Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt...I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av...

14
Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt I dette heftet får du informasjon om LivOGLyst-programmet og ein gjennomgang av korleis du legg inn søknad om LivOGLyst-prosjekt i søkjarportalen www.regionalforvaltning.no. Om LivOGLyst-programmet Kva er LivOGLyst programmet? LivOGLyst er eit program og nettverk for deg som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt. Føremålet er å styrkja lokalsamfunnet i brei forstand, med omsyn til lokal identitet, bulyst og lokalt næringsliv. I LivOGLyst er kvart menneske viktige lokalsamfunnsutviklarar. Programmet har "nedanfrå og opp" som grunnhaldning. Oppdragsgjevar for LivOGLyst-satsinga er ein partnarskap mellom Vestland fylkeskommune, Innovasjon Noreg Vestland og Fylkesmannen i Vestland. LivOGLyst-trappa viser prosessane frå eittårig til treårig LivOGLyst-prosjekt. Kven kan søkje? Lokalsamfunn i bymiljø, distrikt og større bygdemiljø er velkomen til å søke programmet. Lag og foreiningar Nedanifrå-og-opp er ei viktig grunnhaldning i LivOGLyst-programmet. Arbeidet skal vere forankra i lokalsamfunnet med lag eller foreining som eigar og leiar av prosjektet. Kommunen eller andre utviklingsaktørar kan vere med som initiativtakar til søknad.

Transcript of Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt...I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av...

Page 1: Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt...I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av LivOGLyst prosjektet. «Søknadsbeløp» er 50 000 for eittårig forprosjekt og 300

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

I dette heftet får du informasjon om LivOGLyst-programmet og ein gjennomgang av korleis du legg

inn søknad om LivOGLyst-prosjekt i søkjarportalen www.regionalforvaltning.no.

Om LivOGLyst-programmet Kva er LivOGLyst programmet? LivOGLyst er eit program og nettverk for deg som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt. Føremålet er å styrkja lokalsamfunnet i brei forstand, med omsyn til lokal identitet, bulyst og lokalt næringsliv. I LivOGLyst er kvart menneske viktige lokalsamfunnsutviklarar. Programmet har "nedanfrå og opp" som grunnhaldning. Oppdragsgjevar for LivOGLyst-satsinga er ein partnarskap mellom Vestland fylkeskommune, Innovasjon Noreg Vestland og Fylkesmannen i Vestland.

LivOGLyst-trappa viser prosessane frå eittårig til treårig LivOGLyst-prosjekt. Kven kan søkje?

• Lokalsamfunn i bymiljø, distrikt og større bygdemiljø er velkomen til å søke programmet.

• Lag og foreiningar Nedanifrå-og-opp er ei viktig grunnhaldning i LivOGLyst-programmet. Arbeidet skal vere forankra i

lokalsamfunnet med lag eller foreining som eigar og leiar av prosjektet. Kommunen eller andre

utviklingsaktørar kan vere med som initiativtakar til søknad.

Page 2: Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt...I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av LivOGLyst prosjektet. «Søknadsbeløp» er 50 000 for eittårig forprosjekt og 300

Kva tilbyr vi?

• Kompetanseheving, nyttige kurs og nettverk

• Økonomisk tilskot: 50 000 for eittårig forprosjekt, 100 000 kvart år i tre år for treårig hovudprosjekt.

• Oppfølging og rettleiing frå arbeidsgruppa ved Innovasjon Noreg Vestland, Fylkesmannen i Vestland og prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Kva forventar vi?

• At arbeidet er inkluderande og legger til rette for at eit mangfald av utviklingsaktørar kjem i dialog med kvarandre (lag- og foreiningar, næringsliv og kommune).

• Opne mobiliseringsprosessar avgjer kva tiltak ein skal prioritere i utviklingsarbeidet.

• Aktiv deltaking i LivOGLyst-nettverket

Vilkår for tildeling

• Krav om kommunal deltaking. Det skal bli utpeika ein kontaktperson frå kommunen. For 3-årig søkjarar er det i tillegg eit krav om at kommunen må medverke med minst kr 30.000 årleg til prosjektet

• Deltaking i kompetansegjevande nettverk er ein obligatorisk del av LivOGLyst-programmet • Rapportering

Søknadsfrist og prekvalifisering

Søknadsfrist for prosjektåret 2019 er 25. oktober 2018.

Søknadar som er med vidare i prekvalifiseringa vert endeleg handsama 25. november 2018.

Arbeidsgruppa

LivOGLyst arbeidsgruppa tilbyr kompetanse og rettleiing til prosjekta. Arbeidsgruppa vitjar nye

eittårige forprosjekt, prosjekt som er i startgropa av treårig hovudprosjekt og prosjekt som er inne i

siste året avv treårig prosjekt.

Arbeidsgruppa består av:

Ingeborg Sofie Sætrevik, prosjektleiar for LivOGLyst-programmet, Vestland fylkeskommune

Kjersti Sognnes Vestland fylkeskommune

Ragna Flotve, Fylkesmannen i Hordaland

May Britt Otterlei, Innovasjon Norge

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med prosjektleiar i Vestland fylkeskommune dersom de har spørsmål.

E-post: [email protected]

Telefon: 977 06 571

Page 3: Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt...I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av LivOGLyst prosjektet. «Søknadsbeløp» er 50 000 for eittårig forprosjekt og 300

Korleis ein legg inn søknad på www.regionalforvaltning.no

1. På startsida får du opp følgjande bilete:

Trykk «+ Ny søknad»

Vel fylke «Vestland» og støtteordninga «LivOGLyst Vestland» Skriv tittel på søknaden. Trykk deretter

«Opprett ny søknad»

Page 4: Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt...I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av LivOGLyst prosjektet. «Søknadsbeløp» er 50 000 for eittårig forprosjekt og 300

Under «År» skriv du inn påfølgjande år.

I fana «Kort beskrivelse» skriver du ei oppsummering av søknaden.

I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av LivOGLyst prosjektet.

«Søknadsbeløp» er 50 000 for eittårig forprosjekt og 300 000 som treårig hovudprosjekt. Treårige

prosjekt må ha vore eittårige tidligare.

Trykk «lagre og neste».

Page 5: Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt...I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av LivOGLyst prosjektet. «Søknadsbeløp» er 50 000 for eittårig forprosjekt og 300

Skriv opplysningar om søkjar/prosjekteigar (lag/foreining/organisasjon som søkjer). Trykk «Lagre og

neste».

Skriv opplysningar om kontaktperson. Det er denne vi har dialog med om vi har merknader til

søknaden. Trykk «lagre og neste».

Page 6: Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt...I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av LivOGLyst prosjektet. «Søknadsbeløp» er 50 000 for eittårig forprosjekt og 300

Skriv opplysningar om prosjektleiar. Dersom prosjektleiar ikkje er valt enda, skriv kontaktperson og

spesifiser i søknad. Trykk «lagre og neste».

«Bakgrunn»: Skildre no-situasjonen i lokalsamfunnet (innbyggjartal, demografi, næring, skuler, møteplassar m.m.). Skriv kort om historiske utviklingstrekk og endringar i lokalsamfunnet.

Page 7: Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt...I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av LivOGLyst prosjektet. «Søknadsbeløp» er 50 000 for eittårig forprosjekt og 300

For søknad om treårig prosjekt: Kva har vert utført og erfart i et eittårige LivOGLyst prosjektet?

«Prosjektmål»: Beskriv overordna mål og hovudmål. Kvifor ynskjer ein å utvikle lokalsamfunnet? Kva er moglegheiter og utfordringar? Trykk «Lagre og neste».

«Forankring»: Korleis vil de bredt involvere og samarbeide med innbyggjarar, kommune, næring, friviljuge lag og foreiningar?

Trykk «Lagre og neste».

Page 8: Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt...I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av LivOGLyst prosjektet. «Søknadsbeløp» er 50 000 for eittårig forprosjekt og 300

«Prosjektorganisering»: Organisasjonen som søkjer er prosjekteigar for opprettinga av eit LivOGLyst-prosjekt. LivOGLyst-prosjektet må gjennom mobilisering bli organisert med eigen prosjektleiar og ei bredt samansett arbeidsgruppe på minimum fem personar som er øvst ansvarlege for prosjektet. Prosjektet vert utvikla og drifta gjennom tillit og brei involvering med ansvarleggjering nedanifrå og opp. Openheit for kontinuerlig rekruttering og involvering er viktig.

«Samarbeidspartnere»: Kva ressursar/organisasjonar ynskjer ein å samarbeide med lokalt, regionalt, nasjonalt eller internasjonalt?

Trykk «Lagre og neste».

Page 9: Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt...I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av LivOGLyst prosjektet. «Søknadsbeløp» er 50 000 for eittårig forprosjekt og 300

«Aktiviteter»: Nettverksdeltaking og kompetanseheving, brei mobilisering med deltaking frå ulike aldersgrupper og sosiale grupperingar og næringsliv. Kartlegging, planlegging, og prosjektplan som dannar grunnlag for søknad om tre-årleg ståtte. Kommunen er aktivt med. Korleis vil de mobilisere for brei deltaking? Involvering for prioritering av tiltak for utvikling av lokalsamfunnet? Korleis vil ein delta i nettverk og styrkje kompetanse?

«Målgrupper»: I eit LivOGLyst prosjekt ynskjer ein brei og mangfaldig deltaking av innbyggjarar og på tvers av organisasjonar og særinteresser. Prioritering av tiltak vert utført i fellesskap og bør vere tiltak som kjem heile samfunnet tilgode.

Trykk «Lagre og neste».

Page 10: Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt...I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av LivOGLyst prosjektet. «Søknadsbeløp» er 50 000 for eittårig forprosjekt og 300

«Resultat»: I løpet av det eittårige prosjektet skal ein gjennom brei mobilisering arbeide fram ein plan med oversikt over prioriterte tiltak, med arbeidsgrupper og ansvarlege for utvikling av lokalsamfunnet. Tiltak kan setjast i verk og planen samt aktiviteten er også grunnlaget for søknad om eit treårig prosjekt.

«Effekter»: Kva er mål og visjonar for effekten av dette arbeidet?

Trykk «Lagre og neste».

Kryss av for dei punkta som passar innafor dykkar prosjekt. Trykk «Lagre og neste».

Page 11: Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt...I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av LivOGLyst prosjektet. «Søknadsbeløp» er 50 000 for eittårig forprosjekt og 300

Under opplysningar om mottatt offentleg støtte skriv de om de har mottatt støtte til lokalsamfunnsutvikling tidligare. Trykk «Lagre og neste».

«Tidsplan»: For eittårig prosjekt: Sett aktivitetane inn i ein framdriftsplan på eitt-to år. Der open og brei mobilisering er ein gjentakande prosess for stadig breiare medverknad. For treårig prosjekt: Sett aktivitetane inn i ein framdriftsplan på tre år. Der open og brei mobilisering er ein gjentakande prosess for stadig breiare medverknad.

Trykk «Lagre og neste»

Page 12: Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt...I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av LivOGLyst prosjektet. «Søknadsbeløp» er 50 000 for eittårig forprosjekt og 300

Under «Kostnadsoverslag» kan ein velje å vise fleire eller færre år.

Inneholder hovudaktivitetane kategorisert under budsjettpostane 1. Mobilisering, 2. Kompetanse- og nettverksbygging, 3. Prosjektleiing*. 4. Tiltak / aktivitetar*. *3. Prosjektleiing: LivOGLyst-programmet er basert på friviljugheit/dugnadsarbeid og ikkje lønna verksemd. Prosjektleiar har eit hovudansvar mellom LivOGLyst-prosjektet og det offentlege og vert honorert med ein symbolsk sum. *4. Tiltak og aktivitetar: Ta utgangspunkt i plan med oversikt over prioriterte tiltak utarbeidd gjennom det 1. årige prosjektet. Mobiliseringstiltak, lokalsamfunnsutviklingstiltak, entreprenørskap og trivselstiltak. Dette skal synleggjerast i prosjektplan. Midlane kan ikkje nyttast til investering eller til drift. Midlane er utviklingsmidlar og skal kun gå til nye tiltak på tvers av lag og organisasjonar og ikkje til etablerte tiltak og organisasjonar.

Eksempel på kostnadsoverslag for eittårig LivOGLyst-prosjekt:

Page 13: Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt...I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av LivOGLyst prosjektet. «Søknadsbeløp» er 50 000 for eittårig forprosjekt og 300

Etter du har lagt inn kostnader, trykk «Lagre og neste».

«Finansieringsplan»: For eittårig prosjekt skriv ein 50 000 kr i støtte frå Vestland fylkeskommune. For treårig prosjekt skriv ein 100 000 kr i støtte frå Vestland fylkeskommune kvart år i tre år. Minimum kr 30 000 støtte frå kommunen kvart år i tre år. Legg ved bekrefta tilsegn på dette frå kommunen. I søknadens finansieringsplan skal de kun skrive midlane frå LivOGLyst Vestland.

Velg kommune. Trykk «Lagre og neste».

Page 14: Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt...I «Prosjektbeskrivelse» tar du med ei kort skildring av LivOGLyst prosjektet. «Søknadsbeløp» er 50 000 for eittårig forprosjekt og 300

Last opp vedlegg. Legg ved bekrefta prioritering frå kommunen.

Trykk «Lagre og avslutt».

Søknaden ligger på Startside under «Søknader under behandling/utfylling». Her kan du sende inn eller redigere i søknaden.

Hugs å sende inn søknaden innan søknadsfrist 25. oktober!