Magnus Lagab¿tes landslov 750 r - Universitetet i...
Transcript of Magnus Lagab¿tes landslov 750 r - Universitetet i...
Magnus Lagabøtes landslov 750 år
Idémøte i Bergen, 20. april 2012
Modellar for tekstutgjevingOdd Einar Haugen (UiB):
Magnus Lagabøtes landslov 750 år
.i. Kva har vi?
.ii. Kva ønskjer vi?
.iii. Kva har vi å støtte oss på?
Kva har vi ?
Ei kritisk utgåve av landslova i Norges Gamle Love bd. 2 ved Keyser og Munch i 1848.
Eit glossarium i Norges gamle Love bd. 5 ved Ebbe Hertzberg i 1895.
Ei omsetjing ved Absalon Taranger i 1915.
Men er ikkje det nok ?
Under den syntaktiske analysen av ein frase i Kjøpebolken kap. 11 vart vi ståande fast på denne frasen i handskriftet Holm perg 34 4°:
firir hværtt .x. marka kaupa eða meira
Kvifor kaupa, og ikkje kaup? Er det genitiv fleirtal av kaup n. eller infinitiven kaupa?
‘for kvart kjøp på 10 merker eller meir’
Lat oss sjekke omsetjinga!
Kanskje NGL kan hjelpe ?
Utgåva som byggjer på AM 60 4°, har lesemåten ‘kaup’, og ingen variant.
Då må vi gå til primærkjelda ...
Holm perg 34 4°, bl. 67 v gjev svaret!
Kvifor er ikkje dette nok ?
Den trykte utgåva er for lengst utseld.
Stadig fleire har vanskar med å lese fraktur.
Sjølv om det no er ein faksimile av utgåva på nettet, er denne ikkje søkbar.
Inga lenking til omsetjing og faksimilar.
Ingen systematiske kommentarar til lova.
Kva ønskjer vi ? (del 1:4)
(a) Ei kritisk utgåve bygd på ein ny resensjon av handskriftene, i prinsippet av same type som Keyser og Munchs utgåve.
(b) Diplomatariske utgåver av dei viktigaste handskriftene, minst ei frå kvart av lagtinga.
To typar av utgåver:
Kva ønskjer vi ? (del 2:4)
To typar av lenkingar:
(a) Ei omsetjing som er lenka til den kritiske tekstutgåva, kapittel for kapittel.
(b) Faksimilar i fargar av handskriftene, lenka til dei diplomatariske utgåvene.
Kva ønskjer vi ? (del 3:4)
To typar av ressursar:
(a) Ein leksikografisk base over alle ord som førekjem i lova, med ordforklaringar.
(b) Ein løpande kommentar av filologisk og rettshistorisk art.
Kva ønskjer vi ? (del 4:4)
Digital versjon eller trykt på papir?
(a) Den kritiske utgåva (kan hende med parallell omsetjing) og kommentarane bør liggje føre både i digital og i trykt form.
(b) Dei diplomatariske utgåvene, faksimilane og den leksikografiske basen bør truleg berre liggje føre i digital form.
Kva har vi å støtte oss på ? (1:2)
Ein digital transkripsjon av AM 309 fol, frå 1980-talet, under leiing av Magnus Rindal.
Fleire tekstutgåver og omsetjingar av dei eldre landskapslovene, av m.a. Jan Ragnar Hagland og Magnus Rindal.
Enkeltstudiar av lov og kontekst, t.d. av Gulating og Gulatingslova, ved Knut Helle.
Gjennomtenkte og konkrete prosjekt for utgjeving av landslova, både ved Magnus Rindal og ved Børge Nordbø.
Nyss avslutta doktorgradsarbeid av m.a. Bjørg Dale Spørck (Magnus Lagabøtes kristenrettar) og Torgeir Landro (kristenrett og kyrkjerett i Borgarting).
Kva har vi å støtte oss på ? (2:2)
Og i det aller siste Menotec ...
Digitale transkripsjonar av åtte landslov-handskrifter (ved Anna Horn, Karl G. Johansson mfl.) – kvar på ca. 40.000 ord.
AM 56 4°
AM 60 4°
AM 78 4°
AM 302 fol
AM 305 fol
Holm perg 30 4°
DG 8
Holm perg 34 4°
(AM 309 fol)
Og i det aller siste Menotec ...Innan utgangen av året ein fullstendig morfologisk og syntaktisk annotasjon (ved Fartein Øverland, Eiríkur Kristjánsson, Odd Einar Haugen mfl.) av
Holm perg 34 4°.
Truleg også ein morfologisk (men ikkje syntaktisk) annotasjon av endå eit handskrift.
Og kva kan alt dette brukast til ?
Digitalt grunnlag for oppbygginga av tekstutgåvene (slik som i Ibsen-prosjektet, Holberg-prosjektet mfl.)
Digitalt grunnlag for resensjonen av handskriftene etter dei nyaste kvantitative metodane (kladistisk analyse).
... som til slutt kan føre til:
Ei breitt fundamentert utgåve, kritisk og diplomatarisk, både til filologisk og rettshistorisk bruk, støtta av faksimilar av handskriftene, parallelle omsetjingar til norsk og engelsk, leksikografiske ressursar, og ein kommentar av både filologisk og rettshistorisk art.