Miljøterapi i demensomsorga
-
Upload
hogskulen-i-volda -
Category
Documents
-
view
220 -
download
4
description
Transcript of Miljøterapi i demensomsorga
MILJØTERAPI I DEMENSOMSORGA
15 STUDIEPOENGVIDAREUTDANNING
DELITDSSTUDIUM OVER TO SEMESTER
SKAP DEN GODE DAGENStudiet skal vere med å styrke den pedagogiske og kommunikative kompetansen til dei som arbeider i demensomsorga. Målet er tilrette lagde miljøtiltak i dagtilbod, heime tenester og på institusjon.
EI SPENNANDE VIDAREUTDANNING Emnet skal gi deg kompetanse i å legge til rette for ein god kvardag for menneske i sårbare livssituasjonar. Personsentrert omsorg er sentralt i denne vidareutdanninga. Du vil kunne utvikle ferdigheiter i å planlegge, gjennom føre og evaluere miljø tiltak individuelt og i gruppe. Kva er nasjonale føringar i fagfeltet og kva er god omsorgspraksis? Kva opplever pårørande og korleis få til eit godt samarbeid? Dette er nokre tema på studiet.
KVA SKJER?Undervisninga er organisert over fire samlingar à tre dagar hausten 2015 og våren 2016. Du vil ta del i føre lesingar, praktiske øvingar, gruppe arbeid og framføring. Mellom samlingane blir det oppgåve skriving med rett leiing. Studentane blir delt inn i grupper for fagleg samarbeid. Du vil få tilgang til eit elektronisk klasse rom (fronter) der informasjon og fagstoff blir tilgjengeleg.
SØKFor søknadsskjema og meir informasjon sjå www.hivolda.no. Vidareutdanning for helse og sosialfag i aktiv omsorg. Viktig: Søknaden må rettast til kommunen din som så kan søke støtte til studieavgift og andre utgifter hos Fylkesmannen (kompetanseløftet 2015).
VI TILBYR OGSÅ ÅRSSTUDIUM OG VIDAREUTDANNINGAR. LES MEIR OM DETTE PÅ HIVOLDA.NO
PRAKTISK INFORMASJON
Studiepoeng / lengd:Opptakskrav:
Søknadsfrist:Studiestart:Kontaktperson:Adm. Kontakt:Studieavgift:
Studentane kan søke om støtte til studieavgift og andre utgifter gjennom Kompetanseløftet 2015 (Fylkesmannen i Møre og Romsdal).
15 studiepoengGenerell studiekompetanse eller tilsvarande. Du kan søke om opptak på bakgrunn av realkompetanse.Løpande opptakSeptember 2015Anne-Sofie Egset | 70 07 50 13 | [email protected] Korsbrekke | 70 07 50 84 | [email protected] 15 000,-
SAMLINGAR HAUSTEN 2015 OG VÅREN 2016
Vekesamlingar onsdag, torsdag og fredag
Første samling: veke 39/2015Andre samling: veke 48/2015Tredje samling: veke 3/2016 Fjerde samling: veke 13/2016