Olav H. Hauges vakraste dikt

25

description

Lekker gåvebok med Olav H. Hauges vakraste dikt.

Transcript of Olav H. Hauges vakraste dikt

Page 1: Olav H. Hauges vakraste dikt
Page 2: Olav H. Hauges vakraste dikt

M_Olav Hauge.indd 2 03/07/14 14.06

Page 3: Olav H. Hauges vakraste dikt

olav h. haugesvakraste dikt

Samlaget | Oslo

M_Olav Hauge.indd 3 03/07/14 14.06

Page 4: Olav H. Hauges vakraste dikt

© 2014 Det Norske Samlagetwww.samlaget.no

Omslagsfoto: Asbjørn Jensen

Bokbunad: Aud Gloppen | blæstDesign og omslag: Aud Gloppen | blæst trykkeri: 2014

Printed in Norway

ISBN 978-82-521-8695-6

M_Olav Hauge.indd 4 03/07/14 14.06

Page 5: Olav H. Hauges vakraste dikt

5

Innhald Føreord 9 Det er den draumen 11Eit ord 12Kom ikkje med heile sanningi 13Mange års røynsle med pil og boge 14Kvardag 15Til eit Astrup-bilete 16Eg siktar litt yver 18Til fingrane 19Din veg 20Les Lu Chi og lag eit dikt 21Eg stend eg, seddu 22Gjer ein annan mann ei beine 23Kolv og klokke 24Den fyrste tanken 26Tåre, du tarv ikkje falla 28Eit sandkorn 29Elden 30Seljefløyta 31Til ein gamal meister 32Skuggen 35I dag og i morgon 38Frostskadd apal 40Bjørki 41Piggsvinet 42Borni leikar 43Under bergfallet 44Dette lyt du bera 46Konkylie 50Syn oss åkeren din 51Eg dreg ifrå glaset 52Grjot 53Fylg tanken 54Elvi burtanum �orden 55Rømder av glans 56Gullhanen 57Seint gjeng sanningi upp 58

M_Olav Hauge.indd 5 03/07/14 14.06

Page 6: Olav H. Hauges vakraste dikt

6

Kvannskorane 59Eg ser yver ljårne fyre slåtten 60Sagbukken 61Hoggestabben 62Ljåen 63Sleggja 64Sagi 64Kveld i november 66Ny duk 67Når det kjem til stykket 68Vindhanen 69Sanningi 70Me sigler ikkje same havet 71Steinaldergrav 72I min faders hus 73Kuppern skrid i Squaw Valley 74Yver hengjemyri 75Leiv Eiriksson 76Katten 77Eg har tri dikt 78I dag såg eg 79Mur 80Hesjetråd 82Skeiserenn 83Skuleplassen 84Lat meg gjera som tordivelen 86Vinteren har gløymt att 87Morken stuv 88Berget 89Skjer 90Du var vinden 91Og eg var sorg 93Fossekallar 94Eg ser du har lært 95Bertolt Brecht 96Apal i snø 97Klunger 98Regnbogane 99Sviv 100

M_Olav Hauge.indd 6 03/07/14 14.06

Page 7: Olav H. Hauges vakraste dikt

7

Eg hogg ned den store apalen utfor glaset 101T’ao ch’ien 104Tid å hausta inn 105Lauvhyttor og snøhus 106Svarte krossar 107Gartnaren drøymer 108Han er eit menneske han som du 112Hestar og lu�arar 113Svini 114Hald på med ditt 115Den gamle diktaren har laga eit vers 116I Parkerpennen 117Orvar-Odd 118Egil 119Elvi mumlar 120Fjell er tunge å flytta på 121Teppet 124Svevn 125Det er ikkje berre soli og Vårherre som ser kva som skjer 126Dans 128Eg rek 129Eg ser på ein gamal spegel 130Spør vinden 131Upp gjenom elvedalen 132Paul Celan 133Forseinka nattog 134Barometer 137Ein vanleg haustdag med snø 138Me trudde verdi her er til for oss 141Eg stoggar under den gamle eiki ein regnvêrsdag 143Bladi losnar 144Valmue 146Fylgje 147Ogmund rid heim 148Bøn 150

Alfabetisk fyrstelineregister 153Biletliste 156

Kvannskorane 59Eg ser yver ljårne fyre slåtten 60Sagbukken 61Hoggestabben 62Ljåen 63Sleggja 64Sagi 64Kveld i november 66Ny duk 67Når det kjem til stykket 68Vindhanen 69Sanningi 70Me sigler ikkje same havet 71Steinaldergrav 72I min faders hus 73Kuppern skrid i Squaw Valley 74Yver hengjemyri 75Leiv Eiriksson 76Katten 77Eg har tri dikt 78I dag såg eg 79Mur 80Hesjetråd 82Skeiserenn 83Skuleplassen 84Lat meg gjera som tordivelen 86Vinteren har gløymt att 87Morken stuv 88Berget 89Skjer 90Du var vinden 91Og eg var sorg 93Fossekallar 94Eg ser du har lært 95Bertolt Brecht 96Apal i snø 97Klunger 98Regnbogane 99Sviv 100

M_Olav Hauge.indd 7 03/07/14 14.06

Page 8: Olav H. Hauges vakraste dikt

8

M_Olav Hauge.indd 8 03/07/14 14.06

Page 9: Olav H. Hauges vakraste dikt

9

Føreord

Olav H. Hauge (1908–1994) er ein av etterkrigstidas viktigaste og mest folkekjære lyrikarar. I denne boka kan du lese over 100 av dei vakraste dikta hans.

Hauge debuterte først i 1946, 38 år gamal, og gav i alt ut 7 dikt-samlingar. Han var både klassisist og modernist. Han kjende og brukte mange versemål, og veksla mellom formsikre sonettar, lange balladar og korthogne haiku- og tingdikt.

Gartnaren frå Ulvik vart ein ruvande arvtakar og fornyar i vår norske diktarverd. Frå heimen på Rossvoll ska�a han seg vidt ut-syn og store kunnskapar. På eiga hand lærde han seg fleire språk, og gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har nådd langt ut i verda, og har vorte gjendikta til nær 30 ulike språk.

Frå han var 15 år til veka før han døydde i 1994, førde Olav H. Hauge dagbok. Med eit tidsspenn på 70 år og med eit omfang på 3700 boksider er dagbøkene hans mellom dei mest omfattan-de i verdslitteraturen. Dagboka og dei redigerte brevsamlingane er vedunderlege vitnemål om at skalden, gjendiktaren og poeten Hauge var ein særmerkt og stilsikker ordkunstnar også når han skreiv prosa.

Olav H. Hauges forfattarskap høyrer til arvegullet i norsk bok-heim. Det Norske Samlaget er takksame for og stolte av å kunna forvalte denne unike arven.

M_Olav Hauge.indd 9 03/07/14 14.06

Page 10: Olav H. Hauges vakraste dikt

10

M_Olav Hauge.indd 10 03/07/14 14.06

Page 11: Olav H. Hauges vakraste dikt

11

Det er den draumen

Det er den draumen me ber påat noko vedunderleg skal skje,at det må skje –at tidi skal opna segat hjarta skal opna segat dører skal opna segat berget skal opna segat kjeldor skal springa –at draumen skal opna seg,at me ei morgonstund skal glida innpå ein våg me ikkje har visst um.

M_Olav Hauge.indd 11 03/07/14 14.06

Page 12: Olav H. Hauges vakraste dikt

12

Eit ord

Eit ord– ein steini ei kald elv.Ein stein til –Eg lyt ha fleire steinarskal eg koma yver.

M_Olav Hauge.indd 12 03/07/14 14.06

Page 13: Olav H. Hauges vakraste dikt

13

Kom ikkje med heile sanningi

Kom ikkje med heile sanningi,kom ikkje med havet for min torste,kom ikkje med himmelen når eg bed um ljos,men kom med ein glimt, ei dogg, eit �om,slik fuglane ber med seg vassdropar frå laugetog vinden eit korn av salt.

M_Olav Hauge.indd 13 03/07/14 14.06

Page 14: Olav H. Hauges vakraste dikt

14

Mange års røynsle med pil og boge

Det er den svarte prikkenmidt i skiva du skal tre�a,nett den, derskal pili stå og dirra!Men nett der tre�er du ikkje.Du er nær, nærare,nei, ikkje nær nok.So lyt du gå og plukka opp pilene,gå tilbake, prøva på nytt.Den svarte prikken tergar deg.Til du forstår pilisom stend der og dirrar:Her er òg eit midtpunkt.

M_Olav Hauge.indd 14 03/07/14 14.06

Page 15: Olav H. Hauges vakraste dikt

15

Kvardag

Dei store stormanehar du attum deg.Då spurde du ikkjekvi du var til,kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk,du berre var i stormen,var i elden.Men det gjeng an å levai kvardagen òg,den grå stille dagen,setja potetor, raka lauvog bera ris,det er so mangt å tenkja på her i verdi,eit manneliv strekk ikkje til.Etter strævet kan du steikja fleskog lesa kinesiske vers.Gamle Laertes skar klungerog grov um fiketrei,og let heltane slåst ved Troja.

M_Olav Hauge.indd 15 03/07/14 14.06

Page 16: Olav H. Hauges vakraste dikt

16

Til eit Astrup-bilete

Kan henda drøymde dei um dette herå møtast på ein klote, på ein stadder hegg og apal stend i syrebladog blømer slik ei dulgrøn vårnatt nær

ved orden? Vera saman, planta bærog så ein innvigd åker rad for radmed urter bak ein steingard som dei lakring helga lundar, dei som fyre fer?

Dei er i riket sitt og sår si jord.Og vårnatti er ljos av draum og gror.Dei legg kje merke til at ein kjem stilt

i snjoskardet og stig på vatnet no.Men då dei natta, såg dei månen vodi gullserk ute der so unders mildt.

M_Olav Hauge.indd 16 03/07/14 14.06

Page 17: Olav H. Hauges vakraste dikt

Nikolai Astrup er ofte nemnd i Hauges dagbok, som 8. november 1958: «Biletet av Astrup, ‹Nattarbeid i hagen› er komen på veggen. (Eg fekk det av Jon Bleie i sumar.) Det er godt. Eg ligg og ser på det. Dei grev med noko i ein åker, dei tvo, venteleg luking i grønsakene. Eller dei sår, det kan høva, for apalen blømer. Og fullmånen stend yver snjo�elli på andre sida av vatnet. Det er som frelsaren trør på vatnet, og signar dei. Dette siste er det kanskje eg som legg i det, diktar til, lesnaden av [Jacob] Böhme gjer vel sitt til at eg ser slikt. Iallfall er det mild fred i den månen og gullsøyla i vatnet.» I dagboka kommenterer han same måleriet 23. oktober 1958 og tolkar det meir utførleg 4. mars 1959.

M_Olav Hauge.indd 17 03/07/14 14.06

Page 18: Olav H. Hauges vakraste dikt

18

Eg siktar litt yver

Ei pil som skal råka, kan ikkje gjeramange krokar. Men ein god skyttarreknar med fråstanden og vinden.So når eg siktar på deg, siktar eg litt yver.

M_Olav Hauge.indd 18 03/07/14 14.06

Page 19: Olav H. Hauges vakraste dikt

19

Til fingrane

Å, de fingrar,kor ofte lyt de ikkjetræla for ein kald hjerneog ein daud kropp!Dersom eg ikkje skreivfyrr de tek til å kviskra,kor gode vilde ikkje dikti verta!Når de tek til å tala med eldtungor!

M_Olav Hauge.indd 19 03/07/14 14.06

Page 20: Olav H. Hauges vakraste dikt

20

Din veg

Ingen har varda den vegendu skal gåut i det ukjende,ut i det blå.

Dette er din veg.Berre duskal gå han. Og det eruråd å snu.

Og ikkje vardar du vegen,du hell.Og vinden stryk ut ditt fari aude �ell.

M_Olav Hauge.indd 20 03/07/14 14.06

Page 21: Olav H. Hauges vakraste dikt

21

Les Lu Chi og lag eit dikt

Les Lu Chi og lag eit dikt.Han segjer ikkje korleis det skal vera.Mange hadde måla ei eik fyrr.Likevel måla Munch ei eik.

M_Olav Hauge.indd 21 03/07/14 14.06

Page 22: Olav H. Hauges vakraste dikt

22

Eg stend eg, seddu

Eg stend eg, seddu.Eg stod her i �or òg eg, seddu.Eg kjem til å stå her eg, seddu.Eg tek det eg, seddu.Du veit ikkje noko du, seddu.Du er nyss komen du, seddu.Kor lenge skal me stå her?Me fær vel eta, seddu.Eg stend når eg et òg eg, seddu.Og kastar fatet i veggen.Me fær vel kvila, seddu.Me fær vel sova, seddu.Me fær vel pissa og skita òg, seddu.Kor lenge skal me stå her?Eg stend eg, seddu.Eg tek det eg, seddu.Eg kjem til å stå her, eg, seddu.

M_Olav Hauge.indd 22 03/07/14 14.06

Page 23: Olav H. Hauges vakraste dikt

23

Gjer ein annan mann ei beine

Han kom or �ellet, skulde heim,fekk føring ifrå Osaut til Øydvinstò.Og han var raustog baud betal.

Men Osamannenvar ikkje fal.Eg vil betala;eg kan ikkje nå degmed ei beine att.So gjer ein annan mannei beine då,sa Osamannen,og skauv ifrå.

M_Olav Hauge.indd 23 03/07/14 14.06

Page 24: Olav H. Hauges vakraste dikt

24

Kolv og klokke

Eg er kolveni klokka,den tungestillekolv.

Rør meg ikkje, –lat ikkjemine veike slagmot malmenslå tognisund.

Fyrst når klokkatek til å svinga,skal eg slå,svingaog slåmot dendjupemalmen.

M_Olav Hauge.indd 24 03/07/14 14.06

Page 25: Olav H. Hauges vakraste dikt

M_Olav Hauge.indd 25 03/07/14 14.06