Hospitalet 2011

28
hospitalet Ei avis frå Haukeland universitetssjukehus OFFENTLEG INFORMASJON www.helse-bergen.no fb.me/haukelanduniversitetssykehus twitter.com/haukeland_no Dette er 11 av dei vel 11 000 tilsette ved Haukeland universitetssjukehus. Med eit varmt hjarte arbeider dei for at du skal få eit best mogleg sjukehusopphald den dagen du treng det.

description

Ei avis frå Haukeland universitetssjukehus

Transcript of Hospitalet 2011

1

hospitaletEi avis frå Haukeland universitetssjukehus

OFFENTLEG INFORMASJON

www.helse-bergen.nofb.me/haukelanduniversitetssykehus twitter.com/haukeland_no

Dette er 11 av dei vel 11 000 tilsette ved Haukeland universitetssjukehus.Med eit varmt hjarte arbeider dei for at du skal få eit best mogleg

sjukehusopphald den dagen du treng det.

2

hospitalet

hospitaletHaukeland universitetssjukehus på nett

www.helse-bergen.no

Utgivar: Helse Bergen - Haukeland universitetssjukehusTrykk: Senter Grafisk AS / Media Trykk ASFoto forside: Odd Mehus / Øyvind Blom / www.colourbox.no Redaksjon: Ragnhild Dårflot Olsen (redaktør), Ole-Christian Amundsen, Anette Hellstrøm, Camilla Crone Leinebø, Øyvind Blom & Ellisiv BøeAnsvarleg redaktør: Mona Høgli

Fødselsangst

s. 6

Stemmene i hovudet

s.. 8

I trygge hender

s. 12

Den viktige forskinga

s. 16

Jobb med meining

s. 18

Auka satsing på rus

s. 21

Spør direktøren!

s. 25

Haukeland i 100

s. 28

Eit sjukehus er som ein mennes-kekropp: Ein fantastisk kompli-sert organisme der samspelet mellom dei ulike delane er heilt nødvendig for at alt skal fungere best mogleg. For at legen og sjukepleiaren skal kunne gi den einskilde pasienten så god be-handling og pleie som han treng, må heile ”sjukehuskroppen” vere veltrena og i god stand.

Nokre gongar haltar vi litt her på sjukehuset. Nokre gongar haltar vi mykje. Nokre gongar veit ikkje den venstre handa kva den høgre gjer. Det merkar pasientane våre.

Vi som jobbar på sjukehus er flinke til å finne ut kva som feilar pasientane våre og starte ei behandling som enten gjer dei friske eller i det minste i stand til å leve nokolunde greitt med den sjukdommen dei har.

Vi har ikkje alltid vore like flinke til å stille diagnosen på ”sjuke-huskroppen”. Vi har nok sett at det er mykje som ikkje fungerer som det skal, men har ikkje alltid hatt det utstyret og den innsikta

som skulle til for å gi den rette ”behandlinga”.Etter kvart er vi blitt langt betre rusta til dette. Nye dataprogram, analysar og samarbeidsprosjekt gjer at vi no har eit langt klårare og meir samla bilete av heile verksemda. Veggane mellom dei ulike avdelingane er ikkje lenger så høge.

Haukeland universitetssjukehus er eit fantastisk komplett sjuke-hus i den forstand at vi har alle typar pasientar og behandlingar. Vi kan ikkje velje vekk nokon. For å sikre at vi då prioriterer rett innanfor dei rammene vi har, er vi heilt avhengig av å greie å sjå heile biletet: Alle pasientgrupper, alle endringar i sjukdomsbilete i befolkninga, alle endringar i behandlingsmetodar, alle nyvinningar innan teknolo-gien. Å vere direktør for eit så komplett sjukehus, er utruleg spennande og utfordrande. Det er mitt ansvar å sørgje for at det blir laga system og tilført ressur-sar slik at dei ulike pasientgrup-pene får det medisinske tilbodet dei treng.

Alle vil sjølvsagt ha meir pengar, også eg, men vi har ikkje meir enn det vi får frå politikarane kvart år. I 2011 har vi fått 8,4 milliardar kroner til disposisjon. Jobben vår er å bruke dei på best mogleg måte. Vi står stadig betre rusta til det. Eg er freista til å hente fram eit uttrykk frå mi tid som lege: ”Pasienten er i betring”.

Pasientane våre vil nok også framover merke at det er enkelte ting som ikkje fungerer slik det skal og at den venstre handa framleis ikkje veit kva den høgre gjer. Men eg meiner vi er på rett veg. Den æra er det alle dei drygt 11000 tilsette som skal ha. Trass i alt utstyret, analysane og pengane: Det er menneska som er det viktigaste i eit sjukehus. Heile denne store sjukehusor-ganismen er heilt avhengig av å ha dyktige, engasjerte medarbei-darar som også evner å sjå heile biletet. Alle har si viktige rolle i det store samspelet som skal gi deg som pasient den behandlinga du treng.

Stener KvinnslandAdministrerande direktør

Hospitalet er ei infomasjonsavis som går ut til alle husstandar i Helse Bergen sitt opptaksområde. Med denne avisa gir vi deg eit innblikk i kva som skjer på sjukehuset.

Eit stadig friskare sjukehus

fb.me/haukelanduniversitetssykehus

flickr.com/photos/haukeland

twitter.com/haukeland_noMILJØM

ERKET

241 599

Trykksak

mai 2011

3

Endeleg gode netterArild Sørensen er sjåfør på Universitetet i Bergen sin campusbuss. Han kunne ikkje hatt den jobben om ikkje han hadde fått hjelp med søvnen.

Vi brukar nesten ein tredjedel av livet vårt på søvn. Eit vakse menneske treng gjennomsnittleg sju timars søvn kvar natt, medan barn og unge treng endå meir.Mellom 10 og 15 prosent av befolkninga lir av langvarige søvnproblem, slik Arild gjorde.

Søvn opptar oss alle, anten den er god eller dårleg. På desse sidene får du vite meir om Haukeland si satsing på søvn, og om søvn generelt.

Søvn

>>

4

Søvn

Arild var hardt angripen. Uansett kor tidleg han la seg og kor lenge han sov, følte han seg alltid trøytt og uopplagd. Han sovna når som helst og kor som helst. På kino, på konsert, overalt.– Eg var vitsen i vennegjengen, fortel han. Arild prøvde alle søvntriks i boka, men dei hjelpte ikkje. Problemet stakk djupare. – Det var omtrent som å prøve å fylle luft i dekka når bilen er tom for bensin, smiler han.

Glad for søvnsenteretFørst då Sørensen sovna i ein stol hos fastlegen midt på 90-talet, rykka han fram i behandlingskøen. Men endå skulle det ta både tid og snorkeopera-sjon før han fekk diagnosen obstruktiv søvnapné, altså pustestopp i søvne. – Eg var innom og vart utgreia ved fleire avdelingar på Haukeland før eg fekk riktig diagnose og behandling, fortel han.Nettopp derfor er han utruleg glad for at Haukeland sitt nye søvnsenter no har opna. Her blir kompetanse frå alle avdelingar som tar imot søvnpasientar samla under éitt tak. – Eg set stor pris på å få eit samla tilbod, seier han. – Ikkje minst er det bra når du blir til-vist for første gong og skal bli utgreidd, men òg for meg som har vore pasient nokre år. No kan eg ta alle kontrollar og testar på ein stad.

Pustestopp den største gruppaArild fekk til slutt hjelp på Lunge-avdelinga, som har mellom 3000 og 4000 konsultasjonar med søvnpasientar i året.– Den største gruppa vi tar imot er pasientar som Arild, med obstruktiv søvnapné, fortel seksjonsoverlege Sverre Lehmann.Ifølgje Lehmann er det avgrensa kunn-skap om både førekomst og årsak til pustestopp i søvne i den norske befolk-ninga. Ei undersøking som går ut frå Lungeavdelinga viser at det er saman-heng mellom tilstanden og alder, kjønn, vekt og røykevanar hos middelaldrande og eldre personar i Bergen kommune.

– Vi konsentrerer oss om dei med moderat og alvorleg sjukdom fordi dei har høgast risiko for komplikasjonar, som til dømes trafikkulukker, hjerneslag og tidleg død, seier Lehmann.Studien viser òg at rundt fem prosent av den vaksne befolkninga i Bergen har pustestopp i søvne.– Nasjonale tal er litt høgare, så det er nok riktig å seie at mellom fem og 10 prosent av befolkninga har denne sjuk-dommen, utdjupar Lehmann. Dette gjer dei med søvnapné til den nest største pasientgruppa innan søvn-sjukdommar, berre slått av dei som lir av insomni.

Tre typar behandlingFor pasientar med pustestopp om natta tilbyr Haukeland tre ulike typar behandling. Det er CPAP-maskin, som den Arild har, biteskinner eller opera-sjon. – Dei fleste får det betre med ein CPAP- maskin, som blir brukt for å hjelpe pasienten med å puste. Lufta som blir blåst inn i nasen opnar dei øvre luft vegane og forhindrar at dei

Tekst: Ragnhild Dårflot OlsenFoto: Odd Mehus

– CPAPen har gjort meg til eit nytt menneske, seier Arild Sørensen. Maskinen hjelper han med å puste om natta, og sørgjer dermed for god søvn. På Senter for søvnmedisin hjelper sjukepleiar Mona Grundeland han med å sjekke og tilpasse maska.

“ Eg var vitsen i vennegjengen.

“ Mellom fem og ti prosent av befolkninga

har denne sjukdommen.

klappar saman mens ein søv, forklarar Lehmann. – Dermed hindrar ein snorking og pustestans. Lita operasjonsstoveFor dei som strevar med å bruke CPAP, kan biteskinne vere eit alternativ. Den må spesiallagast av tannlege. Eit tredje behandlingsalternativ er operasjon,

som til no har blitt utført på Øyre-Nase-Hals-avdelinga.– Dei tar også imot pasientar med søvnapné, seier Lehmann. – Fram til no har det ofte vore slik at dei har diagnostisert og sendt vidare til oss, for det er få som blir behandla med kirurgi. Men kirurgi har òg ein plass hos utvalde pasientar, og det er ei lita operasjonsstove i det nye søvnsenteret.

12 råd til god søvn• unngååsovepådagtid

(eventuelt kan du tillate ein middagslur på under 20 minutt)

• ikkjeopphalddegisengalenger enn forventa sovetid

• ståopptilomtrentsametidkvar dag, også i helgar

• fåminst30minuttmeddagslys dagleg, helst tidleg om morgonen (innan to timar etter at du har stått opp)

• unngådrikkemedkoffeinetter kl. 17. Røyk forstyrrar også søvnen

• unngååveresvoltenelleråeteeit tungt måltid ved sengetid

• bruksoverommettilåsovei,ikkje til å arbeide

• deterviktigmedregelmessigmosjon, men avslutt minst tre timar før sengetid

• sørgformørke,roogmoderattemperatur på soverommet. Bruk eventuelt maske og øyre-pluggar

• ikkjesjåpåklokkavissduvaknar om natta

• lærdegeinavspennings­teknikk, bruk den ved opp-vakningar

• settavein’problemtime’omettermiddagen/tidleg kveld kor du tenkjer gjennom bekymringar og problem. Unngå å ta med deg bekym-ringar/problem til sengs

5

Dette er masker som tidlegare har blitt brukt til pasientar med søvnapné.

Under same tak7. mars tok det nye Senter for søvnmedisin ved Haukeland universitetssjukehus imot sin første pasient.

Dette er første gong at tverrfagleg kompetanse om søvnrelaterte sjukdom-mar blir samla på éin stad i eit norsk sjukehus.– Her får alle pasientar som blir tilvist med ein søvnrelatert sjukdom éin stad å vende seg, og dei får ei overordna, eins-retta utgreiing, seier senterleiar Bjørn Bjorvatn (bilete).Før senteret opna var det tre fagavdelin-gar ved sjukehuset som dreiv utgreiing og behandling av søvnsjukdommar: Lungeavdelinga, Øyre-nase-hals-avde-linga og Nevrologisk avdeling. Desse tre samarbeider om det nye senteret, som ligg administrativt under Lungeavde-linga. I tillegg er det knytt ein psykiater til senteret. Ifølgje Bjorvatn vil utgreiinga ved Senter for søvnmedisin bestå av dei tra-disjonelle metodane innan søvnmedisin.– Hovudgruppa av pasientar vil nok

framleis vere pasientar der det er mistanke om søvnapné. Då tilbyr vi utgreiing av pustestans med eventuell nivådiagnostikk, seier han.– I tillegg vil vi utføre søvnregistrering med eller utan videoovervaking og MSLT (Multipel søvnlatens test) for pasientar med ekstrem søvnigheit. Alle pasientar som vert tilvist til Senter for Søvnmedisin blir spurt om å delta i eit forskingsregister. Målet er å studere dei ulike søvnsjukdommane meir i detalj, og å sikre dokumentasjon av behandlingseffektar. – For å gje best mogleg behandling og oppfølging er det trong for betre kunn-skap. Registeret vil danne eit viktig grunnlag for forsking på søvnsjuk-dommar, og gi oss ein unik sjanse til å evaluere kvaliteten på arbeidet vi gjer, seier Bjorvatn.

Arild er blant dei mange som får hjelp av ein CPAP. Maskinen og maska han har no, fekk han rett før jul. Tilpassing og oppfølging blir gjort på Lunge-avdelinga sin søvnpoliklinikk, som no har flytta inn i søvnsenteret. – Denne maska er betre enn den gamle eg hadde, seier han.– Alle maskene har kravd tilvenning i starten, men ubehaget er mindre enn det eg oppnår ved å bruke dei. Maska gir tryggleik for at eg får ei god natts søvn.

Det finst seks ulike søvndiagnosarInsomniEi gruppe søvnsjukdommar som er kjenneteikna av innsovningspro-blem, nattlege oppvakningar, tidleg morgonoppvakning eller dårleg søvnkvalitet.

Søvnapné Pasientar med denne søvnlidinga har pustestopp i søvne. Dei vil vanlegvis klage over dårleg søvn, ofte oppvak-ningar om natta og at dei er søvnige på dagtid.

DøgnrytmeforstyrringarVed døgnrytmeforstyrringar er det eit misforhold mellom kroppen sin ”interne” døgnrytme og samfunnet sin ”eksterne” døgnrytme. Det kan vere forstyrringar i den ”interne” klokka, som ved forsinka søvnfase-syndrom og for tidleg søvnfasesyn-drom, eller plutselege endringar i den ”eksterne” klokka, som ved jet- lag og skiftarbeid.

HypersomniEi relativt sjeldan gruppe sjukdom-mar, kor hovudsymptom for gruppa er auka søvnigheit på dagtid og som oftast eit totalt auka søvnbehov.

Narkolepsi er den vanlegaste sjukdommen i denne gruppa, og er kjenneteikna av plutselege søvn-anfall på dagtid.

Parasomnier uønska hendingar som hender under innsovning, under søvn eller under oppvakning. Typiske eksem-pel er det å gå i søvne, forvirra oppvakning og nattlege skrekk-anfall. Ved sistnemnte er pasienten ikkje bevisst, i motsetnad til ved oppvakning frå mareritt.

Søvnrelaterte rørsleforstyrringargir seg til kjenne ved repeterte, enkle rørsler som ikkje er mål-retta, for eksempel rastlause bein/kribling i beina, leggkrampar og gnissing av tenner. Resultatet blir ofte dårleg søvnkvalitet, og kjensla av å ikkje føle seg utkvilt når ein vaknar om morgonen.

Kjelde: SOVno

Nasjonalt kompetansesenter for søvnsykdommer (SOVno) vart etablert i september 2004. Føre-målet med å opprette SOVno var å styrkje kunnskapen om søvn og søvnlidingar både blant folk flest og blant helsepersonell. Kompetanse-senteret består av både forskarar og klinikarar. Den store forskingsak-tiviteten på SOVno omfattar blant anna pågåande forskingsprosjekt om søvnproblem blant ungdom og eldre, skiftarbeid, årstidsvariasjonar,

psykiatri og ei rekkje epidemiolo-giske undersøkingar. SOVno er eitt av 12 nasjonale kompetansesenter ved Haukeland universitetssjukehus. Eit kompetansesenter si opp-gåve er å ivareta, byggje opp og formidle kompetanse innan eit særskilt område.

Les meir om dei ulike kompetansesentra på www.helse-bergen.no

SOVno

6

– Det har betydd utruleg mykje for meg at eg fekk tilbod om samtalar med Inger Sofie i forkant av fødselen, seier den nybakte mora, medan Njord ligg og sprellar nøgd på fanget hennar.

Ei sårbar tidInger Sofie Stensland er avdelingsjord-mor og rådgivar ved Rådgivingssente-ret for mor og barn på Kvinneklinikken. I litt over to år har ho teke i mot kvin-ner med fødselsangst på Samtalepoli-klinikken, og talet på tilvisingar aukar stadig.

– Vi jobbar for at kvinna skal føle seg trygg når ho skal føde hos oss. Det

Frykta for å fødeTone Schønberg (31) har vore redd for å føde så lenge ho kan hugse. Fødselsangsten var så sterk at ho vurderte å la vere å få barn. For berre få månader sidan fekk ho vesle Njord, og han vart fødd på heilt naturleg vis.

Tekst: Camilla Crone LeinebøFoto: Odd Mehus “ Eg klarte ikkje

å kjøpe ting til barnet under svangerskapet, for det fekk meg til å tenkje på fødselen.

er ikkje mange hendingar i livet som rokkar så grunnleggjande i ei kvinne sin psyke som svangerskap, fødsel og barseltid. Denne tida er nok blant det sterkaste og mest sårbare eit menneske går gjennom, fortel den rutinerte jord-mora med snart 30 års fartstid, både klinisk og som leiar.

Kvar sin historieTil Samtalepoliklinikken kjem både førstegangs, - og fleirgangsfødande kvinner i alle aldrar. Alle med kvar si historie, men med det til felles at dei har behov for hjelp til å meistre situasjonen dei er i.

– Dei aller fleste gravide kvinner – sær-leg første gang dei skal føde - gruer seg til sjølve fødselen, noko som sjølvsagt

Samtalepoliklinikken er ein del av Rådgivingssenteret for mor og barn på Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Senteret ligg i 3.etasje på Kvinneklinikken. I tillegg til Samtalepoliklinikk, har Rådgi-vingssenteret for mor og barn ein Ammepoliklinikk og Barselpolikli-nikk.

Ammepoliklinikken Her kan kvinner som opplever problem i starten på amminga, få opp følging av jordmødrer og barne-pleiarar med spesialkompetanse på amming. I tillegg har dei ledige timar innimellom for kvinner med ammeproblem seinare i barseltida. Frå 14. februar har Ammepolikli-nikken halde ope fire dagar i veka i staden for to. Årsaka er at pågangen for tenesta er stor. Utvidinga er eit forsøk på å imøtekomme nokre av behova til KK sine barselkvinner.

Telefon: 55 97 41 88

Ringetid: måndag til torsdag frå kl. 15.00 - 16.00. Timeavtale: måndag til torsdag frå kl. 16.00 - 21.00.

Barselpoliklinikken Her får nybakte mødrer ein opp-følgingstime få dagar etter heimreise frå sjukehuset. På Barsel poliklinikken blir du møtt av erfarne jordmødrer.

Telefon: 55 97 41 84

Rådgivingssenteret for mor og barn

Fakta og forvirring rundt fødetilbodet på KK Fødselshjelpa på KK har fleire gonger vore gjenstand for disku-sjon i ulike media. På våre nett-sider kan du få svar på det du lurer på – og kanskje òg på det du ikkje visste du lurte på. Der kan du mellom anna lese kva overlege Per Børdahl svarer på spørsmål om keisarsnitt, overtid og riftskadar. Du kan også lese ein kronikk om fødetilbodet, skriven av klinikk-direktør Ingrid Johanne Garnes.www.helse-bergen.no

Fødetilbodet

7

Frykta for å føde

er heilt normalt. Men for nokon blir tanken på fødselen eit problem, og det skal bli tatt på alvor, seier Stensland. Ho meiner det vil vere vanskeleg å ha ei trygg oppleving, dersom ein går inn i eit svangerskap med reell fødselsangst utan å få hjelp.

Andre kjem til Samtalepoliklinikken fordi dei har opplevd ei tøff tid i sam-band med førre svangerskap, fødsel eller barseltid. Nokon ventar barn, andre har fødd. Problemstillingane er høgst individuelle, men Inger Sofie sitt mål er å få tak i kjernen til kva det er som gjer så vondt.

– Ingen bør gå gjennom livet med slike opplevingar utan å få ei oppklaring, eller utan å få mogelegheita til å jobbe seg gjennom det som har skjedd.

Redd for å miste kontroll– For min del handla det mykje om redselen for å ikkje ha kontroll over situasjonen, seier Tone.

Ho snakka ope om frykta si med venner og familie, og det var via kjende som jobbar på Haukeland at ho fekk vite om Samtalepoliklinikken for eit par år sidan. Då ho vart gravid halvtanna år seinare ville Tone gjerne føde naturleg.

– Fastlegen min sendte ei tilvising til Kvinneklinikken om at eg ønskte å kome til samtalar under svangerskapet. Hovudsakleg fordi eg var så bekymra for sjølve fødselen, fortel ho.

Kort tid etter kom beskjeden om at ho hadde fått time i fjerde månad av svangerskapet. Sidan gjekk ho til

Inger Sofie ein gang i månaden fram til fødselen.

– Dei siste gongane var også mannen min med. Det var bra for oss begge, seier Tone.

Blir tatt på alvor– Noko av det beste med samtalane med Inger Sofie var å få snakke med ein utanforståande. Som attpåtil hadde masse kunnskap og erfaring.

– Eg kunne vere meg sjølv. Eg torde å seie ting som eg ikkje sa til venner og familie. Og ho lytta. Eigentleg trur eg det viktigaste for mange er å bli høyrt og bli tatt på alvor. Det er så lett for at frykta blir bagatellisert. I tillegg lærte eg ei rekkje meistringsteknikkar, smiler Tone og vekslar blikk med Inger Sofie.

– Ein stor del av jobben er å gje kvinna kjensla av å meistre. Då vil ein oppdage at det faktisk er ei rekkje ting som kan kontrollerast, seier jordmora.

BarnekledeTone nikkar og gir eit lite – men ikkje uvesentleg døme;

Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst Bildetekst

– Eg klarte ikkje å kjøpe ting til barnet under svangerskapet, for det fekk meg til å tenkje på fødselen. For å øve på å ta kontroll over frykta, gjekk eg ein dag ut og kjøpte litt barnetøy. Då eg kom heim la eg det rett i skuffa, og kunne krysse av at eg faktisk hadde gjort ei kontrol-lert handling. Det var ei god kjensle. Etter kvart klarte eg å setje pris på dei fine kleda som låg i skuffa, seier ho.

– Utgangspunktet mitt var at eg frykta sjølve fødselen. Eg fekk hjelp til å endre fokus ved å snakke om alle slags tankar eg hadde omkring den. Fødselen er ein liten del av det heile, kva med alt etterpå?, seier Tone og ser ned på prakteksemplaret på fanget sitt, når Inger Sofie bryt inn:

– Skjønner du at eg blir glad i desse kvinnene? Eg kallar dei ”Damene mine”, ler ho.

– Det har betydd utruleg mykje for meg at eg fekk tilbod om samtalar med Inger Sofie i forkant av fødselen, seier Tone Schønberg.

8

Risikoen for å utvikle schizofreni i løpet av livet er omkring éin prosent. I Noreg er det til ei kvar tid mellom 12 000 og 16 000 menneske som lever med sjukdommen. Kvart år får mellom 600 og 800 personar diagnosen, men ein reknar med at det finst mørketal.

Forsking viser at tidleg opp daging av sjukdom­men gir betre behand­lingseffekt.På dei neste sidene kan du lese meir om korleis Haukeland jobba for å skape eit heilskapleg tilbod til unge schizofrene og familiane deira.

PsykiatriViktig med tidleg hjelp

Psykiatri

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Aukar sjansane for å bli frisk

9

Tekst: Anette Hellstrøm

”Kari” er ikkje ekte. Men ho er eit typisk eksempel på korleis schizofreni kan starte med ein psykose.

Alvorleg psykisk lidingSchizofreni er namnet på ei gruppe alvorlege psykiske lidingar som inneber storeendringar i oppfatning, tankar, kjensler og åtferd. For å få diagnosen schizofreni må ein ha hatt psykotiske symptom i minst ein månad.

– Schizofreni er ei av våre mest alvor-lege psykiske lidingar. Sjukdommen får omfattande konsekvensar for dei det gjeld og familien deira, seier direktør i Psykiatrisk divisjon ved Haukeland uni-versitetssjukehus, Hans Olav Instefjord.

Nytt behandlingstilbodPsykiatrisk divisjon jobbar med å utvikle rutinar for tidleg oppdaging, diagnostisering og behandling av unge menneske med schizofreni-spektrum lidingar. Som eit ledd i dette arbeidet skal det opprettast ei ny avdeling.

– Avdeling for Tidleg Psykose (ATP) vil bli ein del av Psykiatrisk klinikk, og

skal ha ansvar for heile Helse Bergen sitt opptaksområde. Når det nye be-handlingstilbodet kjem på plass hausten 2012, skal det vere blant dei fremste i Noreg for målgruppa 15-30 år, seier Instefjord.

Tidleg oppdagingsteam– Tidleg oppdaging minskar belast-ninga for både pasienten og familien deira, og vil moglegvis på lang sikt også betre behandlingseffekten. Tidleg opp-daging vil derfor vere fundamentet i den nye avdelinga, forklarar prosjektleiar Brede Aasen.

Ved sidan av å vere assisterande klinikk-direktør i Psykiatrisk klinikk, skal han leie arbeidet med den nye avdelinga fram mot opninga i 2012. – ATP skal ha eit tidleg oppdagings-team (TOPS) som er ambulerande

TOPS­teamet• Inspirasjonentilåoppretteeit

TOPS-team i Bergen kjem i frå Tidligintervensjonogbehand-lingavpsykosar,ogsåkallaTIPS-prosjektet,iStavanger.

• I1997vartdetetablerteitlåg-terskeloppdagingsteamvedPsykiatriskdivisjonpåStavan-geruniversitetssykehus.

• EitavhovudmålamedTIPS-prosjektetvaråsjåomeinkunnefåfolktilåbeomhjelptidlegareiforholdtilførste-gongspsykose.Gjennomstoreinformasjonskampanjarfekkeinvarigheitaavubehandlapsykosetilågånedifrå26vekertilberrefemveker.

”Kari” er 19 år. Ho heng ikkje lenger med på skulen, og blir ofte liggjande i senga utover dagen. Innimellom høyrer Kari stemmer. Mor til Kari er bekymra. Ho får ikkje kontakt. Kva skal ho gjere?

Aukar sjansane for å bli frisk

og gjer ei førstevurdering der det er mistanke om psykose eller psykose-utvikling. Her vil alle som er bekymra for seg sjølv eller andre kunne ringje og få råd og hjelp. Ved førstegangs-psykose ønskjer vi å ha moglegheit til å få vedkommande inn til behand-ling og vidare utgreiing utan unødig ventetid. Målet er å hindre, mildne eller forseinke lidinga slik at ein kan få behandling utan å bli innlagt på sjuke-hus. Samstundes vil vi vidare utvikle døgndrifta og gi et meir heilskapleg tilbod til ungdommane også i fasar der dei er veldig sjuke, seier Aasen.

FamilieterapiÅrsakene til schizofreni er enno ikkje klarlagt, men ein veit at dei er saman-sette. Forsking på tvillingar tyder på at inntil 80 prosent av sjukdomsårsakene heng saman med arvelege faktorar. Når eit familiemedlem får ei alvorleg

liding kan heile familien bli sett i ein vanskeleg situasjon. Mange familiar kan derfor ha nytte av psykoedukativ behandling (les meir om dette på s.11) eller familieterapi.

– ATP vil tilby psykoedukativ undervis-ning og arbeidsgrupper til pasientar og pårørande.Det er eit viktig ledd i behandlingspro-sessen at familien aksepterer sjukdom-men og er tolerante overfor den som har diagnosen. På denne måten vil tilbakefall kunne bli redusert. I tillegg vil pasientane få samtaleterapi for blant anna å auke sjølvkjensla, styrkje forstå-inga av seg sjølv og gjere det lettare å leve med sjukdommen, seier Aasen.

Gjennom eit tett samarbeid med dei distriktspsykiatriske sentra og Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) vil den nye avdelinga skreddar-sy ein behandlingsplan og finne rett behandlingsstad for pasienten. Då er det med andre ord håp for den fortvila mora du møtte innleiingsvis. Om ikkje lenge vil mor til ”Kari” kunne ringe TOPS-teamet i ATP:– Dottera mi oppfører seg så merkeleg for tida og eg har vanskar med å få kontakt med ho. Kan de hjelpe?– Alle som er bekymra for seg sjølv eller andre vil kunne ta kontakt med oss så fort vi er i funksjon, seier Aasen.

1,8 millionar til psykologisk førstehjelp

Alle som er bekymra for seg sjølv eller andre vil kunne ta kontakt med den nye avdelinga så fort den er i funksjon. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Kva er psykose?Ein psykose blir kjenneteikna av problem med å skilje mellom fantasi, tankar og kjensler, og den verkelege verda. Vrang føre-stillingar, hallusinasjonar og tanke-kaos er typisk ved psykosar. I tillegg opplever mange depresjon, det å vere sløv, manglande interesse og nedsett merksemd.

Helsedirektoratet gav nyleg 1,8 millionar kroner til BUP Voss sitt prosjekt for psykologisk førstehjelp, kor dei har utvikla Noreg sitt første sjølvhjelpsskrin. Pengane skal brukast til forsking på korleis ein

kan bruke metoden mest mogleg effektivt og opplæring av fagperso-nell. Metoden er utvikla for å gi barn og unge med psykiske vanskar eit tilbod om sjølvhelp.

10

Tekst: Ragnhild Dårflot OlsenFoto: Odd Mehus

– Det var eit kjempesjokk for oss då Christer vart dårleg. Å få diagnosen schizofren var skremmande, seier Bjørg og ser bort på mannen som nikkar. Christer sin sjukdom braut for alvor ut då han gjekk på vidaregåande. Heilt frå konfirmasjonsalderen av hadde han blitt stadig meir inneslutta, og no trekte han seg frå idrett, fotball, vener og alt sosialt. – Han har alltid vore stille og forsiktig av seg, og fortalt lite om tankar og kjensler, fortel Bjørg.– No vart det endå mindre. I denne perioden opplevde vi han som svært angstfull og redd, han fekk beskjedar frå stemmer inni hovudet og var redd for å døy. Det var kaos inni han, men til oss fortalte han lite.

Verktøy for kvardagenSkulepsykologen tilviste Christer til poliklinikken på Ungdomsposten. Då han vart innlagt på Ungdomsposten, fekk familien tilbod om psykoedukativt familiearbeid. Og takka ja.

Avdeling Psykisk helse for barn og unge har i mange år brukt familiesamtalar i behandlinga av psykose, og med god effekt. For Bjørg og Rolf Matre var hjelpa dei fekk då sonen Christer (28) vart sjuk, heilt nødvendig.

Les meir om Psykoedukativt familiearbeid på www.helse-bergen.noLes også om hjelpa ”Lene” og mora fekk hos psykoedukativt familieteam då Lene vart sjuk som 15-åring.

– Det vi lærte gjennom psykoedukativt familieteam i dei to åra vi nytta oss av tilbodet, var grunnleggjande for den hjelpa vi har kunna gi Christer. Det var akkurat som om vi stod på ei kai og skulle dette utfor, og så var det nokon der og tok imot oss, fortel Bjørg.

Kunnskapsbaserte familiesamtaler i regi av Psykisk helse for barn og unge er eit tilbod til barn under 18 år som har fått diagnosen psykose og deira næraste pårørande. Målet er å betre forløpet av den psykiske lidinga ved å redusere kor hyppig tilbakefalla kjem og å betre pa-sienten si evne til å fungere både sosialt og i aktivitetar. – Det å få eit sjukt barn var vanskeleg, seier Bjørg.– Gjennom samtalene fekk vi hjelp til å arbeide oss gjennom sorga. Dette var veldig viktig for oss og heilt avgjerande for å vere gode foreldre vidare. Vi lærte å bli trygge nok til å møte uroa hans og svingingane i kjenslelivet. Ifølgje Bjørg var familiesamtalane også prega av å finne Christer sine ressursar:– Slik kunne vi som foreldre styrkje desse ressursane saman med han, trass i at han var sjuk.

Ein styrkeBjørg skildrar atmosfæren under samtalene som god og avslappa, og med utruleg flinke terapeutar. Ho og mannen kom til samtale kvar 14. dag i to år. Av og til var Christer sjølv med, men oftast ikkje. Også bror og søster til Christer var med enkelte gonger.Familien opplevde også kunnskapen dei fekk som ein styrke i forhold til omverda. – Vi har heile tida vore opne om Chris-ter sin sjukdom, fortel Bjørg.– Og dess meir vi lærte, dess meir

kunnskap og tryggleik kunne vi gi vidare til dei som spurte. Det gjorde det også lettare for resten av familien å involvere seg, til å stå parat når vi trengte dei.

Christer bur i dag i bufellesskap i eiga leilegheit, der han får høve til å utnytte dei ressursane han har. Han har god kontakt med både foreldre, søsken og resten av familien.

1,8 millionar til psykologisk førstehjelpHelsedirektoratet gav nyleg 1,8 millionar kroner til BUP Voss sitt prosjekt for psykologisk førstehjelp, kor dei har utvikla Noreg sitt første sjølvhjelpsskrin. Pengane skal brukast til forsking på korleis ein kan bruke metoden mest mogleg effektivt og opplæring av fagpersonell. Metoden er utvikla for å gi barn og unge med psykiske vanskar eit tilbod om sjølvhelp.

70 millionar til Barnas Energisenter– Det er ei stor glede å kunne bidra til eit godt barnesjuke-hus i Bergen, sa Trond Mohn då han og sonen Fredrik Mohn i april gav 70 millionar kroner til Barnas Energisen-ter på Haukeland. Barnas Energisenter blir ein del av første byggetrinn i det nye Barne- og ungdomssenteret, og skal vere ein møtestad for sjuke og friske barn. Senteret skal ha fysisk aktivitet som grunnlag for behandling og forsking.

“ Gjennom samtalene fekk vi hjelp til å arbeide oss gjennom sorga. Dette var veldig viktig for oss og heilt avgjerande for å vere gode foreldre vidare.

Psykiatri

Kunnskap gavstyrke

Det å få eit sjukt barn fører til at mange par skil lag. Bjørg og Rolf Matre har vore flinke til å ta vare på kvarandre, og trur familiesamtalane har vore til nytte også på det feltet.

11

Hjelp til meistring

Det å få eit sjukt barn fører til at mange par skil lag. Bjørg og Rolf Matre har vore flinke til å ta vare på kvarandre, og trur familiesamtalane har vore til nytte også på det feltet.

Psykoedukativt familiearbeid:

Mål om mindre tvang i psykiatrienIfølgje SINTEF er det for høg bruk av tvang i norsk psykiatri. Innfør-inga av TERMA-modellen skal redusere graden av makt og tvang i Psykiatrisk divisjon ved Haukeland universitetssjukehus til eit mini-mum. Det blir halde kurs for tilsette ved ulike seksjonar. Føremålet med kurset er å gjere deltakarane i stand til å lære kunnskapen vidare gjennom

internundervisning slik at ein slepp å leige inn eksterne aktørar. – TERMA består av både teore-tisk og praktisk kunnskap som kan gjere arbeidstakarar betre rusta til å møte aggresjon og truande åtferd frå pasientane, seier gruppeleiar ved Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels-, og rettspsykiatri Bjørn Petter Hanssen.

Psykiatrisk klinikk tar i bruk SOFAOg då er det ikkje møbelet vi tenkjer på, men SOFA-modellen – eller Samtale-Om-FAg-modellen som det eigentleg heiter. – SOFA er både tverrfagleg undervising og kollega-rettleiing på ein gong, seier fagutvik-lingssjukepleiar Turid Strandberg Hansen.Fagleg standard og kvalitetsutvikling er nokre av fokusområda som er med på å ivareta pasienttryggleiken i divi-

sjonen. Målet med SOFA-modellen er å auke kvaliteten i arbeidet slik at det kjem pasientane til gode.– Kollegarettleiing også ein god måte å kvalifisere nye medarbeidarar på. Gruppeleiarane i SOFA-gruppene er erfarne sjukepleiarar med spesial-utdanning. Dei er alle er super-motiverte for å gjere ein innsats, og det er alt stor rift om plassane, seier Hansen.

Akuttpsykiatripris til ambulansePsykiatrisk ambulanse ved Haukeland sjukehus vart tildelt Årets akuttpsykia-tripris under den årlige konferansen i akuttpsykiatri i Oslo i februar. Prisen blir gitt til personar eller grupper som set fokus på akuttpsykiatri på

ein konstruktiv måte. Oppgåva til Psykiatrisk ambulanse er å sørgje for at psykisk sjuke får tilbod om transport til behandling som er prega av respekt og likeverd. Dei blir møtt av helsepersonell og ikkje politi når dei blir henta.

– Gjennom kunnskapsbasserte samtalar prøver vi å hjelpe pasientar til å meistre kvardagen på ein betre måte med støtte frå familien, fortel Sigrunn Almelid Birkeland, som saman med Kari Nanne Guldbech Clausen er terapeutane i Psykoeduka-tivt familiearbeid.Eit psykoedukativt familietilbod er ein del av eit anbefalt behandlings-tilbod ved psykosar. Det blir tilbode saman med individu-elle støttesamtalar, psykososiale tiltak og eit medisinsk tilbod. Pasienten og familien hans/hennar får hjelp til å

bruke ny innsikt i løysing av vanske-lege, daglegdagse situasjonar som oppstår i kjølvatnet av ei psykose-utvikling. Dei får også opplæring i korleis dei kan kommunisere og løyse aktuelle problem på ein systematisk og kon-struktiv måte med omsyn til å dempe psykotiske plager.– Med kunnskap om sjukdommen og ei felles forståring for korleis lidinga kan meistrast, blir faren for tilbake-fall og nye innleggingar redusert, seier Birkeland.

12

LYTTEPOSTENLYTTEPOSTEN

Har du noko du vil fortelje oss om ditt møte med sjukehuset?

www.helse­bergen.no/lytteposten

Ros eller ris?

Telefonen er betjent mellom kl. 11 og 15 tysdag og torsdag. Men du kan leggje igjen beskjed på telefonsvararen når som helst, så ringjer vi deg tilbake.Du kan også sende oss nokre ord på lytteposten@helse­bergen.no

Eller eit vanleg brev til adressa; Lytteposten v/Kommunikasjonsavdelinga, Haukeland universitetssjukehus, 5021 Bergen

Vårt mål er at pasientar og pårørande skal føle seg godt ivaretatt. Har du erfaringar som du vil dele med oss, så ikkje nøl med å ta kontakt!

TLF. 958 90 555

13

Livet på Haukeland

Kvart år behandlar Haukeland universitetssjukehus nærare 600 000 pasientar. Vel 11 000 tilsette arbeider dag og natt for å gje best mogleg behandling og pleie til

alle desse pasientane. For pasientane er sjukehusopphaldet eit avbrot frå kvardagen. For dei tilsette er møtet med pasientane kvardagen.

Eit sjukehus står aldri stille.Her får du nokre glimt frå livet på Haukeland >>

Balansekunstnar Breistein klokka 14 ein torsdag i februar.

Miljøterapeut Fredrik Fahlstrøm stiller inn balansebrettet til det nye Nintendo Wii-spelet i det kombi-nerte trenings- og møterommet til Habiliteringstenesta på Breistein.- Vi bruker spel for dei pasien-tane der trening er aktuelt, fortel Fahlstrøm.– Det er ein fin måte å gjere noko morosamt i tillegg til at dei får kome meir i aktivitet.

Fotoreportasje

Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen & Øyvind BlomFoto: Øyvind Blom & Odd Mehus

Foto: Øyvind B

lom

14

Fotoreportasje

– Hugs å puste!

Stikk med eit smil Poliklinikken på LKB, torsdag 10. mars kl. 10.00.

– No stikk eg!, seier bioin-geniør Ingunn Børø. Jobben hennar er å tappe deg for blod.Hovudoppgåva hennar er å ta pasientprøver, og analysere desse.– Mange er avhengige av svar på prøvene vi tar i samband med behandling, forklarar Børø. Ved Laboratorium for klinisk biokjemi (LKB) på Haukeland jobbar det rundt 250 bioin-geniørar. – Jobben vår handlar om å vere nøyaktig, følgje prose-dyrar og ha kritisk sans for å oppdage om noko ikkje stem-mer. Prøvesvara skal vere dei same uansett kven som har analysert dei, seier Børø.

Foto: Odd M

ehus

Foto: Øyvind B

lom

Nordås 23. mars, kl. 10.00.

– Hald skuldrene låge, og hugs pustinga. Ut og inn, kjenn at det kjem frå magen, instruerer fysioterapeut Kristin Hannestad ved Nakke- og ryggpoliklinikken på Nordås.– Å kome hit har vore den beste medisinen eg kunne få, seier pasient Audun Nordanger.

Foto: Odd M

ehus

Grøn pasient

Ein tysdag i mars, klokka har passert lunsj.

På Akuttmottak har dei fått melding om ein grøn pasient, det vil seie ein pasient som har låg hastegrad. Akkurat no er det roleg på mottaket, så sjukepleiar Lillian Warberg har tid til å gjere klar senga før ambulansen er der. Slik er det ikkje alltid.– Gjennomsnittleg tar vi imot 80-100 pasientar her i døgnet, fortel ho. Det betyr at det til tider er ganske hektisk. Denne pasienten blir tatt imot med det same, når ambulansearbeidarane Anette Nilsson og Håvard Fyl-lingsnes kjem trillande med han. Dei hjelper Lillian med å få den eldre man-nen på båra over i sjukehussenga, gir ein kort rapport om pasienten, ønskjer han god betring og set kursen ut igjen.– Dette er vår femte tur sidan klokka 08 i dag, fortel dei.No ventar nye oppdrag.

Han er ein av mange som kjem til Nordås for å trene under rettleiing frå fysiotera-peut. – Her lærer eg å bli meir bevisst på kroppen sine signal, noko eg tar med meg vidare ut i kvardagen, seier han.

15

Sigurd Kvinneklinikken, 22. mars, kl. 13.50.

Den vesle, fredelege guten i armkroken er berre vel tre timar gamal. Han kom til verda halv elleve, fortel ei sliten men lukkeleg mamma Eva. – 10.31, presiserer ein stolt pappa Lars Øyvind. Det er den førstefødde, alle detaljar sit spikra. – Og han er sjølvsagt verdas mest perfekte, smiler jordmor Bente Bjørnås, som var med og hjelpte guten til verda.Det hadde kome 1064 barn til verda på Kvinne-klinikken før klokka10.31 denne tysdagen i mars. Sigurd er nummer 1065, men så mykje meir enn eit nummer.

Vinterblom frå ein ukjent Sjukehusparken klokka 09.00 ein onsdag i slutten av januar.

Vigeland-statuen ”Tiggerne” i sjukehus-parken har fått blomar denne morgonen i slutten av januar. ”Alle har mye å gi. Ta deg tid til å se det i deg selv og andre!” står det skrive med svart tusj på kvite lappar. Lappane er limt rundt på sokkelen til statuen. Som ei lita, men viktig påminning til alle forbipas-serande.

Foto: Øyvind B

lom

Lagar snarveg i hjartet Sentraloperasjonen på Haukeland 27. januar klokka 10.13.

Eileen Sigvathsen er operasjonssjukepleiar. Denne dagen står ein bypassoperasjon på programmet. I slike operasjonar får kransarte-riane som forsyner sjølve hjartemuskelen nye årer. Blodårene hentar kirurgane frå venene like under huda på leggen til pasienten. Det vart ut-ført 670 hjarteoperasjonar på Haukeland i fjor.

Foto: Øyvind B

lom

Foto: Øyvind B

lom

16

– Eg hugsar godt at eg ønskte dei var komne lengre innan forskinga då eg vart sjuk, fortel Ina.

– Ofte tenkte eg ”Kan ikkje nokon berre gje meg eit heilt sikkert svar?”

Høg risikoIna er ei av vel 1300 kvinner som har gitt vevsprøvar til ein europeisk multi-senterstudie på livmorkreft. Studien blir leia frå Kvinneklinikken på Haukeland. Målet med studien er å skreddarsy behandlinga slik at den blir individuelt tilpassa kvar enkelt.

Ho hadde invitert vener og familie til fest for å feire bursdagen. I staden for vart Ina Fikse operert for livmorkreft på 50­årsdagen sin. – For meg var det sjølvsagt å skulle bidra til forsking då eg vart sjuk, seier Ina, som i dag er heilt frisk frå kreften.

Tekst: Camilla Crone LeinebøFoto: Odd Mehus

Ina fekk beskjed om kreftsjukdommen rundt påsketider 2009. Under ein månad seinare vart ho operert.

– I tillegg fekk eg beskjed om at eg hadde høg risiko for spreiing. Så høg at eg vart anbefalt tilleggsbehandling i form av cellegift, seier ho.

Men Ina sa ikkje straks ja takk til tilleggsbehandlinga.

– Det var jo eg som skulle leve med dei eventuelle biverknadene og konsekven-sane det kunne få.

Klar og tydeleg– Legane på Kvinneklinikken sa at det var 40 prosent sjanse for spreiing. Dei var tydelege på at cellegift som føre-byggjande behandling ikkje var nok

Trebarnsmora bestemte seg til slutt for å takke ja.

– Eg valde å stole på kompetansen til legane og takka ja fordi eg ville vite at eg hadde gjort det eg kunne. Eg klarte ikkje bli trygg på at spreiinga ikkje kom, dersom eg ikkje gjennomførte celle-giftbehandlinga. Til slutt følte eg at eg ikkje hadde noko anna val enn å seie ja. Først og fremst for min eigen del, men òg i forhold til mine nærmaste.

Etter seks rundar med cellegift over eit halvt år, og nesten to år etter opera-sjonen, er Ina heilt frisk, men går fram-leis til kontrollar kvar 3. månad.

Jo fleire, dess betreÅ vere ein del av eit forskingsprosjekt opplevde Ina som utelukkande positivt.

“ Eg har verkeleg fått kjenne på kroppen kor viktig det er med forsking.

Forsking

Sa ja til åbli forska på

forska på, men dei hadde god tru på at det skulle minske risikoen for tilbake-fall i mitt tilfelle. Eg opplevde dei som klare og tydeleg i sine anbefalingar for meg, fortel ho.

17

Skreddarsyr behandling til kvinner med livmorkreft

Ina går ofte på tur med familien sin hund Balsam. Han fekk namnet sitt fordi han fungerer som balsam for sjela.

“ Kvinner som får behandling som gjer dei friske, vil ha ein høgare toleranse for eventuelle biverknader.

– Moderne kreftbehandling fokuserer i større grad på at kreftbehandling ikkje berre handlar om å hjelpe pasien­ten til å overleve, men òg på å gi hjelp til å leve best mog­leg etter behandlinga, seier Helga B. Salvesen, overlege og professor ved Kvinneklinikken.

Kvinneklinikken (KK) på Haukeland universitetssjukehus er leiande innan forsking på kreft i livmorslimhinna, og Salvesen styrer den europeiske multi-senterstudien på livmorkreft. Målet er å kunne skreddarsy behandlinga, slik som i Ina Fikse sitt tilfelle.

– Tidlegare hendte det at små og tidleg oppdaga kreftsvulstar fekk like omfat-tande behandling som meir aggressive og utbreidde svulstar, fortel Salvesen.– Og det sjølv om dei små svulstane hadde gode utsikter.

Ho samanliknar det med å skyte sporv med kanon.

– Etter kvart har vi erfart at følgjene av omfattande kreftbehandling kan vere store for dei som blir friske. Skader et-ter tilleggsbehandlinga kan dukke opp fleire år etter sjølve behandlinga.

TilleggsbehandlingKvart år får om lag 1500 kvinner i Noreg kreft i underlivet. Kreft i livmor-slimhinna er mest vanleg, og førekom-sten aukar. Ved tidleg oppdaging blir som regel livmor og eggstokkar fjerna, i tillegg til at lymfekjertlane i bekkenet blir undersøkt for spreiing.

– Om lag 80-90 prosent vert kurert med slik operasjon. Dersom kreften har spreidd seg utanfor livmora, er det ein indikasjon på meir aggressiv kreft, og det aukar sjansane for tilbakefall. I desse tilfella gir vi ofte tilleggsbehandling med stråleterapi eller cellegift, forklarar Salvesen.

– For at vi skal kunne tilpasse behand-linga til dei som har låg og høg risiko for tilbakefall, må vi skilje mellom snille og slemme svulstar så tidleg som mogleg. Vi leitar i prøver frå vevet

– Å gje vevsprøve har jo eigentleg ikkje noko med meg som person å gjere. Det er det same som å gje blod eller å vere organdonor, smiler ho, og seier at jo fleire som seier ja til å delta, dess betre blir kvaliteten på forskinga.

– Eg har verkeleg fått kjenne på kroppen kor viktig det er med forsk-ing. Den forskinga som kvinner sa ja til å vere med på for ti år sidan er kanskje grunnen til at eg sit her i dag. Derfor var det aldri eit alternativ å seie nei.

for å finne det vi kallar markørar for aggressiv sjukdom. Markørane kan spele inn når avgjersla om kven som bør fjerne lymfeknutar, eller få tilleggs-behandling, blir tatt.

Vevsprøvar frå heile EuropaI forskingsstudien tek Kvinneklinikken vevsprøvar sjølve, i tillegg til å samle inn ferske vevsprøvar frå kvinner som har fått livmorkreft frå fleire kreftsentra i heile Europa. Forskarane leitar også etter heilt nye mål for behandling i vevsprøvane.

– Multisenterstudien har ført til at vi dei siste åra har fått betre føresetnad for å sjå spreiing til lymfeknutar. Slik vil vi bruke markørane til å utvikle behandlingsmetodar som gjer inngrepa mindre øydeleggjande for friskt vev, seier Salvesen.

Må ta eit valForskinga har ført til ei utvikling som gjer at kvinner som i dag blir ramma av

livmorkreft, kan bli stilt overfor eit anna type val enn tidlegare.

– Kvinner som får behandling som gjer dei friske, vil ha ein høgare toleranse for eventuelle biverknader. Viss det er usikkert om behandlinga vil gjere ein frisk, må kvinna saman med legen sin vurdere om nytten er større enn ulempene behandlinga kan føre med seg. Vi freistar å vere tydelege på kva som er heilt sikker kunnskap og kva som er meir usikkert, seier Salvesen.

– Når det er mogleg å tilby kvinna behandling som gjer ho frisk, vil dette i dei aller fleste tilfelle vege aller tyngst.

Professor og overlege Helga Salvesen leier ein Europeisk multisenterstudie som til no har samla inn om lag 1300 vevsprøvar til forsking. Stipendiat og overlege ved Kvinneklinikken, Jone Trovik, har vore sentral i den praktiske gjennomføringa av multisenterstudien.

Tekst: Camilla Crone LeinebøFoto: Odd Mehus

FAKTA• MultisenterstudienMoMaTEC

(Molecular Markers in Treat-ment of Endometrial Cancer) undersøkjer vevsprøvar frå kvinner med livmorkreft. Målet er å finne markørar for sprei-ing, dei kvinnene som treng tilleggsbehandling og heilt nye mål for utvikling av ny målretta behandling.

•Forskingamottekbreistøtteog hadde ikkje vore mogleg utan støtte frå Helse Vest RF, Universitetet i Bergen, Norges Forskningsråd, Meltzerfondet og Kreftforeningen.

18

Ønskjer du deg ein jobb med meining? Er du på jakt etter nye utfordringar? Har du lyst til å vere med og redde liv? Då er kanskje Haukeland universitetssjukehus plassen for deg!

– Den teknologiske utviklinga har vore enorm. Dette er ei heilt anna tid enn då eg begynte her. Og vi jobbar etter heilt andre teknikkar. Det er snart berre i trappa eg klarer å halde tritt med elevane mine, ler Hallvard Vindenes frå Kirurgisk klinikk.

Den spreke overlegen på 64 ½ år har rokke å trakke mange trapper sidan han begynte å jobbe på Haukeland i 1975. Om ein reknar etter utgjer det faktisk ein heil mannsalder. Det er i alle fall like lenge som assistentlege Hans Christian Sylvester-Jensen har levd.

– Ungdommen tar ikkje trappa, dei tar heis, supplerer Sylvester-Jensen og ler.

Når Vindenes no så smått nærmar seg slutten på karrieren, er Sylvester-Jensen i startgropa på sin.

– Oppgåva mi no er å lære opp dei som skal fortsetje dette arbeidet, seier Vindenes og rettar på brillene.

Fleire tusen praksisplassarUtdanning av helsepersonell er ein av Haukeland universitetssjukehus sine hovudfunksjonar. Kvart år bidrar verk-semda med praksis og klinisk undervi-sing til om lag 2000 studentar.

– Føretaket har eit stort spenn i utdan-ningsfunksjonen sin. I tillegg til å ha personar innan medisin og helsefag som tar bachelor, master eller doktorgrad har vi også lærlingar innan elektronikk og finmekanikk, seier Hilde Nesse, rådgjevar ved Forskings- og utviklings-avdelinga.

I fjor gjennomførte mellom anna 600 medisinstudentar, 499 sjukepleiarar og 87 radiografar klinisk praksis ved universitetssjukehuset. Ei spørjeunder-

søking frå våren 2009 viser at over 80 prosent av studentane som svarte er fornøgde med Haukeland universitets-sjukehus som læringsarena.

– Attraktiv arbeidsplass Hallvard Vindenes legg ikkje skjul på at vegen har blitt til medan han har gått. Frå sommaren 1975 har han vore innom fleire avdelingar, stige i gradene og begynt på nytt meir enn ein gong. I dag jobbar han som overlege og plastik-kirurg for barn, unge og vaksne fødd med leppe-, kjeve-, ganespalte, samtidig skal han altså lære opp neste genera-sjons legar til å halde fram arbeidet som han ein gong i tida fekk opplæring i. Det er her Sylvester-Jensen kjem inn.

– Haukeland er ein attraktiv arbeids-plass kor folk blir verande over lang tid. Ein får svært god oppfølging, og blir tatt med på ting. Og så er det spennande og fasinerande å komme så nær pasientane. Dette er verkeleg ein arbeidsplass med meining, seier Sylvester-Jensen.

Nære samarbeidspartnararHaukeland fungerer i dag som eit kompakt universitetsområde med samling av spesialistar innan forskings- og utviklingsmiljø, klinisk medisin og utdanning på helseområdet. Helse- og omsorgsdepartementet sine årlege målingar av forskingsproduksjon viser at Haukeland universitetssjukehus har

landet sitt nest største medisinske- og helsefaglege forskingsmiljø.

– Vi har eit utstrakt samarbeid med Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen, Haraldsplass diakonale høgskole og Betanien diakonale høgskole. Den nære fysiske plasseringa har lagt mykje av grunnlaget for det tette samarbeidet både innan undervisning og forsking. Felles bruk av areal og utstyr har også vore viktig for kompetanseomfanget i utdanningstilbodet, forklarar spesialråd-gjevar ved Forskings- og utviklingsav-delinga, Anne Mette Koch.

Tekst: Anette HellstrømFoto: Øyvind Blom

Utdanningar med praksis/klinisk undervising • Audiograf• Bioingeniør• Ergoterapi• Fysioterapi• Logoped• Paramedic• Sosionom• Sjukepleie• Vernepleie• Radiograf• Medisin• Kliniskernæringsfysiologi• Odontologi• Oralkirurgi• Ulikekliniskevidareutdanningar,til

dømesanestesi-,intensiv-ogopera-sjonssjukepleiar,jordmor

• Vidareutdanningipsykiskhelseogrus

Viyterogsåpraktiskopplæringogrettleiingforlegarispesialiseringogpsykologarispesialisering. “ Dette er

verkeleg ein arbeidsplass med meining.

Utdanning

Vil du bli ein av oss?

19

Vi tilbyr læreplassar til ulike fagutdanningar

I2010haddevilærlingarinnan:

• Helsefagarbeidar• Ambulanse• Bakarogkonditor• Finmekanikk• Serviceelektronikk

Erfaring går ikkje ut på dato: Hallvard Vindenes (t.h) viser Hans Christian Sylvester-Jensen knepa som skal til for å bli ein god plastikkirurg. – Det tar tid å lære seg dette handverket, seier Vindenes.

Leppe­kjeve­ganespalte Leppe-kjeve-ganespalte(LKG)ernemningaforeinspalteimunnregionen,ogereiavdei vanlegaste misdanningane ein kanbliføddmed.Detblirføddca.100-120barniNoregkvartårmedeiformforspalte.HerilandeterbehandlingaavLKGsentraliserttiltospaltesenter,eittiOsloogeittiBergen.Beggedesseharlangtradisjonibehandlingavbarnmedspalter.

Praktisk utdanningLyst på ei praktisk retta utdanning? Det er for tida 18 helsefag­arbeidarar som lærlingar ved ulike avdelingar på Haukeland universitetssjukehus.

Tekst: Anette HellstrømFoto: Øyvind Blom

– Eg skalv litt i knea då eg fekk vite at eg skulle jobbe i psykiatrien, men no er eg kjempefornøgd! Dette er ein spen-nande og interessant stad å jobbe, seier Anette Hillarøy Brudvik, som for tida jobbar ved seksjon M2 ved Psykiatrisk klinikk i Sandviken. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det kan bli mangel på så mange som 40.000 helsefagarbeidar-årsverk i 2030, som tilsvarar i overkant av 50.000 personar. Helsefagarbeidarutdanninga er eit lærefag med to år i vidaregåande skule og deretter to år med opplæring i bedrift. Lærlingen har løn i læretida og krav på opplæring, men skal samtidig bidra med verdiskaping.

Ekstra ressursAvdelingsleiar ved M2, Maren Folke-dahl, har berre positive erfaringar med lærlingane. Hillarøy Brudvik er den tredje som er inne på avdelinga.

– For oss betyr det mykje å få inn ein ekstra ressurs. Ein av våre tidlegare lærlingar har til og med fått fast jobb, seier Folkedahl.

Oppgåvene som lærlingane utfører på Haukeland er relatert til spesialist-helsetenesta, og er knytt opp mot helsepleiaren sine arbeidsoppgåver, til

dømes stell, observasjon, prosedyre-trening og det å ta vare på pasientane.

PS: Haukeland har også seks lærlingar frå teknisk allmennfag helse (TAF) i arbeid. Skilnaden på TAF-lærling kontra vanleg lærling er at TAF har hatt læretid på ulike arbeidsplassar i kommunen gjennom heile si fireårige skuletid.

For meir info om TAF-helse sjå www.taf.no

– For oss betyr det mykje å få inn ein ekstra ressurs, seier avdelingsleiar Maren Folkedahl (til høgre). Ho har berre positive erfaringar med Anette Hillarøy Brudvik og dei andre lærlingane.

Treng fleire dyktige medarbeidararDet jobbar i dag rundt 12 000 men neske på Haukeland universitets-sjukehus.

– Vi er alle ulike med forskjellige roller, men vi har eit felles mål om at vi skal vere best mogleg på det vi gjer. Vi har alltid behov for dyktige og motiverte fagfolk innan dei fleste helsefaglege område, og det er viktig å understreke at behovet vårt for arbeidskraft ikkje berre gjeld helsefag. Vi har også bruk for teknisk-, økonomisk- og administra-tiv fagkompetanse, seier Koch.

Sjå alle våre ledige stillingar på www.helse-bergen.no

20

Pasienttryggleik

Kvalitetsprisar til Haukeland Haukelandslegane Guttorm Brattebø ved Akuttmedisinsk seksjon og Hans Flaatten ved Intensivmedisinsk seksjon vart tildelt kvalitetsprisen på kvalitets-konferansen i Helse Vest i februar. Brattebø vart heidra med prisen på grunn av arbeidet med det såkalla BEST-prosjektet, som han var med å starte i 1996. BEST står for ”Bedre og systematisk team-trening”. Hans Flaatten har vore ein pioner i forsking på langtids-resultat av intensivopphald, og han har vore ein sentral person i arbeidet med å byggje opp, drifte og leie Norsk Intensivregister. Flaatten har òg vore sterkt med i arbeidet med avviksregistrering i Noreg ved å innføre anonym avviksregistrering ved Haukeland universitetssjukehus si intensiv-avdeling alt i 1994.

Flest feil som gjeld legemiddelI 2010 vart det meldt 2454 pasient-relaterte feil, farlege forhold og nesten-uhell i internkontroll-systemet på Haukeland. Dette er ein nedgang på 261 frå 2009, då talet var 2715. Den største gruppa feil gjeld legemiddelhandtering, den nest største gruppa er fall-skadar. Ei melding i avvikssystemet Synergi blir følgt opp av avdelings-leiarane, og dei mest alvorlege sakene vert vidare behandla av sjukehuset sitt Utval for pasient-sikkerheit. Utvalet behandla i alt 85 saker i 2010. 46 av sakene vart sende til Helsetilsynet i Hordaland.

237 saker til NPE Helse Bergen var behandlande sjukehus i 237 nye saker hos Norsk pasientskadeerstatning (NPE) i 2010. Dette er ein auke på 38 saker frå 2009. Auken i NPE saker kan gjenspegle at sjukehuset er flinke til å informere pasientane om rettane deira. Det kan også gjenspegle at sjukehuset generelt er ope om feil.

Guttorm Brattebø og Hans Flaatten. Foto: Haakon Nordvik

– Kvinneklinikken ligg langt framme i arbeidet med Trygg kirurgi, sa Helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen då ho opna kampanjen ”I trygge hender” på Haukeland like over nyttår.

Fleire områdeTrygg kirurgi er eit av fleire kvalitets-prosjekt som skal gjennomførast på Haukeland i tida framover. Prosjekta handlar også om bruk av sjekkliste i kirurgien, infeksjonsførebygging og tryggare bruk av legemiddel.

– Vi vil ikkje sjå resultat av alle prosjekta med ein gong, men det blir jobba på mange område i heile sjuke-huset, understrekar kvalitetssjef Stig Harthug.

Kvinneklinikken (KK) starta med sin pilot 11. januar. Målet er å unngå sår-infeksjonar etter operasjon. Eksterne fagfolk kjem for å hjelpe til med kart-legginga av korleis dei arbeider og korleis dei kan bli betre på det dei gjer.

– Vi skal sjå nærmare på tre område; bruk av antibiotika i samband med kirurgiske inngrep, fjerning av hår og temperaturmåling. Desse områda skal

Kvinneklinikken på Hauke­land skal gjere tida etter ein operasjon endå tryggare for norske kvinner. Dei har fått tildelt eit nasjonalt pilot­prosjekt innan den nasjonale pasientsikkerheitskampanjen ”I trygge hender”.

Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen & Camilla Crone LeinebøFoto: Camilla Crone Leinebø

Seksjonsleiar og operasjonssjukepleiar Aase Røine Fosse brukar sjekklista frå Trygg kirurgi i operasjonssalen på Kvinneklinikken.

Førstepilot på pasienttryggleik

vere med på å førebyggje sårinfeksjonar etter ein operasjon, fortel klinikk-direktør på KK, Ingrid Johanne Garnes.

– Det å gjennomgå ein operasjon er ei påkjenning. Om det attpåtil oppstår infeksjon i operasjonssåret, vil det

kunne gi komplikasjonar og det vil ta lengre tid før ein blir frisk. Dette vil vi at pasientane våre i større grad skal få sleppe, seier Garnes.

Nasjonal satsingSom ein del av ”I trygge hender” skal Haukeland også få betre tal på kor mange pasientskadar det er på sjuke-huset. I løpet av 2010 og 2011 skal det gjennomførast ein systematisk sjekk på 500 tilfeldig utvalde journalar ved kvart sjukehus i Noreg, for å finne ut kva skadar som førekjem og kvifor.

– Det er viktig å vite kva skadar vi har og kor stort problemet er, seier Harthug. – Arbeidet med pasientsikkerheit handlar om at tenestene på sjukehuset skal vere trygge for pasientane.

God meldekulturÅ gjere sjukehustenestene trygge for pasientane handlar også om å ha god kultur kring pasientsikkerheit i sjuke-huset, eit arbeid som ifølgje kvalitets-sjefen stadig pågår.

– Vi oppfordrar til openheit om feil, og vi har ein stadig betre meldekultur. Vi er opptatte av at det ikkje er snakk om å straffe nokon, men om å lære av feila vi gjer. I det elektroniske meldesystemet Synergi kan avdelingane i føretaket lage nyttige rapportar over farlege forhold, nesten-uhell og feil. Slik kan både dei sjølve og andre lære av hendingane, seier Harthug.

Les meir om Trygg kirurgi og Pasientsikkerheit på www.helse-bergen.no

Det blir jobba på mange område i heile sjukehuset, understrekar kvalitetssjef Stig Harthug.

21

Rusbehandling

Satsar på rusbehandlingRusfeltet er i vekst ved Haukeland universitetssjukehus. Avdeling for rusmedisin får stadig nye oppgåver, og ruspasientane eit meir heilskapleg tilbod.

Tekst: Ragnhild Dårflot OlsenIllustrasjonsfoto: Colorbox

Med rusreforma frå 2004 blei ruspasien tane ein del av spesialisthelse-tenesta sitt ansvar.

– Dei politiske føringane når det gjeld rusfeltet er klare, seier avdelings-direktør ved Avdeling for rusmedisin, Ola Jøsendal.– Det offentlege skal byggje seg opp, det private skal vere stabilt på det nivået det er i dag. Veksten skal kome hos oss.

Og veksten har kome hos Haukeland.

Viktige nettverkAvdeling for rusmedisin blei etablert i januar 2009 som eit ledd i den auka sat-singa på rusbehandling ved sjuke huset. Avdelinga har blant anna ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og avgjere kor dei best kan bli behandla. I tråd med vedtak i Helse Vest har av-delinga også overtatt behandlingstilbod som tidlegare var konkurranseutsett. Det er Jøsendal glad for.

– Med behandlingsplassar i nærom-rådet, som vi har ansvaret for, blir det lettare å få til eit heilskapleg tilbod til pasientane. Det blir òg enklare å følgje

dei opp. Vi ønskjer også eit nært sam-arbeid med kommunane, noko som er lettare når vi ikkje må sende pasientane langt vekk for å få behandling. Ifølgje Jøsendal er det ein fordel både for pasientane sjølve og dei som skal behandle at behandlinga er heilskapleg og skjer i nærområdet.– Det gjer det lettare å bruke nettverka rundt pasienten, både dei formelle og dei uformelle, påpeikar han.

Må ha kompetanse på områdetEspen Enoksen er dagleg leiar for KORFOR (Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking) i Helse Vest. Han meiner Helse Bergen gjer rett i å styrkje rusarbeidet i føretaket.

– Rusproblem er svært utbreidd i sam-funnet. Og sidan det er så utbreidd, er det viktig at spesialisthelsetenesta har kompetanse på området. Ved å styrkje fagmiljøet innan rus, som Haukeland no har gjort, har dei ein betre føresetnad for å møte denne utfordringa, seier han.

– I Helse Stavanger har vi hatt og har eit veldig godt samarbeid med dei private ideelle institusjonane innanfor rusfeltet. Ruskompetansen i føretaket er blitt vidareutvikla etter rusreforma og tenestetilbodet i regi av føretaket er blitt styrka, seier han. – Dette er viktig for at pasientar med rusrelaterte problem og deira pårørande skal få eit meir heilskapleg tilbod, jam-før måla med rusreforma.

“ Veksten skal kome hos oss.

– Med eit meir heilskapleg tilbod blir også moglegheita for å gi eit betre tilbod til pasientane og deira pårørande styrkt.

Han viser til Stavanger for å illustrere. Der vart Rus-Psykiatri-Somatikk (RPS) teamet, som Enoksen leier, oppretta som ein konsekvens av rusreforma i 2004. Teamet skal bidra til at Helse Stavanger HF, i samarbeid med private ideelle institusjonar og kommunane, når dei måla som blir sett når det gjeld forbetringar av tilbodet på rusfeltet.

RusakuttenvedBergenlegevaktopnainovember2010.Rusakuttenereinkorttidssengepostmed10senger,derseksavsengeneerøyremerkaruspasientar.

Nokre av Avdeling for rusmedisin sine oppgåver

>>

Stabiliseringspost IforlengingaavrusakuttenplanleggHaukelanduniversitetssjukehusåetablereeinstabiliserings-postmed12senger.Stabiliseringspostenskalivaretapasientarsomønskjerbehandlingforrusproblemasineettereinakuttepisode.

LAR (Legemiddelassistert rehabilitering)Fråjanuar2011overtokHaukelanduniversitets-sjukehusansvaretforLAR-behandlingaiføretaketsittdekningsområde.

22

Du må ville det sjølvAndré byrja å ruse seg då han var 14­15 år gamal. Han fekk plass på Floenkollektivet då han var 24. Fleire sprekkar og to år med knallhard jobbing seinare, er han snart

klar for å ta steget ut i eiga leilegheit.

Rusbehandling

23

– Eg var aktiv innan både fotball og fri-idrett, men så svikta begge knea mine. Det førte til at eg bytta vennekrets, fortel han.

I den nye vennegjengen var hasj lett til-gjengeleg, og André var lett påverkeleg. For å gjere ein lang historie kort: det gjekk frå hasj til piller og amfetamin, og etterkvart endå hardare saker. Lenge før han var ferdig med tenåra var André ein blandingsmisbrukar på fleire tunge stoff. På skulen var han meir vekke enn til stades.– Det er heroin eg har slite mest med, seier han. – Den tar fullstendig kontroll over livet ditt.

Var ikkje motivertFørste gong André starta behandling, var han 19 år gamal. Det var sosial-kuratoren som tok initiativ. – Det nytta ikkje, eg var ikkje motivert. Eg skulle berre leggje på meg for å tole ny runde. Du må ville det sjølv for å bli rusfri, konstaterer han.Han var til behandling fleire stader i landet dei neste fem åra, men kom seg ikkje ut av rusen. Til slutt var han så sliten og nedbroten at han skjønte at noko måtte gjerast. Via kjente i rusmiljøet hadde han høyrt godord om Floenkollektivet, og sosialkuratoren hjelpte han med å få plass. – På Floen var det fellesskap, grupper, samtalar. Eg trengte å snakke om ting, og det fekk eg der, fortel André. – I tillegg er det tidlegare misbrukarar som jobbar der, dei veit kva dei snakkar om. Og medelevane dine passar på deg, dei ser viss du går på ein smell.

Struktur og ordenEi av dei andre elevane han kunne snakke med, var ”Wenche”(22). Av omsyn til skulen der ho jobbar, ønskjer ikkje ”Wenche” å stå fram med namn og bilete. Men også ho har ei sterk

historie å fortelje. Som André starta ho tidleg, og det gjekk frå hasj til piller og sterkare stoff. Ho hamna i fengsel som 20-åring, etter å ha køyrt utfor med bil i ruspåverka tilstand. Då stod ho på venteliste til Floenkollektivet. På grunn av rusproblema måtte ho sone i fengsel i staden for open soning.– Det er det beste som har skjedd meg, faktisk. Abstinensane var heilt for-ferdelege, men med open soning ville eg ha stukke av, seier ho. Etter seks månader inne bar det rett til Manger.– Det var knallhardt, og eg gjekk på nokre smellar, men for meg fungerte det. Det var struktur og orden, og dei brydde seg. I januar 2010 flytta ho til Floen-kollektivet avdeling Bergen på Lakse-våg, eit steg vidare. Ho har nyleg feira eittårsdag som rusfri, og i april flyttar ho i eiga leilegheit.

André gjekk på sin første sprekk på Manger etter tre månader.– Då måtte eg vere ute i ni månader før eg fekk kome tilbake. Floen skal sjå at motivasjonen er riktig før dei gir deg ein ny sjanse. Du må vise at du vil. Eg hadde godt av det, det fekk meg til å sjå at eg verkeleg trengte plassen, fortel han.

Fellesskapet som metodeBåde André og ”Wenche” sine historier er typiske for elevane i Floenkollektivet.

– Hovudmålgruppa er rusavhengige i alderen 18 til 30 år som har prøvd anna behandling, og som har bruk for eit meir langvarig tilbod, fortel teamleiar ved Floenkollektivet avdeling Bergen, Hege Løtvedt.– Tanken i botnen på heile Floenkol-lektivet er fellesskapet som metode, relasjonsbygging over tid.

På Laksevåg byggjer dei vidare på det arbeidet elevane starta på Manger. Dei har obligatorisk terapigruppe og indivi-dualsamtalar/parsamtalar. Kvar tredje månad har elevane målgruppe, der dei får tilbakemelding frå både medelevar og tilsette på korleis det har gått dei siste tre månadene. Så set dei opp nye mål for neste periode.– Vi ser sjølvsagt på problem og ut-fordringar, men vi prøver å vere gode

– Her på Laksevåg må elevane ta stilling til verda på ein annan måte enn dei måtte på Manger, seier teamleiar Hege Løtvedt.

>>på å sjå på meistring i tillegg – kva har dei klart og oppnådd så langt, fortel Løtvedt.Laksevåg er eit steg nærare kvardagen i eiga leilegheit.– Her må dei ta stilling til verda på ein annan måte enn dei måtte på Manger. Dei er her frivillig og skal ta ansvar sjølve, understrekar Løtvedt.– Blant anna må dei klare seg sjølve økonomisk.

Oppfølging etter flyttingAndré kom til Laksevåg for sju månader sidan. No bur han i eiga leilegheit fire dagar i veka, og tre dagar i kollektivet. Han går sveisekurs, med mål om å ta fagbrev. Endeleg dato for utflytting veit han ikkje enno.– Det er opp til både meg sjølv og dei som jobbar her, forklarar han.

Før nokon flyttar frå kollektivet, ligg det både faglege vurderingar og samtalar med eleven til grunn.– Nokre gonger må vi dytte litt, for at dei skal kome seg ut frå det trygge livet her, seier Løtvedt.– Andre gonger har vi ikkje tru på at dei er modne for å klare seg sjølve. Då må vi ta nokre rundar til. Vi jobbar med heile mennesket: psykisk, fysisk, psyko-somatisk, nettverk og økonomi.

Det at elevane flyttar i eiga leilegheit, betyr uansett ikkje at dei er heilt ferdige med Floenkollektivet.– Vi har oppfølging i det vi kallar fase fire òg. Dei er på besøk her, vi er på besøk hos dei. Vi har òg eit poliklinisk tilbod i denne fasen med samtalar og grupper, fortel Løtvedt.

André synest det er vanskeleg å seie om han er klar for å flytte permanent.– Eg er redd for å sprekke. Som rus-avhengig må du vere bevisst på kven du er med og kva festar du går på. Eg vil ikkje utsetje meg for freistingar, seier han.– Men eg har lyst til å gå vidare.

Tekst: Ragnhild Dårflot OlsenFoto: Odd Mehus

“ Det var struktur og orden, og dei brydde seg.

Les meir om Avdeling for rus-medisin sine tilbod på www.helse-bergen.no

Askøy Blå Kors KlinikkvartovertattavHaukelanduniversitetssjukehusifebruariår.Målgruppaforklinikkenerrus-avhengigesomønskjerogharbehovforinstitu-sjonsbehandlingellerpolikliniskbehandling.

Sengepost for tvangsbehandling av rusmiddelavhengigeopnaimars2011.Avdelingaharplasstilsekspasientar.OpptaksområdeterHelseBergenogHelseFørde.

Nokre av Avdeling for rusmedisin sine oppgåver

24

Økonomisk overskot og sjukehusdrift er to ord som ikkje passar saman, meiner nokon. Men overskot på drifta er ein føresetnad for at det skal vere pengar å investere for. – Vi får ein sum pengar årleg. Dette skal dekkje både dagleg drift og investe-ringar for framtida. Brukar vi for mykje til dagleg drift i dag, sviktar vi pasien-tane som treng oss i åra som kjem, seier Kvinnsland. – Har vi orden i økonomien og i tillegg greier å få til eit overskot, går det rett inn i den potten vi kan bruke til å investere for framtida.

Tekst: Mona HøgliFoto: Øyvind Blom

Bak plankeveggen ved bybanestoppet på Danmarksplass skal det brukast 94 millionar kroner i år. Her skal det nye Kronstad distrikts-psykiatriske senter stå ferdig i 2013. Også på Sandviken-området er det byggjeaktivitet som skal gi Psykiatrisk klinikk nytt bygg. Det første spadestik-ket for nytt Barne-og ungdomssenter er tatt, og snart vil det bli synlege spor etter dei millionane som skal brukast her. På taket av Sentralblokka, vil det snart breie seg ut ein helikopter-landingsplass.Dette er investeringar lett synlege for alle i Bergensområdet. Desse prosjekta tar likevel berre drygt ein tredel av alle

Å ha tanke for dagen i dag er ikkje nok. I 2011 skal Haukeland universitetssjukehus bruke 723 millionar kroner på å sikre pasienttilbodet i framtida.

Økonomi

millionane som skal investerast i 2011.Administrerande direktør Stener Kvinnsland er glad for dei store, synlege prosjekta, men har ein like stor entusi-asme for resten av investeringslista. Den består av store og små prosjekt som til saman vil koste nærare ein halv milliard kroner i inneverande år.

– Å sikre framtida betyr også å bruke pengar på det som ikkje er like synleg i det offentlege rom. Eit godt, framtidsretta sjukehus må også sikre at stort og smått av utstyr blir skifta ut med jamne mellomrom. I tillegg kjem det stadig ny og ofte dyrare teknologi som krev store innhogg i investeringsbudsjettet vårt, seier Kvinnsland.I år blir det kjøpt inn nye stråle-maskiner til bruk i kreftbehandlinga,

nye CT-maskiner til hjelp i diagnostise-ring av ulike sjukdommar, nytt utstyr til operasjonsstuer på Kvinneklinikken og nytt overvakingsutstyr til svært sjuke pasientar, for å nemne noko. Og sist, men ikkje minst: På Voss startar arbeidet med å få inn den første MR-maskina.

– Eit viktig prosjekt er også å bytte ut gamle sjukehussenger. Mange av dei 1200 sengene vi har i dag er 25 år gamle og klart modne for å bli skifta ut. Her kjem vi til å bruke nokre millionar kroner, seier Kvinnsland.Men ei seng er ikkje berre ei seng. På Intensivavdelinga trengs spesialsenger som blir styrt av datamaskiner. Desse sengene kostar mellom 300.000 og 500.000 kroner – per seng.

Her bak plankeveggen ved bybanestoppet på Danmarksplass skal det nye Kronstad distriktspsykiatriske senter stå ferdig i 2013.

Det første spadestikket for nytt Barne- og ungdomssenter vart tatt i april. I prosessen forsvinn nok denne

slitne døra på dagens Barneklinikk.

Investerer i framtida

25

Namn: Andreas MadsenAlder: 34Yrke: Rådgjevar

Nyhetsmedia rapporterer stadig om brot på arbeidstidsreglar og utbreidd bruk av vikarar ved nor-ske sjukehus, noko som blir antatt å koste dyrt. Kva er det som gjer at det openbart er så vanskeleg å planlegge fast bemanning på ein sånn måte at ein minimerer vikar-bruken, spesielt med tanke på at dette også burde kunne medføre ei vesentleg kostnadssparing?

Svar: Hadde aktiviteten på sjukehus vore jamn gjennom heile året, hadde det vore enklare å planlegge fast be-manning og unngå både vikarar og brot på reglane for arbeidstid. Ein plutseleg auke i straumen av akutt sjuke pasientar, ei stor ulykke som fyller opp Brannskadeavsnittet vårt, ein lokal epidemi som fører til at mange barn får infeksjonssjukdom, dette er eksempel på uføresette hen-dingar som gjer at det på kort varsel trengs ekstra personell. Sjukdom og feriar bidrar også til at det blir behov for vikarar. Eg er ikkje heilt einig i utsegna om at det er ” utbreidd bruk av vikarar ved norske sjukehus”. Hos oss går om lag ein prosent av det totale lønnsbudsjettet til leige av vikarar.

Namn: Tom-Christer NilsenAlder: 42Yrke: Politikar

Når det no skal byggast ny Barneklinikk på Helse Bergen sitt budsjett, korleis skal dette bli gjort utan at det går utover andre pasientgrupper?

Svar: Nytt Barne- og ungdomssenter har vore under planlegging lenge. Vi har lang-tidsbudsjett både for drift og investeringar, og vi meiner vi har eit trygt økonomisk grunnlag for å sikre begge delar. Dei yngste pasientane våre har venta lenge på betre lokale, det er verkeleg på tide vi kjem i gang med å byggje nytt. Namn: Siw Gjelsten

Alder: 45Yrke: Jordmor

Meiner verkeleg Stener Kvinnsland at tilbodet på Kvinneklinikken, slik det er i dag, er godt nok?

Svar: Svaret er både ja og nei. Ja når det gjeld det medisinske tilbodet, der held Kvinneklinik-ken eit høgt nivå. Nei når det gjeld dei fysiske forholda, det vil seie bygningane. Dei held heilt klart ikkje mål, og det er då også derfor ombyggingar på Kvinneklinikken står på investeringslista vår.

Namn: Sjur WaldeAlder: 65Yrke: Lektor

Pasientar med kreft må vente alt for lenge i kø for å få den behandlinga dei treng. Prioriterer de å få ned ventetidene?

Svar: Ja, dette er eit arbeid vi prioriterer. Ventetider for kreftpasientar er eit samansett bilde. For kreftbehandling som ikkje krev operasjonar, er det så å seie ikkje ventetid. For behandling som krev operasjonar, er det i nokre tilfelle for lange ventetider. Vi følgjer dette nøye, og har hatt ”dugnadar” for å fjerne slike ventelister. Det som bekymrar meg mest, er tida det tar å få stilt ein sikker diagnose slik at behandlinga kan ta til. Her greier vi ikkje å koordinere arbeidet godt nok. Dette er noko vi arbeider for å forbetre.

på gataNamn: Linn Kjos FalkenbergAlder: 28Yrke: Informasjons- og marknads koordinator

Kvifor prioriterer de ikkje einerom?

Svar: Vi prioriterer einerom når vi byggjer nytt. Det er dessverre ikkje mogleg i alle dei gamle bygningane vi har, dei har sine avgrensingar.

Namn: Marita HillernAlder: 39Yrke: Leiar for omsorgstenesta i Sund kommune

Har mellomleiarane ein reell moglegheit til å vere med å med-verke/påverke budsjettprosessen?

Svar: Ja, alle som har budsjettansvar skal vere med på utforminga av sitt budsjett. Det betyr ikkje at alle er einige i det budsjettet dei til slutt får. Alle ønskjer meir pengar, det gjeld både mellomleiarar og toppleiing. Men vi må halde oss innanfor dei rammene politikarane gir oss.

7Namn: Annlaug Øvrehus HolenAlder: 58Yrke: Hjelpepleiar

Budsjetterer de annleis no når samhandlingsreforma skal tre i kraft og kommunane skal overta mykje av ansvaret som sjukehusa har i dag?

Svar: Foreløpig veit vi ikkje heilt korleis samhandlingsreforma vil slå ut på den økonomiske fordelinga mellom sjukehus og kommunar, slik at samhand-lingsreforma ikkje har hatt stor innverknad på årets budsjett. Vi har likevel ”tjuvstarta” litt. Vi har mange spennande samhandlingsprosjekt med kom-munane rundt oss, og desse er sjølvsagt ein del av årets budsjett.

Å lage budsjett for eit stort sjukehus er eit puslespel. Vi har spurt sju tilfeldig utvalde personar om det er noko dei ønskjer å spørje administrerande direktør Stener Kvinnsland om når det gjeld korleis sjukehusleiinga prioriterer.

26

Spesialisten- påviser kronisk sjukdom- sender brev til fastlegen- sender tilvisning til Lærings- og meistringssenteret

Fastlegen- påviser kronisk sjukdom- sender tilvisning til Lærings- og meistringssenteret

Lise føler seg sjuk og går til fastlegen

Per blir lagt inn akuttpå sjukehuset

Lise og Per tar kurs i læring og meistring av sjukdommen

Lise og Per fåropplæring, støtte og motivasjon til å meistre sjukdommen.Fastlegen følgjer opp

Lise og Per.

No deltek ho og atten andre på Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Bergen sitt Start-kurs for denne pasientgruppa.

– Kvifor har eg ikkje fått vite dette før? Dette har eg lengta etter lenge. Opplegget her er akkurat det eg treng, og noko av det beste er at eg endeleg får stilt alle dei spørsmåla eg har. Her har eg ekspertisen rett framfor meg, seier Agnethe, når siste kursdag er halvvegs unnagjort.

Forvirra over informasjons-mengdaFor ei tid tilbake stod Agnethe på badet og hadde radio på i bakgrunnen. Ho skvatt då ho høyrde ein lege seie at dei gruer seg for å opne døra for pasientar med såkalla livsstilssjukdommar som til dømes diabetes type 2.– Då vart eg sint. Sjølv om eg har dia-betes type 2, betyr det ikkje at eg ikkje vil vite mest mogleg om sjukdommen, sånn at eg kan få den hjelpa eg treng, seier ho.

For Agnethe har det vore eit problem at informasjonsmengda er så enorm. Både i media, på internett og blant ekspertane. Nokon seier det eine, medan andre seier noko heilt anna. Ho har vore mykje frustrert.

kunnskapTørstar etter meir– Eg er ikkje nonchalant sjølv om eg er overvektig, seier Agnethe Seierstad. Det er om lag eitt år sidan 53­åringen fekk påvist diabetes type 2, og sidan har ho vore desperat etter meir kunnskap om kva ho kan gjere for å leve best mogleg med sjukdommen.

Tekst: Camilla Crone LeinebøFoto: Odd Mehus

– Korleis skal eg klare å velje ut kva eg skal tru på? Korleis veit eg kva som er det rette for meg?

Kosthald er viktig– Kva slags forventingar har de til dette kurset?, spør kursleiar og diabetessjuke-pleiar Elisabeth Iversen frå Medisinsk avdeling på Haukeland universitets-sjukehus.Alle trekkjer fram kosthald og ernæring som eit viktig tema. I løpet av kurset er tre timar sett av til undervisning frå er-næringsfysiolog Hanne Sylte Landsvik, ved Avdeling for klinisk ernæring på Haukeland.

– Er det nokon her som har gjort endringar i kosthaldet sitt etter at dei fekk diagnosen?, spør ho.

Nesten alle rekk opp handa, mens spørsmåla haglar.

Møter andre i same situasjon– Det er utruleg kjekt å møte andre i same situasjon, sjølv om alle har sin ei-gen grunn til kvifor dei har fått diagno-sen. Det viser seg at problemstillingane er mykje dei same, påpeikar Agnethe.

Ernæringsfysiologen deler ut ark med konkrete eksempel på mat og drikke som er bra for helsa.

– No trur eg at eg så vidt skimtar eit lys i enden av tunellen, kviskrar Agnethe.

“ Kvifor har eg ikkje fått vite dette før?

Læring og meistring

Gro Haave (frå venstre), Elise Alm, Agnethe Seierstad og Even Berentsen fekk alle meir kunnskap om mellom anna kosthald då dei deltok på Start-kurset.

Sjukehistoria til “Lise” og “Per” - slik vi ønskjer eit forløp skal vere

27

Spesialisten- påviser kronisk sjukdom- sender brev til fastlegen- sender tilvisning til Lærings- og meistringssenteret

Fastlegen- påviser kronisk sjukdom- sender tilvisning til Lærings- og meistringssenteret

Lise føler seg sjuk og går til fastlegen

Per blir lagt inn akuttpå sjukehuset

Lise og Per tar kurs i læring og meistring av sjukdommen

Lise og Per fåropplæring, støtte og motivasjon til å meistre sjukdommen.Fastlegen følgjer opp

Lise og Per.

– Vil hjelpe før sjukdommen blir verre

Ein god start ved diabetes type 2Start-kursetblirhaldetigongariåretogstrekkjersegovertotysdagar

Deterplasstil25deltakararperkurs

Detkostar307,-ieigendel

Forådeltamåeinhatilvisingfrålege

Påkursetfåreinmellomannameiromdette:

• Brukarerfaringar;goderådogtipsomkorleisdeterålevemeddiabetes2

• Anbefalingaromblodsukkerogblod-sukkermåling

• Kvaslagssosialerettarharegsomhardiabetestype2?

• Informasjonommoglegesein-komplikasjonar

• Kvaertydingaavriktigkostogernæring?

• Korleislevemedkronisksjukdom?

KursetblirhaldepåLærings-ogmeist-ringssenteretiBergen,Ulriksdal2,5009Bergen. Samhandlingsreformatrerikraft

1.januar2012.

Somnamnettilseier,oppfordrarreformatilaukasamhandlingmellomkommunehelsetenestaogsjukehusa.

Måleteråstoppekostnadseksplo-sjonenihelsesektoren.Deterdyrtåblibehandlapåsjukehus,særlegompasientanekanfålikegodellerbetrebehandlingikommunenderdeibur.Kommunaneskalovertaeirekkjeoppgåversomsjukehusasitmedidag.

Pasientaneskalfåhjelpsåtidlegsommogleg,ogallerhelstinær-miljøetsitt.

Lærings­ og meistringssenteret i Bergen har fått samhandlings­middel frå Helse Vest. Saman med fire kommunar er dei no i gong med å utvikle eit opplæringstilbod som skal førebyggje livsstilssjukdommar som diabetes type 2, KOLS og ulike hjarte­sjukdommar.

– Vi ønskjer å leggje til rette for eit lærings- og meistringstilbod som kan bli gitt til pasientar der dei bur. Hovud-fokus blir å førebyggje sjukdom ein er disponert for og hindre forverring av sjukdom ein alt har fått, seier leiar av Lærings- og meistringssenteret, Gro Beate Samdal (bilete).– I dag kjem dei fleste til oss etter at sjukdommen har utvikla seg, ofte utan at pasienten har fått nødvendig opp-læring og rettleiing tidleg i sjukdoms-utviklinga.

Støtte og motivasjonProsjektet på Lærings-og meistrings-senteret skal utvikle ein modell som skisserer korleis sjukehuset kan sam-arbeide betre med kommunane overfor pasientar som er i risikosona for å utvikle diabetes type 2, KOLS og ulike hjartesjukdommar.– Fastlegen vil vere ein viktig nøkkel for at dette skal bli vellukka. Det er dei som må identifisere pasientar som treng eit opplæringstilbod. Planen er at lærings- og meistringskursa skal bli haldne i dei ulike kommunane etter kvart, fortel Samdal, som leier prosjektgruppa.

Kjem til haustenI denne omgang er det Askøy, Sund, Fjell og Øygarden kommune som er involvert.

– Per i dag finst det ikkje noko som tilsvarar Lærings- og meistrings-senteret i desse fire kommunane. Prosjektet tek sikte på at pasi-entane på eit tidleg tidspunkt skal møte eit hjelpeapparat som kan drive med opplæring, gi støtte og motivere dei til å endre livsstil.

Behandlingstilbodet vil vere fysisk akti-vitet og trening, kosthaldsrettleiing og matlaging, undervisning i sjukdommen og rettleiing i forhold til røykeslutt.

Tilboda, som skal vere i gang til hausten, vil bli organisert under det lokalmedisinske senteret på Straume, som desse kommunane alt samarbeider tett om.

I 2010 fekk 115 ulike samhandlings-prosjekt i heile Noreg pengestøtte frå regjeringa. Haukeland universitets-sjukehus er involvert i over 50 ulike samhandlingsprosjekt med kommunane som høyrer inn under Haukeland.

SamhandlingsreformaDetskalbliaukafokuspåføre-byggjandeoghelsefremmandearbeidiformavlågterskeltilbodderfolkbur.

Pasientarsomtrengmykjeopp-følging,tildømeskronikararogeldre,skaloppleveathelsepersonellarbeiderilagpåtversavsektorane.Detsameskalstorepasientgruppersomoftefellmellomtostolar,tildømespasientarinnanrusogpsykiatri.

Haukeland universitetssjukehus erinvolvertiover50ulikesamhandlingsprosjektilagmedkommunanesomhøyrerinnunderføretaket.

Illustrasjon kostsirkel: Aina C. Hole/Helsedirektoratet

Illustrasjon pasientforløp: Kari Nytun

Les meir på www.helse-bergen.no

28

tlf. 05300www.helse-bergen.no

I1972streikaNorsksykepleier-forbundforførstegongihistoria.NyutdannasjukepleiarMaritBreivik,somherer22år,vareinavsjukepleiaranepåKirurgenpost1sombleifotografertavBergensTidendesinfotografunderstreikenpåHaukeland.

I2012erHaukeland100år.SitdupåskattaromHaukeland?Hardueitbilete,einanekdoteellerengasjement,tankarogidearomkorleiseinvital100-åringbørpresentereseg?

KontaktMonaVindenespåmobil:47984100e-post:[email protected]

100

Hau

kela

ndår