solvipaobjork.files.wordpress.com€¦  · Web view”Amanda”, og ”Tre Gratier” er i bronse,...

7
Det vidare arbeidet med arbeidskrav i skulptur Eg har som før sagt laga ”Amanda” i leire som eg tykte var nokolunde vellukka, og ein av gips i miniatyr som eg ikkje tykkjer var så vellukka. Vidare laga eg mest ferdig den eine av ”Tre gratier” av Ist`van Lisztes, også i leire (hadde berre litt finpuss att). Denne var eg uheldig med, den gjekk i golvet og enda opp med brotne armar og knekt nakke (etter at den var mest ”turr”) lite å gjera med . ”Tre gratier” Min ”Gratie” Denne skulpturen står utafor rikshospitalet i Oslo. Dei same figurane er laga i gips, men då er dei sju stykker og installasjonen heiter ”Syv”. Ist`van Lisztes er fødd i Ungarn, han er utdanna ved kunstgymnas i Ungarn. Det vert hevda at han er den kunstnaren som beherskar best kombinasjonen av den forenkla mellomkrigs-figurasjonen og den postmoderne installasjonskunsten sin raffinerte kompleksitet, her i landet. Han har arbeidd med ulike materialar og utnyttar desse materiala sine eigenartar ( Lillehammer kunstmuseum, 2001).

Transcript of solvipaobjork.files.wordpress.com€¦  · Web view”Amanda”, og ”Tre Gratier” er i bronse,...

Page 1: solvipaobjork.files.wordpress.com€¦  · Web view”Amanda”, og ”Tre Gratier” er i bronse, ”The Kiss” ser ut til å vere i stein og ”The sleeping Muse” i marmor,

Det vidare arbeidet med arbeidskrav i skulptur

Eg har som før sagt laga ”Amanda” i leire som eg tykte var nokolunde vellukka, og ein av gips i miniatyr som eg ikkje tykkjer var så vellukka. Vidare laga eg mest ferdig den eine av ”Tre gratier” av Ist`van Lisztes, også i leire (hadde berre litt finpuss att). Denne var eg uheldig med, den gjekk i golvet og enda opp med brotne armar og knekt nakke (etter at den var mest ”turr”) lite å gjera med .

”Tre gratier” Min ”Gratie”

Denne skulpturen står utafor rikshospitalet i Oslo. Dei same figurane er laga i gips, men då er dei sju stykker og installasjonen heiter ”Syv”.

Ist`van Lisztes er fødd i Ungarn, han er utdanna ved kunstgymnas i Ungarn. Det vert hevda at han er den kunstnaren som beherskar best kombinasjonen av den forenkla mellomkrigs-figurasjonen og den postmoderne installasjonskunsten sin raffinerte kompleksitet, her i landet. Han har arbeidd med ulike materialar og utnyttar desse materiala sine eigenartar ( Lillehammer kunstmuseum, 2001).

Etter å ha lese ein del om Michelangelo og hans arbeid, fekk eg litt lyst til å skjere ut meir i gips.

Eg har også funne to andre kunstverk som eg har valt å prøve ut i gips. Det er begge Brancusi sine verk og veldig ulike i stil, tykkjer eg. Det er skulpturane:

Page 2: solvipaobjork.files.wordpress.com€¦  · Web view”Amanda”, og ”Tre Gratier” er i bronse, ”The Kiss” ser ut til å vere i stein og ”The sleeping Muse” i marmor,

Sleeping Muse I, 1909-10.Constantin Brancusi, Romania. 1876-1957, og ”The Kiss” .

Her vart det ein del prøving og feiling. Slik at figurane ikkje er så store som først tenkt… Men til slutt tykte eg at resultatet ikkje vart så aller verst.

Forma til figurane mine har alle runde former, kanskje ikkje ”The Kiss” er så rund men dama har no ein søt liten rund mage då. Elles er vel den meir avrunda firkanta.”Tre Gratier” har slanke figurar og lyset kjem ovanfrå , og det eg kan sjå av skugge på dei tre kvinnene er under armane som dei held ut og under brysta. ”Muse” og ”Amanda” er no runde i forma og gode og halde i handa.

Lysvinkel og skugge til figurane er avhengige av kvarandre. På ”Amanda” er det no stort sett skugge under skjørtet og under armane som ligg i fold under bringa. ”Muse” kastar lite skugge, den er svært avrunda og den mørkasteskuggen kjem rett under nasen, under overlepen, under haka og litt svakare skugge i augeregionen der det ikkje er så skarpe kantar i figurforma til figuren. ”The Kiss” har noko skugge der figurane er ”delte” Det ser ut for at det er meir skugge til djupare det er skore. Med lyset på figuren slik det er på biletet ser ein veldig godt ”mønsteret” til figuren. Problemet med denne figuren er at eg ikkje fann baksida til mannen, så den laga eg også med langt hår.

Figurane eg har prøvd ut har hatt lite dekor. ”Amanda”, og ”Tre Gratier” er i bronse, ”The Kiss” ser ut til å vere i stein og ”The sleeping Muse” i marmor, dette fann eg ikkje info om på bileta. Eg tykkjer at det naturlege uttrykket er veldig fint i Brancusi sine kunstverk, men han har liknande skulpturar med ”Muse” gullfarga også. Eg malar gips-amandaen min i bronse, leire-amandaen min og dei andre gipsfigurane trur eg ikkje er turre nok så dei torer eg ikkje å dekorere med anna enn å strukturere overflata.

Når det gjeld skissene har eg prøvd å teikna og sidan eg har hatt litt lite material har eg prøvd meg fram på det som er blitt dei endelege utkasta dermed vert det ikkje mange ”fysiske utprøvingar”.

Page 3: solvipaobjork.files.wordpress.com€¦  · Web view”Amanda”, og ”Tre Gratier” er i bronse, ”The Kiss” ser ut til å vere i stein og ”The sleeping Muse” i marmor,

Her er litt frå mitt arbeid med skulpturane

Skisse

Utskjeringa

Page 4: solvipaobjork.files.wordpress.com€¦  · Web view”Amanda”, og ”Tre Gratier” er i bronse, ”The Kiss” ser ut til å vere i stein og ”The sleeping Muse” i marmor,

Min ferdige ”Sleeping Muse”

Skissa

Page 5: solvipaobjork.files.wordpress.com€¦  · Web view”Amanda”, og ”Tre Gratier” er i bronse, ”The Kiss” ser ut til å vere i stein og ”The sleeping Muse” i marmor,

Frå utskjeringa

Den ferdige gipsskulpturen min

Eg må no velje ut to kunstverk, og det eine er ”Amanda” i leire og mitt utrykk av ”sleeping Muse” i gips.

Page 6: solvipaobjork.files.wordpress.com€¦  · Web view”Amanda”, og ”Tre Gratier” er i bronse, ”The Kiss” ser ut til å vere i stein og ”The sleeping Muse” i marmor,

I mitt arbeid med desse figurane har eg erfart at dette er to ulike måtar å arbeide på. Med leire byggjer ein opp ein figur, og med gipsen ”skjer ein fram” ein figur. Det er sjølvsagt lettare å ”feile” med gips, men det er definitivt meir spennande. Når ein formar ein leirklump kan ein bruke hendene meir til å skape det ein vil, ein kan endre på figuren slik ein vil fram og tilbake.

Når ein arbeider med eit hardt materiale som gips kan ein ikkje feile noko særleg utan at det får konsekvensar. Skal ein ”reparere” må det vere til eit mindre format, noko eg fekk erfare med gips-amandaen min. Der hadde eg som tanke og lage ein miniatyr av amanda- leirfiguren min. Her vart det verre å endre på noko, eg gjorde to forsøk med å få rette dimensjonen, men då eg hadde gjort den siste og såg at skjørtet endå var for lite i forhold til kroppen, hadde eg ikkje att nok gips til å forminske kroppen og spesielt håret ein gong til. Elles så fekk eg erfare med alle gipsfigurane mine at ein må vere nøyen når ein blandar gipsen. Mine gips-emner hadde blærer som kom fram då eg forma, difor vart det små hol enkelte plassar på skulpturen. Ein anna ting var at det vart parti i gipsen som var knallhard, og mest uråd å skjere i. Dette gjorde det vanskeleg å få figurane slik eg ville ha dei.

Korleis bruke dette i skulen?

Min formeining om det eg har prøvd ut no er at arbeid med leire er det som kan vera enklast (både med forming, lettare å justere om ein vil det, og ein slepp å vere redd for skarpt skjere-utstyr). Eg meinar også at ein bør ha omn til å steike leirskulpturane i.

Når det gjeld utskjering/forming i gips, så tenkjer eg at det kan egne seg som arbeid for dei flinkaste elevane. Eg trur at svake elevar lett kan miste motet når ein ser at dette vert utfordrande/håplaust å få til.