På ski i skjåk vinteren 2016

8
Skjåk Turløyper På ski i Skjåk vinteren 2016

description

 

Transcript of På ski i skjåk vinteren 2016

Page 1: På ski i skjåk vinteren 2016

Skjåk Turløyper

På ski i Skjåk

vinteren 2016

Page 2: På ski i skjåk vinteren 2016

Skjåk Turløyper skal gje folk gode tur- og naturopplevingar sommar og vinter gjennom organisering av tiltak og vedlikehald av skiløyper, turstigar og sykkelruter.

Det er fantastiske moglegheiter for skigåing i Skjåk. Vi har flotte langrennsspor og varierte løyper. Skjåk Turløyper arbeider for at vi skal gje eit enda betre tilbod til bygdafolk, tilreisande, hyttefolket og alle andre. Det er store utgifter knytt til drifting av skiløypene våre. Trakkemaskiner og snøscooterar må til for å køyre spor, og med desse fylgjer det kostnader til både drivstoff, forsikring, service og vedlikehald. For å handtere desse maskinene treng vi dyktig personell med kompetanse på å køyre skiløyper.

Page 3: På ski i skjåk vinteren 2016

I tillegg til alt dette er det ein stor friviljug innsats for å halde skiløypene våre oppe. Administrasjon, organisering og vedlikehald av trasear er basert på dugnadsinnsats. Takk til alle som bidrog i 2015! I tillegg til kommunalt tilskot frå Skjåk kommune er Skjåk Turløyper heilt avhengige av inntekter frå sponsorstøtte frå næringslivet og støtte frå private personar.

Vårt håp er at du set pris på arbeidet som vert utført ved å støtte Skjåk Turløyper. Beløpet er opp til kvar enkelt, men vårt forslag er: Kr 700 husstand/familie/hytte Kr 350 enkeltperson Ved å gje ditt bidrag til konto nr 2085.26.57554, er du med på å sikre kvaliteten på løypene i Skjåk.

Page 4: På ski i skjåk vinteren 2016

Med atterhald om vær- og føreforhold er det skiløyper på desse stadene i bygda:

Ljosløypa i Botn

Bottrunda

Åslivegen

Ljosløypa i Dønfoss Helger, vinterferie og påske blir desse løypene køyrt:

Åsen – Billingen – Fjellro – Nysætra

Åsen rundt (frå ca 15. februar)

Grotliløypene

Fjelltrotraséen

Sota – Mysubytta

Fylg Skjåk Turløyper på facebook for oppdatert skiløypeinformasjon

www.facebook.com/skiogtur

(Ein må ikkje vera på facebook for å kome inn på sida)

God tur!

Page 5: På ski i skjåk vinteren 2016

Bottrunda 7,8 km

Skianlegg 3,0 km

Åsen rundt 22,6 km

Pollfoss – Åsen 6,4 km

Åsen – Stuttgongen 4,6 km

Stuttgongen – Pollfoss 11,6 km

Vuluvatnet rundt 11,3 km

Åsen – Nysætra 5, 1 km

Nysætra – Stuttgongen 1,6 km

Botn /

Nysætra

Page 6: På ski i skjåk vinteren 2016

Mysubytta _ Solsida 1,6 km

Mysubytta - Syrtbyttjønn 2,5 km

Røykjeskålsvatnet - Syrtbyttvatnet 4,5 km

Sota -hyttefeltet 2,5 km

Sota - Liavassosen 6,9 km

Sota – Mysubytta rundløype 10,4

km

Sota/

Mysubytta

Page 7: På ski i skjåk vinteren 2016

Grotlirunda 3,9 km

Grotlivassrunda 5,5 km

Heillstuguvatnet

rundløype

5,5 km

Grotli

Page 8: På ski i skjåk vinteren 2016

Tusen takk til

våre sponsorar: