Geir Sverre Braut Statens helsetilsyn Oslo, 25. september 2012
description
Transcript of Geir Sverre Braut Statens helsetilsyn Oslo, 25. september 2012
Statleg tilsyn med kommunane- rettleiing og læring: Korleis få læringseffekt av eit lovlegheitstilsyn?
Geir Sverre BrautStatens helsetilsyn
Oslo, 25. september 2012
Utgangspunkt for innlegget
• Røynsler frå Statens helsetilsyn
Tilsynsmelding 2005
”Tilsyn handlar om å vise korleis forholda er i høve til korleis dei bør vere”
Vesentlege utfordringar:
•Grenseflater
•Fagleg styring/leiing
•Internkontroll
•Læring i organisasjonen
Dette er like aktuelt i 2012 som det var i 2005
Utgangspunkt for innlegget
• Røynsler frå Statens helsetilsyn
• Forskingsprosjektet ”Accilearn”– Kan forteljingar om ulykker nyttast til læring?– Kan gransking av ulykker nyttast til læring?– Kva er i så fall føresetnadene?
• Grunnlag for arbeidet– Pedagogisk (didaktisk) teori og praksis– Teori om tekstar som berarar av kunnskap
• Overordna læringsperspektiv– Individuell tileigning og individuell deltaking
Statleg tilsyn - nokre spørsmål og eit svar
• Kven er tilsynet til (nytte) for?– Tilsynsetatane? Styremaktene?– Utøvarane? Tenesteytarane?– Kundane? Tenestemottakarane?– Samfunnet? Folket?
• Ser vi tilsynets ”Janus-andlet” ?– Rettstryggleik og tenesteutvikling– Brot på lovkrav eller rom for utvikling
• Tilsyn er relatert til vurdering (les: kontroll) av lovkrav– Jf. NOU 2004:17, Ot. prp. nr. 97 (2005-2006), Innst. O. nr 19
(2006-2007) og St. meld. nr. 17 (2002-2003)
5
Kva er godt tilsyn ?
• Føreseieleg, ikkje vilkårleg
• God operasjonalisering av rettskrav, ikkje minst rettslege standardar og reglar som krev skjønnsvurderingar
• (Rettslege standardar konstituerer seg i praksisfeltet, ikkje primært i forvaltninga)
• Erfaringsbasert• ”Tilsynssjangeren” – Funn / Norm / Vurdering
• Sporbart, etterretteleg, helst også etterprøvbart
• Tydeleg på ansvarsforhold, t.d. når det gjeld rådgjeving
• … … og vere tydeleg når ein med ”tilsyn” i namnet på verksemda utfører andre forvaltningsoppgåver
6
Kva er eigentleg læring for noko?
• Det er mange som har prøvd seg med svar på det• Det har noko med kunnskap å gjere• …… og det har noko med handling/åtferd å gjere
• Læring i relasjon til praksis (for/av praksis) kan i alle fall ha desse måla:
– Forandring– Forankring– Forståing
• I ein organisasjon handlar læring ikkje minst om å bruke tilgjengelege ressursar på effektive og forsvarlege måtar
Kva er eigentleg læring for noko?
• Det er mange som har prøvd seg med svar på det• Det har noko med kunnskap å gjere• …… og det har noko med handling/åtferd å gjere
• Læring i relasjon til praksis (for/av praksis) kan i alle fall ha desse måla:
– Forandring– Forankring– Forståing
• I ein organisasjon handlar læring ikkje minst om å bruke tilgjengelege ressursar på effektive og forsvarlege måtar
Kva lærer vi av kva tilnærming?
• Kvifor lærer vi av eigne feil, men ikkje så lett av andres feil?
– Avvikskorrigering byggjer på ”mål-middel”-didaktikk
• Men den sviktar i effekt når målet er meir uklårt– Alternativt didaktisk tilnærming er ”relasjons-/
refleksjonsorientering”
Læring Kunnskap
Konstruktivistisk(f.eks. Piaget)
Danning av mentale strukturar
Sosiokulturelt(f.eks. Vygotskij)
Tileigning av evne til deltaking i kulturell praksis
Læring i eit sosialt perspektiv
• Mange aktuelle pedagogiske teoriretningar.
• Her er tre mykje omtalte teoriar/modellar:
– ”Reflection in action” (Schön):• Informasjon – Kontekst – Refleksjon
– ”Situated learning” (Lave & Wenger):•Deltaking i ”communities of action”, gjerne ”perifert”
– ”Trespiral-modellen” (Swart & Pye; jf. Aase & Wiig, 2005)•Hending – Refleksjon – Kollektiv praksis
Læring av erfaringar
• Experiential learning– The process through which the learner constructs
knowledge, skill, and values through direct experience(Association for Experiential Education, cfr. Camille J. Bunting (2006))
– Det er hendinga som er utgangspunktet for læring– Kva då med læring gjennom indirekte erfaring?
Experiencing
Reflecting
Generalizing
Applying
Læringsprinsipp
• Caine and Caine (2001) cfr. Camille J. Bunting:
• Hjernen søkjer kontinuerleg etter meining og samanhengar
• Hjernen lærer både av perifer og fokusert merksemd, og kan forhalde seg til samtidige funksjonar
• Hjernen har stor yting ved komplekse og meiningsfulle utfordringar, når truslar er fråverande
• Ekte læring engasjerer heile fysiologien (kjensler, intellekt, kropp)
• Dette høver med gode forteljingar som kunnskapsberarar!
• Ved forventingar om indirekte læring frå ulykker er det difor ikkje urimeleg å sjå nøye på forteljinga om ulykka
Læring og leiarskap – ei samanlikning
Kim & Mauborgne
- Om godt leiarskap
Antonovsky
- Om helsefremjing
Forankring Explanation Explicable
Predictable
Forandring Expectation clarity Manageable
Forståing Engagement Meaningful
Tilsynet og tilsynsrapporten
• Ulike føremål med tilsyn, undersøkingar og granskingar– Plassering av ansvar, påvise lovbrot (system, individ)– Førebygging– Årsaksoppklåring
• Alle desse tre kan i og for seg ha noko å gjere med læring
• Læring i forhold til kven som utfører tilsynet?– Ad hoc-organ - då blir rapporten svært sentral– Særlege (tilsyns)organ - kan òg nytte andre verkemiddel– Verksemda sjølv - høve til ekte
erfaringslæring
Om poenget er læring……
• ……er det rimeleg å leggje til grunn at det skjer best når erfaringsformidlinga:
–Kjem nær undersøkinga/hendinga i tid og stad
–Sikrar aktiv deltaking frå involverte
–Presenterer ei god framstilling (les: forteljing) av dei aktuelle forholda og årsaksoppfatingane; gjerne multimodalt, som relevante personar kan forstå og kjenne seg att i
–Held ope for undring der ein ikkje er sikker
–Opnar for spørsmål utanfrå (les: høyring)
Mogelege konklusjonar
• Om læring er spørsmålet, så finst det betre svar enn tilsyn
• Om rettstryggleik er spørsmålet, så er tilsyn eit av svara
• Alt som har med rettstryggleik å gjere må utførast med stil
• Men når ein først utfører tilsyn, så får ein i søkk og kav av erfaringar som det ville vere dumt ikkje å nytte til læring og utvikling
• Og det må vel vere eit ansvar for verksemda/ kommunen sjølv?
• Tilsynsorgana bør utfordrast til å presentere funna sine gjennom gode ”forteljingar”. For læringseffekt er truleg dette meir vesentleg enn dei konklusjonane som tilsynet presenterer.
16