Post on 23-Feb-2016
description
Zeppelin ElEvbok 2a
Turid Fosby Elsness
Nyn
orsk
Turid Fosby Elsness Elevbok
N
ynorsk
Turid Fosby Elsness er professor ved Høgskolen i Østfold. Ho har doktorgrad innanfor emnet lese- og skriveopplæring og har i mange periodar vore invitert som gjesteforskar og gjeste-førelesar ved amerikanske universitet. Ho har gjennomført lengre opphald ved eit australsk universitet for å studere leseopplæring i Australia og på New Zealand. Elsness har gitt ut ei rekkje fag- og lærebøker.
ZEPPELIN1–4–eitdifferensiertnorskverkZEPPELIN1ELEVBØKENE• har eit eige lesekurs med lesetekstar tilpassa bokstavinnlæringa• har ein eigen Les meir-del for elevar som kan alle bokstavane• gir ei systematisk innlæring av omgrep • har nivådifferensierte oppgåver for å utvikle språkleg medvit
ARBEIDSBØKENE• styrkjer bokstavinnlæringa, øver inn omgrep, stimulerer språkleg medvit og utviklar
leseforståing• blir gitt ut med store bokstavar eller store og små bokstavar (trykkskrift/stavskrift/
lykkjeskrift)
LÆRARRETTLEIINGAhar oppgåver, songar og kopiark
ZEPPELIN2ELEVBØKENE• har faktatekstar – éin tekst for kvar av bokstavane i alfabetet• har tekstar knytte til emnet lese- og skrivestrategiar• har tekstar knytte til emnet ordkunnskap og rettskriving• har skjønnlitterære tekstar i mange sjangrar. Eigen Les meir-del• har nivådifferensierte oppgåver
ARBEIDSBØKENE• utviklar leseforståing og rettskrivingskompetanse• blir gitt ut med store og små bokstavar (trykkskrift/stavskrift/lykkjeskrift)
LÆRARRETTLEIINGAhar oppgåver, songar og kopiar
ZEPPELINSTART–formeirlangsamprogresjonZeppelin START er ei alternativ utgåve til Zeppelin 1A og 1B. For komponentar til Zeppelin START, sjå www.aschehoug.no/grunnskole
ZEPPELIN3–4• For komponentar, sjå www.aschehoug.no/grunnskole
TILLEGGSmATERIELL• Bokstavplansjar, alfabetremser, bilet-, bokstav- og ordkort• CD • Lærarressurs for digital tavle• Nettstad: www.lokus.no• ZEPPELIN LESESERIE – nivådifferensierte småbøker for 1.–7.-trinn
ZE
PP
EL
IN2a
ISBN 978-82-03-34264-6
Kjære føresette, kjære lærar
Gjennom Zeppelin 1A og 1B fekk elevane ei
systematisk leseopplæring etter ein nøye planlagd
progresjon. Bokstavane blei introduserte éin etter
éin, og elevane møtte i den første delen av bøkene
tekstar som berre hadde kjende bokstavar.
Fire ulike typar tekstar
Zeppelin 2A og 2B tek sikte
på å vidareutvikle lese- og
skrivedugleiken til elevane.
Det skjer mellom anna gjennom fire ulike typar
tekstar:
• skjønnlitteræretekstar
• faktatekstar
• tekstarknyttetilemnetlese-ogskriveutvikling
• tekstarknyttetilemnetordkunnskapog
rettskriving
Skjønnlitterære tekstar
Dei skjønnlitterære tekstane
omfattar ei rekkje sjangrar,
som korte og lengre
forteljingar, rim, regler,
vitsar, ellingar, dikt og
skodespeltekstar. I Zeppelin 2B møter elevane òg
sjangrane fabel og eventyr.
Faktatekstar
Faktatekstane utgjer ein
monaleg del av bøkene – det
er mellom anna éin faktatekst
for kvar av bokstavane i
alfabetet. Mange barn liker å lese faktatekstar, og
faktatekstar er særleg høvelege i arbeidet med å
utvikle leseforståing. Å lese faktatekstar kan likevel
vere meir utfordrande enn å lese skjønnlitteratur.
I tilfelle der faktatekstane blir for krevjande for
eleven, les ein dei saman med ein vaksen.
Tekstar knytte til emnet
lese- og skriveutvikling
Etter læreplanen skal elevane
etter 2. årstrinn vere i stand
til å bruke enkle lese- og
skrivestrategiar. I Zeppelin
2A og 2B får elevene ei innføring i strategiar
og arbeidsmåtar som vil stø opp om lese- og
skriveutviklinga.
Tekstar knytte til emnet
ordkunnskap og rettskriving
Ordkunnskap og kunnskap
om rettskriving er viktig,
ikkje berre når vi skriv, men
òg når vi les. Di meir vi kan om rettskriving, di
snøggare les vi. Zeppelin 2A og 2B tek opp sentrale
rettskrivingstema som e for æ, o for å, ng-lyden osv.
2
Fortelje, samtale, lese og skrive
Lytte og tale, lese og skrive er
grunnleggjande dugleikar i alle
fag. Norskfaget har likevel eit
særleg ansvar for å utvikle desse
dugleikane. Derfor har Zeppelin 2A
og 2B oppgåver som gir elevane høve til å fortelje,
samtale, lese og skrive.
Differensierte oppgåver
Oppgåvene som er knytte til dei skjønnlitterære
tekstane, har tre vanskegradar: Raud: Vanskegrad 1,
Gul: Vanskegrad 2 og Blå: Vanskegrad 3. Raude
oppgåver vil dei fleste elevane klare, dei gule og blå
oppgåvene er for elevar som treng fleire utfordringar.
Utvikle førforståing
Somme av tekstane har eit
«introskilt» som står øvst til høgre
på sida. Her blir elevene av og til
oppmoda til «å bruke BO». Å bruke
BO vil seie at elevane studerer bileta og overskrifta
før dei les teksten. På den måten blir det skapt ei
førforståing, som lettar leseprosessen. Strategien er
elles forklart på side 14 i Zeppelin 2A.
Arbeidsbøkene
Til kvar av lesebøkene Zeppelin 2A og 2B høyrer ei
arbeidsbok. Arbeidsbøkene har ein viktig funksjon:
Dei har som mål å stadfeste og utvide kunnskapane
som elevane får gjennom Zeppelin 2A og 2B. For
å gjere samanhengen mellom arbeidsbøkene og
lesebøkene tydeleg er det i arbeidsbøkene sett inn
referansar til Zeppelin 2A og 2B øvst på sidene.
Zeppelin B og Zeppelin C
Elevar som treng ekstra lesestoff og ekstra
arbeidsoppgåver, kan bruke Zeppelin B og Zeppelin
C med tilhøyrande arbeidsbøker. Zeppelin B og
Zeppelin C er lesebøker i Zeppelin-serien primært
meinte for 2. trinn. Zeppelin B med arbeidsbok
utdjupar rettskrivingstema som blir tekne opp i
Zeppelin 2A og 2B. Zeppelin C med arbeidsbok har
som mål å trene leseflyt og invitere til friskriving.
Zeppelin leseserie
Zeppelin leseserie er nivådifferensierte småbøker
som rettar seg mot elevar på 1.–7. trinn i grunn-
skolen. Bøkene har uglesymbol som syner lese-
nivået. Småbøker med 1–5 ugler høver spesielt godt
for elevar på 1. og 2. trinn. Desse bøkene er eit
godt supplement for elevar som bruker Zeppelin 2A
og Zeppelin 2B, og som treng meir lesestoff.
Då står det berre att å ønskje godt nytt skoleår med
Zeppelin.
Helsing Turid, som har laga bøkene
LeSeSerie
3
Innhald
18. august 6Regnbogen 8Kven bankar på mi rute? 10Så gjer vi så 11Appelsinar 12Før vi les 14Mykje nytt 16
Eg, deg, meg 18Å lese saman med ein vaksen 19Ord med B og b 20Brann! 22Vivi vil klippe seg 24Lure ord: det, dei 26Ellingar 28Søv Ivo? 30Oktober 32Lure ord: ord med o for å 34Eitt barn, eitt frø 36Ørken 40Lure ord: ord med e for æ 42Ein prikk 43Sju år 44
Skjønnlitterære tekstar
Mål: at eleven skal kunne• samtaleompersonaneoghandlinga• uttrykkjeeignekjenslerogmeiningar• forteljeomeigneopplevingarog
røynsler• leitelese
Faktatekstar
Mål: at eleven skal kunne• oppfattefaktaitekstar• forteljeomeigneopplevingarog
røynsler• leitelese
Tekstar knytte til emnet lese- og skriveutvikling
Mål: at eleven skal kunne• brukeenklelese-ogskrivestrategiar• brukearbeidsmåtarsomfremjarlese-
og skrivekompetanse
Tekstar knytte til emnet ordkunnskap og rettskriving
Mål: at eleven skal• tileignesegkunnskapomord,
rettskriving og setningsbygning
4
Sju små lys 46Spytt 48Når vi ikkje forstår 50Så ler vi litt 52Litt trist? 56Mamma les rim 57Lure ord: ord med ng 59Mamma les gåter om dyr 60Mamma 62
God bok! 64Tutankhamon 66Kven har skulda? 68Santa Lucia 70Snart er det jul 72
Rare dyr 73
Les meir Kven er åleine? 74Sjenert 77Første dag på skolen 78Dinosaurar og rekordar 82Klassen lagar diktbok 84Olivia et kunst 86Vev eit kunstverk 90Baldishol-teppet 92Klara elskar kattar 94
Kattar 98Hus-pus 100Tor blir sur 101Iskrem 104Hokus, pokus 106Rose-Lill 108Eiffeltårnet 110Tomas treng ein mobil 112Siyolo og genseren hans 113Litteraturutval 119
5
6 oransje pennal raude sekk termos
18. august
Min sekk.
Min nye sekk.
Min nye raude sekk.
Mitt pennal.
Mitt nye pennal.
Mitt nye oransje pennal.
Min termos.
Min nye termos.
Min nye gule termos.
• Les teksten tre gonger
7bukse grøne jakke spenne
Mi jakke.
Mi nye jakke.
Mi nye grøne jakke.
Mi bukse.
Mi nye bukse.
Mi nye blå bukse.
Mi spenne.
Mi nye spenne.
Mi nye rosa spenne.
• 1a Kva for fargar er nemnde
i teksten?
• b Skriv fargenamna.
• 2a Kva for fargar har de på dykk?
• b Skriv fargenamna.
• 3a Teikn noko som er raudt, blått
eller gult.
• b Skriv ein tekst til teikninga.
• 4 Første skoledag. Skriv og teikn.
det himmelen regnbogen regna skin
Aa Bb Cc Dd Ee Ff Gg Hh Ii Jj Kk Ll Mm Nn Oo
Regnbogen
Det har regna.
No skin sola.
Ser vi regnbogen?
Ein stor boge
på himmelen
med fine fargar.
Raud, oransje,
gul, grøn,
blå, indigo
og fiolett.
Der regnbogen
treffer jorda,
ligg ein skatt.
Det trudde folk
i gamle dagar.
Kva trur du?
8
• Kva veit du om regnbogen?
• Les teksten tre gonger
Pp Qq Rr Ss Tt Uu Vv Ww Xx Yy Zz Ææ Øø Åå
grøn kva kva for nokre indigo raud
FLEIRE FAKTA• Indigo er det same som blå-lilla.
• Grøn har namn etter gro eller gras.
• Raud har namn etter rubin.
Rubin er ein raud stein.
Han blir brukt i smykke.
• Lilla tyder syrin.
9
Syrinar kan vere
kvite eller lilla
1 Kva for fargar er det i regnbogen?
Sei minst tre fargar.
2 Kva tyder syrin?
3 Kva er ein rubin?
4 Lag eit spørsmål om fargar.
Lat kameraten din svare.
eg kan
• lese minst tre ord på fargelinja
• svare på minst to av spørsmåla
• fortelje om regnbogen
10 bankar eg her pelikanen regnet
Kven bankar på mi rute?• Les teksten tre
gonger
• Kva for dyr og
fuglar ser du?
Ikkje eg
sa lusa.
Ikkje eg
sa hanen. Ikkje eg
sa pelikanen.
Ikkje eg
sa måka.
Ikkje eg
sa musa.
Ikkje eg
sa kråka.
– Det er eg,
sa regnet.
– Eg er her ute
og bankar på di rute.
• 1 Finn ord i teksten som rimar.
Skriv orda.• 2 Skriv vers med rimorda
katt – hatt, mus – lus.
11gjer morgon pakkar tidleg tysdag
• 1 Kor mange gonger står det
pakkar i teksten?
Gjer? Morgon?
• 2a Lag fleire vers til songen.
• b Skriv eit av versa.
• 3a Kva plar du å pakke i sekken?
Teikn tre ting.
• b Skriv ein tekst til teikningane.
Så gjer vi så
når til skolen vi går,
skolen vi går,
skolen vi går.
Så gjer vi så
når til skolen vi går
tidleg ein tysdag morgon.
Så gjer vi så
Så gjer vi så
når vi pakkar vår sekk,
pakkar vår sekk,
pakkar vår sekk.
Så gjer vi så
når vi pakkar vår sekk
tidleg ein måndag morgon.
Aa Bb Cc Dd Ee Ff Gg Hh Ii Jj Kk Ll Mm Nn Oo
12
Appelsinar
Veit du kva appelsin
heiter på engelsk?
På engelsk har frukta
fått namn etter fargen:
Appelsin heiter orange,
som òg tyder oransje.
På norsk seier vi appelsin.
Det tyder eple frå Kina.
Appel tyder eple.
Kina blei ein gong kalla Sina.
Så no veit du det:
Appelsinar er eple frå Kina!
Før du les
• Kva veit du om appelsinar?
• Les teksten tre gonger
appelsin engelsk Kina norsk oransje som
Pp Qq rr Ss Tt Uu Vv Ww Xx Yy Zz Ææ Øø Åå
FLEIRE FAKTA• Appelsintre kan bli ti meter høge.
• Appelsintre blømer heile året.
• Appelsintre gror ikkje i Noreg.
Det er for kaldt.
• Før fekk ein ikkje kjøpt appelsinar i Noreg.
No kan ein kjøpe appelsinar heile året.
• Nordmenn et masse appelsinar.
Men dei et endå meir bananar!
13appelsintre gror høge kjøpt nordmenn ordet
1 Kva heiter appelsin på engelsk?
2 Kva tyder ordet appelsin?
3 Kvifor gror det ikkje appelsintre i Noreg?
4 Lag eit spørsmål om appelsinar.
Lat kameraten din svare.
eg kan
• lese minst tre ord på fargelinja
• svare på minst to av spørsmåla
• fortelje om appelsinar
14 gjer handlar læraren overskrifta teksten
Før vi les
Klasse 2B skal lese
ein ny tekst i leseboka.
– Slik gjer vi då, seier Helene, læraren:
1 Vi ser på bileta.
2 Vi les overskrifta.
3 Så spør vi: Kva trur vi denne
teksten handlar om?
Gjer vi dette før vi les,
blir teksten lettare å forstå.
Før du les
• Les teksten tre gonger
15gjere kva leseleksa
– B og O, det blir BO,
seier Tobias.
– Bra, Tobias, seier Helene.
– Seier eg BO, så veit de
kva de skal gjere.
Då prøver vi oss
på den nye leseleksa!
eg kan
• lese minst tre ord på fargelinja
• fortelje kva BO tyder
B biletaO overskrifta
16eg fått nytt tann
Mykje nytt
– Vi har nytt rom,
sa Ida.
– Vi går i 2A,
sa Ole.
– Vi har fått ein ny elev,
sa Vivi.
– Eg har fått ny tann,
sa Ivo.
Før du les
• Bruk BO
• Les teksten tre
gonger
18. augustMYKJE NYTT
Vi har nytt rom,
sa Ida.Vi går i
16 eg fått nytt tann
Mykje nytt
– Vi har nytt rom,
sa Ida.
– Vi går i 2A,
sa Ole.
– Vi har fått ein ny elev,
sa Vivi.
– Eg har fått ny tann,
sa Ivo.
Før du les
• Bruk BO
• Les teksten tre gonger
18. augustMYKJE NYTTVi har nytt rom,sa Ida.Vi går i
17bror heller ikkje mann
– Eg har fått ny bror,
sa Ole.
– Eg har fått ny mann,
sa Mona.
– Vil de sjå?
– Å, sa Ida.
– Han har ikkje hår.
– Det har ikkje
bror min heller, sa Ole.
• 1 Kva er nytt i 2A?
• 2 Kva er nytt i klassen dykkar?• 3a Finn tre ord i teksten som har
to like bokstavar ved sida av
kvarandre. Skriv dei.
• b Skriv tre ting som er nye i
klassen dykkar.
18
Eg, deg, meg
Eg er liten og gråbrun.
Eg spring når eg ser deg.
Peik på meg.
Eg står i stova.
Hygg deg, og spel på meg!
Peik på meg.
• Å finne og bruke orda eg, deg, meg
Mål
eg, deg, meg
Skriv tre setningar der de
bruker eg, deg, meg.
Les teksten ovanfor.
Kor mange gonger står det
• eg?
• meg?
• deg?
Eg kan
• skrive setningar der eg bruker eg, deg, meg
eg kan
19følgjer med først gonger gøy leseleksa vaksen
Å lese saman med ein vaksen
Tobias sit saman med Helene.
Han skal trene på leseleksa.
Først les Helene teksten høgt.
Tobias følgjer med i teksten
medan Helene les.
Så les Tobias og Helene
teksten i kor.
Det synest Tobias er gøy.
No skal Tobias lese åleine.
To gonger les han.
Det blir tre gonger i alt!
eg kan
• lese minst tre ord på fargelinja
• lese leseleksa saman med ein vaksen
20 Brann brød klipp mamma ord pappa
Ord med B og b
– Klipp ut ord med B og b,
sa Mona.
Vivi klipper og klipper.
– Sjå, seier pappa.
– No kan eg ikkje
bake brød.
– Sjå, seier mamma.
– No veit eg ikkje om
Brann vann.
– Sjå, seier Kasper.
– No kan eg ikkje lese
om Bamse.
Før du les
• Bruk BO
• Lag eg ser-setningar