1
PLAN
FOR IDRETT, FRILUFTSLIV OG
FYSISK AKTIVITET, OG
UTBYGGINGSPLAN FOR LOKALE
KULTURBYGG
2011-2014
Hyllestad kommune
Vedteken i Hyllestad kommunestyre 9.12.10.
2
FORORD:
Idrett og fysisk aktivitet er dei områda som engasjerer flest menneske i fritida. Fysisk aktivitet
er viktig både i forhold til den enkelte si oppleving av glede og velvære og i forhold til dei
positive effektane trening har for den mentale og fysiske helse. Friluftsliv er helsefremjande,
trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og ute i naturen
I Hyllestad kommune er dette forankra i kommuneplanen der ”Eit godt liv” er eit hovudmål.
Fysisk aktivitet har særleg betyding for barn sine motoriske ferdigheiter – og gjennom staten
sine føringar har me eit særleg ansvar for gruppene barn (6-12 år) og ungdom (13-19 år). Når
det gjeld ungdom er det eit mål å utvikle anlegg som tilfredsstiller ungdomen sin trong for
utfordringar og variasjon. Ungdom må gjevast høve til å medverke i utforminga av anlegg.
Anlegga bør fungere som gode sosiale møteplassar i lokalsamfunna. Det er ikkje berre
tilrettelegging av anlegg som er viktig, men også korleis ein stimulerer til deltaking i idrett og
friluftsliv.
SAMANDRAG:
Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet er eit måldokument for korleis ein
vil at utbygging av anlegg skal vera dei neste fire åra. Det er freista å laga eit dokument som
er realistisk og mogeleg å gjennomføre i den neste perioden utan å vera visjonslaust.
Hyllestad har gode føresetnadar for at innbyggarane og tilreisande kan vera fysisk aktiv, fordi
ein har ein natur som innbyr til aktivitet og utforsking. Samtidig ser ein at ein må ta nokre
grep for å gjera denne naturen meir tilgjengeleg for alle. Merking og rydding av stiar, og gode
turkart er viktige element.
I tillegg ynskjer ein å ta nokon grep som gjer at dei anlegga ein har vert meir funksjonelle og
som gjev ein bruksmessig standardheving, døme på dette er kunstgrasbana på Hyllestad,
innandørs miniatyrskytebane og utbygginga av Åfjorddalen Bygdehus.
Kommunedelplanen handlar ikkje berre om fysiske anlegg og tiltak, men også korleis ein kan
stimulera til deltaking i idrett og friluftsliv, samarbeid med skule og barnehage og korleis
kommunen i samarbeid med lag/organisasjonar kan samarbeida om drift og vedlikehald.
Gjennom å ha satt i gang prosessen med å skriva ein kommunedelplan for idrett, friluftsliv og
fysisk aktivitet synest me at me har løfta fram feltet på ein gode måte med dialog med
lag/organisasjonar og enkeltpersonar. Det er kome gode innspel til arbeidet og me vonar at
dette resulterer i meir fokus på dette viktige aktivitetsfeltet og eit målretta arbeid i tida
framover.
3
Plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet
INNHALD:
1. Bakgrunn 1.1 Bakgrunn for planen
1.2 Føremålet med planen
1.3 Organisering av planarbeidet i kommunen
1.4 Plangrunnlag
1.5 Planperiode
1.6 Samordning med andre planar
1.7 Definisjonar
1.8 Kort om dei ymse stønadsordningane
2. Status og utfordringar 2.1 Generelle utvilingstrekk i samfunnet
2.2 Generelle utvilingstrekk i kommunen
2.3 Fysisk fostring og forsking
2.4 Idretten og friluftslivet si rolle i samfunnet
2.5 Idrett og friluftsliv sin eigenverdi
2.6 Idrett og friluftsliv som førebyggjande faktor for helsa
2.7 Idrett og friluftsliv sin verdi for livsstil og helse.
2.8 Det offentlege sitt ansvar
3. Kommunen sin politikk innan idrett, fysisk aktivitet og
friluftsliv- overordna mål og delmål 3.1 Kommunedelplanen 2011-2020
3.2 Overordna mål
3.3 Delmål
4. Fylkeskommunen sine prioriteringar 4.1 Fylkesplan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og helse.
5. Evaluering av førre plan 5.1 Nærmiljøanlegg
5.2 Ordinære anlegg
6. Analyse av behov for aktivitet og anlegg 6.1 Prioritert for 2011-2014
6.2 Nærmiljøanlegg
6.3 Ordinære anlegg
6.4 Handlingsplan for anlegg 2011-2014
6.5 Tiltak i langtidsplanen
4
1. BAKGRUNN
1.1 Bakgrunn for planen
Anleggsutbygginga innan norsk idrett har sidan 1980-åra utvikla seg mykje, og bruken av
statlege spelemidlar har breidd om seg. Frå tidleg på 1990- talet ynskte Kulturdepartementet i
større grad å bidra til ei styrt utvikling av utbyggingane, og det vart satt fram krav om ein
kommunedelplan for anlegg og område for idrett og friluftsliv(rundskriv V-35/93).
Denne meldinga er laga på bakgrunn av at det er viktig med samfunnsplanlegging som tek i
vare interessene til idrett og fysisk aktivitet i arealforvaltninga. Det er også ein føresetnad for
å få spelemidlar frå staten at anlegg er prioritert i ein kommuneplan.
Ein kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet er eit styringsreiskap for å oppnå
kommunen sine målsettingar på feltet. Det er difor naturleg å sjå denne planen i samband med
Kommuneplanen for 2009-2020.
Denne planen er ein vidareføring av Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet
2006-2010. Planen skal utarbeidast som kommunedelplan etter krav i Plan- og bygningslova..
Vedteken fylkesplan gjev innspel til kommunedelplanarbeidet.
I rundskriv V-7/93 fastsette Kulturdepartementet krav om at det fireårige prioriterte
handlingsprogrammet skal rullerast kvart år. Departementet uttalte i skriv av 11.03.96 at det
som følgje av revisjon kan vere nødvendig å rullere kommunedelplanen kvart år. Med
revisjon meiner departementet ei fullstendig sakshandsaming etter plan og bygningslova. Med
rullering vert meint mindre vesentlege endringar. Vesentlege endringar vil seie at nye prosjekt
vert tekne inn i handlingsprogrammet eller at gamle vert tekne ut, t.d prosjekt frå
langtidsprogrammet vert tekne med i handlingsprogrammet. Vesentlege endringar skal
handsamast på same måte som ei revisjon av planen.
Planen skal vidare knytast opp mot kommuneplanen sin arealdel for å få juridisk heimel. Det
er sett følgjande minstekrav til planen:
- mål for kommunen si satsing på idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv
- mål for anleggsutbygging og sikring av areal for idrett og friluftsliv
- resultatvurdering av førre plan med statusoversikt
- analyse av langsiktige og kortsiktige behov for både anlegg og aktivitet
- det skal gjerast greie for samanhengen med andre kommunale planar
- prioritert handlingsprogram for utbygging av idretts- og friluftsanlegg
- økonomiplan knytt til drift og vedlikhald av eksisterande og planlagde anlegg
- uprioritert liste over langsiktige behov for anlegg
- kart som syner lokalisering av eksisterande anlegg, område for friluftsliv og
arealbehov for planlagde anlegg og friluftsområde
1.2 Føremålet med planen
Få ei reell vurdering av kva vi treng av anlegg og område for idrett fysisk aktivitet og
friluftsliv og rehabilitering av desse.
Vurdera kven av desse anlegga som bør prioriterast frå kommunen si sida når det gjeld
spelemidlar.
5
Vere til hjelp for organisasjonane si planlegging og prioritering.
Sikre ei plan- og målstyrd utbygging og rehabilitering av anlegg og tilrettelegging av
område for idrett og friluftsliv.
Styrke grunnlaget for finansiering av utbyggingskostnader.
Vere grunnlag for budsjett- og økonomiplanarbeidet i kommunen – både administrativt og
politisk.
Utvikle gode opplegg for drift og vedlikehald.
Få fram grunnlag for planlegging i fylkeskommunen.
Planen vil omhandle følgjande anleggstypar:
ordinære anlegg
nærmiljøanlegg
nasjonale anlegg
anlegg for friluftsliv
Alle anlegg som ein kan søkja om spelemidlar til, skal takast med i planen. Alle anlegg i
kommunen er registrerte i eit anleggsregister; KRISS. Desse er og kartfesta med koordinatar.
Registeret vert oppdatert årleg. Nye anlegg vert registrerte etter kvart som dei søkjer om
spelemidlar.
Ein slik plan skal byggje på dokumentert behov. Vi har difor sendt skriv med informasjon om
planarbeidet til lag og organisasjonar med skjema for registrering av framtidige anleggsbehov.
1.3 Organisering av planarbeidet i kommunen
Formannskapet vedtok i F-sak 16/10 oppstart av arbeidet med rullering av
kommunedelplanen i Hyllestad. Det vart gjort følgjande vedtak:
1. I samsvar med Plan og utbyggingslova startar Hyllestad kommune arbeidet med
Revisjon(rullering) av kommuneplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet & utbyggingsplan
for lokale kulturbygg for perioden 2011-2014. Oppstarten vert å varsle i samsvar med
Plan og bygningslova sine reglar.
2. Arbeidet med planen må avklare legging av nytt kunstgrasdekke på fotballbana.
3. Som grunnlag for innspel til planarbeidet vert det starta eit utgreiingsarbeid for å
vurdere om bassenget på Hyllestad skule skal avviklast og om bassenglokalet evtuelt
kan nyttast som innandørs skytebane.
4. Arbeidet med planen må avklare vidare framdrift for nytt idrettsbygg.
5. Hyllestad kommune ser positivt på planane for vidare utbygging/rehabilitering
av Åfjorddalen Bygdehus og vil ta del i det vidare planarbeidet.
Oppstarten vart varsla i lokalavisa og i brev datert 20.4.10 til aktuelle lag og organisasjonar.
Det vart halde informasjonsmøte 3. mai i kommunestyresalen.
Bakgrunnstoff har vore samla inn ved å få opplysningar direkte frå
lag/organisasjonar gjennom infomøter, ved innhenting av informasjon frå kommunale
instansar, og ved å gå gjennom tidlegare planar og utkast.
Det vart sendt brev til lag/org. om innspel til planarbeidet 16.6.10 med frist 15. juli.
Det kom innspel frå Dalane Indremisjon vedk. Løland bedehus, Bøfjorden UL vedk.
ungdomshuset Ljosheim og frå Øen Grendalag.
I F-sak 25/10 av 3. juni vart det sett ned ei plangruppe for planlegging av idrettsbygg og
kunstgrasbane.
Det vart halde 3 møter.
6
Offentleg utlegging: I F-sak 56/10 vart planframlegget lagt ut til offentleg ettersyn med frist
for innspel til 25.10.10.
Det kom inn merknader frå følgjande høyringsinstansar:
-Utdanningsforbundet
-Øen Grendalag
-Dalane Indremisjon
-Kystarven
-Skor Grendalag
-Mary Holmeseth
-Hyllestad skyttarlag
-Sogn og Fj. Fylkeskommune
-Uteområdegruppa ved Hyllestad skule
-Hyllestad husmorlag
-Prosjektgruppa for prosjektering av kunstgrasbane
Godkjenning av planen: Hyllestad godkjende kommunedelplanen i K-sak 60/10 i møtet
9.12.10.
1.4 Plangrunnlag har vore:
- Kommunedelplan for anlegg til idrett og friluftsliv 2006-10
- KRISS
- Rundskriv frå kulturdepartementet
- Fylkesdelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet, 2010-2013
- Rettleiar, Kommunal planlegging for idrett og fysisk aktivitet
- Vedtak i F-sak 16/10.
1.5 Planperiode
Den nye planen erstattar Kommunedelplan Idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2006-2010, og
gjeld for perioden 2011-2014.
Planen har ein tidshorisont på 12 år (uprioritert liste over langsiktige behov) og ein kortsiktig
del på 4 år (prioriterte tiltak). Kulturdepartementet føreset revisjon(mindre endringar) av
handlingsprogrammet kvart år og rullering kvart 4. år.
1.6 Samordning med anna planarbeid
Planen er vurdert i samanheng med arealdelen i kommuneplanen for Hyllestad.
1.7 Definisjonar
Omgrepsavklaringar henta frå St. Meld. Nr. 14 (1999-2000) ”Idrettslivet i endring” og frå
Miljøverndepartementet si St.meld. nr. 40 (1986-87) ”Om friluftslivet”
Idrett: Aktivitet i form av konkurranse, eller trening i den organiserte idretten.
Fysisk aktivitet: Eigenorganiserte trenings; og mosjonsaktivitetar, under dette ligg friluftsliv
og meir leikprega aktivitetar. Ein kan også skildra det som ”all kroppsleg rørsle produsert av
skjelettmuskulatur som resulterer i ei vesentleg auke av energiforbruk utover kvilenivå”
7
Friluftsliv: Opphald og fysisk aktivitet i friluft, i fritida, med sikte på miljøforandring og
naturopplevingar.
Omgrepa fysisk aktivitet og friluftsliv kan i stor grad gå i kvarandre.
Idrettsanlegg: I spelmiddelfordelinga opererer departementet med fylgjande klassifisering
av anlegg:
- Nærmiljøanlegg – anlegg eller område tilrettelagt for eigenorganisert fysisk aktivitet,
hovudsakleg knytt til bu eller opphaldsområde. Skal ikkje utformast for å dekke
behovet for anlegg for organisert idrettsleg aktivitet.
- Ordinære anlegg – er knytt opp til konkurranse- og treningsverksemd for den
organiserte idretten.
Friluftsområde og friområde: Fellesnemning på grøne område som er tilgjengelege for
allmenta si frie ferdsle.
1.8 Kort om dei ymse stønadsordningane:
Spelemidlar:
Kultur og kyrkjedepartementet har tre forskjellige stønadsordningar til anlegg i kommunane.
Stønadsordningane blir forvalta av fylkeskommunen.
1. Tilskot til ordinære idretts- og friluftslivsanlegg.
2. Tilskot til ordinære nærmiljøanlegg.
3. Tilskot til mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg.
For dei to fyrste tilskotsordningane er det eit vilkår at anlegga er prioriterte i
kommunedelplanen for å få søknadsrett.
Nærmiljøanlegg med total kostnad under kr. 400 000 kan takast inn i kommunedelplanen ved
den årlege rulleringa av planen. Alle andre anlegg kan berre takast inn i kommunedelplanen
når den vert revidert, normalt kvart 4. år.
For den tredje stønadsordninga er det ikkje krav om at desse anlegga skal prioriterast i
kommunedelplanen. Øvre kostnadsgrense for anlegga er kr. 80 000 og det kan gjevast inntil
50% tilskot.
Friluftsmidlar:
Det fins også støtteordningar for friluftslivet som statlege friluftsmidlar til sikring og
tilrettelegging av sikra friluftsområde. Det vurderast også ordningar til friluftsaktivitetar.
2. STATUS OG UTFORDRINGAR
2.1. Generelle utviklingstrekk i samfunnet
(Henta frå ”Sammen for fysisk aktivitet – handlingsplan for fysisk aktivitet 2005-2009” frå 8
ulike departement)
Det er sterke haldepunkt for at befolkninga sin livsstil går i ein meir passiv retning, dette
mykje grunna at samfunnsutviklinga har medført at kravet til dagleg fysisk aktivitet er
redusert.
8
I løpet av relativt kort tid har samfunnet gjennomgått store endringar med omsyn til daglege
krav til fysisk aktivitet. Mange av dei opplevingane, utfordringane og ferdigheitene ein
tidlegare fekk som ein del av kvardagen, må me no aktivt oppsøkje og prioritere.
Undersøkingar syner at den store endringa i mosjonsvanar, og livsstil, skjer i perioden 15-25
år. Livsstilen ser deretter ut til å feste seg og varierer lite fram til pensjonsalderen. Det er også
ein tendens til at den aktive gruppa vert meir aktiv, samtidig som den heilt inaktive gruppa
vert stadig større.
Born (6-12 år)
Barn sin kvardag er i aukande grad dominert av vaksenstyrte aktivitetar med
mindre tid til fri leik, og leiken er i større grad flytta innandørs.
Allsidig fysisk aktivitet i barne og ungdomsåra er nødvendig for god helse i
oppveksten, for å beskytta mot sjukdomsutvikling og plagar seinare i livet og
for å etablera regelmessige aktivitetsvanar som gjev varig aktivitetsglede.
Born som er aktive i eit mangfaldig utemiljø tilegner seg teoretisk lærdom
lettare
Ungdom (13-19 år)
Barn og ungdom i alderen 11-16 år sit stille og ser på TV, PC eller gjer lekser i
gjennomsnitt 40 timar per veke utanom skuletid.
Undersøkingar indikerer ei meir negativ utvikling blant jenter enn blant gutar
når det gjeld fysisk aktivitet
Ny forsking syner at det skal mindre ”doser” fysisk aktivitet enn tidlegare anteke for å oppnå
helsegevinst. Det er difor viktig å gje mogelegheiter for kvardagsaktivitetar for alle, anten den
er organisert eller uorganisert.
Barrierar for utøving av fysisk aktivitet:
Hovudgrunnane til at barn og ungdom (8-15 år) sluttar å trene/konkurrere i idrettslag er at
aktiviteten er kjedeleg.
For vaksne er det mangel på tid, lyst, overskot og sosial støtte som er viktige hindringar.
Utfordringa er å motivere inaktive til aktivitet ved å legga tilhøva godt til rette.
2.2 Generelle utviklingstrekk i kommunen
Befolkning
Grunnlaget i kommuneplanen viser over tid ei negativ utvikling i folketal og alderssamansetning.
Det er kome så langt at skal denne utviklinga stoppast må tilflyttinga til kommunen auke og då
helst av yngre produktive personar / familiar.
For å medvirke til ei positiv utvikling vil kommunen satse sterkt på å utvikle vidare sine tenester
i kvalitet og breidde, og då spesielt for ungdom og kvinner.
9
Idrettsanlegg og gode mogelegheiter for å driva fysisk aktivitet og friluftsliv kan vera ein
dimensjon det er viktig å ivareta både for å få tilflyttarar til kommune, men også for å halde på
dei som allereie bur her.
Barn og Ungdom
Skulen, skulefritidsordninga og barnehagen er sentrale for å fremje rørsle og fysisk aktivitet.
Bevisstgjeringa kring verdien av friluftsliv i kvardagen har auka, og særleg gjeld dette skular
og barnehagar.
Med bakgrunn i at mange av ungdomane i Hyllestad går på vidaregåande skule i Fjaler bur
dei heime til dei er ferdig med vidaregåande.Dette medfører at Hyllestad kommune må ha
særskilt fokus på denne gruppa.
God infrastruktur, transport til og frå aktivitetar og at det fins tilrettelagte møtestader der
ungdommar kan møtast for fysisk aktivitet er viktige faktorar for at ungdommar framleis er
fysisk aktive.
Fysisk aktivitet handlar om verdiar, livsstil og sosial tilhøyre, noko som er spesielt viktig for
ungdom i denne fasen av livet.
Det er alltid ei utfordring å etablere møteplassar for ungdom som fungerer.
Frivillige lag og organisasjonar
Kommunen har eit mangfald av lag og organisasjonar som jobbar for at befolkninga skal ha
ulike aktivitetar å ta i bruk. Det er arbeidet gjennom desse laga som skapar aktivitet. Det er
viktig at desse laga vert stimulerte til å drive sine aktivitetar. Det kan kommunen gjere
gjennom gode planverk og støtteformer, men ikkje minst gjennom god dialog.
OVERSIKT OVER FORENIGNAR/LAG
Forening, lag Tal
medl.
Aktivitetar Aldersgrup
pe
brukbare
lokale
Evt. krins
el.l.
Kommentar
Bø pensjonistlag 30 møter 62- J
Bø helselag 50 eldrefest, basar, skulefrukost, utleige alle J
av sikkerhetsutstyr for born
Bøfjord ungdomslag 20 kurs, bingo, basar, , 15- J
ungdomskveldar,
Blandakoret Fjordklang 20 songkor 20-70 J
Dalane indremisjon møte, festar, basar alle J
Friskis og Svettis Hyllestad 85 trening 12- J
Hornedalen bedehus 7 møter og basar J
Barnas Turlag 30 turar 0-15
Hyllestad grendalag Basar, ulike arr. alle J
Hyllestad idrettslag 283 fotball, biljard, herretrim, barne- 6 til 80 J
idrettskule, fjelltrim
Hyllestad jakt og fiskelag jakt, fiske, kurs, aktivitetar for
born/unge
12 til 70
Hyllestad kvinne og familielag 10 møte, kurs 40- J
Hyllestad lag av NHF møter, turar, kurs variabelt J
10
Hyllestad musikklag 20 korpsspeling 10 -40 J
Hyllestad og Høyanger
husflidslag
kurs, møter, utstilling 15- N
Hyllestad og Lavik
trekkspelklubb
9 dansespeling, opplæring 40-64 J
Hyllestad pensjonistlag 20 lagsmøte,medl.treff over 60 år J
Hyllestad røde kors
hjelpekorps
35 beredskap, øvingar, møte vaksne J
Hyllestad skyttarlag 30 Skyting, stemne 12- J
Lauvsprett 4H 30 styremøte, medl.møte, haustfest m.m. 8 til 18 J
Lifjorden bygdelag 30 søndagskafe J
basar, datakveldar, bygdeutvikling alle
Leirvik tysdagsklubb 20 barneklubb 5 til 12 J
Sørbøvåg sundagsskule 11 barneklubb 1 til
6.klasse
J
Skifjord grendalag 70 * 17. mai, Skifjorddag, ulike arr. for
grenda, bygdeutvikling
heile grenda J * husstandar
Skor grunneigarlag 21 div. møter, basar heile grenda j
Sørbøvåg brigdeklubb 15 brigde alle J
Øen bondekvinnelag 15 medlemsmøter 29-93 J
Øen indremisjon 15 Medlemsmøte, festar, basar
Øen grendalag 30 kino, fest, julebord, 10-100 J
Åfjorddal bondekvinnelag 13 studieringar, bygdekveldar m/tema alle J
Åfjorddal ungdomslag 50 teater, dans, bingo,arr 17.mai, ulike
arrangement gjennom året.
15 - J
2.3 Fysisk fostring og forsking
Menneskekroppen er skapt for aktivitet, og det å få bruka kroppen sin kan sjåast på som eit av
primærbehova. Regelmessig fysisk aktivitet er naudsynt for normal vekst hjå born og unge,
og for utviklinga av funksjonelle kvalitetar. Fysisk aktivitet fremjar både fysisk og
psykososial helse. Motorisk kompetanse blant born er viktig for sjølvbilete generelt og gjev
meistring av praktiske oppgåver i kvardagen.
Dette er tilsynelatande eit paradoks i eit moderne samfunn som er prega av eit forrykande
tempo samstundes som kvardagen for einskildmennesket ber preg av eit stadig meir
stillesitjande og inaktivt liv. I dag er fysisk aktivitet ein mangel i alle aldersgrupper.
Vi har i aukande grad ein livsstil som er i konflikt med det vi er skapt for. Konsekvensane av
ei slik utvikling kan gje store helseproblem for den einskilde og bli svært kostbart for
samfunnet. Samfunnet må leggja til rett for at flest mogleg held seg aktive og friske. Idrett og
friluftsliv er heilt sentralt i arbeidet med å betra folkehelsa.
2.4 Idretten og friluftslivet si rolle i samfunnet
Folk si fritid har auka i fleire tiår. Samfunnet har ansvar for å leggja til rette for fornuftige og
nyttige aktivitetar for folk flest. For mange er idrett og friluftsliv i dag viktig i kvardagen. Ӂ
gå tur” er mykje eit norsk særpreg samanlikna med andre land.
11
Det er vanskeleg å finna eit aktivitetsområde som mobiliserer så mange, og som engasjerer så
sterkt på tvers av etablerte strukturar og kulturelle skiljeliner som det fysisk aktivitet gjer.
Men forsking viser, at vi har fått sosiale skilnader i våre helsevanar, inkludert fysisk fostring.
Det er difor ei utfordring å leggje til rette for fysisk fostring på ulikt nivå. Eit tankekors her er
at studiar viser at born rører seg dobbelt så mykje når dei er utan vaksne, medan mykje av
fritida no vert brukt på organisert og vaksenstyrt aktivitet i idrettshallar.
2.5 Idrett og frilufsliv sin eigenverdi
Det sentrale ved fysisk aktivitet er den opplevinga dette gjev, denne opplevinga er ein verdi i
seg sjølv. Den gleda kvar einskild kjenner ved å driva med fysisk aktivitet er viktig. Gjennom
idrett og kroppsøving får vi høve til å vera ”leikande menneske”. Dette er særs viktig i ein
kvardag som elles ofte er prega av krav, plikter og ansvar. Gjennom aktivitet i friluft vil vi i
tillegg få naturopplevingar og auka kunnskap om natur og miljø.
Gleda ved opplevinga av meistring, er det sentrale motiv for dei fleste som driv med fysisk
aktivitet, uansett kva nivå ein er på, om ein er medaljevinnar i dei olympiske leikane eller
friluftsmenneske.
2.6 Idrett og friluftsliv som førebyggjande faktor for helsa
Fysisk aktivitet synest å vera den viktigaste helsefremjande faktor vi kjenner (Hjort, 1984-
sem. rapport). Det har vist seg at fysisk aktivitet i barne- og ungdomsåra har stor innverknad
på helsa seinare i livet.
Omfattande granskingar syner at fysisk inaktivitet kan isolerast som ein sjølvstendig
risikofaktor på same nivå som høgt blodtrykk, høgt kolesterolnivå i blodet og røyking.
Vidare syner undersøkingar at det skal relativt lite til av regelbunden fysisk aktivitet før
risikoen for sjukdom og tidleg død minkar (St.meld. 41, s. 53). Nokre få timar med
regelbunden mosjon i veka har dokumentert førebyggjande verknad på helsetilstanden.
Stoda i dag er at fysisk aktivitet spelar ei stor rolle for den einskilde si helse, men altfor lita
rolle for folkehelsa. Skal fysisk aktivitet få avgjerande effekt på den totale folkehelsa, må den
drivast av mange – helst alle. Den største helsegevinsten ved fysisk aktivitet får ein frå ingen
fysisk aktivitet, til fysisk aktivitet med låg intensitet, dvs. 30 minutt dageleg fysisk aktivitet.
(Lena Klasson Heggebø, Norges idrettshøgskule).
Ein ser i dag at meir og meir av den organiserte aktiviteten er knytt til innandørs anlegg og
øvingsrom. Det bør vera ei viktig oppgåve å stimulera til at idrettar som kombinerer fysisk
aktivitet med natur og opplevingar i friluft, får best mogleg vilkår. Særleg må skuleverket si
undervising i kroppsøving leggja stor vekt på dette.
2.7 Idrett og friluftsliv sin verdi for livsstil og helse
Railo og Ommundsen (1983) går så langt som å hevda at idretten spelar ei viktigare
psykososial og kulturell rolle enn den somatiske rolla. Dette gjeld også for friluftslivet.
Forskinga viser også at idrettsaktive unge er representantar for ein meir helsefremjande
livsstil enn inaktive born og unge.
Idrett og friluftsliv er vidare berarar av eit sterkt ibuande spennings- og utfordringspotensiale.
Dette er viktig i ei tid då ein gjerne snakkar om jakta på spenning i eit gjennomregulert
12
samfunn, og der ein m.a. dei unge sitt rusmiddelforbruk delvis kan førast tilbake til ei søking
etter og og trong for å oppleva spenning.
2.8 Det offentlege sitt ansvar
Det er ingen spesiell lovheimel som stadfestar det offentlege sitt ansvar for å leggja til rette
for fysisk aktivitet som ein førebyggjande helsefaktor. Det er likevel sterke føringar på at
staten ser dette som viktig. I St.meld. nr. 4(1999-2000) Idrettslivet i endring.
3. KOMMUNEN SIN POLITIKK INNAN IDRETT OG FYSISK
AKTIVITET OG FRILUFTSLIV – OVERORDNA MÅL OG
DELMÅL 3.1. Kommuneplanen 2009-2020
Ein har plukka ut følgjande mål og tiltak frå kommuneplanen for Hyllestad kommune 2009-
2020 som i stor grad heng saman med denne meldinga:
Hovudmål(Visjon): Hyllestad skal vere ein god kommune å leve i for alle. Delmål: Skape identitet og trivsel.
3.2 Overordna mål
Sikra at innbyggjarane i Hyllestad kommune får gode tilhøve for friluftsliv, fysisk aktivitet og
idrettsaktivitet slik at dei kan utvikle seg ut frå eigne interesser og føresetnader, samt å
motivere innbyggarane til å nytta desse.
3.3 Delmål
Driva haldningsskapande arbeid som stimulerer til fysisk aktivitet.
Sikre høg kvalitet og fleksibilitet på anlegg slik at ein får langsiktig bruk og fleire
brukargrupper.
Ivareta landskapsvern, miljømessige og estetiske tilhøve ved utbygging og rehabilitering
av anlegg
Sikre alle i kommunen høve til eigenorganisert aktivitet i sitt nærmiljø
Sikre at ungdom som ikkje deltek i organisert idrett får høve til å utfalde seg fysisk.
Sikre at det ved idrettsaktivitetar for born vert teke særleg omsyn til føresetnadane heller
enn prestasjonsytinga
Utvikle leiarar med gode haldningar i organisasjonane
Medverke til årlege kontaktmøte med lag og organisasjonar der idrett og friluftsliv er
tema.
Stimulere til samarbeid om aktivitetar og drøfting av organisasjonsstrukturen til frivillige
lag og organisasjonar.
Vidareutvikle prosjektet ”Aktiv på dagtid”.
13
4. FYLKESKOMMUNEN SINE PRIORITERINGAR
4.1 Fylkesplan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og helse
Fylkesplan for 2010-2013 for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse har spesielle
satsingsområde i 4-årsperioden.
Rehabilitering og ombygging av eldre idrettsanlegg saman med nærmiljøanlegg, vil ha høgste
prioritet. Fylkeskommunen vil prioritere betre planlegging av nærmiljøanlegg. Det er viktig
med ei heilskapleg planlegging for få trivelege og gode uteområde som innbyr til allmenn
bruk. Kjende anleggstypar kan samlast til ein heilskap, eller bindast saman med nye tiltak som
t.d. sikre og spanande skulevegar.
5. EVALUERING AV FØRRE PLAN
Nærmiljøanlegga er i stor grad gjennomførte. Prosjekta har motteke spelemidlar og er
fullfinansierte. Unnataket er rydding og merking av stiar i Hyllestad gjennom Kystarven som
av praktiske grunnar er lagt eit år fram i tid for søknad om spelemidlar.
I forhold til prioritert handlingsplan for utbygging og tilrettelegging av ordinære anlegg har
ein ikkje klart å få gjennomføre prosjekta. Årsaka her er i hovudsak manglande økonomiske
og administrative ressursar.
Men ein har også hatt vanskar med å få fram semje om eigna planløysingar.
5.1 Nærmiljøanlegg
Ballbinge i Skifjord
Prosjektet har fått tilført spelemidlar og ballbingen er under oppføring. Ferdigstilling haust-
10.
Nordsjøløypa
Prosjektet har fått tilført spelemidlar. I tillegg er det sett av fondsmidlar til utbetring av
rasskader. Prosjeket skal avsluttast haust 2010.
Tett på kysten i Skifjorden
Prosjektet har motteke spelemidlar i 2010. Prosjektet er godt i gang og er venta ferdig i 2011.
Rydding og merking av stiar i Hyllestad kommune
Dette prosjektet inngår i Kystarven. Føresett søknad om spelemidlar i 2011. Kommunal
finansiering på plass. Prosjektet ferdig i 2011.
5.2 Ordinære anlegg:
Idrettshall(Fleirbrukshall)
Prosjektet ligg inn i Fylkesplanen med løyving etter 2015.
Prosjekteringarbeid ikkje gjennomført. Ny prosjektgruppe nedsett i 2010.08.
Miniatyrskytebane
Gjort mange freistnader på å finne ei løysing knytta mot Hyllestad skule. Ståande vedtak om
sambruk av Kjellarlokalet. Vedtaket ikkje gjennomført.
Rehabilitering symjehall:
Prosjekteringsarbeid ikkje gjennomført. Vurderer no nedlegging.
14
6. ANALYSE AV BEHOV FOR AKTIVITET OG ANLEGG
6.1 Prioritert for 2011-2014
Me ser det som ei viktig oppgåve å auka tilbodet og leggja betre til rette også for den
uorganiserte aktiviteten i den komande perioden. I tillegg ynskjer me å ta vare på dei
eksisterande anlegga slik at dei vert meir funksjonelle og får ein standardheving til dagens
etterspurnad.
6.2 Nærmiljøanlegg:
1. Rydding og merking av stiar i Hyllestad
2. Nærmiljøanlegg Åfjorddalen
3. Skor Grendalag-balløkke
4. Nærmiljøanlegg Hyllestad skule
5. Øen Grendalag-ymse nærmiljøtiltak
Rydding og merking av turstiar i Hyllestad:
Dette prosjektet er starta opp og har fått kommunal finansiering. Søknad om spelemidlar i
2011. Prosjektet avsluttast 2012.
Nærmiljøanlegg Åfjorddalen:
Dette er prosjektet er spela inn i samband med planprosessen. Prosjektet må få ei nærare
utgreiing/detaljplanlegging før det er grunnlag før søknad om spelemidlar.
Prosjektet har bakgrunn i manglande aktivitetsområde på Åfjorddalen.
Skor Grendalag-balløkke:
Har lege på is ei stund. Vert no lagt inn i handlingsprogrammet som balløkke.
Nærmiljøanlegg Hyllestad skule:
Lagt inn for realisering i planperioden. Kommunal delløyving gjeve.
Øen Grendalag – div. nærmiljøtiltak
Ligg inne i planperioden sjølv om tiltaka er lite konkrete.
6.3 Ordinære anlegg
1. Innandørs skytebane
2. Kunstgras Hyllestad(rehabilitering)
3. Delanlegg for friidrett-toppdekke
4. Stikart knytta til 100 stiar i HAFS
5. Liten fleirbrukshall
6. Rehabilitering symjehall
Innandørs skytebane:
Dette er eit prosjekt som har lege i planverket lenge. Det er freista finne løysingar på eit
anlegg i tilknytning til Hyllestad skule. Ein går for at vedtaket frå 2008 vert følgt opp og at
Hyllestad skyttarlag får nytte Kjellarlokalet ved Hyllestad skule.
Kunstgras Hyllestad- rehabilitering av kunstgrasbana:
Kunstgraset på Hyllestad stadion er no 10 år. Anlegget er utslite og bør fornyast. Det er no
mogeleg å oppnå spelemidlar til rehabilitering av banedekket.
15
Ei plannemd har planlagt og kostnadsrekna nytt kunstgrasdekke.
Delanlegg for friidrett-toppdekke:
Det er kome innspel på å legge toppdekke på delanlegget for friidrett. Dette kan på ein god
måte samordnast med nytt kunstgrasdekke.
Stikart knytta til 100 stiar i HAFS:
Dette er eit fellesprosjekt mellom dei 5 HAFS-kommunane og må ligge inne i
handlingsplanen.
Liten fleirbrukshall:
Sjølv om ein ikkje har gjort mykje planarbeid legg ein inn ein liten fleirbrukshall i
handlingsplanen. Dette for om mogeleg å kome i posisjon for spelemidlar i perioden 2013-
2017.
Rehabilitering av symjehallen:
Rehabilitering av symjebassenget ligg inne i påvente av endeleg kommunal handsaming i
perioden, slikat ein kan komme i posisjon for spelemidlar i planperioden, om dette vert det
endelege vedtaket.
6.4 Handlingsplan 2011-2014
Økonomisk medverknad frå kommunen føreset innarbeiding i framtidige budsjett og
økonomiplanar. Dette vil verte gjort etterkvart og i den grad det vert tilpasse dei økonomiske
rammene I økonomiplan for 2007 – 2010 vart det for 2010 og 2011 lagt inn kr. 200.000,-
som kommunalt bidrag til nærmiljøtiltak ved Hyllestad skule. Vidare er det løyvd kr.
140.000,- til prosjektet ”Rydding og merking av stiar i Hyllestad kommune”.
I perioden er tiltak knytta til idrettsanlegget på Hyllestad prioritert med nytt kunstgrasdekke
og toppdekke på friidrettsanlegget.
Til private tiltak er det lagt prioritet til rehabiliteringa av Åfjorddalen Bygdehus.
Men generelt sett har ikkje kommunen mykje midlar til å gå inn med eigenandel ved bygging
og rehabilitering av anlegg, og er avhengig å få frivillige lag og organisasjonar til å ta initiativ
og gjennomføra desse. Også ved finansieringa av kommunale anlegg går private inn og tek
det største løftet.
Det er vidare ein føresetnad for å kunne søke om spelemidlar at tiltaka er prioriterte i
handlingsplanen og at førehandsgodkjenning av planane er gjeven.
Ansvaret med førehandsgodkjenning er ved dette høve delegert frå Kulturdepartementet til
kommunane. For Hyllestad sitt vedkomande vil det seie Plan og utviklingsavdelinga.
6.5 Tiltak som ikkje ligg inne i handlingsplanane for 2011-2014.
Ei slik liste over anlegg er basert på registrerte planer frå lag og organisasjonar og kommunale
anlegg, samt tiltak som har kome fram i samband med planarbeidet.
Det ligg ikkje slike tiltak inne i lista.
16
Handlingsplan for idrettesanlegg i Hyllestad kommune 2011-2014 i 1000 kr
Anlegg
Kostnad
i 1000
kr
ANLEGGSSTART – FINANSIERING
2011
2012
2013
2014
K
ST
PR
K
ST
PR
K
ST
PR
K
ST
PR
Innandørs
skytebane
900
150
(1)
300
450
Rehabilitering
kunstgrasbane
2.450
700
950
800
Toppdekke
friidrettanlegg
800
300
266
234
Kart-100 stiar i
HAFS
760
125
(2)
253
382
Liten
fleirbrukshall
12000
2000
800
1000
Rydding og
merking av
stiar.
400
200
(3)
200
Nærmiljø-
anlegg-
Åfjorddalen
380
50
175
130
25
Balløkke-Skor
80
40
30
10
Nærmiljø-
anlegg-
Sørbøvåg
80
40
30
10
Nærmiljø-
anlegg-
Hyllestad skule
1200
200
(4)
200
200
200
200
200
Rehabilitering
symjebasseng.
8500
3000
500
1) Føresett finansiert med fond.
2) Bidrag frå 5 kommunar
3) Kommunal delfinansiering
4) 3 nærmiljøanlegg i samla plan.
17
Samleskjema for årlege driftsutgifter og inntekter for idrettsanlegg i
Hyllestad kommune 2011-2014 i 1000 kr
Anleggsoppgåver
Utgifter
Utbyggings-
kostnad
Driftsutlegg Driftstilskot
eigen org.
Driftstilskot
kommune
Sum
Inntekter
Innandørs
skytebane
900
30
30
30
Rehabilitering
kunstgras
2400
150
150
150
Toppdekke
friidrett.
800
50
50
50
Kart-100 stiar i
HAFS
760
20
20
20
Liten
fleirbrukshall
12000
500
500
500
Rydding og
merking av stiar.
400
50
50
50
Nærmiljø-anlegg-
Åfjorddalen
380
30
30
30
Balløkke-
Skor
80
20
20
20
Nærmiljø-
anlegg-Sørbøvåg
80
20
20
20
Nærmiljø-anlegg-
Hyllestad skule
1200
50
50
50
Rehabilitering
symjebasseng.
8500
800
800
800
18
UTBYGGINGSPLAN FOR LOKALE KULTURBYGG
Innhald
1. Planhistorie
2. Evaluering av førre plan
3. Analyse og behov for kulturbygg
4. Oversyn over kulturbygg
5. Ynskje om utbyggingstiltak
1. KORT PLANHISTORIE
Frå og med 1.juli 2001 har Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje lenger krav om eigen
kommunal utbyggingsplan for kulturbygg. For kulturbygg som det vert søkt om midlar til skal
likevel prioriterast av kommunen.
Kommunal utbyggingsplan for lokale kulturbygg i Hyllestad kommune vart første gong
vedteken i 2001. I samband med revisjon av Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk
aktivitet vert også utbyggingsplanen og kulturbygg også revidert. Ein har no funne det
hensiktsmessig at sistnemnde plan er eit eige kapittel i Kommunedelplanen.
2. EVALUERING AV FØRRE PLAN
I gjeldande plan var det 3 kulturbygg som vart prioritert:
Åfjorddalen bygdehus. Arbeidet er avslutta. Tildelt spelemidlar Kommunalt
tilskot. Kostnad om lag 1.5 mill.
Løland bedehus (nytt tak) Arbeidet er ikkje byrja. Kommunalt tilskot ikkje
søkt.
Sørbøvåg bedehus Arbeid ikkje byrja. Ikkje søkt kommunalt tilskot.
3. ANALYSE OG BEHOV FOR KULTURBYGG
Det er mange kulturbygg i kommunen Desse er eigd både av frivillige organisajonar og
kommunen. Dei kommunale bygningane er i hovudsak skulehus. Då storparten av desse
bygningane vart bygde var desse å sjå på som grendehus/skular. Bygningane fekk ein storleik
som var tilpassa bygda/grenda. Aktivitetane i desse husa har såleis vore mykje lik. I
ungdomshusa har ein t.d. drive med same aktivitetane i alle husa i kommunen. Det same gjeld
for bedehusa.
I dag ser vi at mange av desse husa er lite brukt. I tillegg er alle husa om lag av same storleik
og alder. Fleire av forsamlingshusa har små moglegheiter for utviding av hus og
parkeringstilhøve.
Utvidinga av Åfjorddalen bygdehus imøtekjem no i stor grad behovet for scenetekniske
løysingar i samband med ulike arrangement i kommunen. Storleiken og standarden på huset
19
er no i ferd med å bli heva elles også. Det står att div. rehabiliteringstiltak knytta til toalett,
møtelokalitetar og sceneopning.
Det er sannsynleg langt fram før ein får på plass ei ”storstove” i kommunen med dei store
driftskostnadene det vil medføre.
For forsamlingshusa vil det heile tida vere behov for vedlikehald, og manglande midlar til
eigarane kan medføra at hus forfell. Sannsynlegvis er det ikkje mogleg å ”ta vare” på alle
kulturbygga i kommunen. Ein må føreta ei prioritering. Ein bør nok gå så langt at ein føretek
sanering/sal av forsamlingslokale.
Prioriteringa er sett opp ut frå innkomne innspel etter at laga var orientert om at planen skulle
reviderast, samt innspel til gjeldande plan.
4. OVERSYN OVER KULTURBYGG
N
r
Husets
namn
Adresse Aktivitetar Golvf
l.
Bygge
-
Teknis
k
Ant.
g.
pr.
mnd
.
Kommentar
ar
Eigar Skulekri
ns
(Evt.
brukargrupp
e)
m2 år tilstan
d
dag kvel
d
1 Gamleskule
n Hyllestad
Hyllestad
Hyllestad
kvinne &
fam.lag
Hyllestad møtelokale 60 1895 Huser er i
bruk 2 g. pr.
mnd.
2 Hornedalen
bedehus
Sørbøvåg
Øen
indremisjon
Øen møter og
basar
ca 60 1918 Ganske
bra
Huset er i
bruk ca 4
gonger årleg
3 Hyllestad
fleirbruksh
us
Hyllestad
Hyllestad
IL,
Hyllestad
Grendalag,
Hyllestad
Røde Kors
Hyllestad Eigarane/div.
lag
2004 God Huset er i
bruk 2-3
gonger pr.
veke.
4 Hyllestad
skule,
gymsal
Hyllestad
Hyllestad
kommune
Hyllestad Eigar/div. lag 200 1973 Er i dagleg
bruk.
5 Kantine,
Kværner
Leirvik
Leirvik God
Kværner
LeirvikA/S
Leirvik Er i dagleg
bruk.
20
6 Klubbhus Øen
Sørbøvåg
MC-klubb
Sørbøvåg Eigar
7 Leirvik
barnehage,
gymsal
Leirvik
Hyllestad
kommune
Leirvik Eigar/div. lag 84 1960 God
8 Lifjorden
ungdomshu
s
Hyllestad
Lifjorden
bygdelag
Hyllestad Eigar 130 1947 God Huset er i
bruk 1-2 g.
pr. mnd.
9 Ljosheim Leirvik
Bøfjord
ungdomslag
Leirvik Eigar 101? 1930-
32
Bra
10 Løland
bedehus
Leirvik
Dalane
indremisjon
Hyllestad møte, festar,
basar
120 ca
1920
God
11 Skifjord
bedehus
Sørbøvåg
Øen
indremisjon
Øen Øen
indremisjon
12 Skifjord
skule
Sørbøvåg Huset er i
bruk 1-2 g.
pr. veke.
Hyllestad
kommune
Øen Skifjord
grendalag
60 1957
13 Skor
skulehus
Leirvik
Hyllestad
kommune
Hyllestad Skor
grendelag
130 1911 Huset er i
bruk 1-2 g.
pr. mnd.
14 Skyttarhus Sørbøvåg
Hyllestad
skyttarlag
Sørbøvåg Eigar Bra
15 Skyttarhus Leirvik
Skor
skyttarlag
Hyllestad Eigar
16 Sørbøvåg
bedehus
Sørbøvåg Huset blir
brukt til
møte,
juletrefest,
søndagsskule
, basar
21
Øen
indremisjon
Øen 108 1933 Bra 2
17 Vonheim Sørbøvåg Huset er i
bruk 1-2 g.
pr. veke.
Øen
grendalag
Øen 300 1950-
60
1 12
18 Øn
barnehage
Sørbøvåg
Hyllestad
kommune
Øen Eigar 1978 God
19 Åfjorddal
bygdehus
Hyllestad
Åfjorddal
ungdomslag
Leirvik Eigar 450 1970 God 10
5. YNSKJE OM UTBYGGINGSTILTAK
Åfjordalen Bygdehus- 3. byggjesteg-
Åfjorddalen Ungdomslag har føreteke ombygging, tilbygging og rehabilitering av
Åfjorddalen Bygdehus i 2 byggjetrinn. Det er gjeve tilskot frå spelemidlane til tiltaket(a)
Det er no laga plan for eit 3. byggjetrinn der dei fleste tiltaka er innvendige tiltak.
Prosjektet no er på 850.000,-. Totalt har då Åfjorddalen Bygdehus fått ei standardheving til
ein kostnad på ca. 2.3 mill. Prosjektet har vore drøfta i samarbeid med Hyllestad kommune,
ref. F-sak 16/10.
Løland Bedehus – nytt tak
Det er spele inn plan for skifte av taket på Løland bedehus. Dette tiltaket er å sjå som eit
vedlikehaldsprosjekt og vil såleis ikkje få tildelt spelemidlar. Det er likevel mogeleg for
Hyllestad kommune å støtte tiltaket, men då over ”frie” kulturmidlar.
Ljosheim-Bøfjord ungdomshus– div. bygningsmessige tiltak
I planprosessen har Bøfjorden UL spela inn behov for div. utbetringstiltak på ungdomshuset
”Ljosheim”. Til no er dette ei opplisting av ynskje. Kostnadsråma er om lag 500.000,-. Før
prosjektet evt. kan vurderast med tilskot frå spelemidlane må det føretakast ei grundig
planlegging.
Vonheim-Sørbøvåg – div. utbetr.tiltak
Øen Grendalag har spela inn ynskje om div. tiltak knytta til ungdomshuset ”Vonheim”.
Slik prosjektet ligg no synes det som om tiltaka gjeld inventar og utstyr. Dette gjev ikkje
grunnlag for tilskot frå spelemidlane. Hyllestad kommune kan sjølvsagt yte tilskot frå ”frie”
kulturmidlar.
Prioriterte tiltak lokale kulturbygg
Kulturb.
Tiltak Kostnad Årstal Fylkeskom.t Komm.t. Eigend.
Åfjorddalen
Bygdehus
Div.
rehabiliteringstiltak
850 2011/2012 262 100 538
22
Uprioritert liste
Kulturb.
Tiltak Kostnad Årstal Fylkeskom.t Komm.t. Eigend.
Løland
Bedehus
Skifte tak 143
Ljosheim Div. utbt. 500
Vonheim Div. utbt. ----
Top Related