Tilskotsordning for bustadbygging i Balestrand. 14.6.2012
Arbeidsplassar og pendling i Balestrand
Ny ordning under utprøving – fleire usikre moment• Det er ikkje uavgrensa midlar – 20 millonar totalt i
2012. • Vi veit ikkje korleis fordelinga mellom dei 12
kommunane vert.• Etterspørsel vil avgjere i kor stor grad prioritering og
eller køordning blir naudsynt.• Nye tildelingar i 2013 og 2014. I år satsar Balestrand
kommune på tilskot til privatbustader- kan bli heilt eller delvis endra seinare år
Kven kan søke om stønad• I prinsippet alle som ønskjer å oppføre si eigen bustad
for eige buformål• Aktuelle prioriteringskriteria(om naudsynt)
- Barnefamiliar
- Ungdom i etableringsfasen
- Gode løysingar(mykje hus for pengane)
- bustader med utleigedel
- framdriftsplan• Prosjekt som alt er starta opp vil ikkje kunne
prioriterast
Viktige element/føresetnader i ein søknad
• Må disponere tomt. (Tilstrekkeleg å ha tomt på hand)• Planlagd oppstartsdato og ferdigstillingsdato.• Grov beskrivelse av prosjektet. Storleik, romløysingar
m.v• Det må vurderast som kurant å gi byggeløyve• Budsjett. Totalkostnad• Dokumentasjon på inntekt/gjeld• Realistisk finansieringsplan
Prosedyre for søknad
• Søknad sendast Balestrand kommune for kvart einskild byggeprosjekt.
• Godkjende søknader blir vidaresendt til Husbanken, eventuelt med prioritering.
• Dersom stønad blir innvilga, blir løyvd beløp overført til kommunen.
• Kommunen har ansvar for utbetaling av tilskotet ved ferdigstilling/byggerekneskap.
• Søknad om stønad kan samordnast med søknad om startlån.
Prosedyre for søknad (framhald)
• Formell utlysing om kort tid• Søknadsfrist 15. august
Døme på finansering (I)
Finansiering Beløp Vilkår Pr mnd
Banklån 2.250.000 4% 25 år 10.400
Startlån 500.000 2,5% 5/15 år 1.100 / 3800
Tilskot 500.000
Eigenkapital 250.000
Totalt 3.500.000 11.500 /14.600
Døme på finansiering (II)
Finansiering Beløp Vilkår Pr mnd
Banklån 1.400.000 4% 25 år 7.400
Startlån 500.000 2,5% 5/15 år 1.100 /3800
Tilskot 400.000
Eigenkapital 200.000
Totalt 2.500.000 8.500/11.200
Tildeling av kommunal tomt
• 5 gratis tomter i Balestrand – 5 på Nessane• Tomt kan reserverast i inntil 3 mnd. Kontaktperson:
Åsmund Myklebust• Dersom fleire melder interesse for same tomt innan
mandag 18.6. kl 12.00 , vert det føreteke loddtrekking.• Deretter gjeld «først til mølla» prinsippet som før.
Spørsmål ???
Top Related