Nynorsk hovudmålsdidaktikk på mellomtrinnet¸rhusdal-og-Juuhl... · Nynorsk hovudmålsdidaktikk...
Transcript of Nynorsk hovudmålsdidaktikk på mellomtrinnet¸rhusdal-og-Juuhl... · Nynorsk hovudmålsdidaktikk...
Nynorsk hovudmålsdidaktikk på mellomtrinnet
Nynorskkonferansen, Hamar
19.11.2019
Gudrun Kløve Juuhl, Høgskulen i Volda
Eli Bjørhusdal, Høgskulen på Vestlandet
Dette seminaret, tema og organisering:
Tema:
Kva for nynorskspesifikke utfordringar har elevar på mellomtrinnet som har nynorsk som hovudmål?
Korleis kan me arbeida didaktisk med desseutfordringane?
Organisering:
20 min. innleiing, 20 min. samtale
Bjørhusdal, E. og Juuhl, G. K. (2017). Bokmålsavvik frå norma i
sjetteklassetekstar. Maal og Minne 109,1
Føremål:
• undersøkja omfanget av avvik frå nynorsknorma i tekstane og omfanget av avvik som fell saman med bokmålsnorma
• gje eit vitskapleg grunnlag for å vurdera behovet for ein eigen nynorsk språkdidaktikk
Materiale
• Elevtekstar frå «Normprosjektet»
• Alle tekstane er skrivne på sjette årssteget
• Ulike skrivehandlingar
• Materialet = den totale mengda tekstar frånynorskelevar i sjetteklasse i Normprosjektet
• 113 tekstar frå 26 nynorskelevar, fordelte på seks skular
Metode/kva gjorde me?
• Kartlegging av normavvik i 54 kategoriar
• Kategorisering basert på tidlegare undersøkingar(Søyland, 2002; Fretland, 2011; 2015)
• Til grunn for kategoriseringa:
– Inndeling i ulike typar rettskrivingsavvik, bøyingsavvik og ord-avvik
– Inndeling i avvik som fell saman med bokmålsnorma («bokmålsfeil») og avvik som ikkje gjer det
Resultat: Tilhøvet mellom avvik totalt og delen bokmålssamanfall
• 2198 normavvik i dei 113 tekstane
• Tekstane er i snitt 199,3 ord, som gjev eit gjennomsnitt på 9,8 avvik per 100 ord
• 953 av dei 2198 identifiserte avvika fell saman med bokmålsnorma
• Altså er 43 prosent av nynorskelevane sine normavvik samanfallande med bokmål = nynorskelev-spesifikke feil
Resultat: Dei største avvikskategorianeAvvikstype Døme Samanfall bokmål Ikkje samanfall md
bokmål
36: feil med dobbel konsonant, ikkje samanfall bokmål *kropsdelane (kroppsdelane), *kunnde (kunde) 193
24: feil med samansette ord *vegg panel (veggpanel) 157
53: leksemet som vert nytta er ikkje i tråd med nynorsknorma, berre med bokmålsnorma *morgen (morgon),*selvsagt (sjølvsagt), *hilsen (helsing), *man (ein), *spise
(ete)
121
33: Feil med og/å Han heiter Adrian *å bur i Holland, Eg har noko *og fortella deg 117
25: monoftong istf. diftong i alle ordklassar, samanfall bokmål *ble (blei), *sier (seier), *rød (raud), *spredde» (spreidde), *helt (heilt) 110
30: vokal og/eller konsonant endra i substantivleksem og andre ordklassar, ikkje
verb, ikkje samanfall bokmål
*nor (når), *får (for) 110
29: vokal og/eller konsonant endra i substantivleksem og andre ordklassar, ikkje verb, samanfall
bokmål
*frå (frå), *melk (mjølk) 99
39: Stumme konsonantar er ikkje markerte *bynte (begynte), *spøkelse (spøkelset) 92
SUM 330 669
Resultat: Dei største avvikskategoriane i substantiv- og verbbøying
Avvikstype Døme Bokmålssamanfall Ikkje bokmålssamanfall
15: sterke verb vert bøygde svakt i presens *ligger (ligg) 73
9: a-verb vert bøygde som e-verb i presens *hopper (hoppar) 57
4: hankjønnsord og substantiv på
-ing får -er/-ene i fleirtal
*guter (gutar) 49
1: hokjønn får hankjønnsbøying i ubunde og bunde eintal *ein seng (ei seng) 49
5: inkjekjønn får feil bøying i ubunde og bunde fleirtal *fylker (fylke) 44
Kva kan studien brukast til?
• Studien slår fast omfanget av normavvik som fell saman med bokmål
• Er manglande ‘forklaring’ uheldig?
• Nei, ikkje for å konkludera om det overordna behovet for ein målretta språkdidaktikk for nynorskelevar
• Med språkdidaktikk meiner me prinsipp/metodar for opplæring i vokabular, rettskriving og bøying, ikkje for opplæring i kommunikasjon, innhald, tekstoppbygging osb.
• På desse siste vurderingsområda er nynorskelevar kanskje sterkare (jf. Normprosjektets sluttrapport: Berge og Skar (2015))
Praksisrøynsler
Rapport frå eit prosjekt i ein sjetteklasse
Kva kan gjerast?
• Atterhald: Opplæringssituasjonen til nynorskelevane krev tiltak på fleire nivå - me (Juuhl og Bjørhusdal) besøkte klasserommet
• Kva gjorde me?– Utvikla enkle læringsaktivitetar (oppgåver) saman
med ein erfaren sjetteklasselærar
– Læraren tilpassa og prøvde ut aktivitetane i klassen sin medan me observerte. Etterpå diskuterte me og læraren
Aktivitetane var laga for å invitera til arbeid med desse utfordringane
• Staving/rettskriving• Grammatikk/bøying: både å utvikla metaspråkleg
medvit og kunna bruka reglane i eiga skriving• Leggja merkje til skilnader mellom nynorsk og
bokmål• Sosiolingvistisk medvit om bokmålsdominansen i
samfunnet og korleis ein handterer det som brukar av eit mindre brukt språk
• Styrkja elevane sin sjølvtillit og identitet som nynorskbrukarar
LÆRINGSAKTIVITET: SPRÅKUNDERSØKING/LURERI - VERB
Bakgrunn
Forsking viser at
– mange nynorskelevar og –studentar har problem med verbbøying (Fretland, 2015; Bjørhusdal og Juuhl, 2017).
– grammatikkopplæring som hjelper elevane å øva opp evna til å leggja merkje til grammatikken og andre språklege fenomen i teksten, har effekt (Fogel og Ehri gjevne att av Tonne og Sakshaug, 2008))
Opplegget: verb
• Elevane hadde i lekse å lura foreldra til å gje frå seg informasjon om preteritumsformer:– Kva brukte du å lesa då du var på min alder, Pappa?
– Kva brukte du å sjå på tv?
– Kor tid brukte du å gå til skulen?
• Mål: Få fram informasjon om ulike preteritumsformer i bruk: las/leste, såg/så, gjekk/gikk. Klasseromssamtale om verbtider, dialekt, nynorsk og bokmål.
LÆRINGSAKTIVITET: FINN FEIL -MONOFTONGERING
Bakgrunn
Rettskrivingskapittelet i Zeppelin har lista opp fire viktige rettskrivingsreglar.
Men kva er deiviktigasterettskrivingsreglane for nynorskelevar?
Bakgrunn
• I undersøkinga vår var ei vanleg gruppe rettskrivingsavvik at elevane brukte monoftong i staden for diftong i ei rad ord, ofte etter mønster frå bokmål, t.d. hete i staden for heite. Dette var meir frekvent enn sj/kj-avvik.
• Difor kan monoftongering vera eit aktuelt område å arbeida med når ein held på med rettskriving, og eit nyttig omgrep å læra seg for elevar og lærarar.
Opplegget: Kattetekstar
Elevane arbeidde to og to med å finna monoftong-feil i desse tekstane
Opplegget
• Læraren forklarer og viser døme på kva monoftongering er
• Elevane sit i par og arbeider med å finna så mange eksempel dei klarer på monoftongering i teksten. Dei arbeider primært munnleg, men kan gjerne ringa rundt ord
• Felles oppsummering der alle para får sagt minst eitt ord
• Felles lærarstyrt refleksjon om skilnader på nynorsk og bokmål
LÆRINGSAKTIVITET: ORDKART
(direkte inspirert av Mette Reinertsen ved Jostedal oppvekstsenter, Luster)
Læringsaktivitetar: Arbeid med nynorsk og bokmål på skilt og i
reklame
Kva meiner elevane dei har lært om nynorsk og bokmål?
Spørsmål til diskusjon
• Kva nynorskelev-spesifikke utfordringar har de observert i eigen praksis i skulen?
• Moglege årsaker til desse?
• Korleis kan dei gripast an didaktisk?
– Trengst det noko på overordna nivå? (læreplan, læremiddel, UDIR…)
– Kva kan/bør gjerast i klasserommet?