klart Nº 4 kort - klartale.no/menu/standard... · 1,5 millionar folk såg siste episode av...

4
kort klart & TORSDAG 16.02.2017 NYHENDE PÅ NYNORSK 4 Foto: Kristine Lindebø / Klar Tale FRAMTID: Dora Chen, Vishavtej «Vicky» S. Sidhu og Nariman Hame kom til Noreg som barn. Dei har mange planar for framtida. Dei yngste innvandrarane klarar seg best. Vi har snakka med tre unge om framtida. – Eg vil hjelpe folk, seier Nariman Hame til Klar Tale. Ho er elev ved Drammen vidaregåande skule i Buskerud. Ho er på skulen saman med Vishavtej «Vicky» S. Sidhu og Dora Chen. Dei er alle fødde i andre land, men kom til Noreg tidleg. Dei skal klare seg betre enn innvandrarar som kom seinare. Det viser ein studie. Dei yngste innvandrarane tar betre utdanning og får betre jobbar. Hame kom frå området Kurdistan då ho var tre år. I framtida vil ho studere juss. – Eg vil gjere foreldra mine stolte. Eg veit kva dei har ofra for meg, seier Hame. Dora Chen er samd. Ho er fødd i Sierra Leone og har kinesisk far. Ho vil bli lege. – Faren min sa: du må jobbe hardt! Det gjer eg, seier ho. Kristine Lindebø [email protected] Lys framtid Les meir på side 3 – Først var det morosamt når folk trudde på det vi skreiv. NORD-KOREA: Nord-Korea skrytte av at dei skaut opp rakett. Men land i verda reagerte. Raketten landa i havet mellom Japan og Nord- Korea. USA, Japan og Sør- Korea seier at raketten truar freden. Kina kan bli pressa til å snakke med Nord-Korea. ØKONOMI: 235 millionar kroner. Det er lånte pengar som unge nordmenn ikkje betaler tilbake. Gjelda veks, og organisasjonen Barnas Jurist er uroa. Dei hjelper unge med lovar og reglar. Mange unge forstår ikkje økonomi, meiner dei. Fekk kritikk for å teste rakett Unge skuldar mykje pengar

Transcript of klart Nº 4 kort - klartale.no/menu/standard... · 1,5 millionar folk såg siste episode av...

kortklart& TORSDAG

16.02.2017

NYHENDE PÅ NYNORSK

4Fo

to: K

rist

ine

Lind

ebø

/ K

lar T

ale

FRAMTID: Dora Chen, Vishavtej «Vicky» S. Sidhu og Nariman Hame kom til Noreg som barn. Dei har mange planar for framtida.

● Dei yngste innvandrarane klarar seg best. Vi har snakka med tre unge om framtida.

– Eg vil hjelpe folk, seier Nariman Hame til Klar Tale. Ho er elev ved Drammen vidaregåande skule i Buskerud.

Ho er på skulen saman med Vishavtej «Vicky» S. Sidhu og Dora Chen. Dei er alle fødde i andre land, men kom til Noreg tidleg.

Dei skal klare seg betre enn innvandrarar som kom seinare. Det viser ein studie.

Dei yngste innvandrarane tar betre utdanning og får betre jobbar.

Hame kom frå området Kurdistan då ho var tre år. I framtida vil ho studere juss.– Eg vil gjere foreldra mine stolte. Eg veit kva dei har ofra for meg, seier Hame.

Dora Chen er samd. Ho er fødd i Sierra Leone og har kinesisk far. Ho vil bli lege. – Faren min sa: du må jobbe hardt! Det gjer eg, seier ho.

Kristine Lindebø [email protected]

Lys framtidLes meir på side 3

– Først var det morosamt når folk trudde på det vi skreiv.

NORD-KOREA: Nord-Korea skrytte av at dei skaut opp rakett. Men land i verda reagerte. Raketten landa i havet mellom Japan og Nord-Korea. USA, Japan og Sør-Korea seier at raketten truar freden. Kina kan bli pressa til å snakke med Nord-Korea.

ØKONOMI: 235 millionar kroner. Det er lånte pengar som unge nordmenn ikkje betaler tilbake. Gjelda veks, og organisasjonen Barnas Jurist er uroa. Dei hjelper unge med lovar og reglar. Mange unge forstår ikkje økonomi, meiner dei.

Fekk kritikk for å teste rakett

Unge skuldar mykje pengar

2 TORSDAG16.02.2017NOREG

Stel og deler passord på internettTRYGGLEIK: Datasnokar stel passord og brukarnavn på internett. Dei har teke passorda til flere hundre politikarar i Noreg. Passorda og annan informasjon blir avsløra på nettet, skriv avisa VG.

Datasnokane har angripe tenester som LinkedIn og

Dropbox. VG har funne informasjon som høyrer til 727 personar. Dei er politikarar, folk ved ambassadar og folk som jobbar i staten.

– Mykje informasjon blir seld vidare. Nokre vil prøve å utnytte den, seier Håkon Bergsjø. Han jobbar i Nasjonalt tryggingsorgan

(NSM). Dei er ekspertar på dataangrep.

Det er vanleg at datasnokar tek passord frå folk. Derfor er det viktig å ha fleire ulike passord, ifølge Bergsjø.

Karin Flø[email protected]

OLJE: Terje Søviknes smilte breitt. Olje- og energiministeren opna eit nytt oljefelt måndag. Ivar Aasen-feltet ligg i Nordsjøen utanfor Rogaland. Her skal Noreg tene mykje pengar på olje dei neste 20 åra. – Feltet blir viktig for framtida, sa Søviknes. Det skriv nyhendebyrået NTB.

Her skal Noreg tene pengar

GLAD: Minister Terje Søviknes opna oljefelt.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Skjenke-løyve ● Ungdom får ikkje ta

med alkohol på festar for russen. Festane skal heller ha skjenke- løyve. Det seier Øst politidistrikt.

● Ordet «skjenke-løyve» består av to ord. Å «skjenke» betyr å servere alkohol til folk, ofte på ein bar. «Løyve» betyr lov frå styresmaktene.

● «Skjenke-løyve» gir for eksempel barar og konsertar lov å selje alkohol.

ORD I NYHENDA

Satsar saman på VippsØKONOMI: Over 100 bankar satsar saman på tenesta Vipps. Det er ein måte å betale for varer og tenester med mobilen. Vipps skal konkurrere mot andre liknande tenester i utlandet.

Kort fortaltDet kan komme fleire jobbar for staten i distrikta. Regjeringa vil flytte fleire hundre arbeidsplassar frå dei store byane til mindre stader.

Levanger sjukehus får kritikk. Dei opererte feil kne på ei kvinne i fjor. Kvinna klaga og fekk støtte frå Helsetilsynet.

Du må bere maten i noko anna enn

plast. Det meiner Naturvernforbundet. Dei vil at Noreg gjer som Frankrike,

forbyr plastposane.

Ei kvinne er tiltala for å ha valdteke ein gut på 12 år. Den rumenske kvinna må møte i retten i mars. Kjelder: Aftenposten, NRK, NTB

Foto

: NT

B s

canp

ix

Foto: NT

B scanpix

TORSDAG16.02.2017 3 VERDA

Tull og løgn i nyhenda ● Nokre artiklar er rein

løgn. Kva skil tullete nyhende frå nyhende som skal lure deg?

Nyhenda handla mykje om Donald Trump og Hillary Clinton i fjor. Men ikkje alt var sant. Komikarar tulla med politikarane som kjempa om jobben som president i USA. Mens andre skreiv nyhende som var rein løgn.

Her er eit eksempel: Paven støttar Trump. Men nyhendet var slett ikkje sann. Ei anna løgn var at Clinton gav våpen til terroristar. Ekspertar sa at mange faktisk trudde på dei falske nyhenda. Derfor røysta dei på Trump.

Falske nyhende er farlege. Dei blir laga med mål om å lure folk, seier Gunn Enli ved Universitetet i Oslo. Ho forskar på nyhende.– Folk kan bli lurte til å røyste på feil parti, sier ho til Klar Tale.

Eirik Bergesen er komikar. Han lagar satire for kanalen NRK og på opplysningskontoret.org. – Satirisk humor er når vi tullar med det politikarar seier og gjer, seier han.

Han skriv artiklar i aviser som liknar nyhende, men som ikkje er sanne. Er det løgn?– Politikarar seier ikkje alltid det dei meiner. Dei vil heller seie det som lokkar veljarar,

seier Bergesen. Nokre gonger blir satiren meir sann enn sanninga, meiner han.

Satire skal starte med noko som er sant. Men ikkje alle forstår satire.– Først var det morosamt når folk trudde at det vi skreiv var sant. Men no er det ikkje morosamt lenger. Vi vil ikkje lure folk, seier Markus Gaupås Johansen. Han lagar satire i gruppa 5080.

Men dei skal ikkje slutte med satiren.– Folk misforstår vanlege nyhende også, seier Johansen.

Pétur Níelsson [email protected]

NYHENDE: I dette rommet lagar dei nyhende. Eirik Bergesen brukar det også til å lage tull.

Foto

: Pét

ur N

íels

son

/ K

lar T

ale

4 KULTUR Redaktør: Gøril HuseKontakt oss: [email protected]

Nyhenda er skrivne av redaksjonen i avisa Klar Tale.

– Kva er favorittordet ditt?– «Musikk».

– Kvifor likar du dette ordet så godt?– «Musikk» er ein stor del av livet mitt. Eg har drive med musikk så lenge eg kan hugse. Musikk gjer meg glad.

– Kva er eit typisk filmord?– «Versågod». Når ein lagar film er det dette regissøren ropar når ein skal starte. På engelsk ropar dei «action».

– Kva ord brukar du ofte?– «Sjukt». Eg brukar det ofte framfor andre ord, for å gjere det andre ordet sterkare. Eg kan til dømes seie at noko er «sjukt bra».

– Kva ord likar du ikke?– «Matteprøve». Det ordet er utruleg keisamt.

Pétur Níelsson [email protected]

Naomi Lien Hasselberg spelar i den norske barnefilmen «Trio - Jakten på Olavsskrinet». Han har premiere fredag.

MITT ORD

Sjukt glad av musikk

Foto: Nordic S

tories AS

Må bli norsk fort » Flyktningen Ramin kom til Noreg på sykkel. Han må lære seg

å bli norsk på ein stad som heiter Akademiet. Der må han klare fleire prøver. Klarar han ikkje prøvene, blir han kasta ut igjen. Filmen «Det norske hus» tullar med flyktningar og korleis Noreg tek imot dei. Filmen har premiere fredag og passar for alle.

FILMFoto: Beacon Isle Distribusjon

KONGEHUSET: Kong Harald fyller 80 år tysdag. – Det er litt uverkeleg, sa han i nyttårstala til folket. Dronninga fyller også 80 i år. – Vi føler oss ikkje så gamle, sa kongen i tala. Kongen blei fødd på Skaugum i Asker i 1937. Han blei konge i Noreg i 1991 då kong Olav døydde.

Kong Harald fyller 80 år

Foto: Jørgen Gomnæs / Kongehuset

Lothepus vann «Farmen»TV: Lothepus vann TV-programmet «Farmen kjendis». Han heiter eigentleg Leif Einar Lothe. Han vann over Ida Gran-Jansen i finalen. 1,5 millionar folk såg siste episode av programmet. Det er ny rekord for kanalen TV 2.

Adele fekk flest prisarMUSIKK: Songerinna Adele blei heidra fem gonger under musikk-prisen Grammy. Ho hadde mellom anna beste album og beste song. Norske Lido var med på å lage plata «Coloring Book». Den blei beste rap-album, skriv NRK.