FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet...

27
Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET MØTEBOK Møtedato: 07.05.2015 Møtetid: Kl. 09:00 – 11:55 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 049/15 - 057/15 Desse medlemmene møtte: Parti Anders Ryssdal Sp Per Jarle Myklebust Sp Kristin Sandal Sp Anniken Rygg H Gunnvor Sunde SD Arnfinn Brekke Krf Ragnar Eimhjellen V Sjur Atle Austrheim Uavhengig Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Ola Tarjei Kroken Ap Peter Holvik Lothe Ap Ugilde Sak § i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Kristin Sandal 53/14 6, 2. ledd Ingen Møteleiar: Anders Ryssdal Frå adm. møtte: - Rådmann Jan Kåre Fure - Avd. ing. Bjørn Aurlien på deler av sak 50/15 - Organisasjonssjef Geir Liavåg Strand på sak 52/15 Utlevert i møtet: Orientering: Sjå sak 50/15! Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: - Styreleiar i Gloppen Energi AS, Ingolf Aagård, orientert i sak 50/15. Møtet vart lukka i medhald av kommunelova § 31, nr 5 under denne delen av møtet - Bjørg Skarstad frå Fagforbundet og Hilde Arnestad frå Utdanningsforbundet var med på behandlinga av sak 52/15 Underskrifter: Anders Ryssdal

Transcript of FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet...

Page 1: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 1

GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET

MØTEBOK

Møtedato: 07.05.2015 Møtetid: Kl. 09:00 – 11:55 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 049/15 - 057/15 Desse medlemmene møtte: Parti Anders Ryssdal Sp Per Jarle Myklebust Sp Kristin Sandal Sp Anniken Rygg H Gunnvor Sunde SD Arnfinn Brekke Krf Ragnar Eimhjellen V Sjur Atle Austrheim Uavhengig Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Ola Tarjei Kroken Ap Peter Holvik Lothe Ap Ugilde Sak § i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Kristin Sandal 53/14 6, 2. ledd Ingen Møteleiar: Anders Ryssdal Frå adm. møtte: − Rådmann Jan Kåre Fure

− Avd. ing. Bjørn Aurlien på deler av sak 50/15 − Organisasjonssjef Geir Liavåg Strand på sak 52/15

Utlevert i møtet: Orientering: Sjå sak 50/15! Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: − Styreleiar i Gloppen Energi AS, Ingolf Aagård, orientert i sak

50/15. Møtet vart lukka i medhald av kommunelova § 31, nr 5 under denne delen av møtet

− Bjørg Skarstad frå Fagforbundet og Hilde Arnestad frå Utdanningsforbundet var med på behandlinga av sak 52/15

Underskrifter: Anders Ryssdal

Page 2: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 2

SAKLISTE Sak nr. Sakstittel

049/15 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste

050/15 Referat og orienteringssaker

051/15 Nordstrandsvegen - ei kort orientering om ferdigstilling av arbeidet

052/15 Kommunereforma: Ein statusrapport til formannskapet 7. mai 2015

053/15 TV-aksjonen 2015 - oppnemning av lokal komité - kommunalt tilskot

054/15 Suppleringsval av møtefullmektig i forliksrådet

055/15 Agro Business Park SA - søknad om midlar til dekking av underskot og spørsmål om vidare drift

056/15 Rapport frå forvaltningsrevisjon: Kommunal saksgang og dokumenthandtering i Gloppen

057/15 Fråsegn frå Gloppen formannskap til jordbruksforhandlingane 2015

Page 3: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 3

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet 07.05.2015 049/15 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Arkiv: 033 Objekt:

Arkivsaknr.: 15/630-1

Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Møteboka frå formannskapet sitt møte den 23. april i år blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber ordføraren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet.

ORDFØRAREN SI TILRÅDING : 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 7. mai 2015. 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK : 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 7. mai 2015. Vedtaket var samrøystes.

Page 4: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 4

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet 07.05.2015 050/15 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Arkiv: 033 Objekt:

Arkivsaknr.: 15/629

Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel

1 15/5200 I 24.04.2015 Statens Vegvesen Innkalling til møte om E39 Byrkjelo - Grodås

2 15/5201 I 23.04.2015 Svein Ottar Sandal Uttale - Kva vil regjeringa med distriktsnoreg

Orienteringssaker: Frå styret i Gloppen Energi AS: − Om drifta av Gloppen Energi AS og deira vurdering av spørsmålet om tilbakeføring

kommunen sine kraftstasjonar m m

Rådmannen vil be om at møtt blir lukka under denne orienteringa. Heimelen for å lukke møtet er kommunelova § 31, nr 5, som lyder slik: Et folkevalgt organ kan vedta å lukke et møte når hensynet til tungtveiende offentlige interesser tilsier det, og det vil komme fram opplysninger i møtet som kunne ha vært unntatt offentlig innsyn etter lov 19. mai 2006 nr. 16 (offentleglova) dersom de hadde stått i et dokument.

Frå rådmannen: − Om arbeidet med reguleringsplanen på Øyrane

o Kan ei cruisekai plasserast i dette området? − Spørsmål på møtet den 23. april om trafikktryggingsplanen

o Rullering og presentasjon

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 07.05.2015 FORMANNSKAPET

Page 5: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 5

Møtet vart lukka under orienteringa frå styreleiar i Gloppen Energi AS. Heimelen for å lukke møtet er § 31, nr 5 i kommunelova. Andre orienteringar: − Nedlegging av minnekransar på Gimmestad og Breim kyrkjegardar 17. mai i samband

med 70-årsmarkeringa av fredsvåren 1945 − Utdeling av minnemedalje til attlevande veteranar. Spørsmål frå Arnfinn Brekke om behandling av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet sin førespurnad om mottak av flyktningar: − Spørsmålet om auka mottak av flyktningar kjem opp som sak på neste formannskapsmøte. Spørsmål frå Ragnar Eimhjellen om rekneskapen for 2014 og den økonomiske situasjonen i 2015 − Rekneskapen for 2014 blir lagt fram for formannskapet i samsvar med planen den 4. juni − Rapporten for 1. tertial 2015 blir lagt fram for hovudutvala på mai-møta og for

formannskapet den 4. juni. Spørsmål frå Sjur Atle Austrheim om status for tilbakeføring av Elvaneset − Rådmannen arbeider for løyse saka. Hovudproblemet er innløysinga av det tidlegare

industribygget til RensVask. Spørsmål frå Sjur Atle Austrheim om felles synfaring i Jardalen i samband med søknaden om dispensasjon frå kommuneplanen for veg på Søreidestøylen − Dette er aktuelt nå det blir bert. 050/15 VEDTAK : Det vart ikkje gjort vedtak i saka.

Page 6: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 6

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 07.05.2015 051/15 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jostein Moldestad

Objekt: Arkiv: Q13 &40

Arkivsaknr.: 09/152-62

Nordstrandsvegen - ei kort orientering om ferdigstilling av arbeidet Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Rådmannen viser til spørsmålet om saka som vart stilt på formannskapsmøtet den 23. april i år. Her er ein kort status: Status for arbeidet med Nordstrandsvegen, jf tilbodet frå Veidekke industri AS er slik:

• Det står att oppsetting av trafikkskilt • Oppsetting av nytt gjerde frå der «Karikiosken» sto og til vegkrysset med Krånavegen

og asfaltering av parkeringsplassen. Oppsetting av trafikkskilt er venta ferdig medio mai månad. Riving av den gamle støypekanten og montering av nytt gjerde langs parkeringsplassen mot Krånavegen vert gjort når området der kiosken sto skal opparbeidast. Plan for dette området er ferdig, men var ikkje med i tilbodet frå Veidekke industri AS for opparbeiding av Nordstrandsvegen. Vi har fått eit tilbod frå Veidekke industri AS for opparbeiding av dette området på kr 790.000,- eks mva. Den 28.04.15 har vi i møte med entreprenøren bedt om innspel til å få redusert kostnaden og ventar å få svar på dette om kort tid. Planen er å finansiere denne kostnaden med bruk av avløpsfondet p.g.a.at det i arbeidet med Nordstrandsvegen vart utført arbeid med avløpsnettet som skulle vore utgiftsført på sjølvkostområdet for avløp. Det vert lagt fram eiga sak om dette til møte i teknisk og landbruksutvalet den 26. mai.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet tar saka til orientering. 07.05.2015 FORMANNSKAPET

Page 7: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 7

051/15 VEDTAK : Formannskapet tar saka til orientering. Vedtaket var samrøystes.

Page 8: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 8

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 07.05.2015 052/15 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: 002

Arkivsaknr.: 14/821-61

Kommunereforma: Ein statusrapport til formannskapet 7. mai 2015

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 247372 Utkast intensjonsavtale - stor - oppdatert 29 april 2015 Bakgrunn for saka: Rådmannen tar sikte på å legge fram ein statusrapport for vårt arbeid med kommunereforma kvar månad, det vil i praksis seie på kvart møte. Sidan siste møtet i formannskapet har det vore to møte i «Sunnfjord-alternativet». Når det gjeld «Nordfjord-alternativet» og «0-alternativet» er det ikkje noko nytt å orientere om sidan sist. «Sunnfjord-alternativet» 29. april var første forhandlingsmøte om intensjonsavtalen som skal inngåast på bakgrunn av det utgreiingsarbeidet som no ligg føre. Etter planane skal vi ha to forhandlingsmøte til, den 8. og 15. mai. Utkastet til intensjonsavtale så langt som vi kom i møtet den 29. april ligg ved. Dette er sjølvsagt avtalen for det alternativet vi er med på. Det er PwC sin delrapport nr 2 (som vart lagt fram for formannskapet den 23. april) som ligg til grunn for intensjonsavtalen. Samanlikna med PwC sine tilrådingar, seier intensjonsavtalen at skal leggast til rette for «desentraliserte rådhusfunksjonar». PwC tilrår ikkje ei slik funksjonsdeling. Elles er det ikkje noko nye og overraskande punkt i utkastet til intensjonsavtale. Namnet på kommunen ser ut til å bli «Firda» og kommunesenteret blir Førde. På forhandlingsmøtet fekk rådmannen i Flora i oppdrag å lage ei skisse til oppgåvefordeling innanfor den nye stor-kommunen. --- Det andre møte som har vore sidan siste orientering var eit møte med fokus på arbeidsmarknad, busetting og kommunikasjonar i den nye stor-kommunen. Kva positive verknader vil ein storkommune kunne ha på desse områda?

Page 9: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 9

PwC skal lage ein eigen rapport på dette, som også skal vere klar til fellesmøtet mellom formannskapa den 22. mai. Til ettertanke… Ein storkommune slik vårt Sunnfjord-alternativ er, er sjølvsagt meir utfordrande for Gloppen og Flora enn for dei andre kommunane som i stor grad allereie samarbeider både næringsmessig og om kommunale oppgåver. Det blir derfor interessant å sjå kva rådmannen i Flora legg fram som skisse til funksjonsfordeling, og korleis dei andre deltakarane tar imot skissa. For å få til ei løysing, må sjølvsagt denne også vere til fordel for andre enn Førde. Intensjonsavtalen er naturleg nok ikkje særleg konkret. Slik må det vere viss alle skal bli samde. For oss er det likevel viktig å arbeide for å gjere avtalen meir handfast, sjølv om vi heile tida må hugse på at intensjonsavtalen ikkje er noko å slå i bordet med når det nye kommunestyret skal gjere sine vedtak. Avtalen vil berre vere «moralsk» bindande. Sjølv om ein stor-kommune vil bli eit tyngdepunkt i fylket, og kanskje vere med på å slå beina under arbeidet med å oppretthalde Sogn og Fjordane som eigen fylkeskommune, er det ikkje sjølvsagt at det som samla sett er bra for stor-kommunen er bra for vårt lokalsamfunn. Denne problemstillinga kom tydleg fram på møtet då vi drøfta kva effektar ein storkommune kan få på arbeidsmarknad, busetting og kommunikasjonar. Det er rådmannen sitt inntrykk at dei andre kommunane ønskjer å ha Gloppen med. Dei to rådgjevarane på intensjonsavtalen (Øhlckers & Flæte) er tydelege på at berre ein storkommune kan bli «ei regional kraft som kan ta oppgåver frå stat og fylke», som avisa Firda skriv etter forhandlingsmøtet den 29. april. I denne storkommunen med Flora og Gloppen vere med. --- Til denne orienteringa er også dei to tillitsvalde til reformarbeidet i Gloppen – Bjørg Skarstad frå Fagforbundet og Hilde Arnestad frå Utdanningsforbundet – inviterte.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet tar saka til orientering. 07.05.2015 FORMANNSKAPET Bjørg Skarstad frå Fagforbundet og Hilde Arnestad frå Utdanningsforbundet var med på behandlinga av saka. Formannskapet meiner det er aktuelt å ha eit felles møte mellom formannskapa i Gloppen, Eid, Stryn og Hornindal før kommunestyrevalet i haust. Organisasjonssjef Geir Liavåg Strand presenterte innbyggarkartlegginga som er gjennomført i Balestrand. 052/15 VEDTAK : Formannskapet tar saka til orientering.

Page 10: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 10

Vedtaket var samrøystes.

Page 11: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 11

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 07.05.2015 053/15 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: X03

Arkivsaknr.: 15/598-3

TV-aksjonen 2015 - oppnemning av lokal komité - kommunalt tilskot

Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Regnskogfondet er i år tildelt innsamlingsaksjonen på TV, som skal gjennomførast søndag den 18. oktober. På vanleg måte er kommunane bedne om å peike ut ein lokal komité. Saksutgreiing: I fjor oppnemnde formannskapet denne lokale innsamlingskomitéen: − Ola Tarjei Kroken, leiar − Marit Straume − Margit Nyhammer − Else Tystad − Liv Randi Teige − Jeffrey Thomas − Eva Vigerust − Reidar Moldestad. I tillegg bad formannskapet om at Firda Tidend og Sparebanken Sogn og Fjordane, avd. Gloppen peika ut eitt medlem kvar til komitéen. Marit Straume og Reidar Moldestad bad i fjor om å bli fritekne etter at dei fekk melding om valet. Korleis dette var handtert, kjenner rådmannen ikkje til. Rådmannen har heller ikkje oversikt over om nokon andre av dei som vart valde i fjor vart bytta ut og om nye kom til. --- Siste åra har formannskapet løyvd kr 10.000,- frå kommunen til TV-innsamlinga. Førebels har fylkesaksjonskomitéen ikkje bede om kommunalt tilskot, men det er grunn til å rekne med at ei slik oppmoding kjem. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Det er sett av kr 10.000,- på budsjettet for 2015, som er tenkt til TV-aksjonen. Rådmannen si vurdering: Rådmannen kjem ikkje med framlegg til kandidatar, og tilrår heller ikkje noko bestemt kommunal løyving. Dei som blir valde/attvalde bør spørjast på førehand.

Page 12: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 12

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : 1. Formannskapet vel følgjande kandidatar til lokal komité for TV-innsamlinga i 2015:

- ……, leiar - …… - …… - …… - …… - ……

Formannskapet oppmodar Firda Tidend og Sparebanken Sogn og Fjordane, avd. Gloppen å oppnemne kvar sin representant til komitéen. Komitéleiaren får fullmakt til å supplere komitéen, viss noen av dei oppnemnde ikkje har høve til å delta.

2. Formannskap løyver kr ……….. i kommunalt tilskot til TV-innsamlinga. 07.05.2015 FORMANNSKAPET Kristin Sandal gjekk frå som ugild etter § 6, 2. ledd i forvaltningslova sidan ho er fylkesaksjonsleiar for innsamlinga. 053/15 VEDTAK : 1. Formannskapet vel følgjande kandidatar til lokal komité for TV-innsamlinga i 2015:

- Ola Tarjei Kroken, leiar - Margit Nyhammer - Else Tystad - Liv Randi Teige - Jeffrey Thomas - Eva Vigerust - Gunnvor Sunde - I Hyen: den som var med i staden for Marit Straume i fjor

Formannskapet oppmodar Firda Tidend og Sparebanken Sogn og Fjordane, avd. Gloppen å oppnemne kvar sin representant til komitéen. Komitéleiaren får fullmakt til å supplere komitéen, viss noen av dei oppnemnde ikkje har høve til å delta.

2. Formannskap løyver kr 10.000,- i kommunalt tilskot til TV-innsamlinga. Vedtaket var samrøystes.

Page 13: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 13

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 07.05.2015 054/15 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Geir Liavåg Strand

Objekt: Arkiv:

Arkivsaknr.: 111/145- 25

Suppleringsval av møtefullmektig i forliksrådet

Ingen vedlegg. Frå tidlegare behandling

Bakgrunn for saka: Etter forliksrådsforskrifta § 3 skal det vere eit utval av faste møtefullmektigar ved kvart forliksråd. Desse skal peikast ut av kommunen kvart fjerde år, og valperioden følgjer forliksrådet. Komande periode er altså frå 2013 til 2016. Saksutgreiing: Justisdepartementet skriv dette om ordninga:

Om møtefullmektigen Møtefullmektigene oppnevnes av kommunen hvert fjerde år. Flere kommuner kan gå sammen om et felles møtefullmektigutvalg. En møtefullmektig behøver ikke være bosatt i kommunen. I spørsmål om en part har møteplikt kan sekretariatet gi veiledning om bestemmelsene i tvistemålsloven §§ 278 og 279, men avgjørelse på dette punkt hører under forliksrådet. Sekretariatet skal til enhver tid ha en oppdatert oversikt med navn og kontaktinformasjon på møtefullmektigene og skal gi parter som ønsker å benytte møtefullmektig nødvendig veiledning, slik at parten kan kontakte en fullmektig. Som fast møtefullmektig kan oppnevnes enhver person som er over 25 år med alminnelig god samfunnsmessig kunnskap og som godt behersker skriftlig og muntlig norsk språk, jf forliksrådsforskriften § 3 annet ledd. Det anses å være en fordel at de som oppnevnes har noe kunnskap om forliksrådets virksomhet. Møtefullmektigen bør kunne få noe veiledning om forliksrådet og forliksrådsbehandlingen ved å henvende seg til det aktuelle forliksråd og sekretariatet. Informasjon finnes også på www.regjeringen.no Møtefullmektigens forhold til parten Det er viktig å understreke at møtefullmektigen i forliksrådsbehandlingen kun representerer den parten han har fått oppdraget fra. Ved oppnevningen skal møtefullmektigene gjøres kjent med at de i den enkelte sak skal være uavhengige av andre interesser enn partens, slik at deres handlinger ikke påvirkes av utenforliggende hensyn. Det er viktig at det på forhånd tydelig avklares mellom parten og møtefullmektigen hva fullmakten innebærer og hvor langt møtefullmektigen kan strekke seg for bl.a. å få til et forlik under meklingen. I enkelte tilfeller kan det være hensiktsmessig at en slik fullmakt gjøres skriftlig. Parten har selv et ansvar for å være tydelig overfor møtefullmektigen om hvor langt fullmakten går, og hva han ønsker oppnådd ved forliksrådsbehandlingen. Dersom parten ikke oppfyller dette ansvaret,

Page 14: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 14

må møtefullmektigen på eget initiativ ta spørsmålet opp med parten. Fullmaktsforholdet bør avklares i god tid før møtefullmektigen skal møte i forliksrådet. Møtefullmektigen må sørge for å få alle relevante dokumenter fra parten og på forhånd sette seg godt inn i disse. Møtefullmektigens opptreden i forliksrådet Møtefullmektigen skal av parten få en skriftlig møtefullmakt som legges frem for forliksrådet. Av denne skal det gå frem at møtefullmektigen har anledning til å møte på vegne av parten. Under forliksrådsbehandlingen må møtefullmektigen hele tiden være klar over at han/ hun representerer partens interesser. Møtefullmektigen har ikke anledning til å gå utover partens påstander uten at parten har samtykket til dette. Møtefullmektigen har heller ikke anledning til å inngå forlik uten partens samtykke. Dersom parten har gitt møtefullmektigen fullmakt til å inngå forlik, må innholdet av forliket være i overensstemmelse med partens ønsker. Dersom møtefullmektige opptrer i strid med partens interesser, kan parten holde møtefullmektigen ansvarlig for dette. Godtgjørelse Godtgjørelse til møtefullmektig utgjør 1/3 av rettsgebyret og dekkes av vedkommende part selv. Godtgjørelsen er politidistriktet uvedkommende.

I siste periode har Knut Stavang, Ivar Kroken og Gunnar M. Tystad vore møtefullmektigar. Knut Stavang og Ivar Kroken har sagt ja til å ta ein ny periode, medan Gunnar M. Tystad takkar nei. Det er ikkje sagt noko i regelverket om kor mange møtefullmektigar som skal veljast. Talet har altså vore tre i Gloppen. Rådmannen har forstått det slik at dette gjev ei høveleg arbeidsmengde på kvar fullmektig. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen. Rådmannen si vurdering: Ved siste utpeiking forhandla rådmannen med dei som vart peika ut, og fekk dei til å ta på seg vervet utan at det vart gjort noko politisk vedtak i saka. Dette var nok formelt sett feil, sidan det ikkje er gjort noko vedtak som legg utpeikingsmyndet til rådmannen. Rådmannen legg derfor saka denne gongen fram for formannskapet til avgjerd. Rådmannen legg då til grunn at formannskapet – som hovudutval i saker som fell utanfor dei andre hovudutvala sitt saksområde – har fullmakt til å velje medlemmer til utval m m innanfor sitt saksfelt (når myndet ikkje er lagt til kommunestyret sjølv). Rådmannen tilrår attval på Knut Stavang og Ivar Kroken sidan dei har sagt seg villige til å ta ein periode til. Vi bør ikkje velje nokon som ikkje har sagt ja til å ta på seg oppgåva.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet vel − Knut Stavang,

Page 15: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 15

− Ivar Kroken og − ……………… som møtefullmektigar i Gloppen forliksråd for perioden 2013-2016. 09.02.2012 FORMANNSKAPET 015/12 VEDTAK : Formannskapet vel − Knut Stavang, − Ivar Kroken og − Ingebrigt Øvreseth som møtefullmektigar i Gloppen forliksråd for perioden 2013-2016. Vedtaket var samrøystes.

Nye opplysningar i saka: Ivar Kroken har gått bort, og det må veljast ein ny møtefullmektig i hans stad. Saksutgreiing: Ivar Kroken var ein av dei tre valde møtefullmektigane i Gloppen forliksråd for perioden 2013-2016. Han har gått bort, og det må veljast ein ny møtefullmektig. Arne Eikenes har sagt seg villig til å ta på seg denne oppgåva. Rådmannen si vurdering: Gloppen kommune har no to møtefullmektigar

• Knut Stavang • Ingebrigt Øvreseth

Rådmannen tilrår at Arne Eikenes vert ny møtefullmektig ut denne valperioden slik at Gloppen framleis har tre møtefullmektigar.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet vel Arne Eikenes som ny møtefullmektig i Gloppen forliksråd for resten av valperioden 2013-2016. 07.05.2015 FORMANNSKAPET 054/15 VEDTAK : Formannskapet vel Arne Eikenes som ny møtefullmektig i Gloppen forliksråd for resten av valperioden 2013-2016. Vedtaket var samrøystes.

Page 16: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 16

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 07.05.2015 055/15 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: U01

Arkivsaknr.: 11/767-10

Agro Business Park SA - søknad om midlar til dekking av underskot og spørsmål om vidare drift Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Agro Business Park SA er i økonomiske vanskar og søkjer eigarane om dekking av underskotet i selskapet. Samstundes ber styret eigarane ta stilling til spørsmålet om vidare drift. Selskapet treng minimum 300.000 kroner for å kome i balanse. Saksutgreiing: Frå søknaden med spørsmål om ny eigenkapital:

(…) Agro Business Park SA (ABP) vart skipa 27. april 2011 og er no eigd av Gloppen kommune, Jølster kommune, Jølster landbrukstenester, Gloppen Skogeigarlag, Gloppen Bondelag, Breim Bondelag,Hyen Bondelag og Gloppen Bonde- og Småbrukarlag. Skipinga var eit resultat av ABP sin 4-årige prosjektperiode i Småsamfunnsatsinga til dåverande Kommunal og regionaldepartementet (KRD). Målet til selskapet er å drive utviklingsarbeid og vere ein fødselshjelpar for gründerar og for hjelp til etablering av nye bedrifter/arbeidsplassar. Selskapet har fokus på landbruksnæringa og ressursar i natur- og kulturlandskapet. ABP har arbeidd med svært mange tableringar/prosjekt, og omlag 1 av 4 prosjekt har lukkast med å «slå rot». (…) Dei 4 føre etableringane her kom under prosjektperioden då ABP var ein del av Småsamfunnsatsinga,som i sine 4 prosjektår fekk tilskot frå stat og fylke på over 5 mill. til prosjektutvikling. Utviklingsprosjekta har i hovudsak funne stad i Gloppen og lite i Jølster. Dette har styret vore merksame på og har prøvt å skapt aktivitet utan å få dette til på same måte som i Gloppen. Jølster har vore med som ein del av 2 prosjekt innan næringsutvikling i Naustdal/Gjengedal lvo og har hatt arrangement under Matamålfestivalen. Vi har fått lite innspel frå potensielle gründerar i Jølster og frå Jølster kommune. Landbruket har vore og er i store endringar, og krav til omstilling er vel mist like stor no som for ein del år sidan når ABP vart skipa for å skape ny aktivitet og knoppskyting.

Page 17: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 17

Den økonomiske resultatutviklinga i selskapet har vore slik: 2011: - 163.00, 2012: 10.000, 2013: 22.000 2014: - 287.000 Skipingskapitalen i selskapet 2011 var på kr. 121.000, og var mindre enn planlagt. Eigenkapitalen vart negativ 1. drifståret med kr. 42.430. Eigekapitalen var tapt i skipingsåret 2011 utan at ny kapital vart tilført selskapet. Eit førebels rekneskapet for 2014 viser eit underskot på ca. kr. 290.000. Det store underskotet for 2014 kan hovudsakleg forklarast med eit dårleg resultat på Matamål 2014 og manglande finansiering av prosjekt Næringsutvikling i Naustdal/Gjengedal landskapsvernområde (lvo). Inntekter for hjelp av gründerar og etablering av nye selskap har gjeve lite kommersielle inntekter til selskapet, men Fylkesmannen sin landbruksavd. (FMLA) gjeve viktig økonomiske støtte til ABP for arbeid med hjelp til gründerar og etablering av bedrifter i ein 5 år periode. Dette har gjort at ABP har kunne hatt fokus på satsingane innan frukt- og bær desse åra. Vidare drift? ABP ynskjer å gå vidare med Næringsutvikling for Naustdal/Gjengedal lvo, dette er eit langsiktig og stort arbeid. Matamålfestivalen som ABP tok over i 2012 og har hatt ansvaret for gjennomføring av 2013 og 2014 festivalen. Matamål har blitt meir enn ein festival som går siste helga i september. Den har utvikla seg til og femne over mange mataktivitetar gjennom heile året. I 2014 deltok vi og stod for matsal på to store arrangement utanfor kommunen. Dette var Fiske- og friluftlivsmessa på Nordfjordeid og Jubileums-hesteutstillinga på Mo og Jølster Vgs. Matamål har utvikla seg mykje på dei siste åra, og har vore med å sett lokalmat på kartet som den største matfestivalen i fylket. Av besøk og tal arrangement har Matamål blitt større enn Matfestivalen i Ålesund som er den eldste i landet. Matamål har eit stort potensial for vidare utvikling og er viktig for å setje dagsorden og marknadsføre dei gode landbruksprodukta og ikkje minst dei mange flotte produsentane vi har her i «matfylket». Gloppen og Jølster står for om lag 25% av matproduksjonen i heile fylket. ABP har i dag 3 nye gründerar som har spurt om hjelp til å utvikle ideen sin, og vi er i gang med 2 av desse. Kva som kjem av nye er vanskeleg å sei, men det kan virke for at det må leggast til rette møteplassar for å stimulere og motivere folk til å starte eiga verksemd. Det er gründeren sjølv som må dra lasset, vi kan vere ein god medhjelpar som støttar opp frå idèstadiet til den nye etableringa står godt på eigne bein. Dette er ofte ein bra lang veg å gå, og her snakkar vi om oppfølging som går langt utover det ein definerer som 1. linetenesta som kommunane skal yte. Fem år er eit heilt normal tidsløp for å få ein gründer/bedrift oppe og gå for eiga maskin. Skal ein drive ABP vidare så må eigarane bruke selskapet aktivt slik det var tenkt ved skipinga. Her var ein del av forretningsideen å avlaste kommunane med arbeidsoppgåver og vere eit aktivt verktøy med ulike næringsutviklings-oppgåver innan landbruket. Det er svært sjeldan at vi blitt kontakta av gründerar som har vore i kontakt med kommunane eller kommunane sjølve. Selskapet treng kapital frå eigarane på minimum kr. 300.000 for å kome i balanse. Det er eigarane som må ta avgjerda om kva framtid selskapet skal ha vidare.

Kva meiner dei andre eigarane?

Page 18: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 18

Rådmannen har spurt dei private eigarane i Gloppen om dei er villige til å vere med på å berge selskapet og om dei kan bidra til å sikre vidare drift. I brevet til Breim Bondelag, Gloppen bonde- og småbrukarlag, Gloppen Bondelag, Gloppen Skogeigarlag og Hyen Bondelag, skreiv rådmannen:

Til liks med dei andre eigarane i Agro Business Park har Gloppen kommune fått spørsmål om å skyte ny kapital inn i selskapet for å dekke tilkome underskot og eventuell vidare drift. Saka har ikkje vore politisk drøfta i Gloppen kommune, men Jølster formannskap har hatt saka på dagsorden, og ordføraren der har i etterkant snakka med vår ordførar om saka. Slik eg forstår det, vil Jølster kommune vente å sjå på korleis Gloppen kommune handterer saka. Før rådmannen legg saka fram for dei folkevalde, ønskje vi å vite korleis dei private eigarane av Agro Business Park i Gloppen stiller seg til spørsmålet om berge selskapet og å drive dette vidare. Vi ber derfor om tilbakemelding på desse spørsmåla: 1. Kva vil ditt lag bidra med økonomisk for å dekke inn underskotet i selskapet? 2. Viss selskapet blir vidareført: Kva vil ditt lag bidra med økonomisk og eventuelt

på andre måtar for å legge til rette for at Agro Business Park kan drivast på ein rekningssvarande måte i framtida?

Utan forpliktande medverknad frå dei private eigarane i selskapet, både når det gjeld inndekking av underskotet og sikring av framtidig drift, vil rådmannen ikkje tilrå at kommunen engasjerer seg.

Ein god månad etter at svarfristen gjekk ut, har tre av laga svara slik: Breim bondelag:

Breim Bondelag ynskjer ikkje å gå inn med noko pengar for å dekke underskotet. − Breim Bondelag ser det slik at vi ynskjer å ”selje” oss ut av selskapet, dersom det

er stor risiko for underskot også i framtida. Vi kan forsette å betale medlemspengar, men ser ikkje at vi ynskjer noko vesentleg auke av denne

− Selskapet må anten få inn fleire eigarar eller avvikle selskapet. Ideen kring selskapet har vore god, og vi trur styret har gjort ein god jobb. Det ser rett å slett ikkje ut til at det er marknad for denne type selskap akkurat her og akkurat no

− Breim Bondelag ser det som mest aktuelt å avvikle selskapet. Gloppen skogeigarlag:

Gloppen skogeigarlag har begrensa økonomi, og kan av den grunn ikkje vere med å dekke underskotet, eller sikre vidare drift.

Hyen Bondelag:

Hyen Bondelag ønskjer ikkje å bruke av sine midlar til å dekkje underskotet i Agro Business Park.

Hyen Bondelag ser at tanken bak etableringa av Agro Business Park var god. I Hyen har ein etter det vi veit, i liten grad nytta seg av tenestene som ABP tilbyr. Vi ser det heller ikkje sannsynleg at etterspurnaden herifrå vil auke i stor grad.

Page 19: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 19

Hyen Bondelag ønskjer ikkje å bidra med meir midlar inn i selskapet, og tenkjer helst at avvikling av selskapet er det rette. Om det likevel vert avgjort at selskapet skal drivast vidare er vi villege til å stå som eigarar som no, og å betale medlemsavgift som tidlegare, men noko meir bidrag enn det ønskjer vi ikkje.

Økonomiske konsekvensar for kommunen: Dei økonomiske konsekvensane vil sjølvsagt avhenge av kva vi bestemmer oss for. Eventuelle kommunale løyvingar må takast frå dei frie midlane på næringsbudsjettet. Vi kan ikkje bruke næringsfondet til eit slike formål. Rådmannen si vurdering: Svara frå dei andre eigarane i selskapet er klare og eintydige: Dei vil ikkje vere med på å berge Agro Business Park, og dei ser heller ikkje at selskapet har noko framtid. Det er derfor rådmannen si tilråding at også Gloppen kommune seier nei til ein redningsaksjon. Rådmannen ser ikkje at det er marknad for å drive tiltaksarbeid i privat regi hos oss når kommunen v/landbrukskontoret og næringssjefen i det alt vesentlege kan tilby dei same tenestene utan betaling. Det kan ikkje forsvarast å oppretthalde Agro Business Park for å drive Matamål vidare. Det må kunne gjerast på andre måtar. Det er Gloppen Næringsorganisasjon som «eig» Matamål, og som må finne ei løysing for vidare drift. Gloppen kommune vil sjølvsagt støtte opp om dette. --- Agro Business Park er eit samvirkeføretak. Rådmannen har ikkje klart føre seg kor langt det økonomiske ansvaret går for den enkelte eigar. Dette må selskapet gjere greie for – og eventuelt kome tilbake til – når styret oppsummerer svara frå eigarane på søknaden om ny eigenkapital.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : 1. Gloppen formannskap takkar nei til søknaden frå Agro Business Park SA om å gå inn med

ny eigenkapital i selskapet 2. Formannskapet ser som medeigar i selskapet heller ikkje at det er grunnlag for vidare drift

av Agro Business Park SA. 07.05.2015 FORMANNSKAPET E-post datert 6. mai 2015 frå dagleg leiar i Agro Business Park SA var sendt ut til medlemmene i formannskapet. Framlegg frå Sjur Atle Austrheim (uavhengig):

Saka blir utsett.

Page 20: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 20

Formannskapet ber Agro Business SA greie ut korleis selskapet eventuelt kan drivast vidare.

Framlegget vart samrøystes vedteke. 055/15 VEDTAK : Saka blir utsett. Formannskapet ber Agro Business SA greie ut korleis selskapet eventuelt kan drivast vidare. Vedtaket var samrøystes.

Page 21: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 21

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 07.05.2015 056/15 Kommunestyret 15.06.2015 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: 216 &58

Arkivsaknr.: 14/1481-10

Rapport frå forvaltningsrevisjon: Kommunal saksgang og dokumenthandtering i Gloppen

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg

244128 Rapport frå Kommunerevisjonen i Nordfjord datert 29.1.2015 Kommunal saksgang og dokumenthandtering i Gloppen

Bakgrunn for saka: Dette er ei sak frå kontrollutvalet, som i sak 11/15 har gjort slikt vedtak:

Kommunestyret viser til forvaltningsrevisjonsrapport «Kommunal saksgang og dokumenthandtering i Gloppen», frå Kommunerevisjonen i Nordfjord, datert 29.1.2015. 1. Kommunestyret ber administrasjonen følgje opp tilrådingane på side 5 og 6 i

rapporten, og at sakshandsamingsreglementet og arkivinstruks vert oppdatert 2. Kommunestyret ber også administrasjonen følgje miljøverndepartementet si

anbefaling for saksgang i dispensasjonssaker jfr. side 22 og 23 i rapporten 3. Saksbehandlingskapasitet må vurderast i samband med årsbudsjettet for Gloppen

kommune 4. Rådmannen informerer kontrollutvalet innan 1.1.2016 om kva som er gjort i

forhold til oppfølging av tilrådingane i rapporten. Saksutgreiing: Frå kontrollutvalet si utgreiing i saka:

Gloppen kontrollutval gjorde følgjande vedtak i møte 20.8.2014 sak 018/14 Forvaltningsrevisjon – Val og tinging av nytt prosjekt:

1. Kontrollutvalet tingar, Kommunale saksgangsrutinar, som neste forvaltningsrevisjonsrapport av Kommunerevisjonen i Nordfjord.

• Formålet er å vurdere om Gloppen kommune har ei sakshandsaming som ivaretar den politiske styringa i kommunen, med fokus på saksgang mellom administrasjon og politiske organ

• Problemstillingar: sakshandsamingskapasitet, kvalitet på sakstilfang og overhalding av tidsfristar.

Page 22: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 22

• Leveringsfrist 1. mars 2015.

2. Kommunerevisjonen i Nordfjord vert kalla inn til neste møte 26. november 2014, for å gje tilbakemelding på tinginga, og legge fram plan for forvaltningsrevisjonsprosjektet.

Prosjektplanen vart godkjent i møte 26.11.2014 sak 028/14. Kommunerevisjonen i Nordfjord sende ferdig rapport til SEKOM-sekretariat 29.1.2015. Der dei har følgjande konklusjon på side 5:

Vi meiner at undersøkinga viser at den politiske styringa i kommunen kan betrast på nokre

område. Eit sentralt spørsmål i denne vurderinga er om politikarane får den informasjonen

dei treng for å kunne utøve politisk styring. Vi konkluderer med at kommunen bør sjå

nærmare på følgjande forhold:

• Med bakgrunn i kommunestyret sitt tilsynsansvar, bør kommunen etablere faste rutinar

for korleis politikarane skal gjerast kjent med administrasjonens praktisering av det

vedtaksmynde rådmannen er blitt tildelt gjennom delegasjon.

• Rådmannen bør gjere ei vurdering av om kommunen har tilstrekkeleg

saksbehandlingskapasitet til å ta i vare politikarane sitt informasjons- og

saksutgreiingsbehov på ein forsvarleg måte. Det er ein tett samanheng mellom

saksbehandlingskapasitet og saksutgreiingskvalitet, og veikskaper i vedtaksgrunnlaget

kan påverke dei politiske vedtaka som vert gjort.

• Kommunen bør oppgradere og ajourføre sitt administrative saksbehandlingsreglement.

Dagens reglement er frå 1995 og er ikkje tilpassa nytt saksbehandlingssystem.

• Gloppen har, til liks med mange andre norske kommunar, ei stor utfordring når det gjeld

å sikre fullstendig journalføring i samsvar med lova. Problemet er knytt til ei generell

auke i saksbehandlarane sin bruk av databasert informasjon som vert kommunisert via

elektronisk post.

Slik informasjon blir kanalisert utanom kommunen sentrale postmottak, og journal- og

arkiv-pliktig dokumentasjon kan derfor gå tapt dersom saksbehandlarane ikkje følgjer

arkivinstruksen. Det er fleire døme på at dette er eit reelt problem for kommunen.

• Vi har observert eit par døme på saker som etter vår meining burde ha vore behandla

politisk.

• Etter det vi kan sjå har politikarane motteke saksliste innanfor fristen sidan mai 2014. Det

har i alle fall ikkje vore merknadar til for sein ekspedering etter dette.

Vidare har revisor følgjande tilrådingar på side 5 og 6 i rapporten: Tiltak for å betre kommunen si sikring av fullstendig journalføring

Vi anbefaler kommunen å supplere dagens arkivinstruks for saksbehandlarar med

retningsliner for å sikre arbeidsgjevaren sin tilgang til nødvendige verksemdsrelaterte

opplysningar i e-postsystemet, utan at dette bryt med den einskilde arbeidstakars

personvern.

Kommunen sin saksbehandlingskapasitet

Page 23: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 23

Vi anbefaler kommunen til å vurdere om saksbehandlingskapasiteten er så svekka at dette

kan få følgjer for kvaliteten og mengda av saker som skal behandlast av dei politiske organa.

Element i ei slik vurdering kan til dømes vere:

− kapasitetsutnytting av tilgjengelege ressursar

− effektivitetspotensiale i utgreiingsarbeidet

− graden av delegert mynde til rådmannen (administrative vedtak)

− politisk utvalsstruktur

Kvalitet på saksutgreiinga

− Kommunens administrative saksbehandlingsreglement bør erstattast av eit nytt,

oppdatert reglement

− Vi vurderer følgjande tilleggspunkt som viktig når det gjeld dei krav til vedtaksgrunnlaget

som går fram av dagens saksbehandlingsreglement:

� Ressursinnsats vert å tilpasse sakens kompleksitet og konsekvensane av vedtaket

� Objektivitet i vurderingane (upartisk, fordomsfri, sakleg)

� Alternative løysingar

− Alle utsetjingsvedtak bør innehalde årsaka til at saka vart utsett

− Kommunen bør vurdere rutinar for korleis informasjon om administrative vedtak skal

gjerast tilgjengeleg for politikarane. Nokre kommunar legg desse fram som informasjon i

dei respektive utvala, medan andre kommunar er av den meining at det er tilstrekkeleg

at desse vedtaka er enkelt tilgjengelege for politikarane.

Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen som ein direkte følgje av rapporten. Rådmannen si vurdering: Rådmannen har naturlegvis hatt høve til å uttale seg til rapporten, og eg har ingen merknader til denne. Rådmannen har i sin uttale gitt revisjonen honnør for ein god og grundig rapport som set søkjelyset på eit viktig og forsømt saksområde. Rapporten vil bli til god hjelp i arbeidet med arkivplanen og dei rutinane som må gjennomgåast hos oss. --- Det er eit faktum at vi har svært liten saksbehandlingskapasitet i kommuneadministrasjonen. Rådmannen likevel prioritert høgt saksbehandlinga for folkevalde organ for å imøtekome den kritikken som administrasjonen tidlegare har fått for sein presentasjon av saklister og utgreiingar. Dette så viktig at andre saksområde må vike. Det er ikkje noko å legge skjul på at det pågåande arbeidet med kommunereforma er svært tidkrevjande, og bind opp mykje ressursar som vi elles kunne ha brukt m.a til å arbeide med dei problemstillingane rapporten frå revisjonen tar opp. Slik vil nok situasjonen vere så lenge utgreiingsarbeidet pågår med alle dei alternativa vi ser på. Utan at rådmannen vil gjere noko stort poeng av det no, er nok betre kapasitet på saksbehandling, utvikling og planarbeid noko av det vi kan håpe på dersom det blir større kommunane einingar. Nokre vil sikkert kalle dette auka byråkratisering… Rådmannen har ingen merknad til kontrollutvalet si tilråding.

KONTROLLUTVALET SI TILRÅDING :

Page 24: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 24

Kommunestyret viser til forvaltningsrevisjonsrapport «Kommunal saksgang og dokumenthandtering i Gloppen», frå Kommunerevisjonen i Nordfjord, datert 29.1.2015. 1. Kommunestyret ber administrasjonen følgje opp tilrådingane på side 5 og 6 i rapporten,

og at sakshandsamingsreglementet og arkivinstruks vert oppdatert 2. Kommunestyret ber også administrasjonen følgje miljøverndepartementet si anbefaling

for saksgang i dispensasjonssaker jfr. side 22 og 23 i rapporten 3. Saksbehandlingskapasitet må vurderast i samband med årsbudsjettet for Gloppen

kommune 4. Rådmannen informerer kontrollutvalet innan 1.1.2016 om kva som er gjort i forhold til

oppfølging av tilrådingane i rapporten. 07.05.2015 FORMANNSKAPET 056/15 VEDTAK : Kontrollutvalet si tilråding vart samrøystes innstilt.

Page 25: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 25

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 07.05.2015 057/15 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Trine Alme

Objekt: Arkiv: V00

Arkivsaknr.: 10/481-15

Fråsegn frå Gloppen formannskap til jordbruksforhandlingane 2015

Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: I Gloppen kommune er landbruksnæringa viktig. Kvar vår er det jordbruksforhandlingar, der dei to organisasjonane Norges Bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag leverer eit felles krav til Staten og Staten kjem med tilbod tilbake, deretter tek forhandlingane til og ein kjem fram til ei løysing eller det kan verte brot. Forhandlingane gjennomførast på grunnlag av Hovudavtalen for jordbruket. Saksutgreiing: Sogn og Fjordane Bondelag har gått gjennom tilbodet frå staten i årets jordbruksoppgjer og er svært skuffa over innhaldet. Regjeringa tilbyr inntektsnedgong til det store fleirtalet av produsentar i vårt fylke, og dei reduserer dei direkte tilskota til matprodusentane. Dette er politiske verkemiddel for matprodusentar med særskilde utfordringar og struktur i distrikta. Samstundes legg dei opp til ein politikk som i endå sterkare grad enn i dag vil sentralisere norsk matproduksjon til nokre område i landet. Særleg vil ei endring av kvotegrensene for mjølk medverke til det. Dagens ordning med fylkesvise kvotar har flytta mjølk frå kysten og til Indre Sunnfjord og Nordfjord. Med ei opning for fleire fylke saman vil det gje ei endå sterkare sentralisering av produksjonen. Dei langsiktige konsekvensane vil vere av ein slik karakter at landbruk og mjølkeproduksjon over heile landet vil vere trua. Denne endringa vert ikkje ønskt velkomen av Sogn og Fjordane Bondelag. I tilbodet frå Staten dreg Staten inn heile effektiviseringsgevinsten fordi dei meiner at landbruket kan sjå ut til å få ein altfor god prosentvis inntektsvekst sett i høve til andre grupper frå 2014 til 2015. Med staten sitt prinsipp om å bruke prosent, legg dei opp til at ei næring med lågt inntektsnivå skal få eit endå lågare inntektsnivå sett i høve til andre yrkesgrupper. Skal avstanden til andre yrkesgrupper ikkje auke, må kronemessig lik utvikling ligge til grunn, og då trengst det mykje meir pengar enn det som ligg i dagens ramme på 90 millionar kroner. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Kan få økonomiske konsekvensar dersom det vert stor avgong av produsentar. Rådmannen si vurdering:

Page 26: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 26

I Gloppen er landbruket ei hjørnesteinsnæring som skapar store verdiar og gjev store ringverknader både med arbeidsplassar i og utanfor næringa. Landbruket er viktig for mellom anna busettinga og pleie av kulturlandskapet kringom i bygdene våre. Næringa har sett fram eit nøkternt krav som truleg ikkje vil løyse dei utfordringane bøndene har med t.d. å fornye bygningane i husdyrproduksjonen, då med særleg omsyn til lausdriftskravet for mjølkeku som kjem i 2024. Det er eit stort kostnadsløft å få gjort naudsynte ombyggingar og nybygg innan fristen, og i andre husdyrproduksjonar. Ved at Staten i sitt tilbod legg opp til å fjerne rentestøtteordninga, vil det vere med på å svekke den framtidige produksjonen og investeringsmoglegheitene. Det er viktig å halde på særpreget ved det norske landbruket, ha rom for små, middels og store einingar. Dei litt mindre bruka tek ofte vare på den «vanskelege» jorda og er gode på å utnytte utmarksressursane, t.d. sauebøndene i landskapsvernområda. Desse produsentane er viktige for å kunne halde på eksisterande og auke den grovfôrbaserte produksjonen. Det er ikkje lagt opp til endring i velferdsordningane. I praksis vil det bety at bonden sitt økonomiske høve til ferie og fritid vert redusert, og eigendel ved sjukdom vil bli større fordi kostnadene med leigd hjelp går opp. I tilbodet går arealstøtta ned for alle produksjonar. Mjølkeprodusentane vil få ei lita auke i mjølkeprisen, dei som driv med storfekjøt vil få eit kvalitetstillegg og målprisen for gris går opp. Kutt i husdyrtilskotet for gris. Auken i pris vil ikkje kompensere for nedgongen i arealtilskot og auka kostnader i produksjonane. Eggprodusentar og pelsdyralarar vil få auka kostnader med kutt i distriktstilskot for egg og fjerning av frakttilskot for pelsdyrfôr. Frukt og grønt får auka pris, men lågare enn forventa auke i kostnader. Fjerninga av frakttilskot for pelsdyrfôr vil auke fôrkostnaden med om lag 10 %. Det er svært uheldig at regjeringa no vil ta vekk dette tilskotet før Stortinget har teke stilling til pelsdyrhaldet si framtid. For pelsdyrnæringa i Gloppen er frakttilskotet på fôr svært viktig. Det er gjort framlegg om å fjerne tilskot til reparasjon av vinterskadd eng. Dette er eit tilskot som årvisst har vore viktig for dei som har fått vinterskade, då det er kostnadskrevjande å fornye stor delar av arealet. Staten sitt tilbod vil truleg forsterke sentraliseringa av norsk matproduksjon og ikkje vere med på å produsere meir mat på den jorda vi har og å utnytte utmarksressursane som har vore eit av fortrinna til landbruket i Noreg.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet i Gloppen kommune ber om at det i jordbruksoppgjeret 2015 vert gjort grep som styrkar lønsemda i jordbruket, opprettheld jordbruket i heile landet der beitebruk på innmark og utmark vert prioritert. Det må vere eit mål å gje dei som produserer maten ei betre inntening slik at vi kan fortsetje å ha produksjon av mat som er trygg av friske dyr i levande bygder. 07.05.2015 FORMANNSKAPET

Page 27: FOR 07 05 2015 - gloppen.kommune.no · 07.05.2015 FORMANNSKAPET 049/15 VEDTAK: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 23. april 2015 2. Formannskapet godkjenner

Side 27

057/15 VEDTAK : Formannskapet i Gloppen kommune ber om at det i jordbruksoppgjeret 2015 vert gjort grep som styrkar lønsemda i jordbruket, opprettheld jordbruket i heile landet der beitebruk på innmark og utmark vert prioritert. Det må vere eit mål å gje dei som produserer maten ei betre inntening slik at vi kan fortsetje å ha produksjon av mat som er trygg av friske dyr i levande bygder. Vedtaket var samrøystes.