skUlElEI I Nord - UiT artikkel Okt 2010.pdf · er ofte den fyrste som mistar jobben i...

2
12 ••• Labyrint 3/10 – Universitetet i Tromsø SKULELEI I NORD Nordnorske elevar sluttar oftare på vidaregåande skule enn andre norske elevar. Kvifor er elevane så skuleleie i nord? Fråfallet i norsk vidaregåande skule er høgare enn i mange land det er nærlig- gjande å samanlikna oss med. Fråfallet i Nord-Noreg er endå høgare enn i resten av landet. Halvparten av elevane her i landsdelen greier ikkje å fullføra vidare- gåande på tre år, medan 22% av elevane i Troms og 31% av elevane i Finnmark ikkje har fullført vidaregåande utanning fem år etter at dei starta på vidaregåande. MANGE BORTEBUARAR Institutt for lærarutdanning og pedago- gikk ved Universitetet i Tromsø har fått finansiering frå regionale utviklingsmid- lar (RDA) og Tromsø Forskningsstiſtelse til eit treårig prosjekt for å finna ut kvifor elevar i Nord-Noreg sluttar oſtare på vidaregåande utdanning. Fyrsteama- nuensis Gry Paulgaard er prosjektleiar og Unn-Doris Bæck er postdoktor på prosjektet. Praktisk opplæring: Eirik Jørstad Nystrand (til høgre) får rettleiing av lærar Arnulf Grønås i korleis ein skiſtar hjullager på ein bil. Foto: Askild Gjerstad

Transcript of skUlElEI I Nord - UiT artikkel Okt 2010.pdf · er ofte den fyrste som mistar jobben i...

Page 1: skUlElEI I Nord - UiT artikkel Okt 2010.pdf · er ofte den fyrste som mistar jobben i nedgangstider. – Den teoribaserte utdanninga som Reform -94 legg opp til passar ikkje for mange

12 ••• Labyrint 3/10 – Universitetet i Tromsø

skUlElEI I Nord

Nordnorske elevar sluttar oftare på vidaregåande skule enn andre norske elevar. Kvifor er elevane så skuleleie i nord?

Fråfallet i norsk vidaregåande skule er høgare enn i mange land det er nærlig-gjande å samanlikna oss med. Fråfallet i Nord-Noreg er endå høgare enn i resten av landet. Halvparten av elevane her i landsdelen greier ikkje å fullføra vidare-gåande på tre år, medan 22% av elevane i Troms og 31% av elevane i Finnmark ikkje har fullført vidaregåande utanning fem år etter at dei starta på vidaregåande.

Mange boRtebuaRaRInstitutt for lærarutdanning og pedago-gikk ved Universitetet i Tromsø har fått finansiering frå regionale utviklingsmid-lar (RDA) og Tromsø Forskningsstiftelse til eit treårig prosjekt for å finna ut kvifor elevar i Nord-Noreg sluttar oftare på vidaregåande utdanning. Fyrsteama-nuensis Gry Paulgaard er prosjektleiar og Unn-Doris Bæck er postdoktor på prosjektet.

Praktisk opplæring: Eirik Jørstad Nystrand (til høgre) får rettleiing av lærar Arnulf Grønås i korleis ein skiftar hjullager på ein bil. Foto: Askild Gjerstad

Page 2: skUlElEI I Nord - UiT artikkel Okt 2010.pdf · er ofte den fyrste som mistar jobben i nedgangstider. – Den teoribaserte utdanninga som Reform -94 legg opp til passar ikkje for mange

AktueltTekst: Askild gjerstad

Universitetet i Tromsø – Labyrint 3/10 ••• 13

– Ei årsak til at fråfallet er større i utkantområder i Nord-Noreg, kan vera at spreidd busetting fører til at fleire er bortebuarar. Studiar har vist at fråfall blant bortebuarar er høgare enn blant elevar som bur heime. Sosial bakgrunn ser også ut til å påverka fråfallet. Nord-Noreg har hatt ein arbeidsmarknad som i større grad har opna for ukvalifisert arbeidskraft enn mange andre område i landet. I nord har derfor foreldre hatt lågare utdanning enn foreldre generelt i landet har, seier Paulgaard og Bæck til Labyrint.

vil oppRetta RessuRsbankMen desse faktorane forklarar nødven-digvis ikkje det høge fråfallet i Nord-Noreg aleine.

– Gjennom forskingsprosjektet ynskjer me å finna ut om det er andre faktorar som fører til at fråfallet er så høgt her i landsdelen.

Ei av målsetjingane med forskingspro-sjektet er å oppretta ein ressursbank av tiltak som kan brukast til å hindra elevar frå å slutta på vidaregåande skule.

– Til no har det vore satsa på mange små, lokale tiltak. I dette prosjektet vil me gjera ei systematisk studie av ulike tiltak og undersøke korleis desse har fungert der dei har vore i bruk.

Fleire kunnskapsintensive arbeidsplassarMange har peikt på innføringa av Reform-94 som ei viktig årsak til at så mange elevar på yrkesfagleg studieret-ning sluttar på vidaregåande.

– Ein burde leggja til rette for fleire muligheiter for dei elevane som er teorisvake enn ein har gjort gjennom Reform -94. For få lærlingplassar fører til at mange elevar blir tvinga til å ta meir teoretisk fordjuping enn dei ynskjer.

Paulgaard og Bæck peikar på at Nord-Noreg vil ha spesielt stort behov for utdanning i åra framover.

– På samfunnsnivå er det mykje som tyder på at dei arbeidsplassane som kjem i åra framover vil vera kunnskapsinten-sive, spesielt her i Nord-Noreg. Indivi-duelt vil det å droppa ut av vidaregåande vera noko ein ber med seg vidare i livet. Ein får mindre løn som ufaglært, og ein er ofte den fyrste som mistar jobben i nedgangstider.

– Den teoribaserte utdanninga som Reform -94 legg opp til passar ikkje for mange av dei skuleleie, seier seksjons-leiar Lisa Rotvold Nilssen ved Breivika Videregående skole.

Ein vanleg kritikk mot organiseringa av vidaregåande utdanning etter at Re-form -94 vart gjennomført, er at mange elevar får ei alt for teoritung utdanning som fører til at dei ikkje greier å fullføra videregåande skule. Ved Breivika Vide-regåande Skole i Tromsø starta skulen for to år sidan to ulike utdanningstilbod for elevar som er skuleleie eller som slit med teorifaga i skulen. Seksjonsleiar Lisa Rotvold Nilssen meiner behovet for desse programma er stort.

– Me ser at mange elevar slit veldig med teorifaga. Spesielt er det mange gutar som ynskjer mindre teori i utdanninga si. Reform -94 har med sitt tunge teorifokus gjort vidaregåande utdanning i yrkesfaga vanskelegare for mange. Det betyr ikkje at desse elevane ikkje kan lære faget. Me ser at mange av dei meistrar praksisun-dervisning og arbeidslivet godt, seier Rotvold Nilssen.

Elevane kan velja mellom to utdannings-tilbod som er praksisbaserte. Det eine er Praktisk yrkeskvalifisering. Dette er ei utdanning kor elevane tar eitt års kombi-nert skule og praksis i bedrift, og deretter to års opplæringstid i bedrifta. Dette gjev elevane mulighet til å ta fagbrev seinare. Det andre programmet, Bli no, er eit eitt-årig praktisk undervisningstilbod i anten tre- og tekstilfag eller mekaniske fag. Begge utdanningstilboda gjev elevane muligheit til å få eit kompetansebevis.

– Målet med tilboda våre er at fleire elevar skal greia å fullføra vidaregåande etterkvart. For enkelte er ikkje dette rea-listisk. Då ynskjer me uansett at dei skal få sjansen til å ta eit praktisk opplærings-tilbod. Det er betre enn at dei mislukkast i vanleg vidaregåande utdanning.

likaR å skRuEin av elevane som er med på Bli no-programmet dette skuleåret er Eirik Jørstad Nystrand. Han er ikkje i tvil om at programmet passar for han.

– Eg går her fordi eg kan driva med det eg likar. Eg likar å skru, og trives ikkje med vanlege skulefag.

I likskap med fleire andre elevar på Bli no, vil Jørstad Nystrand bruka dette året til å koma seg inn på vanleg vidaregå-ande seinare.

– Målet mitt er å bli bilmekanikar. Når eg er ferdig her, håpar eg å kunne gå vidare på bilmekanikarlinja, seier Eirik Jørstad Nystrand til Labyrint.

Kjelder:Statistisk sentralbyrå: Utdanningsstatisikk http://www.ssb.no/emner/04/02/30/vgogjen/tab-2010-07-01-04.html