Fryktar kø på Foto: Seth Wenig / AP / NTB scanpix flyplassen · 2017. 1. 19. · og Kina har...

4
kort klart & TORSDAG 19.01.2017 NYHENDE PÅ NYNORSK 2 STYRER: Donald Trump skal styre USA frå fredag. Trump og vennane tar styringa i mektige USA. Donald Trump byter jobb. Frå fredag er han president i USA. Han tek over etter Barack Obama. Trump får mykje makt. Mange lurer på kva som vil skje framover. Kan han styre som han vil? Vil han gjere alt han har sagt? Trump skal skaffe jobbar til amerikanarane. Han vil bygge mur mot Mexico. Og han er skeptisk til forsvars- samarbeidet NATO. – Veljarane hans trur på han. Men han har ikkje klart å samle folket, seier Vårin Alme til Klar Tale. Ho er ekspert på USA. Trump kan bli den minst populære presidenten, seier ho. Mange meiner Trump verkar sint. Han roper ofte når han snakkar. Og han har sagt ting som sjokkerer. Kan dette påverke måten han styrer på? – Vi veit ikkje sikkert. Er det han seier planlagt? Eller er alt tull og lite planlagt? sier Alme. Kristine Lindebø [email protected] Kva skjer no? Les meir på side 2 – Det vil ta lenger tid før politiet kjem når du treng hjelp. REISE: Det var kaos på Oslo lufthamn i or. Folk stod i lange køar for å vise pass. Det var for få personar på jobb. Det kan bli nye køar til sommaren. Organisasjonen NHO fryktar at køane øydelegg for reiselivet. Fleire passasjerar skal reise til og frå Oslo i år, skriv NTB. TYRKIA: Mannen som drap 39 folk på nyttårsaftan er tatt. Det seier tyrkiske styresmakter. Han blei arrestert i Istanbul i Tyrkia. Mannen er frå Usbekistan og skal ha blitt trent i Afghanistan. Han skal ha vedgått terroren som skjedde på nattklubben Reina. Fryktar kø på flyplassen Tok terrorist Foto: Seth Wenig / AP / NTB scanpix

Transcript of Fryktar kø på Foto: Seth Wenig / AP / NTB scanpix flyplassen · 2017. 1. 19. · og Kina har...

Page 1: Fryktar kø på Foto: Seth Wenig / AP / NTB scanpix flyplassen · 2017. 1. 19. · og Kina har stoppa søket. 239 menneske døydde då flyet styrta i 2014. Ein flyktningleir i Nigeria

kortklart& TORSDAG

19.01.2017

NYHENDE PÅ NYNORSK

2

STYRER: Donald Trump skal styre USA frå fredag.

● Trump og vennane tar styringa i mektige USA.

Donald Trump byter jobb. Frå fredag er han president i USA. Han tek over etter Barack Obama.

Trump får mykje makt. Mange lurer på kva som vil skje framover. Kan han styre som han vil? Vil han gjere alt han har sagt?Trump skal skaffe jobbar til amerikanarane. Han vil bygge mur mot Mexico. Og han er skeptisk til forsvars-samarbeidet NATO.

– Veljarane hans trur på han. Men han har ikkje klart å

samle folket, seier Vårin Alme til Klar Tale. Ho er ekspert på USA.

Trump kan bli den minst populære presidenten, seier ho. Mange meiner Trump verkar sint. Han roper ofte når han snakkar. Og han har sagt ting som sjokkerer. Kan dette påverke måten han styrer på?

– Vi veit ikkje sikkert. Er det han seier planlagt? Eller er alt tull og lite planlagt? sier Alme.

Kristine Lindebø[email protected]

Kva skjer no?Les meir på side 2

– Det vil ta lenger tid før politiet kjem når du treng hjelp.

REISE: Det var kaos på Oslo lufthamn i fjor. Folk stod i lange køar for å vise pass. Det var for få personar på jobb. Det kan bli nye køar til sommaren. Organisasjonen NHO fryktar at køane øydelegg for reiselivet. Fleire passasjerar skal reise til og frå Oslo i år, skriv NTB.

TYRKIA: Mannen som drap 39 folk på nyttårsaftan er tatt. Det seier tyrkiske styresmakter. Han blei arrestert i Istanbul i Tyrkia. Mannen er frå Usbekistan og skal ha blitt trent i Afghanistan. Han skal ha vedgått terroren som skjedde på nattklubben Reina.

Fryktar kø på flyplassen

Tok terrorist

Foto

: Set

h W

enig

/ A

P /

NT

B s

canp

ix

Page 2: Fryktar kø på Foto: Seth Wenig / AP / NTB scanpix flyplassen · 2017. 1. 19. · og Kina har stoppa søket. 239 menneske døydde då flyet styrta i 2014. Ein flyktningleir i Nigeria

2 TORSDAG19.01.2017

Politiet er i endring ● Fleire politibilar på

vegane, men større område å jobbe i. Mange er bekymra for den nye planen til politiet.

Norsk politi skal bli meir moderne. Det ønsker regjeringa. Dei vil endre måten politiet jobbar på. Men mange er bekymra for den nye nærpoliti-reforma.

Det blir færre politidistrikt. Før var det 27 distrikt, men no skal det berre vere 12. Det skal opnast sju nye lensmannskontor, men 126 kontor blir stengde.

I Lødingen i Nordland mister dei kontoret. Ordførar Atle Andersen er spent. – Kor trygge kan folk i Lødingen kjenne seg? seier han til Klar Tale.

Folk har kunne møte lensmannen på kontoret éin dag i veka. Blir det mindre trygt når kontoret blir stengt? – Det kan opplevast mindre trygt, seier ordføreren.

Regjeringa vil ha fleire politifolk ute på vegane. Politiet skal vere der du og eg bur. I alle fall der dei fleste av oss bur.

Samstundes skal politiet bli betre på å løyse større saker. Men politifolk er også bekymra. Dei har fått ein rapport om endringane.

– Det vil ta lenger tid før politiet kjem når du treng hjelp. Politiet blir mindre å sjå i distrikta, seier Egil Landestad til kanalen NRK. Han er politi i Fredrikstad i Østfold.

Det vil ta lang tid å utvikle dei nye distrikta, skriv politiet på nettsidene sine.

Kristine Lindebø [email protected]

I BIL: Politiet skal køyre meir rundt på vegane. Dei skal bli meir moderne, håpar regjeringa.

Foto

: Gor

m K

alle

stad

/ N

TB

sca

npix

NOREG

OPPGÅVA

Page 3: Fryktar kø på Foto: Seth Wenig / AP / NTB scanpix flyplassen · 2017. 1. 19. · og Kina har stoppa søket. 239 menneske døydde då flyet styrta i 2014. Ein flyktningleir i Nigeria

TORSDAG19.01.2017 3

– Storbritannia skal heilt ut av EUSTORBRITANNIA: Storbritannia skal melde seg heilt ut av Den europeiske unionen (EU). Det sa statsminister Theresa May tysdag. Ho ønsker at Storbritannia og EU skal vere likestilte. Storbritannia skal ikkje vere «litt» medlem.

– Vi ønsker eit nytt og likestilt

partnarskap. Mellom eit sjølvstyrt Storbritannia og våre venner i EU, sa May i ei tale. May varslar forhandlingar om korleis forholdet til EU blir.– Det vil kreve gode idéar frå begge sider, sa May.

Ho kjem med ein plan for kva Storbritannia skal gjere.

Det skriv nyhendebyrået NTB. Det var folkerøysting i 2016 om Storbritannia skulle halde fram som medlem i EU. Eit fleirtal røysta for at landet skulle melde seg ut. Utmeldinga blir kalla for Brexit.

Gøril [email protected]

Fly styrta i landsbyKIRGISISTAN: Eit fly krasja midt i ein landsby i Kirgisistan. Minst 37 menneske døydde. Det russiske transportflyet skulle lande på flyplassen like ved. Det var tett tåke, og flyet bomma. 15 av dei døde budde i landsbyen der flyet styrta.

USA: President Barack Obama benådar Chelsea Manning. Den amerikanske soldaten var dømd til 35 års fengsel. Manning leverte hemmelege dokument til nettstaden WikiLeaks. Dokumenta fortalde fæle ting USA gjorde under krigen i Irak. Manning slepp fri 17. mai. Han har sete sju år i fengsel.

Varslar får sleppe ut av fengsel

FRI: Chelsea Manning var soldat. No slepp han ut av fengsel.

Foto: NTB scanpix Kort fortaltForskarar fann smykke i ein leir frå andre verdskrig. Fangar i leiren til nazistane eigde smykka. No prøver forskarane å finne familiane til fangane.

Ingen skal lenger leite etter flyet Malaysian Airlines MH370. Australia, Malaysia og Kina har stoppa søket. 239 menneske døydde då flyet styrta i 2014.

Ein flyktningleir i Nigeria blei bomba ved eit uhell måndag. Minst 52 menneske blei drepne i angrepet.

Åtte personar eig halvparten av alle verdiane i verda, viser ein ny rapport. Bill Gates frå USA er rikast av dei alle.

● Adama Barrow, 52 år gammal, ny president i Gambia.

● Barrow skal ta over makta 19. januar. Han vann valet, men den førre presidenten protesterer. Yahya Jammeh tok makta i 1994. Han ber retten om å seie at valet er ugyldig. Barrow ventar i utlandet mens saka blir løyst.

NAMN I NYHENDA

Foto: NT

B scanpix

Foto: NTB scanpix

Adama Barrow

Foto: NT

B scanpix

VERDA

Page 4: Fryktar kø på Foto: Seth Wenig / AP / NTB scanpix flyplassen · 2017. 1. 19. · og Kina har stoppa søket. 239 menneske døydde då flyet styrta i 2014. Ein flyktningleir i Nigeria

4 Konstituert redaktør: Gøril HuseKontakt oss: [email protected]

Nyhenda er skrivne av redaksjonen i avisa Klar Tale.KULTUR

– Kva er ditt favorittord?– «Frivillighet». (Nynorsk: Å gjere noko av fri vilje).

– Kvifor liker du dette ordet så godt?– Vi har 300 frivillige på filmfestivalen. Dei er drivkrafta til festivalen. – Kva ord liker du ikkje?– Det må nesten vere «tvang» som i «tvangs- utsending». Det er mangel på respekt for menneskeverd. – Hva er eit typisk film-ord?– Eg håpar eg kan komme med eit uttrykk. Då vil eg seie «snurr film». For meg betyr spenning og nostalgi. – Kva ord skildrar deg best?– Eg høyrer ofte at eg er «entusiastisk». Eg meiner sjølv at ordet «open» skildrar meg best. Open fordi eg vil ha med meg alt.

Karin Flø[email protected]

Martha Otte er 65 år. Ho er festivalsjef for Tromsø Internasjonale Filmfestival. Den varer til søndag.

MITT ORD

Vil ha med seg alt

Foto: Privat

Fanga av ein galen mann » Tre unge jenter blir kidnappa og fanga av ein galen mann.

Han har 23 ulike måtar å vere på. Jentene prøver å finne ein veg ut. Då skjønar dei at fangevoktaren Kevin har fleire truande måtar å vere på. Og den 24. måten er den farlegaste. Filmen «Split» har premiere fredag. Han passar for dei over 15 år.

Foto: United International P

ictures

Vil ikkje ha merksemdKONGEHUSET: Kronprinsesse Mette-Marit ber journalistar halde seg unna sonen Marius Høiby. 20-åringen vil ikkje vere ein offentleg person. Han er ikkje med i kongefamilien, står det i eit brev. Høiby skal byrje å studere i USA.

Færre bøker for ungdomLITTERATUR: Det kjem ut færre bøker for barn og ungdom. Spesielt blir det færre norske bøker. Det viser tal frå Norsk barnebok-institutt. I 2015 kom det 359 norske bøker for denne gruppa. I 2011 kom det 445, skriv avisa Klassekampen.

MUSIKK: Audun Kvitland Røstad blei plutseleg kjendis. Han laga ein song om den indonesiske matretten nasi padang. Musikkvideoen lasta han opp på video-tenesta YouTube. Mange elska videoen og kontakta han. – Eg fekk sjokk, seier han til avisa VG.

Plutseleg kjendis

MAT: Audun Kvitland Røstad er glad i nasi padang.

Foto: YouTube

FILM