Los i kommunane
-
Upload
vestforskno -
Category
Entertainment & Humor
-
view
756 -
download
0
description
Transcript of Los i kommunane
- beste praksis for bruk av Los i kommuneportalar
Los i kommunane
- av Svein Ølnes, Vestlandsforsking, 22. og 23. juni 2010
Los handlar om å setja namn på ting!
Teikning av Gary Larson som viser mannen som har
målt ”the dog” på hunden, ”the cat” på katten, ”the
house” på huset osv.
Los handlar om akkurat det same: bokstaveleg tala
setja namn på ting
Det teikninga ikkje viser er samanhengane
(relasjonane) mellom katten og hunden, hunden og
mannen osv.
Kva er Los?
Los = emneord
felles begrepsapparat for offentlege tenester
rundt 370 emneord med definisjonar (kva er ’oppseiing’?)
over 1 600 hjelpeord (synonym, utgåtte termar osv.)
= tesaurus for offentlege tenester
Sentrale prinsipp for Los:
Tenesteorientering
Brukarorientering
Utveksling av informasjonsressursar
Kva er Los?
Los emneord og struktur
Tema
Emneord
Nettressurs
Korleis?
Utveksling av informasjon knytt til emneorda
Difi er navet i systemet
Utveksling av ressursar i form av filer (både i xml-format og i emnekart –format (xtm)
Kommunane importerer sentrale Los-data inn i portal-systemasine
• enkelte nøyer seg med å visa sentrale ressursar dei får frå Difi
• andre merkjer også eigen informasjon med Los-emneord og får såleis knytt
eigen informasjon saman med sentral (statleg) informasjon
Los 2.0 blir arkitekturen basert på web services (REST-prinsippet)
første del av sløyfa (frå sentralt nav til Los-brukarane) ferdig
• tilbakeføringssløyfa står att (nye emneord tilbake til navet, informasjons-
ressursar tilbake til navet)
Kvifor?
Ei erkjenning av at det viktigaste skjer utanfor din eigen nettstad!
offentlege nettstader må opna opp
eigen portal kan ikkje vera ”alt for alle” – må i stadig større grad henta informasjon utanfrå og etter kvart også tilby informasjon til andre nettstader
Ver den beste tilbydaren av eigen informasjon (”NRKbeta-doktrinen”)
Lettvekts-tilnærming til interoperabilitet
teknisk og semantisk samhandling
”small pieces loosely joined” – David Weinberger
Kvifor?
Støttar hovudprinsippa i Felles arkitektur for off. sektor, FAOS:
tenesteorientering
teknisk og semantisk interoperabilitet
komponent-tankegang (felles kjerne, fleksibel og utvidbar)
open og standardisert teknologi
støttar deling og gjenbruk av informasjon
uniformt grensesnitt
Nytte for statlege verksemder
Må tenkja mange kanalar for informasjonsutveksling
frigjera seg frå heimeside-/portaltankegangen
Eit godt verktøy for samarbeid mellom stat og kommune
følgjer i spora til tidlegare samarbeidsinitiativ som KOSTIT m.m.
Statlege nettstader meir synlege
god implementering av Los vil gjera statlege nettstader meir synlege (viktige emneord tilgj. uttrykte i HTML-koden)
Statlege verksemder må uansett arbeida med vokabular
mange har alt vokabular, men treng å tilpassa til andre (harmonisering)
andre må starta arbeidet; Los kan vera ein enkel start
Semantisk ryddejobb
Begrepsharmonisering
lik betydning av felles ord (kva betyr ’lønn’?)
må likevel ikkje undervurdera vanskegraden her (i desse tider: korleis definera ”lokalsjukehus”?)
Vi må likevel ikkje gå for langt: Det ligg ein stor fare i å bli for
ambisiøs også!
”Small pieces loosely joined” (David Weinberger): Vi må ikkje gløyma kva veven eigentleg handlar om
det er gjort mange forsøk på å laga ontologiar for heile universet; det går som regel veldig dårleg
Vi standardisera ”nok”, men ikkje meir
den store utfordringa blir å definera kva som er ”nok”
Kva er ei teneste?
”Målet er å få fleire tenester på nett”, ”Digitalisering av tenester”
Kan barnehagen bli elektronisk?
Kan heimehjelpa bli elektronisk?
Er eit søknadsskjema det same som ei teneste?
Semantisk vev (semantikk = tydinga av ord) krev presisjon
Vi menneske forstår meininga trass i litt uklare begrep
Maskinene tek alt bokstaveleg og må ha det inn med teskei!
Ein semantisk vev er først og fremst ein maskinforståeleg vev (datamaskinene må klara å tolka informasjonen dei får)
Los skal visa nettressursar som omhandlar offentlege tenester
Skal ikkje nødvendigvis innehalda offentlege tenester, men informasjon om desse, skjema for tilgang til dei osv.
Offentlege tenester
Ei offentleg teneste er noko som
krev samhandling mellom
brukar/innbyggjar og den
offentlege verksemda som tilbyr
tenesta. Det er knytt plikter og
rettar til ei teneste.
Offentlege tenester Nettressursar
Omhandlar
Ein nettressurs er ein elektronisk
ressurs vi kan lenke direkte til
med ei nettadresse (URI).
Ontologi på overordna nivå
Merk: Vi skil mellom tenester og nettressursar som omtalar
tenester
NettressursOffentlege tenester Emneord
Ontologien til Los
Tema
Eksempel på bruk av Los i Bergen kommune
Same søk i Oslo kommune (utan Los)
Los 2.0: Viktigaste endringar
Oppdatert emneord og struktur
Enklare uthenting av ressursar
Plattform for deling av ressursar mellom kommunar
Auka tilrettelegging for opne data
Klar i løpet av hausten (i år!)
Los 2.0: Emneord
Oppdatering av emneord og struktur
nye emneord
endra emneord
emneord som har fått ny status (hjelpeord i st. for emneord)
emneord og hjelpeord som har bytt plass (’friskole’ -> ’privatskole’)
ca. 370 emneord totalt
ca. 1 600 hjelpeord totalt
Los 2.0: Enklare utveksling
Enklare uthenting av ressursar
frå filutveksling til spørjing etter ressursar (t.d. ”hent alle ressursarknytte til emneordet ’renovasjon’ ”)
filutveksling blir gradvis fasa ut (i ein overgangsperiode på rundt eitår vil begge utvekslingstypane blir tilbydde)
vil bli enklare å ta inn delar av Los-ressursane på kommune-portalane (treng ikkje lenger ta alt, men kan plukka det som er mest interessant)
Los 2.0: Publisering av opne data
Los 2.0 legg til rette for deling av data også med andre
utanfor Los-systemet
Los støttar det viktige initiativet med opning av offentlege data
Ved hjelp av Los kan ein kommune opna opp alle informasjonsressursane knytte til visse emneord
Ved å tilføya Los-metadata til originaldokumentet, vil andre kunna dra nytte av den ekstra informasjonen (søkemotorar, spesial-tilpassa system)
Los 2.0: Plattform for deling av ressusar
Ikkje berre einvegs-kommikasjon
kommunar kan enkelt utveksla informasjon mellom seg (t.d. der det er samarbeid om enkelte tenester)
utveksling på same enkle måten som uthenting av sentral Los-informasjon
Leikanger kommune kan t.d. enkelt ta inn Sogndal sin informasjon om ’barnehageplass’, og omvendt
Los 1.0
Los 2.0
Los 3.0