1814: Stormaktspolitikk, skandinavisk rivalisering og ... · maktbalanse og folkesuverenitet....

8
3 1814: Stormaktspolitikk, skandinavisk rivalisering og norsk opprør «1814» står i norsk historie for eit fortetta knippe av hendingar og omveltingar. Dei innebar slutten på eineveldet, byrjinga på nasjonalt sjølvstende og opptakten til politisk demokrati. Denne politiske omskapinga hadde både europeiske, skandinaviske og norske føresetnader. Narve Fulsås O mveltingane hadde både lange og korte forhistorier. Mellom dei lange var medvitet om at nordmenn utgjorde eit eige folk, ein identitet som aldri blei borte i foreiningstida, sjølv om lojaliteten til den felles staten var sterkare enn den nasjonale særkjensla. Borte blei heller ikkje minnet om den norske mellomalderstaten. Noreg utmerka seg sosialt ved å ikkje ha nokon jordeigande adel å snakke om, og ved stor grad av bondesjølveige og bondefridom. Gjennom dei siste hundreåra av foreingstida opplevde landet økonomisk og demografisk framgang. Gjennom 1700-talet var det ei veksande kjensle av norsk særpreg, og av at norske krav og interesser blei sette til side. Den norske eliten blei i større grad sjølvrekrutterande. Filosofisk litteratur og samtidige revolusjonar i Amerika og Frankrike fremja tankar om maktbalanse og folkesuverenitet. Revolusjon var også opptakten til dei hendingane som sprengde foreininga mellom Danmark og Noreg etter over 400 års sameksistens. Med dei europeiske krigane frå 1792, i kjølvatnet av den franske revolusjonen, blei interessene til dei to rika umoglege å foreine. Noregs lagnad blei no langt på veg ein kasteball i oppgjeret mellom dei europeiske stormaktene Frankrike, Storbritannia og Russland, og i den siste maktkampen mellom dei skandinavske rivalane Danmark og Sverige. I 1814 møttest lange og korte tidslinjer i ei krise som for Noreg kom til å innleie ei ny tidsrekning. Frå nøytralitet til krig Det var sjøfarten som trekte Danmark-Noreg inn i krigen. Krig skapte gode konjunkturar for skipsfartsnæringa, men gjorde på same tid skipsfarten til krigsmål. Under den amerikanske sjølvstendekrigen 1776–83, var både Russland, Danmark-Noreg og Sverige nøytrale. Dei gjekk saman i eit nøytralitetssamband med væpna flåtestøtte til handelsskipa. Dette heldt dei fram med under dei europeiske revolusjonskrigane, som frå 1799 i namnet blei til napoleonskrigane. Storbritannia kom meir og meir til å oppfatte den nøytrale farten som ei reell støtte til Frankrike, og gjekk i 1801 til åtak på København red. Danmark-Noreg måtte frå no godta strengare britisk kontroll med handelsskipa. I 1806 og 1807 innførte Napoleon blokade med sikte på å strupe den britiske handelen på Europa, den såkalla fastlandssper- ringa. Den store dansk-norske flåten var avgjerande i ein slik strategi. Av redsle for at Napoleon skulle få kontroll over den danske flåten, gjekk Storbritannia i august 1807 til åtak på København. Hovudstaden blei bomba, og britane tok med seg nesten heile krigsflåten. Den regjerande kronprins Frederik hadde ikkje anna val enn å alliere seg med Napoleon. Dermed blei påkjenninga på foreininga akutt. Sommaren 1807 stod Napoleon ved gren- sa til Russland, og no var Sverige den einaste allierte britane hadde att. Trass i den overveldande franske framgangen Ottar 299 – 2014 (1): 3–10

Transcript of 1814: Stormaktspolitikk, skandinavisk rivalisering og ... · maktbalanse og folkesuverenitet....

Page 1: 1814: Stormaktspolitikk, skandinavisk rivalisering og ... · maktbalanse og folkesuverenitet. Revolusjon var også opptakten til dei hendingane som sprengde foreininga mellom Danmark

3

1814:Stormaktspolitikk,skandinavisk rivalisering og norsk opprør

«1814» står i norsk historie for eit fortetta knippe av hendingar og omveltingar. Dei innebar slutten på eineveldet, byrjinga på

nasjonalt sjølvstende og opptakten til politisk demokrati. Denne politiske omskapinga hadde både europeiske, skandinaviske og norske føresetnader.

Narve Fulsås

O mveltingane hadde både lange og korte forhistorier. Mellom dei lange var medvitet

om at nordmenn utgjorde eit eige folk, ein identitet som aldri blei borte i foreiningstida, sjølv om lojaliteten til den felles staten var sterkare enn den nasjonale særkjensla. Borte blei heller ikkje minnet om den norske mellomalderstaten. Noreg utmerka seg sosialt ved å ikkje ha nokon jordeigande adel å snakke om, og ved stor grad av bondesjølveige og bondefridom. Gjennom dei siste hundreåra av foreingstida opplevde landet økonomisk og demografisk framgang. Gjennom 1700-talet var det ei veksande kjensle av norsk særpreg, og av at norske krav og interesser blei sette til side. Den norske eliten blei i større grad sjølvrekrutterande. Filosofisk litteratur og samtidige revolusjonar i Amerika og Frankrike fremja tankar om maktbalanse og folkesuverenitet. Revolusjon var også opptakten til dei hendingane som sprengde foreininga mellom Danmark og Noreg etter

over 400 års sameksistens. Med dei europeiske krigane frå 1792, i kjølvatnet av den franske revolusjonen, blei interessene til dei to rika umoglege å foreine. Noregs lagnad blei no langt på veg ein kasteball i oppgjeret mellom dei europeiske stormaktene Frankrike, Storbritannia og Russland, og i den siste maktkampen mellom dei skandinavske rivalane Danmark og Sverige. I 1814 møttest lange og korte tidslinjer i ei krise som for Noreg kom til å innleie ei ny tidsrekning.

Frå nøytralitet til krigDet var sjøfarten som trekte Danmark-Noreg inn i krigen. Krig skapte gode konjunkturar for skipsfartsnæringa, men gjorde på same tid skipsfarten til krigsmål. Under den amerikanske sjølvstendekrigen 1776–83, var både Russland, Danmark-Noreg og Sverige nøytrale. Dei gjekk saman i eit nøytralitetssamband med væpna flåtestøtte til handelsskipa. Dette heldt dei fram med under dei europeiske

revolusjonskrigane, som frå 1799 i namnet blei til napoleonskrigane.

Storbritannia kom meir og meir til å oppfatte den nøytrale farten som ei reell støtte til Frankrike, og gjekk i 1801 til åtak på København red. Danmark-Noreg måtte frå no godta strengare britisk kontroll med handelsskipa. I 1806 og 1807 innførte Napoleon blokade med sikte på å strupe den britiske handelen på Europa, den såkalla fastlandssper-ringa. Den store dansk-norske flåten var avgjerande i ein slik strategi. Av redsle for at Napoleon skulle få kontroll over den danske flåten, gjekk Storbritannia i august 1807 til åtak på København. Hovudstaden blei bomba, og britane tok med seg nesten heile krigsflåten. Den regjerande kronprins Frederik hadde ikkje anna val enn å alliere seg med Napoleon. Dermed blei påkjenninga på foreininga akutt.

Sommaren 1807 stod Napoleon ved gren-sa til Russland, og no var Sverige den einaste allierte britane hadde att. Trass i den overveldande franske framgangen

Ottar 299 – 2014 (1): 3–10

Page 2: 1814: Stormaktspolitikk, skandinavisk rivalisering og ... · maktbalanse og folkesuverenitet. Revolusjon var også opptakten til dei hendingane som sprengde foreininga mellom Danmark

4

var det likevel katastrofalt for Noreg å kome i krig mot den overlegne britiske sjømakta. Norske skip i britiske hamner blei beslaglagde, skip på havet blei jaga og eksporten stoppa opp. Frå 1810 blei det gjeve dispensasjonar frå fastlands-sperringa, såkalla lisensfart. Denne gjorde at kjøpmennene raskt tok inn att det tapte, og deira misnøye med den danske politikken blei dempa for ei tid. Men i 1812 auka spenninga på ny, og for folk flest var det problema for korn- importen som var mest avgjerande. Noreg var heilt avhengig av å innføre korn. Blokade leidde ikkje berre til dyrtid, men til direkte svolt og naudsår. Matmangel, feilslegne avlingar og epidemiar førte til kraftig auke i døds ratene. Verst var utslaga i Nord-Noreg.

I 1809 flytta også sjøkrigen seg nordover fordi britane ville pomorhandelen til livs. Kvar sommar frå 1810 opererte om lag halvparten av den norske flåten i Nord-Noreg.

Mellom Danmark og Sverige Den dansk-norske alliansen med Napoleon leidde óg til krig med Sverige. Heilt sidan Gustav 3.s statskupp i 1772 hadde det vore eit erklært mål for den svenske politikken å vinne Noreg. Ein kortvarig krig i 1788 leidde ikkje til noko. Men etter 1807 endra ting seg raskt. Det franske presset på Russland i 1807 førte til ein freds- og samarbeidsavtale mellom Napoleon og tsaren. Med denne avtalen blei Sverige ein del av den russiske maktsfæren. Den svenske kongen avskydde revolusjonen og Napoleon og nekta å delta i den

franskleidde blokaden mot Stor- britannia. Dermed gjekk Russland i 1808 til åtak. Som russisk alliert måtte Noreg bidra med militær avlasting. Sverige tok initiativet på det norske frontavsnittet, men underlegne norske styrkar under leiing av prins Christian August greidde å stå imot. Krigen dabba ut etter kvart som Sverige måtte konsentrere innsatsen på den finske fronten. Det var til inga nytte. I 1808 gjekk Finland tapt, og i 1809 stod russiske styrkar i Umeå. For å unngå ein katastrofe gjorde høgare offiserar militærkupp og avsette kongen i mars 1809. Sverige slutta deretter fred med Russland og med Danmark-Noreg.

Med den gamle kongen avsett og ein ny utan arvingar måtte Sverige skaffe seg ein tronfølgjar. Valet fall på Christian

Venstre:Frederik6.komtilmaktaaltsom16-årigkronprinsi1784.DåvarhanmedåsetjetilsidekabinettstyretsomhaddemaktaunderdensinnssjukefarenChristian7.Vedtronskiftet i 1808 blei Frederik 6. eineveldig monark. Han var dansk-norsk konge til 1814 og dansk konge til sin død i 1839.Ill.: Wikipedia.

Høgre: Christian August (1768–1810) var einyngrebroravkongenssvoger.Hanvarmilitær leiar i Noreg under krigen, og blei i 1809 vald til svensk tronfølgjar som ledd i politikkenforåvinneNoregforeinnyunionmedSverige.Ill.:MåleriavPerKrafftdenyngre,1908.«StoreNorske

leksikon».

Page 3: 1814: Stormaktspolitikk, skandinavisk rivalisering og ... · maktbalanse og folkesuverenitet. Revolusjon var også opptakten til dei hendingane som sprengde foreininga mellom Danmark

5

August. Innsatsen hans under krigen hadde gjort han populær i Noreg, og håpet var at han skulle ta med seg nordmennene over i ein union med Sverige. Sverige kunne spele på sterk norsk misnøye med alle dei vanskane krigen skapte. Dei kunne óg spele på politisk misnøye i nokre elitegrupper. Fremst mellom dei opposisjonelle var grev Herman Wedel Jarlsberg. Han ønskte eit brot med Danmark for å gjere slutt på eineveldet. Med Christian August som tronfølgjar såg han positivt på ein personalunion med Sverige som middel til å oppnå indre sjølvstyre og ei fri forfatning.

Men vonene knytte til den nye svenske tronfølgjaren blei ikkje innfridde. Christian August var heile tida lojal mot den danske kongen Frederik 6. og handla heile tida med hans samtykke. Ein union med Sverige ville heller ikkje løyse handelsproblema etter at Sverige var kome over på Russland og Frankrikes side – og lisensfarten som blei opna nettopp i 1810, tok bort dei verste klagemåla frå kjøpmennene. Oppå det heile døydde Christian August under ei militærmønstring etter berre eit halvt år i Sverige.

Carl Johan: Noreg som erstatning for FinlandDenne gongen valde svenskane ein av Napoleons generalar, Jean Baptiste Bernadotte, til ny tronfølgjar. I Sverige tok han namnet Carl Johan. Tanken var at Carl Johan skulle hjelpe Sverige med å gjenerobre Finland med støtte av Napoleon. Men i 1811 var det ein

lite aktuell politikk. Carl Johan tok i staden opp att den gamle strategien med sikte på å vinne Noreg, sjølv om det førte han i konflikt med sitt gamle fedreland. I 1812 bestemte Napoleon seg for å underkue Russland og sette i verk det katastrofale felttoget mot Moskva som endte med tap av nesten heile den franske hæren. I staden for å utnytte brotet mellom den franske keisaren og den russiske tsaren til å ta opp kravet på Finland, gjorde Carl Johan opp med Sveriges gamle arvefiende Russland og aksepterte Finland som russisk. Carl Johan sikra seg til gjengjeld russisk støtte til eit åtak på Danmark med sikte på å vinne Noreg, mot at Sverige deltok i krigen mot Frankrike. Då Frederik 6. heldt fast på alliansen med Frankrike, slutta Storbritannia seg til lovnaden. Men det britiske kravet var at Sverige fyrst kunne få Noreg etter å ha vore med i krigen mot den franske hæren på kontinentet.

Etter å ha vore med på å slå Napoleon ved slaget i Leipzig i oktober 1813, sette Carl Johan, i strid med den allierte krigsplanen, kursen nordover mot Danmark. Frederik 6. måtte inngå våpenstillstand, og ved fredstingingane i Kiel i januar 1814 blei Noreg avstått til kongen av Sverige.

I det opphavlege utkastet heitte det at Noreg skulle innlemmast i Sverige. I den endelege avtalen, som blei signert 14. januar, heitte det at Noreg skulle «tilhøre Kongen av Sverig med fuld Eiendomsret og Souverænitet, og danne et Konge-rige forenet med det Svenske». Med denne avtalen blei kongens person det einaste bindeleddet mellom landa. Kvifor formuleringa blei endra i norskvennleg retning, har vore mykje diskutert. Ei årsak er at Carl Johan var under stort press om å gjenoppta framrykkinga mot Frankrike og måtte handle raskt. Ei anna er meldingar frå Noreg om at stemninga no var sterkt antisvensk. Det gjaldt derfor å vinne nordmennene for den nye unionen ved å anerkjenne Noreg

DåChristianAugustdøyddei1810,valdeSverigedenfranskegeneralenJeanBaptisteBernadottetilnytronføjgjar.HantoknamnetCarlJohan,ogvarkongeavSverigeogNoreg til 1844.Ill.: Wikipedia.

Page 4: 1814: Stormaktspolitikk, skandinavisk rivalisering og ... · maktbalanse og folkesuverenitet. Revolusjon var også opptakten til dei hendingane som sprengde foreininga mellom Danmark

6

som eit sjølvstendig rike. Ei tredje årsak er at avtalen med Storbritannia føresette norsk sjølvstende innanfor den nye unionen, og at britane neppe ville godta ei rein militærerobring.

Christian Frederik og opprøret mot Kiel-fredenDen fyrste i Noreg som fekk kjennskap til det som hadde hendt i Kiel, var den danske kronprinsen Christian Frederik. I 1813 hadde Frederik 6. sendt han til Noreg som statthaldar og militær øvstkommanderande. Ved sida av å innfri det gamle norske kravet om eit eige universitet i 1811 var dette det siste desperate forsøket på å bevare foreininga. For Christian Frederik var spørsmålet etter Kielfreden om han skulle akseptere avståinga umiddelbart og returnere til Danmark, eller om han

skulle ta initiativ til eit norsk opprør og la seg utrope til norsk konge. Som dansk tronarving kunne han då på sikt føre rika saman att. Han fekk ikkje noko klart direktiv frå kongen. Han bestemte seg likevel for å gjere opprør mot den avtalen kongen hadde inngått.

Christian Frederiks initiativ var utan tvil avgjerande for at det blei ei norsk reising mot Kiel-freden. Den einaste leiaren med tilsvarande tyngd var Wedel. Men han var i København for å ordne med kornforsyningar, måtte ta ein lang omveg heim på grunn av isforholda og kom ikkje att før motstands- politikken var ein realitet i mars. Han var i utgangspunktet positiv til ein norsk-svensk union, men spørsmålet er kva han skulle ha gjort med ein unionsvennleg politikk slik situasjonen no var. Christian Frederik kunne spele på utbreidd norsk harme over å ha blitt avstått som viljelaust gods, og han manipulerte med informasjonen om kva Kiel-freden innebar. Midt på vinteren la Christian Frederik ut på ei reise fram og attende til Trondheim der han på vegen

appellerte og fekk støtte til å forsvare «sjølvstendet».

Det var eit rom for norske initiativ i byrjinga av 1814 fordi Carl Johan enno var på kontinentet og Sverige ikkje hadde maktmiddel til å ta kontroll med Noreg. I løpet av våren kom óg norske krefter til å bli vesentlege aktørar i det som skjedde. Det fyrste avgjerande inngrepet gjaldt grunnlaget for opprøret. For Christian Frederik var grunnlaget dynastisk: han godtok ikkje at krona han var lovleg arving til var gitt bort. På eit møte med framståande embetsmenn og næringsdrivande på Eidsvoll 16.–19. februar blei han overtalt til å leggje om kursen. Med professor Georg Sverdrup i spissen blei det argumentert for at når Frederik 6. hadde fråskrive seg trona, så var suvereniteten, etter gjeldande stats-rett, gått tilbake til det norske folket. Det var det som no måtte avgjere kva som skulle skje. Det kunne berre gjerast ved å velje ei forsamling som kunne representere folkeviljen og gje landet ei forfatning og eit nytt statsoverhovud. Christian Frederik innsåg at «folket» var eit meir truverdig og effektivt grunnlag å mobilisere motstand på enn «kongen».

Dette la ein heilt ny dimensjon til opprøret. Motstandspolitikk og kongeval blei bunde saman med landsomfattande valhandlingar og innkalling av ei grunnlovgjevande forsamling. Christian Frederik sørgde for at vala var slik utforma at den grunnlovgjevande for-samlinga i utgangspunktet var forplikta på motstandspolitikken hans, men der motstandspolitikken mislukkast, skulle konstitusjonen kome til å overleve.

ChristianFrederik(1786–1848)varsysken-barn av kong Frederik 6. og tronfølgjar sidan kongen berre hadde døtrer i ekteskapet sitt. I 1813 blei han sendt til Noreg som statthaldar og øvstkommanderande. Christian Frederik spelte ei sentral rolle som initiativtakar til det norske opprøret mot Kiel-traktaten våren 1814. I slutten av oktober reiste han frå landet. I 1839 blei han dansk konge under namnet Christian 8.Ill.: Wikipedia.

Page 5: 1814: Stormaktspolitikk, skandinavisk rivalisering og ... · maktbalanse og folkesuverenitet. Revolusjon var også opptakten til dei hendingane som sprengde foreininga mellom Danmark

7

GrunnlovChristian Frederik var truleg alt i april klar over at motstanden mot unionen ikkje ville føre fram, og at han ikkje ville kunne forsvare ein norsk kongetittel. Etter å ha blitt pressa av dei allierte

greip Frederik 6. inn og ba Christian Frederik gi opp. Det gjorde han ikkje, men formålet med motstanden blei etter kvart å sikre at Noreg fekk ein konstitusjon og så gode vilkår som råd innanfor ein union som likevel var uunngåeleg. Medan Christian Frederik

Eidsvoll verk var i 1794 overtatt av Carsten Anker, og det var han som hadde utformahovudbygningaslikhovardådengrunnlovgjevande forsamlinga møttest der 10. april–17. mai 1814. Måleri av Peder Balke 1837.Foto: Oslo Børs.

Page 6: 1814: Stormaktspolitikk, skandinavisk rivalisering og ... · maktbalanse og folkesuverenitet. Revolusjon var også opptakten til dei hendingane som sprengde foreininga mellom Danmark

8

hadde begynt med å skape det norske opprøret som instrument for eigne interesser, gjorde han no seg sjølv til instrument for norske interesser.

Det var hans tilhengjarar som dominerte den grunnlovgjevande forsamlinga på Eidsvoll. Utsendingane kom saman 10. april og utforma konstitusjonen på berre seks veker. Det var laga ei rekkje utkast til konstitusjon. Grovt sett kan dei delast i to hovudgrupper. Den eine typen ville ha ei sterk kongemakt og ei represen-tativ forsamling som skulle uttrykkje folkets ønskje for kongen. Slike utkast opererte gjerne med vid røysterett. Den andre typen ville ha ei nasjonalforsam-ling med sjølvstendig makt, men med meir avgrensa røysterett. Resultatet var ei nasjonalforsamling med sjølvstendig makt og vid røysterett. Til skilnad frå i Sverige blei veljarane og folket ikkje definert i stender, men individuelt, etter alder, kjønn, jordeigarskap, borgarskap eller embete. Mellom 30 og 40 prosent av alle menn over 25 år oppfylte truleg kriteria for å kunne røyste. Dette gjorde den norske Grunnlova til samtidas mest «demokratiske». Men på same tid gav Grunnlova ei sterk maktstilling til kongen. Grunnlova er blitt kalla eit kompromiss mellom demokrati og einevelde; den blei prega meir av

Vel20grunnlovsutkastsombleilagaiNoreg,er kjent. 19 blei sendt inn. Her: framlegga frå dendanskerettslærdeJ.F.W.Schlegelogdet«Sverdrup-BergskeUdkast» Riksarkivet, Christian Fredriks arkiv EA-5938/211/18/1 og 5.Foto: Riksarkivet.

Page 7: 1814: Stormaktspolitikk, skandinavisk rivalisering og ... · maktbalanse og folkesuverenitet. Revolusjon var også opptakten til dei hendingane som sprengde foreininga mellom Danmark

9

maktfordelingstanken enn av folkemaktstanken. Det nye folkelege maktorganet, Stortinget, skulle vedta lover, skrive ut skattar og løyve pengar. Men det skulle kome saman berre tre månader kvart tredje år. På si side skulle kongen fritt velje sitt statsråd; statsråda-ne skulle ikkje møte i Stortinget og heller ikkje kunne stillast til politisk ansvar av Stortinget.

Krig, mossekonvensjon og novembergrunnlovEtter at Grunnlova blei signert 17. mai, blei Christian Frederik vald til konge. Overfor utsendingane frå dei allierte maktene Storbritannia, Russland, Preussen og Austerrike, som ville ha kongen til å abdisere og unionen gjennomført, svarte Christian Frederik at det fyrst måtte veljast eit Storting som deretter forhandla fram ein union med Sverige. Carl Johan ville ikkje akseptere det som var skjedd i Noreg etter Kielfreden, og krig var uunngåeleg. I den var Sverige overlegen. Likevel kom det raskt eit nytt tilbod frå Carl Johan: Han ville akseptere Grunnlova dersom Christian Frederik gav opp den militære

motstanden. 14. august blei det skrive under ein konvensjon i Moss. Grunnlova blei akseptert, og det skulle veljast eit Storting som Christian Frederik skulle overgi makta til og som skulle revidere Grunnlova med tanke på unionen. Med det var Kielfreden som grunnlag for unionen gitt opp; Mossekonvensjonen var ein traktat mellom to statar. Grunn-lova var blitt sett fyrst, kongevalet som nummer to.

Det gjekk med andre ord nok ein gong i norsk favør, og igjen av fleire grunnar. Carl Johan ville unngå ein langvarig konflikt som kunne gi problem med stormaktene og spele initiativet over i deira hender. Han ville óg vise si liberale haldning og byggje opp posisjonen sin før den store fredskongressen i Wien i 1815. Og han oppdaga at Grunnlova gav han større makt som norsk konge enn den svenske 1809-konstitusjonen gav han som svensk konge. Dei svenske forhandlarane blei instruerte om å gi

etter for Stortinget i langt større grad enn dei hadde tenkt seg.

Den kanskje viktigaste endringa i den reviderte Grunnlova, den såkalla Novembergrunnlova, var at statsrådet blei delt i ei Kristiania-avdeling og ei Stockholm-avdeling, sidan kongen mest ville opphalde seg i Sverige. Med aukande statsaktivitet blei tyngdepunktet meir og meir forskuva mot Kristiania, statsrådet blei etter kvart sjølvsupplerande under ei sterk norsk leiing, og regjeringa etablerte seg som eit sjølvstendig maktorgan mellom kongen og Stortinget. Gradvis blei regjeringa langt meir avhengig av å kunne samarbeide med Stortinget enn av å samarbeide med kongen. I 1884 fekk Venstre-koalisjonen gjennomført at statsrådane skulle møte og svare for seg i Stortinget, og utviklinga mot parlamentarisk styresett var innleidd.

Grunnlovens §50 slo fast at «stemmebe-rettigede»er«norskeborgere».Detbleiikkje sagt eksplisitt at kvinner ikkje hadde røysterett.I1818bleidetdiskutertomdetskulle stå «Borgere af Mandkjøn», men det bleireknaforoverflødig.Fyrsthundreårseinare, i 1913, blei kvinner fullt inkluderte i fellesskapen av sjølvstendige politiske statsborgarar.Foto: Fra Flickr.

Page 8: 1814: Stormaktspolitikk, skandinavisk rivalisering og ... · maktbalanse og folkesuverenitet. Revolusjon var også opptakten til dei hendingane som sprengde foreininga mellom Danmark

10

Narve Fulsås er professor i historie ved UiT, Norges arktiske universitet. Han har arbeidd med ei rekkje ulike emne frå norsk og nordnorsk historie

på 1800- og 1900-talet. E-post: [email protected]

Nasjon, konstitusjon og demokratiPå kort sikt la Grunnlova funda-mentet for det som Jens-Arup Seip kalla «embetsmannsstaten» (1814–84). Embetsmennene var den einaste gruppa som hadde nasjonal horisont, styringserfaring og politisk legitimitet nok til å fylle ein leiarfunksjon i den nye staten. Det var embetsmennene som i dei neste tiåra stod fremst i å forsvare Grunnlova mot Carl Johans mange revisjonsframstøyt.

Men «1814» har hatt verknader langt ut over det. Det er eineståande for Noreg at nasjonalt sjølvstende, konstitusjonelt styre og utgangspunktet for demokrati kom i følgje med kvarandre. I Sverige, med ein lang statstradisjon, kom nasjonen utover på 1800-talet til å bli forbunde meir med staten og kongen, og nytta som våpen mot liberale og demokratar. I Noreg óg har nasjonen vore brukt til å utdefinere og rangere. I Grunnlova var jødar utdefinerte, og målet om ein kulturelt einsarta nasjon blei seinare utmynta i assimilerings- og fornorskingspolitikk. Likevel, gjennom dei store krisene i vår historie – 1884, 1905 og 1940–45 – har kampen for nasjonalt sjølvstende, konstitusjon og demokrati vore så tett filtra inn i kvarandre at dei har verka uløyseleg forbundne.

Den nasjonale historieskrivinga i Noreg har derfor óg hatt eit markert liberalt-radikalt tyngdepunkt, skapt av venstrehistorikarar og ført vidare av sosialdemokratar. Det

norske sosialdemokratiet, etter fyrst å ha kjempa mot det nasjonale og mot parlamentarismen, skreiv seg etter kvart inn i den nasjonale forteljinga. Nasjonen blei ramma for politisk, økonomisk og sosial modernisering. I Sverige blei det sosialdemokratiske «folkhemmet» i større grad oppfatta som eit brot med fortida og historia. Vi skal sjølvsagt ikkje vere ukritiske til nasjonalisme, men det nasjonale får sitt preg av dei samanhengane det elles inngår i. I Noreg har det nasjonale i det store og heile vore meir forbunde med politisk liberalisme og demokrati enn med autoritære, imperialistiske og rasistiske tradisjonar. Denne historia gir ikkje eintydige lærdomar om korleis vi skal stille oss til nasjonalitet og overnasjonalitet i dag, og ingen garantiar for framtida, men den vil uansett vere ein vesentleg del av den erfaringsbakgrunnen vi har med oss.

Litteratur:Ståle Dyrvik: Norsk historie 1536–1814. Oslo: Samlaget, 2011.

Jens Arup Seip: Utsikt over Norges historie. Første del. Oslo: Gyldendal, 1974.

Bo Stråth: Union og demokrati. Dei sameinte rika Noreg-Sverige 1814–1905. Oslo: Pax, 2005.