Post on 03-Jan-2020
Godkjent i kommunestyret 13.12.2017 Sak 087/17
2017 - 2020
Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv
Perioden 2018 - 2021
i
Forord Betydinga av fysisk aktivitet for helse og kroppens velvære har vore kjent langt tilbake i historien. I ei kinesisk lærebok i medisin frå år 3000 før Kristus står det skrevet:
Resept på eit langt liv Riktig ernæring, hvile, følelsesmessig balanse fysisk aktivitet (Martinsen, 2005)
I Askvoll kommune er vi heldige som har gode føresetnader for å vere fysisk aktiv på alle nivå. Det er mange aktørar som arbeider aktivt for å leggje til rette for eit mangfald av aktivitetar og tilbod, og vi har mange anlegg som inviterer til aktivitet. Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv skal bidra til handtering av kommunale utfordringar som folkehelse, auka sosiale skilnader, heilskap og samhandling. Denne planen avløyser kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014-2017. Kommunestyret har hatt ansvar for å leie planarbeidet, og arbeidet har vore sortert under Komité for oppvekst og kultur. Rådgjevar ved rådmannskontoret er fagleg ansvarleg for planen, og har utarbeidd planen i lag med ei arbeidsgruppe beståande av leiar i Askvoll idrettsråd, Folkehelsekoordinator, representant for oppvekst, Bygg- og eigedomssjef, representant Fjordkysten friluftsråd, flyktningkonsulent og leiar for Komité for oppvekst og kultur.
Bileta framsida:
1. Barnas dag – Skjærgårdstreffet. Foto: Skjærgårdstreffet 2. Klatreparken på Øyra. Foto: Jeroen van Gangelen 3. Aktivitet ved Gjelsvik skule. Foto: Jeroen van Gangelen 4. Padlekurs i Askvoll. Foto: Odin A. Hestholm
ii
Innhaldsliste 1 INNLEIING - BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET ....................................................................................... 1
2 SENTRALE OMGREP ....................................................................................................................... 1
3 RAMMAR OG FØRESETNADER FOR PLANARBEIDET ............................................................................... 2
LOV- OG REGELVERK FOR FYSISK AKTIVITET ................................................................................ 2
STORTINGSMELDINGAR OG FYSISK AKTIVITET .............................................................................. 3
STYRESMAKTENE SINE TILRÅDINGAR FOR FYSISK AKTIVITET............................................................ 4
EFFEKTAR AV Å VERE FYSISK AKTIV ............................................................................................ 4
REGIONALE FØRINGAR ........................................................................................................... 4
KOMMUNALE FØRINGAR ........................................................................................................ 5
FOLKETALSUTVIKLING I ASKVOLL KOMMUNE .............................................................................. 5
KOMMUNEØKONOMI ............................................................................................................ 6
GENERELLE AKTIVITETSTRENDAR OG UTVIKLINGSTREKK I SAMFUNNET ............................................. 6
FOLKEHELSEPROFILEN FOR ASKVOLL KOMMUNE ......................................................................... 7
AKTIVITETSTRENDAR I ASKVOLL ............................................................................................... 8
TILTAK FOR AUKA FYSISK AKTIVITET .........................................................................................10
4 EVALUERING AV FØRRE PLAN ........................................................................................................11
ANLEGG OG FRILUFTSLIVSOMRÅDER .......................................................................................11
KOMPETANSEHEVING OG TILTAK FOR Å FREMJE FOLKEHELSA .......................................................13
5 VISJON, MÅL OG DELMÅL .............................................................................................................14
VISJON: .............................................................................................................................14
HOVUDMÅL: ......................................................................................................................14
DELMÅL: ...........................................................................................................................14
6 DELMÅL – HANDLINGSPROGRAM FOR ANLEGG .................................................................................15
7 HANDLINGSPROGRAM FOR ANLEGG ...............................................................................................15
KRAV TIL SPELEMIDDELSØKNADER ..........................................................................................15
HANDLINGSPROGRAM FOR ANLEGG - 2018-2021 ...................................................................15
8 LANGSIKTIG HANDLINGSDEL ..........................................................................................................19
9 DRIFT OG VEDLIKEHALD AV KOMMUNALE ANLEGG ............................................................................19
OVERSIKT OVER KOMMUNALE ANLEGG ...................................................................................19
KUNSTGRASBANAR: GUMMIGRANULAT OG MILJØ .....................................................................20
10 LITTERATURLISTE ........................................................................................................................21
11 VEDLEGG ...................................................................................................................................21
VEDLEGG 1: HANDLINGSPROGRAM FOR TILTAK ........................................................................21
VEDLEGG 2: OVERSIKT OVER INNSPEL FRÅ DIALOGMØTE 25.04.2017 .........................................21
VEDLEGG 3: INFORMASJON OM SPELEMIDDELORDNINGA OG SØKNADSPROSESSEN .........................21
1
1 Innleiing - bakgrunn for planarbeidet Fysisk aktivitet er ei kjelde til glede, overskot og meistring. Det kjennast godt å bruke kroppen. Fysisk
aktivitet er leik, naturopplevingar, konkurranse og spenning. Det er godt dokumentert at fysisk aktivitet
førebygger sjukdom og gjev betre helse gjennom heile livet. Eit samfunn som legg godt til rette for at ein
kan vere fysisk aktiv, gjev gode levevilkår.
Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv er ein overordna styringsreiskap for alle involverte
aktørar for å fremje fysisk aktivitet i kommunen. Kommunedelplanen skal sette mål for ei ønska utvikling i
kommunen på feltet, og peike på tiltak for å nå desse måla. Samstundes er det òg krav frå
Kulturdepartementet om at tiltak må vere prioritert i ein kommunedelplan, for å kunne søke tilskot frå
spelemiddelordninga.
I Askvoll kommune vart fyrste kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet utarbeidd i 1996, og
er seinare revidert fleire gonger. Revisjon inneber ein fullstendig gjennomgang av planen med
sakshandsaming etter føresegnene i plan- og bygningsloven (pbl.). Planen har ein tekstdel, eit
handlingsprogram for prioriterte anlegg, ei langsiktig handlingsdel over anlegg og eit handlingsprogram for
tiltak. Handlingsprogrammet for anlegg inneheld eit oversyn over anlegg som er i posisjon til å søkje
spelemidlar dei neste 4 åra, og vert rullert kvart år.
Kommunen har utarbeidd eit planprogram, som har vore til offentleg ettersyn, og som vart fastsett av
kommunestyret i mai 2017 (KOM-sak 037/17). Planprogrammet viser kva tema ein skal sjå nærare på i
planen, og korleis ein skal gjennomføre planarbeidet. Sjølve kommunedelplanen er utarbeidd frå det
fastsette planprogrammet.
Planarbeidet har vore kunngjort i lokalavisa Firda, og på heimesida til kommunen. I prosessen fram til ferdig
plan har det vore arrangert ope dialogmøte der fylkeskommunen, idrettskrinsen og forum for natur og
friluftsliv deltok. Det er sendt ut skriv til lag, organisasjonar og etatar om arbeidet og frist for innspel.
Plangruppa har hatt 4 møter og planen har lagt ute til høyring i seks veker.
2 Sentrale omgrep Fysisk aktivitet:
Fysisk aktivitet er å rekne som all form for rørsle utført av skjelettmuskulatur, som medfører energibruk
utover kvilenivå. Fysisk aktivitet er eit overordna omgrep i denne planen, og i det ligg òg organisert og
eigenorganisert friluftsliv og idrett.
Idrett:
Aktivitet i form av mosjon, trening og konkurranse i den organiserte idretten som òg legg til rette for
eigenorganisert aktivitet.
Friluftsliv:
Opphald og fysisk aktivitet i friluft, i fritida, med sikte på miljøforandring og naturopplevingar. Friluftsliv kan
vere både eigenorganisert og organisert aktivitet.
2
Folkehelse:
Folkehelselova som tok til å gjelde 1.januar 2012, skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse
og jamnar ut sosiale skilnader. Folkehelsearbeidet dreier seg om å skape gode levekår, førebyggje sjukdom,
forhindre skadar, og utvikle eit samfunn som legg til rette for sunne levevanar. Satsing på og tiltak for fysisk
aktivitet er ein del av dette.
Anlegg for idrett og fysisk aktivitet
Tilskot frå spelemiddelordninga skal medverke til at ein større del av befolkninga får høve til å drive med
idrett og vere fysisk aktiv. I føresegnene om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet opererer
Kulturdepartementet med følgjande klassifisering av anlegg:
Nærmiljøanlegg:
Utandørsanlegg eller område som er lagt til rette for eigenorganisert aktivitet, hovudsakleg knytt til bu-
eller opphaldsområde (anlegget kan ha veggar og tak for skjerming, men må framleis ha karakter av
utandørsanlegg). Tak og veggar skal ikkje vere del av utrekning for tilskotsgrunnlaget.
Ordinære anlegg:
Anlegg som er knytt opp til trenings- og konkurranseverksemd for den organiserte idretten, t.d.
kunstgrasbaner og svømmebasseng.
Friluftsanlegg:
Friluftsanlegg og –område er område som er særleg tilrettelagt for friluftsliv både til sjø, fjell og i
nærmiljøet og som treng vedlikehald eller utvikling.
3 Rammar og føresetnader for planarbeidet Under følgjer ei oversikt over lov og regelverk som legg føringar for arbeidet med fysisk aktivitet. I tillegg
følgjer ei skildring av utviklingstrekk og aktivitetstrendar i Askvoll kommune, og trendar som gjeld generelt i
høve til folkehelse og fysisk aktivitet.
Lov- og regelverk for fysisk aktivitet Det er ei rekkje lover innan ulike forvaltningsnivå og sektorar som er relevant for folkehelse og folket sitt
fysiske aktivitetsnivå.
Arbeidsmiljøloven Lov om pengespill (pengespilloven)
- Forskrift om fordeling av idrettens
andel av overskuddet av Norsk tipping
AS
Barnehageloven Lov om psykisk helsevern
Diskriminerings- og
tilgjengelighetsloven
Opplæringslova
- Forskrift om opplæringslova
Folkehelseloven Plan- og bygningsloven
Friluftsloven Veglova
Helse- og omsorgstjenesteloven Vegtrafikkloven
3
- Forskrift om helsestasjon og
skulehelsetjenesten
Helsepersonelloven
Anna regelverk som er relevant for fysisk aktivitet er til dømes:
Nasjonale forventingar til regional og lokal planlegging
Rikspolitisk retningsliner for areal- og transportplanlegging
Rikspolitisk retningsliner for å styrke barn og unge sine interesser i planlegginga
FNs barnekonvensjon
Rundskriv – Rett til fysisk aktivitet (endring i opplæringslova – 2009)
Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet – 2017
Stortingsmeldingar og fysisk aktivitet I nokre stortingsmeldingar er fysisk aktivitet eit hovudtema, men i dei fleste er fysisk aktivitet eit tema
innanfor eit større politikk område. Døme på stortingsmeldingar med relevans for fysisk aktivitet:
Kulturdepartementet
Meld. St. 26 (2011-2012). Den norske idrettsmodellen Meld. St. 39 (2006-2007). Frivillighet for alle
Klima- og miljødepartementet Meld. St. 18 (2015-2016). Friluftsliv – Natur som kilde til helse og livskvalitet
Helse- og omsorgsdepartementet Meld. St. 19 (2014-2015). Folkehelsemeldingen – mestring og muligheter. Meld. St. 20 (2006-20017). Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller Meld. St. 11 (2015-2016). Nasjonal helse- og sykehusplan (2016-2019) St.meld. nr. 47 (2008-2009). Samhandlingsreformen – Rett behandling – på rett sted – til rett tid.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Meld. St. 17 (2012-2013). Byggje – bu – leve.
Kunnskapsdepartementet Meld. St. 19 (2015-2016). Tid for lek og læring – bedre innhald i barnehagen
Samferdselsdepartementet Meld. St. 33 (2016-2017). Nasjonal transportplan 2018-2029.
Det statlege idrettspolitikken legg til rette for at folket har høve til å delta i idrett og fysisk aktivitet på alle
nivå. Viktige område som auka satsing på anlegg for idrett og eigenorganisert aktivitet vert fremheva. Barn
(6-12år) og unge (13-19år), personar med nedsett funksjonsevne og inaktive er dei målgruppene som er
særleg viktige å ta omsyn til når statlege verkemiddel skal nyttast. Anleggsutvikling bør i særleg grad
reflektere behova til desse målgruppa.
4
Styresmaktene sine tilrådingar for fysisk aktivitet Helsedirektoratet tilrår at barn og unge deltar i fysisk aktivitet med moderat eller høg intensitet i minimum
60 minutt dagleg. I tillegg bør barn og unge utføre aktivitet med høg intensitet minst tre gongar i veka.
Vaksne bør ha moderat fysisk aktivitet 150 minutt kvar veke, eller 75 minutt med aktivitet med høg
intensitet i veka.
Effektar av å vere fysisk aktiv Båe mengda fysisk aktivitet og mengda stillesitting verkar inn på helsa. Langvarig fråvær av fysisk aktivitet
skapar auka behov for tilrettelegging. Det aukar båe fråvær frå utdanning og arbeidsliv, og gjev auka bruk
av helsetenester. Dette gjev store samfunnsøkonomiske kostnader.
Regelmessig fysisk aktivitet og trening kan førebygge sjukdom og det er godt dokumentert å vere svært
effektiv i behandling av ein rekke sjukdommar og tilstandar. Auka fysisk aktivitet gjev mange positive
ringverknader. Forsking viser at personar som vert fysisk aktive, ofte òg vert meir bevisst i høve til andre
levevanar.
Personar som er fysisk aktive vinner i gjennomsnitt åtte fleire leveår med god helse og auka livskvalitet
(kvalitetsjusterte leveår), samanlikna med personar som er inaktive. Auka aktivitetsnivå gjev ytterlegare
gevinst, opp mot 16 kvalitetsjusterte leveår. Dersom dei inaktive og utilstrekkeleg aktive aukar sitt fysiske
aktivitetsnivå til fysisk aktive, vil det føre til ein potensiell velferdsgevinst på 406 000 kvalitetsjusterte leveår
som tilsvarar 239 milliardar kroner per år.
Regionale føringar Sogn og Fjordane fylkeskommune er regional utviklingsaktør for å skape og legge forholda til rette for fysisk
aktivitet for alle. Fylkeskommunen sitt styringsverkty innanfor fysisk aktivitet er Regional plan for fysisk
aktivitet, idrett og friluftsliv 2016-2019, og den gjer greie for mål og satsingsområde på fylkesnivå.
Kommunane er ansvarlege for mange av tiltaka i planen som er lagt til grunn for å nå visjonen «Fysisk
aktivitet for alle».
I tillegg til kommunedelplanen må anlegg som er kostnadskrevjande, arealkrevjande og som kan vere ei
miljø-messig belastning, vere innarbeidd i regional plan for å komme i posisjon til å søkje tilskot frå
spelemiddelordninga. Dette gjeld følgjande anlegg:
Fleirbrukshallar, inkludert spesialhallar
Alpinanlegg med høgdeskilnad på 100 meter eller meir
Golfanlegg
Motorsportsanlegg
Kunstgrasbaner lik eller større enn 64x100 meter
Nye utandørs skyttaranlegg
Hoppanlegg større enn K 40, inkludert plastlegging
Kunstisbaner
Rulleskibaner
Sogn og fjordane fylkeskommune har i Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016-2019 ei
satsing på friluftsanlegg ved fordeling av spelemidlar. Den går ut på at søknadar om tilskot frå spelemidlar
5
til friluftsanlegg vil få tildeling i det fyrste godkjente søknadsåret uavhengig av kommunen sin vedtekne
prioriteringar.
Kommunale føringar På kommunenivå legg samfunnsdelen og arealdelen av kommuneplanen overordna føringar på
kommunedelplanen. Visjonen i kommuneplanen for 2011 – 2022 – samfunnsdelen er «Askvoll kommune -
livskvalitet og vekst med rom for eventyr». Samfunnsdelen inneheld fleire mål og strategiar/tiltak som legg
føringar for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.
Kommunestyret vedtok i sak 078/14 plan om utforming av friluftsområdet Øyra i Askvoll sentrum. Det er
ein heilskapleg plan som inneheld ønskjer frå alle brukargrupper til aktivitetar og utforming av Øyra.
Det er viktig å samordne kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet med kommunen sin
økonomiplan for å sikre gjennomføring. Arealbehova for idrett og fysisk aktivitet er sikra i arealdelen av
kommuneplanen.
Folketalsutvikling i Askvoll kommune Askvoll kommune er ein liten kystkommune yttarst i Sogn og Fjordane. Ein stor del av befolkninga, 78 % bur
i spreiddbygd strok (ikkje i tettstad). Sidan 2010 har folketalet vore stabilt med ein svak aukande tendens.
Tabellen under synleggjer folketalsutviklinga frå 2011 – 2016.
Mykje av folketalsauken i 2016 har si årsak i busetjing av flyktningar, men Askvoll har òg hatt ein netto
innanlands tilflytting siste året. SSB sine prognosar fram mot 2040 viser at Askvoll skal ha ein
folketalsnedgang på om lag til 10%.
Når det gjeld folketalet, er det i utgangspunktet to hovudutfordringar for Askvoll kommune. Det eine er
nedgangen i folketalet i aldersgruppa 20-39 år, og det andre er ei veksande eldre befolkning. Det er
ungdommen som dreg ut, anten for studiar eller jobb. Ein vil få ei betydeleg auke i aldersgruppa +70 år.
Strategiane bør difor vere både å redusera fråflyttinga og å planleggje korleis ein skal innrette helse- og
omsorgstenester i framtida.
Kommunen har dei siste åra lukkast i å stabilisere folketalet, på tross av SSB sine prognosar. Utviklinga dei
siste åra viser at Askvoll har ein stor bustadattraktivitet og folketalsutviklinga er mykje meir positiv enn
utviklinga i tal arbeidsplassar skal tilseie. Det har vore stor søknad til barnehagane og ein vekst i
aldersgruppa 20 – 44 år.
6
Om lag 5 % av innbyggjarane i Askvoll er innvandrarar, fyrst og fremst i frå Europa. Eit stadig meir
fleirkulturelt Askvoll, krev at kommunen lykkast med inkludering på alle nivå i samfunnet. Kommunen, NAV,
lokalt næringsliv og frivillig sektor er dei som står nærast dei konkrete utfordringane. Felles for båe
arbeidsinnvandrarane og flyktningane er at dei må oppleve å vere ein del av samfunnslivet på staden dei
bur. Kultur- og fritidstilbod som legg til rette for gode møteplassar vil vere viktige bidrag i dette arbeidet.
Dette gjeld òg generelt for alle tilflyttarar til fylket. Ei viktig rolle vil vere å legge til rette for eit godt samspel
mellom dei aktørane som har mogelegheit til å påverke arbeidet med inkludering i positiv retning.
Kommuneøkonomi Kommunen opplever stadig ein skvis mellom dei tenestene som enkeltpersonar har rett på (pålagt av
staten gjennom lovverk), og kommunen sine økonomiske rammevilkår. Når økonomien ikkje er tilstrekkeleg
til å oppfylle desse krava, går det ut over andre tenester, og innskrenkar dermed kommunen sitt sjølvstyre.
Idrett og fysisk aktivitet er eit felt som har lenge vore prega av store innskrenkingar ved at tilskot til drift av
idrettslag og drift og vedlikehald av private idrettsanlegg har falt bort. I fleire år har kommunen ikkje kunne
garantere noko økonomisk støtte til utbygging. Men i 2015 innførte kommunestyret ei ny kommunal
tilskotsordning til utbygging og rehabilitering av private anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
Generelle aktivitetstrendar og utviklingst rekk i samfunnet Tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) viser at fire av fem nordmenn trente minst ein gang i veka i 2016.
Friluftsliv i ulike former er den mest alminnelege aktivitetsarenaen for fysisk aktivitet i Norge. Forsking
utført av Gunnar Breivik og Kolbjørn Rafoss ved Norges Idrettshøgskule viser at i perioden 1999–2015 har
bruken av anleggstypar som turstiar, private treningssentre, lysløyper og vekt- og styrkerom auka. Dette er
anleggstyper som er opne og lett tilgjengelege for individuell bruk, har ei brei sosial profil og som legg til
rette for aktivitet utanfor idrettslaga.
Andelen som er fysisk aktiv aukar med aukande sosioøkonomisk status. Samstundes brukar personar med
grunnskule som høgaste fullførte utdanning mindre tid på inaktivitet, samanlikna med personar som har
minst 4-års utdanning ved høgskule eller universitet.
Samfunnet sitt krav til kroppsbruk har blitt kraftig redusert dei siste tiåra, og i mange samanhengar er det
lagt til rette for at fysiske strev ikkje skal vere naudsynt. Det er særleg kvardagsaktiviteten – knytt til
daglege rutinar – som har gått ned. I dag skal ein vere bevisst for å få fysisk aktivitet gjennom kvardagen.
7
Nokon folkegrupper trener meir enn før, men det ser ikkje ut til å kompensere for den reduserte
kvardagsaktiviteten. Ein meir stillesittande kvardag er noko av årsaka til at berre 20 % av folket oppfyller
styresmaktene sine mål om dagleg fysisk aktivitet. Inaktiv tid aukar, og tid med aktivitet blir redusert med
aukande alder.
Kartleggingar gjennomført av Helsedirektoratet i 2005-2006 og i 2011, blant 6-, 9- og 15-åringar, viser at 87
% av 6 år gamle jenter og 96 % av gutane oppfyller dei nasjonale tilrådingane om minst 60 minutt dagleg
fysisk aktivitet. Blant 9-åringane hadde 70 % av jentene og 86 % av gutane eit tilfredsstillande aktivitetsnivå
i 2011. Dette er ein nedgang på 5 % frå kartlegginga i 2005-2006. Tilsvarande tal for 15-åringane, er 43 %
for jenter og 58 % for gutane. Dette er òg ein nedgang på 5 % frå undersøkinga i 2005-2006. Registrert
aktivitet blant 6-åringane viser at cirka 50 % av våken tid brukast i ro, tilsvarande tall for 9- og 15-åringane
er 60 og 70 prosent. Barn og unge med ikkje-vestleg bakgrunn er mindre fysisk aktive enn barn med vestleg
bakgrunn.
Ein tilsvarande undersøking frå Helsedirektoratet i 2008-2009 for vaksne og eldre, viser at berre 1 av 5 har
eit aktivitetsnivå i tråd med nasjonale tilrådingar. Generelt er det lite deltaking i organisert idrett blant
vaksne og eldre i Norge. Samstundes er deltaking skeivt fordelt på kjønn, alder og sosial status, og dette
speglar òg av hos barn og unge.
Den organiserte idretten når ut til og engasjerer ein stor del av dei yngste barna. Det er generelt fleire barn
og unge som oppfyller tilrådingane for fysisk aktivitet blant dei som er medlemmer av idrettslag. Idretten
har høgast oppslutnad hos barn, og deltaking i organisert fell med aukande alder. Spesielt i ungdomsårane
er det eit markant fråfall i idretten. Ungdata-undersøkinga frå 2017 hadde særskild fokus på deltaking i
organisert idrett, og mange elevar svarte at dei sluttar fordi skulearbeidet tar for mykje tid, og nesten like
mange svarte at idretten stilte for store krav om å bli god. Same kartlegginga viser samstundes at ungdom
som er medlem i organisert idrett, skil seg positivt ut på ein rekke områder; dei røyker og ruser seg mindre,
har færre psykiske helseplagar, spisar sunnare, har eit betre forhold til foreldre og lokalmiljø, trives betre på
skulen og brukar mindre tid på skjermaktivitetar enn ungdom som ikkje driv med idrett.
Generelt er hovudutfordringa å auke andelen som oppfyller tilrådingane til fysisk aktivitet og minske
omfanget av stillesitting.
Folkehelseprofilen for Askvoll kommune Folkehelselova slår fast at folkehelse skal vurderast i alle typar saker. Kommunen har plikt til å lage eit
oversyn over helsetilstanden og faktorar som påverkar denne, for å identifisere folkehelseutfordringar og
ressursar i kommunen. Desse skal inngå som grunnlag for planlegging etter plan- og bygningslova. Nasjonalt
folkehelseinstitutt har publisert folkehelseprofilar for alle kommunane i landet. Folkehelseprofilen for
Askvoll kommune i 2017 viser at Askvoll for dei fleste indikatorane ligg på snitt med landet for øvrig, men
det er nokre felt vi skil oss noko ut:
Vi har ei folkemasse som blir eldre og tal personar over 80 blir estimert til å ligge høgare enn landet.
Andelen ungdomskuleelevar som gjev opp at dei er lite fysisk aktive (andpusten eller svett sjeldnare
enn ein gong i veka), er lågare enn i landet som heilheit (tala er henta frå Ungdata-undersøkinga)
Fråfall i vidaregåande skule er lågare enn i resten av landet
Det er færre som har psykiske symptom og lidingar enn i resten av landet
8
Det er færre som har type 2 diabetes enn i resten av landet
Andelen med muskel- og skjelettplagar er signifikant lågare enn resten av landet
Aktivitetstrendar i Askvoll Dei siste åra har det vore nokre endringar i rammevilkåra i Askvoll kommune som vi kan trekkje fram som
positiv for folkehelse og fysisk aktivitet:
Vi har fått fleire godt merka og tilrettelagde turstiar, og desse vert brukt meir enn før. Etter
ferdigstillinga av Dalsfjordsambandet i 2013 har innbyggjarane fått enklare tilkomst til nye fjell- og
friluftsområder i nabokommunane.
Askvoll kommune har blitt medlem i fylket sin første interkommunale friluftsråd i lag med Flora og
Solund kommune.
Røverompa barnehage i Askvoll sentrum har fått ei uteavdeling som har visjonen «Fysisk aktivitet og
friluftsliv». Per i dag er det 18 barn på uteavdelinga.
Det har blitt etablert 2 kulturvandringsløyper i nærmiljøet som er eit tiltak frå destinasjonsselskapet
Visit Fjordkysten; ei i Askvoll sentrum (kulturvandringsløype om Anders Askevold) og ei i Stongfjorden
(Industrihistorisk kulturvandringsløype).
Kommunen har eit mangfald av lag og organisasjonar som gjer ein formidabel frivillig innsats for at ulike
brukargrupper skal ha ulike aktivitetar å ta i bruk. Det er stor og brei aktivitet i idrettslaga, spesielt innanfor
fotball og handball. Askvoll kommune har 7 idrettslag som er tilknytta Norges Idrettsforbund. Norges
Idrettsforbund si idrettsregistrering viser per 31.12.2016 at 30 % av innbyggjarane i Askvoll er medlem i eit
idrettslag. Talet seier ikkje noko om den fysiske aktiviteten til den einskilde. Vidare er det eitt lag som er
tilknytta Norges Jeger- og Fiskeriforbund, og 2 skyttarlag som er tilknytta Det frivillig Skyttervesen.
Lag Aktivitetar Medlemstal
pr. 31.12.16
Askvoll pistolklubb Skyting 22
Askvoll og Holmedal IL Fotball
Handball
Volleyball
Trim og orientering
Barneidrett
Padlegruppe
Fjelltrim
Hundegruppe
368
Værlandet IL Fotball
Barneidrett
Volleyball
Dans
84
Bulandet IL Fotball
Fotballtennis
Volleyball
Puls/Pilates
Body pump
118
Kvammen IL Fotball 61
9
Volleyball
Barneidrett
Baretrim
Atløy IL Fotball
Fjelltrim
Klatregruppe
240
Askvoll leirdueklubb Leirdueskyting 29
Askvoll Jakt- og fiskelag Jakt- og fiske, fiskestell-tiltak, jegerprøvekurs,
jakthundegruppe
Ca. 60
Askvoll og Holmedal skyttarlag Eige treningsopplegg for barn og unge, innandørs
og utandørs. Arrangerer jaktprøver. Tilbod til
skulane om skytetrening ism.
aktivitetsveke/idrettskule skytetrening.
Ca. 130
Høyvik skyttarlag 65
Når vi legg til medlemmene i Askvoll JKL, Askvoll og Holmedal skyttarlag og Høyvik Skyttarlag er det 38 % av
innbyggjarane som er medlem i idrettslag eller lag knytt til Norges Jeger- og fiskeriforbund og Det frivillige
skyttervesen.
Som landet elles har den organiserte idretten i Askvoll kommune høgast oppslutnad hos dei yngste barna.
89 % av 6-12-åringa er medlem i eit idrettslag. I ungdomsårane mellom 13-19 år er det eit fall på 27 % og
det fell ytterligare i 20-årane.
Indre Sunnfjord Turlag hadde i 2016 175 medlemer frå Askvoll kommune. Det er 5,7 % prosent av
innbyggjarane i Askvoll kommune, mot 3,8 % i 2013. IST Barnas turlag og Unggruppa Askvoll er eit svært
aktivt lag som driv eit viktig arbeid innanfor friluftsliv ved å skape eit lågterskeltilbod for familiar med barn
og unge i form av turar i nærområdet og på fjellet gjennom heile året. Turane/aktivitetane har stor
oppslutnad og er med på å etablere gode vanar hos barn og unge, både med tanke på fysisk aktivitet og
bruken av naturen. Barnas Turlag og Unggruppa Askvoll har ikkje krav om at deltakarane på aktivitetane
deira skal vere medlem i IST. Difor er tal faste deltakarar på turane mykje større enn talet medlemmer frå
Askvoll kommune i IST. Andre organisasjonar som har friluftsliv i sine arbeidsprogram er Atløy 4H,
Sjøstjerna 4H, Nordre Askvoll helselag og pensjonistlaget.
I tillegg til friluftsliv på fjellet og i nærmiljøet, er det òg eit aktivt kajakkmiljø i Askvoll kommune.
Padlegruppa i Askvoll og Holmedal IL har kursverksemd, samarbeid med Askvoll skule om aktivitetsveka og
arrangerer kvart år «Stormsamling» i Bulandet. Arrangementet har vore med på å sette Bulandet på kartet
som padledestinasjon.
10
Det er eit aktivt miljø for dans i Askvoll kommune, båe for unge (Dans uten Grenser) og eldre (seniordans).
Det er òg tilbod om seniortrim.
Private aktørar i kommunen gjer òg ein viktig jobb i arbeidet innanfor fysisk aktivitet og folkehelse. På
treningsenteret ved Askvoll Fysioterapi er det, i tillegg til individuell trening, tilbod om gruppetrening som
spinning, pilates, basis ferdigheiter for barn, sirkeltrening, utetrening og basisball.
Ungdomsundersøkingar i 6., 8. og 10. klasse i Sogn og Fjordane frå 2011, 2013 og 2015 viser noko
«sprikande» verdiar for Askvoll i høve til fysisk aktivitet. Vi synest å ha den lågaste andelen i fylket av elevar
som rapporterer at dei ikkje har vore fysisk aktive i minst ein time nokon av dagane i veka. Når det gjeld
elevar som har vore aktive i minst ein time alle 7 dagane i veka, ligg Askvoll noko under
gjennomsnittsnivået i fylket. Dvs. at vi ikkje har dei som trenar på høgast nivå, men heller ikkje dei som er
svært lite aktive. Ungdomane er meir fysisk aktive enn på fylkes- og landsnivå når det gjeld trening, men er
mindre aktive enn fylkes- og landsnivå når det gjeld dagleg aktivitet utanom trening. Ungdata-undersøkinga
frå 2017 viser at 79 % av elevar i ungdomstrinnet brukar minst to timar kvar dag framfor ein skjerm utanom
skulen. Skjermtida aukar gjennom ungdomstrinnet.
Askvoll kommune har etter kvart fått ein anleggsstruktur som er godt tilpassa geografi og aktivitetsnivå. Ein
oversikt over anlegga for idrett og friluftsliv er å finne i Kulturdepartementet sitt anleggsregister på
www.idrettsanlegg.no. Generelle aktivitetstrendar viser at friluftslivet er den
mest alminnelege aktivitetsarenaen for fysisk aktivitet i Norge. I Askvoll
kommune ser vi òg at friluftslivet engasjerer stort. Dei siste åra har det vore auka
fokus på tilrettelegging av område for friluftsliv i Askvoll kommune. Lag og
organisasjonar utfører ein stor frivillig innsats med drift og vedlikehald av
eksisterande turstiar og tilrettelegging av nye. Aktivitetar som fjelltrim,
turorientering og felles trimturar er tilgjengeleg i alle bygder. Engasjementet for
friluftsliv var òg tydeleg på dialogmøte i april, der dei fleste innspel dreidde seg i
stor grad om tilrettelegging for friluftsliv på fjellet og i nærmiljøet. Oversikt over
innspela som vart drøfta på dialogmøtet følgjer vedlagt i vedlegg 2.
Biletet til høgre viser den nye brua på tursti «Bakkekletten» i Holmedal, og er eit
godt døme på tiltak som gjerast av frivillige for å legge til rette for auka bruk av
eksisterande anlegg for friluftsliv (Foto: John Lien)
Tiltak for auka fysisk aktivitet Ein rapport frå kunnskapssenteret viser at både befolkningsretta og individretta tiltak kan auke det fysiske
aktivitetsnivået. Befolkningsretta tiltak er tiltak som gjer det enklare for alle å vere fysisk aktiv, til dømes
godt tilrettelagde bu- og nærmiljø. Eksempel på individretta tiltak er rådgjeving, trening og andre tiltak som
er retta mot einskildpersonar. Forsking viser at ein heilskapleg lokalmiljøutvikling, tiltak innan barnehage,
skule og arbeidsliv, tilbod i regi av frivillig og private aktørar, samt tilbod innan helsetenestene er sentralt
for å auke folket sitt aktivitetsnivå og for utjamning av aktivitetsvanar knytt til sosiale helseskilnader.
Vi treng alle meir kunnskap om fysisk aktivitet og gevinsten av å vere fysisk aktiv. Til dømes viser det seg at
samtalar om fysisk aktivitet og rettleiing frå helsepersonell er med på å auke sannsynet for at folk kjem i
gang og etablerer gode aktivitetsvanar.
11
Ny forsking viser at det skal mindre «doser» fysisk aktivitet enn tidlegare anteke for å oppnå helsegevinst
(Helsedirektoratet: Aktivitetshandboken – generelle effekter av fysisk aktivitet). Av den grunn er det viktig å
gje moglegheiter for kvardagsaktivitetar for alle, anten den er organisert eller uorganisert. Ein skal bidra til
å gjere sunne val lettare.
Gode aktivitetsvanar som varer, tileignar vi oss i barneåra, og barn er difor ei viktig målgruppe. I den
statlege anleggspolitikken er barn (6-12 år) og ungdom (13-19) dei viktigaste målgruppe for bruk av
spelemidlane, og anleggsutvikling bør i særleg grad reflektere behova til desse målgruppa.
Anlegg aktiviserer ulikt. I planlegging av nærmiljøanlegg er det difor viktig å sjå på utformingar som
stimulerer til variert aktivitet for å nå flest mogleg barn og ungdommer. Dette går òg fram av den statlege
idrettspolitikken som peker på at det vil vere føremålstenleg «å løfte fram anlegg med stort
brukerpotensial, særlig anlegg for eigenorganisert aktivitet» (Meld. St. 26 (2011-2012).
Helsedirektoratet tilrår i sin rapport fysisk aktivitet; omfang, tilrettelegging og sosial ulikhet (2017) at ein i
tillegg til spelemidlar, skal satse på statlege verkemiddel som kan bidra til å fremje kollektivtransport, gang-
og sykkeltransport, områder for friluftsliv i nærmiljøet, uteanlegg knytt til skuler og barnehagar og ulike
tilpassa aktivitetstiltak i lokalmiljø særleg retta mot inaktive og lite aktive grupper.
4 Evaluering av førre plan Som ein del av planprosessen er det gjennomført ei evaluering av førre planperioden.
Anlegg og friluftslivsområder Når det gjeld anleggsutvikling har det vore rullert inn 24 anleggselement i planperioden. Av desse er det 8
anleggselement som omfattar Bulandet symjehall, og 2 anleggselement høyrar til Helleset skytebane. I
planperioden er det 10 anleggselement som har fått tildelt tilskot frå spelemiddelordninga på til saman 3,8
millionar kroner. 6 anlegg med ei samla søknadssum på 3,3 millionar kroner har fått godkjent
spelemiddelsøknaden sin, men har ikkje fått tildeling enno. 7 tiltak har ikkje blitt starta på enno, og har
heller ikkje søkt om spelemidlar i planperioden. Av desse er det 2 kommunale anlegg: baderampe på Øyra i
Askvoll sentrum og ombygging av publikumstribunen i Askvollhallen for å sikre universell utforming..
I tillegg til nye anlegg har det i førre planperioden blitt meir fokus på rehabilitering av eksisterande anlegg.
Dette òg gjennom initiativ frå fylkeskommunen som sett i gang prosjekt om rehabilitering av
sandvolleyballbanar og ballbingar. I Askvoll kommune har det blitt rehabilitert 2 ballbingar som fekk skifta
kunststoffdekket.
I feltet friluftsliv er det tildelt spelemidlar til sanitæranlegg for kajakk i Bulandet symjehall. I skrivande stund
blir dette anleggselementet ferdigstilt. Trim- og orienteringsgruppa i Askvoll og Holmedal IL har revidert
orienteringskart for Askvollmarka. Askvoll og Fjaler kommune har i tett samarbeid med IST Barnas Turlag i
Askvoll og Fjaler og idrettslaga lansert TiTur Dalsfjorden med 5 toppar på Fjaler-sia og 5 på Askvoll-sia. Når
ein har besøkt alle toppane og har registrert seg, får ein premie og er med på trekking av eit gavekort.
Tiltaket har utløyst mykje aktivitet som ble illustrert av dei mange besøk på toppane av båe innbyggjarane
og tilreisande. I tillegg har prosjektet bidrege til at turstiane har blitt enno betre merka grunna
tilbakemeldingar frå turgåarar som ikkje har gått stiane før.
12
Friluftsområde Øyra i Askvoll sentrum er eit prioritert område i kommunedelplan. Her har det blitt etablert
klatrepark som har bidrege til at området har fått eit større mangfald av aktivitetar. Askvoll vel er svært
aktivt på området, og har etablert ei badebrygge som har vore mykje brukt om sommaren, og som viser seg
å vere eit positiv bidrag til symjeopplæringa. Baderampe har ikkje blitt etablert enno, og det er eit tiltak
som må bli prioritert slik at området blir lagt til rette for fleire. Oversikten med status på anlegga i
handlingsprogrammet frå førre planperioden er vist i tabellen under.
13
Kompetanseheving og tiltak for å fremje folkehelsa I heile førre planperioden er alle spelemiddelsøknader frå vår kommune blitt godkjend. Fylkeskommunen
har jobba mykje med kompetanseheving og gjer eit stort informasjonsarbeid rundt spelemiddelordninga,
og det viser seg å ha vore ein suksess. Dess fleire søknader som blir godkjend, dess større rammetilskotet er
som fylket får tildelt frå Kulturdepartementet. Det vil òg påverke ventetida på tildeling positivt. Difor er det
viktig å halde fram med eit godt informasjonsarbeid og rettleiing inn mot lag og organisasjonar i forkant av
og under søknadsprosessen.
Idrettslaga jobbar aktivt og det er eit mangfald av aktivitetar. Både laga og Askvoll idrettsråd tek ofte
initiativ til kurs i regi av NIF innanfor barneidrettsskule, aktivitetsleiarkurs, m.m. Alle som utførar arbeid
som inneber et ansvars- eller tillitsforhold overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming, må
vise fram politiattest. Nokre lag er flinke til å sette fokus på sunne livsvanar. Til dømes, fotballgruppa i
Askvoll og Holmedal IL har eit samarbeid med Bama og deler ut frukt under fotballkampane.
Første planperioden kor Askvoll kommune har starta mottak av flyktningar. Det statlege tilskotet som
kommunen mottar til busettingsarbeidet vert m.a. brukt til å skaffe sykkel til dei busette flyktningar. Dette
er eit tiltak som er valt bevisst for å fremje folkehelse og fysisk aktivitet innanfor denne gruppa.
Skulane og barnehagane gjer òg ein viktig jobb i arbeidet med fysisk aktivitet og friluftsliv og med å ha fokus
på sunne livsvanar. Sentrumsbarnehagen har fått ei uteavdeling som har visjonen fysisk aktivitet og
friluftsliv. Gjelsvik skule har innført 1 time fysisk aktivitet dagleg i timeplanen. Alle skulane har fokus på
fysisk aktivitet, og har idrettsdagar, tur-dagar og aktivitetsdagar, òg i samarbeid med frivillige
organisasjonar. Gjelsvik, Askvoll og Atløy skule jobbar aktivt med utforming av uteområda for å legge til
rette for meir fysisk aktivitet. Innføring av mobilforbod for elevar ved grunnskulane har m.a. bidrege til at
elevar er meir fysisk aktive. 5.klasse ved Askvoll skule deltok i utviklings- og forskingsprosjektet ASK (Active
Smarter Kids) som undersøkte om auka fysisk aktivitet i samspel med tradisjonelle faga påverkar
skuleprestasjon, skuletrivsel og helse hos majoriteten av elevane. Resultata av undersøkinga vert publisert i
løpet av hausten 2017. Askvoll skule er med i «Trivselsprogrammet» som legg til rette for auka aktivitet i
friminutta gjennom trivselsleiarar frå 4.-10.trinn. Dette er òg eit tiltak for å førebyggje mobbing.
Smaksverkstad ved SFO i Askvoll, Atløy og Gjelsvik er eit folkehelsetiltak for å fremje kunnskap om kosthald
blant barn og unge. For 10.klassingar har det vore halde hybelmatkurs.
I eldreomsorga har Askvoll kommune tatt i bruk motivasjonsverktøyet MOTiview som stimulerer eldre og
personar med demens til auka fysisk aktivitet. Ved hjelp av levande bilder og lyd kan brukarane dra på
sykkeltur i kjende lokale stader og barndomsminner.
Som nemnt før har Askvoll kommune blitt medlem i det første interkommunale friluftsrådet i fylket, saman
med Flora og Solund kommune.
14
5 Visjon, mål og delmål Det er mykje som tyder på at det har vore gode prosessar i førre planperiode. Barnehaga, skulane, og lag og
organisasjonar jobbar godt med å fremje fysisk aktivitet i Askvoll kommune. Det synest òg klart at
anleggsutvikling har stimulert til større grad av aktivitet og eit større mangfald av aktivitet. Ei satsing med
mål om at fleire skal vere tilstrekkeleg fysisk aktive, krev både innsats frå einskildaktørar og eit
sektorovergripande samarbeid. Offentleg, privat og frivillig sektor må samarbeide for at fleire skal vere
aktive, og er ein føresetnad for å lukkast. Ut frå aktuelle aktivitetstrendar i Askvoll kommune og for landet
generelt, samt evaluering av førre planperioden er det formulert følgjande mål og tiltak.
Visjon: Vi ønskjer at alle innbyggjarane skal ha gode levevilkår, og at dei skal ha ei positiv oppleving av eige liv og
helse. Fysisk aktivitet bidreg til dette, og vi er opptekne av at det gjeld alle innbyggjarane. Visjonen for
denne planen er:
«Fysisk aktivitet for alle»
Hovudmål: Askvoll kommune skal stimulere og legge til rette for at alle innbyggjarane har kunnskap om viktigheita av
fysisk aktivitet, og høve til å utøve fysisk aktivitet ut frå eigne interesser og føresetnader.
Delmål: Alle under 18 år er fysisk aktive minimum 60 minutt kvar dag
Alle over 18 år er fysisk aktive minium 30 minutt kvar dag
Utvikling av bu- og opphaldsområde med aktivitetsskapande nærmiljøanlegg som legg til rette for
kvardagsmosjon og som ikkje kostar noko å bruke, og med infrastruktur som samanhengande gang- og
sykkelvegar.
Fleire av innbyggjarane nyttar naturen som arena for fysisk aktivitet, og det blir fleire organiserte
friluftstilbod
Askvoll kommune må samarbeide med lag og organisasjonar om å utvikle gode rutinar for å informere
innbyggjarane om eksisterande aktivitetstilbod i kommunen
Alle innbyggjarane i Askvoll kommune har god kunnskap om fysisk aktivitet og veit gevinsten ved å vere
fysisk aktiv
Alle som bidreg til å gjere andre aktive, har høg kunnskap om det å vere aktiv, aktivisere andre og
inkludere andre. Det er særleg viktig å få til lågterskeltilbod, der barrieren for å vere fysisk aktiv blir
redusert.
Handlingsprogram for tiltak viser tiltak knytt til delmåla, og følgjer med i vedlegg 1. Tiltak skal bidra til å
fremje fysisk aktivitet og folkehelse hos innbyggjarane og motarbeide sosiale skeivfordelingar. Mange tiltak
er allereie sett i gang, og er teke opp i handlingsprogrammet for å ha fokus på å oppretthalde dei, eller få
dei innført i einingar som ikkje har dei frå tidlegare. Ein del av innspela vi fekk på dialogmøte med lag og
organisasjonar i april, dreidde seg òg om informasjonsretta tiltak (sjå òg vedlegg 2). Fleire kom med
forslaget om at det vert innført eldsjelpris for fysisk aktivitet, som vert tildelt lag eller einskildperson for å
framheva deira innsats for å fremje fysisk aktivitet. Handlingsprogrammet for tiltak kan bli rullert årleg.
15
6 Delmål – handlingsprogram for anlegg Få til ei planlagt og målretta utbygging av anlegg som er tilrettelagt for idrett, friluftsliv og
kulturaktivitetar. Sikre naudsynt areal for leik, idrett og friluftsliv.
Leggje til rette for at idrettsanlegg vert utvikla i nær forståing med idretten sine behov og prioriteringar
Vere grunnlag for søknad om statleg tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemiddelordninga)
Avklare eigarar sitt ansvar ved utbygging og drift av bygg og anlegg, sikre jamn og god vedlikehald av
anlegg.
Vere styringsverkty for budsjett- og økonomiplanarbeidet i kommunen
7 Handlingsprogram for anlegg Handlingsprogrammet er eit oversyn over anlegg som er foreslått prioriterte for tilskot frå spelemidlane dei
neste fire åra. Prioriteringa er basert på lokale behov, innspel frå lag og organisasjonar, overordna
kommunale planar og regionale og nasjonale føreskrifter og føringar. Handlingsprogrammet inneheld
opplysningar om tiltakshaver (ansvarleg utbyggar), investeringsbehov, finansiering og utbyggingsår. Kvart år
kan nye anlegg eller anlegg frå den langsiktige handlingsdelen bli rullert inn. Det er no enklare å få rullert
inn nye anlegg i handlingsprogrammet for anlegg; det er ikkje lenger krav om at anlegget er omtalt i vedtatt
kommunedelplan og det er heller ingen øvre kostnadsgrense for anlegg som blir tatt inn ved den årlege
rulleringa. Rullering av handlingsprogrammet føreset brukarmedverknad av aktuelle brukargrupper,
idrettsrådet og politiske vedtak.
Krav til spelemiddelsøknader Når eit anlegg vert bygd eller rehabilitert med tilskot frå spelemidlar, medfører det forpliktingar. Det
medførar m.a. plikt om å drifte og halde vedlike anlegget i 30 år frå ferdigstillingsdatoen.
Jf. Kulturdepartementet sine føresegner om spelemidlar skal ein søknad oppfylle følgjande krav:
1. Idrettsfunksjonelt førehandsgodkjende planar for anlegget med behovsoppgåve
2. Detaljert kostnadsoverslag
3. Dokumentasjon på dei ulike delane av finansieringsplanen for anlegget
4. Plan for drift av anlegget
5. Rett til bruk av grunn.
Handlingsprogram for anlegg - 2018-2021 Askvoll kommune har etter kvart fått ein anleggsstruktur som er godt tilpassa geografi og aktivitetsnivå.
Førre planperioden var den siste planperioden med mange store anlegg på prioritert liste. Framover må
fokuset i større grad vere på vedlikehald og rehabilitering av anlegg, og ombygging av eksisterande anlegg i
høve til universell utforming. På dialogmøte i april har det òg kome inn innspel om rehabilitering av
garderoben i Askvollhallen/symjehallen.
I tillegg skal det vere fokus på utvikling av nærmiljøet som stimulerer til variert aktivitet, samt anlegg og
områder for friluftsliv. Utforming av uteområda ved skulane, som er den arenaen som over lengst samlar
flest ungdommer, er ei viktig satsing i planperioden. Desse områda er sentrale møteplassar i nærmiljøet,
båe i og utanom skuletida. Gjennom fylkeskommunen sitt prosjekt «Teikn ditt skuleområde» driv skulane
allereie på med aktiv planlegging av kva aktivitetar som skal inn i uteområdene.
16
For at nye prosjekt om utbygging eller rehabilitering vert tatt inn i handlingsprogrammet må minst detaljert
kostnadsoverslag, finansieringsplan og plan for drift av anlegget ligge føre, jf. Kulturdepartementet sine
føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
Undervegs i planarbeidet og heller ikkje i førre planperioden, har desse opplysningar kome inn for alle
anlegg som var oppført i handlingsprogrammet frå 2014-2017. Difor har desse anlegga blitt lagt til i den
langsiktige handlingsdelen i denne planperioden, og førebels ikkje i handlingsprogrammet. Når naudsynt
dokumentasjon er på plass, kan tiltaka bli tatt inn i handlingsprogrammet ved den årlege rulleringa. Dette
gjeld fleirbrukshus på Øyra i Askvoll sentrum (Askvoll og Holmedal idrettslag) og elektroniske skiver til
Helleset skytebane (Askvoll pistolklubb). Førebels er òg baderampen på friluftsområdet Øyra lagt inn
langsiktig handlingsdelen.
Av anlegg frå førre planperiode har desse blitt teke opp i handlingsprogrammet for 2018-2021, fordi
spelemiddelsøknadene har blitt godkjend men anlegga har ikkje fått tildeling enno:
- Kunstgrasbane Atløy stadion
- Klubbhus (møterom og lager) - Bulandet symjehall
- Treningsrom/aktivitetssal - Bulandet symjehall
- Båthus for kajakk – Bulandet symjehall
- Flytebryggje for kajakk – Bulandet symjehall
- Lys til klatrevegg – Bulandet symjehall
I tillegg har Atløy Il to anlegg frå førre planperioden i handlingsprogrammet: oppgradering av
friidrettsanlegg og etablering av tennisbane på Atløy stadion i handlingsprogrammet. Desse anlegga har fått
idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning og har kostnadsoverslag og finansieringsplan på plass, men blir
først gjennomført når lysanlegget til kunstgrasbanen er ferdigstilt i slutten av 2017.
I tillegg har ombygging av publikumstribunen i Askvollhallen (heis) blitt tatt inn frå førre planperioden.
Dette anlegget står òg oppført i Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016-2019, og då er det
eit krav at anlegget står i kommunedelplan sitt handlingsprogram for å vere i posisjon til å søkje
spelemidlar.
Nytt prosjekt i handlingsprogrammet for 2018-2021 er dagsturhytte i Holmedal. Dette er eit prosjekt frå
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Målet er å etablere dagsturhytte
på turmål i alle kommunane i fylket for å få fleire ut i naturen. Kommunestyret har bestemt at Askvoll
kommune skal søkje spelemidlar i 2018, og hytta skal byggjast sommaren 2018.
Nærmiljøanlegg ved skulane i kommunen er prioritert i handlingsprogrammet for 2018-2021. Ved Atløy
skule skal det bli etablert klatrepark, tramponlinepark og scate- og crossbane. Ved Gjelsvik skule skal det bli
etablert hinderløype og trampolinepark, og ved Askvoll skule skal det bli etablert klatrestein og
aktivitetshus, sykkelløype og aktivitetsløype. Anlegga vil bli fordelt ut over heile fireårsperioden, og er ein
del av det prioriterte prosjektet «teikn ditt skuleområde».
Handlingsprogram for både ordinære og nærmiljøanlegg kjem på dei neste sidene.
17
18
19
8 Langsiktig handlingsdel Prosjekt i den langsiktige handlingsdelen kan bli tatt inn i handlingsprogrammet for anlegg ved den årlege
rulleringa. Sjå òg innleiinga under pkt. 7 om handlingsprogrammet for anlegg for kva krav prosjekt må
oppfylle for å kunne bli rullert inn i handlingsprogrammet.
Ordinære anlegg: - Fleirbrukshus på Øyra (AHIL, Askvoll padleklubb – plan for Øyra – KOM-sak 078/14) - Elektroniske skiver Helleset skytebane (Askvoll pistolklubb) - Baderampe på Øyra (Askvoll kommune – plan for Øyra – KOM-sak 078/14)
o Innspel frå Askvoll vel om plassering av baderampe (arkivnr. 17/111-19 datert 27.04.2017) - Etablering av kunstgras på grusbane i Kvammen – 7’ar bane (Kvammen IL) - Baderampe Øyravatnet (NHF Askvoll/Rørvik) - Rehabilitering av garderoben i Askvollhallen / Svømmehallen (innspel frå dialogmøte 25.04.2017) Friluftsliv: - Etablering av nye turstiar - Skilting og merking av eksisterande turstiar - Sentrumsnær turveg som er universelt utforma - Fleire og betre tilrettelagde Fiske- og badeplassar
9 Drift og vedlikehald av kommunale anlegg
Oversikt over kommunale anlegg Attraktive og godt vedlikehalde anlegg inviterer til bruk og det viser seg at slike anlegg ofte er eit vern mot
hærverk. Det er eit krav i Kulturdepartementet sine føresegnene for spelemiddelordninga at anlegg som er
finansiert med tilskot frå spelemidlar skal driftast i 30 år frå ferdigstilling. Som eigar av anlegg er ein
ansvarleg for båe drift, vedlikehald og tryggleik i anlegget. I planprogrammet for kommunedelplan vert det
vedtatt at det skal utarbeidast ein oversikt om kva anlegg for idrett og fysisk aktivitet Askvoll kommune eig
og har vedlikehaldsansvar for, kva avtalar som er vedtatt mellom kommunen og lag og organisasjonar om
drift av dei. Føremålet er å betre rutinane rundt vedlikehald av anlegga.
Anlegg Avtale
Askvollhallen
Svømmebasseng Askvoll skule
Kunstgrasbane ved Askvoll skule Driftsavtale med AHIL jf. KOM-sak 36/9
Friidrettsanlegget ved Askvoll skule Driftsavtale med AHIL jf. KOM-sak 36/9
Ballbinge ved Askvoll skule (kunstgrasdekke)
Klatrepark på Øyra
Ballbinge ved Gjelsvik skule (kunstgrasdekke) Førdefjorden vel tok initiativ til etablering av kunstgras på ballbingen og gjennomførte prosjektet. Askvoll kommune v/Gjelsvik skule er anleggseigar. Det er ikkje formalisert noko samarbeidsavtale med velforeininga om drift av anlegget.
Ballbinge ved Atløy skule (kunstgrasdekke) Askvoll kommune ved Atløy skule eig anlegget og har dermed ansvar for drift og vedlikehald. Det er
20
Atløy IL som eig eigedommen gbnr 51/28, og det ligg føre ei tinglyst avtale om rett til bruk av grunnen
Nytt anlegg frå våren 2018: Dagsturhytte på Tveit/Håland stølsbeite i Holmedal
Samarbeidsavtale om drift med Holmedal vel jf. KOM-sak 054/17
Kunstgrasbanar: gummigranulat og miljø Drift og vedlikehald av kunstgrasbanar, spesielt med omsyn til gummigranulat, har blitt sett på dagsorden i
media i 2017. Den miljømessige utfordringa knytt til gummigranulat og mikroplast-forureining er
omdiskutert. I samband med det har Sogn og Fjordane fylkeskommune sett i gang ei kartlegging av kva
rutinar anleggseigarar av kunstgrasbanar har.
Askvoll skule Kunstgrasbane 64*100
Atløy stadion Kunstgrasbane 64*100
Atløy stadion Ballbinge 21*13
Gjelsvik skule Ballbinge 21*13
Anleggseigar? Askvoll kommune Atløy IL AK v/Atløy skule AK v/Gjelsvik skule
Kven drifter banene på dagleg basis?
Skuleelevar, lærarar og trenarar ryddar søppel, sand og stein. Fotballgruppa tar seg av slodding og merking
Skuleelevar, lærarar og trenarar ryddar søppel, sand og stein. Rolf Gunnar Krumsvik frå Atløy IL har hovudansvar for slodding og merking
Skuleelevar, lærarar og trenarar ryddar søppel, sand og stein. Ingenting organisert, men blir gjort ved behov
Skuleelevar, lærarar og trenarar ryddar søppel, sand og stein. Ingenting organisert
Har desse vore på anleggskurs?
Nei Rolf Gunnar Krumsvik har vore på kurs i regi av Norges idrettsforbund
Nei Nei
Kor mykje gummigranulat blir brukt kvart år?
Fylte på 5-6 sekkar (1 sekk=1 tonn) i andre eller tredje bruksår. Generelt lite svinn
Bana er ny, og har endå ikkje blitt fylt på. Generelt lite svinn
Har aldri blitt fylt på. Generelt lite svinn
Har aldri blitt fylt på. Generelt lite svinn
Rutiner for bruk/gjenbruk av gummigranulat?
Ingen planar for neste påfylling
Har ein sekk med gummi ståande, uvisst kortid neste påfylling blir
Ingen rutinar Ingen planar for neste påfylling
Blir bana slodda eller djuprensa?
Slodding: 1 gang i månaden. Djuprens: Aldri
Slodding: Kvar 14. dag. Djuprens: Planlagt til neste år
Ingen rutinar rundt slodding Djuprens: Aldri
Slodding: Manuell sloddekost som blir brukt ved behov. Djuprens: Aldri
Kor mykje midlar er sett av til drift av banene?
Det meste blir gjort på dugnad. Estimat: 15-20 tusen kr årleg
Det meste blir gjort på dugnad. Har kjøpt inn ein liten traktor med spesialtilpassa dekk. Dekka kosta 12-13 tusen kr. Djuprens vil koste 16 000 kr
Dugnad Dugnad
21
Planlagt rehabilitering?
Nei Nei Limt skjøter i 2015. Treng nytt kunstgrasdekke
Nei. Men enkelte hull i underlaget under kunstgraset, som må utbetrast
Er bana i bruk heile året?
Ja Ja Ja Ja
Rutinar for vintervedlikehald?
Snøskuffe manuelt Snøskuffe manuelt Nei Snøskuffe manuelt
Kartlegginga viser at Atløy IL har gode rutinar rundt drift og vedlikehald. Dei har òg vore på anleggskurs i regi av NIF. På dei kommunale anlegg er det ikkje gode rutinar som dokumenterer korleis gummigranulat vert handtert. Det må vurderast måtar å føre logg på drift og vedlikehald, og tilsette som har ansvar for dagleg drift bør delta på anleggskurs i regi av NIF. Ved rehabiliteringsrunden av ballbingar i 2015 i regi av fylkeskommunen, har ballbingen ved Askvoll skule og i Holmedal fått sand som støytdemping og ikkje gummigranulat. Ballbingen som ble etablert på Værlandet i 2014 har òg sand som støytdemping. Ved skifting av kunstgrasdekke på eksisterande anlegg, skal vi ha ei plan for makulering av kunstgrasdekke jf. miljøureiningslova. Planen skal følgje ein søknad om tilskot frå spelemidlar.
10 Litteraturliste - Meld. St. 26 (2011-2012) Den norske idrettsmodellen
- Meld. St. 19 (2014-2015). Folkehelsemeldingen – mestring og muligheter.
- Helsedirektoratet - Rapport IS-0613 – Fysisk aktivitet, tilrettelegging og sosial ulikhet – Breivik og Rafoss
(2017)
- Helsedirektoratet - Aktivitetshandboken – fysisk aktivitet i forebygging og behandling (2008)
- Sogn og Fjordane fylkeskommune - Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016-2019
- Helsedirektoratet - Rapport IS-2167 - Kunnskapsgrunnlag fysisk aktivitet (2014)
- Kulturdepartementet – Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet – 2017
- Kulturdepartementet – Veileder for kommunal planlegging for idrett og fysisk aktivitet
- Statistisk Sentralbyrå – Idrett og friluftsliv, levekårsundersøkelsen - 2016
- Martinsen, E. W. (2005). Kropp og Sinn - Fysisk aktivitet og psykisk helse . Bergen: Fagbokforlaget .
11 Vedlegg
Vedlegg 1: Handlingsprogram for tiltak Vedlegg 2: Oversikt over innspel frå dialogmøte 25.04.2017 Vedlegg 3: Informasjon om spelemiddelordninga og søknadsprosessen
VEDLEGG 1: HANDLINGSPROGRAM FOR TILTAK
Mål Tiltak Ansvarleg Samarbeidspartar År Andre planar / vedtak
Alle under 18 år er fysisk aktive minimum 60 minutt kvar dag Alle over 18 år er fysisk aktiv minimum 30 minutt kvar dag Legge til rette for kvardagsmosjon Inkludering Alle har kunnskap om fysisk aktivitet og veit gevinsten av å vere fysisk aktiv
Barnehagane har fysisk aktivitet, leik og friluftsliv som eit av satsingsområdene -
Barnehagane Barna, foreldra, HISF Kontinuerleg Rammeplan, årsplan barnehagane
Askvoll kommune skal utarbeide plan for opprusting og vedlikehald av uteområda i barnehagene.
Askvoll kommune Foreldre 2018-2021 Økonomiplan
Skulane har ein time fysisk aktivitet som integrert del av skulekvardagen for alle alderstrinna
Skuleeigar Elevane, oppvekstsjef, HISF, m.fl. 2018-2021
Halde fram med aktivitets-, tur og fjelldagar på skulane Skuleeigar Elevane, personale, lag og organisasjonar
Kontinuerleg
Oppretthalde mobilfri skulekvardag Skuleeigar Elevane, personale, elevråd, SU Kontinuerleg
Halde fram med «Smaksverkstad» ved SFO og «hybelmatkurs» for 10.klassingar
SFO, skuleeigar, folkehelsekoordinator
«Folkelig», Elevane, foreldre, personale
Kontinuerleg
Alle skulane skal delta i «Trivselsprogrammet» og ha trivselsleiar frå 4.-10.trinn
Skuleeigar, folkehelsekoordinator
Skuleleiing, personale, elevar 2018-2021 www.trivselsleder.no
Verktøy «ALLEMED» frå NDFU (nøkkelord: inkludering) Folkehelsekoordinator, flyktningtenesten, skuleigar, lag- og org.
NDFU, Elevar, personale, foreldre, vaksenopplæring
2018-2021 www.allemed.no
«Teikn ditt skuleområde» - tilrettelegging av uteområde ved skulane for meir fysisk aktivitet
Skuleeigar Skuleleiing, FAU, SU, personale, elevar, lag- og organisasjonar
2018-2021 Økonomiplan
Aktivitetsskapande anlegg i nærmiljøet og naturen Lag og organisasjonar, Askvoll kommune
Fjordkysten Friluftsråd 2018-2021 M.a. Øyra (KOM-vedtak 078/14), Dagsturhytte (KOM-vedtak 057/17)
Halde vedlike, vidareutvikle og etablere nye turvegar og turstiar (og i nærmiljøet)
Lag og organisasjonar Askvoll kommune, Fjordkysten Friluftsråd
2018-2021
Universell utforming av friluftsområder og universelt utforma tursti i sentrum
Askvoll kommune Teknisk drift, lag og org., Fjordkysten Friluftsråd
2018-2021 Regional plan, Øyra (KOM-vedtak 078/14)
Trygg skuleveg – fokus på trafikktryggleikstiltak inn mot skule
Teknisk drift Oppvekstsjef, skuleleiing, FAU, elevar
2018-2021 Trafikktryggingsplan
Gang- og sykkelvegar og sykkelparkering i offentlege rom Teknisk drift 2018-2021 Trafikktryggingsplan
Trafikktryggleik er integrert i opplæringa Skuleleiinga Skulepersonale 2018-2021
Årleg friluftsveke for ungdom i HAFS Ungdomsråda i HAFS Nærmiljøsentrale, lag og org., IST Barnas Turlag og unggruppa Askvoll
2018-2021
Jobbe for å oppretthalde eit godt tilbod for dans gjennom Dans utan grensar
Folkehelsekoordinator Askvoll kommune, elevar, foreldre Kontinuerleg
Oppretthalde tilbod om sykkel til flyktningar med hjelp av statleg tilskot til busettingsarbeidet
Flyktningstenesta 2018-2021
Søkje tilskot til Lokal transport for ungdom - (transport heim etter fritidsaktivitetar – inkl. òg trening, men ikkje kampar) og ha god profilering av ordninga
Rådmannskontoret Askvoll ungdomsråd 2018-2021
Mål Tiltak Ansvarleg Samarbeidspartar År Andre planar / vedtak
Alle under 18 år er fysisk aktive minimum 60 minutt kvar dag Alle over 18 år er fysisk aktiv minimum 30 minutt kvar dag Legge til rette for kvardagsmosjon Inkludering Alle har kunnskap om fysisk aktivitet og veit gevinsten av å vere fysisk aktiv
Helsestasjon og skulehelsetenesten informerer og rettleiar om fysisk aktivitet og ernæring
Helsestasjon Kontinuerleg
Kommunen brukar heimesida og facebook aktiv for å informere om fysisk aktivitet
Nettredaktørgruppa Askvoll kommune, folkehelsekoordinator
Kontinuerleg
Lage oversikt over lag og org. med aktivitetar i kommunen Rådmannskontoret Nærmiljøsentralen og lag og org. 2018
Kurs og samlingar i regi av NIF (barneidrettskule, aktivitetsleiarkurs)
Askvoll idrettsråd, lag og org. SFJ Idrettskrins 2018-2021 Regional plan
Jobbe for å oppretthalde og stryke utstyrssentralen Askvoll kommune, folkehelsekoordinator, nærmiljøsentralen
Lag og organisasjonar 2018-2021
Opprette frisklivssentral Askvoll kommune
Når utbygging Askvollheimen har gjeve meir kontorareal (2018-2019)
Økonomiplan investering 2018-2021
Legge til rette og stimulere til auka fysisk aktivitet innanfor omsorgstenesten – sikre gode rutinar rundt drift av MOTiview motivasjonsverktøyet
Helse og omsorg Folkehelsekoordinator, lag og org., fysioterapi, aktivitørar
2018-2021
Askvoll kommune inviterer til eit årleg møte mellom lag og organisasjonar
Askvoll kommune Askvoll idrettsråd, Fjordkysten friluftsråd, Nærmiljøsentralen
2018-2021 Regional plan
Sette i gang haldningskampanjar lokalt for kvardagsmosjon (t.d. sykkel på jobb auksjon)
Askvoll kommune, arbeidsgjevarar, lag og organisasjonar
2018-2021 t.d. www.Dytt.no
Jobbe for å oppretthalde eit godt tilbod for dans gjennom Dans utan grensar
Folkehelsekoordinator Askvoll kommune, elevar, foreldre Kontinuerleg
Framheve lag og organisasjonar som legg til rette for fysisk aktivitet – «ELDSJELPRIS FOR FYSISK AKTIVITET»
Rådmannskontoret Folkehelsekoordinator, lag og org. 2019
Oppretthalde tilskot for utbygging og rehabilitering av private idrettsanlegg
Askvoll kommune 2018-2021 KOM-vedtak 077/15, budsjett- og økonomiplan
Kartlegging og verdsetting av friluftsområder i Askvoll kommune
Askvoll kommune Forum for Natur og friluftsliv, Solund kommune, Fjordkysten Friluftsråd
2018-2021
Askvoll kommune skal utarbeide rutinar for vedlikehald av kommunale kunstgrasbaner og ballbingar (sjå òg kap. 10.2
Askvoll kommune
Handlingsprogrammet for tiltak kan bli rullert årleg.
Kobling til tekstdelen i kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2018-2021: pkt. 5.3
VEDLEGG 2: INNSPEL FRÅ DIALOGMØTE 25.04.2017 Tal deltakarar: 25 Det var representantar frå Askvoll og Holmedal idrettslag (hovudlaget, fotballgruppa, padlegruppa, trim- og orienteringsgruppa), Atløy Idrettslag, Askvoll Pistolklubb, Holmedal vel, Askvoll vel, Atløy vel, Værlandet idrettslag, Komité for oppvekst og kultur og grunneigarar. Frå kommunen deltok folkehelsekoordinator og rådgjevar ved rådmannskontoret. Idrettsrådgjevar frå Sogn og Fjordane fylkeskommunen, Sogn og Fjordane idrettskrins og Forum for Natur og friluftsliv var òg til stades. Deltakarane blei delt inn i 4 grupper, og i tabellen under følgjer svara frå kvar gruppe på spørsmåla om kva kommunen kan gjere for å fremje meir fysisk aktivitet og kva anlegg ein må satse på framover. Forslag til tiltak og anlegg som ikkje er tatt inn i planen enno, kan rullerast inn gjennom heile planperioden.
Gruppe Spørsmål 1: Kva tiltak kan kommunen gjere for å fremje meir fysisk aktivitet?
Spørsmål 2: Er anlegg viktig og kva anlegg skal ein satse på?
1 Oversikt over dagens tiltak
Markedsføre alle tiltak i aktivitetskalendar
Parkering
Lys på gang og sykkelveg
Oppbevaring av utstyr
Drøyeplassen – gapahauken
Roing, kajakk
Geocatching
Turlag for vaksne
Babysymjing
Symjeklubb
Friidrett
Turn
Merking av stiar (Toppunkt, høgdemeterstigning, skilt parkeringsplass)
Klubbhus – Kajaklubben
Symjehall – Utstyr
Hilvang (Kva skal vi bruke den til?)
Friluftsskule
Ferskingkurs
Gang og sykkelsti
Gatelys
Pris til årets eldsjel?
Samarbeid med andre organisasjonar
Familieaktivitetar
Møteplassar
Gapahaukar
2 Få ungane til å gå/sykle i allslags vêr
Vandregrupper til skulen
Utebarnehagar
Turvegar som ikkje er i konflikt med beiteland
Pensjonistar – Bli turvenn!
Friskis og svettis
Seniortrimmen
Turlag for vaksne
Turlag for eldre
Sentrumsnære turvegar
Gatelys
Tilrettelegging for rullestol/rullator/barnevogn
Merke eksisterande turvegar
Turkart over eksisterande turvegar
Brosjyre over turvegar
Skilt til turvegar
Utvikle Øyra som friluftsområde for alle aldersgrupper
Sentrumsnær klatrevegg
Frå tjukkas til kjekkas
Basseng ope heile året
Jakt og fisketurar
Oppgradere garderobane i symjehallen
3 Få fleire med på fjelltrim
Nye orienteringskart
Kartlegging av løyper – for alle aldrar
Isbadingsgruppe
Symjeopplæring for vaksne
Arnarson – mila
Kletten over
Nærmiljøsentral jobbar for eldre
Raude kross, DKSS, Folkeakademiet arrangement
Støtt opp om frivillige organisasjonar
Digitale turkart på Askvoll kommune si heimeside
Fleirbruksbygg på Øyra ( Kajakklager, dusj, toalett, kiosk, garderobe, lager)
Fleire kortare turløyper i nærmiljøet
Gatelys – Gjer at folk går meir
Parkering til Hellesetvatnet og andre turområder
Innandørs klatrevegg i tilknyting til idrettshall
Rehabilitering av garderobe/dusj idrettshall
Skuleplass
Ulike aktivitetar inn i skulen gjennom frivillige organisasjonar
Trening der ein ikkje må vere på lag
Meir samarbeid mellom skulen og frivillig organisasjonar for å få meir midlar til ulikt utstyr
4 Info om fysisk aktivitet frå helstestasjonen
Gravid Yoga
Babysymjing
Turlag for gravide
Fysisk SFO
Uteskule
Fleire utebarnehagar
Akebakkar
Meir variert idrettstilbod
Barnetrim
Opplæring av vaksne om fysisk aktivitet
Barnas turlag
Turn
Skyting er kult
Padling
Klatring
Paintball
Tilby diverse kurs for vaksne
Sykkelgarasjar med blikkfang og tak
Utstyrsentral
Arrangere fisketurar
Gode opningstider i bassenget
Seniordans
Turvenar
Motivatorar
«Den gylne spaserstokk»
Trim for eldre
Minibingar i bygdene
Klatreløype – små basar og kort avstand
Uteområdet ved skulane
Turløyper med lys
Turløyper tilrettelagt for alle
Fiske og badeplassar
God merking av turløyper
Oversikt over turløyper på nettet
Rehabilitering og vedlikehald av eksisterande turløyper
Betre symjehall
VEDLEGG 3: INFORMASJON OM SPELEMIDDELORDNINGA OG SØKNADSPROSESSEN OM SPELEMIDDELORDNINGA: Spelemiddelordninga er heimla i lov om pengespel m.v. av 28.august 1992 nr. 103 med seinare endringar. For å få realisert gode prosjekt innan idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet er det viktig at ein får inn ekstern støtte. Spelemidlar (dvs. del av overskotet frå Norsk Tipping AS) er det viktigaste verkemiddel som kan bidra til at tiltak til bygging eller rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. For å kunne søkje tilskot frå spelemidlar, er det eit vilkår at anlegget er prioritert i handlingsprogrammet i vedteken kommunal plan. Handlingsprogrammet inneheld eit oversyn over anlegg som er i posisjon til å søkje spelemidlar dei neste 4 åra, og skal rullerast kvart år. Rulleringa kan inneber endringar i prioriteringar, og anlegg frå planen sin uprioriterte liste kan overførast til handlingsprogrammet. Anlegg som ikkje er del av vedteken kommunedelplan, kan òg innarbeidast i planen og handlingsprogrammet ved den årlege rulleringa. Rullering av handlingsprogrammet føreset brukarmedverknad av aktuelle brukargrupper og politiske vedtak. I tillegg til kommunedelplanen, må ein del anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv òg vere tatt opp i fylkeskommunen sin Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016 - 2019. Dette gjeld anlegg som er kostnadskrevjande, arealkrevjande og som kan vere miljømessig belastande. Tilskotsordninga for spelemidlar fordeler søknadene i to søknadsgrupper:
1. Ordinære anlegg: anlegg til organisert idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2. Nærmiljøanlegg: utandørsanlegg for uorganisert fysisk aktivitet knytt til bu- og
opphaldsområde
I hovudregel utgjer spelemidlane inntil 1/3 del av anleggskostnadene for ordinære anlegg, og for nærmiljøanlegg kan de få tilskot inntil 50% av godkjent kostnad.
Søknader om tilskot frå spelemidlar skal oppfylle krav om at idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av anlegget med behovsoppgåve ligg føre, samt detaljert kostnadsoverslag, finansieringsplan med dokumentasjon, plan for drift av anlegg og dokumentasjon på rett til bruk av grunn. Når ein får tildelt spelemidlar til eit anlegg, forpliktar ein seg til å halde anlegget opent for allmenn idrettsleg og eigenorganisert fysisk aktivitet i 30 eller 20 år frå ferdigstilling, avhengig av type anlegg. Det er eit grunnleggjande prinsipp at tilskot i form av spelemidlar ikkje skal danne grunnlag for fortenestebasert eigarformar. For meir informasjon om reglar og krav til søknadar, og tilskotssatsar sjå Kulturdepartementet sine føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Tilskotsramma og fordeling: Rammetilskotet vert fordelt mellom fylka etter fordelingsnøkkelen for ordinære anlegg i Stortingsmelding nr. 14 «Idrettslivet i endring» og Meld. St. nr. 26 «Den norske idrettsmodellen. Frå den går det fram at 64 % av speloverskotet frå Norsk Tipping skal gå til idrettsformål. Kulturdepartementet (KUD) avgjer omfanget av spelemidlar som fylkeskommunen får til fordeling til fylka etter følgjande vekting:
1. anleggsdekning (tal anlegg pr. kvadratkilometer og tal innbyggjarar) – vekt 25 %
2. Tall innbyggjarar – vekt 25 %
3. Godkjend søknadssum – vekt 50 %
Sogn og Fjordane fylkeskommune sin Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016 – 2019 legg opp til at 85 % av ramma vert tildelt ordinære anlegg (fordelt mellom 55 % til anlegg i regional plan og 30% til anlegg i dei kommunale planar) og 15% kan nyttast til nærmiljøanlegg. Fylkeskommunen legg kommunane sine vedtekne prioriteringslistar til grunn ved tildeling av tilskot til nærmiljø- og ordinære anlegg styrt av kommuneplanar. Som tiltak i regional plan er søknader til anlegg for friluftsliv prioriterte for tildeling i første godkjende søknadsår, uavhengig av kommunen si priotering. Sidan pågangen av søknader er vesentleg større enn ramma som fylket får tildelt, medfører det til eit «etterslep». Etterslepet er uttrykt i tall år mellom første søknads-år og første tildelingsår. Sogn og Fjordane er blant dei fylka med lengst etterslep; i snitt tek det over fire år frå ein søkjer første gong til anlegget får tildelt spelemidlar. Etterslepet medfører at idrettslaga må ta opp private lån for å forskottere spelemidlar, eller utsette igangsetting av anleggsarbeidet inntil dei får tildeling. Søknadsprossen: Søknadene vert elektronisk levert på https://www.anleggsregisteret.no/ innan 1.oktober kvart år. Alle som søkjer må ha eit organisasjonsnummer, og søkjarar må logge inn med ID-porten. Kommunen har frist til å sende søknadene vidare til fylkeskommunen innan 15.januar med status «i orden» eller «ikkje i orden». I tida mellom 1.oktober og 15.januar jobbar sakshandsamar saman med søkjarane for å få søknadene i samsvar med gjeldande føresegner for tilskotsordninga. Dersom det er store manglar som ikkje let seg ordne innan fristen, tilrår kommunen søkjaren om å vente med å søkje til neste år. Seinast 1.mai påfølgjande år sender KUD melding til fylkeskommunane om rammetilskotet. Kommunane får svar på søknaden frå Sogn og Fjordane fylkeskommune i juni. Spelemiddelsøknadene blir delt inn i 3 søknadstypar:
1. Ny søknad: søknader der det ikkje har blitt søkt om støtte tidlegare 2. Fornya søknad: søknader som har søkt tidlegare, men ikkje har fått tildelt midlar 3. Gjenteken søknad: dette er søknader om til tilskot til anlegg som har fått startløyve, og som
søkjer om ytterlegare tilskot. Ein søkjar som har fått godkjent spelemiddelsøknaden sin utan å få tildeling, må fornya søknaden sin kvart år fram til ein får tildelt midlar til idrettsanlegget. Søkjarar som har fått tildeling, kan søkje om å få ei delutbetaling på maks. 80 % av løyvinga. Sluttutbetaling skjer etter kommunal stadfesting på ferdigstilling og revisorkontrollert rekneskap ligg føre. Løyvd tilskot skal verte nytta innan 2 år etter at tilsegn er gjeve.