kom.info.august 2012

2
framtidsretta - inkluderande - kvalitetsbevisst - tenestevillig AUGUST 2012 Annonseinformasjon

description

kom.info.august 2012

Transcript of kom.info.august 2012

framtidsretta - inkluderande - kvalitetsbevisst - tenestevillig

AUGUST2012

Annonseinformasjon

Lindås Rådhus, Knarvik, 5914 Isdalstø. Tlf: 56 37 50 00 Faks: 56 37 50 01 Epost: postmottak@lindås.kommune.no www.lindås.kommune.no

LEDIGE STILLINGAR

Vil du jobba i Lindås kommune? For tida har vi følgjande ledige stillingar:

Rekneskapskontrollør – Nordhordland kemnerkontorFastlegeheimel - KnarvikFysioterapeut - KnarvikSjukepleiarar – Knarvik sjukeheim Vil du vita meir? -Gå inn på vår heimesidewww.lindas.kommune.no.

INFORMASJON OM BUSTØNAD

Bustønad er ei statleg økonomisk støtteordningfor dei som har høge buutgifter og låg inntekt.

Kven kan søkje om bustønad?Alle over 18 år kan få bustønad, med unntak avstudentar utan barn og personar i førstegongs-teneste. Desse har eigne ordningar.

Bustaden du søkjer bustønad for, må vera god-kjent heilårsbustad. Du kan søkje bustønad tilbustad du leiger eller eig. Ver merksam på atdu må vere registrert som busett i folkeregis-teret i den bustaden du søkjer stønad til. Størrelsen på bustønaden er avhengig av buu-giftene dine og inntektene til husstanden.

Søknad og fristar.Søknadsfristen er den 14. i kvar månad, og utbetaling er ca. 10. i månaden etter.

Bustønadsskjema finn du på Lindås kommunesi heimeside, lindas.kommne.no, eller i eks-pedisjonen på rådhuset. Du når oss på telefon:56375000.

Søknaden med dokumentasjon kan sendast til:Lindås kommune, v/ Bestillarkontoret.Merk konvolutten ”Bustønad”.

Du finn meir informasjon om bustønad på Husbanken sine nettsider, husbanken.no. Der kan du også laste ned søknadsskjema.

ASFALTERING AV KOMMUNALE VEGAR I LINDÅS KOMMUNE 2012.Det vil bli utført asfalteringsarbeid på følgjandekommunale vegar i 2012:

SætreHjelmåsenTveitenKolås Litlevika

Asfalteringsarbeidet vil verte påbegynt snarastog er forventa å være ferdigstilt i løpet avseptember- oktober.

Vi gjer merksam på at dei berørte vegane kanverte stengt i kortare periodar. Teknisk drifthåpar at arbeidet ikkje påfører den enkelte forstore ulempe. Vi ber om forståing for arbeidetog håper at kvar enkelt viser omsyn tilpågåande arbeid.

Dersom De har spørsmål ta kontakt med Teknisk drift på tlf: 56 37 50 00.

SKULESTART FOR GRUNNSKULEN 2012Grunnskulen/SFO i Lindås startar nytt skuleårtorsdag 16. august.Foreldre/elevar som har flytta til kommunen idet siste bør snarast ta kontakt med den nyeskulen.

Sjå elles skulane si heimeside eller ta direktekontakt med lokal skule.Rådmannen

LINDÅS TENKJER FRAMTID

Alle seniorar 65+ i Lindås kommune vert inviterte til:DAGSKONFERANSE PÅ NORDHORDLAND FOLKEHØGSKULEonsdag 5. september kl 10 – 15:

Det er eit overordna mål på nasjonalt nivå atdet skal tilretteleggast for at eldre kan værefriske og sjølvhjelpne så lenge som mogleg.Satsing på sunn og aktiv aldring er blitt eitfokusområde i store delar av den vestligeverda. Definisjonane på kva sunn og aktiv ald-ring inneber kan variere, men ofte vert faktorarsom god fysisk og psykisk helse, moglegheiterfor aktiv deltaking i samfunnet og god livs-kvalitet nemnt. "Senior i Lindås" er eit prosjekt med målsettingom å fremje det gode liv. Gjennom å samleseniorar i kommunen ser vi for oss fleirepositive effektar, blant anna å fremje nettverks-bygging med andre.

Tema for samlinga: Det gode liv• Opning ved Ordførar i Lindås kommune• Fysisk fostring/medisinering/ernæring• Velferdsteknologi/bustadrådgjevning• Psykisk helse og søvn• Kultur/aktivitet/sosiale møteplassar

i kommunen.Pris pr.pers:100,- inkl.lunsj, kaffi/te m.m.

Bindande påmelding innan onsdag 15.august2012 til: [email protected] eller på tlf. 56 37 50 00 til Rådhuset i Lindås kommune.

Vel møtt til ein flott seniordag i Lindås kommune!

LINDÅS KULTURSKULE:

OPPSTART haust 2012Kulturskulen startar sin undervisning i veke 34. Du har same dag, tid og stad som i vårsemesteret, om ingen anna melding er gitt.

Ledige plassar:Kulturskule - ledige plassar etter først til møllenprinsippet. haust 2012 (pr. 5.juli.2012) Oppstart (alle disiplinar) er veke 34.

Danseleik 1-2 klasse 9 ledige LOAS, Knarvik 17.00–17.45 OnsdagJazzdans 4-6 klasse 4 ledigeLOAS,Knarvik 18.45–19.45 Onsdag

Jazzdans frå 7 klasse 4 ledigeLOAS,Knarvik 19.45–20.45 OnsdagDrama 1 – 4 klasse 3 ledigeAlversund 14.30–15.30 OnsdagDrama 1 – 5 klasse 1 ledigKnarvik 16.30-18.00 OnsdagBiletkunst 3 ledigeKnarvik LKS 16.30–18.00 MåndagBiletkunst 2 ledigeKnarvik LKS 18.00–19.30 Måndag

Elektronisk påmeldingFrå 1. januar 2012 skal alle påmeldingar gjerastpå det elektroniske påmeldingsskjemaet somdu finn på kommunen si heimeside. Gjer slik:A) Gå inn på internett - finn heimesida til

Lindås Kommune B) Trykk på knappen ”Kultur og Fritid” C) Trykk så på ” Lindås Kulturskule”

nede på høgre side.D) Finn skjema, fyll ut og send innNo kan du søkje heile året, når det måtte passedeg !!!

Dato for utmelding:Utmeldingsfrist for Haustsemesteret 1. aprilUtmeldingsfrist for Vårsemesteret 1. novemberUtmelding etter frist må betalast med full semesteravgift.Utmelding SKAL vere skriftleg på eige utmeldingsskjema som ligg på heimesida [email protected]

TORGDAG MED BOKBUSSEN NYFIKENPÅ LINDÅS OG OSTEREIDET

Lindås senter Fredag 10. august kl 10—13Ostereidet senter (Rema 1000) Måndag 13. august kl 10—13

No før skulestart legg Bokbussen ut på dagsturar til Ostereidet og Lindås senter!

Bibliotekar og bokbussjåfør Audun fortel eventyr, og syng og speler ein song eller to pågitaren sin. Eventyret passar for born frå 4 årog oppover.

Det blir sjølvsagt òg høve til å låne bøker. Du ervel med på lesekonkurransen vår, Sommarles?Vi har fått inn mange nye fine og spennandebøker i sommar! Ta med lånekort om du har.

VELKOMEN, ALLE SAMAN!

framtidsretta - inkluderande - kvalitetsbevisst - tenestevillig

OPNE MØTE 08.08.2012 – 13.09.2012Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 20.08.2012 13:00 RådhusetEldrerådet 21.08.2012 10:00 RådhusetLevekårsutvalet 21.08.2012 12:30 RådhusetPlan- og miljøutvalet 22.08.2012 12:30 RådhusetAdministrasjonsutvalet 22.08.2012 08:30 RådhusetFormannskapet 22.08.2012 10:00 RådhusetKommunestyret 13.09.2012 12:00 Knarvik sjukeheim

Møta i dei kommunale organa er med få unnatak offentlege, d.v.s. at publikum og presse kan vera tilstades. Sakspapira vert sendt ut elektronisk og publikum kan få tilgang til pc og lesa sakene i ekspedi-sjonen på rådhuset og folkeboksamlingane i Knarvik og Lindås minst 7 dagar før møtet. Sakspapira ligg ogpå heimesida til Lindås kommune.

LivOGLyst