BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell...

18
BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE

Transcript of BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell...

Page 1: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

BRUKARMEDVERKNAD I

SULDALSBARNEHAGANE

Page 2: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

Dette heftet er i utgangspunket utarbeida for dei tilsette i Suldalsbarnehagane, men me ønskjer og å auka forståinga til foreldre og føresette, slik at dei og kan vera trygge på korleis ein kan medverka som foreldre/føresette i barnehagen.

Page 3: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

INNHALD SAMARBEID MELLOM HEIM OG BARNEHAGE................................................................................................................................................................................... 4

FORELDRERÅD (FAU) & SAMARBEIDSUTVAL (SU) ......................................................................................................................................................................... 5

FORELDREMØTER .......................................................................................................................................................................................................................... 7

FORELDRESAMTALAR .................................................................................................................................................................................................................... 9

BRUKARUNDERSØKINGAR ........................................................................................................................................................................................................... 11

BARNS MEDBESTEMMING, SØLVBESTEMMING OG MEDVERKNAD ............................................................................................................................................... 15

MEDVERKNAD AV FORELDRE/FØRESETTE OG BARN, I SAKER DET ER KNYTT EI URO TIL ........................................................................................................... 17

Page 4: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

SAMARBEID MELLOM HEIM OG BARNEHAGE

Barnehagen skal ivareta foreldra sin rett til medverknad og arbeida i nært samarbeid og forståing med foreldra, jf. Lov om barnehagar §§ 1 og 4. Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål.

Foreldra har mykje å tilføra innhaldet i barnehagen, men barnehagen må gi foreldra moglegheit til dette. Dette føreset og at foreldra er engasjerte og bryr seg om barnehagens indre liv. Barnehagen må diskutera, gjerne saman med foreldra, kva foreldra skal medverka til og på kva måte. Personalet må vera opne for å ta foreldra med på råd og gjera dei delaktige i den daglege kommunikasjonen.

Det er viktig at både foreldre og personalet har ein felles haldning til at dei treng kvarandre, og for at barnehagetilbodet skal vera til det beste for barnet. Foreldre og tilsette bør ha kjennskap til kvarandre sine oppdragelsesverdiar og – praksis, dette er ein føresetnad for å ha ein nær dialog.

Foreldre er ein ressurs for sine barn og barnehagen. Foreldre som har ein annan etnisk eller språkleg bakgrunn enn norsk, kan til dømes nyttast inn i språkarbeidet. Spesielt blir dette viktig når barna har andre morsmål enn norsk, og når det ikkje finnst tospråklege assistentar i barnehagen. Foreldra kan til dømes inviterast inn i barnehagen og delta i barnehagens daglege liv.

Foreldresamarbeidet skal skje på individnivå med foreldra til kvart enkelt barn og på gruppenivå, gjennom FAU og SU.

Individnivå: Barnehagen skal legga til rette for at foreldra og barnehagen jamleg kan utveksla observasjonar og vurderingar knytt til det enkelte barnet si helse, trivsel, erfaringar, utvikling og læring. Barnehagen skal grunngi vurderingane sine ovanfor foreldra, og ta omsyn for foreldra sine synspunkt. Samarbeidet skal sikra at foreldra får medverka til den individuelle medverknaden av tilbodet. Både foreldra og personalet må forholda seg til at barnehagen har eit samfunnsmandat og verdigrunnlag som det er barnehagen sin oppgåve å forvalta. Barnehagen må jobba for at barnet ikkje kjem i lojalitetskonflikt mellom heimen og barnehagen.

Systemnivå: Foreldrerådet (FAU) og Samarbeidsutvalet (SU) skal gi foreldra moglegheit til å ha kontakt med barnhagen på ein aktiv måte.

Page 5: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

FORELDRERÅD (FAU) & SAMARBEIDSUTVAL (SU) Lov om barnehagar § 4

Foreldreråd (FAU) FAU skal fremja foreldra sine felles interesser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø.

Foreldrerådet består av foreldre/foresette til alle barna i barnehagen. Foreldrerådet skal fremja fellesinteressene til foreldra, og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø. Foreldrerådet skal bli informert om, og har rett til å uttala seg i saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen. Ved avstemming i foreldrerådet, vil det bli gitt ein stemme for kvart barn, og vanleg fleirtalsvedtak gjeld.

Utover dette er det rom for å organisera FAU ulikt frå barnehage til barnehage.

Dersom foreldrerådet ønskjer å oppretta eit eige arbeidsutval (FAU), kan det vera nyttig å gjera utvalet sitt arbeid meir formelt. Her er nokon tips som foreldra kan ta i bruk:

1. Utarbeid vedtekter for arbeidet i FAU – til dømes etter følgjande mal:

Beskriv utvalets medlemmer, og mandat

Beskriv korleis medlemmene til utvalet blir vald

Beskriv kva som skal vera FAU sine oppgåver

Beskriv tal på møter gjennom eit barnehage-år

Om teieplikt

Om vedtektsendringar 2. Lag møteplan med tema for barnehageåret 3. Avklar om FAU skal ha ansvar for arrangement i løpet av barnehage-året, for barn og foreldre. Og evt. kva arrangement. 4. Spør foreldra kva dei ønskjer å medverka til, og på kva måte

Page 6: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

Samarbeidsutvalet (SU) Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet består av foreldre/føresette og tilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert. Eigar kan delta etter eige ønske, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene. Samarbeidsutvalet skal bli informert om saker som er viktige for barnehagen sitt innhald og verksemd, og for forholdet til foreldra.

Organiseringa og det praktiske arbeidet i SU kan vera forskjellig frå barnehage til barnehage. Nokon SU held hyppige møter, mens andre held seg til eit minimum.

Tips til SU:

Definer kva utvalet legg i «samarbeid», og kva dei meiner er eit reelt samarbeid.

Avklar kva områder det skal samarbeidast om.

Avklar kva områder barnehagepersonalet skal handtera, og kva området foreldra skal handtera.

Sikra at det sit foreldre i SU som representerer eventuelt minoritetsspråklege foreldre.

Konflikthandtering: Diskuter korleis ein kan handtera eventuelle forhold ein er usamde om, med barnehagepersonalet og foreldre.

Page 7: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

FORELDREMØTER Foreldremøter er for alle foreldra i barnehagen. FAU kan gjennom SU påverka innhaldet i foreldremøta.

For å motverka at foreldremøta blir ein einvegs-kommunikasjon er det viktig at barnehagen tenkjer igjennom og diskutert følgjande spørsmål ved planlegging av møtet:

Kva er målet med foreldremøta? Kvifor ønskjer barnehagen å ha foreldremøte? Har dette vært diskutert i SU?

Kor ofte meiner personalet det er behov for å gjennomføra foreldremøter?

Kor ofte meiner foreldra det er behov for å gjennomføra foreldremøter?

Kan barnehagen tenkja seg alternative samværs- og samarbeidsformar til dei tradisjonelle møteformane?

Kan foreldra tenkje seg andre samværs- og samarbeidsformar?

Kven styrer møta? Er det primært dei tilsette som har ordet og leier møta, eller er det andre måtar å styra møta på?

Kva meiner foreldra? Kva form og innhald ønskjer foreldregruppa? Kan foreldra tas med på drøfting?

Er det spørsmål foreldra og de tilsette kan samarbeida om?

Korleis kan foreldra vera med å påverka innhaldet i barnehagen?

Kven kjem/kjem ikkje? Er det ”alltid” dei same som kjem og dei same som ikkje kjem? Har barnehagen diskutert orsaka til dette? Skuldast det praktiske vanskar, som barnevakt og liknande? Er tilhøyrsla til barnehagen sterk nok? Tema som tas opp; angår dei alle? Blir alle foreldra møtt som likeverdige?

Kva med dialogen; korleis kommuniserer foreldra og barnehagepersonalet?

Kva kan eventuelt gjerast annleis for å trygga og motivera dei foreldra som vanlegvis ikkje kjem? Har barnehagen revurdert tidspunktet, innhaldet og forma på møta?

Korleis blir dei følgt opp, dei som ikkje kjem på foreldremøta?

Blir møta gjort tilgjengelig for alle? Har alle foreldra forstått at det skal vera foreldremøte og skjønar kva eit foreldremøte er?

Korleis blir foreldremøta brukt til å bygge nettverk og utvikla kontakt innad i foreldregruppa?

Page 8: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

Ein kan og vurdera forslag og tips til alternative møteformar:

Gruppesamlingar i staden for foreldremøter. Til dømes: far/son- og/eller mor/dotterklubbar, rundt eit bestemt tema, måltid og/eller aktivitet.

Foreldremøte med world cafe`/dialogcafe`. Dette er ein møtemetode som får alle deltakarane aktive og på banen. Sjå: www.theworldcafe.com/method.html

Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera ny i barnehagen både for barn og foreldre.

Eigne foreldremøter for minoritetsspråklege foreldre, til dømes med tolk.

Morgoncafe` kor foreldra kan læra om barnehagen, møta dei tilsette og saman skapa ei felles forståing og respekt. Foreldra kan gjerne bli personleg kontakta og invitert til å delta.

Filmkveld for å få fram kva ein barnehage er og kva barne held på med. Film og bilde kan og skapa ein god sjans for dialog mellom foreldre og personalet, som lett kan knytast opp mot barnehagens innhald. Ein god film å visa kan og vera «Barndom» av Margreth Olin, som fint legg til rette for gode diskusjonar, denne er tilgjengeleg på nrk.no

Sosiale samlingar/»samtalestund» med foreldra, til dømes i samband med henting. Kan eventuelt kombinerast med felles middag.

Page 9: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

FORELDRESAMTALAR Stortingsmelding 41, Kvalitet i barnehagen.

Dette er ein samtale mellom foreldre og barnehagen sitt personale der ein snakkar om barnet sin trivsel, utvikling og aktivitetar i barnehagen. Samtalen er individuell og skal haldast minst to gonger i året.

For foreldra er det av stor betydning at dei får tid og høve til å snakka med dei vaksne i barnehagen om eige barns utvikling og trivsel. Alle foreldre har behov for å vita noko om at barnet deira utviklar seg slik det skal, og har det godt den tida dei er i barnehagen. Foreldresamtalen er ein fortruleg samtale mellom foreldra og barnehagepersonalet. I foreldresamtalar kan ein få avklart verdi- og interessefellesskap, og eventuelt konfliktar.

Tips i samband med foreldresamtalen:

1. Personalet avklarar med foreldra kva dei har behov for å samtala om – anten i førekant av eller i byrjinga av samtalen. 2. Personalet stiller godt førebudd til samtalen.

Mange barnehagar gir tilbod om samtalar ut over dei planlagde foreldresamtalane gjennom eit barnehage-år. Dersom og når foreldra har behov for ein samtale på tomannshand med ein av dei tilsette i barnehagen, kan foreldra be om det. Det er viktig at foreldra ikkje blir gåande med ei uro eller ikkje-besvarte spørsmål som gjeld eige barn, men får tid til å drøfta barnet sin trivnad og utvikling med personalet så raskt dette lar seg gjennomføra.

Dersom personalet kallar inn til ein foreldresamtale som er knytt til ei uro er det viktig at personalet er godt førebudd, og føl BTI-rettleiaren og BTI-malen for dette.

Page 10: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

Tips til skjema for ordinær foreldresamtale

Namn: __________________________

VEL MØTT TIL FORELDRESAMTALE _____dag ___ / ___ - ____ kl. _______ i barnehagen

Me vil at både personale og foreldre skal vera godt førebudd til foreldresamtalen, og sender difor på førehand ut dette skrivet som kan setta dykk i «rett modus»:

TRIVSEL

Trivast barnet i barnehagen?

Korleis opplev dykk at barnet sine behov blir ivaretatt?

Fortel barnet noko om barnehagen?

Korleis har barnet det heime?

SOSIAL KOMPETANSE OG LEIK

Kven fortel barnet at det leiker med?

Kva fortel barnet om vener?

Info om korleis barnehagen opplev barnets leike- og sosiale kompetanse

KARTLEGGINGSVERKTØY

Oppsummering frå sist samtale.

Kva skal me ha fokus på vidare for at barnet skal ha ein god utvikling?

TILBAKEMELDINGAR

Om barnet ditt begynte hjå oss i løpet av det siste året: korleis opplevde de tilvenninga til barnehagen? Kva var bra, og kva kunne evt. vært betre?

Er det noko de likar spesielt godt med barnehagen?

Er det noko de er mindre nøgd med eller ønskjer at me skal gjera annleis?

Korleis opplev de kontakten med personalet?

Korleis opplev de informasjonen frå barnhagen?

PRAKTISKE SAKER

Merking av alle klede, påkledning, skifteklede – orden i garderobar, eit felles ansvar.

Mat

Soving

Hygiene og smittehindring – eit felles fokus.

Anna?

KVA SKAL ME ARBEIDA VIDARE MED? SAMARBEID MED PPT, BARNEVERN OG HELSESTASJON

Kommunen satsar på eit best mogleg tverrfagleg samarbeid - til det beste for ALLE barna. Tidleg hjelp er god hjelp! Dersom det er andre ting de vil ta opp, er det sjølvsagt tid til det også.

Samtalen tar ca. 30 min

Page 11: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

BRUKARUNDERSØKINGAR Foreldra skal få anledning til å svara på foreldreundersøkinga i barnehagen annakvart år. Suldalsbarnehagane brukar Udir sitt kartleggingsverktøy.

Målet med brukarundersøkinga er å kartlegga korleis foreldre/føresette opplev barnehagetilbodet. Resultata blir brukt av barnehagen og barnehageeigar som ei hjelp til å vurdera og utvikla barnehagetilbodet. Barnehagane kan bruka resultata i dialogen med foreldra. I tillegg vil resultata bli synleggjort på nettstaden barnehagefakta.no

Den enkelte einingsleiar i kvar barnehage skal:

Samanlikna resultata med ståstadanalysen

Presentera resultat både for tilsette og foreldre/føresette

La dei tilsette vera med i prosessen med å velja ut forbetringsområder og komma med forslag til tiltak

Laga ein oversikt over forbetringsområde med mål, tiltak, tidsfrist og ansvar

Følga opp mål og tiltak, og laga ein vurdering av måloppnåing

Evaluera dei tiltaka som blir sett i verk

Administrasjonen under område oppvekst skal:

Samanlikna resultata med ståstadanalysen

Presentera resultat som angår alle barnehagane til einingsleiarane

Risikovurdera barnehagane

Følgja opp barnehagar med bakrunn i ei uro knytt til resultata

Vurdera om det er felles områder som administrasjonen bør følgja opp

Informera om resultata til politikarane via Tilstandsrapporten for barnehage og skule

Page 12: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

Tips til korleis å jobba vidare med resultata etter foreldreundersøkinga

Når barnehagane har resultata etter foreldreundersøkinga er det viktig å jobba systematisk vidare for å tilføra barnehagen anten ny kunnskap, ny praksis eller nye metodar å jobba på.

Det er ikkje om å gjera å velja seg ut for mange områder å jobba vidare med på ein gong, vel heller den eller dei fokusområda som personalet ser som det viktigaste å jobba vidare med. Kan hende barnehagen har andre kartleggingar som kan føya til foreldreundersøkinga meir informasjon, som informasjon frå foreldresamtalar, observasjonar, medarbeidarsamtalar, barnesamtalar, ståstadanalysen osv… Det er viktig å sjå dette som ein heilskap.

Når ein skal jobba systematisk fot betre kvalitet i barnehagen er det viktig å jobba bevisst etter ein metode, eller modell som kan hjelpa barnehagen å sjå dei ulike momenta som heilskap. Då kan ein jobba med A3 (inosa), og pedagogisk analyse (Thomas Nordal) for å avdekka dei nye kjernekomponentane. Vidare kan ein beskriva korleis ein har tenkt å jobba med capasity building (Pål Roland) og setta alt dette inn i ein plan for implementering (sjå eigen planmal).

Smørbrødlista:

Plukk ut 1-3 tema/fokusområde frå foreldreundersøkinga

Gjer ein analyse (A3/pedagogisk analyse)

Jobb fram ein implementeringsplan, kor capasity building inngår som ein del av planen.

Capasity building

Capasity building er ein måte å jobba som stammar frå eit forskingsprosjekt i Ontario Canada. Hovudformålet var å jobba med læringsmiljøutvikling.

Metoden går ut på å ivareta 3 prinsipp :

1. Alle avdelingane samlar seg om felles målbare mål (evt alle barnehagane når ein jobbar på kommunenivå) 2. Måla skal først og fremst nås ved å styrka dei profesjonelle vaksne sin kompetanse i barnehage og skule – altså kapasiteten 3. Innsatsen til dei vaksne skal bygga på forskingsbasert kunnskap / evidens

Page 13: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

A3 med pedagogisk analyse

Pedagogisk analyse

Fyll inn punkt i A3

Analyse av oppretthaldande faktorar

Beskriv utfordring Formulering av målsetting Analyse av oppretthaldande faktorar Utvikling av strategiar og tiltak Gjennomføring av valde tiltak Evaluering

1a

5a

3c

7a

7a

8

Page 14: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

A3 med pedagogisk analyse

År: Nr:

Tema/fokusområde: Utarbeidd av: Dato:

1a. Beskriv opplevd problem: (Eg meinar, ser, trur, opplev at…) 3c. Gjer ein pedagogisk analyse av oppretthaldande faktorar ut i frå problemstillinga i 3b.

Sjå eigen mal for analyse av oppretthaldande faktorar

1b. Korleis er problemet dokumentert? (Observasjonar, hendingar, anna) 4a. Beskriv ønska situasjon:

2a. Beskriv NO-situasjonen: (Kor ofte skjer det, tal gonger, låg/middels/høg grad e.l 5a. Mål (SMART-mål: spesifikt, målbast,

ambisiøst, realistisk, tidsavgrensa) 6a. Måleindikator og måleverktøy: Korleis skal me vita at målet er nådd?

3a. Analyser NO-situasjonen – finn rotårsak: 5x kvifor

7a. Tiltak Ansvarleg: Person

Frist Innan dato

Status: P = planlagt I = iverksatt U = utført

Effekt: 1 = Ingen effekt 5 = Særs god effekt

#1 kvifor (sett inn setning i 1 a) #2 kvifor: #3 kvifor: #4 kvifor: #5 kvifor:

3b. Definer problem etter analyse av NO-situasjonen (siste #ledd):

8. Evaluering etter gjennomførte tiltak: (set x) Ny standar gjennomført – pkt. 8 B: Korriger og start på ny – 1a

9. Ny standard/praksis Ansvarleg Frist Status (P-U-I)

Page 15: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

BARNS MEDBESTEMMING, SØLVBESTEMMING OG MEDVERKNAD Lov om barnehagar §§ 1 og 3, Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon art. 12 nr 1.

Barn har ein lovmessig rett til å vera ein aktiv og likeverdig part når barnehagen når ein skal planlegga og utføra innhaldet i barnehagen. Barnehagen skal ivareta barna sin rett til medverknad ved å legga rette for og oppmuntra til at barna kan få gi uttrykk for sitt syn på barnehagen sin daglege verksemd. Barna skal jamleg få delta aktivt i planlegginga og vurderinga av barnehagen, og dei skal få erfara at dei får innflytelse på det som skjer.

Barnehagen må vera bevisst på barna sine ulike måtar å uttrykka seg, og legga til rette for medverknad på måtar som er tilpassa barnet sin alder, erfaringar, individuelle føresetnader og behov. Dei yngste barna, og barn som kommuniserer på andre måtar enn gjennom tale, har rett til å gi uttrykk for sine synspunkt på eigne vilkår. Barnehagen må observera og følgja opp alle barn sine ulike uttrykk og behov.

Barna skal ikkje overlatast til eit ansvar dei ikkje er rusta til å ta, synspunkta deira skal sjåast i samband med alder og modnad.

Page 16: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

Me kan skilja mellom tre omgrep: medbestemming, sjølvbestemming og medverknad.

Medbestemming Medbestemming handlar om å kunne bestemma i lag med andre. Det handlar om å kunne kommunisera saman for å i lag bli samde saman om ei avgjerd ein skal ta. Ein føresetnad for å få til dette er at ein kan lytta til andre, og å kunne sjå at andre sine løysingar er verdifulle. Det handlar om å vera nysgjerrig på den andre, og å ville vita meir om kva den andre parten tenkjer og meiner før ein i lag tar ei avgjerd. Når dei vaksne i barnehagen tar barna med på slike prosessar, vil barna sjølv læra å ta andre med på slike prosessar, noko som er ein viktig kompetanse å ta med seg i samfunnet.

Ein må og hugsa på at det å bestemma saman med, handlar og om at ein er moden nok til å kunne ta ansvar for den felles avgjerda som skal tas.

Sjølvbestemming Sjølvbestemming handlar mykje om det å kunne bestemma over seg sjølv. Det handlar blant anna om å kunne bestemma seg for dei vala ein tar på vegne av seg sjølv. I tillegg handlar det om å kunna kjenna i seg sjølv kva ein føler, og kunne gi uttrykk for dette. Psykologisk førstehjelp er eit fint verktøy til å læra barna å setta ord på abstrakte følelsar og uttrykk på ein enkel måte.

Medverknad Medverknad handlar om å virka og leva i lag med andre. Det dreier seg om å handla og å gjera ting i lag med andre. Det er haldningane som leier fram til ein praksis av medverknad, og det er møta med dei vaksne og barnehagen sin organisering som blir avgjerande for om det blir reell medverknad eller ikkje. Reell medverknad inkluderer og medbestemming og sjølvbestemming. Det handlar om å vera dei av ei gruppe, få oppleva å få gjennomslag for eigne idear, men og om å kunne tilpassa seg og følgja andre.

Moglegheiter blir skapt i dei situasjonane der me møter barna sine initiativ og interesser, viser respekt for og tar funderingane og teoriane deira på alvor.

I forhold til alle desse tre områda er vaksenrolla sentral. Vaksenrolla med tanke på korleis den vaksne møter barnet, anerkjenner, rettleier og også er bevisst sitt ansvar, men og tar avgjersler på vegne av barnet når det trengs. Ein kjærleg, trygg og sterk vaksen gir barna gode ramer til å utvikla dugleik og vurderingsevne innanfor både medverknad, medbestemming og sjølvbestemming.

Page 17: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

MEDVERKNAD AV FORELDRE/FØRESETTE OG BARN, I SAKER DET ER KNYTT EI URO TIL

Korleis ein legg til rette for medverknad kan sjå ulikt ut frå sak til sak, frå situasjon til situasjon, det finns ingen ferdig oppskrift. Barna er ulike, familiane er ulike, utfordringane er ulike. Difor kan ein ikkje tenka at det er ein sjølvfølge at barnehagen skal vita kva som er reell medverknad i praksis, men det er altså ikkje alltid slik.

Likevel kan ein ta i bruk nokon sentrale køyrereglar som kan legga til rette for vidare individuell medverknad:

Bruk tid på å skapa ein god relasjon som er prega av tillit, openheit og gjensidig respekt

Tilpass språk, metode og setting etter barnet og foreldra/føresette sitt behov. Hugs tolk, barna skal aldri nyttast som tolk!

Finnes det andre arenaer og tillitspersonar som ein kan nytta/samarbeida med for å laga gode rammer for medverknad ut i frå barnet og foreldre/føresette sine ønsker og behov?

Inviter barnet eller dei føresette til å ta med seg ein person som dei har tillit til dersom dei ønskjer det

Gi informasjon tilpassa alder og situasjon, og gi rom for spørsmål og oppklaring. Følg også gjerne opp med skriftleg materiell etter munnleg informasjon

Page 18: BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSBARNEHAGANE · Eit eige foreldremøte for alle nye foreldre, kor generell informasjon om barnehagen blir gitt, og kor ein samtalar om korleis det er å vera

Tilrettelegging krev kreativitet, fleksibilitet og kompetanse Her er nokon tips å ta med når ein planlegg eit møte på individnivå:

Kope på foreldra snarast I saker der ein er uroa for eit barn er det viktig å kopla på foreldra/føresette så snart som råd. Foreldra kan gi andre perspektiv på situasjonen og på kva tiltak som kan vera det beste for barnet og familien. Det er ein viktig utfordring å gi barnet og foreldra rom for og anerkjenna alle synspunkt. Det er og viktig å gi barnestemmen vekt, og sikra at den kjem fram.

Definer målet for medverknaden Både barn og foreldre kan trenga å få vita kvifor det er viktig at dei har ein meining og uttalar seg om noko. Kva er utgangspunktet for dette møtet, eller samtalen. Kva er det me skal snakka om, og kva er målsettinga? Kva skal min eigen meining brukast til? Det er motiverande å vita at nettopp din meining er viktig for at ei avgjerd skal bli så bra som mogleg.

Tidspunkt Sett opp eit tidspunkt som passar for alle. Sjå om det er mogleg å finna tidpunkt for møter og samtalar som gjer at ein i minst mogleg grad må ta seg fri frå jobb.

Vel ein eigna stad Kva som er ein god og eigna stad vil variera. Enkelte familiar vil føretrekka sin eigen heim, der ein er trygg, for å sleppa å vera den besøkande. Andre kan synast at det er invaderande å skulle gjennomføra ein samtale med barnehagen i stua si. Ein bør alltid vurdera alternative stader, eller andre arenaer. Møtet treng med andre ord ikkje å vera i barnehagen.

Vek eigna form Når ein skal leggja til rette for reell og god medverknad for ein familie er det viktig å velja metodar, rammer og kommunikasjonsformar som er hensiktsmessige i nettopp dette tilfellet.