Elise og mysteriet på Hesteøya

24

description

Tredje boka i den spennande serien om Elise. Av Anne Viken.

Transcript of Elise og mysteriet på Hesteøya

Page 1: Elise og mysteriet på Hesteøya
Page 2: Elise og mysteriet på Hesteøya

1

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 1

Page 3: Elise og mysteriet på Hesteøya

Anne Viken

Elise og mysteriet påHesteoya

Roman

SamlagetOslo 2014

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 3

Page 4: Elise og mysteriet på Hesteøya

Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6

Page 5: Elise og mysteriet på Hesteøya

5

Kapittel 1Ei øy full av hestar

Kalle køyrer dyrlegebilen ut frå ferja, bort tilJoker-butikken på kaia og parkerer. Elise og Karinhoppar ut. Lufta er stille og varm, absolutt ikkjeden kalde vinden dei hadde venta seg så langt tilhavs.

– Ingen snø, sukkar Elise lykkeleg. – Inga boble-jakke.

Ho har aldri likt snø og synest det er prima ålegge påskeferien til ei øy der snøen har reist forlengst og påskeliljer veks i vegkanten. Hesteøyaligg ein times ferjetur frå land. Rundt øya ligghundrevis av småøyar, holmar og skjer, og tilsaman bur her berre eit par hundre menneske.Måkane glir lågt over bilane som sneglar seg iland, og sola gir gjenskin i pansera som fylleropp parkeringsplassen.

– Det må vere mange påsketuristar som ikkjeliker snø, seier Karin, og Elise nikkar opprømt.

For første gong i sitt trettenårige liv har Elisekome seg unna familiepåske på fjellet. Elise klarte

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 5

Page 6: Elise og mysteriet på Hesteøya

6

å overtale foreldra sine til å få bli med onkelKalle på jobb i havgapet. Her bur bestekompisenViktor, einaste veterinæren på øya. Karins for -eldre sa ja utan å blunke. Dei seier ja til alt og harverken hytte på fjellet eller påsketradisjonar. For-eldra til Elise har begge delar og er vanskelegareå overtale, men då Karin fekk lov, fekk ho lov, hoogså. Heime bur dei på kvar si side av byen oggår på kvar sin skule, men på same rideskule.

Dei går over parkeringsplassen og bort til butik-ken. Kalle skal hamstre mat, og Elise og Karinskal hamstre snop. Ved inngangsdøra stopparElise framfor ein diger plakat med bilete av einlysebrun islandshest med kvit man som er klistraopp på svingdøra: «Flott islandshest til sals vedHav hesten hestegard.» Elise såg Havhesten-skil-tet då dei køyrde i land. Skiltet hadde bilete avein hest som gjekk på vatnet, ein liten brun hestmed finnar på sidene som sprang bortover flataav ein stille sjø.

– Dei hestane lever ute heile året, seier Elise.– Sikker? Spør Karin.Dei har stoppa rett utanfor butikkdøra og sper -

rar vegen både inn og ut av butikken.– Den var flott. Brune hestar med kvit man er

dei finaste, utbryt Elise og ser opp på Kalle, somer oppteken med å studere ein plakat om fest på

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 6

Page 7: Elise og mysteriet på Hesteøya

7

samfunnshuset til helga. «Levande musikk, dans ogoverraskingar», står det med store bokstavar. Eliselurer på kva overraskingane kan vere for noko.

– Skal du byrje med dansing no, spør ho Kalle,som framleis stirer på plakaten.

Kalle kan verken danse eller høyre skilnad pånotar og hadde garantert slått knute på seg sjølvom han fekk tilgang til eit dansegolv. Dessutanveit han ikkje kva hårbørste betyr. Det halvlange,svarte håret står beint til vêrs og er neppe kliptsiste halvåret. Kalle ser ut som eit troll. Han sva-rer ikkje og verkar ikkje ha høyrt kva ho spurdeom heller.

Elise snur seg mot Karin, som ser ut som omho vil ete hesten med blikket.

– Wow, seier Karin drøymande. – Eg har alltidhatt lyst på ein islandshest.

Karin hadde hest før, men far hennar var ikkjesærleg snill mot hestar, så hesten flytta til einannan stall. Folk som bankar hestar, skal ikkjeha hest, meiner Elise. Elise har heller ingen hest,berre rideskule og sprangtimar med ein instruk-tør som meiner ho har talent for å bli pilot, såbra som ho flyg over hindera, sjølv utan hest.Hesten Elise rir på, stoppar nemleg ofte før hin-deret, så ho stuper over på andre sida av bom-mane aleine.

Elise snur seg mot Kalle.

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 7

Page 8: Elise og mysteriet på Hesteøya

8

– Kva trur du den kostar?Kalle trekker på skuldrene.– Kanskje Viktor veit det, seier han.Viktor skal møte dei i kafeen og guide Kalle til

huset dei skal bu i. Viktor er redd dei skal køyre segvill, noko Elise ikkje kan forstå er mogeleg på eiøy med berre éin hovudveg. Køyrer ein av vegen,køyrer ein beint på havet. Karin riv av ein lappmed telefonnummer frå plakaten.

– Vi kan jo sjå på hesten i det minste, seier hoog spankulerer vidare inn i butikken som om hoeig heile staden.

Elise riv av eit telefonnummeret ho også ogfølger etter. Ikkje det at ho har råd til hest, menho kan i det minste spørje kva den kostar. Num-meret er til Havhesten hestegard, og dit har houansett tenkt seg. Ho går beint inn i magen påein diger kar med blå termodress og pelslue.

– Unnskyld, frøken, seier han og slepper henneforbi.

Mannen har eit vêrbarka ansikt med bart oggrått hår stikkande ut til alle kantar. Han luktarfisk. Øyane er fulle av fiskarar, så det er ikkje sårart. Det er jo siste stopp før England og landetsvestlegaste punkt. Utanfor Hesteøya finst det berrehav og oljeplattformer. Seglar ein langt nok, ram-lar ein utfor kanten eller fer beint inn i gapet påMidgardsormen.

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 8

Page 9: Elise og mysteriet på Hesteøya

9

Kalle har slått seg ned ved eit bord med blonde -duk, stearinlys og to kvite koppar med kaffi. Påandre sida sit ein kar i blå klede med raudt hår,oppstopparnase og stetoskop rundt halsen. Detmå vere Viktor.

– Eg ser du har helsa på Fedøy, seier Viktor tilElise og nikkar mot mannen i termodress somforsvinn over parkeringsplassen, inn i ein varebil.– Fedøy er villsaubonde.

– Villsaubonde, seier Elise.Ho visste ikkje at det fanst nokon som kunne

vere bonde for ville dyr.– Villsauer er sauer som lever ute heile året,

seier Viktor. – Dei er like tamme som vanlegesauer. Villsauer som ikkje får stell, derimot, ervillare enn hjort.

– Elise er byfrøken, seier Kalle og blunkar tilViktor. – Ho har knapt sett ein sau i sitt liv. Elise,kor mange bein har ein sau?

Viktor smiler. Han forstår nok at det er einspøk, men Elise blir raud. Det er berre så typiskKalle å vere artig på hennar bekostning. Han veitlike godt som henne at ho kan meir om dyr enndei fleste vaksne.

– Like mange bein som du har hjerneceller,seier ho kjapt.

Viktor ler. – Eg hadde aldri sett ein sau før eg be -gynte på veterinærskulen, seier Viktor. – Og det

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 9

Page 10: Elise og mysteriet på Hesteøya

10

hadde sikkert ikkje du heller, Kalle. Så vidt eg veit,var du dessutan redd for hestar. Vi er jo frå byen.

Kalle flirer. Elise veit godt at Kalle aldri haddeteke i anna enn hund og katt før han begynte åstudere til veterinær. No er han i ferd med å blihestespesialist.

– Ja, takk for den, seier Kalle og snurrar kaffi-koppen. – No kjem eg til å bli mobba av Elise.Og av Karin. Elise har nemleg skaffa seg ein alli-ert, og eg var galen nok til å seie at begge to fekkbli med ut hit. Flaks at det er hav på alle sider, sådei ikkje kan stikke særleg langt.

– Kan eg låne ei av dei? spør Viktor. – Eg kantrenge ein assistent, og det er urettferdig at duhar to.

– Ver så god, men eg tek ikkje noko ansvar,seier Kalle og held opp handflatene.

Elise snur seg mot Karin, som står ved kassenframfor ei gammal dame med handlevogna fullfor ein heil påskeferie. Karin er fjorten, eitt åreldre, og har bestemt seg for å bli dyrlege, akku-rat som Elise. Ho kjem bort og legg to blad påbordet. Hestemagasinet Equilife og Det Nye.Karin er like mørk som Elise, like høg og ganskelik, men der Elise tenker, handlar Karin utan åtenke seg om.

Dessutan les Karin nesten berre blad, mensElise les nesten berre bøker.

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 10

Page 11: Elise og mysteriet på Hesteøya

11

– Kan du tenke deg å vere med Viktor i prak-sis? spør Kalle, og Karin lyser opp.

– Ja, seier ho og gliser så dei brune auga blir tilsmale strekar.

– Kan eg få gjere keisarsnitt på sauer?Viktor legg armane bak nakken og strekker ut

dei lange beina under bordet.– Eg må lære Kalle å ta keisarsnitt før eg kan

lære deg det.– Kan du ikkje det? spør Elise og ser på Kalle.– Jo, eg kan det, seier Kalle, – men det er greitt

å friske det opp litt. Eg har berre gjort eitt keisar-snitt sjølv, og det var på ei daud ku.

– Ja, seier Elise og snur seg mot Viktor. – Detvar i arbeidsveka i haust, og eg var med.

Ho hugsar det som om det var i går. Kua somdøydde framfor auga deira, Kalle som blei super-stressa, kasta seg rundt og snitta eit hòl i dendaude kua. Ut av hòlet drog dei to kalvar. Elisevar med, og begge kalvane overlevde. På den tidavar ho så vidt blitt kjend med Karin.

Kalle har berre arbeidd som veterinær i littover eit år og kan ikkje alt. Elise har forstått atdet er heilt vanleg at dyrlegar ikkje kan alt. Kallebruker å seie at dyrlegen ikkje er gud.

I det same smell butikkdøra opp. Inn kjem eidame med ridebukser, joggesko og ein vest. Typiskhestedame, tenker Elise. Dama går bort til disken

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 11

Page 12: Elise og mysteriet på Hesteøya

og spør etter tape. Så går ho bort til inngangs-døra, riv ned plakaten om hest til sals og gir segtil å klistre opp ein ny med bilete av same hesten.Elise ser kva som står på plakaten, og sperraropp auga.

– Oh shit, utbryt ho.«Etterlyst», står det med store bokstavar.

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 12

Page 13: Elise og mysteriet på Hesteøya

13

Kapittel 2Ein hest er borte, og denhar ikkje ramla i sjøen

Viktor rettar på stetoskopet han har rundt halsensom om det var eit slips og lener seg framoverbordet mot Kalle. Elise og Karin lener seg instink -tivt etter.

– Det er bra ho henger opp plakat, seier Vik-tor. – Sølvfaks har vore vekke i fjorten dagar.

Det er så vidt Elise kan høyre det.– Fjorten dagar? Og så heng salsplakaten der

framleis?– Ja, ho trudde ho skulle finne den att, og ville

ikkje lage støy rundt det. Om hestar forsvann,ville kanskje folk ikkje vere så interesserte i åkome og kjøpe. Dei kunne bli skremde vekk. Menho må ha innsett at han er søkk borte.

Elise veit at det er mykje lettare å selje hestarfrå stallar med godt rykte enn frå stallar meddårleg. Kanskje ein forsvunnen hest kan gi Hav-hesten dårleg rykte.

– Mathilde, roper Viktor til dama i hestekleda.

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 13

Page 14: Elise og mysteriet på Hesteøya

14

Han smiler til henne.– Viktor, eg har leita og leita i heile dag, seier

Mathilde – Sølvfaks er og blir sporlaust vekke.Kanskje plakaten kan hjelpe oss å få inn tips.

– Korleis kan hestar forsvinne på ei øy? spørElise. – Dei kan jo ikkje gå sin veg heller.

– Hesteøya er den største øya og den øya detbur folk på. Ho er omgitt av utruleg mange hol-mar, små øyar, skjer og alt mogeleg, og hestar kanfaktisk svømme, seier Mathilde og ser på Elise.

Elise føler brått at dialekten avslører at hoikkje kjem frå bygda. Kanskje Mathilde trurElise ikkje kan noko om hestar.

Mathilde set seg ved bordet og rettar på blonde -duken med skitne negler og kastar eit blikk påmagasinet Karin har lagt frå seg.

– Slanketips, seier Mathilde og hevar augne-bryna. – Det treng iallfall ikkje du.

Mathilde ser nedover dei tynne beina til Karinsom forsvinn ned i to sneakers. Mathilde er tyde-legvis ei dame som snakkar beint frå levra. Dess -utan er ho ganske søt, tenker Elise. Mathilde harknallraudt hår akkurat som Viktor. Håret er sålangt at det nesten rekk ned på stolsetet når ho sit.

Viktor stryk Mathilde på handbaken. Mat-hilde ser nesten ut som ho skal begynne å gråte.Det må vere ganske kjipt å ha ein hest som kan-skje har gått på havet og forsvunne.

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 14

Page 15: Elise og mysteriet på Hesteøya

15

– Har du funne ut noko meir? Spor eller noko?spør Viktor og lener seg mot Mathilde.

– Nei, heilt borte, gjentek Mathilde.– Korleis forsvann han? spør Karin. Ho har

auge og øyre på stilk, nett som Elise.– Eg oppdaga det då eg skulle hente han på

beite for to veker sidan. Sølvfaks var ikkje påbeitet og ingen annan stad heller. Eg har leitaover heile øya og vore på toppen av Høgenutenmed kikkert for å sjå om eg såg han, men ingenhest.

Mathilde ser rundt seg og sukkar oppgitt. Elisefølger interessert med.

– Ikkje eit spor, ikkje eit einaste spor nokonstad. Borte, seier Mathilde og knipsar med fing-rane. – Og ingen har sett noko. Ingen! Til vanlegfår naboane her med seg alt du gjer, til og med atdu kjøper deg nye truser, og kva farge dei har.

Ho stirer demonstrativt på Viktor, så flyttarho blikket til Elise, før det stansar på Kalle.

– Det som er så bra med å bu på bygda, er atom du ikkje sjølv veit kva du driv med, så veitiallfall resten av bygda det, seier Mathilde sar-kastisk. – Men denne gongen er det ingen somhar sett noko som helst.

Viktor fiklar med nøklane.– Men, seier han forsiktig, – har du fått nokon

naboar til å hjelpe deg å leite?

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 15

Page 16: Elise og mysteriet på Hesteøya

16

Mathilde legg armane i kors og ristar påhovudet.

– Nei. Dei er jo redde for hestar og har nok medsitt eige.

Eller kanskje Mathilde ikkje har venner, ten-ker Elise. Eventuelt er ho typen som vil gjere altsjølv utan å be andre om hjelp.

– Du trur ikkje hesten har gått utfor ei klippe,ramla på sjøen, spør Kalle.

– Nei, det trur eg ikkje. Desse hestane har levdher ute heile livet. Dei veit å passe seg. Dessutaner det ingen skrott som er funnen. Borte, seierMathilde, og igjen knipsar ho med fingrane ilufta. – Hestane lever ute heile året, tåler snø-storm og orkan og svømmer mellom øyane nårdei byter beite. Det går over hundre islandshestarfritt over heile øya, og eg har aldri opplevd atnokon av dei har forsvunne før.

Elise har aldri sett ein så stor flokk før. Det ernesten som på Island, men så er også Hesteøyakjend for at her er mykje hestar, og at det alltidhar vore slik.

Mathilde ser ut som om ho er irritert fordiKalle kan påstå at ein av hennar hestar kunnefinne på å ramle på sjøen.

– Eg hadde gått til politiet med ein gong. Ogfått absolutt alle naboane mine til å leite, seierKarin og ser frå den eine til den andre.

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 16

Page 17: Elise og mysteriet på Hesteøya

17

Mathilde reiser seg brått. Munnen er som einstrek.

– På tide å stikke bort til huset dykkar? spørViktor og ser på Kalle, som nikkar.

Viktor køyrer først og Kalle etter bort til husetder dei skal bu heile påska saman med Viktor.Han svingar av mot venstre rett etter butikkenog held fram bortover ein smal grusveg, forbi eimini kyrkje og fleire motorbåtar i raudt og blåttsom ligg ved ei kai. Det er fjære sjø, og oppettersteinane ligg tang og tare som eit langt, brun -grønt teppe. Landskapet er trelaust og fullt avstore steinar. Her og der stikk gigantiske rundefjell beint til vêrs, og over toppane krinsar stolteramnar.

– Terrenget må vere perfekt å ri tur i, utbrytElise.

Ein kan ri beint fram der ein vil utan at masseskog står i vegen, eller bilevegar, parkeringsplas-sar og folk med barnevogn tett i tett.

– Ein oter, roper Karin og peikar ut vindauget,men Elise er for sein.

Oteren har forsvunne inn i ein haug av steinar.– Skadedyr, seier Kalle. – Den glefsar i seg masse

fisk.– Nei, den var dritsøt, seier Karin og held fram

med å kikke ut.

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 17

Page 18: Elise og mysteriet på Hesteøya

18

– Hestar, roper Elise, og peikar på tre hestarsom står på toppen av ein bergnut.

Hestane er raude, svarte og kvite med kjempe -stor man og hale.

– Hestar her også, seier Karin og peikar påandre sida av vågen der to hestar står i vasskantenog følger bilen med auga.

– Hestar overalt, seier Elise.Kalle bremsar opp bak bilen til Viktor og par-

kerer. Dei står på ei stor betongkai framfor eithøgt grønt hus med veggar av bølgeblekk. Nedan -for kaia går eit smalt sund omgitt av høge berg-knausar, lyng og låge grantre i klynger. I horison-ten ligg noko Elise trur kan vere eit oppdrettsan-legg for fisk.

– Velkommen til huset mitt, seier Viktor.– Du har svært god hussmak, seier Kalle og

stirer opp etter bølgeblekkveggane. – Spygrønt erpent.

Huset ligg på toppen av ein diger lagerhall,eller betonghall, full av kassar, vedstablar ogmaskiner. Det ligg som ein grøn hatt på eit litt forstort betonghovud.

Viktor flirer.– Det var det einaste huset som var til sals då

eg fekk jobb her på Hesteøya. Det ligg midt iMathilde sitt hestebeite, men snart kan heste-beitet bli sauebeite.

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 18

Page 19: Elise og mysteriet på Hesteøya

19

– Sauebeite? spør Elise.– Ja, seier Viktor. – Den gamle mannen som

eig halve øya og området beitet ligg i, skal selje.Ei som heiter Camilla, vil kjøpe heile området ogstarte villsauoppdrett saman med Fedøy. No harFedøy berre femti sauer, men om Camilla kjøperresten av øya, kan dei ha mange hundre sauer ilag.

– Fedøy er han du gjekk inn i på butikken, seierViktor, og Elise hugsar den fiskeluktande termo-dressmannen med skinnlua.

Lua måtte vere laga av saueskinn, eller kan-skje lam.

– Fedøy trefte Camilla gjennom ein kontakt-annonse i bladet Sau og Geit, og så blei dei kjæ-rastar. Berre kort tid etter bestemte Camilla segfor å flytte ut hit. Når så gamle folk som Fedøyblir romantiske av seg, går det fort. Han er joover seksti.

Elise trekker på smilebandet. Kontaktannon-sar er berre så gammaldags.

– Camilla har ein sauegard i innlandet, menno vil ho til havs, hit, og ha med seg alle dei firehundre sauene sine, seier Viktor og peikar innunder huset.

– Ho leiger lagerhallen under huset mitt somoppbevaringsstad for tinga sine medan ho flyttarutover. Ho har ekstremt masse ting, seier Viktor.

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 19

Page 20: Elise og mysteriet på Hesteøya

20

– Fedøy bur i eit lite rekkehus, og han har ingensjanse til å få plass til alle tinga hennar der. Hanleiger gard av ein nabo, så ikkje rart han har lysttil å kjøpe seg store beitemarker.

Dei store portane i hallen er opne, og Elise serinn på stablar av bord, stolar og lamper som tår-nar seg opp langs veggane. Elise merkar seg einkjempestor haug av gjerdepålar i kjellaren. Kviteplastikkpålar som ein kan feste straumgjerde på,og store trepålar til å sette opp netting. Camillamå vere ganske sikker på at ho får kjøpe øya, sidanho har så mykje gjerde på lager. Det ligg ein storstabel av saueskinn i eit hjørne, og på golvet liggeit svart hundehalsband fullt av metalltaggarfesta i enden av eit langt tau. Det må vere eingigantisk hund som treng eit så stort halsband,tenker Elise.

– Camilla og Fedøy tenker å bygge seg hus derborte, seier Viktor og peikar over på andre sidaav bukta.

– Kva skjer med hestane då? spør Karin.– Veit ikkje, seier Viktor og seier ikkje meir

om den saka.Han går opp ein jordsti, rundt huset og bort

til ei knall lilla dør med «Velkommen heim»-skilt.– Her skal de bu, seier Viktor og låser opp. – Stig

inn i min ringe bustad.Utsikta frå den kombinerte stova og kjøkke-

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 20

Page 21: Elise og mysteriet på Hesteøya

21

net er fantastisk. Sola er i ferd med å gå ned ogfargar horisonten eldraud med sterkt gult lysrundt. Karin sukkar.

– For eit kult terreng. Her må det vere genialt åspringe orientering, seier ho og lener seg mot ruta.

Karin er treningsnarkoman og best i nestenalle idrettar.

– Her er ikkje innlagt vatn, så vi må henteferskvatn i ein tank utanfor og vatn til toalettet isjøen, seier Viktor. – Her er heller ingen dusj,men om de seier frå, kan de få dusje på Havhes-ten hestegard. Eg bruker å gjere det sjølv.

Kalle dreg ei hand gjennom håret og ser bortpå Elise og Karin. Ingen av dei reagerer. Dei erikkje her for å dusje heller.

Karin legg magasina ho kjøpte, på bordet.Viktor stirer på framsida. «Korleis er din drøyme -mann?» står det med store bokstavar. Han tekopp bladet og studerer det, så slår han opp påartikkelen og set seg til å lese. Han har lagt einpakke breiflabbfiletar og ein pose poteter på bor-det. Kalle ser rådvill frå Viktor til breiflabbposen.Kalle kan ikkje å lage anna enn ferdigmat ogposesuppe, og Elise tviler på at han kan kokepoteter. Han set på kaffi og dreg fram ein posebrødskiver frå sekken.

– Seriøst, Kalle, seier Viktor. – Har du framleisikkje lært deg å lage mat?

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 21

Page 22: Elise og mysteriet på Hesteøya

22

– Og du har framleis ikkje slutta med å stu-dere korleis du kan bli drøymemannen, seier Kalleog peikar på magasinet.

– Kalle var den verste kokken av alle veteri-nærstudentane eg kjenner, seier Viktor, slengermagasinet på bordet og tek tak i breiflabbposen.

– Og du den mest desperate damejegeren, sva-rer Kalle og gliser.

Karin ser frå den eine til den andre.– De er håplause, seier ho. – De kjem aldri til å

bli gifte.– Oi, det var ein hard dom. Skal vi vedde?

spør Viktor og strekker fram handa, men Karinvil ikkje vedde.

Karin veddar aldri. Ho berre meiner ting. Dess -utan veit Elise at ho er blakk som ei kyrkjerotte.Karin har ikkje råd til å tape veddemål.

Viktor legg vekk bladet og tek fram ei diger,tjukk bok frå bokhylla. Boka heiter Havfolk ogfjordfolk og ser ut som om den veg fleire kilo.

– Eg kan fortelje dykk noko artig, seier Viktorog blar opp i boka. – I gamle dagar, her ute vedkysten, la dei ein røyskatt i mjølka til sjuke kal -v ar. Dei meinte røyskatten gjorde dei friske.Kalv ane fekk også eit selskinn på ryggen.

Elise rynkar panna. Ho lurer på kven somkom på noko slikt.

– Veit de kvifor Havhesten hestegard har ein

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 22

Page 23: Elise og mysteriet på Hesteøya

23

hest som går på vatnet, på skiltet sitt? spør Viktor.Elise og Karin ristar på hovudet.– Det er fordi, seier Viktor, – at ein gong for

lenge sidan var det ein mann som stakk av medhesten til politimeisteren. Mannen blei fanga,men hesten var borte. Dei fann den aldri att. Tju-ven sa at hesten hadde gått sin veg på vatnet. Altstår i denne boka.

Elise tek bygdeboka. Dette er nøyaktig sliktho liker å lese om. Ikkje at ho trur hestar kan gåpå vatnet, men det er som å lese eventyr, berre atdesse eventyra er noko mange faktisk meiner harskjedd.

Resten av kvelden bruker Viktor på å læreKalle å lage breiflabbmiddag, medan Elise stude-rer kart over Hesteøya og les historie. Ho finn utat for fleire hundre år sidan var øya dekt av skog,men fordi handelsskip frå kontinentet alltidstansa her for å hamstre mat, brende øyfolket nedall skogen. Handelsmennene hadde nemleg ein leitendens til å stele med seg levande sauer og kyr.Då skogen forsvann, blei det ikkje lenger like lettfor handelsmennene å stele dyr i ly av skogen, ogdei slutta å legge til land i skjulte vikar og bukter.Etter dette har øya vore skogfri. Det står berre littskog att på nokre av øyane rundt.

Stele dyr i ly av skog, tenker Elise og studererden rykande varme breiflabben Viktor set på bor-

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 23

Page 24: Elise og mysteriet på Hesteøya

det. Ho reiser seg og ser ut over sjøen. Ute hardet blitt heilt mørkt. Elise har ikkje sett særlegmed skog i dag, men så har ho heller ikkje settheile øy gruppa.

Ho søker opp Havhesten og havhestane, somMathilde kallar dei. På nettsida finn Elise fleireannonsar om hestar til sals. Sakte les ho seg ned-over annonselista, medan auga blir større ogstørre. Den forsvunne hesten ligg ute for sal.Mathilde har ikkje fjerna annonsen.

I det same ringer telefonen til Viktor.– Hei, Mathilde. Jaha …, seier han. – Nei, når

oppdaga du det? … Jaha? … Det var ille.Då han legg på, har alle øyra på stilk.– Det var Mathilde. Det er ein ny hest som har

forsvunne. Den stod i eit gjerde utanfor stallen,og no er den borte. Den må ha brote seg ut ogstukke av. Den forsvann visst i går.

Elise stirer på han. Mathilde seier visst ikkjefrå før lenge etter at hestane hennar er borte. Homå ha svært høg terskel for å be om hjelp.

– Kva heiter hesten? spør Elise.Framfor seg har ho hesteannonsane på skjer-

men.– Rimfakse, seier Viktor.– Den er til sals, seier Elise. – Begge dei for-

svunne hestane er til sals.

Elise og mysteriet på Hesteøya ferdig_A 11.03.14 10.12 Side 24