til Fylkesarkivet for evig liv.Arkivet etter Kinn er omfattande, og ersærs viktig for å kunne forstå historia tilKinn kommune.

Kinn kommuneKinn formannskapsdistrikt vart oppretta i1837. Som følgje av at formannskapslo-vene vart gjeldande frå 1837, vart Noregno delt inn i formannskapsdistrikt der detvar 355 på landet og 37 for byane. Dennelovendringa førte til at lokalt valde repre-sentantar no hadde kontrollerande, bevil-gande og forvaltande myndigheit i lokalesaker. Det lokale sjølvstyret tok seg avsaker av ymse art; til dømes vegstubbar,skulehus og sosiale stønader 1.

Kinn Kommune var av ein omfattandestørrelse, men utover 1860-talet vart Florøog Bremanger skilt ut som eigne kommu-nar. I 1923 vart høvesvis Bru og Eikefjordutskilde frå Kinn, og i 1964 gjekk Kinn ilag med fleire omliggande kommunar ogskipa Flora kommune.

Ordning av arkivetSom ledd i mi eiga opplæring påFylkesarkivet har eg hatt arbeidet med åordna arkivet etter Kinn Kommune. Dettearkivet inneheld det som Kinn formann-skap, Kinn skulestyre, Kinn jordstyre,Kinn fattigstyre med fleire skapte av doku-ment i si forvaltning av Kinn kommune.Arkivet etter Kinn inneheld fleire hylleme-ter med arkivmateriale frå 1825 og altsåfram til 1964.

Med ordningsarbeid meiner ein at arkivetordnast slik det opphavleg vart skapt. Iarkivordninga føl me proveniensprinsip-pet, noko som betyr at den opphavlegeordninga til arkivet vert ivareteken.Prinsippet bak arkivering og ordningsar-beid er å ta vare på og gjere tilgjengelegdet rikhaldige arkivmaterialet som kom-munale arkivskaparar har etterlett seg. Påden måten kan lokalhistorikarar, forfatta-rar, privatpersonar med fleire lett få tilgangtil historiske kjelder. Dette er og bakgrun-nen for arkivlova slik at ”nasjonenshukommelse” vert bevart 2.Når det til dømes gjeld Kinn Kommune, såvil ein ved å ta eit dykk i arkivet finnafram til kva avgjersler lokaldemokratiet itidlegare tid gjorde, og som kan ha hattmindre eller større konsekvensar for fram-tidige hendingar på lokalnivå.

Arkivet som kjelde til lokalhis-toria – Sysselsetting Blar ein i arkivmateriale, kjem ein overmykje interessant stoff som egnar seg godttil formidling i våre dagar. Til dømes: På1950- og 1960-talet sendte arbeidsnemndai Kinn fleire søknader til fylkesarbeids-nemnda om midlar til sysselsetting avarbeidsledige. Dette skulle syta for at sys-selsettingsreserven i samsvar med ”Lovom tiltak til å fremme sysselsetting”

”Gjennom ”lov om tiltak til å fremme sys-selsetting” av 27.juni 1947 erArbeidsdirektoratet bl.a pålagt å virke forå få satt i verk nyttige arbeidstiltak i tidermed arbeidsløyse, og i samband med detteskal det virke for at statsinstitusjoner, fyl-ker og kommuner utarbeider planer slik atarbeidene kan igangsettes på kort varsel itilstrekkelig omfang i de ymse deler avlandet. En skal også holde seg best muligkjent med private arbeidsplaner av betyd-ning for sysselsettinga”.

Det arbeidsnemnda i Kinn her gjorde var åbenytta seg av arbeidshender som ellesville ha gått arbeidsledige og motteke pas-sive stønader. Ved å benytta seg av slike til-tak kunne ein både få unnagjort mindrekommunale prosjekt som elles kanskjeville ha forfelle eller vorten utsette, i til-legg til at ein også sytte for at dei arbeids-ledige hadde arbeid å gå til. Dette var nokkanskje ikkje meir typisk for Kinn enn forandre kommunar, men dei mange prosjek-ta og søknadane som vart produsert avKinn arbeidsnemnd tyder i alle fall på atdette var noko som vart prioritert.

Det som skilde Kinn i frå ein del andrekommunar var at store deler av arbeids-styrken var knytt opp til konjunkturav-hengige og sesongprega arbeid innanforfiske og fiskeri. I 1961 gav fylkesmanneni Sogn og Fjordane i samråd med fylkesar-beidskontoret Kinn kommune tilsegn ominntil 70.000 ,- for å setja i gang ekstraor-dinære kommunale anleggsarbeid for 35mann som var råka av det feilslegne silde-fisket. Tilsegnssummen Kinn kommunefekk kunne nyttast til 100% dekning avarbeidsløner, transportutgifter, spreng-stoff, naudsynleg leige av utstyr m. m ,men ikkje til kjøp og avskriving av kom-munen sitt eige materiale. Inntaka avarbeidskrafta ved dette tilfellet skulle skjei samråd med arbeidsformidlinga.Fylkesmannen gav kommunen og arbeids-formidlinga ansvaret med å ikkje hindrarekrutteringa til fiskarflåten og resten avarbeidslivet, då dette tiltaket skulle vera avmellombels art og ha som hovudmål å sytafor at dei arbeidsløyse hadde arbeid å gå tilmedan ein venta på å koma inn att i detordinære arbeidslivet.

Dette er berre deler av det rikhaldige arki-vet etter Kinn kommune, som no er iFylkesarkivet sine hender. PåFylkesarkivet sin vevstad vil du kunnefinne arkivkatalog som syner kva arkiv-materiale som finst etter Kinn, i tillegg hardu moglegheit til å søka i møtebøkene tilKinn formannskap til og med 1900. 1 For vidare lesing om utviklinga av formannskapsdistrik-ta kan me anbefala Tore Pryser: Frå standssamfunn tilklassesamfunn 1814-1860 og Arne Bergsgård:Formannskapslovene, opphav og utvikling2 For meir om arkivlova sjå: http://www.lovdata.no/all/nl-

19921204-126.html

Arkivet etter Kinn på plass i magasinet. Fotograf: Ole Stian Hovland.

Page 12: Kjelda nr. 1 2010

12

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Levd liv av Anna Avdem, Aage Engesæter ogLars Asle Vold, Skald forlag 2009 -praktboka om sogningane si histo-rie.

Det er kjekt å lesa. Spesielt når einfår ei slik flott bok mellom hendene.Eg har hatt mange gode lesestunderetter julekvelden med denne boka ifanget. Her har eg funne soger eg harhøyrt før og soger eg ikkje har høyrtfør. Det er sogningane si soge fortaltgjennom gjenstandar og bygningarpå De Heibergske Samlinger - SognFolkemuseum. I tillegg er forteljingaknytt saman med hendingar pånasjonalt plan. Boka har to delar.Den første og største delen tek føreseg soga til sogningane, den andreog mindre delen tek føre seg denhundreårige soga til museet og deisom var ansvarlege for samlingane.Teksten er lett å lesa, den fungerernesten som ei munnleg sogefortel-jing. Fotografia av gjenstandar ogbygningar ligg tett opp til teksten, ogblir med det illustrasjonar i ordet sirette meining.

Dette er ei bok å bli glad i og glad av!

Randi Melvær

Fylkesarkivet og hjelp

med bokproduksjon

Fylkesarkivet blir ofte spurt omhjelp med kjelder eller foto nårnokon skal skriva bøker eller arti-klar. Vi hjelper svært gjerne til meddette. For nokon trykksaker er detsnakk om lite hjelp, for andre kandet vera eit omfattande materialesom blir gjort tilgjengeleg og for-midla til forfattaren. Når vi går inn idette arbeidet, vil vi gjerne få til-sendt eit eksemplar av det ferdigeproduktet. Både Statens kartverk ogandre arkiv bed om det same. Medandre ord: Hugs oss når boka di erferdig! Biletet til venstre er frå eibok som blei sendt til oss no i vinter.

Randi Melvær

BOKNYTT

Biletet er frå 1935. Det viser strandgata sett mot vest. Til venstre, hus nr. 32,”Herbyrge”: Her dreiv Margit Kvellestad Johannessen eit lite pensjonat til 1950-talet ein gong. Mannen hennar dreiv trykkeri i første høgda. På rådhuset ved sida avflagga dei. Fotograf: Malvin Horne.

Florø 150 år – den store jubileumsboka med bilde fråbyen vårFlorø sett gjennom kystfotograf Horne si linse.

Ei ny flott biletbok som er komen ut til byjubileet. Boka er faktisk ei avtre biletbøker frå byen. Boka er oppdelt i fem kapittel: Byen vår,Sildebyen, Byen og distriktet, Kystfotograf Horne og Bank for kysten.Det er det første kapittelet som er størst, Byen vår. Byen blir presentertmed gatebilete, utsiktsbilete og gruppebilete av innbyggjarane. Her erfoto frå 1930-talet fram til 1960-talet. Motiva er både kjente og ukjen-te. Somme viser same motivet med fleire års utvikling i mellom.

Alle som av ein eller annan grunn er glad i byen Florø vil ha stor gledeav denne flotte boka!

Fotoarkivet etter Malvin Horne er deponert på Fylkesarkivet av slekt-ningane og blir slik teke godt vare på for ettertida. Mange foto etterHorne kan lesarane våre finna i Fylkesarkivet sin fotobase på nettet.

Randi Melvær

Page 13: Kjelda nr. 1 2010

13

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Sikring av elektroniske arkivAv Håvard Kastet

Fylkesarkivet har motteke eit prø-veuttrekk frå sak/-arkivsystemet mednamn Acos Websak i Aurland kommu-ne. Hensikta med eit uttrekk er åbevare spor og dokumentasjon av denkommunale saksbehandlinga forettertida. Fylkesarkivet er depotma-gasin for kommunane. Det tyder atdet er vår oppgåve å vedlikehaldeuttrekka og ta oss av innsyn i saker iframtida, når arkivet ikkje lenger er ibruk i kommunen.

TeknologiI den tida vi lever i har elektroniskarkivføring teke over for papirarkivet.Dette byr på utfordringar så vel som for-delar. Alle er kjende med den rivandeutviklinga i dataverda. Nye maskiner ogprogramvare blir avleggs på berre få år.Mange hugsar tekstbehandlingspro-grammet WordPerfect, men det er kan-skje ikkje alle som er klar over at fileneog dokumenta som blei laga i dette pro-grammet ikkje er leselege lenger. Dettestår i ein sterk kontrast til papirdoku-ment. I Vatikanet kan vi lese tusen årgamle dokument utan større problem,rett nok om vi kan latin. Teknologien erblekk på eit tunn overflate, - enkelt oggenialt.

Elektroniske dokument, somWordPerfect dokument, er uleselegemed mindre ein har programmet dei bleilaga i. Sidan det er ein rivande utviklingi programteknologien går slike programut av bruk og dei forsvinn når datama-skina dei ligg på blir bytt ut med nye.Det er praktisk talt umogleg å gjenskapeeit elektronisk dokument berre ut i fråden fysiske informasjonen som ligg påein disk i form av 1 og 0 verdiar. Dettefordi det blei skapt i eit program som lågoppå fleire lag med programvare, før dettil slutt ligg som maskinkode på eitmagnetisk eller optisk medium.Utfordringa her er uendeleg meir kom-plisert enn å lære seg latin og myse i eilupe.

Eit anna problem er at dei magnetiskeog optiske lagringsmediuma ikkje ereigna for langtidbevaring. Dei er utsettfor mekanisk svikt og slitasje, samtidig

som dei er ømfintlige for fukt. Ein hard-disk har difor sjeldan ei levetid på meirenn ti år. Sidan lagringskapasiteten ielektroniske lagringsmedium er enorm,er det også enorme mengder informa-sjon som kan forsvinne på ein blunk. Tilsamanlikning er papirdokument betyde-leg meir haldbare om dei blir bevart ieigna lokale.

Arkiva våreKva konsekvensar får elektronisk arki-vering for arkiva våre? Dei skal vere til-gjengelege også om 50 eller 100 år. Deter her uttrekka kjem inn. Eit uttrekk erein slags kopi av arkivdatabasen som erkonstruert for å bestå over tid. Dette ergjort ved å nytte det ISO-standardisertemarkeringsspråket XML og dokument-formatet PDF/A. Markeringsspråk erspråk som eignar seg til å ta vare påtekst og informasjon om struktur – tildømes databasestruktur.

Databasetabellane blir bevart som XMLfiler og dokumenta som PDF dokument.Frå eit arkiv går over til å vere fullelek-tronisk skal kommunane levere slikeuttrekk ved periodisering. Periodiseringer å tidsavgrense arkivet og samla skiljeut alle saker registrert innanfor denneperioden. Ein arkivperiode er normaltfire år. Uttrekket som Aurland har levertoss er eit prøveuttrekk og slik sett ikkjedel av ein formell periodisering.Uttrekk som kommunen leverer tilFylkesarkivet får status som deponert.Det vil seie at vi oppbevarer og helduttrekket ved like, men at alle spørsmålom innsyn skal rettast til kommunen. Vitek ikkje over ansvaret for det før det hargått 25 år – då får uttrekket status somavlevert.

Når vi mottek eit uttrekk må vi teste atdet er av god nok kvalitet for deponeringog bevaring. Dette blir gjort med Arkn4,

Arkivaren i bakgrunnen jobbar i eit magasin som kan romme nesten sju millionar dokument.Til samanlikning treng ein fire av harddiskane i framgrunnen for å lagre same mengdedokument elektronisk. Fotograf: Håvard Kastet.

Page 14: Kjelda nr. 1 2010

14

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Harddiskar nytta til å bevare elektroniske arkiv. Fotograf: Håvard Kastet.

som er eit program utvikla hosRiksarkivaren og det måler det aktuelleuttrekket opp mot ein standard dei harlaga for arkivsystem. Programmet gjevoss ein rapport over eventuelle feil, og vivurderer kor alvorlege desse feila er.

Uttrekket frå Aurland hadde ingenalvorlege feil og det er godkjent og harfått status som deponert.

BevaringNår eit uttrekk vert godkjent legg vi det

på eksterne harddiskar i magasinetsaman med dokumentasjon over brukenav systemet. Kursdokumentasjon somsyner bruken av systemet, og skjermbi-leta som sakshandsamar har forholdt segtil passar til dette føremålet.

Harddiskane vi brukar er tre eksterneharddiskar. Det er same data på alle tre,slik at om ein av dei sviktar så har vi toi reserve. Desse må bytast ut med jamnemellomrom. Når uttrekket er ferdigdeponert og ligg i magasinet vil det bligjeve ein kvittering til kommunen pådette.

Det er denne prosessen uttrekket fråAurland har vore gjennom. Uttrekkethar vore gjort av konsulentar innleiddfrå Acos AS, og kvaliteten på uttrekketvar utmerka. Vi vil no be fleire kommu-nar om å levere prøveuttrekk slik at vifår testa programvare og metodar bådehjå dei og oss.

”Firda folkeblad” hev havt ein samtale med ein 97 årgamall mann i Bygstad, Ludvig Eide, som hev vore slåt-tekar i sumar saman med son sin som er lærar i Bergen.Den fyrste tidi på dagen kunde læraren greida seg best,men den gamle var so mykje trottigare, han heldt bestut imot kveldane!

-Eg hev aldri vore sjuk, segjer Ludvig Eide – anna enn nåreg drakk brennevin! Og den sjukdomen hev eg heller ikkjehavt mange gonger, segjer han, og so svintar han rundt pågolvet. I gamall tid var det helst som ei skam å ikkje veramed i drikkeliv, men sume heldt seg undand då ogso, endåum ein vart vanyrd for det, segjer han.

Det er vel mange umskifte på livemåten i det heile?Ja, ver sikker. Eg hev ikkje drukke søtemjølk i mi tid, detvar ikkje vis og vane fyrr i tidi. Dei fær drikka skyr, soleissom eg hev gjort, so vert dei gamle.

Og anna mat i det heile?Ja då, mykje enklare. Ikkje so mange skifte på rettane fyrr

i verdi! Men so kjende me ikkje til at me var matleide hel-ler. Og havrebrød hadde me rikeleg, me åt ikkje sul som no.På gardane dyrka dei 40-50 tunnor korn eller meir for året,og hadde kvern kvar til seg. Maten vart sterk soleis! Mendet er sakte lettare å slå seg igjenom no i bygdene enn i minuppvokster. Eg skynar det godt når eg samanliknar påmange vis. Då fanst ikkje anna enn småslått på bøane, ogikkje var det so lett å selja og kjøpa. Dei hadde noko somkallast ”å berga seg”, korleis det so var.

og ferdsla er mykje lettare.Ja ein rodde eller siglde, og vegar var det snautt um. Eg varein aldrande mann då dampbåtane kom.

Det må vera underleg å sjå attende på mest hundrad år?Ja, mangt er betre no, men ikkje alt. Ikkje alt med livemå-ten heller. Dei må drikka sur mjølk, um dei vil ha godhelse.

Drikk sur mjølk (Sogns Tidend 12. Oktober 1932)Og vert gamall, segjer ein 97-åring som aldrihev vore sjuk. Av Espen Sæterbø

Page 15: Kjelda nr. 1 2010

15

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

- Kor mykje tenar ein arkivar?Det er Henrik Hovland som stil-ler dette spørsmålet. Han harførebudd seg godt til intervjuethan skal gjera i samband medjobbskyggingsdagen.Oppfølgingsspørsmålet kjemkjapt etter at han har fått vitekva lønna er. - Tykkjer du det erpasseleg?

I februar hadde me besøk av to ele-var frå 8.klasse ved Sogndal ung-domsskule. Håkon Bøyum ogHenrik Hovland skulle vera med påein arbeidsdag. Jobbskygging kal-lar dei dette. Føremålet er at ele-vane skal få vera med på einarbeidsdag, gjerne med foreldreeller andre dei kjenner for å få einsmak av arbeidslivet og for å prøvaseg på arbeidsoppgåver.

På Fylkesarkivet jobbar me medmykje forskjellig, og det var såleisnoko ulike arbeidsoppgåver dei togutane fekk ta del i. Håkon var medog flytta deler av privatarkivsam-

Unge arkivararAv Ole Stian Hovland

linga inn på dei nye magasina våre,og fekk også sjå litt i privatarkivetter slektningar og frå heimbygdaFjærland. Han tykte det var over-raskande og artig å finna ut at dåtippoldefaren kjøpte jarn på land-handelen til M. Mundal, så fekkhan betala med ost.

Henrik fekk forska i dagleglivet tilein ungdom frå Gloppen i etter-krigsåra. Me fann fram ein gamalskulestil frå avgangsprøva i norsk i1949 der stølslivet og ein fisketur iTraudalen vart skildra. I tilleggfekk han studere andre kjelder, sombygdebøker, fotosamlinga og deiulike databasane til Fylkesarkivet.

Arbeidsdagen vart avslutta med eitintervju der arkivarane vedFylkesarkivet vart utspurde avHåkon og Henrik om alt som harmed jobben å gjera. Lønn ogarbeidstilhøve var sjølvsagde tema,og me måtte også svara på kviforme valde akkurat dette yrket.

Gutane gav uttrykk for at dei liktearbeidsdagen, men at dei også villeprøva andre yrke før dei bestemteseg for kva yrke dei skulle velje.Noko lokalhistorisk interesse vartlike fullt kveikt. Henrik skulle gjer-ne visst kor stor fisken i Traudalenvar, men det seier soga ikkje nokoom.

Alt i orden. Støvfrakkane er på og innplasseringa i dei nye magasina blir nøye kontrollert.Håkon Bøyum og onkelen Per Olav Bøyum tek oppgåva på alvor. Fotograf: Ole StianHovland.

Forskaren i arbeid. Henrik Hovland noterer flittig. Kan hende dette er starten på eit nytthistorisk storverk? Fotograf: Ole Stian Hovland.

Page 16: Kjelda nr. 1 2010

16

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Frå kommunane i Sogn og Fjordanehar vi fleire arkiv etter fabrikktilsyn.Ordninga med fabrikktilsyn kom igang frå 1892 og skulle drive førebyg-gande arbeid og kontroll med helse ogtryggleikstilhøve i fabrikkar og andreverksemder.

Ein ny sosialpolitikkFrå om lag 1870 er norsk sosialpolitikki endring. Dette inneber eit nytt syn påstaten si rolle og ansvar for innbyggja-rane. Politikken kom mellom anna tiluttrykk med etableringa av den førstearbeidarkommisjonen i 1885.Kommisjonen fekk til oppgåve å greieut ulike sider ved arbeidarvern, sjuke-og ulykkestrygd og alderspensjon.Kommisjonen gjekk også inn i diskusjo-nar om barnearbeid, arbeidstid, opp-seiingstid og regulert overtid.

FabrikktilsynetAv Karianne Schmidt Vindenes

Kommisjonen leverte to instillingar tilStortinget; ein om arbeidarvern ogfabrikktilsyn (1887) og ein om trygde-spørsmål (1890).

Historikar Jostein Nerbøvik kallar kom-misjonen sitt arbeid eit pionerarbeid ogresultatet av arbeidet eit bevis på at allefraksjonar i norsk politikk kunne sem-jast om at staten skulle ta på seg oppgå-ver av sosialpolitisk innhald (Norsk his-torie 1870-1905 s. 210). Dette pionerar-beidet skulle etter kvart bli viktig forarbeidarar over heile landet.

Innstillinga om arbeidarvern og fabrikk-tilsyn kom opp for Stortinget i 1892.Der vart mellom anna grensa for barne-arbeid diskutert. Nedre grense vart setttil 12 år og det vart laga strenge reglarfor arbeid for born mellom 12 og 14 år.

For aldersgruppa 14-18 år vart det sett eimaksimal arbeidstid på ti timar.

Barn mellom 12 og 14 kunne arbeideinntil seks timar med arbeid som ”ikkeskader deres Sundhed eller hemmerderes legemlige Udvikling”. For alleunder 18 år var det også pålagt ein halvtimes kviletid etter at dei hadde arbeiddi fire og ein halv time. Viss arbeidetvarte i over åtte timer skulle dei også haein time fri til ”Middagshvile”.

Arbeidarkommisjonen vart med sine toinstillingar ein del av den nye sosialpoli-tikken. I 1894 fekk Stortinget sin førstesosialkomité og Indredepartementetfekk eit eige sosialkontor i 1902. Dettevar forløparen for Sosialdepartementetsom vart etablert i 1913. Nerbøvik kon-kluderar med at det er i 1890-åra vi finn

Biletet er teke inne i fabrikkhallen til innvik ullvarefabrikk Fotograf: Maurseth, Jens Knudsen

Page 17: Kjelda nr. 1 2010

17

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Fabrikkområdet til Innvik ullvarefabrikk. Fotograf: Maurseth, Jens Knudsen

berre kunne arbeide fem timar dagleg.Som tidlegare var det ikkje lov for barnsom gjekk på skulen å arbeide i skuleti-da. Skule- og arbeidstid kunne ikkjeoverskride sju timar. Vidare fekk skule-styret rett til å innskrenke arbeidstida fordet einskilde barnet viss det var naud-synt for ”at et skolebarn skal opnaa detfornødne kundskapsmaal”.

Lova av 1909 endra på samansetningaav dei lokale fabrikktilsyna. Desse skul-

le no bestå av minst fire medlemmervalt av kommunestyret. Det skulle vereein lege, ei kvinne og ein arbeidar i til-synet. Det skulle også velgast vararepre-sentantar. Av desse skulle ei verekvinne, ein arbeidar og viss mogleg, einlege.

Arbeidstilhøva for arbeidarane vart sta-dig meir regulert. I 1936 vart lov om til-syn med arbeid i fabrikkar erstatta avarbeidarvernlova. Denne oppretta

opphavet til den norske velferdsstaten(s. 211). Fabrikktilsynet er såleis eit vik-tig steg på vegen.

Lov om tilsyn med arbeid ifabrikkarLova om tilsyn med arbeid i fabrikkarvart vedteke 14. Juni 1892 og skulle trei kraft 1. juli 1893. Lova omfatta”Enhver fabrikkmæssig dreven Virk-somhed, hvorved samtidig og regelmæs-sig et større eller mindre AntalArbeidere sysselsættes, herunder indbe-fatter Haandverksdrift, Drift af Berg-verker, Opberedningsverksteder, hytte-verker samt andre Anlæg for Udvindigog Forædling af Mineralier”.

Vernet for arbeidarane er ein viktig delav lova. Tilhøve som var regulert varmellom anna nødutgangar og vern motskadelege stoff og støv. Arbeidsromskulle vere godt opplyste med dagslyseller kunstig belysning. Dette var for åtrygge arbeidstilhøva ved drift av maski-ner. Vidare skulle talet arbeidarar stå iforhold til storleiken på arbeidsrommaog den plass som gjekk med til maski-ner, reiskapar og materiale. Lova setteogså krav til at arbeidarane skulle hahøve til å varme mat på eller vedarbeidsstaden og at det ”naar Veiret kræ-ver det”, skulle vere høve til ”at nydesine Maaltider i opvarmet Rum”. Medlova av 1892 fekk også arbeidarane ret-tar når det gjaldt oppseiing og opp-seiingstida vart fastsett til 14 dagar.

For å føre tilsyn med fabrikkane vart detetablert ei ordning med statlege fabrik-kinspektørar. I tillegg vart det oppretta”stedlige” eller lokale tilsyn i alle kom-munar der det var verksemder som varomfatta av lova. Dette lokale fabrikktil-synet skulle bestå av leiaren av sunn-heitskommisjonen 1 eller ein annan legevalt av kommunestyret. Kommunestyrethadde også høve til å velje andre med-lemmer til fabrikktilsynet. Utgiftene tildet lokale fabrikktilsynet skulle berastav den einskilde kommune.

UtviklingaLov om tilsyn med arbeid i fabrikkarvart revidert i 1909. Lova vart utvida tilå gjelde all verksemd som nytta meka-nisk drivkraft og handverksverksemdermed minst fem arbeidarar.

Av endringar kan vi notere at barn no Frå inspeksjonsprotokollen til Innvik fabrikktilsyn.

Page 18: Kjelda nr. 1 2010

18

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

arbeidsnemnder i alle kommunar. Einrevisjon i 1956 fastsette ordninga medverneombod for arbeidarane. Arbeidar-vernlova vart i 1977 erstatta av arbeids-miljølova. Fabrikktilsynet var med andreord forløparen til det arbeidarvernet vihar i dag.

Fabrikktilsyn i Sogn ogFjordaneFordi det berre var i kommunar medverksemder som var omfatta av lova atdet skulle etablerast fabrikktilsyn, har viikkje tilsyn i alle kommunane i fylket.Vi har registrert arkivmateriale fråAskvoll, Breim, Gaular, Innvik,Leikanger, Stryn og Vik. I tillegg er detregistrert arkivmateriale etter arbeids-nemnder og arbeidstilsyn som går tilba-ke til tida før 1936. Dette gjeld Eid,Gloppen og Hyllestad.

Dei lokale fabrikktilsyna skulle føre for-handlingsprotokoll, journal, kopibok oginspeksjonsprotokoll. Det er ulikt kvasom er bevart frå dei einskilde kommu-nane. Det eldste materialet finn vi fråVik kommune der vi har ein inspek-

sjonsprotokoll for perioden 1897 - 1933. I forhandlingsprotokollane kan vi finnehandsaming av retningsliner og sakerom utbetring av tilhøve ved bedrifterslik som ei sak frå Innvik kommune.Der var tilhøva ved ei smedbedrift oppetil handsaming i 1934. For å sikre godinformasjon og rettferdig handsamingvart leiaren av bedrifta kalla inn tilmøtet. Saka gjaldt arbeidslokalet tilbedrifta. Handsaminga i Innvik fabrikk-tilsyn enda med at smeden fekk to år påseg til å innfri eit av tre alternativ: 1:Kutte talet på arbeidarar; 2: Utbetre deieksisterande lokala; eller 3: Bygge nyelokale. Det er diverre få forhandlings-protokollar som er bevart. Vi kjennerberre til protokollar frå Innvik (1934-)Gloppen (1910 og 1939) og Lærdal(1937-).

Frå nokre kommunar er det bevart sak-arkiv, men det er svært varierande koromfattande materialet er. I sakarkivetkan vi finne rundskriv, korrespondanseog ulike skjema. Det er også bevart bre-vjournalar og kopibøker som gjev over-syn over utgåande og inngåande brev.

Journalane har ofte eit referat av innhal-det i brev og kan vere ei viktig kjeldeder det manglar sakarkiv.

Inspeksjonsprotokollane er bevart fråfleire kommunar, men tidsperioden vari-erer. Frå Innvik fabrikktilsyn har vibevart ein inspeksjonsprotokoll frå peri-oden 1919-1921. Her kan vi mellomanna lese om inspeksjonen av InnvikUllvarefabrikk i oktober 1920. I proto-kollen er det lista opp talet på arbeidarar.Det var fire jenter i aldersgruppa 14-16.Ein gut og fire jenter i aldersgruppa 16-18, elleve vaksne menn og 31 vaksnekvinner. Den totale arbeidsstokken varpå 51 personar. I 1920 hadde fabrikkenein dampkjele, maskinene gjekk pådamp og var på totalt 110 hestekrefter.Fabrikkinspektøren har ikkje notert brotpå lova og det er ingen merknader.

I tillegg til informasjon om tal arbeida-rar og maskineri inneheld protokollensvar på nokre spørsmål vedrørande per-sonalet. På spørsmålet om det var til-gang til arbeidarbustadar var det notert iprotokollen ”private rundt om fabrik-ken”. Arbeidarane hadde altså høve til åleige seg rom i private hus i nærleikenav fabrikken. Arbeidarane hadde ikkje”forsamlings- eller læsesal”, men deihadde tilgang til ”badeindretning” ogsjukekasse med fri legehjelp.

Frå Vik har vi ein inspeksjonsprotokollsom går over fleire år. Her kan vi følgjedei ulike bedriftene over lengre tid. Iprotokollen finn vi fleire merknader ogpålegg om utbetring, som for bedriftaMineral og Kraft i Arnafjorden. Her vardet tryggleiken til arbeidarane som sto ifokus for ei rekke pålegg om utbetring. Dømet frå Vik viser at fabrikktilsynethadde ein viktig funksjon. Inspektøranegjekk gjennom bedriftslokale medomsyn til kva som kunne skape farlegesituasjonar for arbeidarane. Resultat fråinspeksjonane kan vi lese i pålegg ogmerknader som er referert i protokollen.Bedriftene var pålagde å melde frå omarbeidsulykker. Dei skulle vere av eitomfang som gjorde ein arbeidararbeidsufør i minimum åtte dagar.Informasjon om arbeidsuhell er notert iinspeksjonsprotokollane.

Arkivmaterialet etter fabrikktilsynet vilvere ei viktig kjelde til fabrikkhistorieog til historia om utviklinga av velferds-Frå lov om tilsyn med arbeide i fabrikker av 1892

Page 19: Kjelda nr. 1 2010

19

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

samfunnet. Å få oversyn over bevartarkivmateriale er difor ei viktig oppgåvefor oss på Fylkesarkivet. Ei utfordring idette arbeidet er at arkivmateriale etterkommunale nemnder ofte vart ofte opp-bevart av leiaren for nemnda. Det kandifor tenkast at materiale frå fabrikktil-synet framleis er oppbevart av privatper-sonar. Eit anna alternativ er at arkiv kanvere arkivert i lag med arkiv etter sunn-heitskommisjon/helseråd. Vi har fleiredøme på at arkiv frå ulike nemnder/arkivskparar er blanda saman når einperson har ansvar for fleire arkiv.

Viss nokon kjenner til arkiv etterfabrikktilsynet eller andre kommunalenemnder er det flott viss de tek kontaktmed oss. Målet vårt er å gje arkivmate-rialet ei trygg oppbevaring og å gjere dettilgjengeleg for interesserte brukarar.

1 Sunnheitskommisjonar/helseråd varoppretta i alle kommunane i landet. Deiviktigaste oppgåvene var å sette i verktiltak mot smittsame og epidemiske sjuk-dommar, føre kontroll og ha tilsyn avteknisk og hygienisk art, ha tilsynet medhelsepersonell og ha tilsyn og omsorgfor visse vanskelegstilte grupper.

Litteratur• Nerbøvik, Jostein. Norsk historie

1870-1905. Oslo 1993• Hageman Gro og Knut Helle (redak-

tør). Aschehougs Norgeshistorie, bind9. Det moderne gjennombrudd 1870-1905. Oslo 1997

• Mykland, Liv og Kjell OlavMasdalen. Administrasjonshistorieog arkivkunnskap – kommunane.1987.

• Lov om tilsyn med arbeide i fabrik-ker.I Norsk Lovtidende. 1892 og1909

Uprenta Kjelder• Innvik kommune. Fabrikktilsynet.Møtebok 1934-1964

• Innvik kommune. Fabrikktilsynet.Inspeksjonsprotokoll 1919-1921

• Vik kommune. Fabrikktilsynet.Inspeksjonsprotokoll 1897-1933

Frå inspeksjonsprotokollen til Vik fabrikktilsyn

Page 20: Kjelda nr. 1 2010

20

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

I 1910 vart det etablert ei bedrift mednamnet Mineral og Kraft i Arna-fjorden i Vik kommune. Bedriftadreiv med steinknusing eller ”forma-ling” av stein som vi kan lese i eldrekjelder. I 1919 var fabrikktilsynet påinspeksjon på bedrifta som då haddeom lag 20 arbeidarar. Rapporten kandu her lese i sin heilskap.

Fabrikktilsynet i Vik var på sin førsteinspeksjon på bedrifta i 1911. Då var det10 personar som arbeidde der, alle mennog to av dei i aldersgruppa 16-18 år. Veddenne inspeksjonen vart det ikkje gjortmerknader. Det var hyppige tilsyn og detser ut til at situasjonen var bra fram til1919. Då vart det gjennomført eininspeksjon som førte til detaljerte kravom utbetringar. Inspektøren la vekt på atdette var til ”beskyttelse av arbeidernesliv og helse”. Her følgjer rapporten etterinspeksjonen i direkte avskrift frå proto-kollen. Til slutt er også oppfølgingareferert. Fylkesarkivet har fått avlevertarkivet etter Mineral og Kraft AS. Vi har

Inspeksjon ved verksemda Mineral ogKraft i Arnafjorden

Postkort frå Nese i Arnafjord, ca. 1910-1930. Fotograf: Ukjent. Eigar: Christensen, Annemor.

Av Karianne Schmidt Vindenes

Page 21: Kjelda nr. 1 2010

21

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

korrespondanse, rekneskap og teknisketeikningar frå perioden rapporten ned-anfor omfattar.

Ved inspeksjon 15/12 – 1919 fandtes detpåkrævet at påby følgende foranstalt-ninger vedkommende maskineri ogfabrikklokale til beskyttelse av arbeider-nes liv og helse:

I etasje1. Rem for stenkrysjer må indkoples2. Do for desintegrator 4 ½ Do

3. Drivrem for mellemaksling til knuseren indklædes og remskiven indebygges

4. Enderne på vifteaksling indklædes (Revet benklæderne av Karl Nese)

5. Anbringe rekverk i høide med remskivens overkant på trappen ved stenknuseren

6. Ved stenrendens munding (ved stenknuseren) må anbringes en indretning som hindrer stenen fra at drive ind i gangen der folk arbeider

II etasje1. Rekverk oppsættes omkring alle

opninger i 2 etasje2. Drrivrem for stenelevator og

drivrem og aksling for fødeskrue indkoples

3. Drivrem for mellomaksling til smedjen indklædes

4. I opgangen til elevatoraklsing 4 ½ og mellomaksling for vifteelevator anbringes trapper med rekverk liksom der anbringes golv omgjærdet av rekverk for den som

Frå inspeksjonsprotokollen til Vik fabrikktilsyn.

Page 22: Kjelda nr. 1 2010

22

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

smører lagerne til nævnte akslinger.

III etasje1. Rekverk opsettes omkring alle

opninger i 3 etasje2. Alle trapper forsynes med rekverk3. Gulvet gjøres i forsvarlig stand4. Et tilstrekkelig antal lamper

anbringes5. Remskiven til elevator 4 ½

overdækkes6. Der anbringes en reserveutgang fra3 etasje til bruk i eldebrandstilfelde

IIII taugbaneloftet1. Gulvet gjøres forsvarlig i stand

overalt2. Langs alle opninger anbringes

rekverk3. Ved stensiloen anbringes

tipindretning hvorved tipperen så vidt mulig beskyttes mot at falde nedi steinsiloen. (Det nu brukte arran-gement er helt utilfredsstillende)

V Grustippen1. Gulvet gjøres overalt i god og

Frå inspeksjonsprotokollen til Vik fabrikktilsyn.

forsvarlig stand2. Rundt utbygningen opsættes

overalt solid rekverk3. Trappen ned fra taugbaneloftet

forsynes med to rekverk4. Rekverk opsettes langs siderne

av utstikkeren fra taugbaneloftet

VI Motorhuset1. Rekverk opsettes fra østre side av

75 h.k. motor til østre lager av 25 h.k. motor

2. Signalapparat som varsler når kraftmaskinen sættes i gang må opsettes

VII OpslagAlle de opslag som er påbudt i lovom arb. beskyt. i industrivirksomhe-ter savnes. De maa opslåes.Inspektionen er utført og henstillingtil selskapet om at rette de paapektemangler utsendt av den fung. form.J. O. Vikøren.Henstillingen at efterkomme inden4 uker fra dags dato.Vik 21/12 – 1919

4/9 20 Ingen av de givne paalæg gjort.Paalæggerne indskjærpes

23/10 20 Inspisert sammen med inspek-tøren som gjorde paalæg som skule væreudført inden drift gjenoptages

21/12 20 De givne paalæg delvis gjort,men gjenstaar helt paalæg 4, 5, 6, 7 og8, delvis paalæg 1. Paalæg om at stengeopninger i gulvet over sørmøllen medrekverk.

11/10 21 De fleste paalæg utført.

Kjelde• Vik kommune. Fabrikktilsynet. Inspeksjonsprotokoll 1897-1933

Page 23: Kjelda nr. 1 2010

23

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Ved endring av lov om tilsyn medarbeid i fabrikkar i 1909 vart detkravd at ein av medlemmene avtilsynet skulle vere ei kvinne. Dåeg las om denne ordninga inspi-rerte det meg til å finne ut meirom kvinnene i fabrikktilsynet.

Først måtte eg finne ut kven somvart valt i dei einskilde kommu-nane. Dette vil møtebøkene frå

Kvinnene i fabrikktilsynetAv Karianne Schmidt Vindenes

kommunestyre/formannskap gjesvar på. I dei digitaliserte møtebø-kene har eg funne nokre namn, meneg har enno ikkje gått systematiskgjennom møtebøkene frå alle kom-munane.

Grundarar med i fabrikktilsy-net i BalestrandI Balestrand var Klaudine Skarestadog Brita Dahle med i fabrikktilsy-

net. Begge to var frå Fjærland.Klaudine Skarestad budde på gar-den Skarestad i Fjærland i lag medmannen Ivar O. Skarestad. BritaDahle var gift med Olaus Dahle.

Brita Dahle og mannen var med påå byggje og starte Mundal hotell. Itillegg starta ho og KlaudineSkarestad vevstove der dei arbeiddemed biletvev. På det meste haddedei sju tilsette. Dei to grundaranevar med å danne grunnlaget for densterke vevtradisjonen i Fjærland.

Klaudine Skarestad var også med åstarte vevstove i Balestrand og hodeltok på utstilling og sal av vev iOslo. Brita Dahle arbeidde både påhotellet og i vevstova. Kombina-sjonen bidrog også til å skaffe hei-lårsarbeid til fleire kvinner somarbeidde ved hotellet i turistsesong-en og i vevstova elles i året. Klaudine Skarestad saman med ektemannen Ivar O. Skarestad. Fotograf: N. O. Reppen.

Brita Dahle saman med ektemannen OlausDahle i hotellhagen ved Mundal hotell iFjærland. Dato: 1929. Eigar: Kvamme,Kari.

Page 24: Kjelda nr. 1 2010

24

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Kan du hjelpe med informa-sjon?Informasjonen om yrkeslivet tilKlaudine Skarestad og Britha Dahleer interessant. Den kan seie nokoom kvifor nett dei to vart valte til åsitte i fabrikktilsynet. I mange til-felle kan det vere ei stor utfordringå finne relevant informasjon omkvinnene som sat i fabrikktilsynet.Difor vil eg gjerne ha tilbakemel-ding frå lesarar som har informa-sjon om personane i kolonna nedan-for.

Viss lesarane våre kjenner til andrekvinner som har vore medlem avfabrikktilsynet er også dette interes-sant informasjon. Eg er særskildinteressert i namn, arbeid og andreverv.

Teppeveving i Mundal, Fjærland. Personane på biletet er Gunnhild Vangsnes og Svanhild Reinen.

Målet er å danne eit bilete av kvensom sat i fabrikktilsynet og kvaandre roller dei hadde i samfunnet.Kontakt meg på e-post:[email protected].

Kjelder• Møtebøker frå formannskap/kom-

munestyre i Balestrand, Jostedalog Årdal.

Namn Kommune Valt for perioden Gift medKlaudine Skarestad Balestrand 1919- Ivar O. SkarestadBrita Dahle Balestrand 1923-1925 Olaus DahleGudveig Mundal Balestrand 1927-1931Ingeborg Austin Haug Jostedal 1929-1940 Ove Wangensten HaugKristina Offerdal Årdal 1910- Ivar Offerdal

Portrett av Kristina Offerdal, medlem avfabrikktilsynet i Årdal. Fotograf: Fehr, Joh.v.d.. Dato: 1880-1890.

Page 25: Kjelda nr. 1 2010

25

BEDEHUS kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Arne Kirkeli har samla opplysningar om historia til Skudal bedehus og laga eit oversyn. Diverre har det ikkjevore råd å finna møtereferat, rekneskapsnoteringar og lover frå dei første ti-åra. Han har også fotografert bede-huset slik det står no og skaffa til vegar tre eldre fotografi. Kirkeli sitt oversyn er her redigert og tilpassa forFylkesarkivet sitt nettbaserte Kulturhistorisk Leksikon. Nokre få opplysningar er tekne med i tillegg.

År 1900 var Skudal ein av 18 skule-krinsar i Gaular. Krinsen omfattamatrikkelgardane Foss, Fossevik ogSkudal. Skulen heldt i mange år til iden eine stova i hovudhuset på gardenFossevika. I 1926 vart skulekrinsenslegen saman med Sande krins, ogmed det miste bygdefolket ein stad åsamlast. Tanken om å byggja bedehuskom opp, og sommaren 1928 stodhuset ferdig.

HusetSkudal bedehus står på garden Fosseviksom ligg om lag midt mellom Hestadkapell og Sande sentrum. Huset er bygtpå grunnmur av naturstein og har utven-dige mål er 10,3 x 6,25 m. Huset ertømra, har liggjande bordkledning og ertekt med skifer.

Hovudetasjen har Storsal (5,7 x 5,7 m),Vetlesal (3,7 x 3,25 m) og gang (3,6 x2,2 m). Huset er invendig kledd med

Skudal bedehus i GaularAv Arne Kirkeli og Hermund Kleppa (red.)

huntonitt og alle rom er måla i lyse far-gar. Kjellarhøgda inneheld kjøkken ogmatsal, og er kledd med trepanel. Husethar ikkje innlagt vatn og såleis hellerikkje sanitæranlegg som svarar til krav itida for forsamlingshus.

LoverVedtektene eller lovene er det viktigastedokumentet for eit bedehus. Det slår tilvanleg fast kven som eig huset, kvahuset skal brukast til og korleis bedehu-set skal styrast. Sidan det var uråd åfinna lovene for Skudal bedehus, vartdet i 1975 sett opp og vedteke nye lover.Her går det fram at ”det er folket iSkudal, Foss, Fossevik og Eikeland”som eig bedehuset.

Paragraf 2 har denne ordlyden:”Bedehuset vart bygt i 1927 og innvigt i1928 med tanke på at folket her skullesamlast om Guds Ord, og at det dermedskulle hjelpe til å nøre det kristelege

livet i grenda. Huset må framleis bru-kast i samsvar med Bibelen og vedkjen-ninga åt den evangelisk-lutherske kyr-kja.”

Trong for husFram til 1926 heldt skulen for Skudalkrins til i den eine stova i hovudhuset iFossevika. Krinsen omfatta då gardaneFoss, Fossevik og Skudal. Stova i detnoverande hovudhuset er den same somskulestova. Skulestova hadde også vorenytta som ein stad å samlast. Då nyskule stod ferdig på Flatene (om 1 kmfrå Sande sentrum mot Viksdalen) vartbåde krinsen og skulen i Fossevika lagdned. Det gjorde at grenda med det miste”forsamlingshuset”.

Såleis vart det sysla med tanken om åbyggja eit eige hus. Det skjedde hausten1927 då oppsitjarane på Skudal,Eikeland, Fossevik og Foss vart samdeom å byggje bedehus. Vinteren 1927/28arbeidde både ung og gamal med husetog 8. juli 1928 kunne huset vigslast.

DrivkraftAnanias Skudal, var emissær iIndremisjonen og Kinamisjonen (noMisjonssambandet). Rognald Hestebeit(1878-1977), gardbrukar på Hestebeit iViksdalen, skriv følgjande om AnaniasSkudal i skriftet Dalsfjord ogBremanger Fellesforening 90 år.:

Det var han som var drivkrafta med å fåopp bedehus i Skudalen. Han var av detgamle stillfarande gudfryktige slagetmed eit klårt syn på Jesu lidingsverk, ogJesus-namnet hadde han trong etter åvera eit vitne om. Eg har aldri høyrt atnokon har tvila på at Ananias var einekte kristen. Naboen, Søren Skudal, varav same slaget som Ananias. Dei arbegge åndelege born av [sokneprest iGaular] Echhoff. Å tala med Søren omanne enn frelse i Jesu blod, var mestrådlaust. Eg kan ikkje gløyma den

Skudal bedehus 2009. Troppa går opp til inngangsdøra på oppsida av huset. (Foto: ArneKirkeli.)

Page 26: Kjelda nr. 1 2010

26

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19 BEDEHUS

underlege blenk i auga når han fekk talaom dette emnet. Han var far til MadsSkudal som var ein kjend forkynnar iKinamisjonen og Indremisjonen, menmeste tida av sin arbeidsdag var hanforstandar i Frikyrkja. Hans kristensynvar som farens, og hans forkynning varheilt prega av dette.

Mykje brukt den første tidaHuset var mykje brukt dei første 50-60åra. Det kom jamleg forkynnarar og fol-ket samlast til møte. Kvinneforeiningarfor Sjømannsmisjonen, Misjonssam-bandet og Indremisjonen heldt sinebasarar og julefestar. Likeeins var detbasar til inntekt for huset ein gong foråret fram til slutten av 1970-åra.

SøndagsskuleSøndagsskulearbeidet har hatt trufastearbeidarar. Albert Skilbrei var ein av dei.Om han kan ein trygt seia, for å siteraSkrifta: ”Sjå, der er ein ekte israellitt,ein som det ikkje finst svik i” (Joh.1.47). Marie Horsevik (1923-2008)kom til Skudal krins i 1956 då familienbusette seg der. Ho tok etter kvart oversøndagsskulen etter Albert Skilbrei ogho stod i dette arbeidet i nærare 50 år.

For dette fekk ho i 1988 KongensFortenestemedalje i sølv. Dei siste årasamla ho borna i heimen sin.

Ein misjonsheim i dobbel for-standHeimen til Anna og Albert Skilbrei varein misjonsheim i dobbel forstand. Deihadde stor omsorg for alt misjonsarbeid.Anna deltok i foreiningsarbeidet ogsytte for forkynnarane som kom, gav deimat og husrom. Albert sytte for bedehu-set, og heime heldt han andakt om mor-gonen, det var det same om dei haddearbeidsfolk eller forkynnarar.

Formenn i styretSidan det ikkje finst møtebok/bøker frååra 1927-1974 er det uråd å setja opp eitfullgodt oversyn over kven som har voremed i styret. Etter det ein veit har dessevore formenn:a) Ananias Skudal (1864-1951) frå inn-viinga i 1928 til slutten av 1940-åra.b) Albert Skilbrei (1896-1971), frå slut-ten av 1940-åra, fram til ca 1969.c) Sverre Foss (1915-2008), frå ca 1969til 1996.

NedlagtSkudal bedehus er ikkje lenger i bruk.Det siste styremøtet vart halde 7. januar2003, men planlagt årsmøte same åretvart det ikkje noko av. Same året fannstyret å måtta seia om branntrygdingaog den elektriske straumen.

Framme i bedehuset med talarstol og elektronisk orgel. (Foto: Arne Kirkeli.)

Albert Skilbrei (1896-1971) var formann ibedehusstyret frå slutten av 1940-åra tilkring 1969. Han var òg mykje med i søn-dagsskulearbeidet.

Page 27: Kjelda nr. 1 2010

27

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

I over 30 år arbeidde Grunde Selåsmed idrett og friluftsliv i Sogn ogFjordane. Etter at han vart pensjonisthar han lagt ned ein umåteleg storinnsats for å fortelje soga om idrettenher i fylket. Det har til no resultert ieit manus på godt over 1000 sider, somdokumenterer stort og smått av rørs-leaktivitetar. Kjelda fekk ein pratmed den spreke 81-åringen.

Selås er fødd i 1929, og kjem fråVegårshei i Aust-Agder. Han vaks opp iein sportsinteressert familie, og har all-tid hatt interesse for idrett og fysisk akti-vitet. I barne- og ungdomsåra var detfyrst og fremst ski og friidrett som opp-tok han. Seinare vart orientering einhovudaktivitet.

Grunde fekk utdanninga si gjennommilitæret og Statens gymnastikkskole, idag Statens idrettshøgskole. Han tenes-tegjorde mange år i forsvaret, mellomanna seks år på Kongsvinger, før han i1960 fekk jobben som fylkesidrettskon-sulent i Sogn og Fjordane. Dei fyrste 15åra var han underlagt fylkesmannen,men i 1975 vart stillinga overført til fyl-keskommunen. Frå 1990 og fram til hangjekk av med alderspensjon i 1996jobba han med friluftssaker i fylkes-kommunen.

Kjelda: Korleis hamna du i Sogn ogFjordane?

Selås: Etter å ha jobba i forsvaret ein delår hadde eg ønske om å gå over i siviltvirke. Det blei til at eg tok ein jobb somkroppsøvingslærar ved Eidsvoll offent-lege landsgymnas. Det var ein flott ogtradisjonsrik plass å vere, så eg kunnefort ha blitt lenge der, men samstundesskjedde det ei utvikling der det offentle-ge tilsette personar i fylke, seinare ògkommunar, som jobba med fysisk akti-vitet. Eg hadde ein del kameratar somvart tilsette som fylkesinstruktørar. Såblei det til at eg søkte på ei slik stilling,og kom til Sogn og Fjordane. Eg haddeikkje tenkt at det var det endelege. Mendet blir gjerne sånn, at når ein trivst medjobben så blir ein verande.

Eit liv i virke for idrett og fysisk aktivitetAv Per Olav Bøyum

Kjelda: Kan du fortelje litt om arbeidetditt?

Selås: Det låg temmeleg langt tilbakedette med kunnskap om idrett og tre-ning. Det galdt stort sett heile landet, sådet var eit stort behov for treningsrett-leiing. Det var eit nært samarbeid medSogn og Fjordane idrettskrins. Deihadde eit utval for barne- og ungdoms-idrett. Eg var med der og utdanna leiararsom skulle jobbe spesielt med dei yng-ste.

I tillegg til det var det eit stort behov forå lære aktive om treningsopplegg, og eghugsar godt frå dei fyrste åra at det varmykje snakk om friidrett for eksempel.Eg måtte stille opp og vere med og pluk-ke ut nokon som kunne vere leiarar ogføre kunnskap vidare. Det var moro ålære dei om treningsopplegg. Noko avdet fyrste som vart lært bort var ulikeformer for friidrettstrening, som inter-valltrening.

Om vinteren var det skiinstruksjon. Egmå nemne at eg hadde eit nært samar-beid med det som heitte Barnas skifond.Det var ein organisasjon under DenNorske Turistforening og Skiforeningen.Barnas skifond skaffa ski til skular somsøkte om det. Det er fleire døme her fråfylket at skular mottok ski, og på denmåten kunne me setje i gang med tre-ning av ungane. Dei hadde òg eit system

i Barnas skifond som gjekk på dette medopplæring av barneskiinstruktørar. Slikekurs var eg leiar for. Dette var på 1960-og 70 talet.

Eg var også mykje med i dei forskjelligeavdelingane innanfor idretten, og varmed dei på møte og drøfta opplegg og såvidare. Idretten på den tida hadde ikkjetilsett nokon i sine organ. Det var ingenfast tilsette som jobba med dette bortsettfrå idrettskonsulenten. I instruksen mingjekk det også fram at eg skulle gjere eitarbeid for aktiv idrett.

Etter kvart blei andre oppgåver meirsentrale, og det var skuleverket somkanskje for mitt vedkomande blei detaller viktigaste. Då eg kom hit var detkanskje to eller tre gymnastikksalar påskulane. Sidan skjedde det mykje pådette området, og det var mellom annami oppgåve å sjå til at nye føresegnerom kroppsøvingsrom og garderobar vartoverhaldne.

Kjelda: Det har skjedd ei rivande utvik-ling med bygging av anlegg?

Selås: Det har blitt meir og meir tilrette-leging for fysisk aktivitet, med byggingav idrettshallar. Den fyrste fekk me påSandane i 1964, så kom Sogndal i 1968.Det var berre dei to ei god tid framover,før me fekk ein heil del, så i dag er detmange fullverdige idrettshallar i Sogn

Grunde Selås. Fotograf: Per Olav Bøyum.

Page 28: Kjelda nr. 1 2010

28

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

og Fjordane. I tillegg til det har me ogsåfått tre av det me kan kalle for størreidrettshallar, utvida idrettshallar, det er iSogndal, Florø og Måløy.

Det var veldig dårleg stell når det galdtutandørsanlegg etter krigen i Sogn ogFjordane. Det var berre eit par anleggsom me kan kalle grasfotballbaner,mens det var veldig dårlege grusbaner.Slik var det ein god del år etter krigen,fordi det var kostbart å byggje ut. Etterkvart auka det på med tippemidlar, ogdet er blitt bygd veldig mange grasbanerfor fotball.

Også for skianlegg stod det dårleg tillenge. Me må heilt fram til 1970 før detskjedde noko stort innanfor tilretteleg-ging for skiaktivitet. Då kom dei fyrstelysløypene. Alt dette har betydd mykjefor utviklinga av idretten, og me ser kor-leis det har utvikla seg prestasjonsmes-sig, med gode resultat, og det skuldastmykje at det vart lagt til rette for trening.

Kjelda: Korleis starta dette prosjektetditt med idrettshistorie?

Selås: Etter at eg blei pensjonist har egsamla ein del opplysingar og tenkt tilba-ke på ting eg har opplevd mens eg hardrive på her i Sogn og Fjordane. Egsynest det har vore interessant, og detheng vel saman med at eg er historiskinteressert, spesielt lokalhistorie. Etterkvart har eg både lest og skrive mykjeom idretten. Dette har eg arbeidd med iomkring ti år.

Kjelda: Kva var ambisjonane då dugjekk i gang?

Selås: Eg tenkte ikkje stort til å byrjemed, men det har utvikla seg etterkvart.Undervegs er det mange som har kon-takta meg og overtalt meg til å utvideprosjektet.

Kjelda: På eit seminar om idrettsarkiv ifjor kom det fram fleire klagemål om atidretten ikkje er interessert i si eiga his-torie, og at idrettslaga ikkje tek godt nokvare på eigne arkiv. Kva er ditt inntrykkav det?

Selås: Biletet er nok nyansert. Det ermange idrettslag som har gjeve ut hefteog bøker, men det er viktig at idrettslagatek vare på arkiva sine på ein god måte,slik at det i framtida er mogeleg å skrivehistorie om sporten her i fylket.

Kjelda: Ein kongstanke hjå deg heilelivet har vel vore det viktige i at folkheld seg i fysisk form?

Selås: Det er ikkje alle som kan nå deistore resultata og bli med på OL, slik meer vitne til no om dagane, men det at einfinn sin eigen plass innanfor dette medidrett og fysisk aktivitet er viktig. Dethar blitt understreka i lang tid behovetfor fysisk aktivitet som ein veldig sen-tral del av oppveksten, og også vidare ilivet, det at me held oss i god fysiskform. Her i Sogn og Fjordane har me ògnaturen omkring oss, som kanskje byrpå det beste tilbodet for aktivitet. Det å

gå tur, åleine eller saman med andre, erkanskje den beste form for fysisk akti-vitet me kan drive.

Ei historisk framstilling avidretten i Sogn og FjordaneGjennom yrket sitt har Grunde Selåssidan 1960 hatt orkesterplass til mykjeav det som har skjedd innan idrett i Sognog Fjordane. Også på fritida har sports-lege aktivitetar vore ein viktig del avlivet hans. Såleis er det neppe nokonsom har like brei kunnskap om idretts-historia her i fylket som Grunde.

Informasjonen han har samla inn erenorm. Eit så ambisiøst prosjekt ersjølvsagt ikkje lytefritt, men alt i altrommar verket mykje stoff som trulegmange vil ha nytte og glede av. Det eropplysingar om idrettslag, einskildper-sonar, ulike arrangement, idrettsbragder,rekordlister og mykje meir.

I hovudsak dekkjer det perioden 1900-2000, og i oppbygging fylgjer det kro-nologisk dei ulike idrettane. Bortimotalle idrettar som vert drivne i Sogn ogFjordane er dekka. Men verket famnarbreiare enn dei einskilde sportsgreinene.Perspektivet har på mange måtar vorefolk i bevegelse. Det er eigne kapittelom bedrifts-, veteran- og handicapidrett,turstiar, utfartshytter og tilrettelagde fri-luftsområde. Eit interessant kapittel tekfor seg nokre utøvarar sine minne fråaktiv idrett. Blant anna fortel BjarneHuseklepp, den fremste langdistanselø-paren i Sogn og Fjordane på 1970- og80-talet, om trening, konkurranse ogskadeproblem.

Fylkesarkivet har gjort eit opptak medGrunde Selås, og som denne artikkelen ihovudsak byggjer på. Dette opptaket vilseinare bli redigert og stilt til rådveldefor dei som vil vite meir om kva dennekunnskapsrike mannen har å fortelje.

Dei som er interesserte i fleire opply-singar om prosjektet til Grunde kan kon-takte han på e-post: [email protected] Fylkesarkivet har òg ein kopi av materi-alet, men grunna manglande opphavs-rett til ein del av bileta har me ikkje lagtdet ut på Internett.

Grunde i sitt rette element. På tur til Jernhetta 2003. Fotograf: Ukjent

Page 29: Kjelda nr. 1 2010

29

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

I desse olympiske tider vert vi overstrøymde av far-gebilete tekne med dei nyaste kamera og som viserutøvarane frå dei mest avslørande vinklane. Vi får sjåbilete av detaljar vi aldri har sett før, akkurat som omheile vinter-OL vert sett gjennom eit gigantiskmikroskop.

Nostalgiske hoppAv Olaf Knarvik

Her er det høgt og fritt, seier skihopparen Pål K.Seljeset, som hersvever høgt i 'Sikle bakken' i Hornindal vinteren 1948. Dagenshopp vart 58 meter. SFFf-1992073.0021

Einar Myklebust i svevet, ca 1950. Han var aktiv i tida 1942 til1965 med krinsmeisterskap og mange premiar frå fylkesrenn. Heri svevet med fin knekk-stil. SFFf-1988133.0001

Pål Seljeset i svevet, truleg i Vikabakken i Stryn i 1950. Pål varein av fleire gode skihopparar frå Hornindal. SFFf-1989004.0257

Langrennsløperane sine fall har aldri likna så mye påein actionfilm som no, og løparane sjølve liknar påfuturistiske heltar. Som ei nostalgisk motsetning tildette grov vi fram nokre bilete av skihopp frå arkivet.Det melder seg mange spørsmål som vi let biletasvare på.

Jon Alme hoppar i Almsbakken, Fjellbygda i Gloppen. Biletet ertruleg frå tida rett før krigen. SFFf-1989004.0260

Page 30: Kjelda nr. 1 2010

30

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Vi begynner etter kvart å forstå atvi lever i den digitale tidsalderen.Med stortingsmeldinga tilegna digi-talisering (St.meld. nr. 24 - Nasjonalstrategi for digital bevaring og for-midling av kulturarv) blei dagsor-den sett for store delar av kulturli-vet.

Digitaliseringshysteri?Skal ein vere ukritisk til dette ”digita-liseringshysteriet” som Fridtjov Urdaluttrykte det under konferansen"Digital kulturformidling i Sogn ogFjordane" i februar i fjor? Skal einberre vere begeistra konsument forteknologisk utvikling, eller fins detvelgrunna motstand som ikkje berre ergammaldags?

I oktober 2009 blei ”FlorenceDeclaration” offentleggjort, ein dekla-rasjon med anbefalingar for bevaringav analoge fotoarkiv. Utgivar er Max-Planck-instituttet i Firenze, vi skal hergi att nokre av hovudtrekka.

Teksten som er signert av 419 fagfolkfrå europeiske institusjonar, forklarar

Av Olaf Knarvik

hovudsakleg forskjellen mellom detanaloge originalbiletet og den digitalekopien, samt konsekvensane av denneforskjellen. Begge har kvar sin verdisom må takast vare på og det er eitviktig poeng at det digitale ikkjeerstattar det opphavlege, fysiske foto-grafiet.Fordelane med den digitale teknologi-en skulle vere ganske kjent. Ein har noein heilt anna struktur for formidlingav bilete gjennom internett oggjennom ein publikumsretta elektro-nisk katalog (database). Tilgjenge erein eigen kvalitet som det allmennepublikum har stor glede og nytte av.Dette gjeld både privatpersonar, for-skarar og andre.

Kva med originalbiletet?Samstundes er fagfolka bekymra overdenne utviklinga. Dei trur at original-biletet vert gløymd og gøymt bort, ogdei åtvarar spesielt arkiva mot denneutviklinga. Grunnen er at analogefotografi inneheld fleire aspekt somikkje den digitale kopien har fått medseg. Dei to bileta er to forskjelligeobjekt og omsetjinga frå eit medium

til eit anna er ikkje ein nøytral trans-formasjon. Den digitale kopien er eitnytt bilete som inneheld den visuelleinformasjonen frå originalen, mensamstundes har den andre kvalitetarenn denne. Poenget er at kvar fotogra-fisk teknikk påverkar biletet sittuttrykk i så stor grad at det formerinnhaldet. Dette inneber også at biletaikkje er nøytrale dokument, men este-tiske og teknologiske uttrykk avheng-ig av tidsalderen dei blir skapt i.

Erfaringa av bileta er annleis om vi serpå ei fotografisk glasplate enn på einmobiltelefonskjerm. Eit digitalt biletehar inga overflate, kan ikkje berørast.Det analoge biletet er skapt av etmateriale som inneheld spor av vikti-ge fysiske element og tid. Dette eraspekt som fortel mykje om tida bile-tet blei laga i, og kva som har skjeddsidan det. Det analoge biletet somfysisk objekt er så samansett at detikkje kan vidareførast til digitalemedia utan å miste fleire dimensjonar.Desse to biletverdene gir to forskjelli-ge utgangspunkt for dei som vilundersøke bileta i ettertid. Derfor erdet viktig at vi gjer bileta tilgjengele-ge gjennom det digitale, samstundessom vi bevarar originalbiletet.

Konsekvensar for arkiv- sektorenKonsekvensar for arkiva blir å utarbei-de ein strategi for den mest korrektebevaringa av den fotografiske arven.Dette kan berre gjerast ved å likestilledet analoge og digitale formatet og tavare på begge delar. Til ein viss gradmå også den analoge originalen veretilgjengeleg for dei som brukar gamlebilete i si forsking, om det er antropo-logar, kunsthistorikarar eller andreforskarar. Det er stor forskjell på eindatabase og eit fysisk arkiv som einkan bevege seg i. Dette mangfaldet erviktig å ta vare på.

Foto: Olaf Knarvik

Digitalisering av fotografi- ”Florence Declaration”

Page 31: Kjelda nr. 1 2010

31

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

”Det beste ved mennesket er hun-den”, har det blitt sagt1. Hund ogmenneske deler ei felles historie somstrekk seg fleire tusen år tilbake i tid.Likevel tenkjer vi sjeldan på hundensom eit kulturhistorisk emne. Menhunden og hundehaldet er i aller stør-ste grad eit spanande kulturhistoriskforskingsfelt som fortel minst likemykje om oss sjølve som om hunden.

Om hund og menneskeHund og menneske har ei felles historiesom strekk seg minst 15 000 år tilbake itid. Hunden er det vi kan kalle eit men-neskeskapt dyr; mennesket har tatt kon-troll over formeiringa, matforsyninga ogterritoriet til hunden, og vi har gjennomavl gitt hunden eigenskapar som skilhan frå ulven. Hunden har opp gjennomhistoria mellom anna blitt nytta til jakt,gjeting, vakthald, transport og selskap. Inyare tid har hunden også fått oppgåverinnafor politi- og tollvesen, redningste-nesta, militæret og som assistent for per-sonar med fysiske handikap.

Hunden – frå nyttedyr til familiemedlemAv Elin Østevik

Historia om hunden er såleis også ei his-torie om oss sjølve og vårt forhold tilnaturen, og om dyra si rolle i våre men-neskesamfunn. I denne artikkelen vil egfokusere på eit aspekt av hundehaldet sikulturhistorie – nemleg hunden somfamiliemedlem. Og familiehunden sihistorie, ja den startar i Viktoria-tida2.

Trofast - hunden som ”menneskets beste ven”I Viktoria-tida vart bandet mellom men-neske og hund tematisert av både kunst-narar og samfunnsdebattantar. Denfranske kulturhistorikaren AlfredFranklin hevda til dømes at blant alledyr var det hunden stod nest etter men-nesket på rangstigen i skaparverket.Landsmannen og skribenten AlphonseToussenel (1803-1885) gjekk enno leng-re i si lovprising av hunden, i det hanhevda at det var hunden som gjordeutviklinga av samfunnet mogeleg:

I begynnelsen … skapte Gud mennesket.Da han så hvor svakt det var, ga Han dethunden … Uten hunden ville mennesket

vært dømt til en evig skyggetilværelse ibarbariets mørke. Det er hunden somhar ført mennesket fra naturtilstandentil det patriarkalske stadiet… (sitert iThorsen 2001: 40).

Men det var ikkje hunden sine eigenska-par som gjetar, jeger eller vakthund ålei-ne som gjorde hunden fortent til denneframtredande posisjonen i skaparverketog historia: I debattane om kva dyr somstod mennesket nærast, vann hundenfordi den vart oppfatta som det einastenyttedyret som også var i stand til åutvise sjølvoppofrande lojalitet og eiemosjonell tilknyting til mennesket.

Dei mange Trofast-forteljingane somverserte i tidsepoken tematiserte nettopphunden sin lojalitet og emosjonelle til-knyting til sin menneskelege følgjes-venn. Trofast-historiene var hovudsak-leg variasjonar over eitt av følgjande tretema: Hunden som vakar over og ikkjevil forlate den avlidne eigaren sitt likeller si grav; hunden som utfører einheltemodig redningsdåd; eller hunden

1. Leikanger ca. 1920-1930: Hund og eigar deler eit stille augeblikk i tunet. Vi har diverre ikkje namn på verken kvinna eller hunden. Tips ossom du har informasjon. Fotograf: Håkon Njøs (SFFf-1993357.101473).

Page 32: Kjelda nr. 1 2010

32

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

som vert skilt frå eigaren sin og tilbake-legg store avstandar og hindringar for ålukkeleg gjenforeinast med eigaren.Trofast-historiene var svært populærepå 1800-talet, og danna grunnlaget forkarakteristikken av hunden som eit”edelt” dyr. Den trufaste hunden perso-nifiserte omskatta menneskelege dydar,og gjorde hunden fortent til tittelen”menneskets beste ven”.

I den trufaste hunden såg menneska iViktoria-tida dydar som dei sjølv var iferd med å miste under industrialise-ringa, påpeikar etnolog Liv EmmaThorsen (2001) med referanse til denamerikanske historikaren KathleenKete. Og det er mot dette bakteppet athunden vert inkludert i den borgarlegefamilien sin intimsfære. Den lojale hun-den kunne uttrykke kjærleik til familie-medlemma og beskytte dei mot uvedko-mande i ei tid prega av store sosialeomveltingar.

Hundar og kjøterarDet var likevel ikkje kva for ein hundsom helst som slapp inn i den borgarle-ge familiesfæren. Aller helst skulle detvere ein ”ekte” hund. Ideen om at detfanst ”rasehundar”, eller ganske enkelt”hundar”, som skilte seg ut i positiv for-stand frå kjøteren utvikla seg nemlegsamstundes med at hunden i kulturellforstand vart etablert som den lydige oglojale Trofast. I følgje dei rådande tan-kane i tida var det rasehundane som

først og fremst personifisert dei ”edle”eigenskapane frå Trofast-forteljingane.Å ha ein rasehund vart såleis eit teikn påhøg moralsk standard og klassemedvit,hevdar Thorsen (2001).

Å ha hund vart no også ein hobby; rase-hundklubbar vart etablerte og stadigfleire hunderasar vart avla fram i løpetav 1900-talet. Den første rasehundklub-

ben i Noreg var forresten Den norskedyrehundklubb, oppretta i 1899 med detformål å oppdrette og foredle ”den fin-markske dyrehund”. Å eige ein rase-hund vart altså ein måte å uttrykke bådeklassetilhøyrsle og moralitet på; hundenfungerte som ein sosial markør på eiga-ren sin sosiale status. Men korleis vartden individuelle hunden sin tilhøyrsle tilfamilien, hunden sin identitet som fami-liemedlem, markert?

Hunden – eit familiemedlemÅ la hunden delta i dei rituala som fami-lien nyttar for å skape og uttrykke fami-liesamhald er ein måte å etablere hun-den sin sosiale posisjon som familie-medlem, hevdar Thorsen (2001). IHund! Fornuft og følelser fokuserer hopå høgtids- og festdagar (t.d. jul, bryl-laup og fødselsdagar ) som nettoppslike ritualiserte sosiale hendingar derfamiliesamhaldet står sentralt. Når hun-den også får smake på julematen ellerfår sin eigen pakke under treet, er det einpraksis som bidrar til å etablere hundensom medlem av familiefellesskapet. Idesse familierituala er også familiefoto-grafia eit viktig element, vil eg hevde.

Fotografering, vil eg påpeike, er eit inte-grert aspekt ved desse familiesamkomasom Thorsen har sett på. Vidare er detslik at praksisen med å ta og vise framfamiliefotografi i seg sjølv utgjer eit”familiesamhaldsritual”. Og på familie-fotografia dukkar dei altså opp –Passopp, Stella, Max, Frøya, Argus ogalle dei andre firbeinte menneskeve-nane. La oss sjå på tre døme fråFylkesarkivet sin fotobase.

På bilete nummer 3 ser vi familienFurset frå Fjaler fotografert av einomreisande fotograf kring 1910. Dei harkledd seg i finklede, og er oppstilt moteit nøytralt bakteppe. Aller fremst sitPassopp. Passopp sin posisjon somfamiliemedlem vert tydleg etablert ogformidla i dette formelle familiefotogra-fiet. Også på amatørfotografi ser vi einliknande komposisjon som på bilete 3:Eit relativt hyppig førekomande motivblant ”hundebileta” Fylkesarkivet har isamlinga si, er hund og familie fotogra-fert på gardstunet, gjerne med familie-heimen i bakgrunnen. I desse fotografiavert hunden sin tilhøyrsle i heimen ogfamiliefellesskapet uttrykt.

2. Fôringstid på Steinsetgarden, Fjaler, ca 1940-1945: Tenestejenta til Dr. Blaauw skal gjehundane hans mat. Ho får hjelp av ungane på garden. Frå venstre borna Jorunn, Anne-Marie, Kristen og Turid Steinset. Fotograf: Ukjend. (SFFf-1996019.0038).

3. Familien Furset i finklede samla til foto-grafering kring 1910. Framme sit ekteparetMikal og Anna Furset, bak står døtrenedeira Marie og Laura. Aller fremst sit fami-liehunden Passopp. Fotograf: Ukjend.(SFFf-199037.0020).

Page 33: Kjelda nr. 1 2010

33

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Bilete 1 og 4 er eksempel på eit annavanleg motiv – hund og eigar. Bilete 1er teke av fotograf Håkon Njøs påLeikanger ca. 1920-1930. Hund og eigardeler her eit stille augeblikk på tunet.Bandet og forholdet mellom dei to er ifokus i det kvinna ”held hender med”hunden som sit ved føtene hennar.

På bilete 4 er det dei jamstore veneneAnne-Karin Lexau og Tassen som sit igraset i ein sommardag kring 1950.Born og hund er eit tilbakevendandemotiv i ”hund og eigar” kategorien.Motivet kan både forståast på bakgrunnav, og som eit uttrykk for, hunden sinposisjon i familien. Hunden har nemlegein posisjon i familien som liknar påbornas i det både born og hund erunderlagt dei vaksnes disiplin. Vidare,som både Thorsen (2001) og Ramslien(2009) har påpeikt, er det klare felles-trekk mellom normer for hundeoppdra-ging og normer for barneoppdraging.Når normene for sistnemnde endrar seg,endrar også normene for hundeoppdra-ginga seg i same retning. På 1930-taletvar det til dømes borgarlege ideal omkroppsleg sjølvdisiplin som prega bådebarne- og hundeoppdraginga (Ramslien

2009). I våre dagar er sjølvstende ogindividualitet sentrale ideal i barneopp-draginga; så også når det gjeld hundar –familiehunden vert oppdradd og

behandla som eit individ med ein eigen-verdi og ein unik personlegdom(Thorsen 2001).

Individualisering og menneske-leggjering av hundenAntropolog Rolf David Ramslien for-skar på jakt; meir spesifikt på korleisjegeren handlar i relasjon til og snakkarom landskap, byttedyr og jakthund. Iartikkelen ”Forståelsen av antropomor-fisme og den norske harejakta” diskute-rer han omgrepet ”antropomorfisering”,det vil seie korleis vi tillegg dyr men-neskelege eigenskapar, med utgangs-punkt i empiri han har samla inn blantnorske harejegerar.

Ramslien hevdar at harejegerane i dag iaukande grad menneskeleggjer hundanesine. Hundane er ikkje lenger berre jakt-bikkjer, dei er også familiemedlem.Dårlege jaktbikkjer får såleis leve sittnaturlege livsløp, dei blir ikkje avlivaslik som i tidlegare tiår. Hundane vertogså i større grad enn tidlegare tekne tildyrlegen for behandling og, når livet gårmot slutten, avliving. Også ulike jakt-praksisar vert forklart med utgangs-punkt i omsynet til hunden og hundensine kjensler og lyster. Hunden sitt indrekjensleliv vert referert til av jegeranesom forklaring på val dei gjer i jakta.Det er altså ikkje berre selskapshunden

4. Anne-Karin Lexau og Tassen fotografert ein sommardag kring 1950. Fotograf: Ukjend.(SFFf-1996158.0053).

5. Rypejakt på Bergsete, Leikanger, ca. 1950-1955. Frå venstre Sjur Røysum, Eirik Røysum,Eirik Njøs, Einar Njøs og Sverre Røysum. Hunden har vi ikkje namn på. Antropolog DavidRamslien si forsking på jakt med hund tyder på at også jaktbikkjene i aukande grad vertoppfatta og behandla som familiemedlem. Fotograf: Ukjend. (SFFf-1994088.0001).

Page 34: Kjelda nr. 1 2010

34

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

som har blitt familiemedlem, det harogså brukshunden blitt.

Emma Thorsen (2001) har identifisertden same dreiinga mot å oppfatte hun-den som ein unik personlegdom i sinstudie av hundehald. Denne dreiingamot den individuelle hunden med einunik personlegdom manifesterer seg inamna vi gir hundane, hevdar Thorsen.Dei gamle norske hundenamna viseranten til hunden sine eigenskapar, hun-den sin utsjånad eller hunden sitt bruks-område – typiske døme er Trofast ogPassopp. I dag derimot er variasjonen ihundenamn mykje større og hundane fåri nokre tilfelle også personnamn. I foto-basen til Fylkesarkivet finn vi foreksempel bilete av Kari, Guro og Erik –alle hundar. Før var det dessutan vanli-gare at familiehundane heitte det same:Når gamle Trofast døydde vart hanerstatta av ein ny kvelp med same nam-net. I ei tid der kvar hund vert oppfattasom unik, er praksisen med oppattkal-ling i ferd med å forsvinne.

Thorsen (2001) ser endringa mot å gihundane unike namn i samanheng medat dei fleste hundar i Noreg i dag er sel-skapshundar og ikkje bruksdyr, medanRamslien (2009) på si side meiner atendringa i retning av at jaktbikkjene iaukande grad vert tilskrive menneskele-ge eigenskapar og oppfatta og behandlasom familiemedlem heng saman medendringar i samfunnet generelt mot eitfokus på individuelle dyr og deira rettar.Det vi uansett kan slå fast er at hundenhar blitt eit familiemedlem.

Kjelder til hundeliv i Sogn ogFjordaneI denne artikkelen har eg fokusert på eitelement ved hundehaldet si kulturhisto-rie – nemleg familiehunden. I EmmaThorsen si bok Hund! Fornuft ogfølelser kan lesaren setje seg inn i fleiresider av hundehaldets rikhaldige kultur-historie i Noreg og Europa. Men kvakjelder har vi til hundeliv og hundehaldi Sogn og Fjordane spesifikt?

I Fylkesarkivet sin fotodatabase finn vikring 700 fotografi der hunden er einsentral del av motivet. Det store fleirta-let av desse bileta er amatørfotografi avfamilie-, gards- og jaktbikkjer i ulikesosiale settingar saman med eigarane. Iord og bilete kan vi her finne spor av

kva desse hundane har hatt for ei rolle,og kva dei har betydd for eigarane sine.For den som er interessert i hundehaldetsi kulturhistorie er også kommunaltarkivmateriale ei kjelde. Her finn vi foreksempel dokument relatert til hunde-skatten som fleire kommunar i fylketinnførte i ein periode. Skatten vart inn-ført for å regulere ned omfanget på hun-depopulasjonen og bli kvitt laushundar(Thorsen 2001).

Ved Musea i Sogn og Fjordane finst detvidare bevart ei handfull gjenstandarknytt til hundehald – det dreier seg omfire halsband og ei hue laga i hunde-skinn. Når det gjeld museumsgjenstan-dar er det i det heile bevart svært fågjenstandar knytt til hundehald vedmusea både i Noreg og utlandet, dette tiltross for at hunden har ei lang historiesom nyttedyr, og også i tidlegare hun-dreår, som i dag, kunne vere gjenstandfor øydselt forbruk og ”utstyrsmani”

(Thorsen 2001). Kvifor, kan ein spørjeseg, har det hatt høgare prioritet å bevareseletøy og gardsbygningar, enn halsbandog hundehus?

Har du ei hundehistorie, foto ellergjenstandar du vil dele med oss, så tagjerne kontakt!

1Nicolas Toussaint Charlet (1792 – 1845).2Viktoria-tida er namnet gitt til den britiske dron-ning Victoria si regjeringstid som var frå 1837 til1901. Perioden var prega av industrialisering ogvitskaplege framsteg, men også av urbanisering,sosial ulikskap og fattigdom.

Litteratur• Ramslien, Rolf David (2009),„Forståelsen av antropomorfisme ogden norske harejakta“, NorskAntropologisk Tidsskrift, nr. 1,s. 28-43

• Thorsen, Liv Emma (2001), Hund!Fornuft og følelser, Oslo: Pax ForlagA/S

6. Vi tenkjer gjerne på spesiallaga hundekle, senger, korger og anna utstyr som noko somførst har blitt introdusert dei siste par tiåra. Men hundar heimehøyrande i dei øvre sam-funnslaga kunne vere velutstyrte når det gjaldt kle, halsband og anna utstyr også på atten-og nittenhundretalet. Her ser vi ein heldig hund som har fått eiga seng med pute og dyne (!)ved fotenden til eigarane si seng. Biletet er teke i 1910 i Ålesund. Fotograf: JohannesSponland. Eigar: FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal. (AM-95003.012972c).

Page 35: Kjelda nr. 1 2010

35

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Til hausten startar eit nytt stu-dium opp ved Høgskulen iSogn og Fjordane. Studietsamordnar Høgskulen si sat-sing på entreprenørskap ogfylkeskommunen si satsing pådigital kulturformidling.

Studiet har tittelen ”Sam-funns-fag med vekt på entreprenørskapog digital formidling”, og erutvikla i samarbeid mellomHøgskulen og Sogn og Fjordanefylkeskommune.

Breitt spekter av målgrupper Studiet har som mål å få fram ogfremja den lokale kulturarven, ogvera pådrivarar for lokalsamfunn-sutvikling i fylket. Studiet er tilret-telagt for ei brei målgruppe, ogkan vera ein møtestad for nett-verks- og kompetansebygging.Gjennom studiet kan ein gjennomeigne prosjekt vera med på å utvik-la lokalsamfunna vidare. Studiet erope for tilsette i skule, kulturinsti-tusjonar og andre som er opptekneav formidling av lokal kulturarv.

Med støtte frå utdanningsdi-rektoratetDei som deltek på studiet vil læra åsetta entreprenørskap og kreati-vitet i samanheng med digital for-midling av lokal kulturarv. Dette ereit nytt studium, og er ein pilot inasjonal samanheng.

Utdanningsdirektoratet har finan-siert studiet, og er gratis for delta-karane. Studiet gir 10 studiepoengog søknadsfristen er 15. april.

Samarbeid mellom Høgskulenog ABM Sogn og Fjordane Studiet ”Samfunnsfag med vekt påentreprenørskap og digital formid-ling”er ein del av eit studie- og

Pilotstudium med søkelys på lokal kulturarv Av Bjarnhild Samland

prosjektsamarbeid mellom Høg-skulen og ABM Sogn og Fjordane.ABM arbeider med digital tilrette-legging og formidling frå arkiv,bibliotek og museum i fylket.

Meir informasjon får du ved åkontakta Fylkeskommunen vedBjarnhild Samland,[email protected] eller påhttp://hisf.no/no/studietilbod.

Page 36: Kjelda nr. 1 2010

36

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Ei framtid for losjehuset i Stongfjorden?Kommentar: Hermund Kleppa

Det ikkje altfor djuptgåande uttryk-ket Tidene skifter, og vi med dem hareg med meg frå ein frodig kollega i1960-åra. Eg budde nord i landet.Orda kom gjerne når vi sat i litt eks-tra godt lag og han fekk det føre seg atdet ikkje var så mykje meir å leggjatil. Eit trekk i tida akkurat då, på 60-talet, var at fråhaldsrørsla hadde pas-sert toppen. No, 50 år etter, kan mevel trygt seia at fråhald (frå alkohol)ikkje er typisk for tida, og noko i ret-ning av ei rørsle for fråhald er vel kortog godt historie.

Øl, vin og brennevin har større rom oger meir synleg nå, enn i 1960 åra. I Sognog Fjordane kjem det til syne på fleiremåtar, mellom anna i statistikkar (dob-ling av alkoholforbruk mellom ungdom

på 10 år (NRK-Sogn og Fjordane,2003), i faste vinspalter i lokalaviser ogi stadig fleire pol. ”Det stygga drikka”,som eg minnest somme sa der eg voksopp, har blitt daglegvare. Og ingen bliroppskaka av at ein samferdselsministermed godt grunnfeste i kyrkje og bede-hus i ei ryfylkebygd, fortel til Dagbladetsitt laurdagsmagasin, at ho no ser på eitglas vin som ein del av livets goder. Detligg 40 tilbake i tida at ho vart djuptvonbroten over at ein svoger kjøpte segeit glas øl til ein middagsrett. Jau, rettskal vera rett, det skjer framleis ting somvekkjer oppsikt - i alle høve hjå mangeav oss litt oppi åra -, så som at ein nest-leiar i Kristeleg Folkeparti slår frampåom vinmonopol i kvar kommune.

Ja, så sant , så sant, ”Tidene skifter, og vi

[helst dei andre] med dem” Det var flei-re fråhaldsfolk før, og dei gjekk slettesikkje stilt i dørene. Fråhaldsfolket varorganisert i lag og losjar, i eit hierarkifrå nasjonalt nivå, om distriktsnivået ogned til dei mange og spreidde lokaleeiningane på lokalplanet, vaksnelag ogbarnelag. Det Norske Totalavholds-selskap og IOGT-losjen var dei største.IOGT-losjane kom best til syne, slikreint visuelt. Somme hadde staslegefaner (det hadde DNT-lag også), menIOGT hadde regaljar og somme stadereigne hus, losjehus. Fråhaldsfolket settejamvel opp minnesteinar. Me har ein iRutledal i Gulen og ein på Totland iVågsøy.

Fråhaldsrørsla var ei stor og viktig rørs-le, mælt opp mot fleire målestokkar.

Losjehuset i Songfjorden, bygd 1936. Huset står sentralt i bygda i Villabyen som var namnet på området i ”aluminiumstida”. Stongfjordenhadde aluminiumsindustri i åra 1908-1945. Aluminiumsproduksjonen i Stongfjorden var den første i sitt slag i Norden.Foto: Reidun Hovden.

Page 37: Kjelda nr. 1 2010

37

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

31

Fråhaldsrørsla varde lenge, i godt og vel100 år, rundt rekna frå 1850 til 1970.Det byrja som ei måtehaldsrørsle, somein reaksjon, eit tiltak mot sterkt aukabrennevinsforbruk fram mot midten av1800-talet, men gjekk snart over til overtil totalfråhaldsrørsle. Fråhaldsrørslavar viktig for mange (t.d. IOGT, 1953:30 000 vaksne, 25 000 born), og eg viltru at det var brei semje om at fråhalds-rørsla var til gagn for folk og samfunn.

Det er ei viktig oppgåve å sikra frå-haldshistorisk dokumentasjon – i vidtyding. Det har også vore gjort. Me harmykje trykt kjeldetilfang (bøker ogblad) både av nasjonal og lokal karak-ter. I Fylkesarkivet finst arkiv fråmange fråhaldslag og fråhaldslosjar,fotografi og gjenstandstilfang (t.d.regaljar). Men, har me losjehus? Kvaveit me om losjehusa i fylket? Kormange? Kor mange står att, og kormange om lag slik dei vart bygde?

Eg veit det ikkje. Eg har sett eit losjehuspå Lærdalsøyri . Det står meir eller min-dre til nedfalls. Og eg meiner det stodnoko i ei avis for ei tid sidan, om eitlosjehus på Bremangerlandet. Skal truom det skulle seljast? Frå arbeidet tilFylkesarkivet i 2005 om unionsoppløy-singsåret 1905 i Sogn og Fjordane, min-nest eg IOGT-huset ”Fram” i Florø.

For fire år sidan skreiv eg om eit bede-hus i Fortidsminnesforeinga sitt bladFortidsvern. Temaet var forsamlingshus.Eg fortalde om Marifjøra bedehus, eit avdei eldste i fylket, ikkje i bruk lenger, ogmykje godt slik det var opphavleg. Egviste til Ivar Engan i Vik som nokre årfør rykte ut med eit spørsmål om detgamle bedehuset på Vikøyri som då stodtil nedfalls. - Bør vi ikkje la eit bedehusogså koma inn under bygningsvernetvårt, tilliks med kyrkjer, eldre skulehusog gamle gardshus? Spørsmålet var påsin plass. For mange år sidan sikraNorsk Folkemuseum seg bedehusetBetlehem frå Hinna i Rogaland. Eg slut-ta stykket mitt i Fortidsvern med ei lettutfordring til avdelinga tilFortidsminnesforeininga i Sogn ogFjordane. Foreininga har ikkje berre eld-gamle kyrkjer under vengjene sine. Eitbakeri i Lærdal høyrer også med.Bedehus bokstavrimar på bakeri. Egsnakka med bedehusveteranen KnutRygg. Han var uroa for framtida til det

gamle bedehuset i Marifjøra. Det er egog.

Me har kvar vår uro, oftast fleire. IStongfjorden sit Malmfrid Stang, kul-turmennesket eg møtte då eg byrja påFylkesarkivet i 1987, entusiastisk ogkunnskapsrik, og godt til å ordleggja seg– med uro og uvisse omkring losjehuseti bygda. Ho og nokre andre kvinnerkjøpte det frå Distrikstlosjen (no ned-lagd) for fleire år sidan – huset er i bruktil fleire slag aktivitetar – men det kostarpengar å halda huset i stand, branntryg-

ding, kommunale avgifter, elektriskstraum, måling. Midlane til 8-10kvinner toler ikkje all verda. Og det harvore smått med offentlege kroner.

Malmfrid Stang ringde oss i februar.Det var ein bekymringstelefon, forlosjehuset deira. Kva kan gjerast for åsikra det for framtida? Det er lett for einpensjonert arkivar å gje uttrykk for for-ståing for saka og å vera med på syns-punktet at losjehuset i Stongfjorden ereit verneverdig hus, ikkje minst ved atdet representerer ein spesiell type for-

Fana til LOSJE ”SKAALEFJELL”, STIFTET 9-11-1909. Foto: Reidun Hovden

Page 38: Kjelda nr. 1 2010

38

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

samlingshus og at huset står mykje godtslik det blei oppsett i 1936.

Men losjehuset står ikkje tryggare fordet. Det må takast grep, som det heiter.Tankane går til verneinstansane i fylketog fylkesbanken Sparebanken i Sogn ogFjordane som deler av overskotet sitt tilkulturføremål. Og det er lett å lista oppmogelege alternativ: 1) At Fortids-minneforeininga føyer losjehuset iStongfjorden til porteføljen sin. 2) AtSogn og Fjordane Museum – enten ved

Kystmuseet eller Sunnfjord Museum,set huset på si verneliste – men utan åflytta huset frå der det høyrer heime, 3)At vertskommunen, Askvoll, gjer det tilei kommunal oppgåve å sikra losjehuset.Og at det blir laga til og iverksett eit ver-neprosjekt Losjehuset i Stongfjordender huset som bygning med funksjon ogverksemd blir teke med, - gjerne ogsånoko om fråhaldsrørsla i vidare for-stand. Finansiering? Ja, gjerne gjennomspleiseslag.

Det finst to minnesteinar om fråhaldsarbeid i Sogn og Fjordane, Anna-steinen står på kyr-kjegarden ved Totland kyrkje, Vågsøy kommune. Anna Myklebust (1868-1942), Bryggja iNordfjord, la ned eit stort arbeid i fråhaldrørsla.. På steinen står innskrive: AnnaMyklebust, f. 17.4.1868, d. 21.4.1942, D.F.M. i 15 aar. Vidt om i Nordfjord du naadde. Detgror av frøet du saadde. (..) Reist i takksend av Nordfjord Distriktslosje 1947. Foto:Hermund Kleppa.

PersonalnyttCecilie Astrup Bustad frå Trondheimer tilsett som arkivar for kommunalearkiv. Ho vil i hovudsak arbeide meddepotoppgåver og personregistermate-riale. Cecilie har master i historie fråNTNU, og starta hjå oss 1. mars.

Ole Stian Hovland frå Sogndal er til-sett som arkivar for kommunale arkiv.Han vil i hovudsak arbeide med fyl-keskommunale arkiv og arkivdan-ning. Ole Stian har houvdfag i nor-disk frå Universitetet i Bergen. Hanhar vore tilsett hjå Fylkesarkivet før ,i åra 2000-2006. Ole Stian begynte25. januar.

Espen Sæterbø frå Leikanger er til-sett i 1 års vikariat som arkivar forkommunale arkiv. Espen vikariererfor Marit Anita Skrede som har per-misjon i eitt år. Espen skal arbeidemed depotoppgåver og formidling.Han har master i historie fråUniversitetet i Bergen. Han begyntehjå oss 11. desember 2009.

Per Olav Bøyum frå Voss er tilsettsom arkivar – privatarkiv. Han kjemfrå jobb som arkivar på kommunear-kivordninga i Sogn og Fjordane. Hanhar hovudfag i historie fråUniversitetet i Bergen, og 3-årigbibliotekutdanning frå Høgskulen iOslo. Per Olav starta 1. februar.

Elin Østevik frå Klepp er tilsett somfotograf/fotoarkivar. Ho kjem frå jobbsom prosjektrådgjevar på Fylkes-arkivet. Ho har master i sosialantro-pologi frå Universitetet i Bergen. Elintek til i jobben 1. juni 2011.

Erle Hind frå Tromsø er tilsett sommusikkarkivar. Ho er for tida studentved masterprogrammet i kulturstudiarved Høgskulen i Telemark, Avd. Bø.Erle tek til i jobben 14. juni 2010.

Oskar Andersen frå Luster, er tilsetti 1 års vikariat som fotograf. Han harvore profesjonell fotograf i 10 år ifylket. Oskar tek til i jobben 1. juni2010.

Mari Ormberg frå Jostedalen er til-sett i 3 månaders prosjektstilling. Hoskal arbeide med innsamling av tradi-sjonsmusikk frå Jostedalen. Mari toktil i jobben 22. februar.

Page 39: Kjelda nr. 1 2010

39

kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19

Det kunne gå vilt for seg i gamledagar. Fyll, heimebrent og slagsmåler tradisjonar som høyrer våredagar til og, men det er lite truleg atavisene skildrar hendingar på einlike fargerik måte som det vartgjort her i Firda Folkeblad i 1933.

Ein mann skamskoren av eit kniv-stikk(Firda Folkeblad, fredag 19. August1933)

Natt til sundag skulde ein bil fråBreim i Nordfjord køyra yver tilVadheim. Ved Sande tok chaufførensom var ukjend med vegen feil retning

Fyll og slagsmaal paa Sande iSunnfjord

og køyrde innyver vegen til Viksdalen.Eit stykka innan for Sande trefte deiein mann som kom springande motdeim, og bad chauføren venda ogkøyra attendte til Sande og henta dok-toren. Ein mann var vorten skamsko-ren i eit slagsmaal og heldt paa og for-bløda seg. Mannen som skulde hentahjelp hadde sjølv bil; men daa det gjaltminuttar, hadde han ikkje faat tid aahenta den.

Chauføren køyrde attende til Sande,og doktor og lensmannsbetjenten varthenta, og der vart køyrt innyver tilFoss. Mannen som var saara, laag i eiveggrøft. Eit par av dei som hadde

vore med i slagsmaalet, prøvde aastogga blodet fraa eit gapande saar inakken. Blodelta som mannen laag i,fortalde um det frygtelege blodtapsom han hadde havt. Mannen var ogsonesten ferdig. Doktoren sydde att saa-ret og fekk stogga blodet; og mannenvart lagd inn paa ein gard i nærleiken,der han endaa ligg. Korleis det gaarmed honom er endaa ikkje sikkert.

Slagsmaalet hadde vore umkring kl.12, men doktoren vart ikkje henta førkl. 3. Grunnen til slagsmaalet er natur-legvis fylla. Der gaar rygter um at deter heimebrendt som hev vore drukke.Ein tri fire mann hadde her inne paaFoss halde ”fest” um natti, og endenvart krangel og slagsmaal der deihadde brukt paa kvarandre. Ein avdesse vart so nedstukken. Ein annanav dei vilde so springa etter doktor;men vart nekta og hindra.

Venteleg fær dette eit rettsleg etter-spel, og der vil daa verta uppklaara umder er drive med heimebrenning innepaa Foss. Skudalen og Foss hev lengevore kjent for fyll og slagsmaal. Folketder er ogso av ei serskild race. Eigamal segn fortel at mange skal veraetterkomarar etter ein spanjol som forrekande der gjennom bygda. Tjuverier ogso ein vanleg ting der inne.Julenatt 1932 vart der soleis gjort inn-brot paa ein gard der, og millom annavart der stole ein gris som laag nedsal-ta i eit kar. Um haustane hev der vorestole smale paa heiane der, og gjer-ningsmennene skal vera nokolundekjende. Vonleg kan politiet paa eingrundig maate reinska upp i dennerammekroken.

Meldar

Teikning av Henry Imsland.

Av: Espen Sæterbø

Page 40: Kjelda nr. 1 2010

Retur:

FYLKESARKIVETAskedalen 2

6863 Leikanger

ISSN 0803-9682

Over: Årdal Verk fotografert frå Ytre Moa i 1942. Biletet kjem frå den tyske verksemda Nordag (Nordische Aluminium Aktiengesellschaft/Nordisk aluminium aksjeselskap) som bygde ut anlegg for aluminiumsproduksjon i Årdal og andre norske bygder i krigsåra.

Under: Årdal Verk fotografert av Jonny Asperheim frå same staden i 2010.

Før og no