Glimt frå bispe visitasen - Hjartdal/media/hjartdal/dokumenter/arven/2016/arven nr... · som...

4
Nr. 5 - okt./nov. 2016 Kyrkjelydsblad for Hjartdal, Sauland og Tuddal INFORMASJON Sendar/ returadresse (Arven): Kyrkjeverja, Kommunehuset, Saulandsvn. 414, 3692 SAULAND Dagane 30. aug. - 4. sept. Glimt frå bispe- visitasen Halvor H. Sisjord, Hjartdal Kongeleg heider Bildet: Biskopen besøkte Refleks- klubben i Hjartdal tysdag 30. aug- ust, på Bratsberg gard, der ein av aktivitetane er ”mekking”. Klubben sine samlingar er for born og unge i alder frå 4 år og oppover, og finn stad måndag ein gong i månaden. Foto: Harald T. Løkslid Kulturkveld, Sauland kyrkje 30. aug. Biskopen ønskte ein slik kveld, og or- ganist Torild Møinichen Skårdal fekk oppgåva med å lage til arrangementet, som hadde gratis inngang. Her er ho og øvrige deltakarar samla til slutt for blomeoverrekking frå soknerådet: Hjartdal musikkorps, Brit Merete Funner (song), Ingvill Buen Garnås (song/laling), Anne Langåsdalen (fele) og Hjart- dal Jazzkvintett. Mange møtte i kyrkja for å høyre, og både soknepresten og biskopen takka for eit arrangement med flotte lokale kulturkrefter. - Foto: FHS Biskopen i Agder og Telemark bispe- døme, Stein Reinertsen, hadde visitas i Hjartdal sokn i dagane 30. august - 4. september. Forrige visitas var i 2004, da Olav Skjevesland var biskop. Visitas (besøk) i sokna i bispedømet er ei av oppgåvene til biskopen. Bisko- pen har m. a. samtaler og møte med tilsette og sokneråd, besøker trusopp- læringstiltak, skular, barnehagar og andre institusjonar, og møter represen- tantar frå kommune, lag og foreining- ar o. a. Etter avslutningsgudstenesta held biskopen visitasføredrag, der visi- tasen vert oppsummert, ofte med råd for det vidare arbeidet i kyrkjelyden. Visitasprogrammet sto i Arven nr.3. Visitasføredraget kjem på bispedømet si nettside (kan ôg fås i papir). Der er visitasen referert, og der står også bis- kopens anerkjenning, tankar og råd om arbeidet som skjer og har skjedd i kyrkja lokalt hos tilsette og friviljuge. Tilhøva for kyrkjer/kyrkjegardar, og evt. felleskontor for kyrkjeverje, øvri- ge tilsette og sokneprest er ôg nemnt. Arven har ikkje plass til å attgje alt som skjedde og det som går fram av visitasføredraget. Her nemnast berre eit par døme, som at biskopen merka seg eit stort friviljugt arbeid i kom- munen, og at kyrkja møter velvilje om evt. bidrag der. Gode møtepunkt kyrkje/ kommune og kyrkje/ skule er omtalt, og frå trusopplæringa opplev- de han Refleksklubben i Hjartdal som eit ”… fantastisk trusopplæringstil- tak”. Visitasføredraget avsluttast i ti temapunkt med oppsummering og råd for det vidare arbeidet i kyrkja. - FHS Halvor H. Sisjord (94) vart 5. oktober tildelt kongens fortenestmedalje, på Hjartdal skule under Hjartdal historie- lags ”myllekveld” (bildet til v.). Over- rekkinga var ved ordførar Bengt H. Odden. Så ventar audiens hos kongen. Sisjord er bygdas eigen diktar og histo- rieforteljer gjennom mange ti-år, og har m.a. skrive ei rekke minneord om sam- bygdingar. Han har bidrege i verv og friviljug arbeid, og har ôg gjort mange fine smiarbeid - her lokalt t. d. lys- globen i Hjartdal kyrkje. - I Arven har han hatt mange skriftstykke, dikt o. a. gjennom åra, seinast eit minneord i ju- nibladet i år - så Arven gratulerer også! Tekst: FHS/ foto: Leif Skoje

Transcript of Glimt frå bispe visitasen - Hjartdal/media/hjartdal/dokumenter/arven/2016/arven nr... · som...

Page 1: Glimt frå bispe visitasen - Hjartdal/media/hjartdal/dokumenter/arven/2016/arven nr... · som skjedde og det som går fram av visitasføredraget. Her nemnast berre eit par døme,

Nr. 5 - okt./nov. 2016 Kyrkjelydsblad for Hjartdal, Sauland og Tuddal

INFORMASJON

Sendar/ returadresse (Arven):

Kyrkjeverja, Kommunehuset, Saulandsvn. 414, 3692 SAULAND

Dagane 30. aug. - 4. sept.

Glimt frå bispe-visitasen

Halvor H. Sisjord, Hjartdal

Kongeleg heider

Bildet: Biskopen besøkte Refleks-klubben i Hjartdal tysdag 30. aug-ust, på Bratsberg gard, der ein av aktivitetane er ”mekking”. Klubben sine samlingar er for born og unge i alder frå 4 år og oppover, og finn stad måndag ein gong i månaden. Foto: Harald T. Løkslid

Kulturkveld, Sauland kyrkje 30. aug. Biskopen ønskte ein slik kveld, og or-ganist Torild Møinichen Skårdal fekk oppgåva med å lage til arrangementet, som hadde gratis inngang. Her er ho og øvrige deltakarar samla til slutt for blomeoverrekking frå soknerådet: Hjartdal musikkorps, Brit Merete Funner (song), Ingvill Buen Garnås (song/laling), Anne Langåsdalen (fele) og Hjart-dal Jazzkvintett. Mange møtte i kyrkja for å høyre, og både soknepresten og biskopen takka for eit arrangement med flotte lokale kulturkrefter. - Foto: FHS

Biskopen i Agder og Telemark bispe-døme, Stein Reinertsen, hadde visitas i Hjartdal sokn i dagane 30. august - 4. september. Forrige visitas var i 2004, da Olav Skjevesland var biskop.

Visitas (besøk) i sokna i bispedømet er ei av oppgåvene til biskopen. Bisko-pen har m. a. samtaler og møte med tilsette og sokneråd, besøker trusopp-læringstiltak, skular, barnehagar og andre institusjonar, og møter represen-tantar frå kommune, lag og foreining-ar o. a. Etter avslutningsgudstenesta held biskopen visitasføredrag, der visi-

tasen vert oppsummert, ofte med råd for det vidare arbeidet i kyrkjelyden.

Visitasprogrammet sto i Arven nr.3. Visitasføredraget kjem på bispedømet si nettside (kan ôg fås i papir). Der er visitasen referert, og der står også bis-kopens anerkjenning, tankar og råd om arbeidet som skjer og har skjedd i kyrkja lokalt hos tilsette og friviljuge. Tilhøva for kyrkjer/kyrkjegardar, og evt. felleskontor for kyrkjeverje, øvri-ge tilsette og sokneprest er ôg nemnt.

Arven har ikkje plass til å attgje alt som skjedde og det som går fram av visitasføredraget. Her nemnast berre eit par døme, som at biskopen merka seg eit stort friviljugt arbeid i kom-munen, og at kyrkja møter velvilje om evt. bidrag der. Gode møtepunkt kyrkje/ kommune og kyrkje/ skule er omtalt, og frå trusopplæringa opplev-de han Refleksklubben i Hjartdal som eit ”… fantastisk trusopplæringstil-tak”. Visitasføredraget avsluttast i ti temapunkt med oppsummering og råd for det vidare arbeidet i kyrkja. - FHS

Halvor H. Sisjord (94) vart 5. oktober tildelt kongens fortenestmedalje, på Hjartdal skule under Hjartdal historie-lags ”myllekveld” (bildet til v.). Over-rekkinga var ved ordførar Bengt H. Odden. Så ventar audiens hos kongen. Sisjord er bygdas eigen diktar og histo-rieforteljer gjennom mange ti-år, og har m.a. skrive ei rekke minneord om sam-bygdingar. Han har bidrege i verv og friviljug arbeid, og har ôg gjort mange fine smiarbeid - her lokalt t. d. lys-globen i Hjartdal kyrkje. - I Arven har han hatt mange skriftstykke, dikt o. a. gjennom åra, seinast eit minneord i ju-nibladet i år - så Arven gratulerer også!

Tekst: FHS/ foto: Leif Skoje

Page 2: Glimt frå bispe visitasen - Hjartdal/media/hjartdal/dokumenter/arven/2016/arven nr... · som skjedde og det som går fram av visitasføredraget. Her nemnast berre eit par døme,

Side 2 A R V E N Nr. 5-2016

DEN NORSKE KYRKJA

Hjartdal sokn

Redaksjonen avslutta 16.10. 2016 Neste nr. av Arven:

Desember 2016 Stoff må vere innkome til 12.nov.

Kyrkjelydsbladet

Arven

Utgjevar: Hjartdal sokneråd. Soknerådet vel kvart 4. år eit styre for bladet. Redaktør, redigering/ layout: Frøydis Hagene Skoje, Skojevegen 260, 3692 Sauland, tlf. 350 23011/ 47 05 30 35 Abonnement: Bladet sendast gratis til husstandane i kom-munen. Bladet drivast ved fri-viljuge gåver. Ein kan få bladet tilsendt også utanfor kommunen. Arvens bankkonto: 2699.50.38454, Hjartdal og Gransh. Sparebank Etablert: 1949 Opplag: 950 stk. Trykk: Telemark Trykk AS

Helsing frå diakonen Arven skreiv i forri-ge blad om Svanhild Rui Gustavsen som

har begynt i stillinga som diakon i Hjartdal sokn. No har vi bedt henne skrive litt nærmare om tida som ny-tilsett diakon:

Lange dagar, ljose netter er forbi, haustens vindar spelar opp sin melodi, lauv fell av, fugl flyg over hav, ein sommar farvel, takk for alt du gav!

8. august byrja eg i 100 % stilling som diakon, fordelt på Seljord og Hjartdal, halvparten på kvar.

Eg var så heldig å få vera med på bispevisitas i Hjartdal siste veka i au-gust, det var ei fin oppleving!

Vi farta rundt i heile prestegjeldet, Sauland, Hjartdal og Tuddal, samtale med kommunen, flyktningkonsulent, Røde Kors, oppvekstsenteret i Tuddal

Frå familie- og hausttakkeguds- tenestene i Hjartdal og Sauland

Hjartdal sokn

Tilsette

Prestekontoret (tysdag - fredag): Sokneprest Lene Skov Opsahl, Saulandsvn. 553, 3692 Sauland. Mobiltlf.: 403 19 964 Epost: prestekontoret@hjartdal. kommune.no

Hjartdal kyrkjelege fellesråd: Kyrkjeverje Arild Bjørnstad Kommunehuset, Saulandsvn. 414, 3692 Sauland tlf. kontor: 350 28024 mobiltlf.: 996 22 352 Epost: fellesraadet@hjartdal. kommune.no Diakon Svanhild Rui Gustavsen mobiltlf.: 915 77 011 Kyrkjetenar Arild Bjørnstad mobiltlf.: 996 22 352 Kyrkjetenar Helle Kaufmann Gjerde mobiltlf.: 992 58 790 Kyrkjetenar Ragnar Nørstrud mobiltlf.: 924 45 911 Organist Torild Møinichen Skårdal mobiltlf.: 911 97 667

Valde kyrkjelege råd (nov. 2015 – okt. 2019)

Hjartdal kyrkjelege fellesråd: Leiar: Anund Sisjord

Hjartdal sokneråd: Leiar: Anund Sisjord

og Hjartdal, konsert og temakveld i Sauland kyrkje, andakt på sjukehei-men, pensjonistmiddag i Tuddal, besøk på Bygdesentralen i Hjartdal, Re-fleksklubben i Hjartdal, og til slutt: Visitasgudsteneste i Hjartdal kyrkje med flott korsong av Hjartdalskoret og mat og kaffi på Misjonshuset etterpå!

Fine, lærerike dagar der me fekk oppleve mykje frivillighet i alle bygde-ne, og stor velvilje for kyrkja.

Eg gler meg over å få vere diakon på full tid, og ser fram til mange gode treffpunkt i tida som kjem.

Om du ynskjer ein prat med diako-nen, er du velkommen til å ta kontakt: Tlf . 915 77 011/ 480 85 754. Eg vand-rar gjerne nokre steg saman med deg, både i sorga og gledas landskap.

Svanhild Rui Gustavsen, soknediakon

Hjartdal: Denne gudsten- esta var i år på søndag 2. okt. Refleksklubben hadde ordna med haustgrøde, som vart bore fram til altarring-en i inngangsprosesjonen. Preika omhandla m. a. ”… vårt daglege brød”og takk-semd til Gud. Koret Kvites-eid Soul Children tok del med fine songar. Takkoffer-et var til diakoniarbeidet. ”Mi kyrkjebok” vart delt ut til 4- og 6-åringar, som ein del av kyrkja si trusopplær-ing. Etter gudstenesta ser-verte Refleks kaffe, saft og kaker utanfor kyrkja. Tekst/foto:FHS

Bildet: 4- og 6-åringar tilstades som fekk ”Mi kyrkjebok”, framme frå v.: Martin Østbø Funner, Matheo Pedersen-Våle, Vetle Oseid Nordbø. Bak, frå v.: Anne Jorun Torjusrød Vestmoen, Ida Hovdejord, Andreas Østbø Funner.

Sauland: Gudstenesta fann stad 9. okt. Sauland bygdekvinnelag hadde ordna med haustgrøde, som vart bore fram til altarringen i inngangsprosesjonen. Det var også dåp av ei jente denne søndagen, og ”Mi kyrkjebok” vart delt ut til 4-og 6-

åringar. Takkofferet var til kyrkjelyds-arbeidet. Etter gudstenesta var det kaffe og kaker i kyrkja.-Tekst/foto:FHS

Sara Iselin Gauksrud, Eline Vest-moen Nordbø, Trude Riggenholt Lonar, Hedda Riggenholt Lonar, Marius Høyland, Ingebjørg Brubakken Bjørkquist.

Bildet: 4- og 6-åringar tilstades som har fått ”Mi kyrkjebok”, frå v.:

Page 3: Glimt frå bispe visitasen - Hjartdal/media/hjartdal/dokumenter/arven/2016/arven nr... · som skjedde og det som går fram av visitasføredraget. Her nemnast berre eit par døme,

Side 3 A R V E N Nr. 5-2016

Gåver til Arven Forts. av gåver i perioden 16.10.2015 og fram t.o.m. 28.9.2016: Anne og Olav Ørvella, Heddal 200. Halvor Vestmoen, Notodden 200. Hall-dis og Halvor Gjerjordet 200. 2699. 60.66133 300. Magne Finkenhagen 300. Anders Tho, Sandefjord 200. Tri-ne Lise Bøstrup Kahrs 200. Fam. Brats-berg 300. Anne og Kristian Særsland 200. Tora Steinskotet 200. Kjersti Bak-ka, Notodden 100. Tora Mørstad, Spik-kestad 200. Solveig Sisjord 500. Anne Karin Funner 250. Inger og Øystein Grøgård 200. Tone Anne Mæland Skil-bred 200. Ingebjørg Margrethe og Magne Hagen 200. Gunhild Deilkås 200. Ingrid og Olav Tveiten 200. Elise Haugland Madsen, Drammen 250. Anne Dahl 200. Ågot Marie Sv. og Roar Os, Porsgrunn 200. Marit og Olav

Tho 300. Jorunn og Torkel Funner 500. Tone og Ingrid Åbø 300. Aslaug Midt-bøen 200. Gunhild Lauvstad 100. Fam. Kjell Kaasa 200. K. og G. T. Siljan 300. Ingeborg Helene Tjønn 150. Hans Peter Larsen Svalheim 200. Turid og Steinar Gulbrandsen, Gressvik 300. Halvor og Ågot Bøen 200. Anonym 300. Astrid og Håkon Tråer 200. Gun-hild G. Skaate, Notodden 200. Halvdan Mandt Haugen 300. Ove Bakka 200. Torkjell Tjønn 200. Rustan, Hovin 200. Mari O. Lid 200. Karin og Torkel Flat-land 300. Ingerid Tora og Svein Nord-bø 300. Gunhild Kaasa 200. John Langåsdalen 200. Harald O. Særsland 400. Thorbjørn Aamaas 300. Oddgeir O. Kasin 200. Jan Solli, Ramnes 200. Helga og Andres Øverbø, Seljord 200. Solveig og Anund Stuvrud 200. Marie Frøland 200. Olav Flugon, Gransherad 100. Aslaug Golid 200. Harald og Gun-

Slekters gang

Sauland

9/10: Josefine Solli (Skien)

Tuddal 17/9: Tine Sjong Vissebråten og Kristian Oterholt (Fet i Akershus)

Hjartdal

15/9: Anund Rue f. 1946

Sauland

8/9: Arnulf Yndestad f. 1932

Døypte

Gravlagde

Vigde

Sauland menighetshus

- oppussing og ombygging

Tekst/ foto: FHS

Storsalen, (oppdekka 1. okt. for Eldredag-

en). Nytt laminat-golv, ny-

måla tak, veggar og

benkar, ”nygamle”

bilder på veggane, nye ben-

keputer og gardiner.

I nokre veker i sommar var det trav-le tider med oppussing og ombyg-ging innvendig i Sauland menighets-hus. Planlagte arbeid var ferdige til bispevisitasen som starta 30. august.

Arbeidet har skjedd i regi av hus-styret (Gullbjørg Haugetuft Sletta, Halldis Farstad Nilsen og Frode Bak-ka, med førstnemnde som styreleiar), etter godkjenning for tiltaka hos hus-eigaren Hjartdal sokneråd.

Huset vart bygd med innsamla mid-del i 1932, med datidas standard. Det har vore og er mykje brukt, og er gjen-nom åra halde jamt vedlike. Det er også utført ulike oppgraderingar, til-bygg o. a. Forrige ”storsjau” var rundt 1990, div. er gjort ôg i åra etterpå (utvendig måling, m. m.). Huset har likevel ikkje vore ”ferdig”, slik sett. Ein mangel har m. a. vore at det ikkje har hatt rullestoltilpassa toalett. Fleire av golva hadde til dømes no også etter-kvart nedslitne overflater/belegg, og var m. a. ikkje lette å reingjere lenger.

I sommar tok soleis husstyret utford-ringane med å løyse div. oppgåver med huset. Dei to små toalettroma med servantrom mellom er bygd om til to rom, og slik at huset no har rullestoltil-

passa toalett. Overflater mellom anna med fliser lettar reingjering, og gir også ein fin, oppfriska utsjånad.

Golvbelegga også i kjøken, vesle-sal, storsal og garderobe/ hovudinn-gang er bytta ut med sterke laminat-golv. Trekvite veggar i gang og stor-sal (og det store taket i storsalen) hadde med åra mørkna svært, og er no måla i ljosare farger. Også vegga-ne i veslesalen har fått nye strøk til-passa dette. Nye gardiner, måling og puter på sittebenkar, ny foldedør mel-lom storsal og veslesal - pluss fleire ”småting” elles er ordna. M. a. er tre bilde som har lege på loftet i mange år, med klassisk utforming av bibel-ske motiv, hengt opp att i storsalen.

Snikkar-, røyrleggjar-, elektrikar- og noko målararbeid er leigd, så har det vore dugnad attåt. Kostnadane, ca. kr. 270 000, er dekt frå oppsparte middel (som var ca. kr. 400 000) på husets bankkonto. Dette er pengar frå større og mindre gåver av ulikt slag, overskot frå basarar o. l. (utover dek-ning av dagleg drift som straum, for-sikring, avgifter o.l.) - pengar som og viser at folk i bygd og kyrkjelyd har hatt - og har - omsorg for huset.

Gåver til diakonifondet Gåveliste i dette nr. av Arven utgår pga. plassmangel (gjeld perioden frå 22.9.2016 og framover.) Sjå seinare blad. Takk for gåvene! Red./ Hjartdal sokneråd

vor Løkslid 300. Ragnar Frøland og Tone Carlsen 200. Ingebjørg Særs-land 200. Fam. Søren Våle 500. Svein Hardang, Ålesund 200. Anne Funner 200. Bård Kleiva 200. Jan og Åse Skårnes m/ fam 200. Torbjørn og Eli-sabeth Haugen 200. Tone Lonar Bøe 200. Solveig Espelid Bakkemoen 200. Giro 200. Olav J. Tjønn 200. Geir Johannes Hagen 250. Giro 150. Ragnhild Mosebø Bekkhus 200. Halvor K. Midtbøen 300. Geir Atle Kvamme 300. Tone Mandt Brekke 200. Kari Timland 200. Nils K. Bon-dal 200. Gudrun Haugen 200. Gave 200. Gudrun Midtbø 200. Bjørg Flat-land 200. Jan Ewert Østby 200. Giro 200. Erling Løkamoen 200. Kjell Lar-sen 200. Signe H. Olsen 200. Jon Gjerjordet 300. Kari Lie 200. Tone Elise Hykkerud 200. Ingunn Hovde 200. Jan Ewert Østby 200. Liv-Johanne Helganger 200. Anne Nordal 200. Jan Ewert Østby 200. Ragna Glosimot 300. Rolleif Mjellekås 300. Morgan Thorsen 200. Heidi Hovde Skårnes 300. Anna Hagen 200. Jan Ewert Østby 200. Gunvor Prestårhus 300. Knut O. Bekkhus 500. Jan Ewert Østby 200.

Takk for gåvene! Red. Arven gåvekonto nr.: 2699.50.38454

Page 4: Glimt frå bispe visitasen - Hjartdal/media/hjartdal/dokumenter/arven/2016/arven nr... · som skjedde og det som går fram av visitasføredraget. Her nemnast berre eit par døme,

Gudstenester

Søndag 6. november - Helgemesse (Allehelgensdag) Preiketekst: Lukas kap. 6, 20–23

- Sæle og usæle - Sauland kyrkje kl. 11:

Gudsteneste. Takkoffer til Stefa-nusalliansen (arbeid i fleire land mot forfølging og for trusfridom).

13. nov. - 26. sønd. i treeiningstida Preiketekst: Lukas kap. 13, 10–17

- Jesus lækjer ei kvinne på sabbaten - Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.

Søndag 20. november

(siste søndag i kyrkjeåret) - Domssøndag / Kristi kongedag

Preiketekst: Johannes kap. 9, 39–41 - Til dom er eg komen -

Tuddal kyrkje kl. 11: Gudsteneste. Takkoffer til KABB (Kristent ar-beid blant blinde og svaksynte).

27.november - 1.sønd. i adventstida Preiketekst: Matteus kap. 21, 1-11

- Jesus rid inn i Jerusalem - Hjartdal kyrkje kl.18:

Lysmesse. Kollekt til Redd Barna.

4. desember - 2. sønd. i adventstida Preiketekst: Johannes kap. 14, 1–4 - Lat ikkje hjartet dykkar uroast! -

Gvammen skule kl.11: Advent-/familiegudsteneste. Takkoffer til Refleksklubben i Hjartdal. Servering etter gudstenesta.

Sauland kyrkje kl.18: Lysmesse. Kollekt til Redd Barna.

11.desember - 3. sønd. i adventstida

Preiketekst: Matteus kap. 11, 2–11 -Jesus vitnar om døyparen Johannes- Tuddal kyrkje kl.18:

Lysmesse. Takkoffer til kyrkjelydens misjons-prosjekt i Nepal (v/ Normisjon).

18.desember - 4. sønd. i adventstida

Preiketekst: Lukas kap. 1, 46–55 - Marias lovsong -

Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.

Samtale- og bønesamlingar Sauland

Samlingane består av samtale om tru, fellesskap og andelegheit og kva del-takarane har på hjartet, og med bøn. Det er fritt om ein vil delta med bøn. Samlingane varer vanlegvis 1 time. Velkommen - også til nye deltakarar! Ons. 9. nov.: Sion kl. 20 Ons. 23.nov.: Sauland men.hus kl.20 Ons. 7.des.: Sion kl. 20 Sauland kyrkjelyd (Den norske kyrkja) og pinsemenigheten Sion Sauland

Lesesirkel I vinter blir det mulig å drøfte littera-tur om viktige emner i livet. Som en begynnelse leser vi to bøker av To-mas Sjödin. Den første boken blir ”Mens du hviler”. Det er mulig å låne den på biblioteket. Lesesirkelen har møte første gang onsdag 23. nov. kl. 19 - 20, i Sauland menighetshus.

Sokneprest Lene Skov Opsahl

Refleks-klubben i Hjartdal Alle barn og unge frå 4 år og oppover er hjarteleg velkomne! Barn under skulealder må ha med seg ein vaksen, pga. aktivitetane me har. Ponni-ridning, mekking, div. aktivitetar, peiskos, bibellesing, song og kvelds-mat. På Bratsberg, kl. 18-20: Måndagane 14. nov. og 5. desember. Helsing leiarane, v/ Sissel Bratsberg

Finnbekk ungdomsklubb Klubbkveldar annankvar fredag på Betel i Hjartdal. Pinsemenigheten Betel Hjartdal og Hjartdal Normisjon

Adventkonsert 10. desember Sauland kyrkje

Laurdag 10. desember kl. 17: Konsert med Sauland Barnegospel, med tema frå juleevangeliet. Arr.: Sauland Barnegospel

Babysong, Sauland menighetshus

For barn 0-1 år frå heile kommunen, i lag med ein vaksen. Storesøsken kan óg følgje. Ein treng ikkje kunne synge for å delta, men for barnet er foreldras stemme den vakraste i ver-da. Enkel servering og sosialt lag etter babysongen. Velkommen, tysdagane 1. november og 15. november kl. 12.

Ann May Krosshus Arr.: Hjartdal sokneråd

Hjartdal misjonsforeining (NMS - Det norske misjonsselskap)

Foreininga har møte gjennom året, i heimar eller på Hjartdal misjonshus.

Hjartdal Normisjon Misjonshuset i Hjartdal

Tysdag 1. nov. kl 19: Møte Tysdag 15. nov. kl 19: Møte Tysdag 29. nov. kl 19: Møte Laurd. 10. des. kl 18: Adventsamling

Normisjons venner, Hjartdal

Møte kl. 19.30: Månd. 7. nov.: Hjå Todne Hovdejord Månd. 5. des.: Hjå Signe M. Aamaas

Tuddal Normisjon

Møte 3. tysdag i månaden kl. 17. Siste møte før jul: Tysdag 15. nov. Sjå plakat for møtestad. Velkommen!

Strikkeklubben

Velkommen til strikkeklubben! Vi er noen godt voksne personer som mø-tes annenhver onsdag i Sauland me-nighetshus. Vi gjør håndarbeid (den som ønsker det), prater, hygger oss, og spiser medbragt niste sammen. Målet med klubben er sosialt samvær. Kl. 11-13.30: Onsdag 9. november og 23. november. Tirsdag 6. desember: Adventshygge med grøt. Halldis Farstad Nilsen, tlf. 35023107/ 95881164

Giroblankettar i bladet

I bladet no skal det ligge giroblanket-tar, slik det plar ein gong i året, for høve til å gje ei gåve til drifta av Arven. Det gjeld både dei som får bladet her i Hjartdal kommune, og dei ”utabygds” som får det.

Det er friviljug å betale, bladet har ingen kontingent. Men synes de om bladet, er vi takksame om de kvitterer med ei gåve til drifta av det. Takk til alle som har gitt og vil gjere det!

Red.

Gudstenestelista: Det kan skje endringar med lista som Arven ikkje fangar opp tids-nok i høve trykking og tid mellom utgåvene. Vi minner difor om at gudstenester blir kunngjort også m.a. i annonser i Telen fredagar.

Vel møtt til gudsteneste!