Tvillingsjeler undervisningsopplegg vgs nynorsk

17
Tvillingsjeler Pedagogisk opplegg Utarbeidd av Hilde Strømsjordet og Ellen Kristensen

description

pedagogisk opplegg Tvillingsjeler nynorsk

Transcript of Tvillingsjeler undervisningsopplegg vgs nynorsk

1/1

Tvillingsjeler Pedagogisk opplegg

Utarbeidd av

Hilde Strømsjordet og Ellen Kristensen

1

Innhald

1. Forord s. 2

2. Rettleiing og målsettingar s. 3

3. Forarbeid – før framsyninga s. 5

- Eit kort samandrag av framsyninga m/ oppgåver - Oversikt over personane i stykket - Eit historisk bakteppe m/ oppgåver - Historiebevisstheit og minnekultur m/ oppgåver

4. Etterarbeid – etter framsyninga s. 11

2

Forord

Riksteateret set våren 2013 opp stykket Tvillingsjeler basert på boka Mørkets sangerske av Jan

Erik Vold. Tvillingsjeler skildrar det sterke møtet og forholdet mellom kvinnene Ruth Maier og

Gunvor Hofmo under andre verdenskrigen i Oslo. I forteljinga blir vi òg introdusert for ein del av

norsk historie som kan seiast å vere eit av dei mørkaste kapitla i norsk okkupasjonshistorie,

historia om dei norske jødane under andre verdskrigen.

Historiene om jødeforfølgjingar i Noreg har fått ein minimal plass i norsk krigshistorie. Tausheita

omkring dette har til tider blitt utfordra. Kritikken har først og fremst vore retta mot den rolla

norske aktører hadde i forkant av deportasjonane, der norsk politi sto i ei særstilling og medverka

til at over 40 % av dei norske jødane mista livet i tyske konsentrasjonsleirar. Denne historia kjem i

liten grad fram i norske skolebøker, og ei masteroppgåve frå Høgskolen i Oslo av Ellen Kristensen

viser at lærarstudentar i svært liten grad kjenner til emnet. Den kollektive erindringa av andre

verdskrigen er nært knytt til ein nasjonal identitet og kva vi føler er rett og som vi kan

identifiseres oss med. Norsk okkupasjonshistorie har tradisjonelt blitt fortalt i eit svart-kvitt

perspektiv der heltane som jobba mot nazistane og NS, har ein stor plass. Hausten 2012 gjekk

norske styresmakter, leia av statsminister Jens Stoltenberg, og norsk politi ut med ei offentleg

orsaking for første gong av deportasjonane av dei norske jødane under andre verdenskrigen. Med

framsyninga Tvillingsjeler gir Riksteateret no plass til denne historia.

Det tilrettelagde skolemateriellet har både iet for- og eit etterarbeid. Materiellet er utarbeidd av

erfarne lektorar ved Nydalen Voksenopplæring i Oslo og kan bli tilpassa ulike studieretningar

og brukt tverrfagleg. I rettleiinga er dette skildra meir utførleg. Gjennom for- og etterarbeidet

er det eit mål at elevane skal få eit språkleg, litterært, kunstnarleg, historisk og

samfunnsfagleg utbytte.

3

Rettleiing

Denne rettleiinga er meint å vere ei forklaring og hjelp til å organisere arbeidet med teaterstykket

Tvillingsjeler. Undervisingsopplegget er i første omgang retta mot elevar i vidaregående

opplæring. Kompetansemåla er henta frå læreplanverket for vidaregående skole, Kunnskapsløftet

2006. De ulike oppgåvene skal kunne brukast på både VG1, 2 og 3 nivå. Oppgåvene er lagt opp på

ein slik måte at det skal vere mogleg med individuell tilrettelegging. Undervisingsopplegget er

delt i tre. Det er sett saman av eit forarbeid, sjølve teaterstykket og eit etterarbeid.

Forarbeid:

Forarbeidet går ut på at ein skal lage eit samandrag av teaterstykket, eit tilbakeblikk på historia til

jødane i Noreg før massedeportasjonen i 1942, og få ein introduksjon til omgrepet

«historiebevisstheit» .

Det er lagt opp til både munnlege og skriftlege oppgåver i tillegg til ei innleveringsoppgåve.

Samtale og refleksjon rundt temaet er viktig for å sikre at elevane forstår stykket og tematikken.

Det er opp til den einskilde læraren å avgjere om oppgåvene skal gjerast munnleg eller skriftleg.

Etterarbeid:

Etter at elevane har sett teaterstykket i gruppe saman med læraren, er det lagt opp til både

munnleg og skriftleg arbeid kn ytt til stykket. Det er drøftingsoppgåver, reine spørsmåls - og

svaroppgåver, individuelle skriftlege oppgåver og meir kunstnarlege oppgåver.

Målsettingar:

Overordna mål: Gi elevane kjennskap til teater som uttrykksform og sjanger og i tillegg kunnskap

om historia om Ruth Maier og Gunvor Hofmo. I tillegg skal elevane gjennom arbeidet med

teaterstykket utvikle både munnlege og skriftlege ferdigheiter, dei skal få ein større bevisstheit

rundt si eiga historia, og i tillegg klare å sjå historia i eit notids- og framtidsperspektiv. Etter

framsyninga skal eleven kunne presentere handlinga eller temaet i stykket, eller sentrale deler av

det gjennom ein munnleg eller skriftleg presentasjon eller eit kunstnarleg uttrykk.

4

Delmål: Delmåla gjer det mogleg å skilje dei ulike studiefaga og jobbe målretta innan einskilde

område. Vi vil likevel understreke at dette stykket er særleg godt eigna til å jobbe tverrfagleg og

at det vil gi elevane eit større utbytte og ei betre forståing.

Norsk: • Meistre ulike munnlege roller i gruppesamtalar, føredrag, dramatiseringar,

presentasjonar og framføringar som aktør og tilhøyrar. • Bruke relevante og saklege argument i diskusjonar og vere open for andre sine

argumenter. • Skildre samspelet mellom munnleg og skriftleg språk, bilde, lyd, musikk, rørsler. • Skildre estetiske uttrykk i teater, film, musikkvideo, aviser, reklame og drøfte ulike

funksjonar knytt til språk og bilde. • Drøfte innhald, form og føremål i eit representativt utval samtidstekstar,

skjønnlitteratur og sakprosa. • Samanlikne og vurdere tekstar som blir overførde frå eitt medium til eit anna.

Samfunnsfag: • Forklare kvifor fordommar oppstår og diskutere korleis framandfrykt og rasisme kan

bli motarbeidd. Historie:

• Undersøke korleis eigne førestillinger om fortida er blitt forma og diskutere ulike faktorar som gjer at menneske kan ha ulike oppfatningar om fortida.

• Gi eksempel på og drøfte korleis utstillingar, minnesmerke, minnedager eller markering av særskilde historiske hendingar har betydning for notida.

• Vurdere ulike ideologiske ståstader for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-tallet.

Historie og filosofi: • Gjere greie for ulike historiesyn og analysere eige og andre sitt historiesyn. • Forklare omgrepa identitetspolitikk og erindringspolitikk og diskutere korleis historie

er blitt brukt i kulturell og politisk samanheng. • Forklare omgrepet historiebevisstheit og vurdere korleis historieforståing og

kunnskap om fortida kan påverke val menneske gjer. • Drøfte kvifor kritisk tenking er sentralt innanfor historieforsking. • Vurdere kva som formar historisk identitet hos individ og grupper, og gi eksempler på

korleis ulike felleskap har forma, forsterka og formidla historisk identitet. Kunst og kultur:

• Presentere verk av sentrale biletkunstnarar i Noreg og andre land frå 1900-tallet og fram til i dag.

• Gjere greie for særtrekk ved ulike epokar på 1900-talet og fram til i dag • Kjenne igjen formspråk, symbol og materialbruk i kunst, bilde og formuttrykk frå ulike

kulturar i vår tid • Gi eksempler på biletkunst, dekor og symbol knytt til tradisjon, religion og politikk

5

3. Forarbeid (felles for alle studieretningar) Eit kort samandrag av Tvillingsjeler.

Stykket handlar om den norske diktaren Gunvor Hofmo og venninna hennar Ruth Maier. Ruth

Maier var ein austerriksk-jødisk flyktning. Ho budde i Noreg delar av livet sitt og var veldig

kunnskapsrik. Mens ho budde på eit jenteinternat i Dalsbergstien 3 i Oslo, blei ho 26. november

1942 henta av politiet for å bli transport ut av Norgeg med krigsskipet Donau. Gunvor sto på kaia

og så venninna dra av garde. Ruth kom aldri tilbake. Ho ble drepen av tyskarane i gasskammer i

Auschwitz.

Ruth Maiers dagbøker og brev blei tatt vare på av Gunvor. I 2007 blei dei gitt ut i bokform,

redigert av Jan Erik Vold, og omsett til fleire språk. Teaterstykket er laga etter dokumentarbøker

skrive av Jan Erik Vold. Dette er norsk krigshistorie som blir teater.

I teaterstykket møter vi Gunvor Hofmo som eldre dame. Ho tenker tilbake på livet sitt og

venskapen med Ruth Maier. For å vise den sterke venskapen mellom Gunvor og Ruth er det to

skodespelarar til på scenen, den yngre Gunvor Hofmo og Ruth Maier. Gjennom tankane til den

eldre Gunvor blir vi kjende med historia om Ruth, Gunvor og venskapen deira. Etter at Ruth blei

sendt til Tyskland, blei Gunvor psykisk sjuk og var store delar av livet lagt inn på sjukehus.

Gunvor den eldre er på sjukehuset når vi møter henne i teaterstykket.

Gunvor klandra seg sjølv for ikkje å ha klart å redde venninna si og hun sørgde over henne heile

livet.

Teaterstykket er skrive av sceneinstruktør Otto Homlung.

Oppgåve 1

a) Les samandraget.

b) Diskuter kva du trur dette stykket vil handle om.

c) Kva veit du om Gunvor Hofmo og Ruth Maier? Har du høyrt om dei frå før?

d) Kjenner du til liknande historier om einskildpersonar frå andre verdskrigen?

Målgruppe: Alle

6

Oversikt over personane i stykket

Gunvor Hofmo:

Gunvor Hofmo blei fødd i Oslo 30. juni 1921, og døydde 17. oktober 1995. Ho var ein norsk lyrikar

som skreiv dikt om vonde og vanskeleg emne som krig, lidingar, sorg og sjukehusopphaldet sitt.

Ho skreiv essays, men begynte seinare å konsentrere seg om dikt.

Hofmo sleit med psykiske problem, mange meiner at ei av årsakene var venninna Ruth Maier som

ble drepen i Auschwitz under krigen og at Gunvor klandra seg sjølv for ikkje å ha klart å redda

henne. Hofmo levde eit anonymt liv i hovudstaden og var store delar av livet sitt på Gaustad

Psykiatriske sykehus. Hun lét seg ikkje intervjue. Ho las aldri opp dikta sine. Det var først etter at

ho var død at det var mogleg å lage ei biografisk skisse av henne, takk vere Jan Erik Vold.

Ruth Maier

Ruth Maier kom frå Wien som jødisk flyktning til Noreg i 1939. Da var ho 18 år gammal. Ho kom frå

ein velståande heim, både kulturelt og økonomisk. Faren var død på dette tidspunktet og

familiemedlemmene reiste til ulike land for å unngå Hitler. Ruth var den einaste frå familien som

kom hit. Som jødisk flyktning i Noreg opplevde ho å bli mobba og trakassert på skolen. I Gunvor

fann ho derimot ei god og nær venninne og dei utvikla ein heilt spesiell venskap. Den siste

tilhaldsstaden hennar var eit jenteinternat i Dalsbergstien 3 i Oslo. Der blei ho henta av politiet 26.

november 1942 for å bli sendt ut av Noreg med skipet Donau. Da ho ble ført ned trappa i

Dalsbergstien av politiet, spurde venninnene hennar om dei skulle ta vare på klokka hennar til ho

kom tilbake. «Eg kjem aldri tilbake», svarte ho. Maier blei drepen av tyskarane med ein gong ho

kom fram til Auschwitz. Dagbøkene og breva til Ruth Maier blei tatt vare på av diktaren Gunvor

Hofmo. I 2007 blei dei gitt ut i bokform, redigert av Jan Erik Vold.

7

Eit historisk bakteppe

Holocaust skjedde òg i Noreg. Omgrepet det norske Holocaust refererer til dei forfølgjingane,

deportasjonane og utryddingane dei norske jødane i Noreg blei utsette for under andre

verdskrigen. Historia om det norske Holocaust er eit av dei mørkaste kapitla i norsk historie. I alt

772 norske jødar blei deporterte og utrydda. Dette utgjorde 46 %. Danmark var òg okkupert av

Nazi-Tyskland, der blei 0,7 % av jødane deportert og utrydda.

Under massedeportasjonen 26. november 1942 blei til saman 532 norske jødar tvinga om bord på

transportskipet Donau. Alle kvinner og barn blei gassa i hel med det same dei kom til Auschwitz.

Det norske politiet spelte ei heilt avgjerande rolle for at deportasjonane av dei norske jødane

kunne gjennomførast, saman med ei rekke andre norske yrkesgrupper. Registreringa og

kartlegginga av norske jødar begynte allereie før okkupasjonstida. Ekspertar slo fast at det i 1938

var 3500 jødar i Noreg. Noreg blei omtalt som eit ”middels jødeland”.

I 1940 konfiskerte politimester Kristian Welhaven alle radioapparata til norske jødar ved hjelp av

lisensregisteret hos telegrafverket. Jødane blei òg hindra i å kjøpe nye apparat. Utan radio hadde

dei norske jødane lita moglegheit til å følgje med på utviklinga av krigen og den lagnadstunge

tilinkjesgjeringa dei etter kvart skulle oppleve.

Neste steg i kartlegginga var jødisk eigedom og dette skjedde diskret mellom

Justisdepartementet og fylkesmennene. Resultatet blei sendt til Politidepartementet. Etter denne

registreringa var det identifiseringa av norske jødar som stod for tur. J-stemplinga av jødiske

legitimasjonskort var langt frå så diskret som registreringa av jødisk eigedom. Saman med dette

kom beskjeden om å fylle ut spørjeskjema for jødar. Registreringa galdt alle over 15 år. Her var det

nødvendig å avgrense jødebefolkninga noko som resulterte i at registreringa skulle femne om alle

med jødisk avstamning. Dette blei kunngjort i dagspressa. Våren 1942 blei det konkludert med at

det var 1419 ”fulljødar” over 15 år i Noreg.

Eit slikt samarbeid førde til ei mykje meir omfattande kartlegginng av jødane i Noreg enn i dei

fleste andre landa det er naturleg å samanlikne seg med.

8

Nøyaktig ein månad før massedeportasjon blei alle mannlege jødar over 15 år arresterte. Samtidig

blei norsk politi ordra til å konfiskere jødane si formue. Ei veke før deportasjonen blei det innført ei

lov om meldeplikt for kvinner og barn. Ingen jøde kunne no reise fritt rundt. Torsdag 26.

november 1942 blei kvinner og barn henta i heimane sine, blant dei var òg Ruth Maier. I ordren

stod det at barn under 15 år ikkje skulle skiljast frå foreldra sine. Norsk politi valde å deportere

barna òg. I alt blei 532 personar, inkludert dei arresterte mennene, sende med Donau. På kaia stod

Gunvor Hofmo igjen og såg venninna bli deportert.

Antisemittismen hadde grobotn i Noreg. Gjennom rasehygienen blei jødane rangert som

mindreverdige. Den sosiale statusen til jødane i Noreg var låg. Majoritetssamfunnet sat med

makta til å definere og kategorisere jødane, noko som igjen førde til ei ekskludering på ulike nivå.

Oppgåve 2

Munnleg eller skriftleg (diskusjon, refleksjon, munnleg eller skriftleg presentasjon)

a) Kjende du til denne historia frå før?

b) Kva historier har du blitt fortalt frå krigen?

c) Korleis trur du den sosiale statusen til jødane var i Noreg på denne tida?

d) Kven og kva trur du var med på å auke den negative fremstillinga av jødane?

e) Historia fortel oss at det skjedde ei ekskludering av dei norske jødane. Finst det parallellar

til denne historia i dag? Om så, korleis da?

f) Kva kan vi lære av denne historia?

For meir utfyllande infomasjon kan ein lese boka Kathe – Alltid vært i Norge av Espen Søbye.

Målgruppe: Alle

9

Historiebevisstheit og norsk minnekultur

Vi er ikkje berre produkt av ei historie, men vi er òg med på å skape den. Historia om det norske

Holocaust kastar lys over kva rammer og valmoglegheiter menneska hadde i tidlegare tider. Om

ein ser det heile ut frå historiebevisstheit opnar denne historia opp for ein analyse av desse

tilhøva der vi kan bli i stand til å sjå parallellar til kva som skjer i notida og samtidig reflektere over

kva som finst av val og moglegheiter i dag. I tillegg vil ein analyse vise kor viktig moralske val er

og kanskje betre sjå og forstå kva moglegheiter og grunnar som ligg bak ulike val.

Tidsperspektiva fortid, notid og framtid er viktig dimensjonar i å forstå historiebevisstheit.

Ved å konsentrere seg om dette kan det vere lettare å kunne sjå seg sjølv som ein historisk

person med eit fremtidsperspektiv og der ein kan reflektere over kven ein er, kven ein ønskjer å

vere, kva ein er for og kva ein er mot. Dette kan skape eit legitimeringsgrunnlag for avgjersler og

handlingar i notid og framtid Minnekultur har blitt laga på grunnlag av kva som blir sett på som

minneverdig innanfor ein kultur eller nasjon og som representerer det vi er stolte av og det vi kan

lære av. Den er òg nært knytt til ein nasjonal identitet. Ein vel ut element som ein ønskjer å

presentere for andre. Norsk minnekultur frå krigsåra 1940-1945 har blitt kritisert for å vere ei

historie om svart og kvitt, uten særleg problematisering av dei fenomena som finst mellom desse

ytterpunkta.

Oppgåve 3

Munnleg eller skriftleg (diskusjon, refleksjon, skriftleg eller munnleg presentasjon)

α) Korleis trur du norsk minnekultur om krigsåra har blitt til? Korleis føre den vidare?

β) Kva trur du er grunnen til at historia om det norske Holocaust har fått så liten plass i

norsk okkupasjonshistorie?

χ) Kva legg du i omgrepet å kjenne historia di?

δ) På kva måte vil kjennskap til historia om det norske Holocaust gi verdifull kunnskap om

deg sjølv og dine eigne haldningar?

ε) Kjenner du til liknande historier om norske minoritetar gjennom tidene?

Målgruppe: Alle

10

Oppgåve 4

Nøkkelord Viktige nøkkelord du skal kjenne til:

- Det norske Holocaust - Deportasjon - Forfølgjing - Diskriminering - Ekskludering - Tilinkjesgjering - Minnekultur - Historiebevisstheit - Majoritetssamfunnet - Minoritet - Antisemittisme - Rasehygiene

Målgruppe: Alle

11

4 Etterarbeid

Oppgåve 1

Munnleg eller skriftleg (diskusjon, refleksjon, skriftleg eller munnleg presentasjon) Gjer greie for handlinga i stykket.

α) Korleis startar historia?

β) Fortel litt om dei ulike personane.

χ) Korleis er kronologien i stykket? Kvifor trur du regissøren har valt å bygge opp stykket på

denne måten? Kva effekt gir ei slik oppbygging?

δ) Kva handlar teaterstykket om?

ε) Korleis endar historia om Tvillingsjeler?

φ) Kva tema synst du er viktig i dette stykket?

γ) Gjer greie for Donau og historia rundt transporten.

η) Kva visste du om andre verdskrigen i Noreg før denne framsyninga?

ι) Kunne denne historia skjedd i Noreg i dag? Kvifor, kvifor ikkje?

ϕ) Kva har du lært av stykket?

Oppgåve 2 Munnleg eller skriftleg (diskusjon, refleksjon, skriftleg eller munnleg presentasjon)

α) I framsyninga blir vi kjende med den yngre og eldre Gunvor Hofmo. Kva er særmerkt med Gunvor i dei ulike aldrane, kva er likskapane og skilnadene?

β) Kvifor trur du teateret har valt å ha begge personane på scenen samtidig og kva effekt gir

det?

χ) Gi ei skildring av Ruth Maier. Korleis var ho som person? I kva grad påverka ho Gunvor Hofmo livet hennar?

δ) Gunvor og Ruth hadde ein sterk venskap. Kvifor trur du dei blei så gode vener?

Målgruppe: Alle

Målgruppe: Alle

12

Oppgåve 3

Gunvor Hofmo forsøkte å få publisert dagboka til Ruth Maier. Ho fekk avslag med grunngjeving

at det ikkje var meir behov sidan Anne Franks dagbok allereie hadde blitt publisert. Det har

generelt vore lite merksemd retta mot sterke kvinner i norsk litteratur- og krigshistorie. Når vi ser

tilbake på norsk okkupasjonshistorie og korleis den har blitt framstilt, kva trur du er årsaka til

denne framstillinga og kvifor er ikkje historia om Hofmo og Maier betre kjent?

Vel ein av personane i teaterstykket. Presenter denne personen, anten munnleg eller skriftleg. Du

kan gjerne dramatisere personen eller vise personen gjennom eit kunstnarleg uttrykk. Kven var

ho? Korleis levde ho livet sitt? Kva moglegheiter trur du ho/dei hadde for å flykte? Kva hindra dei

eventuelt?

Oppgåve 4 Historia om Gunvor og Ruth skjer i Noreg under andre verdskrigen,

a) Diskuter venskapen mellom Gunvor og Ruth? Kva trur du tvillingsjeler betyr?

b) Kvifor trur du Gunvor blir psykisk sjuk?

c) Ruth høyrer til minoritetsgruppa jødar. Veit du om andre minoritetsgrupper i Noreg? Veit

du om nokon av desse gruppene opplever diskriminering i dag? Gjer greie for ei av

minoritetsgruppene og situasjonen deira i Noreg i dag.

d) Kunne Holocaust skjedd i dag, i Noreg eller i eit anna land? Grunngi svaret.

Målgruppe: Alle

Målgruppe: Alle

13

Oppgåve 5

Munnleg eller skriftleg (diskusjon, refleksjon, munnleg eller skriftleg presentasjon)

Skuldkjensle: • Gunvor sleit med skuldkjensle for at Ruth blei deportert.

• Kva legg du i omgrepet skuldkjensle?

• Korleis kan skuldkjensle påverke eit menneske?

• Har du eksempler på situasjonar der menneske har snakka om skuldkjensle?

• Hva er alternativet til skuldkjensle? Korleis kan vi hjelpe menneske med

skuldkjensle når vi veit at dei ikkje kan stå ansvarlege for det dei kjenner

skuldkjensle for?

Oppgåve 6 Diskuter sitata under.

α) Ruth (på kaia): ”En gang lå jeg i en høyvogn og stirret opp i luften. Det er så fint å

være til. Det beste ville vært om vi kom til verden om og om igjen. Men hvis det

strider mot all fornuft så er det fint å ha vært her i alle fall en gang. For når man har

sett alt, solen, blomstene, skogene og så vært glad i noen, da er det kanskje ikke så

nødvendig å leve videre”. (Donau tuter).

β) Gunvor: ”I krig er mord tillatt og i fred er det ikke tillatt.

χ) Ruth: ”Vi må snakke om ting som er viktigere enn muslingskall og blomster. Verden

er mer enn det dessverre. Hat, kjærlighet, fiendeskap, vennskap, tårer og latter”.

δ) Ruth: ”Jeg hadde det godt til jeg var 13 år, da kom Hitler”.

Målgruppe: Alle

Målgruppe: Alle

14

Oppgåve 7

Munnleg eller skriftleg (diskusjon, refleksjon, munnleg eller skriftleg presentasjon)

I det norske samfunnet snakkar vi mykje om verdien av det fleirkulturelle.

α) Kva legg du i omgrepet det fleirkulturelle Noreg?

β) Er Noreg eit enkelt land å flytte til? Kvifor, kvifor ikkje?

χ) Har alle i Noreg like moglegheiter, eller opplever menneske i Noreg diskriminering på

grunn av bakgrunn, kjønn, seksuell legning, religion eller anna?

δ) Kva legg du i ordet diskriminering?

ε) Kven er ansvarleg for eventuell diskriminering i Noreg? Korleis kan du vere med på å sørge

for at menneske i Noreg ikkje opplever diskriminering?

Målgruppe: Alle

15

Oppgåve 8

α) Skildr med ord, teikning eller tredimensjonal framstilling kva du såg på scenen. Sjå

oppgåve 4 om nøkkelord i forarbeidet.

β) Victor Lind (1940) er ein norsk kunstnar som har brukt historia om det norske Holocaust

som tema i mange av dei kunstnarlege uttrykka sine. Bildet under er eitt av mange

eksempel. Vel eit bilde av Victor Lind og skildr korleis han formidlar andre verdskrig eller

delar av den i Noreg (link til nettside: viktorlind.no).

26. November 1942, Viktor Lind, 1999

Målgruppe: Alle

16

Oppgåve 9

Teatermelding.

Skriv di eiga teatermelding. Følg punkta under.

Ei teatermelding skal ikkje vere for lang. Du har lov til å skrive akkurat det du meiner om

teaterstykket, men grunngi synspunkta dine.

α) Presenter stykket – namn på teater, forfattar og stad.

β) Kort om handlinga.

χ) Skildring av scenen.

δ) Skriv litt om nokon av hovudrollene. Korleis synest du dei spelte rollene sine?

ε) Korleis var lyset, musikken og stemninga i salen?

φ) Synest du forteljinga er viktig i dag? Om så, kvifor?

γ) Til slutt gir du di eiga mening og eventuelt ei anbefaling eller gi teateret eit terningkast

frå 1 – 6.

Målgruppe: Alle