God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn...

24
Nr. 3 I oktober 2013 I 41. årgang God haust!

Transcript of God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn...

Page 1: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

Nr. 3 I oktober 2013 I 41. årgang

God haust!

Page 2: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

2 nr. 3-13 SogNdalkyrkjelydsblad

Kyrkja i Sogndal og Leikanger ynskjer å vere ein viktig ressurs for å skape eit godt lokalsamfunn prega av nærleik, omsorg, identitet og kultur. Kyrkja skal vere ein sentral bidragsytar for at enkeltmenneske skal fatte mot og meining, tru og engasjement. Ei livskraftig kyrkje gjer bygdene våre til ein betre stad å bu. Dette er ei viktig målsetjing for arbeidet i fellesrådet, sokneråda og for dei tilsette i kyrkja. For å oppnå dette må ein vere villig til å vere med på endringar. Samfunnet vårt er i stadig utvikling, og kyrkja som organisasjon må tilpasse seg og utvikle seg for ikkje å hamne på sidelinja. Me har fått ny gudstenesteordning med fokus på å involvere fleire i gudstenesta. Konfirmantane har ei viktig rolle i gudstenestene, saman med frivillige og tilsette. Gudstenesta er ikkje lenger ”presten si”. Me

har trusopplæringsreforma som skal medverke til ei systematisk og samanhengjande trusopplæring for dei unge, sidan dette ikkje lenger blir gitt i skulen slik som tidlegare. Salmeboka er også revidert og kan takast i bruk frå 1.søndag i advent. Det er den enkelte kyrkjelyd som bestemmer om ein vil innføre ny salmebok, så dette blir nok eit tema i tida framover.

Her lokalt opplever me i haust også endringar i staben. Me har fått ny prost og ny trusopplærar og får forhåpentlegvis etterkvart ny sokneprest. Me ynskjer dei nye hjarteleg velkomne og lukke til vidare til dei som no tek til på nye utfordringar!

Utgjeve av Sogndal og Leikanger Kyrkjelege fellesråd

Redaktør: Magny Ugulsvik Bukholm

Bankgiro: 3720 30 15063

Postadresse: Sogndal kyrkjelydsblad, Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret Stedjetunet, 2. etasjeKyrkjevegen 6, 6856 Sogndal

Telefon kyrkjekontoret: 57 67 99 85, e-post: [email protected]

Heimeside:www.sogndal.kyrkja.no

Grafisk: skrivargarden.no

Kyrkjelydsbladet blir sendt til alle heimane i Sogndal kommune. Det er også mogleg å tinga bladet for dei som bur utanfor kommunen.

Neste blad kjem ut i veke 49.Stoff kan sendast til [email protected] 5. november 2013.

Indre sogn, beredskapsteneste:Ved akutte behov kveld/natt og helg kan prest nåast på telefon95 48 33 74.

Bladpengar: kr. 300,- pr. år, kr. 400,– for abonnentar.

Magny Ugulsvik BukholmREDAKTØR

Foto på framsida: Frå Superlaurdag. Foto: E. AskvikGudsteneste v/Skrikivatnet. Foto: M.S.TeigenPangstartleiren. Foto: N.E. BergetGudsteneste på Jamnaflaten. Foto: H.F. Askvik

Bladnemnda samla til møte 29. august. Ester Nordheim, Gunn Fondenes, Alvhild Fodnes og Kirsten Anny Amledal representerer kvart sitt sokn. Dei gjer ein flott innsats med å skaffe stoff til bladet, tenkje ut nye vinklingar og artikkelseriar. Ta kontakt med ein av dei om du som lesar har idear, ros eller ris.

Leiar:

Endringar

Page 3: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

3nr. 3-13SogNdalkyrkjelydsblad

og har eit godt lag med ungar og ungdom. Han er nyutdanna med master i kristendom i tillegg til pedagogisk utdanning, og me ser fram til ei spanande tid med Nils Einar som trusopplærar.

Oppstart av aktivitetarHausten er også oppstartstid for aktivitetar. Mellom anna er kon-firmantåret allereie godt i gang. Laurdag 31. august var over 100 konfirmantar + leiarar samla i Stedje kyrkje til 1. samling. Me kalla det Superlaurdag og sam-la konfirmantane frå alle sokna i Sogndal + Leikanger til felles oppstart med bli-kjent-aktivitetar og eit stort felles måltid. Mange pizzabollar vart fortært den dagen. Slike storsamlingar krev mykje planlegging og mykje hjelp frå frivillige for å kunne gjennom-føre. Eg vil her rette ei stor takk til alle for innsatsen dei la ned denne helga! Utan dykkar innsats kunne dette ikkje gått!Presentasjonsgudstenester for konfirmantane er også gjen-nomført i alle kyrkjene. Vidare i haust skal konfirmantane ha fleire samlingar, og mellom anna skal det gjennomførast 5 grup-peturar fram til Kyrkjelydshytta i Sogndalsdalen. Me ynskjer kon-firmantane lukke til med konfir-mantåret, og håpar dei vil få ei kjekk tid!

I dette haustnummeret av kyrkjelydsbladet finn du mykje å lese, mellom anna om restaure-ringsprosjektet for kyrkjeorgelet i Stedje kyrkje. Diverre er orgelet i dårleg forfatning, og det trengs mykje pengar for at det kan bli sett i god stand. I samband med det er det også sett i gang ei kro-nerulling. Har du lyst å ta del der vil det bli sett stor pris på!

God lesnad og god haust!

Jorunn Merete Haukås-Eide

Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger

Helsing frå kyrkjeverja

No er hausten her. Skyene er litt mørkare og tunge, og skogen gulnar. Dette er ytre teikn på at vinteren nærmar seg. Nokon tyk-kjer det er tungt når det går mot mørkare tider, men det kan vere mange ting ein kan glede seg over då også. Det er bognande tre med frukt, og skog og vidder er fulle av søte bær. Hausten har jo og så fine fargar, og mange stader går naturen heilt i gull. Sola varmar og på ein eigen måte i denne tida. Den er ikkje så intens, men den utfordrar deg likevel på å kaste jakka. Det er som om den smiler og kilar deg på kjaken. Sjølv reg-net kan vere fint om du ser godt etter, og innimellom kan du op-pdage regnbogen. Den skiftande naturen dannar ein syklus som gjer at alt heng saman. Det eine er avhengig av det andre for at ringen skal bli slutta, og me skal få ein ny vår. Slik er det med oss menneske og. Ingen kan klare seg heilt åleine. Me er alle avhen-gige av noko og/eller nokon for å fungere. Samtidig er det litt godt å tenkje på – for slik er me ikkje åleine. Alle har me ein funksjon!

endringar i stabenSom det er endringar i naturen, er det også endringar i staben vår i haust. Vår kjære sokneprest Bård Haukedal skal byrje i ny jobb et-ter 24 år her i Sogndal. Han tek til som personalprest ved Bjørgvin Bispedømekontor 1. oktober, og

flytter dermed til Bergen. Med sin lune veremåte og gode smil har han stilt opp for mange i ulike fasar av livet. Han har døypt, kon-firmert, gifta og gravlagt mange i løpet av desse åra. Han har stilt opp i mange ulike situasjonar, og han var alltid ein ein kunne stola på. Han har vore ein kjær prest og ein god kollega som kjem til å bli sakna av mange. Me vil ynskje han lukka til i sin nye jobb, og håpar han vil trivast i Bergen.Bård var i tillegg til sokneprest ogso dei siste 2,5 åra fungerande prost etter at Jermod Hausberg slutta våren 2011. No er ny prost på plass, og me ynskjer Kjetil Netland velkomen. Han kjem frå stillinga som sokneprest i Stryn, og har mellom anna ogso vore sokneprest i Lærdal tidlegare. Han slektar frå Balestrand, og vil vere busett der. Tidlegare var prostes-tillinga knytt opp til sokneprest-stillinga i Sogndal. Sjølv om Sogndal framleis er prostesete, finn ein ikkje denne koplinga mel-lom stillingane lenger. No i dag er prosten prost men ogso prest i den forstand at han skal vikariere for dei andre prestane i prostiet ved behov. Sjølv om Kjetil vil vere busett i Balestrand, vil han ha fast kontorstad her i Sogndal. Han blir difor ein del av staben her og det er me glade for. Kjetil er ein kjekk kar, og me gledar oss til å bli be-tre kjent med han.Trusopplærar Guri Høstaker Nor-dheim har permisjon frå stillinga si fram til neste sommar. I den perioden har me vore heldige å få Nils Einar Berget som vikar. No-kon kjenner han også som kyrk-jetenar i Norum. Han er ein allsi-dig kar som likar bratte bakkar og fysiske utfordringar. Han er ofte å sjå på eit sykkelsete ute i eit ter-reng der fleire av oss aldri hadde tenkt at det var mogleg å sykle. Samtidig er han veldig kreativ

Page 4: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

4 nr. 3-13 SogNdalkyrkjelydsblad

- OG eG er MeD!

Skulehuset i Jordal.

Brita, Thomas og Grete.

12.-16. august var 11-13 åringar samla til aktive dagar på Lyngmo. Tema for leiren var “I fyr og flamme”.

Pangstartleiren 2013

Page 5: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

5nr. 3-13SogNdalkyrkjelydsblad

e-post intervju med Kari eggumHar du vore på leir tidlegare? Ja, to gonger.

Kva var annleis med denne leiren enn med andre leirar? Det kjem eg ikkje på. Men me gjorde masse morosame aktiv-itetar og leikar.

Kva gjorde de på då? Me sykla til Solvorn og rappellerte, me padla i kano og hadde Lyngmoiaden der to lag utførte forskjellige spel og aktivitetar for å få flest poeng.

Kva var kjekkast? Fortell! Det kjekkaste var nok fritida når me kunne bada og padla i kano, eg likte óg leirkvelden og “naturstien”

Var det noko som overraska deg? Kva? Ja, at det kunne vere så kjekt å møte nye menneske og å vere saman og lære om Gud og Jesus. Eg ante aldri at det kunne bli så morosamt!

Vil du koma igjen? Ja, helst så fort eg får sjansen.

Kan du anbefale andre å reise på leir? Ja, sjølvsagt

Kven meinar du leiren passar spesielt for? 8 - 12 åringar, men det er nok kjekt for dei som er litt eldre óg.

Foto: Nils Einar Berget

- OG eG er MeD!

Pangstartleiren 2013

Page 6: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

6 nr. 3-13 SogNdalkyrkjelydsblad

Første samling for konfirmantane i Sogndal og Leikanger. Foto: EA.

Konfirmantar 2014 Laurdag den 31. august var alle 111 nye konfirmantar frå samtlige sokn i Sogndal og Leikanger inviterte til Superlaurdag i Stedje kyrkje, og ein fantastisk gjeng med flotte ungdomar møtte fram! Leiarar, både tilsette og frivillege gjorde sitt beste for å ta godt imot ein slik gjeng, men jammen tok ungdomane godt i mot leiarane òg.

Konfirmantåret er ein viktig del av trusopplæringa for born og unge i Sogndal og Leikanger, ”Størst av alt – og eg er med”. Så høyrer alt dette inn i trusopplæringa i den norske kyrkja, den som heiter ”Gud gir – vi deler”. Eg er sikker på at dei beste samlingane i eit konfirmantår, det er dei samlingane der alle får vera med å bidra, og det er plass til å koma fram med sitt.

Sjølve superlaurdagen inneheldt eit ”bli kjent”-program, og eit ”bli kjent i kyrkja”-program. Presentasjonsgudsteneste i Stedje. Foto: MUB.

Page 7: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

7nr. 3-13SogNdalkyrkjelydsblad

Presentasjons-gudsteneste i FjærlandSundag 8. september vart den eine konfirmanten i Fjærland dette året presentert for kyrkjelyden. Vegard Skeide vart intervjua av Kjell prest om fritidsinteresser og forventningar til konfirmanttida. Kyrkjelyden er glad for at har vil konfirmera seg her i Fjærland.

Nils SkeideTekst og foto

I tillegg feira me at året var i gang, og det gjekk med tett oppunder 500 pizzabollar og bollar, nesten 30 liter eplejuice, i tillegg til saft og kaffi. For feiring, det høyrer med når så mykje godtfolk er samla!

Eit nytt konfirmantår er altså godt i gang, og eg vil nytte høve til å takke leiarar, foreldre og støttespelarar som la ned ein innsats for at oppstartsdagen

vart mogleg. Samstundes har eg lyst å takke konfirmantane for at dei så tydeleg viser at dei har lyst å få noko kjekt ut av dette året, og eg både trur og håpar at det skal me få til saman. Velkomne som konfirmantar, og lukke til med konfirmantåret!

Kjell Olav Høstaker Nordheim

Konfirmantansvarleg

Konfirmantane i Norum. Foto: Nils Einar Berget.

Page 8: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

8 nr. 3-13 SogNdalkyrkjelydsblad

Laurdag 17. august vart det arrangert sommar- og kyrkjelydstur til Framfjorden. Det var turdeltakarar med frå alle sokna i kommunen, og været var akkurat passe fint turvêr.

Kyrkjelydstur til Framfjorden

Då alle var komne vel på plass i bussen vart me ønska velkomne av turleiarane våre, Karstein Bergheim og Gitte Th.Torstad. Dei orienterte litt om turen og Gitte bad ei god bøn for turen og deltakarane. Bussjåfør Vidar Lægreid var også guide og kjentmann på turen. Han er fødd og oppvoksen i Framfjorden.

På turen til Vik hadde Gitte nokre gåter til oss der den logiske tankegangen vart sett på prøve. Ikkje alltid like enkelt nei! Frå Vik og mot Framfjorden passerte me små plassar og gardar, som Limmesand, Tistel m.fl, og med utsikt mot bl.a. Otterskred og Geithus.

Talkummølla i FramfjordenFørste stopp var Framfjorden. Her vart det servert kaffi og nydelege kaker i den store hagen bak den lokale butikken,

Postkort frå Sognafoto.

Page 9: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

9nr. 3-13SogNdalkyrkjelydsblad

og det var tid for ein triveleg prat med kvarandre. Me slapp sjølvsagt ikkje heilt unna regnet heller, men kaffi og kaker var unnagjort, så ”historietimen” om Framfjorden fekk me inne i bussen. Vidar fortalde oss historia til den gamle talkummølla som pr. i dag er freda. Didric Blaauw starta opp med talkumindustri i 1908. Talkumen vart ført til utlandet i store båtar, og mølla gav mange arbeidsplassar. Det kom til og med folk over fjellet frå Eksingedalen og Modalen for å jobbe her. Mølla vart totalskadd i brann i 1924, og Blaauw gjekk konkurs. I 1927 vart mølla bygd opp att og Jacob Kjøde frå Bergen tok over. Han haldt på til 1957. Då overtok Sognekraft til mølla vart lagt ned i 2002. Mange flytta ut etter at mølla vart lagt ned, og det vart mange tomme hus. Mange har og opp gjennom åra utvandra til Amerika. No er det jordbruk og sauehald som er største næringa. Og mange pendlar til Vik. No er det 120-125 personar busette i Framfjorden. Ved skulestart i år var det 19 elevar i skulen. Her var også to butikkar eingong, men den eine vart avvikla på 1970-talet.

indrefjorden og arnafjordSå gjekk turen vidare til Indrefjorden. Her ligg settefiskanlegget på Tenne som vart starta i 1986. Og her er ein stor fellesfjøs, Arnafjord samdrift. Den er også ”vigsla”. Ein av eigarane kom og fortalde oss om drifta, vakt- og arbeidsordningane og robotmelking. Han fortalde også at han er ivrig Sogndal-supporter!I Indrefjorden såg vi og nokre gamle tufter. Her fekk me høyre ei tragisk historie om Lars og Turi Bungum. Eit strevsamt liv der 12 ungar kom til verden, men fem døydde mens dei var små.

Ein dag i 1855 drog Lars ut på ein av sine mange jaktturar. Dei trengde mat for å overleve. Men i kveldinga då han skulle heimatt vart han teken av eit snøskred. Han vart funnen omkommen av naboane og frakta heim på ei båre, laga i skogen. Tre dagar etter fødde Turi det tolvte barnet altfor tidleg, ei jente som fekk namnet Eli. Sjokket som Turi fekk då mannen omkom hadde framskunda fødselen. I tillegg fekk Turi barselfeber og døydde berre få dagar etter fødselen. På ei veke mista dei sju borna både mor og far. Den eldste var 23 år, den yngste seks dagar. Eit strevsamt liv vart det for dei sju borna, men etter kvart klarte dei å samle saman så mykje peng at dei kunne kjøpa Amerika-billett og stiga om bord i båten som førte dei til Amerika. Dei ville vekk frå heimlandet der dei hadde opplevd så mykje sorg og sakn.

Turen vår gjekk vidare til Arnafjord. Her fekk me høyre om endå ei tragisk rasulukke. Om raset på Nese i 1811, som tok 45 menneskeliv. Berre 14 av dei 45 som omkom vart funne att og vart gravlagde i ei massegrav. Den 28.september i 2008 vart eit minnesmerke avduka på Nese. Ei ”skredstove” vart bygd i 2009.

Me var også på besøk i Arnafjord kyrkje, kyrkja på Nese. Vidar fortalde oss litt om den enkle og fine kyrkja frå 1880. Gitte heldt ein liten andakt og me song nokre salmar.

God mat, prat og latter – og meir historieEtter kvart gjekk turen tilbake til Vik. Me hadde ein taletrengt Helge Torstad med på turen, og han hadde ein del gode historier å fortelje. Ja, lattermusklane fekk i alle fall trimma seg☺I Kyrkjestova i Vik vart me ønskt

velkommen før me fekk servert nydeleg gryterett med kaffi og blautkake til dessert. Her vart og litt historie frå Vik, og litt song. Etterpå fekk me omvising i Hopperstad stavkyrkje med ei grundig orientering frå guiden Kari Sunde.

Det vart ein lang dag med mange inntrykk då me vel fornøgde tok til på heimturen. Men – etter at ferjeturen Vangsnes-Hella var unnagjort fekk me vita at dei hadde ei overrasking til oss. På Leikanger stod Kjell Sæter å venta på oss. Der fekk me ein ”historietime” i Leikanger kyrkje, og etterpå besøk i prestegardshagen. Her er det mange eksotiske treslag, bl.a. tempeltre, ekte kastanje, valnøttre og ikkje minst ”apenes skrekk”. Til og med prestegardskatten var i godlune og tok nokre akrobatiske øvingar i trea.

Ja det var verkeleg ein hendings-rik dag, reine studieturen for oss godt vaksne. Og alle let vel! Hjarteleg tusen takk!

Kirsten Anny AmledalTekst og foto

Page 10: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

10 nr. 3-13 SogNdalkyrkjelydsblad

Sankt VitusdagVitusmessa i Kaupanger stavkyrkje vart markert 16. juni i år. Sankt Vitusdag, 15. juni, er ein katolsk og ortodoks helgendag. Sankt Vitus, frå ca 290 – 303, var ein kristen helgen som leid martyrdøden, som følgje av keisar Diocletians forfølging av kristne. Han var ein av naudhjelparane og skulle vera særleg god til å hjelpa barn og unge med epilepsi og kramper. Pga. dette, og samt den seinmiddelalderske tyske skikken å dansa framfor statuen av Sankt Vitus, har nervelidelsen Sanktvejtsdans namn etter han. Kjelde: Wikipedia

Felles gudstenesteI Kaupanger blir dagen markert fordi den gamle stavkyrkja vart forsøkt påtent og brannskada av kong Sverre og hans menn i 1184, natta til Sankt Vitusdag. Gudstenesta er felles for heile kommunen.

Vitusmesse i Kaupanger stavkyrkje

Bok til 6-åringane og aktivitet på kyrkjebakkenI denne gudstenesta handla dagens tekst om vennskap, om at Gud har skapt oss og kva han har skapt oss med. To små gutar vart døypte, Sigurd og Heine. Og for første gong vart det delt ut nye bøker til 6-åringane i Kaupanger. Dei heiter Nora, Ronja, Linus, Emil, Sander, Jenny Linn, Nikoai, Halvard og Andreas. Dagens tekstlesar, Tone Sætre Systad, fortalde litt om den nye boka. 6-åringane tente lys i lysgloben under forbøna. Etter gudstenesta vart det servert pøler og brød, brus, kaffi og kaker på kyrkjebakken. Og det vart arrangert leikar for borna. Elles så var dei inngjerda geitene og killingane eit interessant skue for dei små. Heldigvis var været ”på vår side” under kyrkjekaffien, så alle såg ut til å ha ei triveleg stund ute på kyrkjebakken.

Kirsten Anny AmledalTekst og foto

Dikt:

Natta og egNatta og eg er tvillingborn

Og mørkret det er vår mor.

Men natta fekk stjerner på

himlen sin, det fekk ikkje eg,

hennar bror.

Natta ho fekk ei gåve til

Som ikkje vart gjeven meg:

Ho spelar ein tone

– som ingen kan – når stilt

gjennom rømda ho dreg.

Elles er eg og natta eitt

og heitare meir og meir,

til dess vi omsider all rømda

rår og slepp ottast dagane

fleir.

Henta frå novellesamlinga Natta og eg ved Haldis Moren Vesaas. Samlaget 1967Diktet er skrive av Sogndalsdiktaren/ -forfattaren Sigurd Kvåle

Page 11: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

11nr. 3-13SogNdalkyrkjelydsblad

Foto: GHN.

Både jubileumsnemnda og soknerådet var svært fornøgde med arrangementa. Tenk å engasjera så mange i bygda, ha ein fantastisk flott konsert laurdagskvelden og jubileumsgudsteneste der også mange tidlegare prestar tok del! Både gudstenesta og samlinga etter gjekk som planlagt. Stort! – melder leiar i soknerådet.

RedaksjonenTekst og foto

Kyrkjejubileet i NorumHelga 8.-9. juni var det storstila jubileum for Norum kyrkje.

Dikt:

Natta og eg

Frå bursdagsfesten i Norum kyrkje. Foto: Dorthea Høstaker Nordheim.

Jubileumskoret med musikarar, solist og komponist. Foto: Odd Stubhaug

Sverre Volle hadde komponert tingingsverket til jubileumskonserten. “Ei perle vakkert skin.” Foto: Odd Stubhaug

Page 12: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

12 nr. 3-13 SogNdalkyrkjelydsblad

Kan du seie noko om tilstanden til orgelet? Dei fleste av oss klarar kanskje ikkje høyre at det er noko gale sidan du lokkar fram dei finaste tonar uansett. Er det fare for at det plutseleg blir stille?Eg kan ikkje seie at orgelet kjem til å bryte samen, men det firma som har vedlikehaldet på orgelet har stoppa stemminga fordi det vil øydeleggje orgelpipene. Ein skade på lufttilføringssystemet i orgelet vart oppdaga under årleg vedlikehald i august 2010. Etter den tid er ikkje orgelet blitt stemt, og det kan merkast. Før dette hende var det på planen å endre nokre av stemmene i orgelet. Sjølve pipematerialet er godt og det er naturleg at ein intonerer orgelet med jamne mellomrom. Intonering vil seie at ein får orgelpipene til å klinge godt saman i kyrkjerommet.

Orgelet nærmar seg 50 år og brytarane på spelepulten er av plast. Nokre av desse er knekte og ein får ikkje tak i nye. Ein ynskjer difor ein ny spelepult. Oppgraderinga vil medføre at orgelet teknisk framstår som nytt. Til samanlikning kan ein seie at kostnaden med eit nytt orgel ville blitt om lag dobbelt så dyrt. Me har avtale med ein godkjent orgelkonsulent som hjelper oss i prosessen, både med kva som bør gjerast med orgelet og krav i forhold til anbodsprosessen.

I tillegg er orgelet vanskeleg tilgjengeleg for vedlikehald. Det er stemmer ein pr. i dag ikkje kjem til. Ei ombygging av orgelhuset vil medføre færre timar med vedlikehald.Orgelreparasjonen/restaureringa er altså i tre hovuddeler:• Reparere lufttilføring, nye pipestokkar• Ny spelepult• Ombygging av orgelhuset og intonering av

orgelet

Har ein ei oversikt over kor mykje dette vi koste?Mellom 1,5 og 2 millionar, der om lag halvparten er reparasjon, resten er oppgradering og restaurering.

intervju med arild Slinde

Kva er status og planen vidare?Pr. i dag har fellesrådet om lag kr. 500.000 disponibelt til orgelrestaureringa. Dette er investeringsmidlar og gåver frå private, lag og organisasjonar. I sommar mottok me svar på søknad hjå Leighs legat der dei gav tilsegn om at legatet i samband med 105-årsjubileet gir kr.105.000 til orgelet i jubileumsgåve. Dette er veldig gledeleg og gir eit skikkeleg løft til innsamlingsaksjonen. Utover hausten blir det fokus på innsamling til orgelet. I dette nummer av bladet ligg det ein giro som me håpar mange vil nytte. Og det er planlagt å ha ein konsert eller samling i kyrkja kvart semester der ein også samlar inn pengar til orgelet. Den første samlinga blir 27. oktober kl.19:30 i Stedje kyrkje.

Magny Ugulsvik BukholmTekst og foto

Arild har vore tilsett som organist/kantor i Sogndal sidan 1977. Han kjenner orgelet i Stedje betre enn nokon. Han kan fortelje at orgelet er frå 1967, har 30 stemmer, tre manualar og pedal. No er det eit stort behov for ei større restaurering av orgelet.

Page 13: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

13nr. 3-13SogNdalkyrkjelydsblad

Etter kvart har det vorte tradisjon med blomstergudsteneste sun-dagen etter boknatti. Det var det i år og. Borni samlast i kyrkja ein time før gudstenestestart for å gå gjennom det som skulle skje i kyrkja denne dagen.

Så plukka borni blomster og møttest på ferjekaien for so etter kvart og samla seg til oppmarsj, med jonsokbrudeparet, som denne gong var Ida Susanne og Yrjan, til kyrkja . Nokre vaksne var og med i fylgje. Ved kyrkja venta dåpsfylgje, med Andrine Nesse Bøyum som skulle berast til dåpen denne dagen. Heile fylgje gjekk so inn i kyrkja til

Blomstergudsteneste og jonsok-bryllaup

songen «Dine hender er fulle av blomar». Alle blomsterbukettane vart hengde opp på krossen som tidlegare er laga til dette høve.

Kjell Olav var prest og han hadde lagt opp innhaldet i gudstenesta slik at det var lett for borni å fylja med. Teksten i dag handla om Johannes Døyparen.

Trusopplæraren vår, Guri, ilag med kyrkjeverten, Sølvi, delte så ut bok til 6-åringane. Det var 5 born som skulle få den, og det såg ut til at dei vart glade og spente for boki.

Jonsokbrudefylgje med 5 medl-emer frå korpset i fremste rekkje, spelte marsj på veg til Hotel Mundal. Der var planen at det skulle vera tilstelling på plenen, men på grunn av regnet som akkurat då plaska ned fekk alle lov å koma inn for å få saft, bollar og kaffi. Takk til Hotel Mundal. Etter ei kjekk stund i kyrkja og på hotellet reiste alle heim kvar til sitt.

Nils SkeideTekst og foto

Frå venstre: Amund Mundal, Ida Susanne Supphellen, Yrjan Tufte, Sjur Wilhelm Mundal.Elias Øygard kunne ikkje møta.

Page 14: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

14 nr. 3-13 SogNdalkyrkjelydsblad

Prikk til prikk

Fargelegg

Finn fem feil

(privatabonnement hjem i posten)

Gruppeabonnement kun 189,- pr barn 15. april • 2012

Dagens ord:Sammen med Gud selv om vi ikke ser ham

nr.7

Oppdrag: Umulig?

Jesus og Tomas, bibelserien side 4-5

Paradisbukta side 2

SØNDAGSSKOLEN NORGES0112 © 2012

Jakten på den

stille stemmen

LUKAS

MARTIN

LINNEASUKAI

Den godeJakten på den stille stemmen

02 Himmel over livetÅlesund Soul ChildrenSolister : Astrid Myren og Kristian

WalderhaugT/M: Runar BangMusikkproduksjon/arr./miks: Dag

Henning Kalvøy, 1/0 Studios, Oslo

Vokalproduksjon: Runar BangTrommer: Børre Flyen SØNDAGSSKOLEN NORGE 2011

04 Herren er min hyrdeVetle Kleveland og Hanna Muren

T: Asle Bjorvatn (Salme 23)M: PhatBackFra CD-en Propell Sanden Media 201106 Kom til megJentegruppa Seven

Solist: Mathea Celine LøverT: Britt-Venke OldebråtenM: Melinda E. LøverFra CD-en Det er gull

Seven Song Productions 201108 SkatteskrinTore ThomassenT/M: Tore ThomassenFra CD-en Skatteskrin Lynor as 2005

10 God tidAnita N. Gjerlaug, Rebecca

Stangeland Kaufman, Mathias

Fjalsett, Karin K. ManvikT: Karin K. Manvik og Merete F. Arnevåg

M: Karin K. ManvikO: Hildegunn Garnes ReigstadGitarer, produksjon og arr. av komp:

Kristian Kvalvaag, Basement Studio

Bratsj: Tarjei NystedMiks: Espen Gjelstad Gundersen,

Audiopol StudioTekniker (vokal): Vegard Schow,

Make Music AS SØNDAGSSKOLEN NORGE 201212 Aria (utdrag)Liv-Benedicte Bjørneboe

Fiolin: Hallvard Bjørneboe Sæbø

M: Liv-Benedicte Bjørneboefra CD-en Aria Liv-Benedicte Bjørneboe 200914 Tomas sangElias Songe og barn fra Tromøya

T/M: Hans Inge FagervikProgrammering/tekniker : Rasmus SolemBass/keyboard: Rasmus Solem

Gitar : Hans Inge Fagervik SØNDAGSSKOLEN NORGE 2012

Tekniker voice: Håvard Gressum

Antonsen, Studio StaffeldtsPostproduksjon/ferdigstilling:

Vegard Schow, Make Music AS

Illustratør: Kanako & Yuzuru

Grafisk design: Camilla Hoholm

CD trykk: DicentiaProdusent: Odd Ketil Sæbø© og SØNDAGSSKOLEN

NORGE 2012www.sondagsskolen.no

Bli en ekte tårnagent på www.tarnagentene.noFå agentbevis og hemmelige oppdrag!

Manus: Odd Ketil Sæbø Forteller: Harald Stoltenberg

En -CD Bestill barnebladet BARNAS

med tårnagentenes klubbavis

på www.sondagsskolen.no

Jakten på den stille stemmen

Den godegjeteren

En-DVD fra

NSSF S0211 © 2011

Den gode

gjeteren

Den gode

gjeteren

En -DVD

20 tegnefilmfortellinger

fra Jesu liv.

Forteller:

Harald Stoltenberg

Tegnere:

Asbjørn Tønnesen,

Chris Murphy,

Vera Tataro,

Rikke Fjeld Jansen,

Raymond Gaustadnes,

Erik Ødegaard

Animasjon:

Christoffer Alve, CirkA Film

Produsent innlesing:

Merete Føyen Arnevåg

DVD-trykking:

Dicentia

Tegneseriemanus/produsent:

Runar Bang

og © Norsk Søndagsskoleforbund 2011

PB 6552 Etterstad, 0606 OSLO

Bestilling av DVD:

[email protected] En-DVD fra

Bli abonnent på

Søndagsskolens barneblad

14 blader + DVD + bok rett hjem i posten.

Bestill på [email protected]

14 blader + DVD + CD = kun 365,-

Bestill på [email protected] eller på telefon 22 08 71 00

SPRELLnett

Søndagsskolens

nettside for barn!

.no

– Musikkvideoer– Tegnefilmer– BARNAS-konkurranser

Fargelegg Adam og Eva i Edens hage!

tarnagentene.noTårnagentenes eget nettsted!

SIDE

Tegning: Asbjørn Tønnesen

Tegning: Asbjørn Tønnesen

Tegn en strek fra 1 til 2 og så videre. Hva skjuler seg her?

De to bildene er nesten like. Finner du de fem feilene på bildet til høyre?

Page 15: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

15nr. 3-13SogNdalkyrkjelydsblad

Alt har si tid, heiter det, og vi veit at det er sånn - anten vi likar det eller ikkje. Og no er tida kome for å takka for meg og avslutte tenesta mi som prest i Sogndal og Indre Sogn. Det er heile 24 år sidan eg kom her – saman med Kjersti og to små born. Og når vi no fer vidare har vi 4 vaksne born og to borneborn som har reist i førevegen.I tida vi har vore her har vi blitt glade i både menneska og staden, og eg kjenne at det er eit heilt stykke arbeid å bryte opp og dra vidare til ein ny stad og eit nytt arbeid.Eg byrjar 1. oktober som personalprest i Bjørgvin bispedøme. Tanken er at eg skal vera ein god samtalepartnar og medvandrar for alle prestane i Bjørgvin. Hus og heim vil vi ha i ein stor gammal prestebustad i Indre Arna. Så no er det tid for å takke! Takke for oss og takke for meg! Takk til alle eg har møtt på så ulike dagar i livet og i så mange ulike samanhengar. Takk for det vi fekk dele. De har lært meg mykje om livet, om trua og gjort meg til eit rikare menneske! Sogndal og Indre Sogn vil alltid ha ein stor plass i hjarta mitt!

Lukke til vidare alle saman!

”Stao no pao!”

Hugs at Gud er glad i dykk, og at de har ein heim i kyrkja.

Gud velsigne dykk alle!

Beste helsing

Bård m/fylgje

Takk for meg !Den 22. juni var det konsert med Olaug Mundal og Linn Ellise Hovland.Opptakten til denne konserten vart gjort av aktørane sjølve. Linn Ellise sang og Olaug spela piano og song. Tema var Stemningar frå Norden.

Dei skriv i innleiinga til programmet sitt:Dei fleste forbind norsk og nordisk musikk med komponistar frå den romantiske tidsepoken, slik som Grieg og Sibelius, men det nordiske musikalske landskapet har mykje meir å by på. Tekstane skildrar ofte stemningar i nordisk natur, og tonespråk har eit klart og reint uttrykk som gjenspeglar seg i den nordiske folkesjela.Det tek for mykje plass å referere alle titlar, forfattarar og komponistar.Gabriellas song og Killingdans frå Haugtussa for å nemna to.Ei flott stund i kyrkja. Tusen takk til dei. Skal me vona på ein reprise til sommaren?

Sigrid Moldestad med musikantar vitja Fjærland 3. august. Den konserten var det Fjærland Fjordstove Hotell som ordna med. Det var full trøkk frå start til slutt. Ca 140 tilhøyrarar møtte fram. Kunne sikkert vore ein god del fleire. Det var sagt at berre tilfeldigheit gjorde at folk hadde fått vita om konserten. Det var i alle fall alle tiders å høyra på.

Kyrkjelyden frå Lom var også på besøk i kyrkja. Dei hadde med seg i fylje både soknepresten og organisten sin. Åge Mundal, som tidlegare har vore prest i Lom, var kontaktperson. Han leia, og hadde andakten i kyrkja. Det var solosong ved Synneva Heggeim (presten). Lom kyrkjelyd har tidlegare vore på besøk i Fjærland. Det er kjekt at slike turar gjentek seg.

Fjærlandskyrkja må vera ein populær stad å inngå ekteskap. Denne sommaren har 4 ektepar vorte vigde her. Dette er flott, sjølv om dei ikkje vert verande i bygda.

Nils SkeideTekst

Sommaren i Fjærland

Page 16: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

16 nr. 3-13 SogNdalkyrkjelydsblad

OKTOBER3. Knøttekor og torsdagsklubb4.-7. Leir for 5.- 7. klasse10. Småbarnstreff10-13 Leir for 8.-10 klasse17. Knøttekor og torsd.klubb24. Småbarnstreff25. Haustbasar31. Knøttekor og torsd.klubb

NOVEMBER7. Småbarnstreff8.-10. Leir for 16 - 30år14. Knøttekor og torsd.klubb21. Småbarnstreff22. – 24. Barnas Songleir 2.- 7.klasse28. Knøttekor og torsd.klubb30. Juleverkstad 4år-12år

DESEMBER5. Småbarnstreff6. Julemiddag for voksne12. Småbarnstreff21. Julemiddag for Ungdom31- 1. jan. Nyttårsfeiring

Kunngjeringar og smånytt

Jubileumsskrift i samband med Norum kyrkje sitt 150 års jubileum.

Norum sokneråd og jubileumsnemnda har fått laga eit flott jubileumsskrift. Her finn du både faktastoff og folk sine minne frå kyrkja. Heftet skal vere delt ut til alle husstandar i Norum sokn, men om du ikkje har fått bladet, ynskjer fleire hefter eller bur ein annan stad og ynskjer heftet, kan du ta kontakt med Rønnaug Dahl 97986526. Heftet kostar kr.150,-

Julegåvetips

2. juni var 50-års konfirmantane i desse sokna inviterte til gudsteneste med påfølgjande festsamvær på Hofslund Hotell. Jubilantane melder tilbake at det er hyggeleg at kyrkja ved kyrkjekontoret tek initiativ til ei slik markering. Jubilantane vil også rette ei takk til dei som tok initiativ til eit opplegg dagen før og.

Foto: Fotograf Sviggum

Konfirmantjubileum i Stedje, Kaupanger og Norum sokn

SelskapLyngmo har flotte lokale til konfirmasjonar, minnestunder og andre selskap.

Ta gjerne kontakt for informasjon og tilbodMail: [email protected] eller tlf: 57684366

Page 17: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

17nr. 3-13SogNdalkyrkjelydsblad

8. september var det og jubileum for dei som var konfirmerte for 51 og 50 år sidan.I desse kulla var totalt 23 jenter og gutar. Som normalt passar det ikkje for alle å møta. I 51-års kullet mangla det fire. Det er: Jostein Teigen, Halfrid Sofie Bjåstad Berge og Kristi Anny Romøyri Bergheim.Den fjerde, Solveig Ramsfjell er død.I 50-års kullet var det fem som mangla. Det er: Kåre Berge, Jarle Distad, Grete Helene Høisæther og Ingebjørg Margrete Turøy. Her var det og ein som er død, Svein Arne Supphellen.Gudstenesta hadde og innslag med song ved fylkesmusikar Elin Grytting.Ho hadde og ein liten konsert straks etter gudstenesta.Konfirmantjubilantane avslutta dagen med middag på Fjærland Fjordstove Hotell, med god mat og mimring.Ein fin søndag med flott sommarvêr. Tekst og foto: Nils Skeide

1-2-3 Småtrolltrall i Stedje kapell hausten 2013Dette er ei samling i Stedje kapell for foreldre med 1-3 åringar, i ettermiddagstid frå 17.00-18.15, og er ei naturleg vidareføring av babysong. Samlinga er litt meir leikprega, men framleis står songar og morosame regler i fokus.

Det vert servert kaffi/te og saft, gratis.Samlingane er sjølvsagt for alle sokna i Sogndal kommune, sjølv om dei finn stad i Sogndal!

Ta gjerne med kveldsmat-nistepakke!

Her er datoar for resterande tysdagssamlingar denne hausten:29. oktober, 12. november, 26. november og 10. desember.

Konfirmantjubileum i Fjærland

som er gjeven av ekteparet Anne Karin og Leif Arne Bakke i samband med 100 års jubileet til Fjærland bedehus.

Den er montert av brørne Svein Arne og Tor Magnar Bøyum.

Tusen takk alle saman.

Lysekruna

51-årsjubilantane. Frå venstre: Harald Frækaland, Ester Thue Nordheim, Jorunn Sofie Halland Skeide, Reidun Vangsnes og Arvid Mundal.

50-års kullet. Frå venstre: Kari Bøyum, Hans Haugen, Nils Lidal, Johannes Reinen,Karsten Skeide, Konrad Aksnes, Audun Olav Eidsnes, Kari Maria Rutle Fjærestad, Steinar Distad.

Page 18: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

18 nr. 3-13 SogNdalkyrkjelydsblad

I gamle Åbergebygget i Fjørevegen ligg bruktbutikken til NMS (Det norske misjonsselskap). Den har no vore driven i over ti år og er populær som aldri før. Hit kjem folk med alle slags bruksgjenstandar, koppar og kar, lamper, klede og møblar som me kan selja vidare til ein rimeleg pris. Me som jobbar i butikken tykker det er kjekt å sjå at ting som er for gode til å kasta, kan koma til nytte og glede for andre, t. d. studentar, innvandrarar og mange andre interesserte. Her kan dei finna fine servise, gode klede og sko, ein og annan antikvitet eller supplement til noko dei har heime. Mange turistar finn også ting dei vil kjøpa med seg heim. Det kan vera ting av kopar, tinn, messing eller keramikk. Dette året har me også satsa meir på sal av møblar. Møblane blir lagra i gamle Bedehuset, som no har stått tomt ei stund. Her kan dei finna sofagrupper, bord og stolar, senger, hyller, kommodar o.l. De som vil kjøpa eller sjå på møblar, må ta kontakt med oss i butikken. Dette gjeld også for dei av dykk som vil levera møblar.

Me er ein gjeng damer som jobbar friviljug, og tek

Gjenbruk til nytte og gledeein og annan dag i butikken. Det kan vera travelt, men me tykkjer også det er sosialt og svært kjekt. Me tek gjerne imot fleire medhjelparar!

Mange tunge tak kan det bli, særleg med møblane. Difor ønskjer me fleire friviljuge menn som kan hjelpa oss. På grunn av den store tilstrøyminga av varer, har me bestemt at me ikkje lenger tek imot elektriske varer, utanom lamper. Og me ber innstendig om at folk berre leverer ting og klede som kan seljast vidare. Elles vert det mykje ekstra arbeid for oss med sortering og kasting.

Kjekt at det er ”in” med gjenbruk!

Ingrid og MaritTekst og foto

Opningstider:Mandag – onsdag + laurdag: 10 - 15Torsdag og fredag: 10 - 16

Page 19: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

19nr. 3-13SogNdalkyrkjelydsblad

Søndag 25. august arrangerte Norane idrettslag saman med Norum sokn fellestur med trimbingo og gudstenesta på Skriksvatnet. Me starta på Raunehaugen med sal av bingoblokker, langs stien var bingotala hengt opp på ulike postar. Vel oppe på Skriksvatnet heldt Egon Askvik preik til dei 32 ivrige trimbingo deltakarane.

Mai Sigrid TeigenTekst og foto

Trimbingo og gudsteneste 25. august vart Kjetil Netland

innsett som prost i Indre Sogn av biskop Halvor Nordhaug.Kjetil er 55 år og kjem frå stillinga som sokneprest i Stryn. Han har tidlegare vore prest i Lærdal.

MUBFoto

Ny prost

Bård Haukedal er tilsett som personalprest i Bjørgvin bispedøme. Han tok til i stillinga 1. oktober. I tillegg til å vere sokneprest i Sogndal og Kaupanger har han vore fungerande prost i Indre Sogn i 2 ½ år.

Nils Einar Berget er tilsett som vikar i trusopp-lærarstillinga i Sogndal og Leikanger. Nils Einar er 29 år, nyutdanna med mastergrad i kristendomskunnskap frå NLA Bergen.

Vikar for trusopplærar

Page 20: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

20 nr. 3-13 SogNdalkyrkjelydsblad

Postboks 25, 6851 Sogndal

Parkveien 5, 6856 Sogndal • Tlf. 57 62 88 50 • e-post: post@advokat-tollefsen

Tømrar

Jostein Øygardnybygg • tilbygg • rehab • flis • våtrom

- Liftutleige -

Telefon 97 09 79 82

Hagalandet, 6851 Sogndal • tlf 57 67 16 226801 Førde • tlf 57 83 70 90

maskinsenteret.as • [email protected] www.lerum.no

RØYRLEGGJAR

Arild Johannes Sandvik6848 FJÆRLAND

Telefon 97 03 08 67

Optiker

Kjell M. Talleraas6856 Sogndal • tlf. 920 94 145 • nettbriller.com

Telefon 90 11 67 83

Byggmester

Ingmar Stenehjemmob. 90 58 10 21 • tlf. 57 67 29 52

www.stenehjembygg.no

Sogn SynssenterSynsprøve • Briller • Kontaktlinser

Med topp moderne synsprøveutstyr og fokus på augehelse, tek me synsprøve, trykkmåling og bilete av auga.

Ved behov for briller på dagen, har me lager på einstyrkeglas (+/- 4, cyl. 2)

Tlf: 57 67 50 50 Me SJÅaST

Støttespelarane våre:

Page 21: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

21nr. 3-13SogNdalkyrkjelydsblad

Aut. rekneskapsførar

N-6848 FjærlandTelefon: 913 63 327E-post: [email protected]

www.sognekraft.no - P.b. 3, 6891 Vik i Sogn - [email protected]

Telefon heile døgnet: 57 68 14 77Kjell GrønliAnne Kristin [email protected]

Fossetunet 4, 6856 SogndalTlf. 57 68 14 77

Avdeling LærdalTønjum, 6887 LærdalTlf. 57 66 86 60

Telefon heile døgnet: 57 68 14 77Kjell GrønliAnne Kristin [email protected]

Fossetunet 4, 6856 SogndalTlf. 57 68 14 77

Avdeling LærdalTønjum, 6887 LærdalTlf. 57 66 86 60

Telefon: 57 67 18 85

Opplæring klasse a1-a-B-Be-T-M146

Trafikalt grunnkurs

E-post: [email protected]

Telefon heile døgnet: 57 68 14 77Kjell GrønliAnne Kristin [email protected]

Fossetunet 4, 6856 SogndalTlf. 57 68 14 77

Avdeling LærdalTønjum, 6887 LærdalTlf. 57 66 86 60

SLiNDeSeNTereT • MariNa • TraNSPOrTØr

Slinde, 6856 SOGNDAL - Tel. 57 67 65 00www.slindetransport.no

Epost: [email protected]: 57 66 23 60Bank: 3705.17.34204Orgnr.:974 900 580 MVA

årdal : Storevegen 13, 6884 Øvre Årdal

s ogndal : Tess-bygget (2. etg.), Nestangen, 6856 Sogndal

www.sk ri vargarden.no

annonseplassHer har din organisasjon, bedrift eller foreining,

høve til å kjøpe annonseplass. På den måten får du støtte kyrkja sitt positive arbeid for barn,

unge og vaksne i alle aldrar. Samstundes gjer du di verksemd kjend.Velkomen til å ta kontakt!!

Page 22: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

22 nr. 3-13 SogNdalkyrkjelydsblad

Ætti i glede og sorg

DØYPTe ViGDe DØDe

FJÆRLAND:23.06.13 Andrine Nesse Bøyum

KAUPANGER:14.04.13 Pompimol Ketthim02.06.13 Marius Sva Ramstad Casper Servold Wåseth Tobias Orrestad Matre Maren Håvardstun Eide16.06.13 Sigurd Helleve Orkelbog Heine Vedvik15.09.13 Sjur Vebostad Mathias Ness Ola Kristiansen

Malin Sønsthagen Nornes

NORUM:07.07.13 Atle Gustavsen Fimreite Sofie Løkø Ylvisåker Martine Slinde Skodvin28.07.13 Hans Nicolas Hovden-Fernandes Jacob Holvik Evjen

STEDJE:21.04.13 Leon Lukas Tvedt Aakre02.06.13 Alvilde Strøm-Sire Sara Røysi Hovland Celine Wolff Bolseth Henrik Mo Mundal23.06.13 Linnea Haukås Tonheim Marie Eikevik Viktoria Høgi30.06.13 Live Holen Loven Marius Skartun (døypt på Tungestølen, Veitastrond)14.07.13 Elise Kaldestad Marcus Hjelmeseter Molland04.08.13 Jonas Hålien-Skahjem11.08.13 Benjamin Barsnes Frøyd (døypt i Tjølling kyrkje)18.08.13 Malene Henjum-Reppen Ella Eggum Talleraas08.09.13 Arianne Hjorthaug Åsebø Linnea Hodlekve

FJÆRLAND:

01.06.13 Ingrid Vaage og Sondre Mundal Eikeland

29.06.13 Silje Bøyum og Håvard Thøgersen

06.07.13 Sunniva Petersen Johansen og Per Inge Hove

03.08.13 Marianne Bøyum Løken og James Thomas Winter

KAUPANGER:

22.06.13 Henriette Engan og Thomas Løvik

03.08.13 Monica Særsten Rolfsnes og Idar Nyland

STEDJE:

22.06.13 Anita Lavik Foss og Roar Midlang

29.06.13 Kristin Espeland og Vegar Myklebust

KAUPANGER:Ingebjørg Sviggum 03.02.1919 – 29.07.2013

Olav Bjørkum 24.06.1930 – 02.09.2013

NORUM:Hildur Fimreite 28.02.1923 – 04.08.2013

STEDJE:Johan Vikane 29.03.1935 – 03.06.2013

Ingrid Ragna Færestrand 07.07.1933 – 09.08.2013

Kåre Øydal 11.10.1926 – 16.08.2013

Ta kontakt med kyrkjekontoret om moglege datoar for dåp og vigsel. Telefon 57679985.

Page 23: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

23nr. 3-13SogNdalkyrkjelydsblad

Med atterhald om endringar. Sjå Gudstenesteliste i Sogn avis eller på www.sogndal.kyrkja.no

Velkomen til gudsteneste

OKTOBer

6. oktober Stedje kl.19.30: Kveldsgudsteneste Leikanger kl.17.00: Hausttakkefest. Utdeling av bok til 4-åringane13. oktober Kaupanger kl.11.00: Høgmesse20. oktober Stedje kl.11.00: Hausttakkefest Fjærland kl.11.00: Familiegudsteneste. Utdeling av bok til 4-åringane Leikanger kl.19.00: Gudsteneste27. oktober Stedje kl.11.00: Høgmesse Stedje kl.19.30: Salmekveld

NOVeMBer

3. november Kaupanger kl.11.00: Helgemesse Leikanger kl.11.00: Helgemesse Norum kl.16.00: Helgemesse Stedje kl.18.00: Gudsteneste med nattverd10. november Stedje kl.11.00: Høgmesse Fjærland kl.11.00: Høgmesse17. november Stedje kl.11.00: Sprell-levande gudsteneste. Utdeling av bok til 4-åringane Kaupanger kl.11.00: Familiegudsteneste. Utdeling av bok til 4-åringane Leikanger kl.11.00: Gudsteneste for store og små24. november Stedje kl.11.00: Høgmesse Leikanger kl.19.30: Jazz i vintermørket

DeSeMBer

1. desember Leikanger kl.11.00: Gudsteneste Stedje kl.19.30: Lysmesse8. desember Norum kl.16.00: Lysmesse Kaupanger kl.17.00: Lysmesse Leikanger kl.20.00: Lysmesse15. desember Fjærland kl.15.00: Julekonsert Kaupanger kl.16.00: Julekonsert Norum kl.16.00: Julekonsert Leikanger kl.18.00: Julekonsert Stedje kl.19.00: Julekonsert

Salmekveldar i Stedje kyrkjeDet er plan om å ha ein serie med salmekveldar i Stedje kyrkje.

Første samling er 27. oktober kl.19.30. Soknerådet inviterer ulike personar som kan fortelje om ein salmediktar sitt liv og bakgrunn for salmane. Kyrkjelyden er med og syng salmar. Etter kvart kan det også vere aktuelt å gå gjennom salmar i den nye salmeboka. På desse kveldane blir det også høve til å gje ei gåve til orgelinnsamlinga.

Page 24: God haust! - sogndal.kyrkja.no · vil det bli sett stor pris på! God lesnad og god haust! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger Helsing frå kyrkjeverja No

Den grøne perla Av Kjell Olav Høstaker Nordheim

iNFOrMaSJON

“Alt gjorde han vakkert!”

”Alt gjorde han vakkert, kvar ting til si tid.” (Fork. 3,11a)

Kvar haust lagar dei nye konfir-mantane sin eigen perlekrans, som noko av det første dei gjer. Det er ein bønekrans som passar godt på handleddet eller i lomma. Den er lett å ta med overalt. Kransen høver også godt til å henge på rommet, ein plass på veggen der dei lett ser han.

Saman brukar me kransen for å utforske draumen; at me alle kan op-pdaga at Gud inviterer oss til å høyre heime hjå seg. At Jesus fortel oss at det finst ein skatt; Guds rike. Og at i denne skatten er kvar konfirmant, ja kvart menneske som ei verdifull og umisteleg perle.

Perlene har ulike fasong, ulik stør-relse og ulik farge. Kvar på sin måte kan dei opna opp og peika utover seg sjølv.

I år har ei ny perle funne vegen til kransen – den grøne perla. Ho har fått sitt eige namn: Skapingsperla. Perla som minnar oss om at det ikkje er sjølvsagt at me menneske finst.

Me treng ei verd å høyra til i, ei verd som lever og som gir liv. Ei verd som ikkje er vår, men Gud si. Ei verd som han har bedt oss om å ta vare på.

Ofte er det slik at det som er oss aller nærast, gløymer vi lettast. Me får leva i ei verd der marka gjev grøde, der me finn det me og andre treng for å overleva, leva og utviklast. Ei god verd. Derfor er eg glad for at den grøne perla er komen med i kransen.

”Alt gjorde han vakkert”, slik var det i byrjinga. Profeten Jesaja, han ser fram mot den dagen då Gud er vorten alt i alle, og ingen skal skada eller øydelegga noko lenger, fordi ” landet er fylt av kjennskap til Herren, slik vatnet dekkjer havsens botn.” (Jes. 11,9) Det høyrest svært ut, å kjenna Gud. Korleis ser det ut, når nokon kjenner Gud og er kjent av han, kan me forestilla oss det? Eg trur alle for-teljingane om Jesus er som vindauge der me kan sjå kva dette inneber. Og Jesus, han gir menneska håp, midt i den verda vi lever i.

Stjernene lyser fremdeles i mørket,solen gjør natten til morgen og dag,stjerner og sol sender lysende drømmerover vår sårede, blødende jord.

Ennå er håpet en levende flamme,lyset er tent i den mørkeste natt,ennå kan sårene leges og heles,vi kan forsones med jorden, vår mor.

Drømmen og håpet skal bo i vårt hjerte!Se, nå er skapelsens åttende dag!Vi skal erkjenne i gledesfylt undring:Alt som er skapt er vår søster og bror.

Vi skal få tro på en fremtid på jorden;avmakt må vike og dag følge natt,se, våre søsken i skapningens mangfoldventer på handling fra hjerter som tror.

Skapningens sukk skal forvandles til lovsang, sangen skal fylle vår jordiske dag; alt vil vi bære i bønn til vår skaper, vi som er barn av hans rike på jord.

(Salmar 97 nr 123, Svein Ellingsen 1991)

Bilete: Kjell Olav Høstaker Nordheim.