Musikk-sjangre · Ragtime • Ragtime: ein av dei viktige bidragsyterne til utviklinga av...
Transcript of Musikk-sjangre · Ragtime • Ragtime: ein av dei viktige bidragsyterne til utviklinga av...
Musikk-sjangre
• Negro-spirituel
• Blues
• Ragtime
• Jazz
• country
• Swing
• Gladjazz
• Rock`n roll
• Rock
• Hardrock
• Heavy metal
• Pop
• 80-tals pop
• Hip hop
• Rap
• Visepop
• Salmer
• Barnesongar
• Folkemusikk
• Klassisk
• Opera
• EDM
• Techno
• Punk
• Disco
• Pluss mykje meir…..
1
Afroamerikansk musikk
• Militærorkestre
• Negro spirituel
• Ragtime
• Blues
• Jazz
2
Blues
• Blues er viktig grunnlag for både jazz og rock`n roll.
• «The blues are the roots and the other music are the
fruits».(Willie Dixon).
• «The blues had a baby and they called it rock`n roll».
(Muddy Waters)
• Blind Lemon Jefferson – “Matchbox Blues”Ein av blueshistoriens viktigste skikkelser.
Akkompagnerte seg sjølv med gitar. Gitar er sentralt!
Song eigne komposisjonar.
• Robert Johnson: “Sweet Home Chicago”.Ein av dei mest berømte blues-songarane og gitaristane i historien.
“Rockens bestefar”.
Har inspirert Eric Clapton, Rollings Stones, Bob Dylan.
3
Ragtime• Ragtime: ein av dei viktige bidragsyterne til utviklinga av
jazzmusikk.
• Storhetstid 1890 – 1920
• Ragtime = dansemusikk
• Rundt 1920 oppstod det ein ny stilart i New Orleans
området. Den rike brassbandtradisjonen i distriktet tok
nå opp i seg element frå både blues og ragtime. Stilarten
blei kalt Dixieland.
• Musikkstilen gjekk også under navna: Traditional jazz,
New Orleans jazz, Early Jazz og Hot Jazz.
4
• På 1930-tallet var det Swing som var den store
musikkstilen i USA. Arenaen var dei store dansehallane
og her var det swingbandene som dominerte. Swing var
30-tallets popmusikk.
5
Opus 9
• Side 42 – 68.
• Side 42 - 55: Lurt å lese for å få ein betre oversikt! Blues er
grunnlaget!
• Du blir prøvd i sidene 42, 43, 50 – 68.
• Omgrep:
• «Svarte musikarar» «Den svarte befolkningen» «Svart jazzmusikk»
• «Kvite musikarar» «Rike kvite»
• «Svart»
• «Kvitt»
6
7
JAZZ
Sorg føder glede – jazzen kjem
8
Ragtime
• Etter borgarkrigen i USA frå 1861 til 1865 var det mange militærorkester i landet. Etter krigen blei dei engasjerte som musikarar i ”minstrel shows”(– all slag underhaldning: musikk, klovneri, filmframsyning. Mange av artistane som deltok var kvite som hadde sminka seg som svarte!
• Her møtte dei heilt andre musikkformer, mellom anna det som blei kalla:”dance in ragged time” (dans i skeiv rytme).
9
Ragtime…
• Rag var ei fengjande og populær danseform. Ein del av musikarane tok til å spele militærmarsjane og operamelodiane i den same rytmen, i ”raggedtime”.
• Snart begynte somme å komponere musikk i den nye stilen som etter kvart blei kalla ragtime. Desse låtane blei kalla rag.
• Ein av dei største komponistane var Scott Joplin (1868-1917).
• Ragtime og blues utgjorde til saman grunnlaget for jazzen.
10
Synkope
• Synkope (frå latin og gresk): Bortfall av ei staving eller eit taktslag! Trykklett blir trykktung. Ein synkope oppstår når taktdelar som er naturleg trykktunge, blir flytta til trykklette taktdelar.
• Synkopen får rytmen til å verke lettare og ledigare.
• Mykje av den synkoperte musikken er dansemusikk.
11
Døme på synkope
12
Ragtime…
• Ragtime er ei lettliva og humørfylt musikkform.
Melodien byggjer på vanleg dur og moll, blå
tonar finst nesten ikkje. Rytmane er ein fiffig
kombinasjon av to ulike rytmar: venstrehanda
spelar ein taktfast marsj- eller polkaliknande
rytme, mens høgrehanda spelar synkoperte
melodiar.
13
• Lytting: ”Maple leaf rag” av Scott
Joplin.
14
Scott Joplin
• Kjend ragtimekomponist. Stor suksess.
• Livnærte seg som pianist nesten heile
livet.
• Dei meste kjende låtane er: «Maple Leaf
Rag» og «The entertainer».
• Les meir om Scott Joplin side 59.
15
Gladjazz
• Jazzen kjem til byen. (side 61)
• Stor flyttestraum frå landsbygda til byane.
• Mange fekk arbeid i industrien, dei tente pengar og fekk meir fritid.
• Dermed blei behovet for musikk til underhaldning og dans større.
• Orkester spela ragtime i bordellar, danseklubbar og kabaretframsyningar.
• 1910 – 1920: Desse orkestrene skapte ein karakteristisk stil som i New Orleans blei kalla dixieland.
• I Chicago og New York utvikla denne stilen seg vidare og fekk nemninga jazz.
16
Gladjazz…
• Dixielandorkester:
17
Gladjazz…
• Kollektiv improvisasjon: Mens eitt
blåseinstrument spelar melodien meir eller
mindre rett fram, improviserer dei andre.
”Kompet” gir stødig rytme og
akkordunderlag.
18
Louis Armstrong
19
Louis Armstrong
• Louis Armstrong er kanskje den største utøvaren av ”gladjazz” nokon gong.
• Han kom frå fattige kår, men steig opp til å bli ei høgt og respektert verdsstjerne.
• Kjempetalent på trompet.
• Mest kjend med Creole Jazz Band.
• Spela i New Orleans stil.
• Utvikla improvisasjonen frå å vere kollektiv til å bli solo. (Èin improviserte om gongen).
• Danna dermed grunnlaget for swing- og storbandjazz i 1930-åra.
20
Louis Armstrong…
• Louis Armstrong var utan tvil den største
jazzmusikaren på 1900-talet.
• Han hadde ei enorm utstråling, menneskeleg
varme og eit musikalsk humør som appellerte til
menneske over heile verda.
• Lytting: ”Snake rag”.
21
Storband og swing
• 1930-åra var vanskelege, men underhaldningsbransjen gjekk så det suste.
• I New York sat låtskrivarar i små avlukke og produserte melodiar på rekkje og rad.
• Jazzbanda blei dregne inn. Stort behov for musikk til underhaldning og dans. Dermed tok jazzbanda til å ”swinge” populære melodiar.
• Dei spela jazz for dei som ville lytte, underhaldningsmusikk for dei som ville more seg og swing for dei som ville danse.
22
Storband
• Jazzen blei svært populær. Svarte musikarar
slapp til på plater, i radio, ja til og med på
luksushotella der rike kvite betalte godt. No blei
det og økonomisk mogleg å ha større orkester,
og dei såkalla storbanda oppstod.
• Storbandet består av fire ulike delar:
Rytmeseksjon med bass, piano, gitar og
slagverk, fire trompetar, fire trombonar og ei
saksofonrekkje. (Illustrasjon på neste side..).
23
Storbandet:
24
Storband…
• Dei storbanda som hadde størst suksess, var kvite. Mange kopierte dei svarte storbanda og kutta ut improvisasjonane. Somme meinte at dei ikkje spelte jazz, men rein underhaldningsmusikk.
• Kjende namn innen storband: Glenn Miller, Count Basie, Duke Ellington og Benny Goodman. Goodman fekk tilnamnet ”King ofswing”.
25
• Lytting: ”The Kid from the red bank” av
Count Basie.
26
Swingstilen
• Ingen kollektiv improvisasjon.
• Improvisasjon blei utført som solo.
• Dei ulike blåseseksjonane spela anten riff eller ”background”, det vil seie akkordar av lange tonar som blei liggjande som eit teppe bak spelet til solisten.
• Rytmekjensla i swing er heilt særmerkt. Det blir spela ein slags punktert rytme der den kortaste noten har trykk. Dermed verkar det som om slaget som kjem etter, har flytta seg framover. (jf.synkope). (Se figur om storbandet, to ark tilbake).
27
Swingstilen…
• Rytmefiguren ligg ofte i ride-cymbalen i
slagverket, mens bassen spelar ei jamn
basslinje med ein tone på kvart taktslag. Det
oppstår ei kjensle av at bassen ”går”. Gitaren
spelar akkordar med same rytmefigur som
bassen. Pianoet har ei friare rolle – snart med
akkordar, snart med små improvisasjonar.
• Ein vanleg rytmefigur i swing: s. 63.
28
Lytting: ”Sing sing sing” av Benny Goodman
29
Moderne Jazz
Bebop / bop• Reaksjonen på swingjazzen kjem – bopstilen
oppstår.
• Yngre musikarar reagerte på at swingjazzen i stadig større grad blei rein underhaldningsmusikk.
• Dei reagerte på at arrangementa var glatte og det var lite rom for improvisasjonen, som var sjølve hjartet i jazzmusikken.
• Jazzklubben Minton`s Playhouse i New York blei etter kvart møtestad for desse unge, frustrerte musikarane. Bopstilen oppstod.
30
Bebop
• Bopmusikarane la stor vekt på soloen, dvs. improvisasjonen.
• Soloen var ofte svært avanserte og varte mykje lenger enn swingsoloane.
• Dei spela i eit svært høgt tempo. Soloane blei dermed vanskelegare å kopiere.
• Basslinjene, rytmane og akkordane blei òg meir intrikate.
• Bopmusikarane tok i bruk fem- og seksklangar(i motsetning til swing der dei stort sett brukte treklangar.
• Forandra somme av tonane i akkordane for å oppnå dissonansverknader.
31
Bebop
• Ein vanleg form var ABA-forma. Først presenterte dei hovudtema/melodi (A), så kom improvisasjonen (B), og så kom hovudtema igjen (A).
• Musikken skulle vere vanskeleg og annleis.
• Med bopen var rolla som populærmusikk over for jazzen. Jazzen blei dyrka i klubbar og på festivalar der dei mest interesserte kom for å høyre.
• I midten av 1950-åra overtok ei musikkform som kom til å dominere populærmusikken gjennom resten av 1900-talet. Det var rocken.
• Eit typisk boporkester bestod av bass, slagverk, piano og ein eller to blåsarar.
32
Bop-orkesteret:
33
Bebop…
• To av dei meste kjende bopmusikarane
var Dizzy Gillespie og Charlie Parker.
• Lytting: Now`s the time av Charlie
Parker.
34
Jazz etter bopen
• I kjølvatnet av bopen følgde nye jazzstilar som funk, fri jazz, jazzrock og fusion.
• Fri jazz: Lytting: «Lonely Woman» av Ornette Coleman.
• John Coltrane og Miles Davis var dei mest framståande.
• Dei utvikla mellom anna ein improvisasjon basert på skalaen i melodien (i motsetnad til bopmusikarane som brukte akkordane som utgangspunkt.)
• Bopmusikarane spelte i rasande fart, mens Miles Davis blei derimot kjend for å spele svært få tonar. Stilen blei kalla cool jazz.
35
• Lytting: «Summertime» av Miles Davis.
36
Norsk jazzKarin Krog og Jan Garbarek
• Karin Krog er ein av dei fremste
jazzsongarane i verda.
• Eksperimenterer både med teknikk og
musikk for å oppdage nye uttrykksmåtar.
37
Jan Garbarek
38
Jan Garbarek…
• Denne plata(”Belonging”) ble ein bestseljar og er ein merkestein i europeisk jazzhistorie. Garbarek blei raskt kjend over heile verda.
• I musikken til Garbarek er det alltid rom for eksperiment.
• Han har stadig freista å finne nye uttrykksmåtar gjennom møte med musikk og musikarar frå andre land, kulturar og tider.
• Saksofonspelet til Jan Garbarek er framfor alt prega av lyriske melodiar som vekslar med rytmiske kontrastar.
39
Jan Garbarek…
• Han har ein klang i instrumentet som tallause
saksofonistar verda over har prøvd å kopiere, og
musikken hans er blitt eit førebilete for mange
unge musikarar.
• Lytting: «Brother wind march»
og «Belonging» av Jan Garbarek.