2 Kyrkjelydsblad for...

16

Transcript of 2 Kyrkjelydsblad for...

Page 1: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_oktober_2014.pdf · det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus
Page 2: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_oktober_2014.pdf · det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus

2 Kyrkjelydsblad for Fjaler

“Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til tru på meg” Joh.17:20

Eg har mange gange møtt menneske som seier, “Du må be for meg.” Det er så godt å vite at ein vert beden for når vi er fulle av uro og bekymringar og strevar i kvardagen. I Jesus si øvsteprestlege bøn, bad Jesus for læresveinane sine. Han sa: “Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjen-nom deira ord kjem til tru på meg”. Hans øvsteprestlege bøn er òg ei bøn for oss. Jesus ba for læresveinane sine og han gjer det fort-satt. Det er ei bøn som inkluderer alle truande menneske, alle stader til alle tider.

Vi tenkjer vel ofte at i kristenlivet gjeld det å halde fast på det vi har lært. Halde fast på det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus fast. Det er han som held oss fast og går i forbøn for oss. Meg og deg. Fantastisk! Eg veit at eg treng all den forbøn eg kan få. Det er få ting som gjer meg så godt som når folk seier: “Eg ber for deg”. Det er godt å vite at ein vert beden for av andre menneske, men enda bedra er å vite at Jesus ber for oss. Vi treng at han ber for oss, men vi treng også å be for kvaran-dre. Jesus ber om at vi har kjærleik til kvaran-dre. Omsorg og Fellesskap.

Jesus ber for oss. Hugs det, det er godt å vite. Jesus veit korleis vi har det. Gjennom Jesus har Gud fått vise at han kjenner alt vi må gjennom som menneske. Han kjenner våre gleder og sorger, sjukdomar, våre ulykker, vår smerte. Han veit om mine tankar og bekymringar i dag. Han veit alt om kva eg kjem til å møte i morgon. Han vil sørge for at vi får hjelpa vi treng, akkurat når vi treng det aller mest. Tenk! For et fantastisk liv du og eg kan leve! Vi kan stole på at Gud gir oss det vi treng, for han veit kva vi treng før vi har nemnt det for han. Vi har ein Herre som elskar oss høgt og går i forbøn for oss undervegs! Vi kan sleppe å vere bekymra, for Jesu kjærleik omgir oss totalt i fortid, notid og framtid. Vi kan i staden få lov til å legge livet vårt i hendene hans og be han om å leie oss gjennom dagen. Så vil Herren gi oss styrke og visdom. Han vil gi oss det vi treng og be for oss.

Lilja Kristin Thorsteinsdottir

No må du be for meg

Kyrkja i Fjaler er på Facebook:https://www.facebook.com/FjalerKyrkja

Page 3: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_oktober_2014.pdf · det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus

Kyrkjelydsblad for Fjaler 3

På kyrkjebakken

Innhogging av nye namn og oppfrisking av skrifta på gravminne.

Kyrkjeverja formidlar kontakt med ein som kjem vår og haust og gjer slikt arbeid.

Ta gjerne kontakt!

Hjarteleg takk for min-negåve til Ljosheim Styret for Ljosheim forsamlingshus takkar hjarteleg for 5 350 kr i minnegåve til Ljosheim ved gravfer-da til avdøde Ola Halsnes 20. juni, og for 5 120 kr i minnegåve ved gravferda til avdøde Ragnhild Halsnes 4. juli 2014.

Hjarteleg takk for min-negåve til Guddal kyrkjeHjarteleg takk for 700 kr i min-negåve til ved gravferda til Erling Guddal 3. juni, for 2 650 kr i minnegåve ved gravferda til Anna Petrine Engen 28. august 2014 og for 2150 kr i minnegåve ved gravferda til Ludvik Steinseth 19. september.

4-årsbokaMi Kyrkebok 4 blir delt ut i gud-stenesta i Dale kyrkje søndag 16. november kl.11.00 og i Folkestad kapell søndag 23. november kl.11.00 og i Guddal søndag 23. november kl. 15.00. 4-åringane blir òg invitert til ei samling i forkant av gudstenestene. I samlinga får dei eit aktivitetshefte som høyrar til boka. Etter gudstenestene er det

“Orgelbrus og kyrkjekaffi” for heile familien, med pølser, kaker og kaffi. Det brukar å vere ei hyggeleg stund for både små og store.

Avgift for feste av grav.Den årlege festeavgifta er 150 kr pr. grav pr. år. Avgifta er fastsett av kommunestyret i Fjaler. Eit statleg ut-val føreslår at festeavgift skal skifte namn til gravleige, og no får du tilbod om å feste i bolkar på fem år som er i samsvar med det som også er føreslått.

Oppfylling av jord på Dale kyrkjegardPå Dale kyrkjegard, ved muren ned mot elva - ned mot tidlegare Dale elektriske, må det fyllast på jordmasse. Dette fordi det her samlar seg vatn som frys til is om vinteren, noko som ikkje er kjekt for dei som har graver i området. Når dette skal gjerast, må ein del gravminne mellombels takast bort. Vi må skaffe eigna jordmassar til påfylling, og det må sjølvsagt såast til etterpå. Arbeidet vert gjort når vi har alt klart, men vi kan ikkje seie no om det blir seinhaustes eller på ettervinteren. if

Bladpengar for 2014Etter at trykkeriet gløymde å leggje ved giroen som vi alltid brukar å ha i blad nr 1, så kjem den no endeleg og gjeld bladpengar for inneverande år. Hjarteleg takk for at du trufast betalar inn bladpeng-ar slik at vi kan fortsetje å sende ut Kyrkjeblad for Fjaler. Bankkontonr: 3741.20.73135. Det er fint om du som bur i Fjaler kan betale 200 kr, og at du som får bladet tilsendt med adresse-lapp og frimerke betalar 225 kr. Vi takkar hjarteleg for gåva. Det er viktig at du som bur utanom kommunen, og får bladet tilsendt med adresselapp, hugsar på å merke innbetalinga med namn og adresse – også når du betalar via nettbank. Utan adresse er det umogeleg for oss å få sendt deg bladet. Vi tek gjerne imot respons: “Ros” eller “Ris” slik at kyrkjebladet vert best mogeleg.

framsidefoto: Joy Taylor

Page 4: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_oktober_2014.pdf · det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus

4 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Da l e k y r k j e 150 å r

I god stand og godt feiraFørste helga i september vart Dale kyrkje feira for sine første 150 år. Jubilanten er i god stand, og for dei som var med, vart det ei helg med gode minne.

Dale kyrkje var berre 130 år då Mark Taylor første gongen tok plass på orgelkrakken der. Sidan har det vorte mange timar med øving og framføring, og han fekk æra av å innleie jubileumsfeiringa med ein flott konsert fredags kvelden. Han hadde sett saman eit program med orgelverk komponerte i 1864, orgelstykke over kjende salmetonar komponerte det året, og verk av komponistar fødde same året som kyrkja vart reist.

At kring 500 av dei 550 sitjeplassane i kyrkja stod ledige, skuldast korkje utvalet av musikk eller prestasjonen til Mark. Den var av vanleg godt merke, noko applausen og takketalen til Sølvi Ann Solheim i soknerådet understreka. Kyrkjelyden i Dale er heldig som har eit slikt instrument, og ikkje mindre for-di dei har ein som veit å traktere det og få fram den spennvidde i musikken det opnar for.

Konfirmantane Jens Alværvik og Amalie Eide Dale gjekk først i inngangsprosesjonen, med krossen og tekstboka.

Mark Taylor dirigerer Cantus frå orgelkrakken.

Mark presenterte musikk av Reidar Sløgedal, Richard Strauss, Franz Liszt, Irvine Dearnaley, John Barr, Peter Lin-deman, Alberto Nepomuceno, Samuel Sebastian Wesley og Guy Ropartz. Det mektige postludiet av Ropartz tykte

Mark var ei passande avslutning på jubileumskonserten, og publikum svara med ståande applaus.

Skal det bli vellukka feiring, må det både godt program og god mat til.

Page 5: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_oktober_2014.pdf · det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus

Kyrkjelydsblad for Fjaler 5

Da l e k y r k j e 150 å r

Det er ikkje eit vanleg syn med så mange prestar i koret samti-dig, her under evangelielesinga. Raudt på stolaene og lesepult-kledet markerer at det er høgtid.

Takkofferet rundt alteret gjekk denne gongen til kyrkjelydsarbei-det.

Sokneprest Lilja Kristin Thorsteinsdottir tok i bruk den nye messehakelen og det nye alterbordet.

Bak, frå venstre: tidlegare Fjaler-prestar Sigurd Wahl Sande, Kåre Mestad og Trygve Ebbesvik.Framme, frå venstre: Spesi-alprest Knut Arne Kumme-neje, prost Reidar Andreas Knapstad, sokneprest Lilja Kristin Thorsteinsdottir og tidlegare sokneprest Anne Marie Dahl Mustard.

Framhald side 8

Søndagen fekk dei frammøtte begge delar. Saman med prost Reidar Andreas Knapstad deltok dei noverande prestane våre; sokneprest Lilja Kristin Thorsteinsdottir og spesialprest Knut Arne Kummeneje, og dei tidlegare sokneprestane Kåre Mestad, Anne Marie Dahl Mustard og Sigurd Wahl Sande, og kapellan Trygve Ebbesvik. Alle var med på sine delar i gudstenesta, der Cantus også gav sine bidrag til ei verdig og fin samling.

Foto: Atle Lyngstad Ness og Joy Taylor

Page 6: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_oktober_2014.pdf · det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus

6 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Da l e k y r k j e 150 å r

PsalmeVED INDVIELSEN AF DALE KIRKE

DEN 24. NOVEMBER 1864

Melodi: Lover den Herre

O, Herre Jesus du, som her nyt Hus har oss bygget,hytte mod Vandskyl og Ly, imod Heden beskygget.

Lov være dig!Hvor dog din Miskund er rig!Himlen av din Lov er vugget.

Tak, kjære Herre, du lod os faa Hjemmet tilbage,hvor med Psalmisten os hued at bo alle Dage,

hvor i Guds Ordog i forjættelsen stor

hvile vi kan uden Plage.

Her er det Hjem, vi som hjemløse savned saa længe.Her findes Hvile ved lyseste Strømme og Enge.

Nu, kjære Gud,lovsang at synge dig ud

i Sødskenlag hart vi trænge.

Ja, her er Bethel og Himmelens Porte og Stige,her jo Guds Engle til små og til Store nedstige:

Kom hid, I Smaa,kom hid, I Store ogsaa

Jesum vi alle os vie!

O lær os, Herre, at elske dit Hus og din Bolig,finde det godt her at bo, så vi hid søge trolig.

Sænk her din Aand,klarhed og signende Haand,og med din Fred gjør os rolig!

Lyt til hver Bøn her, som ydmyge Sjæle dig bede.Sign os med Lyset fra Pinse, med Julehelgs Glæde.

Tal Trøstens Bliv:«Jeg er Opstandelse, Liv»,

syng Paaske-sang, naar vi græde!

Herre vor Gud, byg nu ogsaa os selv til dit Tempel,lær os din Lovsang, den ny, og sæt paa os dit Stempel!

Vis paa vort StedMiskund i tusinde Led,

løft over Kirkespir Vimpel!

Page 7: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_oktober_2014.pdf · det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus

Eg sat på kontoret i Dale og hadde førebudd meg til gravferd i Holmedal. I det eg reiste meg og skulle gå til ferga, ringde telefonen. Eg såg på klokka; det var berre tid og veg til ferga. Men den iltre ringinga fekk meg til å tenke: Det kan no vere ein som må snakke med presten. Dette var tidleg på 80-talet, og mobiltelefonen var enno ikkje allemannseige, så eg tok telefonen.

Eg hugsar ikkje sjølve telefonsamtalen, men eg minnest godt då han var over, og det gjekk opp for meg at tida for ferjeavgang var berre eitt minutt unna! Eg treiv kofferten med prestekjolen og var heldigvis allereie oppdressa til gravferd, med svart dress og prest-eskjorte med kvit krage. Trappene frå andre etasje på Firda bilag tok eg i fire lange sprang, og eg storma gjennom Dale sentrum. Eg registrerte gamlekarane ved Samvirkelaget som stansa opp i praten og måpte etter den nye kapellanen: Kva var det no som var gale?

Eg runda hjørnet ved Salbuen, og sanninga gjekk opp for meg: Eg vert for sein til gravferda! Ferga var alt komen fleire meter frå land! Lufta gjekk ut av meg ein liten augneblink, og

stega vart litt lange og seine. Eg såg skipperen stod i styrehuset og såg rett mot den bortkomne sonen langt der oppe på kaia. Eg vinka og veiva, og fekk respons frå det smale styrehuset. Skipperen hadde sett meg, situasjonen var berga.

Letta sprang eg mot ferja. Som den velviljuge mannen eg er, så tenkte eg at ferga skulle sleppe å legge heilt til land – berre for min del. Så då eg var komen ut på ferjelemmen, var ferja berre vel ein meter frå land. Eg tok sats og gjorde eit stort sprang. Det eg ikkje tenkte på, var at eg var på veg frå ferjelemmen, mens ferja var på veg til. Dermed vart eg litt for framoverlent og gjekk i kne på ferjedekket. Dette var den gamle ferja med tredekk, så eg kjende at eg slo hol på prestebuksa og at handflatene vart nagla til dekket.

Det vart heilt stille, så braut ein mannsperson ut i latter. Det var ferjemannskapet som hadde fjerna kjettingen som skilde bilane frå sjøen. Han lo og lo … Eg kjende smertene gjekk over eit veksande sinne!

Eg rykte meg laus frå dekket og retta meg opp. Eg var klar til å seie han eit par pauli ord: Du ler ikkje av ein

mann som ligg nede! Men heldigvis så snudde eg meg mot land, og kva såg eg der? På kaia stod det fleire bilar, og folk stod klare til å gå om bord … Sakte, men sikkert gjekk det opp for meg: Ferja var forseinka, ho var på veg inn for å hente mine medpassas-jerar.

Det vart ein uforgløymeleg ferjetur. Det vart reine vitnemøtet i salongen, der folk fortalte om den dumskapen dei hadde funne på. For no hadde også kapellanen vorte ein av dei falne.

Ferja på Dalsfjorden har slutta å gå. Men eg blir stadig minna på ferjeturen med spørsmålet: Skal du nå ferja? Så treng vi kanskje denne påminning nokon kvar: Du er ikkje betre enn andre! Må Gud sjå i nåde til oss kvar vi ferdast!

Med helsing

Trygve EbbesvikKapellan i Fjaler 1982-1986

Kyrkjelydsblad for Fjaler 7

Ferjeturen No er det slutt på at prestar som skal til Holmedal må skunde seg for å nå ferja.

Page 8: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_oktober_2014.pdf · det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus

8 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Under samværet helsa og gratulerte ord-førar Arve Helle, og han streka under det gode samarbeidet mellom kommunen og kyrkja. Dale kyrkje og kyrkjegarden fram-står på ein måte som blir lagt merke til, og både Helle og andre gav vel fortent hon-nør til kyrkjeverje Irene Fløde som har ei god hand om både kyrkjebygningen og plassen rundt. Ho tek gjerne eit tak med grasklipparen og svingar målarkosten når det trengst. Men som ho sant nok seier, er det viktig at kyrkja og kyrkjegarden tek seg fint ut, men ho er likevel mest opptek-en av den aktivitet dei greier å få til inne i kyrkja.

Etter det ho har sagt og skrive er det ikkje nytt for nokon korkje at ho ventar utolm-odig på meir areal til gravplass, eller kvar ho meiner det bør komme. Ordføraren lova inga semje om stadvalet, men at det truleg kan bli ei avgjerd i løpet av hausten.

Dei fleste prestane i forsamlinga hadde ordet, helsa og gratulerte med dagen, og bar fram gode minne om tida som tilsett i Fjaler. Det vart også bore fram helsing frå ein som ikkje kom, Børge Ryland, og kona Synnøve. Terje Halsnes leia samkoma på Ljosheim, der Cantus framførde “Kom til den hvitmalte kyrkje” og “Nærmere deg, min Gud”.Heftet som er skrive i høve 150-årsjubi-leet vart lagt fram for sal på konserten fredag kveld og søndagen i kyrkja og på Ljosheim, og mange nytta høvet til å han-dle. Heftet er på 64 sider, med mange fine bilde, og prenta i eit opplag på 600. Det er til sals på kyrkjekontoret, og dei som har tenkt å sikre seg heftet til eige bruk, eller som ei høveleg gåve, til dømes til jul, bør ikkje vente med å kjøpe. Her er det tryggast å handle raskt …

Prost Reidar Andreas Knapstad, som også hadde preika, avslutta festsamværet i Ljosheim. Han let vel over staben som arbeider i kyrkja, og han streka under kor viktig det er at samarbeidet med kom-munen er fruktbart. Dale kyrkje er både eit fyrtårn og eit samlingsmerke, og det tener både Fjaler kommune og alle som er glad i kyrkja til ære at den får nødvendig økonomisk armslag og blir teken godt vare også i år som kjem.

Atle Lyngstad Ness

Da l e k y r k j e 150 å r

På Ljosheim var kring 80 menneske med. Langt, langt mindre enn 100-årsfesten i 1964. Då var ungdomss-kulen samlingsstad, og mellom 600 og 700 menneske åt middag der. Men med velsmakande rømmegraut frå Matglede på Straumsnes, kaker frå Cantus og god kaffi, var stemninga upåklageleg.

Praten går lett når gamle vener møtast.

Cantus underheldt med fin song.

Det var god stemning under festmiddagen.

An

ne

MA

rie

DA

hl

Mu

stA

rDA

tle

lyn

gst

AD n

ess

Knu

t A

rne

K uM

Men

eje

Kåre

Mes

tAD

liljA

Kri

stin

th

ors

tein

sDo

ttir

Arv

e h

elle

reiD

Ar

KnA

pstA

DM

Arg

ot

ug

ule

n

nes

et

tryg

ve e

bbes

viK

Page 9: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_oktober_2014.pdf · det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus

Kyrkjelydsblad for Fjaler 9

Da l e k y r k j e 150 å r

Atle Lyngstad Ness har skrive innlegget “I god stand og godt feira”. Det er også han som har samla bilde og skrive det flotte Jubileumsheftet “Dale kyrkje 150 år” som er trykt hos E. Natvik Prenteverk AS i Florø. Atle har gjort eit grundig og fint arbeid der han, i tillegg til å få godtgjort for noko arbeid, har bidrege like mykje med dugnad.

Atle sat i nemnda som førebudde jubileet. Med seg der hadde han soknerådsleiar Terje Roald Halsnes og Asbjørn Igelkjøn også han frå soknerådet. I tillegg var Hans Stav og Målfrid Skaar med. Prestane Lilja Kristin og Knut Arne og kantor Mark planla gudstenesta saman med nemnda. Mark planla og gjennomførte ein nydeleg orgelkonsert.

Hjarteleg takk til dei nemnde personane, men også hjarteleg takk til alle andre som bidrog til ei fin jubileums-feiring: Cantus, Matglede, prosten, prestane, dei som dekka bord og ikkje minst dei som heile søndagen sto løpet på kjøkkenet på Ljosheim. Og også til dei eg har gløymt å nemne!

Irene – kyrkjeverje

Fornying til jubileetSkifte av det svært slitte skinnet på alterringen i Dale kyrkje har vore planlagt lenge, og heldigvis fekk vi det nye på plass til jubileet. Arbeidet vart gjort av Gjert Kåre Solheim (bestefaren var frå Dale) og kona Janne Peggy Tytingvåg. Dei driv møbelsnikkarverkstad i Svelgen og har hatt arbeid med skinn på alterringane i kyrkja på Kinn og i Rugsund- og Ålfoten kyrkje. Dei var i kyrkja og tok av skinnet, som dei tok så med til Svelgen og brukte som mal når dei klipte og sydde det nye skinnet. I mellomtida vart delar av alterringen måla av kyrkjeverje på dugnad.

Ny grøn messehakel vart teken i bruk i jubileumsgudstenesta av soknepresten. Den ser du på fleire av bilda frå gudstenes-ta. Vi ville vise han fram ved jubileet så det er grunnen til at soknepresten har grøn liturgisk farge i staden for raud som er den liturgiske fargen ved kyrkjejubileum.

Foto: Atle Lyngstad Ness og Joy Taylor.

Alterbord framfor alterrin-gen til bruk ved gudstenester har vore nytta i kyrkja sidan vi tok til å prøve ut ny gudstenes-teliturgi i 2009. Til jubileet fekk vi laga eit nytt alterbord som står i stil med alterringen og eit litt mindre bord til bruk ved nattverd. Også skapet til lydanlegget er nytt og måla i same fargane. Inge Bortheim (frå Dale) ved Askvoll Trappefabrikk teikna og laga dei fine møblane som kyrkjeverje måla i same fargane som alterringen. Askvoll trappefabrikk laga også eit nytt skåp til prestesakristiet då det som stod der var blitt for lite og ufunksjonelt. Vi er takksame og glade for fornyingane.

Det nye alterbordet står i stil med alterringen.

An

ne

MA

rie

DA

hl

Mu

stA

rD

Hjarteleg takk til alle!

Dette fine skapet skjuler lydanlegget.

Page 10: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_oktober_2014.pdf · det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus

10 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Fjaler sokn sin gudstenesteliturgi “Lokal grunnordning for Fjaler sokn” skal godkjennast på nytt der søknads-fristen er 1.april 2015. Før det må det på nytt handsa-mast i soknemøte.Fjaler sokn ønskte ikkje å ta i bruk den nye versjonen av Fadervår ved førre handsaming, men no er det fleire grunnar til å ta i bruk 2011-versjonen.

• bøkersomvertdeltutisambandmedtrusopplæ-ringa

• nyeliturgibøkertilbrukvedvigseloggravferder• nabosoknavårebrukardennyeforma• imediahøyrervidennyeforma

Vi har særleg eit tettare samarbeid med Hyllestad og Askvoll, og det vil lette arbeidet både for tilsette og for kyrkjelydane som besøkjer gudstenester i nabopresteg-jeld om vi nærmar oss felles liturgi.

2011-versjonen er nærare den bibelske teksten, og den nyaste omsetjinga gjev Fadervår eit rikare innhald. Mange får delta i samtalen før ein tek avgjerd. Eit vik-tig moment vil vere trusopplæringa i kyrkjelyden. Den versjonen av Herrens bøn som blir brukt der, må også borna kunne kjenne att når dei går til gudsteneste.

Med bakgrunn i dette har soknerådet gitt løyve til bruk av 2011-versjonen “Vår Far” i gudstenestene utover

Herrens bøn er blitt ny

Kyrkja som ei livsreise og kompassnål24. november er Dale kyrkje 150 år. Jubilanten blei feira søndag 7. september med festgudsteneste, god mat og fine helsingar på Ljosheim. I mine etter kvart mange år som prest i Fjaler, har eg hatt gleda av å fortelje skuleklassar og konfirmantar om kyrkjebygget og symbolbruk. Kyrkja og kyrkjerommet vil fortel-je oss noko. I kyrkjetårnet er det klokker som ringer og kallar inn til samlingar i kyrkja. Kyrkjetårnet strekker seg mot himmelen og er eit sterkt symbol på at dette bygget vender seg mot ein annan dimensjon av livet. Tårnspissen peiker mot Gud, og uttrykker det vertikale perspektivet.

Yttergangen er kalla for våpenhuset. Før var det vanleg å legge frå seg våpna her, før ein gjekk inn i kyrkja som var eit fredshus. Sjølve hovudrommet i kyrkja heiter skipet. I nokre kyrkjer heng det eit skip eller ei skute frå taket. Baugen er mot altaret. Skipet skal også symbolisere at vi er alle “i same båt”, kollektivt sett. Skipet skal også illustrere at det kristne livet er ei reise frå fødsel til død, frå inngang til utgang. Før stod døypefonten nede ved inngangen til kyrkjeskipet. Døypefontens plassering skulle fortelje oss at mennesket blei døypt ved inngan-gen til det kristne livet. Livsreisa går frå døypefonten mot altaret som symbol-iserer vegen mot himmelen. Himmelen er målet for livsreisa. Kyrkja er som ei kompassnål, der tårnet inngangen står i vest, og alteret i aust. Aust er retninga mot soloppgangen og oppstoda – der sola aldri går ned.

Rommet der alteret står kallast koret. Symbolikken er knytt til englekoret som song om at Frelsaren var født julenatt. Derfor bruker ein også i mange kyrkjer i dag koret til korsong.

I Det gamle testamente var altaret tradisjonelt ein offerplass. Mange hugsar Abraham som heldt på å ofre sonen Isak på eit altar. Men heldigvis blei sonen spart, til fordel for ein vêr, ein “syndebukk”. Kristi soningsdød på krossen har ein link til alteret, der Guds “lam” blir ofra i staden for menneska. Alteret i kyrkja skal mellom anna uttrykke Kristi soningsoffer der han forsona menneska med Gud. På alteret blir Jesu kropp og blod innvia til utdeling for alle som treng Jesus.

KAK

Da l e k y r k j e 150 å r

Page 11: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_oktober_2014.pdf · det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus

Kyrkjelydsblad for Fjaler 11

Herrens bønVår Far i himmelen!Lat namnet ditt helgast.Lat riket ditt koma.Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.Gjev oss i dag vårt daglege brød,og tilgjev oss vår skuld,slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.Og lat oss ikkje koma i freisting,men frels oss frå det vonde.For riket er ditt og makta og æra i all æve.Amen.

DaleDøypte:Anne Karin Sagevik LamarkMats Johansen NorddalLimone Strand SundeIngrid Åsnes YndestadLiam Sætenes Haaland WallOlav Lillefosse Nitter

Vigde:Veslemøy Osland Ness og Philip Martens FodstadMalin Therese Aase Jørgensen og Vegard ArsteinVeronica Høydal og Svein Jarle Løseth

Avdøde:Kari Rognum Sundal f.1941Ola Halsnes f.1920Ragnhild Halsnes f.1919Liv Brekke Rongevær f.1931Alma Kjøsnes f.1928Håkon Øye f.1929Alfred Rakneberg f.1925Målfrid Igelkjøn f.1922Konrad Strand f.1922Arthur Boge f.1947

GuddalVigde:Anne-Lise Langeland og Frank Petter Holmestrand

Avdøde:Johannes Ødemark f.1925Anna Petrine Engen f.1912Ludvik Steinseth f.1922

FolkestadDøypte:Tia Lammetun Lindelid

Avdøde:Klara Midtbø f.1936Gunn Kari Stølen Skår f.1963Kåre Holstad f.1923

KorssundDøypte:Indie Lucia Rørvik SolheimJonas HaugstadMaja Haugstad

I kyrkjelyden sidan sist

hausten slik at ei brei samansetjing av kyrkjelyden kan bli kjend med den og ta ei informert avgjerd tidleg i 2015.

Om Herrens bønFadervår har vore ein viktig del av nattverdslitur-gien heilt frå først av i den kristne kyrkjelyden. Fadervår kan seiast å ha tre funksjonar:

1 Fadervår er bordbøna. “Gjev oss i dag vårt daglege brød” viser ikkje berre til det brødet vi treng reint fysisk, men òg til nattverdsbrødet.

2 Fadervår er syndsvedkjenning. “Forlat oss vår skuld” er ei god syndsvedkjenning å be like før ein går til Herrens bord.

3 Fadervår er sjølvprøving. “Slik vi òg tilgjev våre skuldnarar” gjev høve til å tenkja etter korleis ein har det i forhold til medmenneska sine.

Fadervår kan syngjast eller lesast av alle i felless-kap. Om ein syng det eller les det kan variera. I

Fjaler er det godkjend at vi normalt les Fader vår, men på gudstenester med Cantus og på syng-med-oss kveldar har vi sunge bøna.

Page 12: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_oktober_2014.pdf · det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus

12 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Vann er grunnlag for alt Tigist må stå opp før solen. Hendene finner de to tomme plastkannene på veien ut døra. På vei gjennom lands-byen kommer det flere jenter ut av tussmørket, med plastkanner i hendene, og praten er allerede i gang. De er unge, vanndunkene er fortsatt lette, og de første solstrålene lyser opp den åpne plassen midt i landsbyen.

Syk av vannEt øyeblikk lar Tigist tankene langs stien som fortsetter videre østover, ut av landsbyen, over åskammer, forbi andre landsbyer, en time, to, på bare føtter. Det er lenge siden forrige regn. Er det fortsatt vann i bekken, eller må de gå enda lenger? Tigist vet at stillestående, grumsete vann kan gjøre dem alle syke. Diaré tapper kroppen for næring og væske. For de minste og svakeste er det ofte dødelig.

Farlig vannjaktPå turen tilbake med 20 liter vann begynner det å verke i føttene, ryggen, skuldrene, armene. Hun holder på å miste taket i dunkene, og hun må sette dem ned et øyeblikk for å bytte grep. Noen ganger blir det nesten mørkt før hun kommer hjem. Tigist vet om jenter som har blitt voldtatt mens de henter vann. Hun er femten år, og den evige jakten på rent vann er hennes skjebne, helt til hun en dag får en datter som blir gammel nok til å overta. Kvinner bærer halve himmelen, sier de gamle. Tigist vet hvor mye en halv himmel veier.

Boret brønnFor drøyt ett år siden kom en stor borerigg til landsbyen. Larmen var øredøvende, og bakken ristet. Etter hvert som boret forsvant ned i bakken, førti, femti, seksti meter, begynte hun å kjenne seg motløs. Men plutselig sto vannspruten opp av borehullet, og alle som så på slapp jubelen løs. De neste dagene ble brønnkonstruksjonen støpt, en håndpumpe ble installert, og innhegningen ble bygget. Og i dag står den der, denne forunderlig enkle innretningen som har forandret så mange liv.

Kvinnene styrer vannetTo ganger om dagen kommer lederen for vannkomiteen og åpner porten til brønnen. Hengselen er laget av en gammel strandsandal, men alle respek-terer reglene. Hver familie betaler en

månedsavgift på to birr for å få hente vann fra brønnen. I et samfunn derfamiliene strever for å være selvforsynt med mat, er 60 øre en stor utgiftspost, men avgiftene skal dekke vedlikehold og reparasjoner.

I begynnelsen stusset noen over at flertallet i vannkomiteen, som skulle styre vannfordelingen, var kvinner. Tigist synes det er helt naturlig, det er jo kvinnene som alltid har hentet vann!

Spire til utviklingMed en oppvekst der vannhenting har tatt store deler av dagen, henger Tigist fortsatt etter på skolen. Men etter ett år med den nye brønnen er hun allerede på god vei til å ta igjen det forsømte. Hun bruker flere timer på lekser utenom skoletiden. Foreldrene er stolte av henne og fast bestemte på å gjøre alt de kan for at hun skal få seg en

Lillebror Tsegaye kan hjelpe til med vannhentingen fra pumpen i lands-byen. Tigist står og passer på at alt vannet havner i vannkannen. Så tar de hver sin breddfulle dunk og rusler tilbake til hytta.

På dagen for TV-aksjonen vert det halde solidaritetsgud-steneste i Dale kyrkje, der studentar og tilsette ved United World College deltek saman med mellom anna konfirman-tar. Fokuset er temaet for TV-aksjonen, og innsamlinga går til Kirkens Nødhjelp sitt viktige arbeid i verda. I gudstenesta deltek både konfirmantar og UWC-elevar med musikk og song. Etterpå vert det samling på kyrkjelyd-shuset Ljosheim der UWC-elevar medverkar. Det blir server-

ing av kaker og kaffi. I Fjaler er vi så privilegerte at vi har ei lita verd med mange nasjonalitetar buande midt mellom oss. Då er det kjekt å kunne samlast av og til og kjenne at sjølv om vi kjem frå ulike verdsdelar og kulturar, så har vi menneske nokre grunnleggande behov og fellestrekk, og ikkje minst ein verdi som må vernast. Då må vi stå saman. Det er viktig å hjelpe og å bry seg!

KAK

Internasjonal gudsteneste på TV-aksjonsdagen 19. oktober kl 19.00

Page 13: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_oktober_2014.pdf · det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus

Kyrkjelydsblad for Fjaler 13

På pinsegudstenesta i Guddal kyrkje deltok ungdom og vaksne i Guddal familiekor for siste gong. Etter mange års teneste ynskjer dei vaksne å slutte, men dei lovar å møte opp framleis på gudstenestene og deltek gjerne i salm-esongen med resten av kyrkjelyden. Ungdomen har dessverre ikkje tid til å syngja i kor lenger grunna den lange bussturen heimatt, mykje skulelekser og andre aktivitetar dei har lyst til å vere med på i Dale.

Nokre av dei vaksne har delteke i korarbeidet i Guddal kyrkje sidan Roar Lillebø starta i 1981. I 1994 overtok kantor Mark Taylor både eit lite barnekor og ei lita forsongargruppe og hausten 1995 slo desse to laga seg saman til ei større eining med born, ungdom og kvinner som Guddal familiekor.

Ein periode var nokre yngre mødrer med i koret, men med småborn og jobb er det for travelt for dei å vere med å syngje no. Likevel har den nye generasjonen mødrer vore flinke til å høyre koret på gudstenestene og å

stille opp som styremedlemmer for det som no er eit reint barnekor.

No i haust er 14 born frå 4 år til 7. klasse med i koret, 2 gutar og 12 jenter. Det er 6 store born (4. til 7. klasse) som syng på alle gudstenestene (utanom Jonsokdag) mens dei yngre «junior» medlemmer er med på gudste-nestene med born i fokus.

Koret er svært viktig for å halde oppe den gudstenestefrekvensen som vi har i Guddal. Koret med slekt utgjer dei frammøtte ved dei fleste gudstenester i Guddal kyrkje, og koret er ein av få aktivitetar for born i Guddal krins. Det er ingen femåringar i Guddal for tida, men vi håper at fleire fireåringar vil vere med i koret etter kvart.

Koret skal framleis heite Guddal familiekor. Halve koret er jo sysken og namnet står på T-skjortane og kor-genserane!

Mark Taylor

Slutten på ein epoke i GuddalBak – vaksne og ung-dom: Solbjørg Samdal, Davida Kalstad, Liv Svanhild Langeland, Oddrun Yndestad, Sandra Yndestad Engen (Marte Huseklepp var ikkje til stades).Framme – born frå 6. og 7. kl: Sondre, Karo-line, Marie, Ida Helen og Oline. Foto Mark Taylor.

utdannelse. De har blitt enige om at hun bør bli lege, men Tigist drømmer om å bli lærer.

ØnskebrønnenAndre steder i verden kaster menne-sker mynter i brønnen for at ønskene deres skal gå ioppfyllelse. Men for Tigist er brønnen i seg selv en drøm. Brønnen sparer henne for flere timers slit hver eneste dag. Brønnen holder henne utørst og mett, ren og frisk. Brønnen gir henne tid til å lære. Tigist bærer fortsatt vann, og hun drømmer fortsatt om et bedre liv for seg selv og familien. Men brøn-nen har gitt henne en start på veien ut av fattigdommen. Tigist går fortsatt, men med lettere skritt.

Page 14: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_oktober_2014.pdf · det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus

DALE KYRKJE Søndag 5. oktober kl.11.00 Gudsteneste med markering av FN eldredagen. Cantus og pensjonistlaget deltek. Offer til Kirkens Bymisjon Bergen.

Søndag 19. oktober kl.19.00 Solidaritetsgudsteneste for nord-sørsøndag. Konfirmantane, UWC og ungdomskoret deltek. Offer til Kirkens Nødhjelp. Ungdomskveld på Ljosheim etter gudsteneste med mat og underhaldning ved UWC.

Søndag 2. november kl.11.00 HelgemessesøndagGudsteneste. Vi minnest våre døde. Cantus deltek. Offer til Kirkens SOS Bjørgvin.

Søndag 16. november kl.11.00Gudsteneste. Utdeling av 4-årsboka. Laurdagsklubben deltek. Offer til Laurdagsklubben i Dale. Orgelbrus og kyrkjekaffi på Ljosheim etterpå.

Søndag 30. november kl.19.00 1. sundag i adventstida Lysmesse. Barnekoret, konfirmantar og 4. årssteg frå Dingemoen skule deltek. Offer til barne- og konfirmantarbeid.

Søndag 14. desember kl.11.00 Adventsgudsteneste med Cantus. Offer til Strømmestiftelsen.

Tysdag 16. desember kl.19.30 Den store julekonserten. Kollekt til Fond for kyrkjemusikk.

GUDDAL KYRKJE Søndag 23. november kl.15.00 Gudsteneste. Utdeling av 4-årsboka. Familiekoret deltek. Orgelbrus. Offer til barne- og konfirmantarbeid.

Søndag 14. desember kl.18.30 Lysmesse med familiekoret, konfirmanten og Guddal skule. Offer til Strømmestiftelsen.

FOLKESTAD KAPELL Søndag 5. oktober kl.19.00 Syng-med-oss kveld. Kveldsmat. Offer til Kirkens Bymisjon Bergen.

Søndag 2. november kl.14.00 HelgemessesundagGudsteneste. Vi minnest våre døde. Offer til Folkestad bedehuskapell.

Søndag 23. november kl.11.00 Gudsteneste. Utdeling av 4-årsboka. Do Re Mi deltek. Offer til barne- og konfirmantarbeid. Orgelbrus og kyrkjekaffi etterpå.

Søndag 14. desember kl.16.00 Førjulskonsert med Do Re Mi m.fl. Offer til Strømmestiftelsen.

HELLEVIK KAPELL

Søndag 7. desember kl.16.00 Lysmesse med DoReMi. Offer til barne- og konfirmantarbeid.

STRAUMSNES GRENDAHUS Søndag 26. oktober kl.14.00 Gudsteneste. Kyrkjekaffi. Offer til NMS Misjonsprosjekt i Mali.

Søndag 9. november kl.14.00 Gudsteneste. Kyrkjekaffi. Offer til kyrkjelydsarbei-det.

14 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Velkomen til kyrkje

Page 15: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_oktober_2014.pdf · det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus

Kyrkjelydsblad for Fjaler 15

Kyrkjeblad for FjalerKontonr. 3741 20 73135Bladpengar kr. 200 / 225 for året.Redaktør: Joy TaylorPrent: Ingvald Husabø Prenteverk [email protected]

Kyrkja i Fjalerwww.fjaler.kyrkja.no

Kyrkjekontoret, pb 18, 6961 Dale.Telefon 57 73 97 70

Kyrkjekontoret er ope måndag-torsdag kl. 9.00-14.00fredag kl. 9.00-12.00Ved oppdrag og ferie kan du oppleve kontoret stengt også når det skulle vore ope.

Tilsette med kontorplass:Sokneprest Lilja Kristin Thorsteinsdottirjobb: 57 73 97 75 priv: 57 73 63 01mobil: 456 38 [email protected]

Spesialprest Knut Arne Kummenejejobb: 57 73 97 73 mobil: 908 55 [email protected]

Kyrkjeverje Irene Flødejobb: 57 73 97 71 mobil: 992 38 [email protected]

Kantor Mark Taylor jobb: 57 73 97 74 priv: 57 73 61 65mobil: 975 13 [email protected] har fri kvar torsdag

Sekretær Joy Taylorjobb: 57 73 97 72 [email protected]å kontoret: Tysdag og fredag kl.9-13

Kyrkjetenarar:Dale kyrkje og kyrkjegardJostein Løseth tlf: 906 07 913

Guddal kyrkje og kyrkjegardLiv Svanhild og Reidar Langelandtlf: 57 73 88 21

Hellevik- og Folkestad bedehuskapellSigrid Kleppe tlf: 57 73 53 57

Fjaler soknerådLeiar Terje Halsnes tlf: 57 73 55 95 mobil: 905 60 416

Beredskapstelefon ved akutt behovutanom kontortid 95 48 31 52.

Kven: Frå 4 år og oppoverTid: Laurdagar kl. 10.30-12.00Stad: Ljosheim i Dale

Leiarar: Gro S. Kummeneje Knut Arne Kummeneje Joy Taylor

Datoar som gjenstår i haust:Laurdag 18. oktoberLaurdag 1. novemberLaurdag 29. november

ORGELBRUSSøndag 16. november kl.11.00Det har blitt ein tradisjon at Laurdagsklubben er med og syng på familiegudstenesta i november. Då er det utdeling av kyrkjeboka til 4-åringane. Vi møter kl.10.30 for å øve litt på songane. Etterpå har vi samling på Ljosheim for heile familien med pølser, brus, kaffi og kaker.

JULEFEST PÅ LJOSHEIMSøndag 28. desember kl.17.00 er det Julefest for heile familien i samarbeid med Dale kyrkjelyd. Vi lagar eit enkelt julespel som vi øver på kl.11.00 dagen før.

Urolege TankarGud, i dine hender overlèt eg alle mine urolege tankar, alt eg er redd for å ikkje greia, alt utolmod over spørsmål som ikkje har fått svar, all irritasjon over menneske som eg har vanskeleg for å tola. Eg overlèt meg sjølv nett slik som eg er. Du kjenner meg heilt og fullt. Tal tilgjevingsordet til meg og førebu mitt indre til å ta imot deg. Lat heile mitt vesen bli til god jord, der kveitekornet kan gro og veksa og mogna til evig liv.

St Davidsgården, SverigeOmsett av Hans Johan Sagrusten(frå Norsk salmebok 2013)

Page 16: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_oktober_2014.pdf · det vi trur og vonar på, men det er ikkje først og fremst vi som held Jesus

INFORMASJON

Avsendar: Fjaler kyrkjekontorPb. 18 - 6961 Dale i Sunnfjord

B

16 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Heftet som er skrive i høve 150-årsjubileet for Dale kyrk-je vart lagt fram for sal under jubileumshelga, og mange nytta høvet til å handle. Heftet er på 64 sider, med mange fine bilde, og prenta i eit opplag på 600. Det er til sals på kyrkjekontoret, og dei som har tenkt å sikre seg heftet til eige bruk, eller som ei høveleg gåve, til dømes til jul, bør ikkje vente med å kjøpe. Pris-en er kr.150,- eller du kan få det tilsendt i posten for kr.200,- inkl. porto.

Foto

: Pau

l Jef

frey

VANN FORANDRER ALT

Tilgang til rent vann gjør at mennesker overlever og holder seg friske. Kvinner og barn trenger ikke gå i flere timer hver dag for å hente vann. Det gir dem mulighet til å gå på skole og arbeid, noe som igjen utvikler hele samfunn. Sammen skal vi sikre varig tilgang til rent vann for 1 million mennesker.

RING 02025 BLIMED.NO

BLI BØSSEBÆRER FOR TV-AKSJONEN NRK19. OKTOBER

Jubileums-heftet forDale kyrkje

Påmelding til [email protected].