Felles konfirmantleir i Vestfold i sommar - Hjartdal...

4
Nr. 4 - september 2017 Kyrkjelydsblad for Hjartdal, Sauland og Tuddal INFORMASJON Sendar/ returadresse (Arven): Kyrkjeverja, Kommunehuset, Saulandsvn. 414, 3692 SAULAND Felles konfirmantleir i Vestfold i sommar Bildet: Konfirmantar frå dei tre byg- dene i Hjartdal på leir på Gjenne- stad (tilstades da bildet vart tatt.) Til høgre: Ragnar Nørstrud, Hjart- dal sin hovudleiar på leiren. Foto: Ivar Solbu Ny sokneprest Rune Lia er ny sokneprest i Hjart- dal, etter Lene Skov Opsahl, som har begynt i ny stilling i Danmark. Når dette skri- vast, er innsetting av Lia som ny sokneprest plan- lagt å finne stad i gudstenesta i Sauland kyrkje søndag 10. september. Rune Lia er 53 år og busett i Lun- de. Han kjem frå stillinga som prosti- prest i Øvre Telemark, og har fungert som sokneprest i Kviteseid siste hal- vanna året. Ut frå endring i stillings- storleiken tidlegare i år kjem han til å ha 80 % av stillinga i Hjartdal, med prestekontor i Sauland, og 20 % av stillinga i Notodden. FHS Foto: Lunde kyrkjeblad, 2015 Vårens konfirmantar i Tuddal Tuddal kyrkje, 14. mai Frå v.: Kotryna Dzabievaite, Joakim Sauro Olsen, Jon- Eirik Bondal, Knut Olav Bøen, sokne- prest Lene Skov Opsahl, Anders Hjart- sjø. Foto: Tone Stuvrud Konfirmantar frå dei tre Hjartdals- bygdene var også i år på leir, seks dagar i månadsskiftet juni/juli. Leiren er del av førebuinga til kon- firmasjonen neste år, innanfor ung- domsarbeidet ”Ønsket og elsket” som drivast av kyrkja i Øvre Telemark prosti. Også i år var leiren på Gjenne- stad vidaregåande skule i Vestfold. Den kristne privatskulen har inter- nat og gode forhold ute og inne, og brukast sommarstid til leir o. a. Her var m. a. undervisning, gruppesamlingar og ulike fritids- aktivitetar. Det var gudsteneste ved avslutninga, og ei vandringsgudsten- este undervegs i leiropphaldet. Attåt dei frå Hjartdal var konfir- mantar med frå seks andre kommunar i Øvre Telemark, i alt ca. 180. Rundt 40 vaksne og ungdomar var med som leiarar - frå Hjartdal ein vaksen ho- vudleiar og ein ungdom. Fleire for- eldre var også med, åtte i alt frå våre tre bygder, fordelt på kvar sine dagar. Ungdomsprest Petter Jakobsen (som bur i Hjartdal) var leirsjef. FHS

Transcript of Felles konfirmantleir i Vestfold i sommar - Hjartdal...

Nr. 4 - september 2017 Kyrkjelydsblad for Hjartdal, Sauland og Tuddal

INFORMASJON

Sendar/ returadresse (Arven):

Kyrkjeverja, Kommunehuset, Saulandsvn. 414, 3692 SAULAND

Felles konfirmantleir i Vestfold i sommar

Bildet: Konfirmantar frå dei tre byg-dene i Hjartdal på leir på Gjenne-stad (tilstades da bildet vart tatt.) Til høgre: Ragnar Nørstrud, Hjart-dal sin hovudleiar på leiren.

Foto: Ivar Solbu

Ny sokneprest

Rune Lia er ny sokneprest i Hjart-dal, etter Lene Skov Opsahl, som har begynt i ny stilling i Danmark. Når dette skri-vast, er innsetting av Lia som ny sokneprest plan-lagt å finne stad i

gudstenesta i Sauland kyrkje søndag 10. september. Rune Lia er 53 år og busett i Lun-de. Han kjem frå stillinga som prosti-prest i Øvre Telemark, og har fungert som sokneprest i Kviteseid siste hal-vanna året. Ut frå endring i stillings-storleiken tidlegare i år kjem han til å ha 80 % av stillinga i Hjartdal, med prestekontor i Sauland, og 20 % av stillinga i Notodden. FHS

Foto: Lunde kyrkjeblad, 2015

Vårens konfirmantar i Tuddal

Tuddal kyrkje, 14. mai

Frå v.: Kotryna Dzabievaite, Joakim Sauro Olsen, Jon-Eirik Bondal, Knut Olav Bøen, sokne-prest Lene Skov Opsahl, Anders Hjart-sjø. Foto: Tone Stuvrud

Konfirmantar frå dei tre Hjartdals-bygdene var også i år på leir, seks dagar i månadsskiftet juni/juli.

Leiren er del av førebuinga til kon-firmasjonen neste år, innanfor ung-domsarbeidet ”Ønsket og elsket” som drivast av kyrkja i Øvre Telemark prosti.

Også i år var leiren på Gjenne-stad vidaregåande skule i Vestfold. Den kristne privatskulen har inter-nat og gode forhold ute og inne, og brukast sommarstid til leir o. a.

Her var m. a. undervisning, gruppesamlingar og ulike fritids-aktivitetar. Det var gudsteneste ved

avslutninga, og ei vandringsgudsten-este undervegs i leiropphaldet.

Attåt dei frå Hjartdal var konfir-mantar med frå seks andre kommunar i Øvre Telemark, i alt ca. 180. Rundt 40 vaksne og ungdomar var med som leiarar - frå Hjartdal ein vaksen ho-vudleiar og ein ungdom. Fleire for-eldre var også med, åtte i alt frå våre tre bygder, fordelt på kvar sine dagar.

Ungdomsprest Petter Jakobsen (som bur i Hjartdal) var leirsjef.

FHS

Side 2 A R V E N Nr. 4-2017

DEN NORSKE KYRKJA

Hjartdal sokn

Redaksjonen avslutta 3.9.2017

Neste nr. av Arven: Oktober/ november 2017

Stoff må vere innkome til 30.sept.

Kyrkjelydsbladet

Arven Utgjevar: Hjartdal sokneråd. Soknerådet vel kvart 4. år eit styre for bladet. Redaktør, redigering/ layout: Frøydis Hagene Skoje, Skojevegen 260, 3692 Sauland, tlf. 350 23011/ 47 05 30 35 Abonnement: Bladet sendast gratis til husstandane i kom-munen. Bladet drivast ved fri-viljuge gåver. Ein kan få bladet tilsendt også utanfor kommunen. Arvens bankkonto: 2699.50.38454, Hjartdal og Gransh. Sparebank Etablert: 1949 Opplag: 950 stk. Trykk: Telemark Trykk AS Internett: http://www.hjartdal. kommune.no/kyrkja/arven

Hjartdal sokn

Tilsette

Prestekontoret: Sokneprest Rune Lia, Saulandsvn. 553, 3692 Sauland. Mobiltlf.: Epost: prestekontoret@hjartdal. kommune.no

Hjartdal kyrkjelege fellesråd: Kyrkjeverje Arild Bjørnstad Kommunehuset, Saulandsvn. 414, 3692 Sauland tlf. kontor: 350 28024 mobiltlf.: 996 22 352 Epost: fellesraadet@hjartdal. kommune.no Diakon Svanhild Rui Gustavsen mobiltlf.: 915 77 011 Epost: [email protected] Kyrkjetenar Arild Bjørnstad mobiltlf.: 996 22 352 Kyrkjetenar Helle Kaufmann Gjerde mobiltlf.: 992 58 790 Kyrkjetenar Ragnar Nørstrud mobiltlf.: 924 45 911 Organist Torild Møinichen Skårdal mobiltlf.: 911 97 667

Valde kyrkjelege råd (nov. 2015 – okt. 2019)

Hjartdal kyrkjelege fellesråd: Leiar: Signe Nordbø Lonar

Hjartdal sokneråd: Leiar: Signe Nordbø Lonar

Konfirmant- fest og 50-års-konfirmantar

Søndag 28. mai i Sauland

Avskjed med Lene Skov Opsahl Gudstenesta i Sauland kyr-kje 28. mai, der det også var dåp av ein liten gut, vart den siste gudstenesta Lene Skov Opsahl leia som sokneprest i Hjartdal. Ho flytta til Noreg og Hjartdal med ektemannen Lars Opsahl da ho begynte som prest her i 2015. Ho har no fått stilling som sok-neprest på Møn i Danmark.

Mange møtte fram til gudstenesta, frå alle tre bygdene. I preika talte Lene Skov Opsahl m.a. om at det motsette av synd ikkje er dygd, men tru. Ho takka ôg for tida si her, og til alle ho hadde samarbeidd med.

Prost Asgeir Sele, leiar for prestane i Øvre Tele-mark, takka henne med gode ord om tenesta hennar som sokneprest den tida ho har vore her. Eit av bidraga i gudstenesta elles var mu-sikk v/ Hjartdal jazzkvin-tett, der mannen hennar har vore ei drivkraft.

Etterpå var det samvære i eit fullsettt Sauland me-nighetshus, med song og musikk, bevertning, takk og helsingar. - Tekst/ foto: FHS

Helsing frå diakonen

Av og til kan det vere godt å ha nokon å dele tankane med, så om du ynskjer ein prat med

diakonen, er du velkommen til å ta kontakt: Tlf 915 77 011.

Eg vandrar gjerne nokre steg sa-man med deg, både i sorga og gledas landskap.

Svanhild Rui Gustavsen, soknediakon

Bildet: 50-årskonfirmantar tilstades 19. mai (bokstav angir konfirmasjonskyr-kja): Framme, frå v.: Bjørg Marie (Tråer) Jamtveit (T), Ingunn (Hagen) Moen (S), Reidun (Kleppen) Lonar (S), Ingebjørg (Asland) Bøe (S), Helga (Listul)Skårdal (S). Bak, frå v.: Anna (Grindalen) Lia (S), Anne (Åbø) Haugan (H), Anne Tone Hytta Larsen (S), Arne Lofthus (S). Tekst/ foto: FHS

Også i år var års- og 50-årskonfirmantane invitert av soknerådet til konfirmantfest etter vårens konfirmasjons-dagar. Den er open ôg for andre som vil del-ta. Festen, leia av Rag-nar Nørstrud, fann i år stad 19. mai i Tuddal, med rikhaldig pro-gram, god mat og eit fullsett menighetshus.

Over: Lene Skov Opsahl og prost Asgeir Sele, frå gudstenesta i Sauland kyrkje. Under: Frå menighetshuset, der Lene fekk hel-singar, takk og gåver frå mange hald. Ho takka sjølv til forsamlinga, for gode ord og gåver, for tida si i Hjartdal og for dei ho møtte her.

Side 3 A R V E N Nr. 4-2017

Gåver til Arven Gåver 10.11.- 17.11.2016 (av plass-omsyn kjem seinare gåver i seinare blad): Margit Øverbø Kleiva 300. Giro 10.11.2016 200. Magnar Øyen 200. Anna Bergljot Haug 300. Gun-hild Dølen 200. Ingeborg Helene Tjønn 150. Giro 10.11.2016 200. Ha-rald Aakre 200. Bendik Skeie 200.

Slekters gang

Sauland 25/5: Jon Sveinung Amundfoss Haugan 25/5: Liva Meyer Pedersen 28/5: Sondre Mosebø

Hjartdal 24/6: Marie Kleppen Haugland og Thomas Arthur Sedgwick

Tuddal 3/6: Christine Dahle og Dag Ove Høgstavoll (Nedre Eiker) 8/7: Anette Skogen Johansen og Rolf Holger Johansen (Bygland) 12/8: Siri Marie Solbakken og Fredrik Barth Brekke (Oslo)

Hjartdal 7/6: Helga Tho f. 1939

Sauland 29/6: Halvdan Mandt Haugen f. 1922

Tuddal 19/5: Margit Stuvrud f. 1923 30/5: Gunhild Aasen f. 1926 28/6: Hans Rinde f. 1928 21/7: Gunhild K. Tjønn f. 1917 2/8: Hans Jan Kaasa f. 1937 15/8: Olav J. Lia f. 1915 22/8: Knut H. Hovde f. 1929

Døypte

Gravlagde

Vigde

Innsamling til lys-tre i Sauland kyrkje

Mange kyrkjer har i det seinare fått ein smidd lys-globe med plass til små lys ein kan tenne - ein form for bø-nestad. Soknerådet tenkjer å få eit smidd lys-tre til Sauland kyrkje, med same formål. Arven skriv litt meir seinare, med bilde. Nå nemnast kol-lekt/offer i Sauland kyrkje til lys-treet, og ein kan gje på Fellesrådets konto: 2699.07.07811, merk: «Lystre». - FHS

Gudsteneste ved olsokleite i Bondal I god tradisjon var det rundt Olsok 29. juli også i år gudsteneste i gamleskulen i Bondal. Skulerommet var

fullsett i gudstenesta 30. juli, som vart leia av vikarprest Dag H. Undheim, sokneprest i Seljord. Det var kollekt til kyrkjelydsarbeidet. Etter gudstenesta fortalde Anund Sis-jord om Bondal og om skulen i tidle-gare tid. (I år er det elles 60 år sidan skulen vart nedlagt.) Nils Bondal spel-te to slåttar på fele og Anund Sisjord las eit dikt, før det var kaffe og kake ordna med av sokne-råd og bondølar.

Bildet: Eit hyggeleg innslag vart det også da Per Gravem frå Eidsvoll i etterkant av gudstenesta song salma ”Kven kan seia ut den glede”, etter oppfor-dring frå ein ven i forsamlinga. - Tekst/ foto: FHS

Sommarens stulsmesse i Hjartdal

Friluftsgudstenesta i Sauland Gudstenesta ute på Bøhaugen 11. juni måtte avlysast pga. regnver, og vart flytta til kyrkja. I gudstenesta var det m.a. presentasjon av konfirmantar i Sauland til våren 2018. - FHS

Stulsmessa var i år på ein av dei to Bergstul-stulane ved Brei-vatn. Mange var tilstades, og telt var sett opp for ly mot vind og evt. regn. Gudstenesta vart leia av vikarprest Dag H. Und-heim, sokneprest i Seljord. Det var kollekt til kyrkjelydsar-beidet. Etter gudstenesta sørga hjartdølane for servering med

suppe, kaffe og kaker, og det var song og musikk v/ Gunnar Lofthus og Harald T. Løkslid. Sistnemnde intervjua og-så Jan Hau-gan frå eigar-sida til stu-len, om stulshisto-rikken, eige-domen og området elles. Tekst/ foto: FHS

Sauland kyrkje 25. mai - og NMS 175 år

Etter gudstenesta i Sauland kyrkje torsdag 25. mai, Kristi himmelfarts-dag, fortalde Jorunn Lien frå NMS (Det norske misjonsselskap) om ar- beidet til NMS. Det gjeld bistand og misjon i organisasjonen sine mange samarbeidsland. I år er det også 175 år sidan NMS vart oppretta. I gudstenesta vart det elles gått inn på dei vanskar som kristne kan møte i mange land pga. si tru. Signe Aamaas frå Hjartdal Normisjon fortalde m.a., og ga eit innblikk i dette. - FHS

Unni Lise Hardang 200. Giro 11.11.2016 200. Giro 11.11.2016 200. Sigrid Dahl 200. Giro 11.11. 2016 300. Torgeir Hagen 300. Signe Marie Aamaas 200. Gunhild Fosse 200. Inger Øya Grøgård 200. Solfrid Irene Småkasin 200. Berit Hirsch Berggren 200. Aslaug Løvrak Skog-holt 200. Aslaug H. Midtbøen 200. Birger Espevik 200. Anne Brekka Halvorsen 200. Sigurd Kåsa 200. Signe Mosebø 200. Giro 16.11.2016 100. Giro 16.11.2016 200. Reidar S. Tveiten 200. Giro 17.11.2016 200. Giro 17.11.2016 500.

Takk for gåvene! Red. Arven gåvekonto nr.: 2699.50.38454

Gudstenester

24. sept. -16. sønd. i treeiningstida Preiketekst: Markus kap. 7, 31–37

Dei førte han til ein mann som var døv Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.

1. okt. - 17. sønd. i treeiningstida Preiketekst: Johannes kap. 11, 17–29

og/ eller 30 - 46 - Jesus vekkjer opp Lasarus -

Hjartdal kyrkje kl. 11: Familie- og hausttakkegudsteneste. Takkoffer til Telemark søndags-skolekrets. Utdeling av Mi kyrkje-bok til 4-åringar og 6-åringar. Refleksklubben tek del. Kyrkjekaffe etter gudstenesta.

8. okt. - 18. sønd. i treeiningstida Preiketekst: Matteus kap. 8, 14–17

- Jesus lækjer Peters svigermor og andre sjuke -

Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.

15. okt. - 19. sønd. i treeiningstida Reformasjonstema 3 i Dnk, 2017:

”Frelsen er ikke til salgs” Preiketekst: Lukas kap. 20,45 - 21,4

- Dei rike og den fattige enkja som gav -

Sauland kyrkje kl. 11: Familie- og hausttakkegudsteneste. Takkoffer til NRKs TV-aksjon (UNICEF). Sauland bygdekvinne-lag tek del. Utdeling av Mi kyrkje-bok til 4-åringar og 6-åringar. Kyrkjekaffe etter gudstenesta.

22. okt. - 20. sønd. i treeiningstida Preiketekst: Johannes kap. 11, 1–5

- Jesus vekkjer opp Lasarus - Tuddal kyrkje kl. 11:

Familie- og hausttakkegudsteneste. Takkoffer til Kirkens SOS, Tele-mark. Tuddal bygdekvinnelag tek del. Utdeling av Mi kyrkjebok til 4-åringar og 6-åringar, og Ny-tes- tamente til born i 5-klassealder. Etter gudstenesta: Samvære m/ kaffe i Tuddal menighetshus, og auksjon av haustgrøde til inn-tekt for kyrkjelydens misjons-prosjekt i Nepal (v/ Normisjon).

Søndag 29. okt. - Bots- og bønedag Reformasjonen - 500-årsjubileum Preiketekst: Lukas kap. 13, 22-30

- Er det få som blir frelste?-/ Romarbrevet kap. 1, 16–17

- Evangeliet, Guds kraft til frelse - Notodden kyrkje kl. 11:

Øvre Telemark prosti - fellesguds-teneste i høve reformasjonsjubiléet.

Søndag 5. november

- Helgemesse (Allehelgensdag) Preiketekst: Matteus kap. 5, 1–12

- Saligprisningane - Hjartdal kyrkje kl. 11:

Gudsteneste. Takkoffer til IKO (Kirkelig pedagogisk senter).

12. nov. - 23. sønd. i treeiningstida Preiketekst: Markus kap. 10, 28–31

- … utan at han skal få det att hundre gonger -

Tuddal kyrkje kl. 11: Gudsteneste. Takkoffer til KABB (Kristent arbeid blant blinde og svaksynte).

Sauland kyrkje kl. 18: Gudsteneste. Takkoffer til Stefa-nusalliansen (arbeid i fleire land mot forfølging og for trusfridom).

Tuddal Normisjon Møte 3. tysdag i månaden kl.17. I haust: 19. sept., 17. okt., 21. nov. Sjå plakat for møtestad. Velkommen!

Hjartdal Normisjon Misjonshuset i Hjartdal

Møta i nærmaste tida framover: Tysdag 19. sept. kl 19: Samlingsfest, misjonær Marta I. Eriksrød taler. Tysdag 3. okt. kl 19: Møte Tysdag 17. okt. kl 19: Møte, Nils J. Hardang talar og syng. Søndag 29. okt. kl 16: Familiefest, m/ andakt, song og musikk, Re- fleksklubben og Babysong. Kaffe.

Normisjons venner, Hjartdal Møte kl. 19.30:

Møte i nærmaste tida framover: Mån. 2. okt.: Hjå Lorimen D. Nordbø

Refleks-klubben i Hjartdal Alle barn og unge frå 4 år og oppover er hjarteleg velkomne! Barn under skulealder må ha med seg ein vaksen, pga. aktivitetane me har. Ponnirid-ning, mekking, div. aktivitetar, peis-kos, bibellesing, song og kveldsmat. På Bratsberg, måndagar kl.18-20. Samlingane i nærmaste tid framover: 25. september, 23. oktober Søndag 1. okt. kl 11: Deltek i familie- gudstenesta i Hjartdal kyrkje. Søndag 29. okt. kl 16: Deltek i fami- liesamling påHjartdal misjonshus. Helsing leiarane, v/ Sissel Bratsberg

Babysong,

Sauland menighetshus For alle barn 0-1 år frå heile kommu-nen, i lag med ein vaksen. (Store- søsken kan óg følgje.) Babyen er i sentrum, og me syng, dansar, vuggar og kosar. Ein treng ikkje kunne synge for å delta. - Dette er ein del av kyr-kja si trusopplæring, der me ynskjer å skape ein relasjon mellom heimane og kyrkja. Enkel servering og sosialt lag etter babysongen. - Velkommen! Sauland menigh.hus, torsdagar kl. 12: 28. sept., 5. okt., 9. nov., 23.nov., 7. des.: Juleavslutning. Søndag 29. okt. kl. 16: Deltek i fami- liesamling påHjartdal misjonshus. Marit R. Tho, Ann May Krosshus Arr.: Hjartdal sokneråd

Sauland menighetshus

85-årsfeiring søn. 1. okt. Søndag 1. okt. kl. 16 : Markering av at det er 85 år sidan huset vart bygd. Variert program, bl.a. tale v/ Magne Raundalen. Historikk. Song og mu-sikk v/ fleire aktørar. Bevertning.

Alle er velkomne! Helsing husstyret

Basar i Sauland søn. 22. okt. Søndag 22. okt. kl. 16: Basar i Sau-land menighetshus, til inntekt for drift og vedlikehald av huset. Husstyret

Rusleturar i dei tre bygdene Turane starta opp i vår, i eit samar-beid mellom soknediakonen i Hjart-dal og Frivilligsentralen i Hjartdal v/ Torunn Gjerjordet. Å vandre saman i naturen er godt for kropp og sjel, vi snakkar saman, eller er stille og bare ER! - Mat og drikke til ei god pause er godt å ta med seg. Velkommen! Hjartdal: 2. okt., oppmøte kl 10 ved Frivilligsentralen. Sauland: 9. okt., oppmøte kl. 10 ved Sauland menighetshus. Tuddal: 18. sept. og 16. okt., oppmøte kl. 10 ved Fossehalli

Svanhild Rui Gustavsen, soknediakon

Vel møtt til gudsteneste!

Gudstenestelista: Det kan skje endringar med lista som Arven ikkje fangar opp tids-nok i høve trykking og tid mellom utgåvene. Vi minner difor om at gudstenester blir kunngjort også m.a. i annonser i Telen fredagar.