NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing · 2020. 4. 21. · NiN-Prosjektinnmelding 2020-...
Transcript of NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing · 2020. 4. 21. · NiN-Prosjektinnmelding 2020-...
Versjon 21.4.2020
VEILEDER
M-1386 | 2019
NiN-Prosjektinnmelding 2020-
brukarrettleiing
1
KOLOFON
Utførende institusjon
Miljødirektoratet
Kontaktperson i Miljødirektoratet
Pål Theodorsen, Ellen Arneberg
M-nummer År Sidetall
1386 2019 31
Utgiver
Miljødirektoratet
Forfatter(e)
Pål Theodorsen
Tittel – norsk og engelsk
NiN-Prosjektinnmelding 2020 - brukarrettleiing
Sammendrag – summary
Applikasjonen NiN-Prosjektinnmelding er utvikla med tanke på å avgrense areal som skal kartleggast
ved bruk av NiNapp. Eit kartleggingsprosjekt får status som utkast ved oppretting. Når all naudsynt
informasjon er lagt til, kan prosjektet bestillast i NiN-Prosjektinnmelding. Prosjektet vil deretter vere
tilgjengeleg i kartleggingsverktøya.
4 emneord 4 subject words
Naturtypekartlegging, NINapp, NiN-
Prosjektinnmelding [4 subject words]
Forsidefoto
Skjermdump frå NiN-Prosjektinnmelding, viser eit kartleggingsprosjekt som er bestilt i applikasjonen.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
2
Innhald
1. Innleiing .................................................................................................. 3
1.1 Om NiNapp ......................................................................................... 3
1.2 Om NiN-Prosjektinnmelding ..................................................................... 4
2. Tilgang og innlogging ................................................................................... 5
3. Oversikt over NiN-Prosjektinnmelding ............................................................... 6
4. Opprette og redigere prosjekt for å bestille kartlegging .......................................... 7
4.1 Krav til prosjektgeometri ........................................................................ 7
4.2 Opprette prosjektavgrensing .................................................................... 7
4.2.1 Opprette geometri ved hjelp av filimport ............................................. 8
4.2.2 Opprette geometri ved å digitalisere i applikasjonen ................................ 8
4.2.3 Splitte prosjekt ........................................................................... 10
4.3 Fylle inn eigenskapar på prosjektet ........................................................... 11
4.4 Redigere prosjekt ................................................................................ 11
4.4.1 Tilgang til å redigere ..................................................................... 11
4.4.2 Finne fram til prosjekt som du vil redigere ........................................... 11
4.4.3 Redigere geometri og eigenskapar og leggje til brukarar .......................... 12
4.5 Kopiere eigenskapar frå eit prosjekt .......................................................... 14
4.6 Eksportere prosjektliste ......................................................................... 16
4.7 Slette prosjekt med status "Utkast" ........................................................... 16
4.8 Bestille prosjekt .................................................................................. 17
4.9 Redigere prosjekt som er bestilt ............................................................... 18
5. Laste ned kartleggingsdata ........................................................................... 20
6. Tips til redigering av geometri for prosjekt ........................................................ 21
6.1 Teikne direkte eller importere fil? ............................................................ 21
6.2 Splitt, samanslåing og overlapp ................................................................ 21
6.3 Kombinere Tegn og Plukk ved multipolygon eller hol i objekt ............................ 23
6.4 Avgrense mot tidlegare kartlagt område ..................................................... 25
7. Melde inn forslag frå fylkesmannen ................................................................. 28
7.1 Overordna arbeidsflyt ved innmelding ........................................................ 28
7.2 Eigenskapar for innmeldt forslag .............................................................. 28
7.2.1 Felles eigenskapar for alle program ................................................... 28
7.2.2 Programavhengige eigenskapar ......................................................... 29
7.2.3 Innmelding av forslag til kartleggingsområde ........................................ 30
7.3 Fylkesmannsbrukarar med fleire roller ....................................................... 30
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
3
1. Innleiing
1.1 Om NiNapp
NiNapp er namnet på den dataflyten Miljødirektoratet har bygd opp med tanke på
naturtypekartlegging som bygger på Natur i Norge (NiN).
NiNapp kan kort skildrast slik:
1. Miljødirektoratet set opp kartleggingsprogram i NiN-Admin.
2. Instansar som treng kartlegging avgrensar og bestiller kartleggingsprosjekt i NiN-
Prosjektinnmelding.
3. Bestilte prosjekt blir kartlagte ved bruk av NiNapp (IOS), Arter (IOS) og NiN-Web.
4. Etter at kartlegging er fullført, sender kartleggar data til godkjenning via NiN-Web.
5. Registreringar av artar skal eksporterast frå Arter (IOS) og leverast til Artsdatabanken.
Om firmaet har eigen dataflyt (GBIF-node) kan data leverast via denne.
6. Miljødirektoratet godkjenner data i NiN-Admin.
7. Bestillar av kartlegging kan eksportere data frå kartleggingsprosjekt i NiN-
Prosjektinnmelding.
8. Miljødirektoratet publiserer godkjente data og utvekslar data med Artsdatabanken.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
4
1.2 Om NiN-Prosjektinnmelding
Applikasjonen NiN-Prosjektinnmelding er utvikla med tanke på å avgrense areal som skal
kartleggjast ved bruk av NiNapp. Eit kartleggingsprosjekt får status som "Utkast" når du
opprettar det. Når all naudsynt informasjon er lagt til, kan prosjektet bestillast i
applikasjonen. Prosjektet vil deretter vere tilgjengeleg i kartleggingsverktøya og i
kontrollapplikasjonen NiN-Admin. I NiN-Prosjektinnmelding har prosjektet status "Bestilt".
Arbeidsflyten ved bestilling av kartlegging i Prosjektinnmelding er slik:
1. Du må du oppfylle krava Miljødirektoratet har sett til dei som ønskjer å bestille
kartlegging og få tilgang til Prosjektinnmelding.
2. Gå til https://ninkartlegging.miljodirektoratet.no og opne Prosjektinnmelding herifrå.
3. Etabler prosjektet som utkast ved å teikne opp det området som skal kartleggjast. Gi
prosjektet eit kort og beskrivande geografisk namn.
4. Fyll inn eigenskapar for prosjektet, inklusive kven som skal utføre kartlegginga.
5. Når prosjektet er komplett registrert, kan du bestille det ved å endre status frå Utkast til
Bestilt.
6. Etter at prosjektet er bestilt, vil ein kartpakke for nedlasting og offline bruk bli klargjort
automatisk. Når kartpakken er ferdig, vil prosjektet vere synleg og redigerbart i
kartleggingsverktøya. Dette vil skje om lag ein time etter at prosjektet er bestilt i
applikasjonen.
Fylkesmannen har ein årleg dialog med Miljødirektoratet knytt til fleire kartleggingsprogram.
NiN-Prosjektinnmelding støtter denne dialogen gjennom ein eigen status, kalla "Innmeldt
forslag". Dette er forslag til kartleggingsprosjekt som Miljødirektoratet handsamar vidare og
bestiller i applikasjonen. Handsaminga i direktoratet vil inkludere open utlysing, utlysing
innanfor rammeavtale eller andre former for konkurranse om eit oppdrag.
Eit prosjekt er ikkje knytt til den brukaren som opprettar prosjektet. Alle andre brukarar av
NiN-Prosjektinnmelding frå same etat1 som denne brukaren kan redigere dette prosjektet.
Prosjekta kan seiast å vere etaten sin "eigedom", og dette gjev fleksibilitet med omsyn til
handtering av prosjekta internt i etaten. Organisering av arbeidet blir etaten sitt ansvar.
1 "Etat" er i denne samanhengen eit samleomgrep for organisasjon/institusjon/firma som ein brukar høyrer til.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
5
2. Tilgang og innlogging
For å kunne bruke NiN-Prosjektinnmelding, må du må du oppfylle krava Miljødirektoratet har
sett til dei som ønskjer å bestille kartlegging og få tilgang til applikasjonen. Prosedyrar, krav
og vilkår er formidla i ein rettleiar publisert på heimesida til Miljødirektoratet. Alle som vil
bestille kartlegging av naturtypar etter Miljødirektoratets instruks må fylle ut eit skjema i
Elektronisk søknadssenter hos Miljødirektoratet.
Miljødirektoratet nyttar ein plattform kalla Naturbase-Identity for å kontrollere at ein brukar
har den riktige tilgangen ved innlogging i applikasjonane i NiNapp. På
https://ninkartlegging.miljodirektoratet.no finn du lenke til NiN-Prosjektinnmelding. Her kan
du også finne lenke til funksjonalitet for å endre passord.
Når du opnar NiN-Prosjektinnmelding, kjem du først til innlogging. Skriv inn brukarnamn og
passord, og du blir ført over til applikasjonen.
Har du applikasjonen oppe i nettlesaren utan å bruke han, kan du få melding om at du må
logge inn att. Bruk tilbakeknappen i nettlesaren for å kome til innlogging. Du kan også starte
å skrive adressa til applikasjonen, og så vil nettlesaren ofte foreslå rett adresse.
Applikasjonen kan miste kontakten med webtenestene som han bruker for å gjere jobben. Da
kan du få ei feilmelding som denne. Følg instruksjonen i feilmeldinga, og du vil vere på lufta
att.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
6
3. Oversikt over NiN-
Prosjektinnmelding
NiN-Prosjektinnmelding er bygd opp med eit panel til venstre og ei kartramme.
I panelet ligg verktøyknappar for å gjere ulike operasjonar med data i applikasjonen. Vidare
finn du søk og filtrering, som kan hjelpe deg med å finne fram det prosjektet du vil arbeide
med. Den dominerande delen av panelet er ei liste over dei prosjekta som er oppretta av din
organisasjon.
I kartet finn du alle prosjekt som er oppretta. Du kan sjå på alle prosjekt og mellom anna
finne ut kven som eigar et prosjekt. Dette kan vere praktisk i fall du er i ferd med å leggje
ditt prosjekt i overlapp med eit prosjekt som ein annan etat har bestilt, og du ønskjer å finne
ut om det er mogleg å samordne seg med den andre.
Applikasjonen har nokre kartlag som kan vere nyttige som støtte i arbeidet. Mellom anna finn
du oversikt over tidlegare kartlagde område.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
7
4. Opprette og redigere prosjekt for å
bestille kartlegging
4.1 Krav til prosjektgeometri
Av tekniske omsyn er det naudsynt å ha strenge krav til geometrien for prosjekt. Dette er
basert på røynsler med ulike variantar av geometrikrav som har vore prøvd ut.
Følgjande krav gjeld:
1. Prosjektgeometrien kan ikkje vere større enn 7000 haa, som samsvarer med 70 km2. Vi
har sett at større areal enn dette har skapt problem i kartleggingsverktøya tidlegare. Om
det viser seg å vere teknisk forsvarleg å auke arealet som kan avgrensast, vil vi gjere
dette.
2. Prosjektgeometrien kan ikkje vere multipolygon. Det må vere berre ei flate.
3. Prosjektgeometrien kan ikkje ha hol inne i polygonen. Flata må vere heil.
4. Geometrifeil som sjølvkryssing og liknande er ikkje lov og vil gje feilmelding.
Brot med krav 1-3 vil gje denne feilmeldinga:
Brot med krav 4 vil gje denne feilmeldinga:
Feilmeldinga kan også kome ved teknisk feil av eit eller anna slag.
4.2 Opprette prosjektavgrensing
Før noko anna kan gjerast med eit prosjekt, må prosjektet ha ein geometri og eit namn. Du
kan etablere ny geometri ved å importere ei fil i shapeformat, eller du kan teikne opp
prosjektet direkte i applikasjonen.
Når du opnar applikasjonen, kan du bruke verktøy for å lage ny geometri.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
8
4.2.1 Opprette geometri ved hjelp av filimport
Klikk på knappen "Importér", og du får opp funksjonaliteten for å importere vektordata. Fila
kan gjerne innehalde fleire prosjekt.
Merk vilkåra i hjelpeteksten. Om du ikkje har attributtet "Navn" i fila, vil applikasjonen
etablere eit førebels namn på prosjektet eller prosjekta.
Etter at du har klikka på "Last opp shapefil", vil applikasjonen laste inn prosjekta og
eventuelle namn. Applikasjonen varslar om kor mange objekt som blei importert. Objekt som
ikkje blir importert, vil vere for store og/eller ha geometrifeil som ikkje blir godtatt.
4.2.2 Opprette geometri ved å digitalisere i applikasjonen
Klikk på knappen "Opprett".
Du får velje mellom to ulike metodar; "Tegn" eller "Plukk".
"Tegn" gir høve til å teikne i kartet, medan "Plukk" gir høve til å velje objekt frå eit kartlag.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
9
Vel du å teikne i kartet, digitaliserer du prosjektet direkte.
Du kan angre det seinaste du gjorde, og du kan avbryte prosessen. Du avsluttar teikninga med
dobbeltklikk, og prosjektet er oppretta.
Applikasjonen zoomar inn på prosjektet, og du får opp skjema for å fylle inn eigenskapar i
panelet til venstre. Merk at prosjektet automatisk har fått eit førebels namn. For å halde
orden i prosjekta, vil det vere lurt å gje prosjektet eit korrekt namn med ein gong. Bruk eit
kort stadnamn.
Du kan fylle inn eigenskapar, og du kan arbeide vidare med prosjektavgrensinga ved å teikne
meir areal, klippe bort areal eller splitte prosjektet i to. Du kjem tilbake til prosjektlista ved
å klikke i "Registrerte prosjekt".
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
10
Vel du å plukke objekt frå eit kartlag, klikkar du på knappen "Plukk". Du kan velje blant dei
kartlaga som er tilrettelagt, og du må velje eitt i gangen.
Start med å velje eit kartlag du vil plukke frå. Kartlaget blir da aktivert for dette, og du får
tilgang til verktøy for å utføre plukkinga. Du kan plukke eitt og eitt objekt frå kartlaget du
har valt, eller du kan teikne ein figur som tar med seg alle objekta figuren dekkjer. Ein
føresetnad er at objekta heng saman og at dei ikkje dannar multipolygon eller gliper mellom
objekt.
Du kan bruke "Plukk" til å leggje til objekt, men også fjerne objekt. Når du startar, er berre
"Legg til" tilgjengeleg. Så snart prosjektet har ein geometri, kan du også fjerne objekt. Alle
desse knappane held seg aktive heilt til du skifter knapp eller går ut av denne
funksjonaliteten. Hugs å følgje med på kva for knappar som er aktive.
Konkrete tips om redigering av geometri finn du i Tips til redigering av geometri for prosjekt.
4.2.3 Splitte prosjekt
Dersom arealet du ønskjer å få kartlagt er større enn 70 km2, får du ikkje digitalisert dette
som eitt prosjekt. Andre grunnar til å dele opp eit prosjekt kan også tenkjast, til dømes at
kartleggarane vil organisere arbeidet i to lag som tar kvar sin del av området.
Du kan splitte eit prosjekt ved å aktivere Splitt i verktøymenyen og teikne opp ei linje som
dannar splittlinja. Dersom det er viktig med særs presis grense, til dømes midt i elva, vil det
løne seg å bruke tid på å få splittlinja så korrekt som mogleg.
NiN-Prosjektinnmelding har ikkje funksjonalitet for å slå saman område. Sjå meir i avsnittet
Splitt, samanslåing og overlapp.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
11
4.3 Fylle inn eigenskapar på prosjektet
For å kunne bestille prosjektet, må fleire eigenskapar registrerast. Tabellen nedanfor gjev
oversyn over eigenskapar som er obligatoriske for å bestille. Dette kjem fram i applikasjonen
også.
Eigenskap Kommentar Endre til Bestilt
Prosjektområdenavn Navn på prosjektområdet,
skal vere eit kort stadnamn
Obligatorisk
Prosjektbeskrivelse Kort skildring av kva
prosjektet dreier seg om.
Obligatorisk
Kontaktperson Kontaktperson hos instansen
som bestiller.
Obligatorisk
Oppdragsgiver Kven som er oppdragsgjevar
for kartlegginga
Obligatorisk
Firma Firma som har tatt på seg
oppdraget med å kartlegge
Obligatorisk
Program Kva for kartleggingsprogram
som skal nyttast.
Obligatorisk
Formål Formålet med kartlegginga,
kva for prosess eller
oppgåve kartlegginga skal
støtte.
Obligatorisk
Brukere Personar som skal utføre
kartlegginga i felt.
Obligatorisk
Feltet "Oppdragsgiver" er ein kombinasjon av kodeliste og tekstfelt. Om du ikkje finn den
aktuelle oppdragsgjevaren i kodelista, kan du skrive inn namn på etat/firma og trykke Enter.
Dette oppdaterer kodelista.
4.4 Redigere prosjekt
4.4.1 Tilgang til å redigere
Statusen til eit prosjekt avgjer om det kan redigerast og kva som kan redigerast. Du kan berre
redigere prosjekt som er oppretta av deg eller ein annan brukar i din etat.
• Du kan redigere geometri og eigenskapar på eit prosjekt med status "Utkast". Du kan
også leggje til og fjerne kartleggarar.
• Du kan utvide geometrien til eit prosjekt med status "Bestilt", men du kan ikkje
innskrenke. Du kan også leggje til kartleggarar, men du kan ikkje fjerne nokon.
4.4.2 Finne fram til prosjekt som du vil redigere
I NiN-Prosjektinnmelding kan du filtrere på utvalde eigenskapar og på statusen til prosjekt.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
12
Du kan skrive inn tekst i søkefeltet, og du får treff for kvar bokstav du skriv. I dømet nedanfor
har du skrive "kon", og du har fått treff på to prosjekt med føremålet "Konsekvensutredning"
og eitt prosjekt med "kon" i prosjektnamnet.
Du kan kombinere tekst i søkefeltet med å filtrere på status og avgrense trefflista
ytterlegare.
Søkefeltet brukar desse eigenskapane til å generere treff:
• Prosjektnamn. Merk at prosjektnamnet inneheld både ein unik ID, eit stadnamn og ein
referanse til kartleggingsprogrammet.
• Føremål
• Oppdragsgjevar
• Firma
Opplegget du har valt for søk og filtrering held seg på plass inntil du slettar det. Klikk i
krysset eller slett manuelt.
4.4.3 Redigere geometri og eigenskapar og leggje til brukarar
Du opnar eit prosjekt for redigering ved å klikke i prosjektnamnet i trefflista. Alle
geometriverktøya er tilgjengelege, og du kan redigere eigenskapar i venstrepanelet. Du kjem
tilbake til trefflista ved å klikke i "Registrerte prosjekt".
Eit prosjekt må ha minst ein kartleggar før det kan bestillast. Du kan leggje til brukarar ved å
klikke på "Brukere". Brukarar kan både leggjast til og fjernast så lenge prosjektet har status
"Utkast". Etter at prosjektet er bestilt, kan du berre leggje til nye.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
13
Første gangen du skal velje brukarar, vil det gjerne vere fleire frå det firmaet som skal utføre
kartlegginga. Det enklaste vil da vere å søke med firmanamn. Trefflista kjem alfabetisk etter
fornamn. Du kan velje fleire brukarar i ein operasjon ved å halde inne Ctrl-tasten og klikke på
dei namna du skal ha med.
Dersom prosjektet allereie er bestilt og er ute i kartleggingsverktøya, vil det som regel vere
tale om å leggje til ein eller to nye brukarar på prosjektet. Da kan søk etter namn vere det
mest effektive.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
14
4.5 Kopiere eigenskapar frå eit prosjekt
Har du fleire prosjekt som skal kartleggast av dei same kartleggarane, kan du gjere ferdig eitt
av dei og kopiere eigenskapane til dei andre prosjekta. Alt av eigenskapar blir kopiert til dei
andre prosjekta, same om det allereie er registrert noko der. Prosjektnamn og geometri blir
ikkje påverka av dette.
Huk av for det prosjektet som skal kopierast til andre prosjekt og klikk "Kopiér".
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
15
Du får høve til å krysse av for dei prosjekta du vil kopiere eigenskapar til.
Huk av dei aktuelle prosjekta og klikk "Overfør". Legg merke til at prosjektet som blir kopiert
til dei andre er ført opp, slik at du kan kontrollere at du har valt riktig prosjekt som
utgangspunkt. Blir du usikker, avbryt og start på nytt.
Du får stadfesta at kopieringa gjekk bra.
Om det allereie er lagt inn eigenskapsdata for prosjekt du vil kopiere eigenskapar til, får du
varsel om dette og kan avbryte eller gå vidare. Klikk i "Bekreft og overskriv" om du vil gå
vidare.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
16
4.6 Eksportere prosjektliste
Klikk på knappen "Eksportér" for å eksportere prosjektlista til tabell i Excel.
Denne funksjonaliteten kan mellom anna nyttast til å kontrollere at alle eigenskapar er riktig
på plass før du endrar status frå "Utkast" til "Bestilt".
Har du avgrensa prosjektlista til etaten ved å søke eller filtrere, er det denne lista som blir
lasta ned. Korleis dette ser ut vil vere avhengig av kva for nettlesar du bruker.
4.7 Slette prosjekt med status "Utkast"
Du kan slette eitt eller fleire prosjektutkast ved å huke av i boksen til venstre for
prosjektnamnet og klikke "Slett". Du må stadfeste at du vil slette.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
17
4.8 Bestille prosjekt
Når du bestiller eit prosjekt, blir geometri og eigenskapar klargjort for NiNapp:
• Detaljerte kartpakkar for nedlasting til iPad blir laga. Desse blir brukt som
bakgrunnskart i offline modus i NiNapp.
• Prosjektet vil finnast i kartleggingsverktøya etter om lag ein time og vil kunne veljast
av kartleggarar på prosjektet.
Ved bestilling blir prosjektet låst for vidare redigering, og du kan heller ikkje slette
prosjektet. Du kan likevel leggje til nye kartleggarar, og du kan utvide geometrien.
Om du har bestilt kartlegging, og dette likevel blir uaktuelt eller ikkje lar seg gjennomføre, ta
kontakt på e-post [email protected].
Du startar bestilling ved å velje prosjektet, klikke i "Endre status" og velje "Bestill".
Applikasjonen kontrollerer at alle obligatoriske eigenskapsfelt er utfylte.
Felt som ikkje er utfylt, må fyllast ut, og så kan du gjenta operasjonen.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
18
Applikasjonen stadfestar at bestillinga gjekk bra.
Prosjektet har endra status og farge i kartet.
4.9 Redigere prosjekt som er bestilt
For bestilte prosjekt kan du leggje til nye kartleggarar ved å velje "Brukere" og leggje til nye
namn. Du kan også utvide geometrien, og du kan bruke begge verktøya for å teikne i kartet.
Når du har teikna inn utvidinga, får prosjektet ein lysare farge. Prosjektet har fått ein
midlertidig status (Bestilt-usync) som viser at den nye geometrien enno ikkje er synkronisert
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
19
med databasen. Du kan no velje å anten setje prosjektet tilbake til utgangspunktet, eller
synkronisere endringa med databasen. Er du nøgd med utvidinga, synkroniserer du. Vil du
tilbake til det opphavlege prosjektet og teikne på nytt, reverserer du. Applikasjonen gir deg
varsel om kva som skjer for begge alternativa.
Synkroniserte endringar for prosjekt blir tatt hand om i kartleggingsverktøya, men det er lurt
å ha tett dialog med nøkkelperson for oppdraget. Meld alltid frå til nøkkelperson når du har
synkronisert inn endringar. Som regel vil utviding av prosjekt også ha ei kommersiell side, så
det er i alle høve naturleg å ha kontakt med nøkkelperson i oppdraget.
Om noko uventa skjer på dette stadiet, til dømes at straumen går og sløkker PC-en, vil du
finne prosjektet att i prosjektlista. Enklaste viset er å søke etter namnet på prosjektet, opne
det og fullføre.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
20
5. Laste ned kartleggingsdata
Når kartleggingsarbeidet er avslutta, vil ein i mange høve ha bruk for data nokså omgåande. I
NiN-Prosjektinnmelding er det lagt til rette for dette. Start med å klikke på "Kartleggingsdata"
til høgre for prosjektområdenamnet. Du får opp ein boks og skriv inn e-postadressa til
mottakaren.
Applikasjonen stadfestar at e-post er på veg. Mottakaren får ei lenke til nedlastingsdata, og
lenka er gyldig i 24 timar.
Data som framleis er under arbeid hos kartleggar vil ikkje vere inkludert i nedlastinga.
Nedlastinga vil berre innehalde data som kartleggaren har gjort seg ferdig med og sendt til
godkjenning.
Kartleggingsdata som blir lasta ned via denne kanalen kjem som filgeodatabase. Denne er
relativt kompleks og krev ein del GiS-kompetanse hos mottakaren.
Data som er publisert av Miljødirektoratet kan lastast ned til ein geodatabase som er enklare
å ta i bruk. Ved publisering får du også tilgang til eigne, brukarvenlege, faktaark for kvar
lokalitet. Desse faktaarka vil ikkje vere inkludert i nedlastinga frå NiN-Prosjektinnmelding.
Om du kan, er det best å vente til data er publiserte.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
21
6. Tips til redigering av geometri for
prosjekt
6.1 Teikne direkte eller importere fil?
NiN-Prosjektinnmelding har enkel funksjonalitet for å teikne opp areal for kartlegging.
Løysinga har ikkje alminneleg GiS-funksjonaliet, som snapping og liknande. Dersom området
du vil ha kartlagt skal avgrensast presist mot andre kartdata, som vegar, elver osb., rår vi til
at du arbeider fram området i eit GiS-verktøy og importerer shapefil til løysinga. Det same
gjeld dersom du må køyre analysar for å få definert utstrekninga av området.
I mange tilfelle vil området som skal kartleggast vere definert på førehand, til dømes eit
planområde. Da vil import av fil vere både mest effektivt og mest presist.
Du kan bruke funksjonaliteten som finst i løysinga for å redigere eit område du har importert,
til dømes avgrense mot tidlegare kartlagt område.
6.2 Splitt, samanslåing og overlapp
NiN-Prosjektinnmelding har funksjonalitet for å splitte eit område i to. For å splitte klikkar du
"Splitt" i menyen og trekker ei splittlinje gjennom prosjektet.
I dette tilfellet vil både elva og vegen vere godt eigna som grenselinje. Finn du ikkje gode
delingslinjer av denne typen, må du vurdere terrenget og tenkje over kvar det er naturleg å
trekke splittlinja. Om du treng ei særs presis splittlinje, kan du digitalisere splittlinja i stor
målestokk, og til dømes teikne splittlinja langs midten av eit vegobjekt.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
22
Her er grensa trekt omtrentleg langs elva.
Når du fullfører splittlinja ved å dobbeltklikke, får du velje kva for objekt du går vidare med.
Avhengig av kor presist grensa mellom dei to prosjekta skal trekkast, kan du finjustere i
større målestokk ved å legge til og klippe bort areal.
NiN-Prosjektinnmelding har ikkje funksjonalitet for å slå saman to eller fleire område. Kjem
du opp i ein situasjon der du eigentleg får bruk for dette, må du velje mellom å lage to
prosjekt eller starte på nytt. Det beste er å planleggje slik at dette problemet ikkje oppstår.
Løysinga har ikkje automatisert handtering av overlapp mellom prosjekt, så du må justere
begge objekta om du vil unngå overlapp. Om du drar ei omtrentleg splittlinje og har bruk for
høg presisjon, er det mykje jobb å fikse dette i etterkant.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
23
6.3 Kombinere Tegn og Plukk ved
multipolygon eller hol i objekt
Kravet i NiN-Prosjektinnmelding om at eit prosjekt skal vere ei heil flate vil skape problem
dersom objektet du vil plukke har fleire flater (multipolygon). Mange naturvernområde har
dette, og slike område let seg ikkje plukke direkte. Det same vil skje om objektet har hol. Til
dømes vil ein liten eigedom inne i ein stor eigedom gi feilmelding om du forsøker å plukke
den store eigedomen.
Når objektet du vil plukke er ein multipolygon, kan du binde flatene saman ved å teikne opp
ein figur som går inn i alle flatene. Du lagar nærast ei bru mellom flatene, og brua kan gjerne
vere så smal som mogleg. Når objektet du vil plukke har hol, lagar du ein figur som dekkjer
alle hola.
Her er eit naturvernområde som både har hol og er ein multipolygon. I dette tilfellet må
begge metodane nyttast.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
24
Lag først eit nytt prosjekt ved hjelp av "Tegn". Figuren må liggje innafor naturvernområdet ,
han må dekkje alle hola i det eine kartobjektet, og han må lage ei bru over til det andre
objektet. Du kan no velje Plukk-Legg til og klikke i naturvernområdet, og så vil du få heile
naturvernområdet som eit prosjekt.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
25
Slik ser det ferdige prosjektområdet ut:
6.4 Avgrense mot tidlegare kartlagt område
Dersom området du ønskjer å få kartlagt overlappar med eit tidlegare kartlagt område, kan
det vere at du ikkje treng å bestille kartlegging i den delen av prosjektet som er kartlagt frå
før. Vil du avgrense mot tidlegare kartlagt område, teiknar du prosjektet ditt inn i det
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
26
tidlegare kartlagde området og bruker Plukk og Fjern til å danne ei presis grense mellom det
arealet du vil ha kartlagt og arealet som tidlegare er kartlagt.
I dette dømet er det aktuelt å få kartlagt eit areal som overlappar med areal som tidlegare er
kartlagt. Arealet som overlappar er ikkje naudsynt å kartleggje på nytt. Teikn opp ein polygon
og dobbeltklikk for å lagre.
Bruk så Plukk og Fjern til å avgrense arealet som ikkje er kartlagt mot arealet som er
kartlagt. Det enklaste er å klikke i det tidlegare kartlagde området.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
27
Etter å ha klikka, ser du at det nye prosjektet er blitt avgrensa presist mot det tidlegare
kartlagde området. Du kan gå vidare og redigere eigenskapar for prosjektet.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
28
7. Melde inn forslag frå fylkesmannen
7.1 Overordna arbeidsflyt ved innmelding
Fylkesmannen skal bruke NiN-Prosjektinnmelding til å melde inn forslag til
kartleggingsprosjekt, både basiskartlegging i naturvernområde og kartlegging av naturtypar
etter Miljødirektoratets instruks.
Alle Naturbasebrukarar hos Fylkesmannen har tilgang til denne funksjonaliteten. Send e-post
til [email protected] om du ikkje får logga inn.
Arbeidsflyten er som elles i applikasjonen, ved at du opprettar eit utkast og arbeider med
dette til du er ferdig. Når du er ferdig med utkastet, hukar du av for prosjektet du vil melde
inn og endrar status.
Innmeldte forslag blir overtatt av Miljødirektoratet. Fylkesmannen som har meldt inn
forslaget vil sjå det i prosjektlista for etaten, men kan ikkje redigere det.
Miljødirektoratet kan fullføre og bestille slik forslaget er meldt inn. Direktoratet kan redigere
geometri og eigenskapar og deretter bestille. Direktoratet kan også setje det innmeldte
forslaget tilbake til Utkast for at innmeldar skal kunne redigere og melde inn på nytt. Rutinar
og reglar for dette blir utvikla og formidla i samband med dialogen mellom fylkesmannen og
aktuell seksjon i direktoratet.
7.2 Eigenskapar for innmeldt forslag
7.2.1 Felles eigenskapar for alle program
Eigenskap Kommentar Endre til Meld inn
Prosjektområdenavn Namn på prosjektområdet,
skal vere eit kort stadnamn
Obligatorisk
Prosjektbeskrivelse Kort skildring av kva
prosjektet dreier seg om.
Skal ikkje fyllast ut for
innmeldt forslag
Kontaktperson Kontaktperson hos instansen
som bestiller.
Skal ikkje fyllast ut for
innmeldt forslag
Oppdragsgiver Kven som er oppdragsgjevar
for kartlegginga
Skal ikkje fyllast ut for
innmeldt forslag
Firma Firma som har tatt på seg
oppdraget med å kartlegge
Skal ikkje fyllast ut for
innmeldt forslag
Program Kva for kartleggingsprogram
som skal nyttast.
Obligatorisk
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
29
Formål Formålet med kartlegginga,
kva for prosess eller
oppgåve kartlegginga skal
støtte.
Obligatorisk
Kontaktperson
forslagsstiller
Kontaktperson hos
fylkesmannen
Obligatorisk
7.2.2 Programavhengige eigenskapar
Krav til informasjon for innmeldt forslag varierer mellom kartleggingsprogramma. Dei aktuelle
eigenskapane blir synlege når du har valt program. Merk at programavhengige eigenskapar
forsvinner dersom du endrar program for eit innmeldt forslag.
For basiskartlegging i naturvernområde er følgjande spesifikke eigenskapar aktuelle ved
innmelding av forslag:
Eigenskap basiskartlegging Kommentar Endre til Meld inn
Naturvernområde ID Naturbase ID for
naturvernområdet. Data for
"Trusselbilde" og "Trusler
innenfor" blir automatisk
henta frå Naturbase.
Obligatorisk
Delområde Skal brukast til å markere at
kartlegginga ikkje skal
gjelde heile
naturvernområdet.
Opsjonelt
Prioritet Prioritet i form av eit tal.
Unngå at fleire forslag får
same prioritet.
Obligatorisk
Kartleggingsbegrunnelse Kvifor det er viktig å få
kartlagt området, tekst
Obligatorisk
Kontaktperson
forslagsstiller
Kontaktperson hos
fylkesmannen
Obligatorisk
Merk at Prosjektinnmelding ikkje har synkronisering med naturvernområdedatasettet i
Naturbase. I tilfelle "Trusselbilde" eller "Trusler innenfor" blir oppdatert i Naturbase i løpet av
arbeidet med å melde inn eit forslag, må Naturvernområde ID skrivast inn på nytt for å få
oppdatert informasjonen i Prosjektinnmelding.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
30
For kartlegging av naturtypar etter Miljødirektoratets instruks er følgjande spesifikke
eigenskapar aktuelle ved innmelding av forslag:
Eigenskap Kommentar Endre til Meld inn
Prioritet Prioritet som Høy, Middels
eller Lav
Obligatorisk
Trusselbilde Skildre trusselbilde, tekst. Obligatorisk
Naturtype Sannsynlege naturtypar i
området, tekst.
Obligatorisk
Kartleggingsbegrunnelse Kvifor det er viktig å få
kartlagt området, tekst
Obligatorisk
Kontaktperson
forslagsstiller
Kontaktperson hos
fylkesmannen
Obligatorisk
7.2.3 Innmelding av forslag til kartleggingsområde
Når utkastet til eit kartleggingsområde som skal meldast inn er klart, markerer du området i
lista og endrar status frå Utkast til Innmeldt forslag. Ver sikker før du endrar status, sidan du
ikkje kan redigere eit innmeldt forslag.
Brukarar som berre kan melde inn forslag vil ikkje sjå "Bestill" og "Utkast". "Meld inn" vil vere
det einaste som er mogleg å velje.
Prosjekt med status "Innmeldt forslag" kan berre redigerast av brukarar frå Miljødirektoratet.
Ønskjer du å redigere eit prosjekt som er meldt inn som forslag, må du kontakte
Miljødirektoratet og be om at prosjektet blir sett tilbake til status "Utkast".
7.3 Fylkesmannsbrukarar med fleire roller
Brukarar hos fylkesmannen kan ha to ulike roller, både for bestilling og for innmelding av
forslag. Alle vil kunne melde inn forslag, men embeta styrar sjølv kven som skal kunne
bestille kartleggingsprosjekt.
NiN-Prosjektinnmelding 2020- brukarrettleiing | M-1386
31
Om du har begge rollene, må du velje rolle når du loggar inn.
Rollen NiN_Bestiller gir deg høve til å lage eit utkast og bestille kartlegging i applikasjonen.
Som bestillar vil du ikkje sjå dei programspesifikke eigenskapane som høyrer til innmeldte
forslag. Du vil berre sjå eigenskapane som er aktuelle ved direkte bestilling av prosjekt.
Rollen NiN_Prosjektforslag gir deg høve til å lage eit utkast og melde inn som forslag til
kartleggingsområde. I denne rollen vil du sjå alle eigenskapar til eit prosjekt, også når eit
innmeldt forslag er blitt til eit bestilt prosjekt.
Du kan når som helst endre kva for rolle du skal ha. I øvre ramma av applikasjonen finn du
funksjonalitet for dette.
Klikk på "bytt rolle", og du får opp boksen for å velje rolle og kan endre denne.
Miljødirektoratet jobber for eit rent og rikt miljø.
Våre hovedoppgaver er å redusere
klimagassutslipp, forvalte norsk natur og hindre
forurensning.
Vi er eit statlig forvaltningsorgan underlagt Klima-
og miljødepartementet og har mer enn 700
ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo,
og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine mer enn 60
lokalkontor.
Vi gjennomfører og gir råd om utvikling av klima-
og miljøpolitikken. Vi er faglig uavhengig. Det
innebærer at vi opptrer selvstendig i enkeltsaker
vi avgjør, når vi formidler kunnskap eller gir råd.
Samtidig er vi underlagt politisk styring.
Våre viktigste funksjoner er at vi skaffer og
formidler miljøinformasjon, utøver og iverksetter
forvaltningsmyndighet, styrer og veileder
regionalt og kommunalt nivå, gir faglige råd og
deltar i internasjonalt miljøarbeid.
Miljødirektoratet
Telefon: 03400/73 58 05 00 | Faks: 73 58 05 01
E-post: [email protected]
Nett: www.miljødirektoratet.no
Post: Postboks 5672 Sluppen, 7485 Trondheim
Besøksadresse Trondheim: Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
Besøksadresse Oslo: Grensesvingen 7, 0661 Oslo