HYLLESTADSEMINARET 2016 / 23. – 24. APRIL KORLEIS … · kva ressursar vi sit med, skal ta vare...

8
HYLLESTADSEMINARET 2016 / 23. – 24. APRIL KORLEIS FORMIDLE EIT KULTURLANDSKAP? MUSEA I SOGN OG FJORDANE AVD. NORSK KVERNSTEINSENTER

Transcript of HYLLESTADSEMINARET 2016 / 23. – 24. APRIL KORLEIS … · kva ressursar vi sit med, skal ta vare...

Page 1: HYLLESTADSEMINARET 2016 / 23. – 24. APRIL KORLEIS … · kva ressursar vi sit med, skal ta vare på og hauste av. Seminaret er ein kombinasjon av forelesingar og opplevingar i kvern-steinslandskapet.

HYLLESTADSEMINARET 2016 / 23. – 24. APRIL KORLEIS FORMIDLE EIT KULTURLANDSKAP?

MUSEA I SOGN OG FJORDANEAVD. NORSK KVERNSTEINSENTER

Page 2: HYLLESTADSEMINARET 2016 / 23. – 24. APRIL KORLEIS … · kva ressursar vi sit med, skal ta vare på og hauste av. Seminaret er ein kombinasjon av forelesingar og opplevingar i kvern-steinslandskapet.

Musea i sogn og fjordanenorsk kvernsteinsenter

kvernsteinslauget

folkeakadeMiethyllestad

Målsetjinga med Hyllestadseminaret er å spreie kunnskap om kvernsteinsdrifta og nærliggjande tema både innanlands og utanlands, og å gjere verda medvitne om kva ressursar vi sit med, skal ta vare på og hauste av.

Seminaret er ein kombinasjon av forelesingar og opplevingar i kvern-steinslandskapet. Det er ope for ALLE interesserte, både fag- og lekfolk.

Det 14. Hyllestadseminaret set fokus på kulturlandskap og korleis ein kan formidle det. Kulturlandskap – det er så mangt: Hav, kyst, fjord, hei, fjell – og ikkje minst gamle steinbrot. Landskapet er ressursen som menneske har brukt og sett sine spor i. Det er prega av synlege endringar og «inngrep» som hus, vegar, steinmurar, kaianlegg og spor etter dyrking og drift i tidlegare steinbrot. Samtidig ber kvar brukar av eit landskap med seg sitt indre bilde av landskapet, fullt av minner og kunnskap om korleis ressursane vart brukte og korleis dei kan brukast i dag.

Det er mange historier knytt til eit landskap. I Seminaret vil vi utforske korleis ein kan fortelje dei og kva utfordringar landskapsformidlarar møter. Korleis kan ein målbere både synlege og usynlege spor? Korleis begeistre publikum når skogen sperrar for utsikten, terrenget er vått og været kaldt? Kven skal formidle og til kven? Kva med moderne teknologi?

Målet er å høyre om korleis ulike typar kulturlandskap blir formidla og diskutere om kva som (ikkje) fungerer for kven. Spesielt skal vi høyre om korleis det står til med formidlinga av steinbrotslandskap.

Vi gleder oss over at vi også i år har ein medarrangør: Det er vår søsteravdeling i Musea i Sogn og Fjordane, De Heibergske Samlingar/Sogn Folkemuseum på Kaupanger. Museet har formannskapet i det nasjonale museumsnettverket om kulturlandskap.

Vel møtt til ei spennande helg i Hyllestad!

Meld deg på innan 8. april 2016: [email protected]

Page 3: HYLLESTADSEMINARET 2016 / 23. – 24. APRIL KORLEIS … · kva ressursar vi sit med, skal ta vare på og hauste av. Seminaret er ein kombinasjon av forelesingar og opplevingar i kvern-steinslandskapet.

PROGRAM LAURDAG 23. APRIL STAD: FRAMMØTE I KVERNSTEINSPARKEN. FØREDRAGA ER I HYLLESTAD KYRKJE

09.30 Frammøte i Kvernsteinsparken Registrering, kaffe

10.00 Opning av seminaret Musikalsk innlegg: Hyllestad og Fjaler Kulturskule Franziska Rüttimann Storemyr, Norsk Kvernsteinsenter

10.15 – 11.15 Omvising av elevar

11.15 – 11.45 Spasertur til Hyllestad kyrkje

11.45 – 12.30 Landskap og kulturlandskap i kulturminneforvaltninga – sett frå Riksantikvaren si side Ragnhild Hoel, Riksantikvaren

12.30 – 13.00 Formidling av Kvernsteinsparken: Quo vadis? Franziska Rüttimann, Norsk Kvernsteinsenter

13.00 – 14.00 LUNSJ på Hyllestad Skule

14.00 – 14.30 Formidling av maritime kulturlandskap og marine funn Arild Marøy Hansen, Bergens Sjøfartsmuseum

14.30 – 15.00 Frå uskjøtsla jord til dekka bord; – korleis lage gull av gråstein? Kjell Mongstad, Norsk Kystkulturakademi AS (NKKA AS) i Solund

15.00 – 15.15 BEINSTREKK

15.15 – 15.45 LYNGHEIENE - landskapet langs leia. Formidling og fornying av glemte tradisjonar Mons Kvamme, fagrådgjevar Lyngheisenter

15.45 – 16.15 Blomsterenger, troheser og styvingstre – formidling av jordbrukslandskap Marie Pettersson, Musea i Sogn og Fjordane, avd. De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

16.15 – 18.00 Spasertur gjennom Hyllestadgarden: Kulturlandskap som har endra karakter Leif Akse, Kvernsteinslauget, og Torbjørn Løland, Norsk Kvernsteinsenter

18.00 – 20.00 PAUSE

20.00 MIDDAG på Hotel Sognefjord, Leirvik

Page 4: HYLLESTADSEMINARET 2016 / 23. – 24. APRIL KORLEIS … · kva ressursar vi sit med, skal ta vare på og hauste av. Seminaret er ein kombinasjon av forelesingar og opplevingar i kvern-steinslandskapet.

PROGRAM SØNDAG 24. APRIL STAD: HYLLESTAD KYRKJE

10.00 – 10.30 Kva er eit steinbrotslandskap og korleis kan det formidlast? Per Storemyr, Norsk Kvernsteinsenter

10.30 – 11.00 Eit landskap – ei historie – to distrikt – to konsept? Formidling av steinbrotslandskap i Østeifel/Tyskland Meinrad Pohl, Lærerhøgskulen i Bergen

11.00 – 11.15 BEINSTREKK

11.15 – 12.00 Steinbrotsformidling på TV Øystein Jansen, Universitetet i Bergen, og Trond Lillealtern, NRK

12.00 – 12.30 Digital formidling av fortidens landskap Ragnar L. Børsheim, Arkikon AS

12.30 – 13.00 Avsluttande diskusjon

13.00 – 14.00 LUNSJ

14.00 Programslutt

Page 5: HYLLESTADSEMINARET 2016 / 23. – 24. APRIL KORLEIS … · kva ressursar vi sit med, skal ta vare på og hauste av. Seminaret er ein kombinasjon av forelesingar og opplevingar i kvern-steinslandskapet.

FØREDRAGSHALDARAR

RAGNAR L. BØRSHEIM, ARKIKON ASArkikon AS driv med digital formidling av arkeologi og kulturhistorie via illustrasjonar, animasjon og 3d. Dei lagar mellom anna faglege rekonstruksjonar av fortidas samfunn, bygningar, graver og landskap. Ragnar L. Børsheim er utdanna arkeolog ved UiB, og har lang erfaring innan museum- og fornminneforvaltning. Sjå meir på arkikon.no

RAGNHILD HOELRagnhild Hoel er etnolog/kulturhistorikar og jobbar som seniorrådgjevar ved Samfunnsavdelinga hjå Riksantikvaren. Hovudarbeidsfeltet hennar er forvaltning av kulturlandskap knytt til jordbruk i samarbeid med landbruks- og naturforvaltninga samt andre oppgåver knytte til landskap.

MONS KVAMMEMons Kvamme er botanikar med utvikling av kulturlandskapet over tid som spesialfelt. Han var med å starte Lyngheisenteret og var direktør der fram til hausten 2003. Sidan har han arbeidd som sjølvstendig fagrådgjevar for Lyngheisenteret, Miljødirektoratet og for ei rekkje andre oppdragsgjevarar.

TROND LILLEALTERNTrond Lillealtern er frå Trondheim og starta i NRK i 1981. I dag er han produsent med hovud- funksjon på regi og manus. Han arbeidde i mange år med musikk og underhaldning men har i dei siste 10 år laga dokumentar. Saman med geologen Øystein Jansen har han laga fire programmer om geologi og steinbrot.

ARILD MARØY HANSENArild Marøy Hansen er amanuensis ved Bergens Sjøfartsmuseum. Han har arbeidd med marine kulturminne på Vestlandet i meir enn 25 år og har skrive fleire artiklar om emne frå maritim historie, skipsbygging og maritim arkeologi.

KJELL MONGSTADKjell Mongstad har 15 års fartstid som leiar og økonomisjef i Austrheim og Solund kommune og vore aktiv i samfunns- og næringsutviklinga der. I dag jobbar han både i Solund kommune og i Norsk Kystkulturakademi AS kor han er dagleg leiar.

MARIE PETTERSSONMarie Pettersson er utdanna høgskulekandidat i Natur- og miljøfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, der ho også har studert lokalhistorie. Har etter utdanning arbeidd med prosjekt relatert til kulturlandskap ved De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, og er frå 2010 tilsett som naturhistorisk formidlar ved Musea i Sogn og Fjordane (MiSF). Her arbeider ho mellom anna med kulturlandskap på fleire museumsavdelingar innafor MiSF og er koordinator for Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap.

MEINRAD POHLMeinrad Pohl er historikar/samfunnsøkonom og underviser historie ved Høgskulen i Bergen. Han har erfaring med både arkeologisk feltarbeid og arbeid med historiske skriftkjelder. I tre år har han forska på steinbrota i Østeifel (Tyskland) og på handelen med deira produkt i mellomalderen og tidleg nytid og beskrive tidleg moderne handelspolitikk.

Page 6: HYLLESTADSEMINARET 2016 / 23. – 24. APRIL KORLEIS … · kva ressursar vi sit med, skal ta vare på og hauste av. Seminaret er ein kombinasjon av forelesingar og opplevingar i kvern-steinslandskapet.

FØREDRAGSHALDARAR

FRANZISKA RÜTTIMANN STOREMYRFranziska Rüttimann Storemyr studerte sosialantropologi og museologi i Sveits. Ho har jobba i ulike museum i 15 år og var dei siste åra leiar av eit industrimøllemuseum i Zürich, Sveits, der formidling til ulike grupper sto sentralt. Sidan sommaren 2014 jobbar ho som avdelingsdirektør for Norsk Kvernsteinsenter.

PER STOREMYRPer Storemyr er geoarkeolog og tok sin doktorgrad om forvitring og bevaring av Nidarosdomen i 1997. Han har arbeidd med gamle steinbygningar, steinbrot og bergkunst i 25 år, og har erfaring frå blant anna Noreg, Egypt, Sveits, Italia og Tyrkia. Han driv sitt eige firma (www.per-storemyr.net) og er frå hausten 2014 også tilsett som førsteamanuensis ved Norsk Kvernsteinsenter.

Page 7: HYLLESTADSEMINARET 2016 / 23. – 24. APRIL KORLEIS … · kva ressursar vi sit med, skal ta vare på og hauste av. Seminaret er ein kombinasjon av forelesingar og opplevingar i kvern-steinslandskapet.

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR

PÅMELDINGSend epost til [email protected] innan 8. april 2016

I påmeldinga skal det stå:– Kva dagar du deltar (begge dagar, berre laurdag eller søndag)– Om du deltar i middagen på laurdag (påmeldinga er bindande) – Fakturaadresse (gjerne med epostadresse)

DELTAKARAVGIFT (INKL. LUNSJ)1 dag kr. 4002 dagar kr. 700

Middag på Hotel Sognefjord er ikkje inkludert. Faktura vert sendt ut etter seminaret.

OVERNATTINGTa kontakt viss du treng overnatting. Vi hjelper til med å finne det rette.

REISEFly Til Bergen (Flesland flyplass) eller Førde (Bringeland flyplass)Hurtigbåt Frå Bergen, Sogndal, Nordfjord til Rysjedalsvika (www.norled.no) Bussar Diverse ekspressbussar som stoppar i Lavik (www.ruteinfo.net) Taxi Leirvik Taxi, 57 78 81 00

Page 8: HYLLESTADSEMINARET 2016 / 23. – 24. APRIL KORLEIS … · kva ressursar vi sit med, skal ta vare på og hauste av. Seminaret er ein kombinasjon av forelesingar og opplevingar i kvern-steinslandskapet.

KART

STOREHUSET IKVERNSTEINSPARKEN

STATOIL

HYLLESTAD SKULE

HYLLESTAD KYRKJE

TIL LEIRVIK

TIL SØRBØVÅG

HYLLESTAD