Tilsyn med sikringsanlegg mot flaum, erosjon og skred i...
Transcript of Tilsyn med sikringsanlegg mot flaum, erosjon og skred i...
Informasjon frå Noregs vassdrags- og energidirektorat nr. 2 2004 [Dialog-ark nr. 7 2000 revidert] Nynorsk
F A K T A
Bilete 1: Brot på flaumverk. Her er det brot på flaumverket langs Glomma ved Stemsrud. Årsaka er truleg grunn-brot som følgje av undergraving og utvasking.
Sikringsanlegg mot flaum, erosjon og skred blir utsett for sterke påverknader under flaum og isgang. Dei kan då bli skada. Mange anlegg treng jamleg tilsyn og vedlikehald for å hindre at skadar utviklar seg. Kommunen har ansvaret for tilsynet. NVE vurderer behovet for vedlikehald på grunnlag av tilsynsrapportar, og prio- riterar tiltak ut frå skade- omfang, kostnader og kva for verdiar anlegget sikrar.
For alle sikringsanlegg i vassdrag
som NVE har gitt stønad til å byggje,
har kommunen forplikta seg til å ha
tilsyn med anlegget. NVE har tidlegare
gitt instruks for korleis tilsynet skal
utførast. Denne instruksen er no
erstatta av Forskrift om kommunalt
tilsyn med anlegg for sikring mot
flaum, erosjon og skred og anlegg
for å betre vassdragsmiljøet, fastsett
ved kg.res. 17.juni 2005 med heimel i
vassressurslova. Tilsyn skal normalt
skje kvart femte år og etter store
flaumar og andre hendingar som kan
skade anlegga. For visse flaumsikrings-
anlegg skal det vere årleg tilsyn.
Tilsynet omfattar synfaring av anlegga
og rapportering til NVE.
Ein kan gjera synfaringa på ulike års-
tider. Den beste oversikten over skadar
får ein når det er lite vatn i elva, van-
legvis på ettersommaren eller tidleg
haust. Det er ein fordel å bruke båt
ved synfaring, der det er mogleg. Ved
å kontrollere anlegga under flaum, får
ein eit inntrykk av korleis anlegga
fungerer i høve til straumen og kreftene
i vatnet. Det kan òg vere fornuftig å gå
over flaumverka før ein varsla flaum,
for å sjå til at alt er i orden.
Typar av sikringsanlegg
ErosjonssikringErosjonssikring skal hindre at elva
graver seg inn mot bygnader, vegar
eller andre verdiar. Den vanlegaste
metoden er å kle elveskråninga og
ein del av botnen på den utsette strek-
ninga med stein (sjå bilete 3 og 4).
Den øvre delen av sikringa blir ofte
tilført jord for at vegetasjon skal eta-
blere seg. I nokre tilfelle kan ein byg-
gje tersklar for å hindre erosjon i bot-
nen, eller utstikkarar i elvelaupet for
å minske farten på vatnet og endre
straumretninga. I nokre tilfeller, sær-
leg i tettbygnader, byggast erosjons-
sikringa som tørrmurar langs breddane.
I elvar med stor massetransport kan
det vere naudsynt å byggje masse-
avlagringsbasseng for å hindre uhel-
dig avlagring av masser nedanfor,
til dømes der det er fare for flaum.
Bassenga må reinskas for masser når
dei er fulle.
Skred langs vassdrag blir ofte utløyst
av at elva graver seg inn i skredfarlege
masser, til dømes kvikkleire.
Botnen og elveskråninga må då
sikrast mot erosjon. I tillegg må
ein ofte leggje ei støttefylling opp
mot rasskråninga. Ved sikring mot
lausmasseskred i bratt terreng kan
ein byggje skredvollar som skal leie
skredmassane utanom areal der
massane kan gjere skade.
FlaumverkFlaumverk er vollar langs elvekanten
som hindrar vatnet i å gå innover
landområde og gjere skade
på busetjing, infrastruktur og
landbruksområder. Flaumverka er
som oftast bygd av massar frå staden,
med tetting anten med morene-
massar, duk eller spunt. På vassida er
flaumverket kledd med stein i nedre
Tilsyn med sikringsanlegg mot flaum, erosjon og skred i vassdrag
Bilete 5: Botnsenking. Dette er eit flaum- og erosjonssikringsanlegg som no er heilt øyde-lagt på grunn av store flaumar og undergraving av botnerosjon. Botnsenkinga ved dette anlegget i Altaelva var mellom åtte og ti meter djup!
Bilete 4: Slitt erosjonssikring. Sjølv om det ein ser over vassflata ikkje er skada, kan det vere skadar under vassflata.
Bilete 2: Erosjonssikringa rasar ut. Bilete er frå Gaula. Her er erosjonssikringa undergra-ven. Sikringa ser uryddig ut og steinane sig nedover skråningen.
Bilete 3: Undergraving av fotgrøft. Her ser ein korleis fotgrøfta er i ferd med å bli under-graven som følje av botnsenking.
del for å hindre erosjon. På landsida av
flaumverket blir det ofte grave ei drenerings-
grøft. Skråningane blir sådd til. Pumpe-
stasjonar kan vere naudsynt for å få vekk
vatn bak flaumeverket.
Skadar og skadeteikn
Ras og undergraving Det er viktig at erosjonssikringa ligg stabilt.
Ein må difor sjå etter sig og stader der det
har rasa ut i skråningane (bilete 2). Større
ras og skadar på anlegget vil vere tydelege
og lette å sjå (bilete 1). Årsaka til meir
omfattande skade kan vere at det er brukt
for liten stein i sikringa eller at elvebotnen
har senka seg (bilete 5). Ein annan skade
kan være at stein i foten av fyllinga er reven
vekk eller komen ut av posisjon (bilete 4).
Fyllinga kan då rase eller sige ned, og det
blir angrepspunkt for ny erosjon (bilete 3).
Overgangen mellom erosjonssikring og
naturleg elvebreidd er ofte eit svakt punkt.
Difor er det viktig at sikringane er jamne
og utan skarpe overgangar der vatnet kan
få tak.
Mindre utglidingarEin bør sjå etter teikn til mindre utglid-
ingar langs skråningskanten (bilete 6).
Tre som hallar utover mot elva tyder på sig
i skråningane (bilete 7). Dette kan skuldast
at skråningane er for bratte. Ei rotvelte kan
ta med seg stein frå erosjonssikringa og
øydeleggje så mykje at vatnet får eit nytt
angrepspunkt (bilete 9). Isgang kan flytte
steinar i erosjonssikringa. Det er spesielt
viktig å sjå etter stein som ikkje ligg der
dei skal i tørrmurar, ved inn-/utløp av
røyrgjennomføringar eller ved bruer (bilete
8). Ved store vassmengder kan ein kulvert
ha for liten kapasitet, og presset mot
sikringa vil då bli stort (bilete 10).
Setningar på anleggetSetning er søkk på anlegget. Årsaka kan
til dømes vere utvasking av finmateriale.
Dette kan ein sjå att som grunne hol i
”krona”, dvs. toppen av flaumverket (bilete
11). Utvasking kan skje i terrenget innanfor
erosjonssikringa. Dårlege grunnforhold
er ein annan årsak til at det over tid kan
oppstå setningar på sikringsanlegget.
Mindre setningar kan ein godta.
Revehi/grevlinghol Flaumverk er som regel laga av massar frå
nærområdet som finsand og silt, og dei er
difor ein god stad for rev og grevling til
Bilete 8: Skada tørrmur. I denne tørrmuren har nokre steinar forskuve seg og i tillegg har nokre meter rasa ut under flaum. Resultatet er ein open skrent der det kan erodere inn til vegen ved neste flaum. Skådalsbekken går gjennom tettbygd område i Oslo.
Bilete 9: Tre på erosjonssikringa. Rotsystem på erosjonssikringa bind fast jord og stein, men ved rotvelt vil noko følgje med. Ved neste flaum kan her bli eit nytt angrepspunkt for erosjon.
Bilete 6: Blottlagt leire. Dette er ei erosjonssikring i Gaula. Delar av sikringa er borte slik at leira er blottlagd. Ved neste flaum vil meir masse bli vaska bort.
Bilete 7: Tre i rørsle. Tre vil i utgangspunktet vekse rett. Grantreet i framgrunnen er bøygd nedst på stamma. Dette kan tyde på sig i skråninga då treet var ungt, men at det nå har stabilisert seg. Bjørka som står i bakgrun-nen heller utover skråninga, her kan det ha vore rørsle i grunnen i seinare tid. Dersom tre blir undergravne, kan dei helle kraftig utover elvebreidda.
graving av hi. Flaumverket er ikkje sterkare
enn det veikaste ledd. I verste fall kan hi og
hol vere gjennomgåande og bli årsak til
brot. Dyr kan også gjere skade på tetnings-
duken i flaumverk.
MasseavlagringMasseavlagring er oppgrunning av elva som
reduserer tverrsnittet og dermed kapa-
siteten. Denne avlagringa kan vere årsak
til at djupålen flytter seg inn mot ein av
elvekantane. Dette kan føre til erosjon og
botnsenking, resultatet kan då bli under-
graving av erosjonssikringa.
Masseavlagringsbasseng kan til dømes
vera ei utviding av elva der massar vil
sedimentere kontrollert. Så lenge det er
plass nok skjer avlagring utan heving av
vassyta eller skadeleg erosjon. Eit masse-
avlagringsbasseng mister funksjon sin når
det er fullt. Då vil nye massar bli trans-
portert vidare og leggje seg lengre nede i
vassdraget. Dette kan føre til høgare vass-
stand og oftare overfløymingar. Det fulle
masseavlagringsbassenget kan representere
ein fare ved at store mengder massar kome
i rørsle under stor flaum.
Spesielle tersklar for fisk har kulp ned-
straums sjølve terskelen. Denne kulpen kan
bli fylt igjen ved til dømes flaum, isgang
eller flaumskred. Ein bør sjå til at tersklane
ikkje blir fylt igjen i samband med flaum.
Dersom at det skjer vil oppreinsking vere
naudsynt.
Andre slitasjar og skadar på flaumverkPå flaumverk må ein sjå etter slitasje på
”krona” av anlegget. Flaumverket er spesielt
utsett i teleløysinga. Traktorkøyring kan
vere uheldig. Pumpeanlegg må prøve-
køyrast med jamne mellomrom, og ein må
sjekka at røyrgjennomføringane ikkje er
tette eller øydelagde.
På innsida av flaumverk skal ein sjå etter
kjegleforma sandhaugar. Desse er eit teikn
på at vatnet strøymer gjennom grunnen
og fører med seg finmassar i kanalar under
flaumverket. Fenomenet blir kalla ”koking”
og kan skje der det står høg vasstand over
lengre tid (bilete 12). Dette er eit signal om
fare for grunnbrott. Dette førekjem sjeldan,
men kan føre til omfattande skadar. Etter
større flaumar bør tilsynet kontrollere at
det ikkje er slike kjegleforma sandhaugar
langs flaumverka (bilete 13).
Vegetasjon på anlegget og tilkomst Vegetasjonen på flaum- og
erosjonssikringsanlegg skal helst vere
samansett av vekster med gode rotsystem
som bind mest mogleg av massane.
Avhengig av hellinga på skråningane,
bør ein hogge tre med diameter større
enn ca.10 cm, fordi rotvelt kan skade
sikringsanlegget. Tilkomsten til flaumverka
må haldast opne og i stand for ferdsel
i beredskapssituasjonar. Naudsynt
skogrydding på anlegget er grunneigar sitt
ansvar.
Skjøtsel og vedlikehaldSkjøtselsoppgåva inneber at eigaren av
anlegget må sjå til og skjøtte anlegget.
Skjøtsel omfattar ettersyn og drift av
pumpeanlegg (sjå eigen driftsmanual),
rydding av skog (sjå over), halde vegar
til anlegget opne og ta ut massar frå
massebasseng med jamne mellomrom.
sand
leire
silt
Bilete 11: Utvasking og dårlege grunnforhold. Setning i ”krona” på flaumverket kan skuldast utvasking av finare materiale. Dårlege grunnforhold kan ha innverknad på setningane.
Bilete 12 : ”Koking”, vatn som strøymer under flaumverk. ”Koking” er eit faresignal på grunnbrot. Årsaka vatn som har funne lettaste vegen frå elva under flaumverket. Vatnet vil føre med seg sand opp på innsida av flaumverket. Sanden blir liggjande som kjegler og kor vasstraumen har laga kanalar.
Bilete 13: Kjegleforma sandhaug: Kjeglene kan bli opp til ca. 40 cm høye og ser ut som haugar med finsand litt planlaust plassert.
Noregs vassdrags- og
energidirektorat (NVE)
er eit direktorat under
Olje- og energideparte-
mentet med ansvar for å
forvalte landet sine vass-
og energiressursar.
NVE skal sikre ei heil-
skapleg og miljøvenleg
forvalting av vassdraga,
fremje ei effektiv kraf-
tomsetjing og kostnads-
effektive energisystem
og medverke til ein
effektiv energibruk.
NVE har ei sentral rolle i
vernebuinga mot flaum
og vassdragsulukker
og leiar det nasjonale
vernebuingsarbeidet i
kraftforsyninga.
NVE er engasjert i FoU og
internasjonalt samarbeid
innafor sine fagområde.
NVE er nasjonal faginstitu-
sjon for hydrologi.
Informasjon frå Noregs vassdrags- og energidirektorat
Fakta-ark nr. 2 2004
[revidert utgåve av Dialog-ark nr. 7 2000]
F a k t aNoregs vassdrags- og energidirektorat
HovudkontorMiddelthunsgt. 29 Postboks 5091 Majorstua 0301 OsloTelefon: 22 95 95 95 Telefaks: 22 95 90 00Internettadresse: www.nve.no
Region Midt-Noreg (RM)Trekanten, Vestre Rosten 81, 7075 TillerTelefon: 72 89 65 50, Telefaks: 72 89 65 51E-postadresse: [email protected]
Region Nord (RN)Kongensgate 14-18, P.boks 394, 8505 NarvikTelefon: 76 92 33 50, Telefaks: 76 92 33 51E-postadresse: [email protected]
Region Sør (RS)Anton Jenssens gate 5 Postboks 2124, 3103 TønsbergTelefon: 33 37 23 00, Telefaks: 33 37 23 05E-postadresse: [email protected]
Region Vest (RV)Naustdalsvn. 1b, P.boks 53, 6801 FørdeTelefon: 57 83 36 50, Telefaks: 57 83 36 51E-post: [email protected]
Region Øst (RØ)Vangsveien 73, P.boks 4223, 2307 HamarTelefon: 62 53 63 50, Telefaks: 62 53 63 51E-postadresse: [email protected]
Ansvarlig: InformasjonsdirektørSverre SivertsenFagansvarlig: Hanne Marthe ØstvoldLayout: Rune StubrudOpplag: 600+600 (2006)Trykk: BRA trykk
Bilete 10: Kulvert. Innløp og utløp ved kulvertar er sårbare punkt som må sjåast etter.
På grunnlag av tilsynsrapporten vil
NVE vurdere behovet for vedlikehald.
NVE avgjer deretter kva for anlegg som
skal prioriterast med tanke på
vedlikehald, ut frå kva for verdiar
anlegget sikrar og kostnadane.