SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han...
Transcript of SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han...
SAMAN OM GOD OPPVEKST
TEMAHEFTE 3
«Godt gjort!»Korleis kan ros, oppmuntring, skryt, belønning og feiring forsterka positiv utvikling hos barna?
I periodar kan det vera utfordrande å vera foreldre. Korleis takla utfordrande oppførsel i ein travel kvardag?
INNHALD:Innleiing 3
Oversikt – fem tema 4
Seks ulike måtar å rosa barnet på 5
Takk 5
Indirekte ros 5
Ros utan ord – vis entusiasme 6
Ros i form av spørsmål 6
Ros for innsatsen 7
Ros med glimt i auga 8
Nokre spørsmål og innvendingar foreldre har i forhold til å rosa barna sine 8
Kvifor skal vi rosa barnet? 8
Vert barn «utskjemte» av å få ros? 9
Bruk av begrepa ros og anerkjenning 9
Er ros manipulerande og falskt? 9
Er det slik at nokre foreldre tykkjer det er vanskelegare å rosa barna sine enn andre? 9
Kva med barn som har motvilje mot ros eller avviser ros? 10
Fører ros og oppmuntring berre til ytre motivasjon hos barna? 10
Effektiv ros 11
Ver konkret og spesifikk 11
Vis entusiasme og varme 11
Unngå å kombinera ros og kritikk 11
Gje ros straks 11
Å dobla effekten av ros 12
Belønning 12
Korleis går ein fram når det skal lagast belønningssystem? 12
Når kan belønning brukast? 13
Eksempel på belønning 13
Feiring i staden for belønning 14
Avslutting 15
Litteraturliste 16
2
INNLEIING I forrige tema gjekk vi gjennom kor viktig det er å styrka den «varme sida», altså kunna gå høgt på
relasjonsaksen når vi ønskjer å stå fram som foreldre som er autoritative, myndige og demokratiske.
Vi gjekk gjennom korleis dette kan gjerast ved at vi engasjerer oss i leiken eller i positiv aktivitet
saman med barna våre.
I tema 3 skal vi fortsetja å konsentrera oss om den «varme sida» og ha fokus på å koma høgt på
relasjonsaksen. For ved å rosa, oppmuntra, skryta, anerkjenna, belønna eller feira kan vi bevisst
framkalla og forsterka positiv oppførsel hos barna våre.
Nå kan vel ikkje vi seia at ros og skryt er jærbuen si sterkaste side. Vi har tradisjon for å vera spar-
same med den slags, og dersom vi ein og annan gong skryt kan det vera på dei merkelegaste måta-
ne: «Dette smakte ikkje gale!» eller «Du såg ikkje ringt ud nå!» ( Oversett: «Dette var ein fantastisk
velsmakande mat!» og «Du var veldig fin nå!») Vi trur at også jærbuar kan verta flinkare til å skryta
eller rosa, for det har vist seg at ros truleg er den mest effektive av alle verkemiddel ein kan bruka
når ein skal påverka barn. I praksis er ikkje dette så enkelt som ein kanskje skulle tru, og ros må
brukast med vett og forstand, for viss ikkje kan skryt slå feil ut eller i verste fall få motsett effekt
(B. Furman 2012). Små barn responderer som regel på ros uansett kva du seier, men etter kvart
som barna veks , vert det meir vanskeleg å rosa dei. Eldre barn kan til og med verta litt forarga og
irriterte når foreldre prøver å gje dei ros.
Vi skal vera obs på at det kan gå inflasjon i rosen. Viss vi roser barnet for ofte eller alltid på same
måte, er det stor fare for at effekten forsvinn, og at rosen får ein falsk og hol klang i barna sine øy-
rer. Det må med andre ord vera «hald» i rosen, rosen må vera fortent.
3
4
Seks ulike måtar å rosa barnet på (B. Furman 2012).
Dei fleste kan verta flinkare til å skryta av barnet ved å utvida repertoaret og prøva seg fram med
ulike måtar å rosa på. Dess fleire former for ros du spelar på, dess kjekkare vert det å rosa barnet,
og dess sikrare kan du vera på at rosen treff blink og gir ønska effekt.
1.Takk.
Takk er ei naturleg positiv tilbakemelding til barnet. Ein takk er lett for barnet å akseptera. Ein
hyggeleg bonus er at barn som vert takka ofte, venner seg sjølv til å takka og lærer å gjera det same
overfor andre barn og vaksne.
Takk for at du hjalp lillesøster med leksene!Takk for at du sette tallerken inn i oppvaskmaskinen!
Så fint du har rydda på rommet ditt!
2. Indirekte ros
I staden for å rosa barnet direkte, kan du gjera det indirekte ved å skryta av barnet til far, bestemor
eller bestefar.
Mor til bestemor på telefonen mens barnet høyrer på:
Eg er så stolt av Marit. Ho passa minsten for meg slik at eg fekk jobba litt på pc-en.
Far til barnet:
Du fekk leksene raskt unnagjort då du kom heim frå skulen. Så bra! Det må me fortelja til mor når ho kjem heim frå arbeid.
5
PRØV DETTE:
Eksperimenter med indirekte ros. Du kan for eksempel:
1. Skryta av barnet til ein annan mens barnet høyrer på.
2. Fortelja barnet noko fint som ein annan vaksen har sagt til deg om han/henne.
3. Fortelja barnet at du har tenkt å seia noko fint om han/henne til ein annan
vaksen.
PRØV DETTE:
Gjer det til vane å takka barnet for alt mogleg ei vekes tid, også ting som barnet
er forventa å gjera. Legg merke til korleis takkinga påverkar barnet og relasjonen
dykk imellom
3. Ros utan ord – vis entusiasme
Mange barn – og særleg unge responderer betre på ikkje-verbal enn verbal ros. Det er mange måtar
å rosa barnet på utan ord:
• Venda tommelen opp til barnet (=flott!)
• Klappa i hendene (=bravo!)
• Sjå forbausa ut (=utruleg!)
• Gje barnet ein high five (=bra)
• Visa ein annan vaksen noko barnet har gjort eller laga (=eg er stolt av deg!)
4. Ros i form av spørsmål
Her vert ikkje ros gitt direkte, men ved å visa interesse og stilla spørsmål om det barnet har fått til.
Dette gjer at barna vert stolte.
Så flott du har fargelagt teikninga. Det er ikkje alle som gjer det så bra. Korleis har du fått det til?
I dag venta du ikkje til siste liten med leksene. Eg veit at det ikkje er lett for deg. Kva var det som gjorde at du klarte det?
6
PRØV DETTE:
Familien din vert einige om eit teikn som de brukar til å skryta og oppmuntra
kvarandre med, kvar gong det er på sin plass. Bruk teiknet ofte, og oppmoda
andre til å gjera det same.
PRØV DETTE:
Prøv å rosa barnet ved å stilla spørsmål. Vis interesse for noko du tykkjer
barnet klarer fint, og prøv å finna ut kva det var han /ho gjorde (eller tenkte)
som førte til at han/ho fekk det til.
Prøv å få barnet til å fortelja om dei tankane og handlingane som gjorde at
han/ho klarte det. Legg merke til korleis interessa di verkar på barnet og på
relasjonen mellom deg og barnet.
5. Ros for innsatsen
Du kan gje ros i situasjonar der barnet ennå ikkje har oppført seg heilt slik den vaksne ønskjer- men
kanskje har prøvd.
Du gjorde så godt du kunne. Neste gong klarer du det.
Vi såg at du eigentleg hadde lyst til å oppføra deg betre. Du klarte det ikkje heilt, men jammen var det eit godt forsøk.
Eg er veldig glad for at du tenker på å jobba for å få betre karakterar. Det er eit skritt i rett retning.
Vi har opplevd engasjert diskusjon og meiningsutveksling blant foreldre når ros for innsats vert teke
opp på temakveldane i «Saman om god oppvekst!». Vi spør kanskje foreldra kva dei meiner om bruk
av ros eller belønning for gode resultat på skulen. På ungdomsskulen er det snakk om karakterar, i
barneskulen kan det vera i forhold til resultat på prøvar, testar og liknande. Eksempel finns på for-
eldre som gir 200 kroner og meir enn det, kvar gong eleven får gode karakterar, eller når alt er rett
på ein prøve/test. Kanskje er dette til skuleflinke barn som uansett ville fått gode resultat, utan å
yta noko spesiell innsats. Kva dersom du har eit barn som slit med skulearbeidet og som aldri vil få
karakterar over middels? Skal desse barna aldri få ros eller belønning? Dei fleste foreldra ser då at
dei heller bør rosa eller belønna innsatsen barna har lagt ned i forkant av prøven/testen, for dersom
barnet har gjort så godt det kan, bør foreldra vera meir enn fornøgde.
7
PRØV DETTE:
Oppmuntra barnet ditt ved å skryta kvar gong han eller ho viser teikn til å oppføra seg
slik du ønskjer, og legg merke til korleis dette påverkar barnet.
6. Ros med glimt i auga.
Hugs at humor forsterkar verknaden av skryt.
Mor til barnet som gjer det godt på skulen:
Det må vere mine gener!
Far til barnet:
Eg må vere ein strålande far! (Barnet spør: Korleis då?) Jau, når eg har fått ein så smart unge!
Tante til barnet:
Eg håper ingen finn ut kor smart du er. Eg er vaksen, men det der kan sjølv ikkje eg få til.
Utviklingsgruppa for «Saman om god oppvekst!» har hatt stor nytte av å gå på kurs og å lesa
litteratur som er knytta til LØFT (Løsningsfokusert tilnærming).
Ben Furman si bok «Eg er stolt av deg!» er om løysningsorientert foreldreskap og
barneoppdragelse. Det er frå denne boka vi har henta desse seks måtane å rosa barn på. Vi vil
skryta
av denne boka og tilrå foreldre å lesa heile boka. Boka har fleire nyttige og konkrete tips som:
Korleis få barnet til å høyra etter? Korleis kjøra felles linje med andre vaksne som har ansvaret for
barnet? Korleis hjelpa barn å overvinna problem og vanskar? Korleis respondera når barnet gjer noko
galt?
Nokre spørsmål og innvendingar foreldre har i forhold til å rosa barna sine.
1. Kvifor skal vi rosa barna?
Først og fremst fordi ros, skryt, oppmuntring og anerkjenning er allment akseptert som eit grunn-
leggjande menneskeleg behov og ein viktig og nødvendig del av vår kultur og oppdraging (Tveit, A,
2010). Ros, skryt, oppmuntring og anerkjenning er viktige som:
Dette er tre viktige faktorar for barnet si utvikling. Rosen motiverer barna til å klara det som synest
å vera vanskeleg. Dei orkar å stå litt ekstra på om dei får oppmuntring. Dessutan er det kjent at den
oppførselen vi gir merksemd, har ein tendens til å gjenta seg. Viss vi som foreldre maktar å halda
eit positivt fokus ved å gje barna oppmuntring og ros for ønska oppførsel og avgrensar merksemda
på den negative oppførselen, vil det truleg bidra til at barna lettare fortset å oppføra seg bra. Ros
har også stor verdi i forhold til relasjonsbygging. Foreldre som oppmuntrar og roser barna sine, byg-
ger samtidig opp tilliten og tryggleiken hos barna sine.8
-motivator
-forsterkar
-relasjonsbyggjar
2. Vert barn «utskjemte» av å få ros?
Nei, det er inga forsking som tyder på at barn vert «utskjemte» av å få ros som er fortent. Barn som
får ros av foreldra sine utviklar eit positivt sjølvbilete, og det viser seg at barn som opplever slik
ros, også vert flinke til å rosa andre. Foreldra vert då gode rollemodellar for barna sine; prinsippet
er «du får det du gir». Forsking har vist at barn som roser andre barn på skulen, vert populære og
får mange positive tilbakemeldingar. Vi tenker at når forsking viser denne positive effekten, så kan
kanskje det motsette skje om foreldre er negative og kritiske til barna sine. Foreldre som gir svært
lite oppmuntring og skryt til barna sine, får kanskje barn som også vert kritiske og negative. Kanskje
desse også har ein tendens til å slita i sosiale samanhengar?
3. Bruk av begrepa ros og anerkjenning.
Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som
er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan ofte følast dømmande og evaluerande i forhold til
barna sin innsats og oppførsel. Ros kan byggja opp sjølvtilliten til barna, men dersom det vert brukt
til å samanlikna og fremma konkurranse mellom barn – kan det vera uheldig og ineffektivt. Jesper
Juul meiner at ein må heller snakka om å anerkjenna det barna gjer. Å anerkjenna inneber å aksep-
tera barna som dei er, med sine styrker og svakheiter. Anerkjenning av innsats i staden for resultat
er eit eksempel. Dette er altså eit vidare begrep som byggjer opp sjølvkjensla til barna. Å ha ei god
sjølvkjensle er noko meir enn å ha ein god sjølvtillit , for sjølvkjensle går meir på den djupare indre
følelsen. Barn med høg sjølvkjensle er trygge på seg sjølv, kjenner seg sjølv og aksepterer seg sjølv
med sine sterke og svake sider. Ser vi tilbake til det som står under avsnittet Ros for innsats, kan vi
seia at det å anerkjenna for eksempel barna sin innsats i skulearbeidet eller oppførselen deira, styr-
kar sjølvkjensla, medan ros og belønning for resultat, styrker sjølvtilliten.
4. Er ros manipulerande og falskt?
Ordet manipulera inneber at foreldra i hemmelegheit prøver å tenka ut ein måte for å oppnå noko
hos barnet. Dette går ofte mot barnet sin vilje. Føremålet med rosen er faktisk motsett, for her øn-
skjer ein å styrka barnet sin positive oppførsel med barnet sin eigen vitande vilje (Webster- Stratton
2010). Dette er ikkje ulikt arbeidsgjevarar som gir bonus til tilsette som har gjort ein spesiell god
jobb.
5. Er det slik at nokre foreldre tykkjer det er vanskelegare å rosa barna sine enn andre?
Ja, nokre foreldre seier at det ikkje er naturleg for dei å rosa barna sine. Vi tenker at det kan vera
fleire grunnar til dette. Blant anna finns det kulturforskjellar. Synet på ros varierer frå landsdel til
landsdel , og det er forskjell på land og by. På Jæren er det nok fleire som tykkjer at det er unatur-
leg å skryta av barna sine. Særleg den eldre generasjonen kan tykkja at det er unaturleg, litt kunstig
og uvant. Ofte kan vi høyra kommentarar frå folk som uttrykker at ros er uvant og unødvendig: «Det
vart då folk av oss også!». Det vart dei nok også i dei fleste tilfella, men vår erfaring er at ein ofte
kan høyra ein viss sårheit når slike ting vert sagt - kanskje var ros likevel noko dei sakna då dei vaks
opp?. Elles så har vi erfart at den yngre generasjonen i dag er flinkare til å rosa barna sine enn førre
generasjon var.
9
Vår erfaring er at ein del foreldre som ikkje roser barna sine, ofte ikkje er så flinke til å rosa seg
sjølv. Dei er ofte sjølvkritiske i forhold til eigne konfliktar, feil og vanskar. Heime snakkar dei lite
om kva dei lykkast med i jobben og kva som er kjekt. Dei har ei negativ innstilling til mange ting.
Dermed står dei fram som dårlege rollemodellar for barna sine i slike samanhengar. Slike foreldre
må læra seg å snakka meir positivt om seg sjølv.Då er det sannsynleg at dei vil gjera det same med
barna , etter kvart.
6. Kva med barn som har motvilje mot ros eller avviser ros?
Nokre barn liker ikkje å verta rosa. Kanskje fordi dei tykkjer det er unaturleg eller at det er uvant.
Verre er det dersom dei avviser ros fordi dei har låg sjølvkjensle og ikkje har tru på rosen og opp-
muntringa dei får. Barnet har kanskje opplevd så mange negative tilbakemeldingar og irettesetjin-
gar at det har mista trua på seg sjølv. I slike samanhengar demonstrerer kanskje barna ved å halda
hendene for øyrene eller viser irritasjon når ein vaksen forsøker å skryta av dei. Dersom barnet
ofte avviser direkte positive tilbakemeldingar frå vaksne, kan det vera lurt å rosa indirekte, slik vi
var inne på tidlegare, som ros utan ord og ros i form av spørsmål. Fortset barnet å avvisa rosen, kan
det vera nyttig å bruka tid og snakka med barnet om dette. For det er viktig for alle barn å få opp-
muntring og skryt frå foreldra sine.
7. Fører ros og oppmuntring berre til ytre motivasjon hos barna?
Frykta for at barna skal verta avhengige av ros og belønninger, er ein av dei faktorane som oftast
vert trekt fram som hinder for å rosa eller belønna. (Vi kjem til belønning seinare i dette temahef-
tet). Foreldre er bekymra for at barna skal venna seg til å bli ytre styrt av ros eller belønning for å yta
noko, og at barna si oppførsel, utvikling og læring ikkje vert styrt av indre motivasjon. Ein tenker då
at barna gjer det foreldra roser og belønner for å blidgjera dei eller for å få belønning, i staden for at
det er indre motivasjon, lyst og eigen vilje som driv dei til å oppføre seg fint, meistra ein ferdigheit
eller læra seg noko nytt.
Vi har forståing for foreldre sin skepsis på dette området. Ein skal tenka nøye gjennom kva og kor-
leis ein roser og eventuelt belønner, for forsking viser at det er positive effekter ved ros, men at det
også kan vera mindre positive effektar.
Ros og belønning må tilpassast ulike alders- og utviklingsnivå. Generelt kan det seiast at ros og
belønning er mest effektivt for dei minste barna. Det er fordi det er lettare for ein 12-13-åring å
motivera seg sjølv enn for ein 6-7-åring. Men det er ikkje grunnlag for å hevda at ros og belønning
står i motsetjing til å fremja indre motivasjon, uansett alder. Når foreldre roser, skryt, oppmuntrer
og belønner barna sine på ein ekte måte, med innleving og engasjement, vil det i aller høgaste grad
bidra til at læring av nye kunnskapar og ferdigheiter skjer. Samtidig vert barna sin indre motivasjon
og sjølvkjensle styrka.
10
Effektiv rosVi vil gå inn på følgjande tips som kan gjera rosen effektiv:
Ver konkret og spesifikk
Dersom ein ønskjer å gje ros som har effekt, er det alt for vagt og lite konkret å koma med kommen-
tarar som: «Flink gut», «Godt gjort!» «Flott!». Ein må gje effektiv ros som har klar adresse til hand-
linga:
«Du er flink til å sitja roleg.»
«Godt gjort at du delte sjokoladen din med Lise.»
«Bra, at du venta til det var din tur.»
«Flott, at du takka for maten.»
«Flink jente som rydda leikene sine.»
Slik tilbakemelding på positive handlingar hjelper barnet til å forstå nøyaktig kva type positiv sosial
oppførsel som var bra.
Vis entusiasme og varme
Mykje av rosen mister effekten sin dersom den er kjedeleg og vert gitt i eit monotont tonefall med
generelle vendingar og overflatiske ord og uttrykk. Rosen må vera ekte og gis med varme og entusi-
asme, men varme og entusiasme må ikkje forvekslast med overdriven bruk av store ord og superlativ
som «fantastisk», «topp» og «kjempebra».
Unngå å kombinera ros og kritikk
Dersom foreldre blandar ros og irettesetjing vil barna lett verta forvirra og ha vanskar med å ta til
seg det positive. Særleg dei minste barna og dei som har minst tru på seg sjølv, vil ikkje hugsa
rosen, men den negative tilbakemeldinga. Eit eksempel på korleis det ikkje skal gjerast: «Så flott at
du har hengt opp kleda dine, men kvifor kan du ikkje gjera det kvar einaste dag?»
Gje ros straks
Å gje skryt i tida like etter handling, er sjølvsagt viktigare dess yngre barna er, men det er også av
stor verdi i forhold til barn som har liten sjølvtillit og barn som er ukonsenterte og urolege. For yngre
barn og dei som treng ros mest, er det ein fordel om rosen kjem i løpet av fem til ti sekund etter
den konkrete handlinga. Eit engelsk uttrykk seier: «Catch them beeing good!» («Ta dei for å gjera
noko bra!»)
11
• Ver konkret og spesifikk
• Vis entusiasme og varme
• Unngå å kombinera ros og kritikk
• Gje ros straks
• Å dobla effekten av ros
Å dobla effekten av ros
Når begge foreldra skryt og oppmuntrar, kan det gå fortare å læra den nye ferdigheiten eller åtferda.
To foreldre som roser kan altså dobla effekten av rosen, både ved at barnet får større mengd ros,
men også ved at ein roser barnet i andre sitt nærvær.
BelønningBelønning kan brukast når barn skal motiverast til positiv oppførsel, læra ny åtferd eller ein praktisk
ferdigheit. Dersom ein vel å nytta belønning, er det viktig å ha fokus på det rette som skal lærast,
og ikkje på at barnet skal slutta med noko som var galt. Blant foreldre er det svært delte meinin-
gar om kor vidt dette er ein rett måte å oppdra barn på. Nokre meiner at dette får barna til å læra,
mens andre tykkjer det skaper utskjemte barn som må ha belønning eller betaling for alt.
«Vi ser ingen negative konsekvenser med slike enkle belønningssystemer», seier Terje Ogden, pro-
fessor og forskingsleiar ved Adferdssenteret.
Ogden meiner at det viktigaste er å vera raus med ros til barna, og seier at foreldre også gjerne må
bruka belønning når barn skal læra seg å løysa nye, enkle oppgåver. Han trur ytre belønning for å
få barn til å gjera eller ikkje gjera ting, kan vera svært nyttig og lærerikt. Likevel er dette noko som
må vera gjennomtenkt frå foreldra si side. Barn må belønnast for ting dei kan klara viss dei gjer ein
liten innsats, som f.eks å henga opp jakka eller rydda leiker. Dette er ofte ting det er mykje mas om
i familien. Set ein mål som er utanfor barna sin kompetanse, skaper ein stressa barn, seier han.
Korleis går ein fram når det skal lagast belønningssystem?
Etter kvart som barna vert større, kan dei vera med og avtala belønning sjølv. Målet er at dei etter
kvart skal ta ansvar for oppgåva sjølv. For dei minste barna er det ofte nok med enkle klistermerke,
og for dei er det viktig at belønninga kjem straks. For større barn er det ofte snakk om å samla kryss
eller symbol som dei får når dei lukkast eller har meistra den oppgåva, oppførselen, ferdigheiten
eller åtferda det var snakk om. Ein samlar kanskje opp for ei heil veke, og det er på førehand avtalt
kor mange kryss eller symbol som skal til for å byta desse inn i ein større ting eller aktivitet. Ein må
vera svært konkret og spesifikk i forhold til kva som er ønska oppførsel, ferdigheit eller oppgåve og
ein må ta små steg.
C. Webster- Stratton(2010) har mange tips om korleis ein kan gå fram dersom ein ønskjer å prøva
ut med belønningssystem for barna sine. I kapittel 3 i boka «De utrolige årene» 3 går ho blant anna
inn på følgjande:
• Lag belønningsplan, men lag han ikkje for kompleks. Vel ein eller to «oppgåver» til å begynna
med.
• Fokuser på positiv åtferd.
• Beløn kvardagslege prestasjonar
• Erstatt etter kvart handfast belønning med sosial belønning som ros og oppmuntring.
• Ver tydeleg og spesifikk om belønning
• Ha ei variert belønningsliste
• Vis barnet ditt at du ventar at det skal lukkast12
• Bland ikkje belønning og straff
• Følg opp belønningsplanen konsekvent
Når kan belønning brukast?
Belønning kan brukast når barnet skal oppmuntrast til «vanskelege» ting som:
Eksempel på belønning
Under er det sett opp ei liste med eksempel på belønning. Vi har bevisst sett opp aktivitetar først,
fordi vi meiner at det i mange tilfelle er den beste belønninga. Då får barna vera i lag med foreldra
og oftast er det kjekkast å få vera heilt åleine med mor eller far, iallfall dersom det er ein familie
med mange barn. Samtidig som dette er belønning for barnet, får ein byggja vidare på den gode
relasjonen som bør vera mellom foreldre og barn.
Å vera med mormor på kafè, er ei kjekk belønning
13
• Leggetid
• Toalett-trening
• Leika med søsken eller andre
• Kle på seg
• Ulike ryddeoppgåver
• Skulearbeid/lekser
• Innetid
• Skjermtid
• Måltid
• Læra seg å uttrykka frustrasjon på ein meir
moden måte ( i staden for sinne og raseri)
• Snakka fint til andre, bruka eit fint språk
Feiring i staden for belønning Mange foreldre vel å feira i lag med barnet når eit mål er nådd. Dei ønskjer ikkje å ha for mykje fo-
kus på at positiv oppførsel eller meistring av ein ny ferdigheit, skal belønnast. Nokre vel også feiring
fordi det vert enklare å gjennomføra enn å halda orden på eit belønningssystem.
Eksempel på feiring:
• Familien ville feira jenta som hadde blitt så flink til å leggja seg om kvelden. Dei feira med god
kveldsmat som jenta sjølv hadde valt.
• Faren tok med seg guten sin på ishockeykamp for å feira at guten hadde vore ivrig med leksene i
ein heil månad.
• Ola og Kari fekk reisa på overnattingsbesøk hos bestemor og bestefar på hytta fordi dei hadde
vorte så flinke til å leika fint saman.
14
• Ekstra godnatthistorie på sengekanten
• Gå på kafè åleine med ein av foreldra
• Dra på fisketur
• Matlaging saman med ein vaksen (favorittrett, kaker o.a.)
• Gå i symjehallen
• Gå på kino
• Dra åleine med ein av foreldra på biltur eller liknande
• Gå på handball-/fotball-/ishockeykamp
• Spela spel saman med ein vaksen (evt puslespel, legobygging..)
• Ha ein venn på overnattingsbesøk
• Liggja over hjå besteforeldre eller andre
• Spela på data, sitja på pc i eit avtalt tidsrom
• Ekstra leiketid/aktivitetstid med ein av foreldra
• Fotballkort, klistremerke og liknande.
• Forundringspose med ulike billege ting (småbilar, viskelær, ballongar, ….)
• Overrasking i matpakken, til middag, til kveldsmat
• Velja frukostblanding i butikken
• Tusjar, maleskrin, fargestifter, fargebøker…
• Pengar som skal sparast til ein større ting barnet ønsker seg
• Ny leike (Spesifiser øvre grense for kva leika skal kosta.)
Avslutting: I dette heftet har vi argumentert for at ros, oppmuntring, skryt, anerkjenning, belønning og feiring
kan forsterka positiv utvikling hos barna. Belønning er det delte meininger om, og fleire foreldre
ønsker ikkje å ta i bruk belønningssystem. Dette har vi forståing for, men det er viktig at foreldre er
rause med ros. Det synest å vera brei semje om fordelane av å bruka ros. Vi har vist til forsking som
peiker på at barn og unge sin motivasjon og meistring aukar når ros vert brukt på ein effektiv og god
måte. Dersom rosen derimot vert brukt lite effektivt, med tome ord og utan engasjement, vil forde-
lane verta kraftig reduserte. I verste fall, verkar det motsett av målet. Auka bevisstgjering og meir
bruk av effektiv ros vil bidra til at fleire barn og unge vil få oppleva auka meistring og trivsel.
LYKKE TIL!
15
Litteraturliste Andersen, Stawreberg (2013): Mindfulness for foreldre , Aschehoug forlag
Broberg, Hagström & Broberg (2012): Anknytning i förskolan, Natur & Kultur forlag
Bowlby,R.( 2007): «Babies and toddlers in nonparental daycare»
Cooper, Hoffman & Powell (2009): Circle of Security Parenting
Drugli, M. B. (2014): Liten i barnehagen. Cappelen Damm forlag
Eide – Midtsand, N (2007): Tidskrift for Norsk psykologiforening utg. 12. Om boltreleken
Furman, B. (2012): Jeg er stolt av deg! (LØFT). Gyldendal.akademisk
Hougsgård, B. (2005): Curlingforeldre og servicebarn. Gyldendal akedemisk
Juul, J.(1995): Ditt kompetente barn. Pedagogisk Forum
Juul, J. (2005): Livet i familien.Pedagogisk Forum
Kvello, Ø. (2007). Utredning av atferdsvansker, omsorgssvikt og mishandling. Universitetsforlaget
und F.O.C. (2011): Senk stresset i familielivet. Mindfulness i foreldrerollen. Gyldendal akedemisk
Nielsen, A. (2011): Foreldrerollen. Det er du som er voksen! Cappelen Damm forlag 2011
Webster-Stratton, C. (2010): De utrolige årene. Gyldendal akedemisk
16