Den vanskelige veien - Norges Domstoler · om din lokale jordskifterett på . no. Er du usikker på...

3
106 hyttemagasinet.no november 2013 tema jordskifte TEKST: Sæmund Stokstad Fleire og fleire får realisert hyttedraumen i Noreg. Det blei i 2012 registrert påbyrja 6565 nye fritidsbustader, og det blei omsett 9434 fritidsbustader. Dessverre er det ikkje alltid at helgene på hytta vert berre ro og fred. Vegrett til hytta er eit tema som kan verta gjenstand for ueinigheit og tvist. Avtalar om tilkomst er i mange høve ikkje tinglyst eller skriftleg. Ein kan til dømes tenka seg at hyttene i ei grend tidlegare låg i eigarskap til same familie. Når desse vert overteke av ukjende, er det kanskje ikkje like lett å gå over trappa eller køyre gjen- nom tunet til naboen lenger. Andre døme er nye hyttegrender der alle nyttar same veg. Dette kan fungera godt heilt til vårflaumen tek vegen og ingen veit kven som skal betala for opprus- tinga eller vedlikehaldet. Dette er nokre av høva der ein kan krevja sak for jordskifteretten. Om jordskiftedomstolane. Jordskifteretten er ein særdomstol som behandlar saker om rettar til og bruk av fast eigedom. Alle som er eigar av ein eigedom, eller innehavar av ein alltidvarande bruksrett, kan krevja sak for jordskifteretten. Jordskifteretten må då behandla saka i samsvar med verkemidla til jordskiftelova. Døme på slike problem kan vera tvist om grenser, ueinigheit om eigarforholda i eit sameige eller problem med tilkomst til eigedomen. Sjølv om jordskifteretten er ein domstol på same nivå som tingretten, skil dei seg likevel i noko grad frå den. Saker med advokatar er aukande også i jordskifteretten, men ein er framleis godt vand med sjølvprosederande partar. Det vil seia at partane sjølve førar saka si. Dette held kostnadene med saka nede. Jordskifteretten har fagkunnige ingeniørar som sørgjer for det oppmålings- og kartarbei- det ein treng i saka. I tillegg til rettsboka lagar jordskifteretten kart i dei høva det er naudsynt og sørgjer for tinglysing av avgjerdene i saka. I 2012 behandla jordskiftedomstolane saker knytt til i underkant av 287 kilometer veg. Vidare i denne artikkelen vil hovudfokuset vera på nettopp desse problemstillingane og korleis jordskifteretten kan vera med å løysa dei. til hytta vanskelige veien Den § Saker med advokatar er aukande også i jord- skifteretten, men ein er framleis godt vand med sjølvprosede- rande partar.

Transcript of Den vanskelige veien - Norges Domstoler · om din lokale jordskifterett på . no. Er du usikker på...

106 hyttemagasinet.nonovemb er 2013

tema jordskifte

TeksT: sæmund stokstad

Fleire og fleire får realisert hyttedraumen i Noreg. Det blei i 2012 registrert påbyrja 6565 nye fritidsbustader, og det blei omsett 9434 fritidsbustader. Dessverre er det ikkje alltid at helgene på hytta vert berre ro og fred. Vegrett til hytta er eit tema som kan verta gjenstand for ueinigheit og tvist. Avtalar om tilkomst er i mange høve ikkje tinglyst eller skriftleg. Ein kan til dømes tenka seg at hyttene i ei grend tidlegare låg i eigarskap til same familie. Når desse vert overteke av ukjende, er det kanskje ikkje like lett å gå over trappa eller køyre gjen-nom tunet til naboen lenger. Andre døme er nye hyttegrender der alle nyttar same veg. Dette kan fungera godt heilt til vårflaumen tek vegen og ingen veit kven som skal betala for opprus-tinga eller vedlikehaldet. Dette er nokre av høva der ein kan krevja sak for jordskifteretten.

Om jordskiftedomstolane. Jordskifteretten er ein særdomstol som behandlar saker om rettar til og bruk av fast eigedom. Alle som er eigar av ein eigedom, eller innehavar av ein

alltidvarande bruksrett, kan krevja sak for jordskifteretten. Jordskifteretten må då behandla saka i samsvar med verkemidla til jordskiftelova. Døme på slike problem kan vera tvist om grenser, ueinigheit om eigarforholda i eit sameige eller problem med tilkomst til eigedomen.

Sjølv om jordskifteretten er ein domstol på same nivå som tingretten, skil dei seg likevel i noko grad frå den. Saker med advokatar er aukande også i jordskifteretten, men ein er framleis godt vand med sjølvprosederande partar. Det vil seia at partane sjølve førar saka si. Dette held kostnadene med saka nede. Jordskifteretten har fagkunnige ingeniørar som sørgjer for det oppmålings- og kartarbei-det ein treng i saka. I tillegg til rettsboka lagar jordskifteretten kart i dei høva det er naudsynt og sørgjer for tinglysing av avgjerdene i saka.

I 2012 behandla jordskiftedomstolane saker knytt til i underkant av 287 kilometer veg. Vidare i denne artikkelen vil hovudfokuset vera på nettopp desse problemstillingane og korleis jordskifteretten kan vera med å løysa dei.

til hytta

vanskelige

veienDen

§

Saker med advokatar er aukande også i jord­skifteretten, men ein er framleis godt vand med sjølvprosede-rande partar.

107hyttemagasinet.no novemb er 2013

Rettsutgreiing – jordskiftelova § 88a. Den fyrste problemstillinga eg vil ta tak i er knytt til kven som har rettar i ein veg. Jordskiftelova § 88a gir jordskifteretten moglegheit til å klar-legga eigar- og rettigheits forhold. Paragrafen har følgjande ordlyd: «Eigar eller innehavar av alltidvarande bruksrett kan krevja at jordskifte-retten skal klarleggje og fastsette eigedoms- og bruksrettstilhøvet i sameiger, i andre område der det er sambruk mellom eigedomar…» Som det går fram av paragrafen kan eigar eller inne-havar av ein vegrett krevja at jordskifteretten gjer greie for rettstilhøva. Kven som er eigar av vegen, kven som har bruksrett til vegen og forholdstala mellom desse.

Det er også eit krav at tvistegjenstanden, til dømes vegen, ligg i sameige eller at det er anna sambruk mellom eigedomar. Til dømes at ein har vegrett over ein annan eigedom eller at fleire har rettar i same veg.

Bruksordning – jordskiftelova § 2 bok-stav c. Bruksordning er eit verkemiddel som vert nytta i mange ulike saker. Med heimel i denne paragrafen kan jordskifteretten danna fall-

rettslag i samband med utbygging av småskala-kraftverk, organisera parkeringstilhøva i bysentrum eller danna veglag med føremål om å vedlikehalda og å sørgja for naudsynt standard på ein hytteveg. Desse sakene kjem ofte i etter-kant av ei rettsutgreiing, om nokon av partane krev det.

I sakene jordskifteretten behandlar kan det ofte vera ueinigheit om kor mykje kvar av bruka-rane skal bidra med i vedlikehaldet, om vegen skal brøytast om vinteren eller stengast med bom. I andre høve er det ikkje ueinighet, men ein ynskjer at ein upartisk tredjepart gir klare reglar for bruken, slik at det gode forholdet mellom bruksrettshavarane kan halda fram. I alle høva kan jordskifteretten med ei bruksordning regu-lera den daglege drifta av vegen.

Ei bruksordning vil variera etter kva krav som er sett fram for jordskifteretten. Sakene kan vera små bruksordningar for snøbrøyting i avkøy-ringa til regulering av lange fjellvegar. Tilhøva vil variera og det er ikkje mogleg å gi generelle reglar. Nokre felles moment finn ein likevel i dei fleste av bruksordningane. Ei bruksordning dannar eit veglag som skal ha ansvar for den

Skal ein som har hytte ytst i vegen betala like mykje i ved­likehald som ein inst i vegen?

§

108 hyttemagasinet.nonovemb er 2013

tema jordskifte

daglege drifta av vegen gjennom eit sett vedtek-ter. I vedtektene kan ein sørgja for reglar for val av styre og kva oppgåver styret og årsmøtet skal ha. I mange saker er det viktigaste for partane fordelinga av kostnader. Det vil seia fastsetjinga av kvar brukar sin andel i veglaget. Skal til dømes ein som har hytte ytst i vegen betala like mykje i vedlikehald som ein inst i vegen? Vidare vil vedtektene kunna regulera bruken av vegen, ansvar ved skadar med meir. Vedtektene kan vera meir eller mindre detaljerte, og er særskilt tilpassa den aktuelle vegen.

sams tiltak – jordskiftelova § 2 bokstav e. Den siste problemstillinga eg vil ta opp er i dei høva ein ynskjer å gjennomføra eit tiltak, men slit med å få med alle som kan nytta vegen. Dette kan vera ei opprusting av ein veg til heil-årsveg eller bygging av ny veg heilt fram til ei hyttegrend. Jordskifteretten kan i desse høva vedta kvar ein ny veg skal gå, kva vegklasse den skal ha og kor mykje kvar enkelt skal betala. Dette kan særleg vera aktuelt dersom til dømes 8 av 10 hytteeigarar ynskjer veg heilt fram til hytta, medan dei to siste hytteeigarane i grenda ikkje ser det som naudsynt. Jordskifteretten kan påleggja alle hyttene å vera med å betala sin del av vegen. Eit anna døme er når ein eigedom ynskjer å kjøpa seg inn i ein allereie eksiste-rande veg. Jordskifteretten kan i dei høva avgjera kva den nye brukaren må betala for å få vera med i vegen.

Vilkår. I både bruksordningssaker og saker om sams tiltak er det i hovudsak to vilkår som må vera oppfylt. Det fyrste vilkåret er at tilhøva på minst éin av eigedomane som er med i jordskif-tesaka er utenleg etter tida og tilhøva, jf. jord-skiftelova § 1. I døme i førre avsnitt vil det utenlege ved eigedomen vera at det ikkje er veg heilt fram til hytta. Det andre vilkåret finn ein i

jordskiftelova § 3 bokstav a. Ingen av eigedo-mane som er med i saka kan li tap. Det vil seia at dei samla kostnadene og ulempene ikkje må overstiga nytten for kvar einskild eigedom. Konkret vil ein i døme over sjå på om fordelen ved at ein får veg fram til hytta er større enn utgiftene ved bygginga av vegen og ulempene ved at vegen vert lagt i terrenget. Fordelane ein har ved å få veg heilt fram er til dømes at utryk-kingskøyrety kan koma fram til hytta, trafikksik-kerheit eller at ein får betre kontakt med naboane. Om eigedomen aukar i verdi er dette også ein del av nyttevurderinga. Jordskifteretten må i desse vurderingane vurdera eigedomane objektivt etter korleis ein «normal eigar» vil nytta eigedomen.

Oppsummering. Som det kjem fram har jordskifteretten verkemiddel til å behandla ei rekke spørsmål knytt til veg og vegrettar. I tillegg til dei eg har gått nærare inn på her bør det nemnast at jordskifteretten kan fastsetja kvar vegen skal gå, eller for den del grensene kring ei hyttetomt. Ei jordskiftesak kan også kombinera fleire verkemiddel i same sak. Soleis er det i mange saker mogeleg å finna gode løysingar der fleire moment vert teke med i saka.

Saker kring veg har tradisjonelt vore ein av dei vanlegaste sakstypane dei siste åra og tren-den ser ut til å halda fram. I dette innlegget har fokuset vore retta mot fritidsbustadar. Det er viktig å merka seg at dei same problemstillin-gane også kan dukka opp i bustadfelt og meir urbane område.

Dersom jordskifteretten er ein aktuell pro-blemløysar for deg, kan du finna informasjon om din lokale jordskifterett på www.jordskifte.no. Er du usikker på om din sakstype høver seg for jordskifteretten kan du få rettleiing over telefon eller ved oppmøte ved domstolen.

Artikkelforfatteren er jord-skiftedommerfullmektig ved Nord-Troms jordskifterett.

§

Fordelane ein har ved å få veg heilt fram er til dømes at utrykkings­køyrety kan koma fram til hytta, tra-fikksikkerheit eller at ein får betre kontakt med naboane.