Frequency

27
INSPIRER KUNDENE DINE TIL HANDLING! PRODUKTKATALOG GRAFISK DESIGNWEBSIDER3D-VISUALISERINGTRYKKSAKER PROFILERINGFILM OG FOTOFORRETNINGSUTVIKLINGKOMMUNIKASJONSLØSNINGER

description

 

Transcript of Frequency

Page 1: Frequency

InspIrer kundene dIne tIl handlIng!

prOduktkatalOg

grafIsk desIgnWeBsIder3d-vIsualIserIngtrykksakerprOfIlerIngfIlM Og fOtOfOrretnIngsutvIklIngkOMMunIkasjOnsløsnInger

Page 2: Frequency

PRODUKTKATALOG

FQ STRATEGIEin strategi er ein planmessig måte å tilnærme seg ei problemstilling på. Ved at ein

systematisk samlar riktig informasjon og gjev svar på «kvifor» nokon skal handle med bedrifta di, så legg du det gode grunnlaget for alt anna du gjer i marknadsarbeidet ditt. Ein strategi kan utviklast på mange nivå, så vi har difor utvikla desse ulike pakkane som gjer det

enklare for deg å finne ut kor grundig vi skal gå til verks i strategiarbeidet.

enkel - frå kr 5900,-standard - frå kr 29900,-avansert - frå kr 99900,-

skreddarsydd - frå kr 249900,-

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 3: Frequency

PRODUKTKATALOG

FQ KONSEPTEit godt konsept presenterer systematisk, presist og inspirerande bodskapen din, anten det er for bedrifta di generelt eller ulike konsept spesielt. Det handlar om å spisse bodskapen

og pakke denne inn riktig slik at ein fangar kunden si interesse. Eit konsept kan utviklast på mange nivå, så vi har difor utvikla desse ulike pakkane som gjer det enklare for deg å finne

ut kor omfattande prosess du ønskjer vi skal gjennomføre i konseptutviklinga.

enkel - frå kr 9900,-standard - frå kr 29900,-avansert - frå kr 49900,-

skreddarsydd - frå kr 99900,-

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 4: Frequency

PRODUKTKATALOG

INNOVATION TEAMMange bedrifter lever av å ligge i front i utviklinga av produktporteføljen. Dette er ofte

veldig krevjande arbeid og det kan vere vanskeleg å vere systematisk og kreativ i ein hektisk kvardag. Vi i Frequency har lang erfaring med både å køyre prosessar og ikkje minst med

å delta i utviklinga av nye produkt, og tilbyr difor kundane våre å kunne bistå i alle delar av innovasjonsprosessane med eit utviklingsteam.

Be om prosjektmøte

Page 5: Frequency

PRODUKTKATALOG

GRÜNDERPAKKEVi kjenner gründerane veldig godt, for mange i teamet vårt er nettopp gründerar sjølve!

Difor veit vi kor viktig det er å knyte til seg eit godt team som kan hjelpe deg gjennom den tøffe oppstartsfasen. Frequency kan vere eit slikt godt team å ha med på laget. Vi har laga

denne gründerpakken for deg som vil ha ein god start for bedrifta di innan eit fornuftig budsjett. Innhaldet vert vi samde om innanfor ditt spesifikke behov.

pris frå kr 5900,-

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 6: Frequency

PRODUKTKATALOG

GRAFISK DESIGNMange har stundom behov for smått og stort innan grafisk design i ei bedrift. Det kan til dømes vere at

ein har behov til å sette opp ei stillingsannonse, utforme ei brosjyre, sette opp design på ein roll-up eller andre «kvardagsting». Her fungerer Frequency som din eigen grafiske designar der vi prøver å vere så

tilgjengeleg som mogleg for deg når du treng assistanse innan designløysingar.

frå kr. 950,-

Lefdal Mine Datacenter has developed a unique datacenter solution - “The industrialization of datacenters”. Low cost and modularity in a scalable, green and secure facility based in Norway.

• Build out investments - 50 % lower than “above ground”• Nature given advantages – Low cost of “last mile” infrastructure• Cost leadership on lease of space • Standardization - Ensures high quality and lower investments • Low and stable power consumption – PUE < 1,10 • Highly competitive power prices - Long term contracts • Renewable power – Limited risk of future green taxes

The datacenter is an underground facility with leading infrastructure. The combination of the product itself, and Norway as location, makes it highly secure facility - unique worldwide.

• Mountain hall with high-level security and access control• Tier 3 with the possibility of Tier 4 infrastructure• Facility Management and Technical team - 24/7• Natural EMP protection and perimeter fencing• Redundant high capacity fiber connections with multiple

operators• Unlimited cooling - Constant water temperature of 7.5 C • Norway - political, economic and geological stability

The facility is large. One can reserve space for future growth, ensuring capital cost alignment and stability. We can deliver large-scale modular capacity “in weeks”, at low cost. The flexibility is unique.

• Total capacity – 120 000 m2 whitespace • “Unlimited” redundant green power and cooling • Designated areas - customizable • Large scale capacity added in 8 weeks • Trucks all the way in – Excellent logistics• One location – dual site• Nearby shipping port and airports - helipad on site

Conditions in Norway are conducive to Norway becoming a “superpower” for green datacenters. Lefdal Mine Datacenter offers Europe’s greenest datacenter solution.

• 98,5 % of all power production in Norway is renewable (Hydro)• 350 MW local power production – minimum transmission losses• Low power consumption – PUE < 1,10• CO2-neutral – “0” carbon emissions• The mine is already there – limited footprint and visual impact• No evaporative systems for cooling – “0” WUE• Norwegian green code of conduct

Cost Effective Unique Security Scalability Leading Green

The Norwegian Solution www.lefdalmine.com

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 7: Frequency

PRODUKTKATALOG

FQ PROFIL Ein heilskapleg profil er avgjerande for at bedrifta di skal framstå som ei samla og solid

eining ut i marknaden. Ikkje berre skal profilen sjå bra ut, men han må òg sende den riktige bodskapen mot den riktige målgruppa. Ein profil kan utviklast på mange nivå, så vi har difor utvikla desse ulike pakkane som gjer det enklare for deg å finne ut kor omfattande

prosess du ønskjer vi skal gjennomføre i profilutviklinga.

enkel - frå kr 4900,-standard - frå kr 15900,-avansert - frå kr 49900,-

skreddarsydd - frå kr 99900,-

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 8: Frequency

PRODUKTKATALOG

LOGOLogoen er sjølve sjela og hjartet av bedrifta sin profil utad. Ein god logo oppsummerer

mykje av det du står for og det du ønskjer at marknaden skal oppfatte deg som. Difor bør ein legge sjela si i å lage ein logo som er tidsriktig og som sender den riktige bodskapen om verdiane dine, teamet ditt og produkta dine. Ikkje alltid enkelt, men vi kjem alltid i mål

når vi jobbar godt saman!

enkel logo frå kr 1990,- avansert logo frå kr 25900,-

SERVICE POINT FOR THE

NORTH SEA

Måløy Maritime Group ASMaritim Park, N-6710 Raudeberg

[email protected]

Freq

uen

cy.no

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 9: Frequency

PRODUKTKATALOG

NAMNEUTVIKLINGÅ finne det riktige namnet på bedrifta di kan anten vere veldig enkelt eller veldig vanskeleg. Av og til har ein gått med eit namn i hovudet lenge, og så viser det seg at dette kanskje er oppteke eller oppbrukt. Nokre gonger sit namnet utan ekstern hjelp. Andre gonger går ein systematisk til verks for å utvikle det riktige namnet for bedrifta gjennom ulike teknikkar. Det

er viktig at namnet vert akseptert i marknaden, og namneutviklingsprosessen krev difor både kreativitet og presisjon. Vi kan hjelpe deg i prosessen!

frå kr 5900,-

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 10: Frequency

PRODUKTKATALOG

PROFILMANUALEin bedriftsprofil sklir ofte ut i praktisk bruk, og den opphavelege gjennomtenkte planen bak

profilen misser såleis litt av piffen. Dersom ein er flink med å lage ein manual på profilen sin, så har ein alltid eit felles dokument som alle må bruke i kvardagen. Slik skal visittkort sjå ut, slik skal brevark sjå ut, slik skal bilane sjå ut og så vidare. Ta godt vare på merkevara di

gjennom å lage ein god profilmanual som ein er streng med å handheve!

Profilmanual frå kr 9900,-

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 11: Frequency

PRODUKTKATALOG

FQ WEB I det digitale samfunnet vårt er ei god heimeside på Internett avgjerande viktig for å kunne

vere tilgjengeleg for kundane til ei kvar tid. Heimesida bør vere av ein slik kvalitet at han speglar bedrifta di slik ho elles er organisert, og mange flotte bedrifter trynar med å ha

nettsider som får ein til å framstå langt dårlegare enn ein faktisk er. Det handlar ikkje om pris, men om å vere bevisst på kva ein gjer og at ein gjer jobben skikkeleg. Ei heimeside

kan utviklast på mange nivå, så vi har difor utvikla desse ulike pakkane som gjer det enklare for deg å finne ut kor kompleks nettsida di treng å vere.

enkel - frå kr 9900,-standard - frå kr 19900,-avansert - frå kr 35900,-

skreddarsydd - frå kr 59900,-

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 12: Frequency

PRODUKTKATALOG

FQ FILM Visuell kommunikasjon vert stadig viktigare i den digitale verda vår, og ein god film er ofte

det som skal til for å få fram bodskapen din på ein presis og inspirerande måte. Vi har difor spesialisert oss på filmproduksjon på alle nivå, slik at vi klarer å fange essensen av

bodskapen din i den riktige sjangeren, med den riktige kameraføringa, den riktige musikken og den riktige kjensla. Eit filmkonsept kan utviklast på mange nivå, så vi har difor utvikla

desse ulike pakkane som gjer det enklare for deg å finne ut kor omfattande filmprosjekt du ser føre deg.

enkel - frå kr 9900,-standard - frå kr 39900,-avansert - frå kr 99900,-

skreddarsydd - frå kr 199900,-

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 13: Frequency

PRODUKTKATALOG

FOTO/FILMAv og til har du bruk for eit godt foto eller ein liten filmsnutt eller tre. Med mange års

erfaring frå journalistikk og mediefoto, så kan teamet vårt hjelpe deg med små og store film- og fotooppdrag der målet er å dokumentere ei hending eller å stille opp det perfekte biletet

av aktivitet og folk i bedrifta di.

foto frå kr 490,-film frå kr 4900,-

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 14: Frequency

PRODUKTKATALOG

3D-DESIGNDen beste måten å presentere eit komande prosjekt på er gjennom 3D-design og

animasjonar. Her har Frequency ein unik kompetanse både når det gjeld utøvande 3D-design og i oppbyggjinga av historier som gjev 3D-skissene meir verdi. Tenk kor flott det er å vise dei store visjonane dine akkurat slik du ser dei føre deg, for å inspirere kundar og partnarar til å bli med på prosjektet! 3D er meir kostnadseffektivt enn du trur, så ta kontakt

så skal vi hjelpe deg med å trylle fram prosjektet ditt!

frå kr 4900,-

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 15: Frequency

PRODUKTKATALOG

VISITTKORTVisittkortet er undervurdert som kommunikasjonsform. Ikkje berre er det ein kontaktskapar i overleveringsaugneblinken, men han held fram med å vere eit personleg bindeledd til

kunden lenge etter at møtet dykkar er over. Vi meiner difor at ein bør legge litt flid og kvalitet i visittkortet, som vi ofte kallar den forlenga armen din ute i marknaden. Visittkortet er ikkje

staden der du bør spare den siste tusenlappen i bedrifta!

frå kr 1990,-

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 16: Frequency

PRODUKTKATALOG

MAGASIN/AVISMed mange års erfaring innan journalistikk og magasinproduksjon, så har Frequency eit

komplett team som kan hjelpe deg med små og store publikasjonar. Kanskje har du behov for ei kundeavis, eit sentermagasin, eit magasin for eit område eller ei klynge eller kanskje

eit bransjeblad? Vi har vore innom det meste, så snakk med oss!

Be om prosjektpris

Page 17: Frequency

PRODUKTKATALOG

BROSJYRE/DMEi brosjyre er ein flott måte å fange kunden din si fulle merksemd. Dersom du køyrer ut

ein DM (direktemarknadsføring) i postkassene til kundane dine, så får du ein augneblink med kunden der berre du og bodskapen din er i fokus. I dagens virrvarr av inntrykk, er

desse augneblinka svært viktige for å posisjonere seg i marknaden og for å halde kunden interessert i produkta dine. Vi hjelper deg med kostnadseffektive løysingar innan brosjyrer og

direktemarknadsføring!

frå kr 14900,-

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 18: Frequency

PRODUKTKATALOG

DEKOR/FOLIERINGGod dekorering av bedrifta di gjer eit stort inntrykk på kundane dine. Ein framstår svært

heilskapleg når kontoret, bilen og lageret er korrekt dekoret ut frå profilen til bedrifta di. Vi kan hjelpe med å designe og montere dekor og foliering for bedrifta di, der ingen jobbar er

for små og ingen jobbar er for store.

frå kr 4990,-

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 19: Frequency

PRODUKTKATALOG

ARBEIDSKLEDEProfilerte arbeidsklede er svært viktig for mange ulike bedrifter, anten det er kontorarbeidarar

som treng skjorter eller det er entreprenørar som treng kjeledressar. Her leverer vi ferdig designa klede frå mange kjente kvalitetsleverandørar. Vi har til dømes utvikla konseptet

«Workwears» saman med NorTekstil i Måløy, der vi tilbyr komplette pakkar med arbeidsklede for bedrifta di.

Be om prosjektmøte

Page 20: Frequency

PRODUKTKATALOG

GÅVE- OG PROFILERINGSARTIKLARDet finst eit stort utval ulike gåve- og profileringsartiklar frå eit stort utval leverandørar. Vi handterer heile prosessen for deg, slik at det vert enkelt å skulle skaffe julegåver, messemateriell eller andre produkt du

treng i kontakt med kundane og dei tilsette. Kontakt oss med behovet ditt, så finn vi løysingar saman!

Be om prosjektmøte

Page 21: Frequency

PRODUKTKATALOG

EVENT/MESSE/STANDEin av dei viktigaste måtane å kome i kontakt med kundane på er å delta på messer og ha eigne

standar på ulike arrangement. Her får ein eit eige lite område som berre er sitt, der ein kan få gjort unna fleire titals møte på ein dag som det elles kunne ha teke månader å få gjennomført. Og ikkje

minst møter ein ofte beslutningstakarar på ein heilt annan måte på ei messe! Difor har vi spesialisert oss på gjennomføring av messer saman med gode samarbeidspartnarar og leverandørar. ONS og NOR-

FISHING er døme på messer der vi deltek som arrangørar.

frå kr 3900,-

Ei offisersutdanning ved Fagskulen i Måløy gjev deg store

jobbmulegheiter, nasjonalt og internasjonalt

“MARITIM AVDELING

MÅLØY2. år Fagskule

1. år Fagskule

2. år Fagskule

1. år Fagskule

DEKKSOFFISER1. år: Operativt nivå (D4)2. år: Leiingsnivå (D1)

MASKINOFFISER1. år: Operativt nivå (M4)2. år: Leiingsnivå (M1)

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 22: Frequency

PRODUKTKATALOG

ANNONSEPLASSERINGFrequency har i fleire år plassert store millionbudsjett for leiande aktørar i Noreg. Dette har gjeve oss

innblikk i ulike mediekanalar som gjer at vi kan vere gode rådgjevarar og forhandlarar når ein skal gjennomføre ein annonsekampanje. Vi har tru på den gode mixen i marknadsføringa, og kan difor sy saman solide pakkar som gjev deg brei og presis målretting mot kunden på tvers av kanalar og

mediehus. Her er det viktig å sjå på bruken både av lokale og nasjonale mediehus, sosiale medier, ulike plattformer og tilpassa bruk av bodskap. I stadig større grad veit vi mykje om kundane sin oppførsel, og

gjennom store datamengder kan vi skreddarsy pakkar mot nettopp dei som er ute etter produktet ditt.

Be om prosjektmøte

Page 23: Frequency

PRODUKTKATALOG

SOSIALE MEDIERSosiale medier har vorte ein av dei viktigaste kanalane for spreiing av informasjon i dag, og alle

bedrifter må på ein eller annan måte forhalde seg til denne røyndomen. Ein kanal som Facebook gjev unike måtar å kommunisere kostnadseffektivt på med kundane dine, men ofte krev dette at du legg ned

eit godt grunnlagsarbeid og at du framstår nær og engasjert for kunden. Her har ein høve til å tenke utradisjonelt og byggje merkelojalitet gjennom å gje av seg sjølv og underhalde og inspirere samstundes

som ein opplyser.

frå kr 1990,-

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 24: Frequency

PRODUKTKATALOG

TEKST/CONTENT MARKETING

Å produsere gode tekstar kan ofte vere eit problem. Anten har ein ikkje tid, eller så manglar ein kanskje evna til å formulere ein bodskap riktig. Frequency har mange års erfaring innan journalistikk

og reklametekst, og kan hjelpe deg med små og store oppdrag. Det kan anten vere utvikling av slagord og liknande små konkrete tekstar, eller produksjon av artiklar, nettbaserte saker, brosjyreinnhald,

kundemagasin, søknader og eventuelt lengre tekstar om ønskjeleg.

frå kr. 950,-

8 9

nye MOndeO MøTer

åkken som helstEin rå utsjånad, stappfull av sjølvtillit og ekstrautstyr og no tilgjengeleg med firehjulsdrift. Den nye Ford Mondeo skal sette ein ny internasjonal standard i

segmentet. Då reklamefilmen skulle lagast, var det på Sandane Lufthamn i Gloppen!Bilmagasinet Nordfjord var gjest hos Eid Motor og Ford Motor Company som eitt av tre magasin i verda som fekk delta på den storslegne film-innspelinga på flystripa på San-dane Lufthamn. Med stjernere-gissøren frå The Fast and the Furious-filmane, Rob Cohen, i førarsetet, kunne ikkje lanse-ringa av den nye Ford Mondeo verte tøffare. – Denne bilen ligg ekstremt langt framme, seier marknadsdirektør i Ford Norge, Geir Haugaard.

FAnSen VenTArDet er store forventningar til den nye Ford Mondeo. Med ryk-tet som ein av dei mest køyrevil-lige og dynamiske bilane i seg-mentet, er det mange som gler seg som born til å sette seg bak rattet i den nye køyremaskina. - Når bilen no kjem ut hos for-handlarane våre, så står det ei stor hærskare med fans og ven-tar på han. Du kan parkere bilen ved sidan av nær sagt kva som helst, og han skil seg ut på uts-jånaden og på det som har med

teknologi å gjere, seier ein entu-siastisk marknadsdirektør Hau-gaard til Bilmagasinet Nordfjord under filminnspelinga.

innOVATiVe løySinGArDen nye Ford Mondeo har ei lang rekkje godtbitar å by på, med alt frå adaptive LED-lys som følgjer bilens bevegelse og fart for optimalisert sikt til nyvinningar som oppblåsbare setebelte i baksetet, som eit nytt og barnevenleg sikkerheit-

stiltak. - Ford har i tillegg forbetra den automatiske lukeparkeringa, det er installert eit system som varslar om motgåande trafikk ved innkøyring på hovudveg og ikkje minst er setene kraftig oppjusterte med mange ulike funksjonar for massasje og just-eringar, smiler Geir Haugaard, og legg til at han reknar med at firehjulstrekk på Mondeoen kjem til å verte eit særs pop-ulært tilval i vinterlandet Noreg.

Då den verdskjende regissøren Rob cohen (the Fast & the Furi-ous) fekk jobben om å regissere den nye reklamefilmen til Ford Mondeo, var det mange flyplas-sar som var under lupa for å bli utvald som innspelingsstad. Men eit YouTube-klipp var avg-jerande for at Rob Cohen valde nettopp Sandane Lufthamn til denne store hendinga.

Bilmagasinet Nordfjord og me-diebyrået Frequency fekk eit eksklusivt intervju med stjer-neregissør Rob Cohen under innspelinga på Sandane, og det var tydeleg at dei var imponerte over naturen i Nordfjord. - Vår

produsent Jeff Trenner sendte meg et klipp frå Youtube som heitte ”Landing at Sandane”. Då eg hadde sett denne var ein ting klart: Det var ingen anna flyplass i verda som passa betre enn San-dane. Vi hadde personar som leita etter flyplass i Kroatia, Ita-lia, Tyskland, Østerrike, Island, Spania og Irland, fortel Cohen til Bilmagasinet Nordfjord.

SAndAne PerFekTDet var fleire kvalitetar ved Sandane som passa perfekt for innspelinga. - Vi ville at flyplassen skulle ha ei vanskelig landingsstripe, spesielt på nattetid når lysa går

av. Storyen i filmen går ut på at eit småfly skal lande, men på grunn av tekniske vanskeleghe-iter forsvinn alt lyset. Dette ser mannen i filmen og lyser opp flyplassen ved hjelp av naud-blink og alle dei karakteristiske lysfunksjonane på bilen. Dette gjer at piloten kan lande trygt på flyplassen.

TilbAke Til GAMle MinnerÅ kunne få reise til Noreg og spele inn filmen, var Rob Cohen svært nøgd med. - Eg var i Norge på 70-talet og har aldri gløymt denne fantas-tiske staden. Då var eg student

og reiste rundt med tog frå Oslo til Bergen. Då fekk eg sjå den flotte naturen, isbreane og fjella. - Eg har mange fine minne her-ifrå. Derfor var det veldig fint å få kunne kome tilbake hit, og spesielt kunne spele inn ein film i eit slikt landskap. Vi såg mange bilete frå Sandane og området rundt, og då var det ikkje leng-er noko tvil: Vi skulle spele inn denne reklamefilmen der, fortel Cohen.

TEKST: miRiAm eDleR

FOTO: FoRD

FRequency.no

TEST: Ford Mondeo

hOllyWOOd Til

SAndAne LufthAmn

VerdS- nyheiT

TøFF deSiGn

eidMOTOr

Den nye Ford Mondeo har fansen venta lenge på, og han har vore verdt ventetida. Tøffare front skal du langt opp i

millionklassen for å finne!

Bilete frå filminnspelinga med nye Ford Mondeo på Sandane Lufthamn. Regien på reklamefilmen er ved Rob Cohen, stjerneregissøren frå Fast &

Furious-filmane.

Likte du denne bilen? Fortel oss kvifor og

vinn ein iPad Air! Sjå side 2.

Vinn ein iPad!

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 25: Frequency

PRODUKTKATALOG

MARKNADS-UNDERSøKING

Før du skal inn i ein marknad, er det viktig at du er orientert om dagens marknad og om potensialet i nye marknadssegment. Frequency har mange års erfaring med forretningsutvikling innan både nye og tradi- sjonelle marknader, og vi har ulike systematiske metodar for å kunne kartlegge marknadspotensialet for

produktet ditt på ulike grundigheitsnivå. Berre det å spørje konkrete kundar om dei ønskjer produktet ditt kan vere ein fin måte å skaffe seg både innsikt og kundeemne på.

frå kr. 5900,-

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 26: Frequency

PRODUKTKATALOG

BILPROMOVi elskar bil! I mange år har Frequency produsert redaksjonelt forbrukarstoff om nye bilar, både for loka-laviser og i eigne publikasjonar. Vi har testkøyrt hundrevis av bilar, vi har skrive omtalane, teke bileta og filma nye bilar med følgjebil. Vi byggjer promoteringspakkar for deg som skal selje nye og/eller brukte

bilar. Evt om du vil ha fram det øvrige tilbodet i verksemda di. Pakkane kan inkludere alt frå innhaldspro-duksjon til spreiing i ulike mediekanalar og på sosiale medier.

frå kr. 4990,-

*Pris er estimat og eks. mva.

Page 27: Frequency

PRODUKTKATALOG

MANAGEMENT FOR HIRE

For mange bedrifter strekk ikkje alltid tida til, og det er heller ikkje uproblematisk å skulle tilsette nye folk. Ofte er det snakk om deltidsstillingar, og i mange tilfelle får ein

berre eit avgrensa kompetansefelt hos den tilsette. I og med vi i Frequency har eit breitt kompetansefelt innan drift og organisering i næringslivet, så tilbyr vi å kunne leige

ut kompetanse anten på timebasis eller som engasjement over tid. Ein kan då få eitt kontaktpunkt i bedrifta, men likevel spele på kompetansen til heile Frequency-teamet.

Be om prosjektmøte